TIL BEDRIFTER OM BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET
1. INNLEIING Dei ulike studia ved (TN) inneheld følgjande større oppgåver: Bacheloroppgåva, som avsluttar dei 3-årige bachelorstudia i ingeniørfag. Denne har eit omfang på 20 studiepoeng (sp). Dette tilsvarer fulltidsarbeid i eit halvt semester eller grovt sett 600 timars arbeid for kvar student etter fakultetet sine normer. Inkludert i dei 20 studiepoenga vil det vera ein individuell obligatorisk studiedel som omhandlar vitskapsteori og etikk. Denne delen må vera bestått for å få levera sjølve bacheloroppgåva. Inntil tre studentar har lov til å arbeida på ei og same oppgåve. Masteroppgåva, som avsluttar masterstudia ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. Denne har normalt eit omfang på 30 studiepoeng, men nokre studier har ei oppgåve på 60 studiepoeng. Eit omfang på 30 studiepoeng tilsvarer fulltidsarbeid i eit heilt semester. Masteroppgåva er eit individuelt arbeid. To studentar kan likevel arbeida på same prosjekt. Oppgåvene kan då innehalda ein fellesdel, men denne må ikkje utgjera meir enn 50% av arbeidet. For at desse oppgåvene skal kunne gjennomførast i ei bedrift, må nokre minstekrav vera tilfredstilte. Dette blir tatt opp i det fylgjande. 2. RETTLEIING Bedrifta må kunne stilla opp med ein rettleiar for studenten(ane). Omfanget av rettleiinga kan variera ein del etter prosjektet sin karakter og dei aktuelle studentane. Det må nok reknast minst 1-3 timar i veka for førebuingsarbeid og rettleiingsmøte.
3. TIDSFRISTAR Viktige fristar med meir er viste i tabellen under. Oppgåve: Bacheloroppgåve, 20sp Masteroppgåve, 30sp Masteroppgåve, 60sp Frist for utlysing av institutta sine oppgåver 15/10 1/11 15/3 Frist for formelt uttak av oppgåva 15/1 1/2 15/9 Kva semester oppgåva går over Vår Vår Haust og vår Innleveringsfrist 15/5 15/6 15/6 Tabell 1 For å koma med i utlysinga om hausten, må oppgåvetekst (minst ei halv side) vera hjå oss innan utlysingsfristen vist i tabellen. 4. RAPPORTERING Ved prosjektstart lagar studentane ein framdriftsplan for prosjektet. Ved prosjektslutt leverer studentane inn sluttrapport samt eit eventuelt produkt i form av maskinvare og/eller programvare. I løpet av semesteret er det i tillegg vanleg at studentane lagar statusrapport minst ein gong i månaden. Utforminga av sluttrapporten må tilfredsstilla dei krav som UiS set. Då sluttrapporten blir tillagt stor vekt ved sensurering, er det viktig at studentane set av god tid til arbeidet med denne, sjølv om dette ikkje alltid av bedrifta blir sett på som optimal tidsbruk. Rapporten si innleiing bør innehalda fylgjande: Oppgåvetekst, motivasjon og mål for oppgåva, rammer for arbeidet, framgangsmåte, rapporten si oppbygging, mm. Etter innleiinga fylgjer nødvendig bakgrunnsstoff, dvs. teori og vurderingar knytt til oppgåva. Etterfylgjande kapittel skal så presentera løysinga på oppgåva. Rapporten blir avslutta med diskusjon av resultat og konklusjon. Til slutt fylgjer referanseliste og aktuelle vedlegg. Før innleiinga kjem samandrag og innhaldsliste, samt eventuelt forord, figur- og tabell-lister o.l.
5. EIGEDOMSRETT OG BANDLEGGING Fylgjande reglar om eigedomsrett og bandlegging gjeld for oppgåvene: Studenten(ane) har opphavsrett til oppgåva. Studenten(ane) har rett til å publisera oppgåva si, eller delar av denne, som ei sjølvstendig avhandling eller som del av eit større arbeid, eller i popularisert form i ein vilkårleg offentleg publikasjon. Utan samtykkje gjeld dette likevel ikkje materiale som er stilt til disposisjon av ei bedrift og som er gjengitt direkte i oppgåva eller i vedlegg til denne. Tilsvarande samtykkje krevst av fagansvarleg for materiale han har stilt til disposisjon. Dei innleverte eksemplara av oppgåva med teikningar, modellar og apparatur, så vel som dataprogramvare som inngår som del av eller vedlegg til oppgåva, tilhøyrer UiS. UiS kan fritt framstilla kopiar av heile eller delar av oppgåva med vedlegg til undervisnings- og forskingsformål. På kvart eksemplar skal studenten(ane) namngjevast slik lov og god skikk tilseier. Ei bedrift eller ein institusjon som har bidrege ved utarbeidinga, har krav på å få eit eksemplar av oppgåva med vedlegg, og kan få opplyst UiS si vurdering av oppgåva. Bedrifta eller institusjonen kan nytta innhaldet av oppgåva i verksemda si. Ved ein kvar bruk utover det som er spesifisert i Reglar for bachelor- og masteroppgåva ved 5.1-3, må det inngåast avtale mellom UiS, eventuell bedrift og studenten(ane). ønskjer at flest mogleg av bachelor- og masteroppgåvene skal vera opne. Fakultetet ber derfor bedriftene så langt det er råd om å finna tema for oppgåver slik at ein unngår bandleggjing. Viss ein likevel må ty til dette, kan bedrift/institusjon som har bidrege, søkja oppgåva sperra for offentleggjering normalt inntil 2 år og maksimalt i 5 år. I søknaden må det sannsynleggjerast betydeleg skadeverknad av offentleggjering. Ved sperring må det inngåast eigen avtale. Fakultetet har utarbeidd Avtale om båndlegging av bachelor- og masteroppgaven som kan nyttast her. Søknader om sperring av oppgåver skal normalt vera mottatt på instituttet ved formelt uttak av oppgåva. Dersom det likevel kjem opp behov for sperring undervegs i arbeidet, må søknad vera mottatt av instituttet seinast innan 14 dagar før innleveringsfristen. Sperring i inntil 2 år kan avgjerast av instituttleiar etter anbefaling frå fagansvarleg. Søknader utover dette må avgjerast av dekan. 6. VURDERING Det nasjonale fakultetsmøte for realfag (NFmR) og Nasjonalt råd for teknologisk utdanning (NRT), kom i 2012 med nye felles karakterbeskrivingar for masteroppgåver i matematikk-, natur- og teknologifaga (MNT). Desse vil gjelda for masteroppgåver innlevert f.o.m. vårsemesteret 2014. Grunnar til at dette blir innført, er følgjande: Statistikk utarbeidd av UHR som viser at karakterane A og B blir brukte i altfor stor grad. Innføring av kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning i 2012. Karakterbeskrivingane er nå spesifikke for både utdanningsnivå og fag, for eksempel MNT. I tillegg er sammenhengen mellom læringsmål og karaktersetting klargjort til hjelp for rettleiar og sensor.
Ein ventar at desse tiltaka vil føra til auka bruk av heile karakterskalaen. Det er viktig for arbeidsgivarar å vera klar over denne endringa ved vurdering av søkjarar. I juni 2013 kom Nasjonalt råd for teknologisk utdanning også med nye felles karakterbeskrivingar for bacheloroppgåver i ingeniørfag. Desse vil gjelda for bacheloroppgåver innlevert f.o.m. vårsemesteret 2014. *NFmR og NRT er fagstrategiske einingar under Universitets- og høgskolerådet (UHR) 7. ANDRE FORHOLD Ver varsam med å tilby studentane løna arbeid ved sida av oppgåva. Tilbyr ein dette, bør det avgrensast til maksimalt 7,5 timar i veka. 8. KONTAKT Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi: tn-ikm@uis.no Institutt for petroleumsteknologi: ipt.service@uis.no Institutt for data- og elektroteknikk: ide@uis.no Institutt for matematikk og naturvitskap: post-tn@uis.no NB! merk mailen med Attn.: IMN Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging: iorp.service@uis.no E-postadressa til fakultetet er: post-tn@uis.no 9. VEDLEGG Sensorveiledning for masteroppgaven eller Sensorveiledning for bacheloroppgaven.