FAR OUT! PSYCHEDELIC ART. US and UK posters 1966-1970



Like dokumenter
De ufrivillige Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min

Bitraf Resultatregnskap0per

Vekeplan 4. Trinn. Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag AB CD AB CD AB CD AB CD AB CD. Norsk Matte Symjing Ute Norsk Matte M&H Norsk

The Beatles Engelsk rockeband fra Liverpool, som var aktive

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

Slope-Intercept Formula

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Hei alle sjøstjerneforeldre

FIRST LEGO League. Härnösand 2012

Kand.nr.900, Espen Aure Høgskolen i Nesna. Hjemmeeksamen Musikk i historisk perspektiv Våren 2008, Musikkvitenskap Kultur og Samfunn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Learning activity: History of Photography Malin E. Bjørgen

OPPVEKST Johns foreldre var Stanley og Sheila Dwight. John ble oppkalt etter sin onkel og fikk navnet Reginald Kenneth. Foreldrene ble skilt i 1961.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

SAMPOL115 Emneevaluering høsten 2014

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Logo Brukarrettleiing

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

nye bøker i 2004

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Aktivitetskalendar 2015

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Tys Innlevering av 2. utkast i norsk i slutten av timen. Veke 49 Mån Tys 1.12 Ons 2.12 Tors 3.12 Fre 4.12 Haustprøve i norsk hovudmål

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Mandatory Assignment 07 Rapport

MEDLEMSINFO. august 2009

Endelig ikke-røyker for Kvinner! (Norwegian Edition)

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Newtons fargeskive. Regnbuens farger blir til hvitt. Sett skiva i rask rotasjon ved hjelp av sveiva.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

«Ny Giv» med gjetarhund

Bruk av driftsmidlar Frifond

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

COLLECTIONS ANNA BERTHELSEN TRULS GRØNVOLD SIGRID HØIVIK SVERRE HØVREN JOHNSEN UNNI LYNGSTAD ALIDA RUDJORD KARI SLØTTE TRADITIONAL

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

- Pop Art - Swiss - Abstrakt ekspresjonisme - Psychedelia

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I KUNST & HÅNDVERK 7. TRINN

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KROPPEN LEDER STRØM. Sett en finger på hvert av kontaktpunktene på modellen. Da får du et lydsignal.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

STOP KISS av Diana Son Scene for en mann og to kvinner

TROMSØ FEBRUAR 2016

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Månadsbrev for Februar

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

// Translation // KLART SVAR «Free-Range Employees»

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

Forslag frå fylkesrådmannen

Årsplan i Kunst & handverk 9.klasse

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Social Project Management. CIO Konferansen Prosjektstyring 09. juni 2016


Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Vi lærer om respekt og likestilling

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Oversikt over The Beatles vinyl/singler/rekvisita Tittel (side A, side B) År Land Cover Pris Merknad

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Samansette tekster og Sjanger og stil

Han Ola of Han Per: A Norwegian-American Comic Strip/En Norsk-amerikansk tegneserie (Skrifter. Serie B, LXIX)

Kunnskapsorganisering i digitale medium. Arne Olav Nygard, Lesesenteret, UiS/Nyweb AS twitter: arneolav

/

Manuset ligger på NSKI sine sider, men kan også kjøpes på

The internet of Health

Last ned Damsleth - Einar Økland. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Damsleth Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Jon Fosse. For seint. Libretto

ARBEIDSPLAN 8ABC VEKE 46

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Transkript:

FAR OUT! PSYCHEDELIC ART. US and UK posters 1966-1970 Tekst: Synnøve Engevik I 1966 gav the Beatles ut albumet Revolver. Den hypnotiske og suggererande låta Tomorrow Never Knows bar bod om ei ny tid. Soundet var ikkje lenger noko som skulle presentere ein låt på ein attraktiv måte, det var eit avgjerande og integrert element i den musikalske strukturen. Revolver varsla, saman med fleire andre produksjonar frå 1966, ei heilt ny form for lydkunst i rocken. Dei same tendensane var tydlege også på andre sida av Atlanterhavet, og kuliminerte i ein eksplosjonsarta produksjon av kulturuttrykk i 1967, ofte referert til som psykedelia. Sommaren 2014 kan du oppleve visuelle høgdepunkt innan sjangeren psykedelia i Rockheim Galleri. Utstillinga Far Out! Psychedelic Art syner delar av den private samlinga til lydteknikar, musikar og samlar Jan Brandter, og inneheld kanon innan psykedelisk plakatkunst, men òg musikk, plateomslag, postkort, program og billettar. Av representerte designarar kan me trekkje fram dei som ofte blir referert til som dei fem store innan amerikansk psykedelia: Wes Wilson, Victor Moscoso, Stanley Mouse, Alton Kelley og Rick Griffin. Desse fem fekk ekstra merksemd allereie i 1960- åra då dei blei kuratert til psykedelia- utstillinga Joint Show i eit større kunstgalleri i San Francisco i 1967. Rockheimutstillinga inneheld også svært verdifulle plakatar av dei tre største innan britisk psykedelia Michael English, Nigel Waymouth og Martin Sharp. Her er altså smakebitar frå dei nummererte seriane til Bill Graham (arrangør på the Fillmore), the Family Dog (arrangør på Avalon) materiale som mellom anna har vore utstilt på San Francisco s Museum of Modern Art (1976), og frå kunstnarduoen Hapshash and the Coloured Coat som designa til den sagnomsuste psykedeliske klubben UFO i London West End, der Pink Floyd og Soft Machine var husband. I 2000 var det ein stor retrospektiv Hapshash- utstilling på Victoria & Albert Museum i London, og i 2005 var Hapshash og Sharp representert i 1

utstillinga Summer of Love: Psychedelic Art, 1967 ved Tate Gallery Liverpool. Plakatane fortel historia om då kommers blei til kunst, pop blei til rock, populærmusikkens songtekstar fekk litterær eigenverdi, PA- anlegget blei utvikla, den fyrste musikkfestivalen blei arrangert, platestudioet blei lydlaboratorium, plateomslaget blei ein integrert del i eit heilskapleg kunstnarisk uttrykk, rockekonsertar med tilhøyrande lys- show blei introdusert og eksperimentering innan design av musikkplakatar resulterte i nyskapingar innan trykketeknikk, for å nemne noko. 2

Psykedeliaens fødsel, Virginia City vs. San Francisco Blant dei fyrste hippiane som vandra i retning San Francisco i 1960- åra var Michael Ferguson, pianospelar i The Charlatans. 1 The Charlatans var bohemar, og pionerar innan det som ofte blir omtalt som the San Francisco sound. 2 Banda innan the San Francisco sound Jefferson Airplane, Grateful Dead, Big Brother & the Holding Company, Quicksilver Messenger Service, Carlos Santana, Moby Grape, Country Joe & the Fish, Steve Miller Band, Sly & the Family Stone, Blue Cheer og It s a Beautiful Day hadde alle sine særpreg. Men dei fleste av dei starta innan akustisk, amerikansk folkemusikk, ispedd nytt tekstinnhald. Tekstane kunne til dømes omhandle borgarrettar. Etter den britiske invasjonen, med the Beatles og the Rolling Stones i spissen sistnemnde spelte i San Francisco Civic Auditorium, 14. mai 1965 blei banda elektriske, og the San Francisco sound oppstod. I tillegg til London og Liverpool, henta dei inspirasjon frå den elektriske bluesen i Chicago og soulmusikken frå Detroit og Memphis. Den elektriske bassen fekk ein prominent plass, med melodiske og semi- melodiske tilnærmingar. Nye akkordprogresjonar og ein friare og meir kraftfull bruk av også andre instrument karakteriserar sjangeren. Songtekstane til mange av banda er emosjonelle, intelligente, poetiske og tufta på førebilete som Allen Ginsberg, Jack Kerouac, Gary Snyder, Bob Dylan og John Lennon. Improvisasjon er også eit sentralt sjangerkjenneteikn, noko særleg live- innspelingane til Grateful Dead er eit godt eksempel på. 3 1 Verdiane som dominerte i hippierørsla i siste del av 1960- åra var ikkje nye. Det eksisterte eit kollektiv som praktiserte eit anti- materialistisk, vegetarisk levesett, basert på sjølvberging og fri kjærleik allereie i 1900 i Sveits. Då denne typen samfunn oppstod i USA, blei dei omtalt som nature boys. (Lange, F. (manus og produksjon): Freak Out, Vilda Bomben Film AB, 2014) 2 Den bohemske forløparen til hippierørsla i San Francisco var beat- generasjonen, og deira kafé- og barkultur, litteratur, jazz, folkemusikk, moderne dans og tradisjonelle kunsthandverk. 3 Det psykedeliske soundet, etterkvart som sjangeren utvikla seg på begge sider av Atlanterhavet, var ofte prega av ekstrem lydforvrenging som skapte mystiske og svevande stemningar. Dette heng nøye saman med den tekniske og produksjonsmessige radikale utviklinga som fann stad. Ofte blei det henta inn element frå folkemusikk, arabisk eller indisk musikk, og uvanlege instrument. 3

Musikken til the Charlatans var inspirert av jug- band, country og blues, men det var særleg dresskoden som gjorde bandet kjent. Dei gjekk kledd i plagg frå slutten av 1800- talet og såg ut som krysningar av viktorianske dandies og cowboyar frå ville vesten. Dette imaget blei hyppig kopiert innan den gryande hippie- kulturen. George Hunter den kunstnariske leiaren i bandet, i samarbeid med Ferguson, teikna det som blir rekna for å vera den fyrste psykedeliske plakaten, The Seed. 4 Hunter introduserte også fenomenet happenings, skildra av musikolog Simon Frith som: A total experience, senses out of control, to the pop show. 5 På slike happenings stod opplevinga av eit fellesskap sentralt, og det blei gjort forsøk på å oppnå ei totalforvandling av sansane gjennom multimediashow: kombinasjonar av musikk, dans, lys, teater og LSD. Britiske Frith skildrar psykedeliaens fødsel slik: And as the San Francisco rock scene began to develop, fine artists were involved not just as musicians, but as designers, as sculptors, as visual experts. The light show, for example, became an integral part of San Francisco dance halls. Using a technique light projected through moving, liquid pigments invented by a San Francisco State art professor in 1952, visuals had long been used to accompany poetry readings, jazz drummers, expermental theatre groups and so on; now they were employed by rock groups and rock promoters, and individual artists became known for their different lighting styles. Poster artists, too, were key members of the psychedelic scene. 6 I fylgje den amerikanske plakathistorikaren Paul D. Grushkin reiste the Charlatans i juni 1965 til Virginia City og gjennomførte ei prøvespeling på syre, til stor underhaldning for dei frammøtte. 7 Oppdraget som fylgde, og som vara heile sommaren, har blitt feira som fødselen til den amerikanske psykedeliske æraen. Årsaka til dette er nok i hovudsak plakaten The Seed som annonserte det heile, og myten om the Charlatans som historias fyrste syrerockband. 4 Grushkin, Paul D: The Art of Rock, 1987:67. Den amerikanske reklameplakaten hadde sin fødsel med Hatch Show Print i 1879, eit trykkeri som framleis er i drift, og som brukar den enkle og mekaniske teknikken letter press (bokstavtrykk). (Becker, M. (regi): American Artifact. The Rise of American Rock Poster Art, 2012 5 Frith, S. & Horne, H: Art into Pop, 1987:95 6 Ibid 7 Grushkin: 1987:68 4

Bill Graham og Family Dog Då the Charlatans starta oppdraget sitt skulle klubben der dei spelte, Red Dog Saloon (Virginia City, Nevada), byggjast om. Venner av bandet kom for å hjelpe til, og det blei seks festlege veker for dei involverte. Blant dei var helikoptermekanikar og tidlegare profesjonell motorsyklist Alton Kelley, og andre som blei del av det originale Family Dog- kollektivet. Family Dog var eit kollektiv i Pine Street, SF, som i utgangspunktet bestod av fire personar. Menneska der hadde felles interesser i økologi, politikk, tidlege protestar mot Vietnamkrigen, dop og til sist, musikk. Ideen om å realisere dansar av typen som var på Red Dog i heimbyen hadde òg sitt opphav her. Kollektivet arrangerte tre dansar i Longshoremen s Hall på tampen av 1965. I same tida arrangerte naturalist Steward Brend, Ken Kesey and the Merry Pranksters og andre leiande musikarar eit tredagars arrangement Trips Festival, som tydeleg etablerte psykedeliaen i San Francisco. Allereie helga etter kopierte Bill Graham showet. Same mann gjorde denne typen rock dances til business. Dei neste månadane delte Graham og the Family Dog Fillmore Auditorium. Kollektivet the Family Dog, med Chet Helms i spissen, og entreprenøren Bill Graham med familie var dei to leiande arrangørane i hippietidas San Francisco. Dei to hyppigast brukte arenaene var Avalon Ballroom og the Fillmore. The Fillmore var opphaveleg ein dansesal, men hadde si glanstid med Graham som arrangør mellom 1965 og 1968. 8 I eit tidsrom på to og eit halvt år fekk publikum der oppleve ein musikalsk og kulturell renessanse som produserte den musikken San Francisco er mest kjent for. Band som the Grateful Dead, Jefferson Airplane, Santana, Quicksilver Messenger Service, Big Brother and the Holding Company, Moby Grape og the Butterfield Blues Band starta karrieren på Fillmore- scena. Og svært talentfulle artistar i tida som Jimi Hendrix, Otis 8 Graham invented the rock- concert. (Eric Johnsen i Becker, M: 2012) 5

Redding, Cream, Howlin Wolf, Captain Beefheart, Muddy Waters og The Who, opptrådde også der. Ei av årsakane til at desse to arrangørane har fått og fortenar stor plass i den populærkulturelle historieskrivinga i tillegg til frisk booking og grensesprengande festar er plakatane som blei produsert til arrangementa. Det eksisterer ein nummerert Family Dog- serie og ein nummerert Bill Graham- serie samtlege eksemplar i desse seriane er ettertrakta samleobjekt, og har høg marknadsverdi i dag. FD- serien strekkjer seg frå februar 1966 til november 1968 og består i omlag 147 plakatar. Medan BG- serien frå 1966 til 1971 inneheld 287 unike eksemplar. 9 Bill Graham og the Family Dog hadde fyrste plakatkunstnar felles. Det var Wes Wilson. Den fyrste plakaten Wilson designa for the Family Dog (i samarbeid med Helms) er å oppleve i utstillinga, og promoterer arrangementet A Tribal Stomp på the Fillmore 19. februar 1966. Denne kvelden kunne publikum høyre Jefferson Airplane og Big Brother and the Holding Company. 10 When I started doing posters, especially the posters in color, which followed the initial black and white "Tribal Stomp", I think I selected my colors from my visual experiences with LSD, along with what I'd learned as a painter... and when I found this catalog of the November 1965 Jugendstil and Expressionism exhibit at the University Of California, which included Viennese Secessionist lettering, I 9 Grushkin 1987:95 og 117 10 Jefferson Airplane var blant dei fremste representantane for det psykedeliske San Francisco- soundet. Dei hadde bakgrunn i folk og blues, men vakte oppsikt då dei i 1967 debuterte med den svært psykedeliske LP- en Surrealistic Pillow og singelen White Rabbit. Teksten kombinerte tematikk frå eventyret Alice in Wonderland med erfaringar frå ein LSD- trip. Deira Somebody to Love blei også ei hippiehymne i the summer of love. Dei gjorde ein forrykande konsert på Monterey- festivalen, og medverka i 1969 både på Woodstock og Altamont. Den eksentriske vokalisten Grace Slick var med på å gi bandet særpreg. Big Brother and the Holding Company blei danna i San Francisco i 1965. Dei spelte på ein del jammar arrangert av Helms og på Trips Festival i januar 1966. Big Brother blei etterkvart husbandet på Avalon Ballroom, og spelte progressiv instrumentalrock. Helms meinte at bandet trengte ein sterk vokalist og kontakta Janis Joplin i Austin, Texas (som på det tidspunktet vurderte å pare opp med Roky Erickson frå The 13 th Floor Elevators). Ho reiste til California og debuterte med Big Brother på Avalon 10. juni 1966. Albumet deira Cheap Thrills frå 1968 blir av mange rekna som eit av dei beste innan sjangeren. 6

was abel to adapt it and use it on almost all my posters from that point on. 11 Wilson utvikla også logoen til The Family Dog. Midt mellom The Family Dog, og presenting the, er eit portrett av ein indianar med flosshatt og ein joint. Indianarar, eller det amerikanske urfolket, var eit populært tema innan den psykedeliske kunsten og kulturen. Årsaka til dette var nok fyrst og fremst eit sterkt ynskje om å uttrykkje og tru på noko opphaveleg og ekte. Hippiekulturen var i all hovudsak ein motkultur, ein protest mot det vaksne, stive, konservative, kapitalistiske og krigerske amerikanske samfunnet. På leiting etter eit alternativt levesett og nye kulturelle uttrykk søkte hippiane tilbake i tid, tilbake til røtene. Psykedeliaen handla òg om medvitsutvidande stoff. Bob Stanley formulerar det slik: It wasn t any predilection for jazz or even the sea air that fuelled this localised creativity. Above all else, the San Francisco scene was about acid. Another oddball drawn to the Bay Area was a Russian- speaking, bee- keeping former ballet student from Kentucky called Owsley Stanley. 12 Owsley Stanley var ein svært sentral skikkelse i San Francisco- psykedeliaen. Han starta som student ved Berkeley i 1963, oppdaga LSD og byrja å lage det. Etterkvart kokte han syre i store kvanta. Robert Greenfield skriv dette om Owsley i Rolling Stone, 2011: No one did more to alter the consciousness of the generation that came of age in the 1960s than Augustus Owsley Stanley (who passed away March 13, 2011). Long before the Summer of Love drew thousands of hippies to Haight- Ashbury, Owsley was already an authentic underground folk hero, revered throughout the counterculture for making the purest form of LSD ever to hit the street. Yet today, at seventy- two, he is all but forgotten. 13 Owsley var lydteknikar og ein tidleg lydmann for the Grateful Dead der han gjorde nybrotsarbeid innan lydteknikk. Eit av bidraga hans var å mikse konsertar live og i stereo. I tillegg var han framsynt nok til å plugge ein bandopptakar direkte i miksebordet. Slik skapa 11 Wes Wilson i Grushkin 1987:72 12 Stanley, B: Yeah, yeah, yeah. The story of modern pop, 2013:225 13 Greenfield, R: Owsley Stanley: The King of LSD i Rolling Stone 14. mars 2011 7

han ypperleg dokumentasjon av eit band som ifylgje manager Rock Scully, trivdes best på scenen. 14 Scully skildrar Owsley som eit renessansemenneske, men han er nok mest kjent for sin produksjon av LSD (lysergsyredietylamid). LSD er eit syntetisk framstilt stoff som har liknande effekt på medvitet som plantebaserte psykedelika frå til dømes fleinsopp (psilocybin) og peyotekaktus (meskalin). Ein LSD- rus kan vare frå nokre timar til eit døgn, og endrar opplevinga av medvitet og inntrykket av omgivnadane på ein vesentleg måte. 15 Grateful Dead- manager og originalt Family Dog- medlem Rock Scully fortel i eit intervju med David Bean at narkotikaen som etterkvart var med på å ta knekken på hippierørsla, gav ein nødvendig kickstart på æraen. 16 Den var sentral i den omfattande utforskinga som fann stad desse åra. Ei eksperimentering som mellom anna resulterte i innovasjon innan plakatdesign. Det var Bonnie MacLean som tok over stafettpinnen etter Wilson på Fillmore, og Stanley Miller frå Detroit, betre kjent som Stanley Mouse eller berre "Mouse", tok over etter same mann hos Family Dog. Wilson hadde designa elleve av dei tolv fyrste Family Dog- plakatane. Victor Moscoso gjorde nummer tolv, og Mouse starta med FD 13 til ein Captain Beefheart- konsert på Avalon i juni 1966. 17 Mouse, i samarbeid med Alton Kelley, var ansvarleg for tjueseks av dei trettiseks Family Dog- plakatane. Desse blei laga i ein periode på ni månader, ein periode som tydeleg etablerte den psykedeliske stilen som eit uttrykk i tida. Mouse tok seg i hovudsak av det typografiske, medan Kelly skaffa det fotografiske eller andre illustrative element. Hodeskallen med roser rundt logoen til Grateful Dead er også eit resultat av 14 Bean, D. & Scully, R: 40th Anniversary Summer Of Love Oral Archive, 2007 15 Store norske leksikon, http://snl.no/lsd, (2005-2007) 16 Bean, D. & Scully, R: 2007 17 Grushkin 1987:72 8

kunstarduoen. Utgangspunktet var ein konsertplakat for bandet. Mouse og Kelley gjekk på biblioteket og kika i gamle bøker for å hente inspirasjon. Der kom dei over The Rubaiyat av Omar Khayyam, og ein illustasjon av Edmund J. Sullivan. Skjelettet i heilfigur og rosene rundt er kopiert nesten direkte inn i Avalon- plakaten, og logoen, med berre hodeskallen, er eit utsnitt frå plakaten. 18 Denne Rockheim- utstillinga presenterer eit utval lite frå plakatkunsten til Mouse og Kelley. Motivet som går igjen, i tillegg til indianarar, er nakne kvinnekroppar. Desse mjuke, vakre, engleaktige venus- skikkelsane er saksa ut av kunsthistoria, filmar og teikneseriar. Dei to brukte slik sett ein collageteknikk. I tillegg var dei blant dei fyrste til å ta i bruk airbrush. På dei utstilte plakatane er det antikke marmorskulpturar i kontraposto, og meir moderne og uttrykksfulle damer, slike som mellom anna Gustav Klimt måla. I tillegg til å vere dekor og blikkfang, er dei nakne kvinnekroppane sannsynlegvis tenkt som symbol på moder jord, og eit uttrykk for det økologiske og mytologiske tankegodset i hippierørsla. Det var Mouse og Kelly som skapte interessa i rock art hos den kanskje mest legendariske psykedeliadesignaren av dei alle Rick Griffin. På grunn av sine to førebilete flytta han frå Los Angeles til San Francisco i 1966. Griffin var opptatt av indianarar, surfing og teikneseriar. Han hadde eit kort opphald på kunstskule og teikna for Surfer Magazine. Blant dei utstilte Griffin- arbeida er ein av plakatane til det fyrste store utandørsarrangementet i populærmusikkhistoria POW- WOW. A gathering of the tribes. Human Be- In. Dette var forløparen til musikkfestivalane som skulle kome, og fann stad i Golden Gate Park, SF, 14. januar 1967. Human Be- In varsla den påfylgjande sommaren The Summer of Love. 19 18 Becker: 2012 19 Mouse og Kelley laga også plakat og flygar til arrangementet. 9

Posteren lovar all San Francisco rock bands, Timothy Leary, Allen Ginsberg og meir til. 20 Dei 20.000 frammøtte fekk oppleve Jefferson Airplane, Grateful Dead, Big Brother and the Holding Company og Quicksilver Messenger Service. Designet til Griffin er stramt, detaljane mange og handverket imponerande. Uramerikanaren er på plass på hesteryggen og med gitar. Plakaten var trykt med både svart og brunt blekk på papir i ulike fargar, og resulterte mellom anna i at Helms inviterte Griffin til å ta del i Avalon Ballroom- serien. 21 Far Out! Psychedelic Art syner også Griffin- plakaten som av mange ekspertar blir rekna for å vere den største designjuvelen - Flying Eyeball BG 105. Posteren annonserar konsert med the Jimi Hendrix Experience og John Mayall and the Bluesbreakers på Fillmore Auditorium og Winterland februar 1968. Eigar av Artrock Gallery, Phil Cushway, omtalar den fykande augeballen til Griffin som det mest vidgjetne psykedeliske plakatarbeidet gjennom tidene. Han argumenterar vidare for at designet transenderar frå hippierock til hardcore- punk. 22 I juni 1967 blei Monterey International Pop Festival arrangert. Dette var underhaldningsmetropolen Los Angeles sitt svar på Human Be- In, og den første utandørs rockefestivalen. Det var omkring 50.000 publikumarar og dei musikalske høgdepunkta kom som perler på ei snor. Monterey- festivalen hadde ein programkomité beståande av blant andre Brian Wilson, Brian Jones, Paul McCartney, Paul Simon og Art Garfunkel ein komité opptatt av musikalsk bredde. Det var ikkje berre San Francisco- band som slapp til, men òg The Who og Jimi Hendrix frå London, The Byrds, Buffalo Springfield og The Mamas and The Papas frå LA, bluesgrupper som Canned Heat, folksongarar som Simon and Garfunkel, soulartisten Otis Redding, samt den indiske sitarspelaren Ravi Shankar. Reint musikalsk var 20 Leary var ein psykolog som blei sparka frå Harvard- universitetet i 1962, fordi han oppfordra til bruk av LSD. Etter dette reiste han omkring i USA og presenterte ideane sine om ein psykedelisk revolusjon. LSD ble forbode i USA i 1967. (Blokkhus & Molde 2004:241) 21 Grushkin 1987:197 22 Becker: 2012 10

Monterey- festivalen viktigare enn Woodstock, fordi den på mange måtar introduserte rockrevolusjonen. 23 23 Blokhus & Molde 2004:246 11

Då pop blei til rock, og om å teikne ein draum. London. The beat boom, som på sett og vis var den spede starten på 1960- åras rockrevolusjon, hadde sine røter i små jazzklubbar, ikkje dei store konsertsalane, noko som var synleg i dei tilhøyrande plakatane. Lokale kommersielle kunstnarar, ofte einmannsføretak, blei hyra av lokale trykkarar. Plakatane fekk ofte eit utradisjonelt og improvisert preg. 24 As the 1960s progressed, the influence of art school on popular culture and music would lead the rock artwork charge, skriv plakathistorikar Mike Evans i boka The Art of British Rock. 25 I 1987 publiserte Simon Frith i samarbeid med Howard Horne boka Art into Pop som omhandlar relasjonen mellom dei britiske kunstskulane og populærmusikken. Kunstskuleutdanna musikarar tok ingrediensane frå avantgarden, men endra oppskrifta. Dei blanda inn idear frå popkunst. Resultatet blei ikkje kunst versus kommers, men kommers som kunst. Dette idegrunnlaget fungerte som eit lerret for kreativiteten, det individuelle og stilen til musikarane, skriv dei to. 26 Phil May, Dick Taylor, Keith Richards, Ron Wood, Pete Townshend, Thunderclap Newman, Freddy Mercury, Eric Clapton, Keith Relf, Sandy Danny, John Renbourne, Tom McGuiness, Syd Barrett, Jeff Beck, Ray Davies, Roger Glover, Mike Vernon, Jimmy Page, Charlie Watts, og Cat Stevens gjekk på kunstskule i London i 1960- åra. 27 24 Den moderne plakaten hadde sin fødsel i 1860- åra, då farge- litografi blei ein realitet. Den litografiske teknikken var tidkrevjande og kostbar. Også etter at teknikken blei effektivisert under Den andre verdskrig, i samband med produksjon av propagandaplakatar, måtte det produserast store opplag med plakatar for at trykkinga skulle lønne seg. Som ei fylgje var plakatkunst i England, langt inn på 1900- talet, assosiert med store selskap og organisasjonar. Plakatane knytt til populærmusikken oppstod innan ein anna tradisjon. Både trykking og design blei gjort på ulikt vis, og gjennom andre og lokale kanalar. Denne tradisjonen baserte seg på varieté- program, dekorerte butikkfasadar og populærlitterære bokomslag. (Evans, Mike: The Art of British Rock, 2010:10ff) 25 Ibid 26 Frith, S. & Horne, H: 1987:57 27 Op.cit. s. 73 12

John Mayall gjekk på kunstskule i Manchester i 1940- åra, og debuterte som pianospelar i ein bluestrio i 1950. John Lennon gjekk på Liverpool College of Art frå 1957 til 1960. 28 Peter Townshend s guitar smashing was, indeed, inspired by the auto- destructive artist Gustav Metzger. 29 Resultatet av at så mange britiske kunststudentar i denne tida byrja å spele amerikansk r&b, var at popmusikken tok opp i seg bohemske draumar og romantiske fantasiar, som vidare la grunnlaget for rock- ideologien, ei ny kunstform og eit nytt samfunn, ifylgje Frith og Horne. Art had always claimed the right to shape culture, rock stars now insisted to on the right. Musicians affected a selfconnscious bohemian style, bohemians saw rock as a noisy new means of self- expression, and the rock audiencer equired new skill to understand the symbolism, the neances of Romantic style. Reading Blake s Sgt Pepper sleeve name the faces, spot the cannabis, decode the lyrics was like reading the underground press. 30 Vidare skriv dei at det var individualismen deira, som gjorde dei til popstjerner, trass i sterke anti- kommersielle idear. Dei var personar som kunne marknadsførast. Og musikken, trass i autentiske røter, gav uttrykk for fantasiar og lidenskapar som prega deira eigen generasjon. Hence, too, the final paradox of British Blues: the determined pursuit of an original sound the sound of rock s origins became the source of a musical progression ( ) Original now meant something new. This notion of progress was defined, most influentially, by the formation of Cream in 1966. 31 Når jazzveteranane Ginger Baker og Jack Bruce byrja å spele med Eric Clapton, så var det for å spele denne typen gammal og ny blues. Bluesformene blei vidare brukt til å 28 Op.cit. s. 80 29 Op.cit. s. 100 30 Op.cit. s 57 31 Op.cit. s 89 13

akkompagnere kunstskulepoeten Pete Brown sine dada- inspirerte tekstar. Som liveband blei dei kjent for sine lange, uthaldande og individuelle improvisasjonar. Cream var også eit av dei fyrste britiske banda som brukte psykedeliske bokstavar på plakatane sine, psykedelisk design på plateomslaga, og til å selje seg sjølv som kunstrock. Cream (ved sidan av Led Zeppelin), definerte den nye rock- ideologien. Gruppa sin dedikasjon til musikalsk sanning og anti- kommersialisme viste seg å ha eit enormt sals- potensiale. 32 Kunstskulane fungerte òg som eksperimenteringsplass for nye viktige teknikkar innan plakatdesign. Teknikkar som mellom anna resulterte i at typografi, fotografi og illustrasjonar kunne kombinerast på måtar som tidlegare hadde vore umogleg. Frå midten til siste del av 1960- åra, i det musikken blei meir og meir psykedelisk orientert, var det ein eksplosjon innan psykedelisk plakatdesign på begge sider av Atlanteren, skriv plakathistorikar Evans. Illustratørar og designarar tok styringa i større grad. Utviklinga av Letraset opna opp for alternativ når det gjaldt skrifttypar, og ny fluorescerande trykksverte gjorde fargeattgjevinga meir intens. Innan motkulturen søkte formskaparar seg vekk frå eit ryddig og profesjonelt design assosiert med etablerte kulturelle normer. Dei eksperimenterte seg fram til eit flytande estetisk uttrykk med kolliderande og sterke fargar, samt eklektiske skrifttypar. Teksten blei nært integrert med foto og grafiske bilete. With the emergence of large- format, four- colour lithographic printing and colour scanning, as well as improved reprographic technology, it became possible to reproduce large- scale, full- colour artworks. From the US came the airbrush a new tool in the graphic artist s arsenal, with which photo- realistic effects could be achieved as well as near- seamless photo- retouching. 33 32 Op.cit. s. 90 33 Evans: 2010:48 14

Med den psykedeliske kunsten blei rockeplakaten autonom noko som kunne opplevast og nytast aleine og i seg sjølv, skriv Evans. 34 Sjølv om mange av dei leiande rockeplakat- designerane haldt til i San Francisco, var det ei sterk undergrunnsrørsle også i Storbritannia, leia av Michael English, Nigel Waymouth, Michael McInnerney og Martin Sharp sistnemnde opphavleg frå Australia. Andre viktige designarar var David Vaughan, John Hurford og Mal Dean, som laga kunst for International Times. Desse henta alle inspirasjon frå Aubrey Beardsley, Alphonse Mucha og Arthur Rackham, the Vienna Secessionists og kollegaene på andre sida av Atlanteren. Stilen eksisterte ikkje berre innan musikkfeltet, men reflekterte ulike aspekt ved motkulturen i siste del av 1960- åra. Hapshash and the Coloured Coat Michael English og Nigel Waymouth var den kreative kjernen i Hapshash and the Coloured Coat eit kunstnarleg kollektiv som produserte ein bukett arbeid som definerte ideane og visjonane i tida. Arbeida deira blei eit slags varemerke på den britiske flower power- rørsla i 1960- åra. 35 English og Waymouth møttes i desember 1966 i klesbutikken Granny Takes a Trip i King s Road for å diskutere eit potensielt samarbeid. Dei var begge involvert i undergrunnscenen som var i emning. Tidlegare det året hadde John Hopkins og John Boyd ved London Free School (LFS) i Notting Hill lansert ein innsamlingskonsertserie i ei kyrkje der det ukjente bandet Pink Floyd spelte. Den same Hopkins blei litt seinare ein av grunnleggjarane av Europas fyrste undergrunnsavis, International Times. Med mål om å samle inn pengar til løn til dei tilsette i redaksjonen fann Hopkins og Boyd ut at dei skulle repetere konsertsuksessen ved LFS i Londons West End. Slik blei den 34 Ibid 35 Op.cit. s. 54 15

legendariske undergrunnsklubben UFO født. (To andre sentrale klubbar for den britiske psykedeliaen var Middle Earth og the Marquee). Hopkins hyra English til å lage den fyrste UFO- plakaten. Boyd hadde ynskje om at kameraten Waymouth også skulle designe plakatar til klubben, og dermed blei møtet mellom dei to, i den utfrika klesbutikken, arrangert. Waymouth var ferdig utdanna innan økonomisk historie før han byrja å ta kurs på ulike kunstskular i London. Tidleg i 1966 opna han opp den omtalte butikken Granny Takes a Trip, saman med to partnarar. Dette var den fyrste butikken retta mot den nye undergrunns- eller motkulturen. Waymouth designa interiøret i klubben, det psykedeliske maleriet på fasaden og mykje av kleda som var til sals der. English studerte ved Ealing School of Art, og hadde hatt tidlegare suksess med popkunstinspirert design til t- skjorter, baggar og solbriller. Etter møtet med Waymouth, hjalp han til med å måle indianarhovudet som utgjorde ein stor del av vegg- måleriet på fasaden til Granny Takes a Trip. Typiske element i den britiske psykedeliske plakaten er svevande tallerkenar som symbol på ei open spirituell haldning, eventyrslott og seksuelle referansar. Plakatane var svært lite leselege, og mynta på eit spesifikt publikum som kjente kodane. Designar English formulerte det slik: All the underground posters are packed with secret signs, prehistoric forms and flying saucers Sexuality too, was a strong force and there is a lot of that happening in the posters. Dragons and pubic hair! 36 English og Waymouth var dei fyrste til å perfeksjonere regnboge- silketrykk- teknikken. Dei brukte fluorescerande blekk og metallblad day- glo. Hapshash- plakaten til Pink Floyd- konserten på UFO 1967 som er utstilt, er i fylgje Evans, eit klassisk stykke UK- psykedelia. 36 Op.cit. s. 51 16

Den er òg ein del av den permanente utstillinga i Victoria & Albert Museum det statlege britiske kunstindustrimuseet. Hapshash eksisterte i to år, 1967 til 1969, og designa plakatar til ulike anledningar, dei fleste av dei musikkrelaterte. I 2000 var det ein stor retrospektiv Hapshash- utstilling på V&A Museum i London (Cosmic Visions Psychedelic posters from the 1960s), og i 2005 var designkollektivet representert i utstillinga Summer of Love: Psychedelic Art, 1967 ved Tate Gallery Liverpool. IT og OZ Den psykedeliske stilen som karakteriserte rockeplakaten i 1960- åra, blei delvis utvikla i eit nettverk av alternative aviser og magasin med fokus i hippierørsla. Den fyrste og mest definerande britiske undergrunnavisa var International Times, som måtte endre namn til IT. Avisa blei etablert i 1966 av John Hopkins, Barry Miles og andre, med finansiell støtte frå Paul McCartney. IT brukte klipp og lim- teknikkar innan offset litografi, noko som gav meir fridom i layout og bruk av bilder. Avisa blei lansert med eit All Night Rave på Roundhouse 15. oktober 1966. Ein fest som inkluderte konsertar med dei ukjente psykedeliske banda Soft Machine og Pink Floyd. Marianne Faithful utkledd som ei nonne, og Paul McCartney i eit antrekk frå Midt- Austen var blant publikum. Dette var sannsynlegvis òg den fyrste britiske festen med lys- show. Sunday Times rapporterte: At the launching of the new magazine IT the other night a pop group called the Pink Floyd played throbbing music, while a series of bizarre coloured shapes flashed on a huge screen behind them. 37 Ein anna banebrytande undergrunnspublikasjon, ved sidan av IT, var magasinet Oz, som gjorde mykje nybrotsarbeid på illustrasjonssida. Originalt var magasinet australsk. Den britiske versjonen blei lansert då grunnleggjaren Richard Neville og kunstnaren Martin 37 Op.cit. s. 60 17

Sharp flytta til London. Saman med ein anna australiar - Jim Anderson, laga dei ei visuelt slåande avis. OZ tok i bruk fluorescerande blekk, metallblad og offset- trykking, og klarte ved hjelp av desse produksjonsteknikkane å lage psykedeliske magasinillustrasjonar utan sidestykke. Sharp møtte Eric Clapton på klubben Speakeasy i London i 1966, og proklamerte nokre songtekstar han hadde forfatta for han. Tekstmateriale til Sharp og musikken til Clapton resulterte i Tales of brave Ulysses på andrealbumet til Cream Disraeli Gears (1967). Sharp designa også det ultrapsykedeliske omslaget. Eit crescendo av kreativitet Som utstillinga Far Out! Psychedelic Art syner, var psykedeliaen både som lyd og bilete, eit resultat av ei transatlantisk kulturutveksling. Den britiske r&b- musikken oppstod med utganspunkt i Chicago- bluesen (Muddy Waters, Howlin Wolf og Bo Diddley). Britiske kunststudentar som spelte r&b var vidare det som fekk dei tidlege hippiane i San Francisco til å plugge gitaren i forsterkaren, og til å tenke på populærmusikk som kunst. Denne tanken kuliminerte i psykedeliske lys- show og plakatar som, saman med band som Pink Floyd og Cream, kryssa Atlanteren igjen. Omslaga på A Saucerful of Secrets (Pink Floyd, 1967), Sgt. Pepper (The Beatles, 1967) og Disraeli Gears (Cream, 1967) syner visjonære, surrealistiske og til dels dopinspirerte drømmebilete, gjerne forvridde og med kaotiske collagar, ofte optisk distanserte eller manipulerte med infrarød film. Omslaga blei i denne tida ein integrert del av LP- en som eit heilskapleg uttrykksmiddel. Rocken fekk sitt eige visuelle uttrykk ikkje berre klær og frisyrar, men òg billedkunst. I innleiinga skreiv eg om Beatles- albumet Revolver frå 1966, og om korleis den hypnotiske og suggerande låta Tomorrow Never Knows bar bod om ei ny tid. Soundet var ikkje lenger noko som skulle presentere ein låt på ein attraktiv måte, men eit avgjerande og integrert 18

element i den musikalske strukturen. Det same skjedde innan plakatdesign. Musikkplakaten var ikkje lenger noko som skulle presentere eit arrangement på ein umiddelbar og effektiv måte, men eit integrert element i eit heilskapleg kunstnarisk uttrykk, og eit symbol på ein kultur. Også innad i sjølve det psykedeliske plakatdesignet er integrering eit sentralt ord. Ei av dei store nyvinningane som desse plakatkunstnarane stod for innan designhistoria, var ei samansmelting av skrift og bilete, typografi og fotografi. Kjelder: Bean, D. & Scully, R: 40th Anniversary Summer Of Love Oral Archive, 2007 Becker, M. (regi): American Artifact. The Rise of American Rock Poster Art, 2012 Blokhus, Y. & Molde, A: WOW! Populærmusikkens historie, 2004 Brandter, J: privat arkiv/samling med psykedeliske plakater, plateomslag, postkort, magasin, program og billettar frå San Francisco og London 1966 til 1970 Evans, M: The Art of British Rock, 2010 Frith, S. & Horne, H: Art into Pop, 1987 Greenfield, R: Owsley Stanley: The King of LSD i Rolling Stone, 14. mars 2011 Lange, F. (manus og produksjon): Freak Out, Vilda Bomben Film AB, 2014 Paul D. Grushkin: The Art of Rock, 1987 Stanley, B: Yeah, yeah, yeah. The story of modern pop, 2013 Store Norske Leksikon 19