VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR Saksnummer Utval Vedtaksdato 026/15 Vilt- og fiskeutvalet 26.08.2015 Saksbehandlar: Halvorsen, Gitte P Sak - journalpost: 15/464-2015011028 HØYRING: FORSLAG TIL REGULERING AV FISKE ETTER ANADROME LAKSEFISK I VASSDRAG OG SJØ FRA 2016 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Vindafjord kommune støttar Miljødirektoratet sitt forslag til regulering av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag og sjø frå 2016. 26.08.2015 Vilt- og fiskeutvalet Svein Terje Vestbø la fram følgjande tilleggsforslag: Vindafjord kommune meiner det ikkje lenger er tilstrekkeleg å berre påby lokale fiskerestriksjonar i elv og sjø for å betre situasjonen for anadrome laksefisk. Kommunen oppmodar Miljødirektoratet i samarbeid med oppdrettsnæringa å starte prosessen med å gå over frå opne til lukka oppdrettsanlegg. Rådmannen sitt framlegg til vedtak og Vestbø sitt tilleggsframlegg vart vedtatt samrøystes. VILT-026/15 Vedtak: Vindafjord kommune støttar Miljødirektoratet sitt forslag til regulering av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag og sjø frå 2016. Vindafjord kommune meiner det ikkje lenger er tilstrekkeleg å berre påby lokale fiskerestriksjonar i elv og sjø for å betre situasjonen for anadrome laksefisk. Kommunen oppmodar Miljødirektoratet i samarbeid med oppdrettsnæringa å starte prosessen med å gå over frå opne til lukka oppdrettsanlegg.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar, reglement m.m.: Forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen Forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag Lakse- og innlandsfisklova Naturmangfaldlova Saka gjeld: Høyring på forslag til regulering av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag og sjø frå 2016. Saksopplysningar: Naturmangfaldlova ( 16) opnar for at reglar for hausting av laksefisk kan vedtakast med heimel i lakse- og innlandsfiskelova, føresett at best tilgjengeleg dokumentasjon tilseier at arten produserar eit haustingsverdig overskot. I lakse- og innlandsfisklova 33 vert det gitt heimel for å opne for fiske etter anadrome laksefisk når det er forsvarleg ut frå ei vurdering av føremålet med lova. Miljødirektoratet er ansvarleg mynde for fastsetting av forskrifter for fiske etter anadrome laksefisk i sjø og vassdrag. Den siste store gjennomgangen av reglane for regulering var i 2012. Etter dette har det vore nokre naudsynte justeringar av regelverket. Miljødirektoratet sitt framlegg til regulering av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag og sjø frå 2016 er gjort med bakgrunn i gjeldane forskrifter om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen og vassdrag, Miljødirektoratet sitt bakgrunnsnotat med retningslinjer for regulering av fiske etter anadrome laksefisk, forslag frå fylkesmennene med regionale og lokale innspel og i rapport nr. 7 og 8 frå Vitenskaplig råd for lakseforvaltning (VRL). Gjeldande reguleringar i vassdrag og sjø er foreslått vidareført når ikkje anna er nemnd. Vidare saksutgreiing fokuserer på den delen av høyringsframlegget som er relevant for Elver: Gjeldande fisketider for elver i Vindafjord, jf. forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag: Rødneelva L:01.07 31.07 Døgnkvote: 2 laks. Ikke åpnet: Mandag torsdag. Svendsbøelva L:01.08 31.08 Døgnkvote: 3 laks. Vikedalselva L:24.06 07.08 Døgnkvote: 1 laks pr. fisker. Ikke åpnet: mandag onsdag. Midtsesongsevaluering med forhåndsavtalte tiltak. Vågselva L:01.08 31.08 Andre vassdrag med laks og sjøaure som ikkje er nemnd i forskrifta: Ikkje opna for fiske. Forslag til regulering frå 2016: Rødneelva: Lokalt forslag om fisketid 01.07-31.08. Fylkesmannen meiner at det
sannsynlegvis er rom for auka beskatning, og støtter forslaget. Regionalt fagråd meiner at sesongen kan forlengast, men at fredningsdøgna bør behaldast. VRL sitt råd: Denne bestanden tåler sannsynlegvis høgare beskatning dersom innsiget blir som i dei seinare åra. Miljødirektoratet foreslår å utvide sesongen til 01.07.-15.08. Vikedalselva: Lokalt forslag om fisketid 01.06-31.08, auke av døgnkvote til 2 laks i juli-august og fjerning av ukentlig fredningsperiode. Fylkesmannen meiner at det lokale forslaget innebærer ei betydeleg utviding av beskatninga, og meiner ei «avrunding» av fiskedatoane er hensiktsmessig. Regionalt fagråd foreslår å utvide fiskesesongen noko, men å behalde fredningsdagane. VRL sitt råd: Denne bestanden tåler sannsynlegvis høgare beskatning dersom innsiget blir som i dei seinare åra. Miljødirektoratet foreslår å utvide sesongen til 15.06.-15.08. Vågselva: Lokalt forslag om fisketid 01.08-15.09 mot at det vert innført døgnkvote på 2 laks per fiskar. Fylkesmannen meiner at kriteriene for å kunne gå utanfor ytre ramme for fisketider jf. retningslinjene ikke er oppfylt, og foreslår at gjeldande reguleringer vidareførast. VRL uttaler om fjordregion Indre Hordaland:»Det er ikke dokumentert at det er et høstbart overskudd i mange bestander i denne fjordregionen, og det anbefales at det ikke åpnes for fiske i sjøen». Miljødirektoratet foreslår å oppretthalde gjeldande regelverk. Åmselva: Lokalt forslag om fisketid 15.06-15.09 med døgnkvote 1 laks i juni-juli, 2 laks i august-september. Fylkesmannen ser det ikkje som hensiktsmessig å fremme forslag om fisketid frå sesongen 2016 før det ligg føre meir informasjon om bestandane som eventuelt skal beskattast. Direktoratet si vurdering: Vassdraget har blitt organisert. Direktoratet foreslår fisketid 01.08.-31.08. for laks, med døgnkvote 1 laks. Vassdraget har fått dispensasjon for fiske i 2015, og korleis organiseringa og fangstrapporteringa fungerer denne sesongen samt ny kunnskap om bestandssituasjonen vil vere avgjerande for regelverket som vert gjeldande frå 2016. Sjø: Gjeldande regelverk: Region Jæren: Sesong for kilenot 20. juni 18. juli. Region Indre Rogaland: Sesong for kilenot 15. juli 28. juli. Unntak: Det er ikkje opna for fiske i Region Kysten frå Stad til Stavanger: Sesong 15. juli 29. juli (man. kl. 18 ons. kl. 18).
Føreslåtte endringar: Fiskarlaget Vest ønskjer utvida sjøfiske, og at det må kunne fiskast etter andre fiskeslag enn anadrome laksefisk nærare enn 100 meter frå utløpet av lakseførande vassdrag. Regionalt fagråd foreslår å oppretthalde gjeldande regelverk. Fylkesmannen foreslår å vidareføre dagens regelverk, da det ikkje har kome inn konkrete binnspel til endring av fisketid. Direktoratet si vurdering: Samla innrapportert fangst i sjølaksefisket i Rogaland var i 2014 på 11 997 kg fordelt på 54 sjølaksefiskarar og totalt 64 kilenøter. Elvefangsten i fylket utgjorde i fjor 41 929 kg. Av elvefangsten vart 4 399 kg sett tilbake. Fiskereguleringane i sjøen er differensiert med sikte på å tillate eit større sjølaksefiske i regionar der haustingsgrunnlaget tillet det. Region Jæren: Vitenskapelig råd vurderer at det ikkje er naudsynt med ytterlegare reguleringar for å redusere beskatninga i dette området. Da det heller ikkje har kome inn konkrete forslag til endringar, foreslår direktoratet å behalde gjeldande fiskeregelverk. Region Indre Rogaland: Vitenskapelig råd vurderer at bestandane i dette området truleg tåler høgare beskatning om innsiget vert som i dei seinare åra. Direktoratet foreslår å utvide sesongen til 15.07-04.08. Region Kysten fra Stad til Stavanger: Vitenskapelig råd vurderer at det ikkje er naudsynt med ytterlegare reguleringar for å redusere beskatninga i dette området. Da det heller ikkje har kome inn konkrete forslag til endringar, foreslår direktoratet å behalde gjeldande fiskeregelverk. Direktoratet foreslår å vidareføre gjeldande regelverk for fisket i sjøen i Rogaland, med unntak av følgjande endring: Region Indre Rogaland: Sesong 15.07.-04.08. Unntak: det er ikkje opna for fiske i Vurdering: Reguleringsframlegget frå DN er basert dels på vitskapleg kunnskap og dels på erfaringsbasert kunnskap og fagleg skjønn. Det er tatt omsyn både til rådgjeving frå faglege råd, fylkesmennene og lokal forvaltning. Rådmannen meiner reguleringsframlegget for vassdraga med anadrome laksefisk i Vindafjord er godt forankra i det tilgjengelege kunnskapsgrunnlaget og støtter DN sitt framlegg til regulering av fiske etter anadrome laksefisk i disse vassdraga. Rådmannen har ingen merknadar til DN sitt framlegg om regulering av sjølaksefisket i Rogaland. Vedlegg: Høyring: Forslag til reg. av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag\sjø frå 2016 Høringsbrev fra Miljødirektoratet.pdf
Høringsnotat - Regulering av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag og sjø fra 2016.pdf