Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Like dokumenter
Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Ulsteinvik Bibelen

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Helgatun / Danielsen

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

2016 Det Norske Samlaget

Jon Fosse. For seint. Libretto

Sofies hemmelegheit.

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

OK, seier Hilde og låser.

Alt det lyse og alt det mørke

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Refleksjon og skriving

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jesus taler om sin død

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Det så rbåre livet. Kva skjer om nokon spør deg korleis du har det? Preike 20. september

Preike 4. s i treeiningstida Molde Domkirke 21. juni 2015

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Preike i Oslo domkirke 1.juledag 2017 Joh 1, 1-14

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

BOKMÅL (for nynorsk, se side 3-5)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Har du nokon gong vore i kamp? Kjempa for noko du trudde på? Eller kanskje kjempa med krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte deg ned?

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

PÅSKEMÅLTID FOR FAMILIEN

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Faget vert delt mellom kontaktlærar og faglærar, der kontaktlæraren tek seg av mykje av etikkdelen opp imot "Det er mitt val".

Kom skal vi klippe sauen

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Til deg som bur i fosterheim år

S.f.faste Joh Familiemesse

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Med tre spesialitetar i kofferten

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr Scouts own.

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)


KRISTUSKRANSEN. med perler for. Bokmål. Håp Oppstandelse. Stillhet. Gud. Stillhet. Jeg Dåp Omvendelse. Stillhet. Stillhet. Natt. Ørken.

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

mmm...med SMAK på timeplanen

Korleis er Guds rike synleg i dag? Nyttårsmøte, Frekhaug,

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Kva vil det seie å vere buddhist?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Transkript:

Preike Molde Domkirke 11.10.2015 20.s i treeiningstida Dei harde hjarta Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt Slik startar ein av Kari Bremnes sine songar. Songen heiter «Nord i landet», og eg synest akkurat denne songen ligg ganske nær når vi har høyrt evangelieteksten for denne søndagen. Om dei harde hjarta. Om korleis det var tenkt, og korleis det vart. Men lat oss byrje i rett ende. Med byrjinga. Edens hage. Bibelen si andre skapingsforteljing. Den første er kanskje den mest kjende, der Gud skaper verda på seks dagar og kviler den sjuande. Eit kunstverk av ein tekst som heilt klart må ha blitt til i ein kultur med ein lang skrifttradisjon. Den andre derimot, er eldre og har meir mytologiske trekk, og minner meir om skapingsmyter frå andre kulturar. Det var frå denne forteljinga vi høyrde lese. Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Slik startar Edenforteljinga. Ein får nesten frysningar. For ein start. Gud som går rundt og plantar ein hage. Og denne hagen var full av frodige frukttre, forlokkande å sjå på og gode å ete av, som forteljinga seier. Og ei elv gjekk ut frå Eden og vatna heile hagen. Mennesket i Paradis som har alt det har bruk for. Eller har det det? Det er noko som manglar. Mennesket er einsamt. Gud ser at det ikkje er godt for mennesket å vere åleine, seier forteljinga. Og dette er den store fordelen med denne på mange måtar mytiske forteljinga frå ein stad utanfor tida. Med ei setning kan den seie noko som filosofien og psykologien og teologien har uendeleg mange hyllemeter med faglitteratur på.

Mennesket sin «ubotliga ensamhet», som svensken Pär Lagerkvist uttrykkjer det. Vår lengsel etter og vår avhengigheit av kvarandre. Gud såg at det ikkje var godt for mennesket å vere åleine. Så han skaper dyra. Men mennesket finn ikkje nokon som er sin like blant dyra. Då skaper Gud eit menneske til. Og viss nokon på dette punktet har innvendignar, så er det berre å kome med dei. Eg er berre litt usikker på kvar klagene eigentleg skal rettast. For Gud lagar altså kvinna medan mannen søv, og han lagar henne frå eit av mannen sine ribbein. Vi må vel berre forvente eit spark attende frå feministisk hald. Mange har vel høyrt vitsen om at Gud skaper mannen først fordi ein kunstnar alltid lagar ei litt uferdig grovskisse før han lagar det endelege og fullkomne verket. Uansett - det er i alle fall tydeleg at denne forteljinga er blitt til i ei anna tid enn vår. Og likevel sjå bak det og sjå kor vakkert det er, det biletet forteljinga teiknar av desse to: Mannen og kvinna. Adam og Eva. Skapte av jorda dei går på, men annleis enn alle andre skapningar. To som liknar kvarandre, som høyrer saman og som skal vere til hjelp for kvarandre. Og det er nesten som dei i forteljinga er meir likeverdige enn det den kulturen som har skapt forteljinga hadde føresetnad for å gjere dei. * * * Vi har halde oss i Edenforteljinga. Ei vakker forteljing. Men det er ein utfordrande søndag dette her. Og eigentleg ikkje mest på grunn av edenforteljinga og biletet den teiknar av dei to. Forteljinga har heilt klart mytiske trekk og skal få vere nettopp myte, ikkje pensum i naturfag. Og som mytisk grunnforteljing uttrykkjer den noko heilt grunnleggjande om mennesket; om vår einsemd og om vår lengsel etter kvarandre. Grunnen til at søndagen er utfordrande, er kanskje meir støyen dette Edenbiletet skaper i så mange. I dei som valde å leve åleine. Dei som leitar utan å finne. Dei som er annleis. Dei samlivet gjekk i stykke for. Dei som brukte alle kreftene sine på å prøve å halde saman og så gjekk det ikkje likevel. Dei som umerkeleg glei frå kvarandre. Og all denne støyen må vel nettopp kome fordi

dette ligg så nært for så mange av oss. Fordi det rører ved nokre av våre djupaste lengslar og behov. Det e ikkje alltid det går sånn som du hadde tenkt, syng Kari Bremnes. * Og med all respekt, det verkar ikkje som det alltid går sånn som Gud hadde tenkt heller. Har ein mann lov til å skilje seg frå kona si, spør dei lovlærde Jesus i preiketeksten i dag. Og Jesus svarar: Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk lov til det. Men frå opphavet var det ikkje tenkt slik. Og det er nesten som vi i dette svaret hans høyrer eit fjernt ekko frå nettopp Edens hage, den dagen menneska et frå det forbodne treet, og Gud går rundt i hagen i kveldinga og spør: Kva er det de har gjort? Har de rota det til allereie no? Og det er vel nettopp det vi gjer. Vi rotar det til. For å leve saman er noko vakkert, slik det er i Edenforteljinga. Men det er også noko svært menneskeleg. Alle følelsar kjem til å oppstå når ein lever heilt tett på eit anna menneske. Vi kjem til å vere flaue over den andre, vi kjem til å vere dårlege utgåver av oss sjølve, og vi kjem til å tenkje på flukt. Har ein mann lov til å skilje seg frå kona si? Sjølvsagt er spørsmålet stilt i ei anna tid. Som om mannen skulle ha større rett til dette enn kvinna. Men Jesu svar, derimot, er tidlaust. Fordi hjarta dykkar er så harde, er det slik. Han anerkjenner røyndomen slik den er. Nokre samliv døyr fordi hjarta er blitt for harde. Nokre samliv bør ein bryte ut av fordi dei er skadelege. Slik er det. Men Jesus stoggar ikkje der. Han gjer noko modig. Han løftar opp dette gamle Edenbiletet. Det som for så mange er knust. Og han held det opp så lyset får falle på det. Vi ser det slik det var det tenkt. Uendeleg vakkert. To som er ein kropp. To som tilhøyrer kvarandre. Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilje. * * * Eg starta med ei strofe av Kari Bremnes. Og det er på tide de får høyre heile verset. Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt.

Det e ikkje alltid du når den ferja du kunne ha trengt. Du ser berre lysan der ute, på veg til et anna sted og du som va fire minutter ifra en ny begynnelse. E du nord i landet da. Ska du berre la mørket råde. Førr en kveld, en kveld trekkes teppet ifra og det kommer et lys av Guds nåde. E du nord i landet da. Eg har sagt det før. Men skapinga skjer i mørkret. I puppa. I grava. I vår uro. I vår forvirring. På sorga sine aude vidder. Den tjukke haustskodda kan ligge tett nedover fjella. Det kan vere sleipt å gå, fargane kan vere berre nyansar av grått - og plutseleg ein kveld klarnar det. Og vi har sikkert sett det alle saman, for det er akkurat som eit teppe blir trekt ifrå. Og det kommer et lys av Guds nåde. Nordlyset som dansar over himmelen. For lyset kjem verkeleg utanfor vår kontroll. Slik Guds nåde er utanfor vår kontroll. * Vi vil nok alltid streve med samliva våra. Det nære i ein relasjon er noko ein kjem til å finne og miste. Og finne og miste. Orda kom frå ei svært klok kvinne, og eg trur ho har rett. Men kanskje skal vi ikkje vere så redde for at det svingar. Det er noko sant i det, noko menneskeleg. Og kanskje til og med noko vakkert. Då veit vi i alle fall at det er ekte. Og korleis Gud skaper oss, vil alltid vere løynt for oss. Av og til må noko døy. Av og til kan det som verkar så stengt, plutseleg opne seg og bli vakrare enn nokon gong. Og vi veit ikkje kva som er kva. Men en kveld, en kveld, trekkes teppet ifra. Og det kommer et lys av Guds nåde.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og blir, ein sann Gud, frå æve og til æve. Amen.