Servicetorget Utval: Rådet for funksjonshemma Møtedato: 26. oktober 2010 Stad: Luster rådhus, kommunestyresalen Møtet starta: kl. 11.00 Møtet slutta: kl. 13.30 HOVUDUTSKRIFT Desse medlemane møtte: Hermund Alme, Hildegunn Ø. Hansen, Ella Teigen, Berit Heltne og Odd Atle Stegegjerdet. Desse varamedl. møtte: Forfall: Andre som var tilstades: Sekretær Liv Helen Nystuen. SAKLISTE Saksnr: Tittel: 15/10 Godkjenning av innkalling og sakliste. 16/10 Godkjenning av møtebok frå møte den 15.04.2010 og 09.06.2010. 17/10 Skriv og meldingar. 18/10 Høyrsels- og synskontakt. Drøfting. 19/10 Ymse. Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Hovudutskrift er sendt til: Medlemane, varamedlemane, brukarorganisasjonane, rådmann, ordførar, Luster arbeidssenter A/S, NAV Luster, ergoterapeut Kari Ødegård, Fylkesrådet for funksjonshemma, biblioteka og Sogn avis. ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro: 3785.07.00142
side 2 15/10 Godkjenning av innkalling og sakliste. Innkalling og sakliste vart godkjent. 16/10 Godkjenning av møtebok frå møte den 15.04.2010 og 09.06.2010. Godkjenning av møtebøkene vert utsett til neste møte. 17/10 Skriv og meldingar. a) Landbruk- og naturforvaltninga, - Svar Gjeld Løyve til bruk av snøscooter. b) Nordmøre folkehøgskole, - informasjon om at folkehøgskulen også i år arrangerar aktivitetsferie for funksjonshemma. c) Fylkesrådet for funksjonshemma i Sogn og Fjordane, - invitasjon til dagskonferanse onsdag 13. oktober 2010 kl. 11.00 på Skei hotell, Skei. Påmeldingsfrist: 20. september 2010. d) NTNU Studieavdelingen tilbyr kurs i Universell utforming. Kurset vert køyrd med to korte samlingar hausten 2010, hhv. 26.-28. oktober og 22.-25. november. Søknadsfrist er 1. september 2010. e) Magasinet Selvsagt! Funksjonshemmede mot diskriminering nr. 3 2010. f) ULOBA - Andelslag for Borgerstyrt personlig assistanse, - årsrapport 2009. g) Giktspretten nr. 1 2010. h) FASIT, - Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn og varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid bustadområde på Neshøgdi, Luster kommune. Frist for merknader/innspel 7. september 2010. i) Fylkesrådet for funksjonshemma, - invitasjon til dagskonferanse på Skei onsdag 13. oktober 2010 kl. 11.00. j) Rådmannen plan, - reguleringsplan Beheim 2, Hafslo. Varsel om oppstart av reguleringsarbeid. Frist for merknader/innspel 4. oktober 2010. k) Norges handicapforbund, - NOU 2010:5 Aktiv deltakelse, likeverd og inkludering. Sendt på høuring 16.06.2010, med frist 15. oktober 2010. l) Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komitè, - invitasjon til nasjonal konferanse om idrett for funksjonshemma på Gardermoen 5. 7. november 2010. m) Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komitè, - invitasjon til Landsstevnet i svømming i Hokksund 8. 10. oktober 2010. n) Luster kommune si heimside, - Varsel om oppstart samt kunngjering om planprogram for reguleringsplan for eigedomen 159/1 i Mollandsmarki i Luster kommune. Frist for innspel er 26. oktober. o) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - invitasjon til kurs i bruk av musikk, aktivitetar og teater for utviklingshemma på Stryn Arbeidssenter tysdag 23. november 2010. p) NAKU, - Utvikling september 2010. q) Norges idrettsforbund, - invitasjon til kurs i trening for psykisk utviklingshemma på Skei 15. 16. oktober 2010. r) Anita Bjørk Ruud, - Informasjon om budsjett 2011 og framlegg til høyringsfrist. Rådmannen skal legge fram sitt framlegg til budsjett 2011, økonomiplan og planleggingsprogram i møte i kommunestyret den 28. oktober, og vil føreslå at formannskapet sender framlegget på høyring med frist 12. november 2010. s) Hermund Alme, - Re: Forslag til uttale frå kommunale råd for funksjonshemma vedk. NOU 2010:5 Aktiv deltakelse, likeverd og inkludering. t) Frivilligsentralen, - referat frå møte 15.09. 2010 der føremålet med møtet var å diskutera ev. felles syns og hørselskontakt i denne regionen.
side 3 Skriv framlagt i møtet: u) STOP diskrimineringa, - tilbod om opplæring i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven. Rådet for funksjonshemma hadde ikkje merknader til skriv og meldingar pkt. a) - h) j) m) og o) u). Vedk. pkt. i) Invitasjon til dagskonferanse for dei kommunale råda på Skei onsdag 13. oktober 2010. Hermund Alme og Ella Teigen deltok på konferansen. Vedk. pkt. n) Varsel om oppstart samt kunngjering om planprogram for reguleringsplan for eigedomen 159/1 i Mollandsmarki i Luster kommune. Rådet for funksjonshemma vedtok å sende fylgjande standard innspel: Utdrag frå vedtektene til rådet 2: Rådet skal vera eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen i saker som vedkjem dei funksjonshemma sine behov og interesser. Rådet skal arbeida for størst mogeleg grad av integrering av funksjonshemma på alle område. Rådet skal arbeida for full likestilling for dei funksjonshemma i Luster kommune. Rådet for funksjonshemma vil påpeike viktigheita av Tilgjenge for alle og at dette må bli ivareteken i plansaka/føresegner, spesielt med tanke på tilkomst (sti/gangveg) til / i friområde for å sikre barn, vaksne og funksjonshemma like vilkår for tilgjenge til rekreasjonsareal. Vidare vil rådet påpeike at stiar/gangvegar ikkje bør vera brattare enn 1:10, og må ha fast og plant underlag som ein med lettheit kan gå ev. køyra med rullestol på. 18/10 Høyrsels- og synskontakt. Sak til drøfting. Framlagde dokument: Referat frå møte i Sogndal 15.09. 2010 der leiarar for kommunale råd i indre og midtre Sogn var tilstades. Leiar starta med å orientere frå møtet i Sogndal. Hovudmålet med møtet var å diskutere ev. felles syns- og høyrselskontakt i regionen. Ordførar Torodd Urnes var invitert, sidan han er Sogn Regionråd sin representant i kommunen, og ergoterapeut Kari Ødegård. Ordførar måtte diverre melde forfall. Ergoterapeut Kari Ødegård orienterte rådet om prinsippa for hjelpemiddelformidling i samband med syns- og høyrselsproblematikk, (same prinsipp i alle kommunar i fylket), og sa eindel om kva hjelpemiddelgrupper som finst og korleis utstyret kan vera til hjelp for brukarane. Det er på eit vis to system å ta omsyn til. Briller og høyreapparat (kroppsborne hjelpemiddel) går via lege og sjukehus. Andre hjelpemiddel som lupelampe og varslingssystem får ein dekka av folketrygda via NAV-Hjelpemiddelsentralen (ikkje alarm). Syn: Augelege og / eller optikar, sjukehus: Briller, linser og augesjukdomar. Høyrsel: Høyresentralen på sjukehuset / Bergen: Høyreapparat, øyresjukdomar. Bør alltid kontakta lege før ein tek i bruk høyreapparat/ briller for å sjekka årsaka til funksjonstapet. Lege må henvisa til augelege eller høyresentralen.
Side 4 Samarbeidsavtale mellom Høyresentralen og Luster kommune underskreven den 01.06.2009 av Knut Cotta Schønberg og Kari Ødegård. Høyrselkontakt: Kari Ødegård Tove Molland Tove Molland støyper proppar. Alle høyrselskontaktar kan ta feilsøking og utvida vedlikehold. Dagleg vedlikehold bør brukar/pårørande ta seg av om mogeleg. For nokre år sidan hadde me høyrselskontaktar i alle soner i kommunen, dette har glidd ut pga stillingsendringar og omorganisering. Vil arbeida med å få innatt fleire høyrselkontaktar når omorganiseringa i pleie og omsorg har gått seg til. Høyrselkontakt (HK)får melding om ein del av brukarane som får høyreapparat på Førde sjukehus (FS), om brukar ønskjer det. Brukar får informasjon om kven dei kan kontakta i kommunen om dei får problem med apparatet, eller få informasjon om bruk. Har ikkje kapasitet til å oppsøka brukarar. HK hjelper til med feilsøking og meir omfatande vedlikehald som problem med vokspropp, stive slangar. Lydjustering osv må gjerast på Høyresentralen, det er datastyrt. NAV HMS: Synshjelpemiddel: Lys, luper, kikkertar, lesetv. OBS strenge krav for å få støtte til synshjelpemiddel, visus 0,3 Høyrselhjelpemiddel: Varslingshjelpemiddel (ikkje alarm), lyttehjelpemiddel som IR-anlegg eller teleslynge, samtaleforsterkarar. Samarbeidsavtale, sist underskriven av rådmann Tore Eriksen den 04.05.2007. Kontaktinstans: Knut Schønberg Kontaktperson: Kari Ødegård Fagkontakt: Rørsle: Kari Ødegård Kognitiv: Kari Ødegård og Ellen Melheim Syn: Kari Ødegård Høyrsel: Kari Ødegård, Tove Molland og Steinar Teigen Data: Ellen Melheim + Kari Ødegård Rådet drøfta etter dette ulike sider ved saka, og vil koma med følgjande uttale: Rådet for funksjonshemma ber Sogn Regionråd v. leiaren setja fokus på tenesta for syns- og høyrslehemma i regionen, og særleg på tenesta som vert utførd av syns- og høyrslekontaktane i kommunane. Fokus må setjast både på systemnivå og på det konkrete tilbodet til brukarane i heile regionen. Rådet vil vidare understreka at slik tenesta er organisert i dag er dette i hovudsak kommunane og spesialisthelsetenesta sitt ansvar. Rådet registrerer at det er store innbyrdes skilnader på tenestene i dei ulike kommunane, og vil oppmoda både kommunane og spesialisthelsetenesta om å prioritera opplæring og oppfølging av sine kontaktar, til beste for brukarane.
Side 5 19/10 Ymse. Brannvernveka 2010 Luster brannvesen hadde open dag på brannstasjonen i Gaupne laurdag 25. september 2010. Hildegunn Øygard Hansen orienterte om arbeidet i prosjektet Saman for barn og unge (BUFA) og at det no er invitert til ein spennande fagdag med fokus på tverrfagleg samarbeid fredag 29. oktober på Hafslo. Tema vil vere eit el. fleire case der det er noko med barnet. Så skal ein sjå på korleis dei ulike faggruppene/einingane ser problemet og korleis ein kan løyse dette. I tillegg vil det bli gitt ein kort attendemelding på kva som kom ut av spørjeundersøkingane om tverrfagleg samarbeid dei hadde i vår, blant brukarar og tilsette. Neste møte i rådet: måndag 8. november og måndag 13. desember 2010. Møta skal vera på rådhuset og startar kl. 11.00.