Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Kvinnherad som skuleeigar - styringssystem og rollefordeling.

Like dokumenter
Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

PRIVATSKOLESAMLING

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

KS Utdanningspolitiske plattform Kunnskap for kommende generasjoner

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Innleiing. Obligatoriske planar

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Elev- og lærlingombod i HFK

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

System for kvalitetsvurdering av virksomhet etter Opplæringsloven Kviteseid kommune. Systemet for kvalitetsvurdering består av fylgjande komponentar:

Kontrollutvalet i Gloppen kommune

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

RETT TIL GRUNNSKOLEOPPLÆRING OG SPESIALUNDERVISNING FOR VAKSNE ETTER OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 4A.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Skolebasert vurdering i Lierneskolen

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemynde

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Ungdomstrinnsatsinga

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Orienteringar: Solbakkenprosjektet Arbeidet så langt m.o.t. PLO prosjektet Samhandlingsreforma og kva som ligg så langt i den økonomiske pakken

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

SYSTEM FOR KVALITETSUTVIKLING AV SKOLENE SIGDAL KOMMUNE

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Trygg og framtidsretta

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Vår ref. 2013/ Dokumentasjon i samband med tilsyn - retten til særskild språkopplæring for grunnskuleelevar frå språklege minoritetar

Opplæringslova Juni-2017

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 15. og 17. september 2015 tilsyn med Nav Austrheim kommune.

Plan for forvaltningsrevisjon

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Opplæringsloven. Modul 2 Kurs i avtaleforståelse Tariffområde KS Grunnskolering for nye tillitsvalgte

Rutinar - Overgang. Barneskule - ungdomsskule

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Transkript:

Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/3561-3 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komité for oppvekst, kultur, idrett Kommunestyret Kvinnherad som skuleeigar - styringssystem og rollefordeling. Innstilling frå rådmannen: styre sluttar seg til dei føreslegne strategiar og tiltak for utvikling av som skuleeigar, slik dei går fram av utgreiinga pkt. 5. Saksutgreiing: Bakgrunn: har ansvaret for at grunnskulen vert driven i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, regel- og læreplanverk. Det overordna ansvaret for skulen ligg hjå kommunestyret, og gjennom dette dokumentet tilrår rådmannen korleis skuleeigarrolla kan ivaretakast på ein føremålstenleg måte. Utgreiing. Lovgrunnlag. Etter Opplæringslova 13-1 skal kommunen oppfylla retten til grunnskuleopplæring og spesialpedagogisk hjelp til alle som er busette i kommunen, når dette ansvaret ikkje ligg hjå fylkeskommunen. Offentlege grunnskular skal vera kommunale, og kommunen skal ha skulefagleg kompetanse på kommunenivå. Av utgreiinga pkt. 2 går kommunen sitt ansvar etter Opplæringslova 13 fram. Kommunen skal m.a. etter denne paragrafen sjå til at krava i opplæringslova og forskrifter til lova vert oppfylte stilla nødvendige ressursar til disposisjon for at krava skal kunna oppfyllast ha eit forsvarleg system for å kunna vurdera om krava vert oppfylte ha eit forsvarleg system for å følgja opp nasjonale og lokale kvalitetsvurderingar årleg utarbeida tilstandsrapport om grunnskuleopplæringa årleg drøfta tilstandsrapporten i kommunestyret. side 1

Etter KS si vurdering er ein god skuleeigar kjenneteikna av at skuleeigar til ei kvar tid har oversyn over verksemda i skulane sine skuleeigar driv systematisk oppfølgingsarbeid av skulen sine resultat skuleeigar medverkar aktivt til å utvikla skulane i takt med samfunnet sine behov og endra krav gjennom kompetent leiing. Ansvar. Kommunestyret har det overordna ansvaret for grunnskulen. Kommunestyret i Kvinnherad har gjennom delegasjonsreglementet delegert mynde og oppgåver til politisk komité, og til administrasjonen v/rådmannen. Gjennom eigen delegasjon har rådmannen vidaredelegert fullmakter og mynde til rektor ved den einskilde skulen, jf. sitt delegasjonsreglement. Dersom kommunestyret skal kunna ivareta ansvaret som overordna skuleeigar, må kommunestyret få relevant informasjon om skulen si verksemd og resultat, vurdera resultata og fastsetja utviklingsmål og ambisjonsnivå for grunnskulen. Det føreslegne styringssystemet søkjer å sikra at på administrativt og politisk nivå ivaretar skuleeigarrolla på ein forsvarleg måte, og gjennom dette utviklar grunnskulen i Kvinnherad i samsvar med nasjonale og lokale mål, til beste for elevane i kommunen. Strategiar. Rådmannen tilrår 4 sentrale strategiar for vidare utvikling av grunnskulen i Kvinnherad, som sikrar at kommunen ivaretar ansvaret som skuleeigar. Strategiane byggjer på at kompetente og myndiggjorde medarbeidarar i grunnskulen er sentrale for utvikling av skulen, og at oppgåver og ansvar må avklarast mellom ulike administrative nivå, og mellom administrativt og politisk nivå. Politisk nivå må sikrast god og relevant styringsinformasjon, og dialogen mellom politisk nivå og partane i grunnskulen må utviklast. Tiltak. Dei føreslegne tiltaka i 10 punkt byggjer på kvalitetssikringssystemet for grunnskulen i Kvinnherad, slik det går fram av utgreiinga pkt. 4. Dette vert i hovudsak gjennomført i dag, med analyse og vurdering av skulen sine resultat på skulenivå, med styringsdialog mellom kommunenivå og skulane, og ved at tilstandsrapporten for grunnskulen vert fremja for kommunestyret kvart år. Framlegget om å gjennomføra systematiske dialogmøte med partane i grunnskulen er likevel i liten grad gjennomført. Vurdering. Rådmannen legg til grunn at på dei fleste område framstår som ein aktiv og ansvarleg skuleeigar, jf vurderinga i utgreiinga. Framlegget til strategiar og tiltak vil etter rådmannen si vurdering sikra at politisk nivå får ei meir aktiv rolle som skuleeigar, ved god styringsinformasjon, dialog med partane, og såleis eit betre grunnlag for kommunestyret si resultatvurdering og måldrøfting. Uttale frå Eldrerådet: Ikkje aktuelt Uttale frå Rådet for dei funksjonshemma: Ikkje aktuelt Økonomisk konsekvens: Ingen side 2

Miljømessig konsekvens: Ingen Vedlegg: som skuleeigar styringssystem og rollefordeling. side 3

som skuleeigar styringssystem og rollefordeling. Innleiing. har ansvaret for at grunnskulen vert driven i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, regel- og læreplanverk. Det overordna ansvaret for skulen ligg hjå kommunestyret, og gjennom dette dokumentet fastset kommunestyret korleis skuleeigarrolla skal ivaretakast. Kommunestyret som skuleeigar har gjennom delegasjonsreglementet delegert mynde og oppgåver til politisk komité, og til administrasjonen v/rådmannen. Rådmannen har gjennom eigen delegasjon vidaredelegert fullmakter og mynde til rektor ved den einskilde skulen, jf. Kvinnherad kommune sitt delegasjonsreglement. 1. Skulen sitt føremål. Føremålet med all verksemd i skulen er å medverka til at elevane når dei mål som er sett nasjonalt gjennom lov og forskrift, og dei lokalt fastsette mål. Samfunnsmandat. Skulen sitt oppdrag og samfunnsmandat går fram av Opplæringslova 1-1, Føremålsparagrafen, jf. vedlegg. styre har ut frå lova samla føremål og oppdrag i følgjande formulering: Elevane skal utvikla kunnskap, dugleik og haldningar for å kunna meistra liva sine, og for å kunna delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Visjon styre har vedteke følgjande visjon for grunnskulen i kommunen: Ei god og inkluderande opplæring med høge ambisjonar for alle elevar, og store forventningar til skuleeigar og vaksenmiljøet i. Dette inneber at elevane i Kvinnherad skal møta ein skule som har positive og høge forventningar til at elevane realiserer sitt potensiale skulane legg vekt på høg kvalitet i opplæringa skulane er imøtekomande i eit sosialt fellesskap, tilpassa ulike føresetnader hjå elevane skulen åleine ikkje kan løysa alle oppgåver - vaksenmiljøet er viktig for elevane det trengs eit heilt lokalsamfunn for å oppdra barn og unge I Læreplanen generell del heiter det: Sluttmålet for opplæringa er å eggja den einskilde til å realisera seg sjølv måtar som kjem fellesskapet til gode å fostra til menneskelegdom for eit samfunn i utvikling. på Med dette som bakgrunn har kommunestyret vedteke kommunale utviklingsmål for perioden 2010 2012, jf. vedlegg. side 4

2. Kommunen som skuleeigar. Ansvar. Etter Opplæringslova 13-1 skal kommunen oppfylla retten til grunnskuleopplæring og spesialpedagogisk hjelp til alle som er busette i kommunen, når dette ansvaret ikkje ligg hjå fylkeskommunen. Offentlege grunnskular skal vera kommunale. Kommunen skal ha skulefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen på kommunenivå. I andre delar av kap. 13 i Opplæringslova vert kommunen sitt ansvar for ulike område presisert; - ansvar for å ha ulukkesforsikring for elevane - ansvar for foreldresamarbeidet - ansvar for skuleskyss - plikt til å ha ei ordning med gratis frukt og grønsaker - plikt til å ha eit musikk- og kulturskuletilbod - plikt til å ha eit skulefritidstilbod (SFO), jf. vedlegg. I same lova 13-10 vert omfanget av kommunen sitt ansvar presisert, jf. vedlegg. Kommunen skal etter denne paragrafen sjå til at krava i opplæringslova og forskrifter til lova vert oppfylte stilla nødvendige ressursar til disposisjon for at krava skal kunna oppfyllast ha eit forsvarleg system for å kunna vurdera om krava vert oppfylte ha eit forsvarleg system for å følgja opp nasjonale og lokale kvalitetsvurderingar årleg utarbeida tilstandsrapport om grunnskuleopplæringa årleg drøfta tilstandsrapporten i kommunestyret. Kommunen si organisering. Generelt - Kommunelova. Kommunelova gjev kommunane stor fridom i å organisera verksemda politisk og administrativt. Lova presiserer at kommunestyret er kommunen sitt øvste organ, som gjer vedtak på vegne av kommunen, når ikkje anna er fastsett i lov eller er delegert til anna organ. Kommunestyret avgjer om det skal vera faste utval eller komitear, og kva mynde desse skal ha. Etter same lova skal kommunen ha ein administrasjonssjef/rådmann. Administrasjonssjefen er den øvste leiar for den samla kommunale administrasjon, med ansvar for at saker er forsvarleg utgreidde, og ansvar for at politiske vedtak vert iverksette. Kommunestyret kan delegera mynde til administrasjonssjefen til å gjera vedtak i enkeltsaker eller saker som ikkje er av prinsipiell art. Administrasjonssjefen kan vidaredelegera fullmakter til leiarar innan administrasjonen. Organisering i. I valperioden 2007-2011 har kommunestyret oppretta nokre faste komitear, m.a. Komité for oppvekst, kultur og idrett. Komiteen er delegert mynde til å ta avgjerder eller gje innstilling til kommunestyret i saker som gjeld grunnskule og SFO, når dette mynde ikkje er delegert til rådmannen, eller slikt mynde er avgrensa av lov, kommunestyret sine oppgåver eller kommunestyret sine vedtak. side 5

Den politiske og administrative organiseringa i Kvinnherad inneber utstrakt delegering av mynde etter Opplæringslova og forskrifter til administrativt nivå. Rådmannen har vidaredelegert fullmakter til verksemdsleiarar/rektorar, og rådmannen følgjer opp dei einskilde leiarane av skulane. Delering av fullmakter til politiske komitear eller rådmannen, fråtek ikkje kommunestyret det endelege ansvaret for grunnskulen. Slik delegering må difor følgjast opp med ein strategi og tiltak som sikrar at kommunestyret får relevant styringsinformasjon og kunnskap om skulen for å oppfylla ansvaret som skuleeigar etter Opplæringslova 13 10. 3. Kommunestyret som skuleeigar - skuleeigarrolla. Gjennom kommunen sin interesseorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund (KS), og Kunnskapsdepartementet, er det sett fokus på kommunen som skuleeigar, korleis skuleeigarrolla kan ivaretakast, og kommunestyret sitt ansvar for dette. Utdanningspolitisk plattform. Kommunane sin interesseorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund (KS), har i ein utdanningspolitisk plattform klargjort kva mål ein har for utdanninga i kommunar og fylkeskommunar. Ei utdanning som stiller høge faglege forventningar, har god kvalitet og gjev alle barn og unge opplæring og høve til å utvikla sine evner og talent stimulerer til livslang læring og val av utdanning og arbeid for den enkelte og eit arbeidsliv i utvikling og omstilling lærer barn og unge medverknad og medansvar medverkar i arbeidet for sosial utjamning gjennom fellesskapsløysingar og tidleg innsats for auka kunnskap har kompetanse og ressursgrunnlag som fremjar tilpassa opplæring samhandlar med foreldre, lokalt arbeidsliv og friviljug sektor og medverkar i utviklinga av lokalsamfunnet vert kjenneteikna av ein kultur for vurdering, utvikling og innovasjon har leiarar som byggjer tillit, inspirerer og utfordrar personalet og som arbeider aktivt med verksemda sitt omdøme har personale som tar ansvar for utvikling av yrkesrolla, eigen profesjonalitet og medverkar til å utvikla tenesta har bygningar, undervisningsutstyr og uterom av høg kvalitet som medverkar til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Både Kunnskapsdepartementet og KS har i ulike dokument utgreidd kva som kjenneteiknar ein god skuleeigar. side 6

Skuleeigarprisen er oppretta av departement og KS, og er ein kvalitetspris som går til kommunar som utmerkar seg som skuleeigar. Prisen tek utgangspunkt i ansvaret skuleeigar har for etablering, drift, vedlikehald og utvikling av kommunale grunnskular, med fokus på Læringsplakaten i Kunnskapsløftet, jf vedlegg, og ansvaret for å følgja opp at elevane lukkast i læringsarbeidet. I kriterium for Skuleeigarprisen 2009 går det fram at kommunen som skuleeigar må kunna dokumentera: pedagogisk utviklingsarbeid som viser att i læringsresultata systematisk oppfølging av skulen sitt vurderings- og utviklingsarbeid med konkrete tilbakemeldingar og lokale prioriteringar systematisk arbeid for eit godt fysisk og psykososialt miljø på skulane rekrutterer, vidareutviklar og tek vare på kompetente, tydelege og ansvarsmedvitne tilsette og leiarar, og har system for kontinuerleg kompetanseutvikling. Sentralstyret i KS meiner at ein god skuleeigar til ei kvar tid har oversyn over verksemda i skulane sine driv systematisk oppfølgingsarbeid av skulen sine resultat medverkar aktivt til å utvikla skulane i takt med samfunnet sine behov og endra krav gjennom kompetent leiing. Følgjande føresetnader er sentrale for at kommunen som organisasjon skal kunna ivareta rolla som god skuleeigar har politisk kompetanse på skule, driv planmessig resultatvurdering, og fastset lokale utviklingsmål for grunnskulen har administrativ kompetanse på skule, og kapasitet til å driva utviklingsprosessar og rettleiing har gode system for dokumentasjon av kvantitative og kvalitative innsatsfaktorar og resultat har kompetanse og etablerte rutinar og system for resultatvurdering og oppfølging involverer partane i skulesamfunnet i arbeidet med å utvikla skulen, og har ein aktiv dialog med leiarar, føresette, elevar og dei tilsette sine organisasjonar sørgjer for planmessig kompetanseutvikling for dei tilsette, og ein medviten rekrutteringsog karrierepolitikk tilfører skulane tilstrekkelege personalmessige og økonomiske ressursar side 7

4. som skuleeigar. Kvalitetssikringssystem. sitt kvalitetssystem for grunnskulen kan skjematisk framstillast slik: Samfunnsmandatet nasjonale mål og føringar: Læreplanverk, Opplæringslov m/forskrift Kommunale utviklingsmål og føringar Skulebasert vurdering Kartleggja, henta inn informasjon Jamleg vurdera organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa. Analysera og vurdera Iverksetja tiltak Involvera partane i vurderinga Analyse og vurdering Oppsummering skulenivå Pedagogisk årsmelding/ ståstadanalyse Styringsdialog Skulebesøk - utviklingssamtale Kommuneårsmøte Tilstandsrapport Kvalitetsvurdering Resultatkvalitet Eksamen, nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar Prosesskvalitet Elevundersøkingar, lærarog foreldreundersøkingar Strukturkvalitet Fysiske rammer, ressursar, kompetanse, personaldekning, gruppestorleik Vurdering/ev. revisjon av kommunale målsetjingar Politisk vedtak Kvalitetsmodellen byggjer på at all analyse og vurdering av skulen si verksemd må ta utgangspunkt i dei sentrale styringsdokumenta; dvs. Opplæringslova, Læreplanar, forskrifter og nasjonale satsingar og prioriteringar, og i kommunestyret sine lokale prioriteringar og utviklingsmål. Skulane, inkludert partane i skulesamfunnet, analyserer og vurderer sin situasjon og sine resultat, og planlegg innsatsområde og tiltak for å realisera fastsette mål. Administrativ leiing gjennomfører skulebesøk som styringsdialog med fokus på resultat og utvikling av skulen. Administrativ leiing fremjar politisk sak for komité og kommunestyret med samla tilstandsrapport for grunnskulen i Kvinnherad. Vurdering og eventuell revisjon av kommunale målsetjingar er ein del av den politiske saka. side 8

Vurdering av som skuleeigar. Styrke. tilfredsstiller på mange område dei forventningane til ein god skuleeigar som kjem fram i sentrale dokument. har i dag god kapasitet og skulefagleg kompetanse på kommunenivå til å følgja opp skulane. Resultata frå skulane sine vurderingar og nasjonale kvalitetsvurderingar vert følgd opp kontinuerleg administrativt gjennom året, og gjennom eit årleg møte mellom administrativ kommuneleiing og den einskilde skulen. Kommunen har planar for kompetanseutvikling av tilsette i grunnskulen. Omfang av tiltak varierer ut frå økonomiske tilhøve. har eit system for vurdering av om krava i lov og forskrift vert oppfylte, og eit system for oppfølging av desse vurderingane. Fylkesmannen hadde ikkje merknader til kommunen sitt kvalitetssystem ved tilsyn 2009. Komité for oppvekst, kultur og idrett har siste valperiode gjennom året handsama rapportar og meldingar om ressursbruk og innsatsfaktorar, og vurderingar av resultat frå nasjonale og lokale undersøkingar. Kommunestyret har gjennom fleire år handsama ein årleg rapport om tilstanden i grunnskulen i Kvinnherad. Kommunestyret har drøfta og vedteke lokale utviklingsmål for grunnskulen i Kvinnherad, seinast våren 2010 for perioden 2010 12. Manglar. Det kan stillast spørsmål ved om det politiske nivå opplever å ha fått tilgang til relevant kunnskap og innsikt i grunnskulen som er ønskjeleg for å ivareta funksjonen som skuleeigar. Det har i liten grad vore tradisjon og system for ein aktiv dialog mellom politisk nivå og partane i skulesamfunnet. Skulestruktur og organisering har hatt mykje fokus politisk, medan det i liten grad har vore fokus på grunnskulen si verksemd og resultat. Det har i liten grad har vore planmessig vurdering av skulen sine resultat politisk, og også avgrensa fokus på dei kommunale målsetjingane for grunnskulen. side 9

5. Strategi og tiltak. Strategi for utvikling av som skuleeigar. Myndiggjorde medarbeidarar og tilretteleggjande leiing. For å sikra at grunnskulen oppfyller lovkrava og nasjonale og lokale forventningar, må medarbeidarar på ulike ansvarsnivå ha fullmakter og mynde til å ta avgjerder, og støtte- og rettleiingssystem som sikrar god leiing. Avklart ansvar og oppgåver mellom ulike nivå. For å sikra samanheng og heilskap må ansvar og oppgåver mellom ulike nivå avklarast. God styringsinformasjon til folkevalde. Resultatvurdering og målsetjingsdebatt føreset god informasjon om grunnskule. Det er sentralt at informasjonen i form og innhald er tilpassa folkevalde sine behov, og vert gjort tilgjengeleg på ein oversiktleg måte. Styrka dialog og arena for samarbeid mellom politisk nivå og partane i grunnskulen. Ein føresetnad for kunnskap og innsikt i grunnskulen si verksemd, er god dialog mellom ulike partar i grunnskulen og skuleeigar. Elevar, føresette og tilsette sine organisasjonar må sikrast ein arena/møtepunkt for informasjon, erfaringsutveksling og dialog med skuleeigar på administrativt og politisk nivå. Tiltak. 1. Skulenivå ved leiar samlar og tilrettelegg informasjon om verksemda sine resultat frå undersøkingar som grunnlag for skulen sitt utviklingsarbeid. 2. Skulenivå ved leiar involverer elevar, føresette og tilsette i analyse og vurdering av skulen sin situasjon og resultat, og i arbeidet med skulen sin handlingsplan. 3. Kommunenivå ved rådmannen gjennomfører gjennom året systematisk styringsdialog med skuleleiarane i leiarfora. 4. Kommunenivå ved rådmannen gjennomfører årleg skulebesøk med fokus på resultatvurdering og skulen sin utviklingsplan. 5. Kommunenivå ved rådmannen informerer politisk komité kontinuerleg gjennom året om einskildresultat frå nasjonale og lokale undersøkingar. 6. Kommunenivå ved rådmannen utarbeider årleg tilstandsrapport for grunnskulen i Kvinnherad i politisk sak til kommunestyret. 7. Politisk komité vedtar, eventuelt innstiller, i skulerelaterte saker i samsvar med delegasjon frå kommunestyret. 8. Kommunestyret vedtar delegasjonsreglement som ivaretek brukarorientering og prinsippet om myndiggjorte medarbeidarar. 9. Kommunestyret gjennomfører dialogmøte med skuleleiarar, elevrepresentantar, føresetterepresentantar, tilsetteorganisasjonar som grunnlag for arbeidet med tilstandsrapporten. 10. Kommunestyret handsamar årleg sak om tilstandsrapport for grunnskulen, og vedtar eventuelle endringar i utviklingsmål eller satsingsområde. side 10