SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Knut Åge Teigen Arkiv: A10 &00 Arkivsaksnr.: 16 / 3488

Like dokumenter
VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

Barnehagebruksplan

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

10/60-14/N-211//AMS

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

MØTEINNKALLING. Utval: FORMANNSKAPET OG NÆR INGSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Torsdag Tid : 09:00

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 18/1343. Betalingssatsar og tilbod i 2019 for barnehage og SFO

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Endring av vedtektene for dei kommunale barnehagane - endring av sommarferietilbodet

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Vedtekter kommunale barnehagar

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: N06 &13 Arkivsaksnr.: 16/707. Kommunalt skuleskyssreglement. Rådmannen si tilråding:

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Tittel 1/09 09/65 PROTOKOLL: ENDRING AV BARNEHAGEVEDTEKTENE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.

Vår ref : Sakshandsamar : Arkivkode: Dato: 2005/497-0 Line Håberg Lovdal, `i9t A

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Magne Svåi Arkiv: 130 N00 &13 Arkivsaksnr.: 13/1884

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkivsaksnr.: 05/1534. Reguleringsplan Hafslo sentrum - 3. gongs handsaming. Godkjenning.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

SAKSF RAM L E G G. Ny renovasjons - og slamforskrift for Sogn Interkommunale miljø - og avfallsselskap IKS (SIMAS)

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Transkript:

SAKSF RAM L E G G Sakshandsamar: Knut Åge Teigen Arkiv: A10 &00 Arkivsaksnr.: 16 / 3488 Barnehagevedtekter - revisjon Rådmannen si tilråding: Reviderte barnehagevedtekter vert vedtekne som framlagt i alternativ datert 20.10.2016 Saksutgreiing Prenta vedlegg: Gjeldande barnehagevedtekter (01.01.2015) Framlegg til nye vedtekter. Endringar er markert med blått. Innkomne høyringsfråsegner per 20. oktober 2016 SU ved Indre Hafslo oppvekstsenter SU ved Jostedal oppvekstsenter SU ved Luster oppvek stsenter SU og FAU ved Gaupne barnehage SU ved Hafslo og Gamlestova barnehage Solvorn oppvekstsenter Utdanningsforbundet, klubben ved Hafslo barnehage Utdanningsforbundet Luster Fagforbundet Luster Delta Samandrag N ye nasjonale reg lar for rett til barnehageplass, redusert foreldrebetaling og kjernetid gjer det no naudsynt å revidera og oppdatera gjeldande barnehagevedtekter. Endringar i det kommunale tilbodet og innspel til vedtektene er og vurderte. Det er gjenno mført høyringsrunde og rådmann drøftar i saka endringar og innspel. Datoar er justert og tilpassa nytt faktureringssystem som frå og med 1. januar 2017 fakturerer per kalendarmånad i staden for 15. - 14. i neste månad slik som no. Framlegg til nye vedtekter ligg ved i eige vedlegg. Utval som har vedtaksmynde: Formannskapet Fakta

Gjeldande barnehagevedtekter for Luste r kommune er frå 01.01.2015 og vart vedtekne i Formannsskapet 14.12.2014. Bakgrunnen for å endra vedtektene no er nye nasjonale reglar for rett til barnehageplass og nasjonale føringar for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. I tillegg har Oppvekst erfart at det er trong for å presisera og justera somme paragrafar innhaldsmessig for å gjera vedtektene endå tydelegare. Tidlegare i år kom det førespurnad frå Pleie og Omsorg og frå Fagforbundet om å endra kva veker som burde vera feriestengde veker i barnehagane i Luster. Denne førespurnaden vart bakt inn i høyringsrunden til reviderte barnehagevedtekter og er det punktet som har vore mest debattert. I barnehagelova gjev 7 fjerde ledd konkrete før ingar for innhaldet i kommunen sine vedtekter : Barnehageeieren skal fastsette barnehagens vedtekter. Vedtektene skal gi opplysninger som er av betydning for foreldrenes/de foresattes forhold til barnehagen, herunder a) eierforhold, b) formål, jf. 1 og 1a c) opptakskriterier, d) antall medlemmer i samarbeidsutvalget, e) barnehagens åpningstid. Oppsummering høyringsfråsegner Vedtektene er sendt til høyring i samarbeidsutvala i dei ulike barnehagane og oppvekstsentra i kommunen. I tillegg er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Delta oppmoda om å koma med høyringsfråsegn til vedtektsforslaget. Nedanfor vert nokre hovudspørsmål og innspel frå høyringsfråsegnene lista opp og kommentert. 3. Rett til barnehageplass, opptak og plasstilbod Samarbeidsutvalet ved Gaupne barnehage har eit ønskje om å starta all innkøyring samstundes, dvs. at alle borna som har rett til barnehageplass i perioden august oktober byrjar med innkøyring frå august. Argumentet er å gjera seg ferdig med innkøyringa innafor ein kortare tidsperiode. Dette meiner barnehagen er ein fordel når det gjeld å trygge borna og at ein snøggare kan byrja med ulike pedagogiske opplegg. Med andre ord ønskjer barnehagen at born som er fødde i oktober månad kan byrja i

barnehagen i august når dei er 10 månader gamle. Tilsvarande ønskjer b arnehagen at borna som får plass gjennom suppleringsopptaket byrjar på likt i januar. Samarbeidsutvalet ved Gaupne barnehage meiner elles at løpande opptak er brukarvenleg, ikkje barnevenleg ved at løpande opptak fører til meir uro i barnegruppa. Dei presi serer at dersom det til dømes kjem flyttande ein familie med eit barn mars/april så bør det leggast til rette for at dette barnet kan få plass i barnehage. Samarbeidsutvalet ved Luster oppvekstsenter ønska ein litt meir tydeleg paragraf som seier noko om rett til plass og mulegheit for plass. SU ved Jostedal barnehage meiner det bør presiserast at det ikkje vert utvida bemanning etter suppleringsopptaket slik at søkjarar etter deira syn veit at søknad ved hovudopptak gjev større tryggleik for plass enn søknad ved suppleringsopptak. Fagforbundet meiner at Formannsskapet bør erstatta Rådmannen i punkt 3.2: Barnehageplass er reservert barn av føresette busett i Luster kommune. Rådmannen kan fråvika frå regelen som eit rekrutteringstiltak. 6. Prioriteringsrekkefølgje ved opptak Fagforbundet meiner at Formannsskapet bør erstatta Rådmannen i punkt 6 e.: Barn av føresette med kritisk kompetanse som Luster kommune treng. Dette vert drøfta med rådmannen i kvart enkelt tilfelle. 8. Oppseiing av barnehageplass Delta har eit spørsmål til punkt c; Kva er vesentleg fråvær før barnehagen reagerer? Som vesentleg misleghald vert rekna: c. vesentleg fråvær utan at fråværet er avtala med barnehagen 10. Teljemåte 3 - åringar/suppleringsop ptak Jamfør gjeldande vedtekter skal det gjerast ei nærare vurde ring av om det er forsvarleg at barna tel som ein plass med omsyn til areal, bemanning og a ndre vesentlege tilhøve. Rådmann har fullmakt til denne vurderinga. SU ved Gaupne barnehage meiner at det heller bør stå at styrar har fullmakt til denne vurderinga. Rådmann skal ha, og må ha kvalitet i barnehagen. Rådmann/oppvekst har slik det står no fullmakt til å overstyre det styrar seier er eit bra kvalitativt tilbod til borna i barnehagane i Luster. Det ser SU på som uheldig.

Vidare meiner SU ved Gaupne barnehage at regelen om teljemåte no gjer at det blir fleire born på same tal vaksne enn tidlegare. I samband med at kvaliteten på barnehagetilbodet, og at kravet om auka kompetanse berre aukar og aukar, så kan ein ikkje stramme inn på vaksentettleiken. Det går utover borna sine lærings - og opp vekstvilkår. Me meiner at borna bør telje to plassar heile barnehageåret dei fyller tre år i. SU stiller òg spørsm ål kring teljemåten på flyktningar som krev ei heilt anna tilnærming og og opplæring enn etnisk norske. Kan dei telje to plassar til dei blir fire år? Gamlestova og Hafslo SU ønskjer ei presisering tilhøve». av kva ein legg i «andre vesentlege 11. Lengda på barnehageåret og opningstid i barnehagane To samarbeidsutval meiner at barnehageåret bør halda fram med å starta første skuledag. FAU ved Gaupne barnehage har eit spørsmål om kvifor det er kortare opningstider i Gaupne kontra Skjolden og Jo stedal. Om argumentet er pendling til jobb så bør ein og halda same opningstid i Gaupne, meiner FAU, då pendling er like re levant i Gaupne. FAU bør få tid til å utføre ein brukarundersøking knytt til dett e punktet, då det er ynskjer i fle ire retningar, fo r å få kartlagt det reelle behovet. 12. Ferie og sommaropne barnehagar Etter gjeldande vedtekter er barnehagane i Luster feriestengde i veke 29 og 30. Fagforbundet og Pleie og O msorg har kome med eit ønske om at barnehagane skal vera feriest engde i veke 28 og 29 i staden for 29 og 30. Innafor Pleie og Omsorg er det to feriepuljar; tidleg - pulje i veke 26-28 og sein - pulje veke 29-31. Tilsette som har barn i barnehage og avviklar ferie i første pulje, får problem med barnepasset når dei tek til att i veke 29 og barnehagen er feriestengd. Dette er ei årviss utfordring som gjeld mange tilsette. Ei forskuving av dei feriestengde vekene til 28 og 29 vil gjera utfordringa med barnepass lik for dei to feriepuljane i Pleie og Omsorg. Foreldrerepresentanta ne ved SU ved Luster oppvekstsenter stør forslaget om å flytta fram dei feriestengde vekene til 28-29. Samarbeidsutvala elles er samde om å halda på gjeldande feriestengde veker. Delta stiller seg også bak eksisterande feriestenging. Dersom det ikkje er mogleg å endra dei feriestengde vekene, har Fagforbundet ein førespurnad om det er mogleg å halda ei avdeling open heile sommaren i dei største barnehagane. 13. Betalingsreglement, oppseiing og tap av barnehageplass Delta meiner de t er urimeleg å krevja pengar frå foreldre med svak økonomi til reise/reisekasse. Vidare har Delta eit spørsmål om betaling for mat/frukt er til sjølvkost.

19. Helseopplysingar Su ved Gamlestova og Hafslo meiner at «kan» bør erstattast Naudsynt informasjon med «skal» i paragrafen: som barnehagen kan ha trong for å kjenne til, kan skrivast på skjemaet «Erklæring barnehage» som vert utdelt ved oppstart i barnehagen. Vurdering 3. Rett til barnehageplass, opptak og plasstilbod Dei nas jonale forskriftene er slik at barn som fyller eitt år innan utgangen av oktober har rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller eitt år. Oppvekst meiner at dette bør vera hovudregelen og utgangspunktet for barnehagestart også i Luster. Tidlegare barnehagestart enn før månaden barnet fyller eitt år, kan innvilgast etter søknad til Oppvekst. Relevante omstende i ein søknad kan til dømes vera kortare foreldrepermisjon enn 12 månader, økonomiske tilhøve eller at føresette skal byrja på norskopplæring vaksne. Oppvekst meiner dette vil vera ein ryddig praksis som tek omsyn både til føresette og barnehagen sine behov og ønske. for Føringen om rett til barnehageplass den månaden du fyller eitt år, ligg også som underlag for suppleringsopptaket. Suppleri ngsopptaket gjeld med andre ord barn som fyller eitt år innan utgangen av januar eller er eldre. Barn som fyller eitt år i februar eller seinare kan også søkja om barnehageplass, men dei fell då inn under punktet om løpande opptak. Med andre ord er hovudre gelen både ved hovudopptak, suppleringsopptak og løpande opptak at barnet fyller eitt år eller er eldre månaden det byrjar i barnehagen, men at det vert opna for å søkja om unntak. Løpande opptak i periodane 15.august 1. november og 1. januar 1. m ai (i noverande vedtekter er perioden 15. januar 15. mars), gjeld berre dersom det er ledige plassar i barnehagen. Punktet om løpande opptak opnar for a) at barn kan byrja i barnehagen når det best høver for familien b) at til dømes familiar som kjem flyttande til Luster utpå vinteren ikkje treng å venta til 15. august for at barnet skal byrja i barnehagen c) at ledig plasskapasitet i barnehagane kan nyttast og at kommunen også får inn meir foreldrepengar Fagforbundet har i si høyringsfråsegn teke til orde for at det er Formannskapet og ikkje rådmannen som avgjer når det kjem saker om ein som eit rekrutteringstiltak skal fråvika

regelen om at barnehageplass er reservert barn av føresette busett i Luster kommune. Etter gjeldande delegeringsreglement lig g dette myndet hjå rådmannen. Det nye punktet «Rådmannen kan ved særlege omstende fråvika krinsregelen.» formaliserer at det kan utvisast skjøn når det er tungtvegande grunner til at barnet bør gå i barnehage i ein annan krins enn heimekrinsen. Hovudre gelen er uansett klar: opptaksområda til barnehagane følgjer skulekrinsen sitt opptaksområde. Det andre nye punktet i denne paragrafen som seier at «Ved hovudopptak vert barna automatisk førte over til heimekrinsen», er meir logisk og gjev meir effektiv sakshandsaming enn at foreldra skal passa på å sjølve søkja om retur til heimekrins. 4. Søknadsfristar For å gjera datoendringane meir konsekvente og føreseielege, så er søknadsfrist, oppseiingsfrist og startdato sett til 1. i dei månadane det gjeld. Unnataket er startdato for hovudopptak som held fram å vera 15. august. Datoendringane skuldast hovudsakleg tilpassing til nytt faktureringssystem frå og med 1. januar 2017. 6. Prioriteringsrekkefølgje ved opptak Omgrepet minoritetsspråklege barn erstattar omgrepet framandspråklege barn. SU ved Gaupne barnehage etterspør ei presisering av omgrepet minoritetsspråklege barn. Her forheld Oppvekst seg til styresmaktene sin definisjon av minoritetsspråklege barn i rapportportalen BASIL: «Minori tetsspråklige barn er her definert som barn med en annen språk - eller kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål. Begge foreldrene til barnet må også ha et annet morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk.» Når det gjeld punkt 6 e. «Barn av føresette med kritisk kompetanse som Luster kommune treng. Dette vert drøfta med rådman nen i kvart enkelt tilfelle.», så ønskjer Fagforbundet at det står Formannskapet og ikkje rådmannen. I gjeldande delegeringsreglement ligg dette myndet hjå rådmannen. Rekkefølgja punkt g. og h. er bytt om samanlikna med dei tidlegare vedtektene. Dette punktet er mest aktuelt ved s uppleringsopptak. Ombytinga av punkt vil etter Oppvekst sitt syn vera meir rettferdig, dvs. at eldre barn går føre sysken. 8. Oppseiing av barnehageplass Fristar er endra frå 15. til 1. i månaden jamfør også kommentar 4 ovanfor.

Delta spør i si fråsegn om kva som er vesentleg fråvær før barnehagen reagerer. Dette er eit skjønsspørsmål. Fram til no har Oppvekst og barnehagane ikkje hatt trong for å definera dette nærmare då barnehagane ikkje har opplevd at det har vore noko probl em med stort fråvær. Det er klart at det må til eit vesentleg fråvær før det vert aktuelt med formelle reaksjonar. 10. Teljemåte Ny teljemåte for treåringar vart innført ved suppleringsopptaket 2015. Oppvekst opplevde eit godt samarbeid med barnehagan e om dette. Det store fleirtalet av barna det gjaldt vart då talde som store barn i samsvar med vedtektene. Somme barn vart i samråd med barnehagane framleis rekna som små barn, dvs. to plassar, jamfør også føringane for suppleringsopptaket: I forkant av endeleg tildeling i suppleringsopptaket gjer rådmannen ei vurdering av situasjonen i kvar enkelt barnehage om det er fagleg forsvarleg at barna tel som ein plass. Viktige faktorar i denne vurderinga vil vera samansetjinga av barnegruppa, bemanning, areal o g eventuelt individuelle behov hjå barnet eller barna som søkjer. Bakgrunnen for å innføra ny teljemåte ved suppleringsopptaket var at kommunen kunne tilby fleire barnehageplassar utan å auka bemanninga. Noverande ordning er såleis brukarvenleg og forel dreretta. Motargument som til dømes SU ved Gaupne målber i denne høyringsrunden og som også var oppe sist er at noverande suppleringsopptak og teljemåte gjer at det vert fleire born på same tal vaksne vinter og vår enn haust og at dette kan gå utover kvaliteten i det pedagogiske tilbodet. Med andre ord er det ei avveging av kva omsyn som skal vega tyngst. 11. Lengda på barnehageåret og opningstid i barnehagane Oppvekst meiner det er ryddigst at barnehageåret startar utifrå ein gitt dato, her gj eld det at barnehageåret fast startar 15. august. Det gjer oppstarten føreseieleg både for føresette og tilsette. FAU ved Gaupne barnehage hadde spørsmål om opningstid i barnehagane og ønskte å ha ei undersøking i eiga foreldregruppe om det bør vera e ndringar. Det er ein prosess som FAU er frie til å setja i gang på eige initiativ. Så må FAU/SU på bakgrunn av svara på undersøkinga vurdera om det er grunnlag for å gjera dette til ei formell sak med handsaming administrativt og politisk.

12. Ferie og sommaropne barnehagar Som nemnd ovanfor har Pleie og Omsorg og Fagforbundet kome med ein førespurnad om å forskuva tidspunktet for dei feriestengde vekene frå veke 29-30 til veke 28-29 då dette skapar vanskar for mange av deira tilsette/medlemer. Når de tte spørsmålet har vorte teke opp med barnehagestyrarane har det vore brei semje om at kommunen bør halda på dei feriestengde vekene slik som dei er. Dersom dei feriestengde vekene vert forskuva ei veke fram, så vil det truleg innebera at langt fleire av d ei eldste i barnehagen 6 - åringane - må koma attende til barnehagen før skulestart. Det store fleirtalet i denne gruppa kjem i dag ikkje attende til barnehagen i månadsskiftet juli - august. Bemanninga er noko redusert i veke 31 nettopp fordi 6 - åringane ik kje kjem att i barnehagen før skulestart. Ei forskuving av ferievekene vil truleg innebera meir vikarbruk i barnehagen då det vil verta meir press på ferieavvikling i veke 27-30 for dei barnehagetilsette. Rådmannen ser at det er fleire omsyn som skal vurderast opp mot kvarandre i denne saka. I høyringsrunden vart difor alle partar bedne spesielt om å uttala seg i spørsmålet. Samarbeidsutvala og Utdanningsforbundet ønskjer at det skal vera slik det er i dag. Gjennom Fagforbundet si uttale kjem det ogs å tydeleg fram at noverande ordning gjer det vanskeleg for mange tilsette innan Pleie og Omsorg. Etter ei samla vurdering meiner Rådmannen at ordninga held fram som i dag. Eit oppfølgingsspørsmål frå Fagforbundet er om det er mogleg å halda ei avdeling op en heile sommaren i dei største barnehagane. på politisk nivå. Det er i så fall eit spørsmål som må drøftast 13. Betalingsreglement, oppseiing og tap av barnehageplass Paragrafen er oppdatert for å følgja nye nasjonale forskrifter om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Dato for oppseiing er endra frå 15. i månaden til 1. i månaden grunna omlegging av økonomisystemet frå og med januar 2017 der føresette betal ar frå 1. - 30/31 i månaden i staden for 15. - 14. i neste månad som no. Betaling for mat og frukt er til kostpris jf. nasjonale reglar.

14. Fritak for betaling Presisering av lengd for minimumsperiode ein månad vert ikkje handsama. for fritak, jf. s øknader for kortare periode enn 19. Helseopplysingar Verbet «kan» vert erstatta med «skal» i paragrafen: Naudsynt informasjon skjemaet «Erklæring som barnehagen kan ha trong for å kjenne til, skal skrivast på barnehag e» som vert utdelt ved oppstart i barnehagen. Oppsummert Nedanfor følgjer ei oversikt over endringar i framlegget til nye barnehagevedtekter : - Nye nasjonale reglar seier at barn som fyller eitt år seinast utgangen av oktober har rett til barnehageplass - Det vert gjeve redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i samsvar med nasjonale føringar - For å gjera datoendringane meir konsekvente og føreseielege, så er søknadsfrist, oppseiingsfrist og startdato sett til 1. i dei månadane det gjeld. Unnataket er startdato for hovudopptak som er sett til 15. august. Datoendringane skuldast hovudsakleg tilpassing til nytt faktureringssystem frå og med 1. januar 2017. - Punktet om suppleringsopptak er flytta til punktet om rett til barnehageplass og plasstilbod for å samla dei to punkta som tek føre seg opptak (hovudopptak og suppleringsopptak) - Løpande opptak i periodane 15. august 1. november og 1. januar 1. mai for barn som har fyllt eitt år dersom det er ledige plassar - Dei nasjonale reglane for rett til barne hageplass er knytt opp mot at barnet har fylt eitt år. Etter særskild søknad kan rådmannen fråvika denne hovudregelen om alder - Rådmannen kan ved særlege omstende fråvika krinsregelen. Krinsregelen er at opptaksområda til barnehagane følgjer opptaksområde t til skulane - Barn som er tildelt plass i nabokrinsen fordi det er fullt i heimekrinsen, vert automatisk førte over til heimekrinsen ved neste hovudopptak

- Omgrepet framandspråklege barn er bytt ut med minoritetsspråklege barn i paragrafen om prioriteringsrekkefølgje - To av punkta i paragrafen om prioriteringsrekkefølgje er bytt om samanlikna med gjeldande vedtekter, dvs. framlegget er no at eldre barn går framfor sysken - Veitastrond har sidan førre revisjon utvida til heiltidsbarnehage fire da gar i veka - Søknad om barnehageplass, redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid skal skje gjennom det elektroniske søknadssystemet til kommunen - Endring av datofrist for oppseiing frå 15. i månaden til 1. i månaden - Presisering av lengd for minimumsper iode for fritak for betaling Rådmann tilrår at framlegget til nye vedtekter vert godkjende. Dato: 21.10.16. Jarle Skartun Knut Åge Teigen rådmann kommunalsjef o ppvekst

Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg : Samandrag: Utval som har vedtaksmynde: Formannskapet, Mynde til utvalet er gjeve i fylgjande lov, forskrift eller delegeringsmynde: Fakta: Vurdering: Dato: Jarle Skartun Knut Åge Teigen rådmann Leiar Oppvekst Særutskrift m/kopi til: skal sendast: