Erfaringar frå skrivekursa i Hordaland



Like dokumenter
Skrivekurset på Voss Januar 2002:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

FANTASTISK FORTELJING

Informasjon til elevane

Månadsbrev for ROSA mars 2015

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

6. trinn. Veke 24 Navn:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Frå novelle til teikneserie

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Jon Fosse. For seint. Libretto


NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Valdres vidaregåande skule


SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsplan for Hare November

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Hei alle sjøstjerneforeldre

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Brukarrettleiing. epolitiker

Metodiske verktøy ved kursleiing

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

mmm...med SMAK på timeplanen

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

MEDLEMSINFO. august 2009

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kom skal vi klippe sauen

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015


Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

«Ny Giv» med gjetarhund

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

OK, seier Hilde og låser.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

IKT-kompetanse for øvingsskular

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Egil Christophersen til minne.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Transkript:

Erfaringar frå skrivekursa i Hordaland Her finn du informasjon om skrivekursa i Hordaland frå 1999 til 2004. Du kan finne tekstar frå kursa ved å velje i menyen for skrivekurs, under Avansert søk på Eldreveven. Tekst og bilde: Oddgeir Synnes. Det første skrivekurset Det første skrivekurset vart starta opp i Bergen den 23. april 1999. Saman med 10 pensjonistar har Ragna Ådlandsvik, Odd Sætre og Oddgeir Synnes (frå Prosjekt Eldrepedagogikk) møtst til skapande samvere kvar fjortande dag i fylkesbygget. Og dette første skrivekurset har vore ein stor suksess! Fleire av deltakarane hadde aldri skrive dikt før. Likevel kjem alle fram med tekstar som avdekkjer talent, unike observasjonar og hendingar. I tillegg til alle dei fantastiske tekstane som har kome fram, har skrivegruppa vorte eit sosialt høgdepunkt i kvardagen for både "lærarar" og "studentar". Gjennom skriveprosessen lærer vi å kjenne kvarandre som mennesker med unike erfaringar og særeigne kjensleliv. Desse skrivekursa lærer oss noko om kvarandre, noko om livet, og vi føler at vi under skrivekursa kjem nærmare kvarandre som menneske. Ikkje slik å forstå at vi driv med terapeutisk verksemd. Snarere er det deltakarane som etter kvart oppdagar at dikting og liv er eitt. Og slik er det jo også. Skrivekurset på Askøy Etter at Prosjekt Eldrepedagogikk våren 1999 hadde vore ute og orientert om eit framtidig skrivekurs på Askøy, møttest vi til det første skrivekurset tysdag 28. september. No er vi sju eldre og tre lærarar som møtest i biblioteket på Kleppestø annankvar tysdag. Under desse samankomstane skriv vi, les opp tekstar, fortel historier og diskuterer dei store spørsmål: Om kjærleiken, livet og sjølvsagt havet (vi er jo på Askøy!). Dei flotte tekstane som kjem fram

viser eit stort potensiale blant deltakarane, og vi spør oss: Kor skal dette ende? Og tekstane kjem fram i eit varmt fellesskap der vi blir kjende med kvarandre gjennom humor og alvor. På skrivekursa får vi fram tekstar frå barndomen, stemningsfulle skildringar frå soloppgangen i ein båt ute på havet, gripande beretningar om tap av nære, haustfargane på Askøy og haustkjenslene som høyrer med, om dagen då krigen braut ut, og dagen då nabokona kom småspringande for å fortelje at krigen var slutt, filosoferingar om det vakre og mykje meir. Under juleavslutninga 7. desember hadde vi opplesing av heimeleksa som var skriving av dikt etter den japanske haiku-tradisjonen. Dette var midt i blinken for Leif'en som sjølv har hatt ein japansk hybrid (fugl) i hagen! Det kom fram svært mange gode haiku-dikt. Skrivekurset på Osterøy Skrivekurset på Osterøy vart starta opp tysdag 21. september 1999. Både lærarar og deltakarar verka litt usikre på kvarandre under det første møtet. Kva var dette for noko? Er dette noko for meg? tenkte nok dei frammøtte, og vi lærarane undra oss: Likte dei dette? Men noko positivt hadde nok skjedd for på det neste skrivekurset fjorten dagar seinare møtte samtlege som hadde vore til stade ved det første møtet. Nei, det stemmer ikkje heilt, ein av deltakarane møtte ikkje, men ho hadde gyldig fråvær! Og sidan det har skrivekurset på Osterøy utvikla seg til å verte eit heilt spesielt forum for skriving og sosialt samvær.

Kvar fjortande dag møtest dei tolv deltakarane og dei tre lærarane til skriving på Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg. Dei fleste av kursdeltakarane har ikkje skrive skjønnlitterære tekstar sidan folkeskulen, men det er det ingen som skulle tru når ein ser dei tekstane som kjem fram på dei ulike møta. Her er tankevekkjande essay, gripande historier frå tidlegare opplevingar, og humoristiske historier og dikt som gjer at vi ler så tårene sprett! Vi har også skrive japanske haiku-dikt med utgangspunkt i naturen på Osterøy, og elles det vi er opptekne av. Og vi har skrive tekstar med utgangspunkt i gamle fotografi, broderte bilete og eit gamalt russisk ikon. Midtvegs i skrivekursa dreg konene frå Osterøy opp heimebakte lefser, kaker og rundstykker med heimelaga lammerull, eggerøre og laks! Under mataukane får vi høgtlesing av tekstane, og vi må seie oss einige i kommentaren frå ein av deltakarane: "Det er fantastisk å få høyre desse tekstane!" Det andre skrivekurset i Bergen Skrivekurs nummer to i Bergen vart starta opp fredag 15. september. Her møtest sju kursdeltakarar og to lærarar til skriving og opplesing av tekstar kvar fjortande dag i fylkesbygget. Alt på det første kurset såg vi eit stort potensiale, og det vert produsert tekstar som får fram latteren, tekstar som påkaller ettertanke og svært sterke tekstar som grip oss. Til no er nokre av tekstane lagt ut på Eldreveven, men fleire vil kome etter kvart. Med andre ord: De har noko å sjå fram til. Under les Robert Pedersen opp ei novelle til stor interesse blant dei andre kursdeltakarane. I juni 2001 vart dette kurset formelt avslutta. Likevel held deltakarane fram med å skrive og med å møtast. Her kan du lese om eitt av desse møta:

Skrivetreff i Sandviken Mars 2003 Det andre skrivekurset i Bergen vart avslutta i juni 2001, men deltakarane held fram med å møtast heime hjå kvarandre til skriving og samtale. Vi lærarane supplerer dei med oppgåver, og av og til er vi med på desse skrivetreffa som har utvikla seg til å bli eit spennande forum både for skriving, lesing og filosofiske samtalar om litteratur, kunst og mykje anna. Nedanfor ser du bilete frå treffet som fann stad hjå Martha Grønner i Sandviken no i februar. Skrivekurset på Bergen Røde Kors Sykehjem Desember 2001: Skrivekurset ved Bergen Røde Kors Sykehjem vart starta opp i januar 2001. Det har vore litt utskifting blant deltakarane utetter sommaren og hausten. Lisa har til dømes reist til Spania, men har sendt kort til oss på skrivekurset! Og vi har fått tre nye damer med som vi set stor pris på: Synneva Eldholm, Reidun Nielsen og Else Sande. Vi held fram med å møtest annakvar tysdag for ei totimars skrive- og forteljestund. Det er flotte stunder kor vi gjennom forteljingane og tekstane som har kome fram, har fått høyre om skulehus på Radøy, korleis kjærleiken byrja med eit tilfeldig møte i Nikolaikirkeallmenning, om den grøne frodige Valen nord på Askøy, om Lindstrøms pikeskole i Fosswinckelsgate, om læraren dei kalla tigeren, om julestria før i tida kor kona sovna utsliten under julemiddagen og mykje meir. Synneva Eldholm og Oddgeir Synnes under avslutninga av skrivekurset ved Bergen Røde Kors Sykehjem

Kurset har vore ei stor oppleving, og vi ser fram til den vidare utviklinga. Nedanfor finn du bilete frå skrivekurset. Lisa Clausen Synneva Eldholm Reidun Nielsen Bjørg Henriksen og Solveig Farstad Mars 2002: 19. mars vart skrivekurset ved Bergen Røde Kors Sykehjem avslutta. Det har vore eit svært fint kurs med mange gode tekstar, fine samlingsstunder og framfor alt utruleg spennande deltakarar. Vi kjem til å sakne samværet i skrivegruppa, men vi skal heldigvis møtast att til hausten.

Skrivekurset på Sotra Mai 2002 Skrivekurset på Sotra vart starta opp 15. april i år. Til første møtet var det møtt fram fem nysgjerrige kursdeltakarar, men alt ved neste møtet kom fire til, så no er vi ei fin gjeng på ni kursdeltakarar (frå Sund, Fjell og Øygarden) og to lærarar som kvar fjortande dag møtest i Fjell folkeboksamling på Straume. Kurset har så langt resultert i ei rekkje sterke tekstar: Alvorlege og humoristiske, dikt og forteljingar, tekstar frå farne tider og poetiske refleksjonar over kva fargane gjer med oss. Det er ei glede å få presentere eit lite innblikk i produksjonen på Sotra. Kurset vert avslutta for sommaren 10. juni, men startar opp att i august. Med andre ord er det mykje spennande i vente. Mars 2004 Marit Smith Lie les medan Rolv Landøy, Astrid Landøy, Sara Einarsen og Alf Sæle lyttar. For nokre veker sidan vart eg invitert til nytt møte i skrivegruppa på Sotra. Vel eitt år etter at det vart formelt avslutta frå oss lærarane si side, er skrivelysta og formuleringsevna rikt til stades. Denne gongen var det Normann Fjeldstad, Sara Einarsen og Rolv Landøy som møtte. Rolv Landøy, Sara Einarsen og Normann Fjeldstad under skrivetreffet sist