Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi Klimarådet Hordaland 7. november
Miljøstrategi for Skyss Februar 2014
Skyss sitt viktigaste miljøbidrag er å få fleire til å setje frå seg bilen og reise kollektivt!
Teknologi er ikkje den viktigaste faktoren Kollektivtrafikken sitt viktigaste miljøbidrag er å ta veksten i persontrafikken. Så lenge det er fleire enn 6 passasjerar på bussen er kollektivtrafikken eit miljøvennleg alternativ til bilen i dag. Første prioritet er å tilby eit kollektivtilbod som gjer at fleire vel dette framfor privatbil, slik at utsleppa frå persontransporten blir reduserte. Satsing på auka kapasitet, hyppigare avgangar og stabil og føreseieleg drift er grunnleggjande for å oppnå dette. Riktig prioritering av kollektivkronene inneber balanse mellom stadig å utvikle tilbodet, og å få lågare utslepp med nye teknologiar og drivstoff.
Trafikktal per 3. kvartal 2016 Kategori Bergens områ det Hordaland ex. Bergensområdet Båt Hordaland eks. bergensområdet Totalt Q3-2016 Q3-2015 %-endr Hittil 2016 %-endr 12,01 11,45 4,8 % 36,89 3,4 % 1,41 1,34 4,8 % 5,02 3,3 % 0,17 0,16 4,4 % 0,48 5,2 % 13,58 12,96 4,8 % 42,39 3,4 %
Miljøstrategien slår fast at Skyss skal Sørge for meir miljøvenleg busstrafikk ved å bruke lokalprodusert biogass til bussane i Bergensområdet og å utvikle elektrisitet som framdriftsteknologi når dette er mogleg. Bidra til mest mogleg miljøeffekt av Bybanen - vidare satsing på Bybanen skal gjere ein stadig større del av kollektivreisene «elektriske». Redusere miljøbelastinga frå båt- og ferjetrafikk gjennom fornying av materiell og å tilpasse tilbodet til trafikkgrunnlaget. Vere pådrivar for forsking og fagleg utvikling, mellom anna ved å utvikle anbodsprosessar som sikrar innovasjon og miljøvennleg teknologisk utvikling.
Kollektivstr ategi for
Stadig større andel av kollektivreisene er «elektriske» Vidare satsing på utbygging av Bybanen er ryggraden i elektrifiseringa av kollektivtrafikken. I 2015 sto bybanen for om lag 20 % av alle kollektivreisene i Hordaland. I 2016 er byggetrinn 3 mellom Lagunen og Birkelandsskiftet opna. Vidare satsing på og utviding av trolleybusslinja er under arbeid. Utviding av bybanenettet mot vest og nord og forlenging av trolleybusslinja vil bidra til fleire «elektriske» reiser.
Bussparken i Hordaland er relativt «rein» med tanke på lokal luftforureining Euro-standard set grenseverdiar for kor mykje utslepp køyretøy kan ha for å verte godkjent for sal. Bussparken i Hordaland 2015 inkludert reserveparken består av materiell med følgjande Euro-standard: 4 % 81 % 10 % 5 % Euro 3 Euro 4 Euro 5 Euro 6 2016 Nytt anbod Hardanger og Voss Ca. 135 bussar Ca. 100 Euro 6 Nytt anbod Modalen og Vaksdal Ca. 10 bussar Alle Euro 6
CO2-utslepp frå kollektivsektoren i 2015 I 2015 sto ferjer for 42 % av dei totale CO2-utsleppa frå kollektivtransporten i Hordaland I 2015 sto bussar i oppdrag for Skyss for 7 % av dei totale CO2-utsleppa frå vegtransporten i Hordaland
Krav til materiell og utslepp i nye transportanbod Det er i anbodsprosessane at fylkeskommunen har handlingsrom til å stille nye og meir ambisiøse krav til materiell og utslepp. Løysinga på å få kollektivtransporten over på meir miljøvennleg teknologi vil ikkje ligge i å satse på ei enkelt løysing, men ein kombinasjon av fleire teknologiar. Felles mål for transportbransjen at det blir nytta funksjonelle krav som skildrar behov framfor krav til konkrete teknologiske løysingar. Marknaden er i rask utvikling og operatør har best kjennskap til teknologiane. Teknologinøytralitet vil kunne stimulere til innovasjon hos operatørane. Teknologiske moglegheiter vil måtte vurderast opp mot mellom anna økonomiske og praktiske tilhøve.
Store miljøvinstar i nye ferjeanbod I 2015 sto fylkesvegferjene for eit større CO2-utslepp enn all bussdrifta i Hordaland til saman. I utlysing av nye ferjeanbod (2016) vert lagt til rette for meir enn 50 prosent reduksjon av klimagassutslepp samanlikna med utsleppa frå dagens ferjeflåte. Skyss har nyleg tildelt kontrakt for sju ferjesamband i Hordaland til Fjord1. Fjord1 har plikta seg til å redusere energibruken med 60 prosent og CO2 utsleppa med 87 prosent i høve til utsleppa i dag. Ein vil med oppstart av nye ferjeanbod oppnå ein betydeleg reduksjon i miljøbelastinga frå ferjetransporten i fylket.
Planar for materiell og miljø i nye bussanbod i Hordaland (eksl. Bergensområdet) Ved oppstart av ny kontrakt for Sunnhordland i 2017 vil nyanskaffa bussar ha Euro 6 standard, medan resten har Euroklasse 5. Som del av førebuingane til nytt bussanbod i Nordhordland vil det bli gjennomført ei utgreiing som skal vise moglegheitene for alternativ framdriftsteknologi og drivstoff i dette området. For Vest (Sotra, Askøy og Øygarden), Austevoll og Osterøy ønsker ein mest mogleg oppdatert kunnskap om dei teknologiske moglegheitene til kvart anbod.
Planar for materiell og miljø i nye bussanbod i Bergensområdet Dagens kontraktar for Bergensområdet går ut i 2019/2020. Som del av førebuingane for nye anbod vil Skyss greie ut og vurdere det tekniske moglegheitsrommet for gradvis innføring av null- og lågutsleppsmateriell. Vidare bruk av trolleyteknologi og bruk av biogass frå lokalt anlegg til bussar i Bergen vil vere del av dette arbeidet.
Planar for materiell og miljø i nye båtanbod Det er tidlegare vedtatt at båtsambandet Kleppestø Strandkaien skal driftast med miljøvennleg framdriftsteknologi. På grunn av plan- og utbyggingsprosess på Kleppestø er det usikkert når det vil vere mogleg å lyse ut «miljøanbod». Frå 1. januar 2018 vil Skyss inngå ein ny kontrakt med fartøy med konvensjonell teknologi som samlar bybåtsambanda Kleppestø Strandkaien og Knarvik-Frekhaug Bergen. Kontrakten skal gjelde fram til det er mogleg å starte opp ein kontrakt som legg til rette for miljøløysing på sambandet Kleppestø-Strandkaien. Skyss vil i forkant av nye anbod greie ut moglegheitene for å krevje miljøløysing på båtsambanda Knarvik Frekhaug Bergen og Turistrute Hardanger.