Telemark musikkteater Talentutviklingsprosjekt Ung kulturproduksjon i Telemark Telemark musikkteater (TMT) er ei nyskaping som er initiert av eldsjeler som ønskjer eit betre opplæringstilbod innan dette kunstområdet i Telemark. TMT vart formelt stifta i 2007 av Telemark kulturnettverk i tett samarbeid med Seljord folkehøgskule. Målet er å gje talentfull ungdom frå Telemark kunnskap og innsikt i produksjon og gjennomføring av musikalar. Dette for å gje ungdom som ønskjer å utdanne seg innan kunstfag eit betre utgangspunkt for vidare utdanning og for å gje inspirasjon til ungdomar som er opptekne av scenekunst. Gjennom eit treårig utviklingsprosjekt ønskjer arrangørane å legge grunnlaget for etablering av Telemark musikkteater som eit fast årleg tiltak for ungdom i alderen 16-26 år. TMT skal gje ungdom fagleg utvikling innan musikk, dans, drama, scenografi, kostyme og sceneteknikk. TMT har som mål å styrke omdømme og identitet, styrke nynorsk og dialekt som bruksspråk og scenespråk, trekke til seg kunstnarar og instruktørar innan desse kunstfelta, og styrke samarbeidet mellom offentlege og frivillige aktørar og mellom amatørar og profesjonelle krefter. Ikkje minst ønskjer prosjektet å vise fram ungdomen si skaparevne og interesse for kultur- og kunstområdet. Hovudgarantisten for prosjektet er Telemark fylkeskommune som gjennom regionale utviklingsmidlar sikrar grunnfinansieringa i ein treårsperiode. Men 50% av finansieringa må hentast frå andre kjelder. Dette prosjektet er gjort muleg gjennom eit spleiselag mellom fleire aktørar i regionen. Med ei vellukka gjennomføring av den klassiske musikalen HAIR er det intensjonen å gjennomføre tre musikalar i prøveperioden. Alt til hausten er det planar om å starte innøvinga av West Side Story. Arrangørane vil også framheve eit godt samarbeid med Det norske teatret, som har bidratt med songtekstane på nynorsk og som har sagt seg villig til å yte fagleg hjelp til det vidare arbeidet i Telemark musikkteater.
Handlinga er i korte trekk: I Vietnam rasar krigen. I New York brenn hippiane innkallingskorta sine til militæret. Dei er opptekne av antikrig og antirasisme, og andre ting som fri kjærleik, ungdommelig fridom, indre opplevingar, og ikkje minst musikken sin, motane sine og det lange håret sitt. Hippien Claude står overfor eit vanskeleg val mellom foreldra sine krav om å avtene verneplikta og hippianes ønske om antikrig. Musikalen Hair fra 1968 er full av musikk og dans. Han kombinerer humor og latter med ettertanke om det meiningslause med krig - eit aktuelt tema også i dag. God framsyning! Rolleliste Det er eit mylder av roller i Hair. Skodespelarane, koristane og dansarane skifter figurar i stort tempo. Her er nokre av dei viktigaste figurane: Berger Eirik Brenne Tidlegare Seljord folkehøgskule Torsethaugen Claude Isak Høie Tidlegare Seljord folkehøgskule Woof Ole Martin Holte Sauherad Apache Miriam Amdal Seljord folkehøgskule Hud Geir D. Gjerdsjø Seljord folkehøgskule Sheila Silje A. Løkken Trondheim Jeanie Aasne K. Flottorp Tidlegare Seljord folkehøgskule Dionne Trudy A. Gjersøe Seljord folkehøgskule Crissy Solfrid Gjeldokk HIT, Bø Eartha Ingvill H. Århus Sauherad Moonfire Åsne Utgarden Skien Paul Marie S. Hagen HIT, Bø Ron Berit Mjaugedal Seljord Angela Marthe Dybdahl Seljord Claudes morgonmor Aasne K. Flottorp Tidligere Seljord folkehøgskulel Claudes morgonfar Rasmus Nilsson Seljord folkehøgskule Claudes kvardagsmor Linda Frantzen Notodden Claudes kvardagsfar Lisa Jakobsen Seljord folkehøgskule Claudes kveldsmor Linn Marie Herfoss Drangedal Claudes kveldsfar Marie S. Hagen HIT, Bø Rektor 1 Berit Mjaugedal Seljord Rektor 2 Marie S. Hagen HIT, Bø Rektor 3 Linn Marie Herfoss Drangedal
Margareth Mead Rasmus Nilsson Seljord folkehøgskule Hubert Linda Frantzen Notodden Ulysses S. Grant Trudy Gjersøe Seljord folkehøgskule Scarlett O hara Linn Marie Herfoss Drangedal Abraham Lincoln Ingvill H. Århus Sauherad Dansar Christina Midtbøen Lunde i Nome Dansar Cathrine V. Dale Bø Orkester Thea Bakke Bø Fløyte / barytonsax Joakim Bø Bø Trombone Simen A. S. Jansen Bø Gitar Arne Steinar Myrvang Sauherad Trommer Halvor Strand Notodden Bass Øystein S. Waage Sauherad Klarinett Isak Høie Tidl. Seljord fhs Kubjølle Vidar Ytre-Arne Seljord Piano og orkesterleiar Kostyme og sminke Ingeborg Hestetræet Seljord Folkehøgskule Kostyme Ellisiv Vinæs Kleven Seljord Folkehøgskule Kostyme Fredrik Lyder Seljord Folkehøgskule Kostyme Linn Kristin Lundgård Bø Kostyme Teknikk Roel Hofstra Seljord Folkehøgskule Lys /scene Johan Luten Seljord Folkehøgskule Lys/videoeffektar
Musikknummer med utøvarar 1. akt: Aquarius Ingvill, Silje, Miriam og ensemblet Donna Eirik og ensemblet Hasjish Ensemblet Sodomi Ole Martin og ensemblet Colored spade Geir og ensemblet Manchester, England Isak og ensemblet Eg er svart/har ikkje Geir, Ole Martin, Eirik, Isak og Trudy Chant Silje Har ikkje gras Ensemblet Air (luft) Aasne, Trudy og Solfrid Initials Ensemblet 1930 s Isak, Eirik, Ole Martin og Miriam Eg har liv Isak og ensemblet Hår Isak, Eirik og ensemblet Eg ville berre seie Rasmus (My Conviction) Lett å vera hard Silje Frank Mills Solfrid/Ingebjørg H. Bratland (Vinjeforestillinga) Hare Krishna Ensemblet Kor skal eg dra Isak og ensemblet 2. akt Black boys Marthe, Solfrid, Trudy, Isak, Eirik og Ole Martin White boys Ingvill, Linda og Aasne U. Walking in space 3 5 0 0 Ensemblet Trudy, Solfrid, Miriam og ensemblet For eit kunstverk Marie, Berit og Isak mennesket er Korleis tør dei drepe all Ensemblet venleik God morgon stjerne Silje og ensemblet Fredsrop Flesh failures/ slepp sola inn Ensemblet Isak, Silje, Trudy og ensemblet
Produksjonen Roar A Klever Bøye - regi Roar har hovudfag i musikk frå Institutt for musikk og teater ved Universitetet i Oslo. Han har vore aktiv som teaterinstruktør og manusforfattar i mange år. Han komponerar musikk til teater og mindre grupper, spelar piano og gitar, og har ein svært allsidig musikksmak. Roar er hovudansvarleg for teaterprosjekt på Seljord folkehøgskule og er ein av hovudmennene bak Telemark musikkteater. Han har instruert nærare 30 framsyningar sidan 1995, mellom anna mange klassikarar som Hair, Jesus Christ Superstar, Cabaret, Tolvskillingsoperaen og mange fleire. Maria Sandvik koreograf og regiassistent Dansar frå Notodden. Bur no i Oslo. I 2007 deltok ho i Skal vi danse på TV2, og gjekk til topps med partnaren sin Tshawe Baqwa (Madcon). Våren 2008 medverkar ho som vertinne i gameshowet Deal or no deal. Maria er noregsmeister i standarddans og har representert Noreg i VM og EM ved fleire høve både som amatør og profesjonell. Vidar Ytre-Arne - orkesterleiar Vidar har utdanning frå Bergen Musikkonservatorium (Griegakademiet). Spelar fiolin, piano, bass og perkusjon. Arbeider delvis som frilansmusikar i tillegg til å vere lærar på Seljord folkehøgskule. Spelar i gruppa INTI FUSION og arbeider som komponist og musikar ved Grenland Friteater. Han har vore musikar ved Teater Ibsen (Skien), Den Nationale Scene (Bergen), Det Norske Teatret (Oslo), NRK, Rikskonsertane, Juni Dahr Produksjonar (Oslo), Lydbokforlaget, Telemark Kammerorkester, Telemarkfestivalen og ulike etnisk/latin/jazz/vise-band. Ingeborg Fangel Mo songinstruktør Ingeborg er dansk og utdanna i klassisk song og songpedagogikk ved Musikkonservatoriet i København. Ho vart oppteken i solistklassa same stad og debuterte i 2003. I 2003 flytta ho til Telemark. Sidan har ho arbeidd som freelance songar i Danmark og Noreg med stor repertoarmessig spennvidde. I 2004 stifta ho ensemblet SAUM som arbeider spesielt med samtidsmusikk, teater og formidling av ny musikk til barn. Ho har virka som songpedagog sidan 1995, og undervist på alle nivå og innafor diverse sjangrar, m.a. på Musikkonservatoriet i Århus. Dei siste åra har ho og undervist på Seljord folkehøgskule. Annik Flåm - kostyme og sminke. Annik er utdanna faglærar i formingsfag, kunst og handverk med fordjuping i teikning, bildekommunikasjon og tekstil. Ho har arbeidd på Seljord folkehøgskule sidan 2001. Annik brukar mykje av tida si på å vere kreativ med hendene - både ute og inne.
Musikk Manus Oversetting Songtekstar på nynorsk Galt MacDermot Rado & Ragni Bjørn Qviller Ola E Bø Produsent, PR og administrasjon Kjell Stundal Nettside, økonomi Heidi Vege Lyd Lys og videoeffektar Regikonsulent Regiassistent, sufflør og rekvisita Scene og handyman Bjørn Lona Eivind Dahl Eirik B Torsethaugen Silje A. Løkken Roar A. Bøye Roel Hofstra Hæge Manheim Ouren Hommel Oddvar Øygarden og Ouren Hommel
Økonomiske bidragsytarar: Telemark Fylkeskommune www.telemark-fk.no Midt-Telemark Næringsutvikling AS www.mtnu.no Seljord kommune www.seljord.kommune.no Vinje kommune www.vinje.kommune.no www.seljordbanken.no www.seljordelektriske.no www.vest-telemark.no Arrangørar: www.seljord.fhs.no www.musikk.no/telemark