HELG WUNDERBARNA. Vi har den tredje beste rånerunden i landet. Runden går i eit åttetal, ikkje sant. Så slepp ein å stoppe, eller snu.



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Teknikk og konsentrasjon viktigast

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jon Fosse. For seint. Libretto

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

«Ny Giv» med gjetarhund

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)


Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

OK, seier Hilde og låser.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

mmm...med SMAK på timeplanen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Månadsplan for Hare November

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Kom skal vi klippe sauen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Elevundersøkinga 2016

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Månadsbrev for Rosa september 2014

Velkommen til DUGNAD!

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

Informasjon til elevane

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN


Sofies hemmelegheit.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

I N N H O L D. Forord

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Plassebakken Barnehage

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Hei alle sjøstjerneforeldre

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Ungdomsundersøking Meland april 2013

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Psykologisk førstehjelp i skulen


Hallo i nedslagsfeltet!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Kva er økologisk matproduksjon?

6-åringar på skuleveg

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Plassebakken Barnehage BA

Transkript:

Lørdag 13. mars 2010 HELG 19 HELG I Ørsta ligg gatene kvite og kalde og tomme. Men rundt og rundt køyrer dei likevel. HER KAN STÅ EN TEKST FOTO: ADRIAN ØHRN JOHANSEN Vi har den tredje beste rånerunden i landet. Runden går i eit åttetal, ikkje sant. Så slepp ein å stoppe, eller snu. SILJE MERETE RUSTEN

20 HELG Lørdag 13. mars 2010 MELLOM PUMPENE PÅ SHELL. Pengane går til diesel, røyk, spylarvæske og olje, seier Silje Merete Rusten (20). Eigentleg køyrer ho Audi A4, men av og til låner ho kjærasten sin Mercedes. I Volda kallar dei oss for taparar. RÅNING. Skulle du til ungdomsskulen, Håvard? Silje Merete (20)snur seg og ser på passasjeren sin i baksetet. Ungdomsskulen. Det er dit gutane fêr for å pisse i snøskavlane. Vi får ikkje lov til å gå på do på Shell, forklarar Håvard. Det er fredagskveld i Audien til Silje Merete Rusten. Det er ho som er sjåfør medan kompisane Håvard Tryggeset Strand (18) og Christian «Ringo» Hjelle (19), tar festen i passasjerseta. Dei røyker ut vindauga medan countrystjerna Toby Keith syng for full hals gjennom høgtalarane og brøytekantane duver forbi. Dersom dei hadde køyrd ti minutt sørover, forbi flyplasstripa på Hovden og vidare, ville dei ha kome til Volda. I Volda ligg høgskulen. I Volda har dei allmennfaglinje, sjukehuset og den norske dokumentarfilmfestivalen. Men no køyrer vi altså rundt, inst ved Ørstafjorden, i nabobygda Ørsta. Her har dei derimot mekkelinje på vidaregåande, Vassendgutane, Ivar Aasen og rånarane. Dei utskjelte rånarane som tullar den vakre sunnmørsperla mellom fjorden og fjella inn med svart gummirøyk på sommarstid. Rånarane som held pilotane som prøver å sove i sengene sine på Ivar Aasen Hotell vakne, så flyavgangar nesten blir kansellerte. Rånarane som køyrer rundt og rundt i sentrum, som svir dekk og høyrer på musikk og lagar leven. Du kan lese om dei i ein notis i avisa, stort sett kvar måndag. Om burning, mistenkeleg køyring eller bråk i Ørsta sentrum. Den perfekte runden. I Ørsta er det vinter no og gatene ligg kvite og kalde og tomme. Men dei køyrer rundt og rundt likevel. Silje Merete og Håvard og Ringo. I Volda kallar dei oss for taparar, seier Ringo. Det er ikkje mange rånarar i Volda, forklarer han og viser til studentane utanfrå med sine urbane vanar. Ikkje er Volda ein særleg bra stad å råne heller, med sine oppstykka og kvadratiske gatemønster. I Ørsta har vi eit av landets beste rånemiljø, og den tredje beste rånerunden i landet, seier Silje Merete. Runden går i eit åttetal, ikkje sant. Så slepp ein å stoppe, eller snu, forklarar ho medan ho svingar Audien gjennom sentrum og gutane bles røyk ut i den kalde vinterkvelden, forbi Mix en, ned mot Go biten Grill, forbi Ørsta Torg, nedlagd Esso, forbi busstasjonen og opp att. Formålslaus køyring? Slår du opp i Wikipedia finn du ein karakteristikk av ein rånar som liknar meir på ein zoologisk studie. Det er berre David Attenborough som manglar, der han stikk sine blafrande grå hårstrå opp frå taket på Shell medan han i fascinert konsentrasjon fortel om alt som går føre seg, rett framfor auga på han: «En råner er en norsk betegnelse på en ung person, som oftest en mann, som tilhører et motor- og bilinteressert ungdomsmiljø og som driver med råning», heiter det i det digitale oppslagsverket. «De kjører bil for å vise seg og bilene frem for dem langs veien, gjerne fram og tilbake på kortere veistrekninger. De pleier å samle seg på faste plasser, for ek- GUTEN I RØYKEN. Håvard Tryggeset Strand (18). TRØBBEL MED ANLEGGET. Øystein Sporstøl (18) koblar leidninga i Volvoen. VINTERTOMME vegar.

Lørdag 13. mars 2010 HELG 21 I FESTBUSSEN. Frode Boska Bjørke (22) kliner til på aller bakerste setedrad i Chevrolet Suburban'en «Subba». Vi har ingen stad å samle oss. Då køyrer vi. sempel på parkeringsplasser og bensinstasjoner, på kvelden og i helgene for å møtes sosialt, vise fram bilene sine og imponere hverandre og unge jenter.» Av dei fleste utanforståande blir råning sett på som formålslaus køyring, fram og tilbake. For dei i Audien er det ikkje utan formål. Det er vår måte å vere sosiale på, forklarar Silje Merete. Her i Ørsta er det lite å finne på for oss over 18. Dei som er under 18 har Kaihuset. Vi har ingen stad å samle oss. Då køyrer vi. Det er sosialt og ein blir kjend med nye folk. Råning for alltid. I Ørsta samlast dei på nedlagd Esso som no er busstasjonen, ved Shell og ved Eurospar. Men delar av køyringa i sentrum er også av det meir ulovlege slaget, med burning på sommarstid, og sladding på vinterføret. Motorane brummar og anlegga dunkar. Dei i bilen kan til ein viss grad forstå at alt dette skapar irritasjon hos dei andre i bygda. Eg forstår pilotane. Eg forstår jo at det ikkje er noko kjekt å ikkje få sove, seier Ringo. Det har vore snakk om å sette opp fartsdumpar utanfor hotellet. Og det må dei gjerne gjere. Men kvifor må pilotane ha akkurat romma som peikar ned mot Shell, lurer Silje Merete. Det går jo an å bu på andre enden av hotellet. Råninga har alltid eksistert her, og det kjem den alltid til å gjere. Sjølvsagt har eg forståing for at folk synes at det kan vere plagsamt med bråket og køyringa, men eg forstår ikkje kvifor dei vil hindre oss i å råne. Vi har blant anna søkt kommunen om å få bygge ei bane, der vi kan samlast, for å prate og køyre. Då kunne vi drive på med dette utan at det forstyrra andre. Men det har vi fått avslag på. Ignorert ungdomskultur. Dei fleste subkulturar blant ungdom har blitt akseptert, men det gjeld ikkje rånekulturen, seier Bjørn Hatterud. Han er kulturskribent og kunstkritikar og i ein artikkel i tidsskriftet Samtiden frå 2006 tek han eit oppgjer med det han meiner er ei ignorering av råninga som kulturuttrykk. Dersom ungdom ønskjer å starte band, blir det lagt til rette for det. Og eg meiner at dersom ungdom ønskjer å bruke bilen som ein måte å treffe folk på, burde det bli lagt meir til rette for det, seier han. Vil ikkje det vere det same som å legge forholda til rette for ulovleg køyring og meir støy? No er det mange ungdomsmiljø som driv med ting som ligg i ei gråsone i forhold til kva som er lovleg. Men eg meiner at målet ikkje er å skape meir ulovleg aktivitet. Eg kjenner ikkje forholda i Ørsta, men det finns grep ein kan ta, som fartsdumpar, miljøgater og innsnevra køyrefelt, for å få råninga over til andre meir ønskelege delar av sentrum. Men då må ein også ha ein dialog med ungdomsmiljøet slik at ein kjem dei i møte. Det er generelt ein manglande vilje frå lokalpolitikarar til å sjå på ungdom som rånar som noko positivt. Bilane og råninga er ein anna måte å møte kvarandre på, og det er både sosialt og kreativt. Eg meiner at det vil løne seg på lengre sikt å investere i ungdommar som faktisk vil bli verande i kommunen. FEST PÅ FIRE HJUL. Stian Foldal (20) er eigaren av festbussen. Men i kveld har han booka sjåfør. MØTEPLASS i vinternatta.

22 HELG Lørdag 13. mars 2010 RUNDT OG RUNDT. Med ferskt førarkort i lomma og bassen dundrande køyrer Øystein Sporstøl aleine rundt på jakt etter folk. Snart skal han plukke opp dama. Av ein eller anna grunn ser vi ned på rånarar. Fordommar. Hatterud seier at det har blitt ein større aksept i samfunnet for bilkultur dei siste åra. Dagbladet omtalar råning som ein subkultur, vi har fleire bilprogram på tv og vi har også fått ei raud-grøn regjering som har gitt finansiell støtte til rally og ein eigen folkehøgskule for bilsport. Men fordommane mot råninga lever framleis, i rikt omfang. Vi er programmerte til at enkelte måtar å møtes på er meir ønskelege enn andre. Vi legg føringar som ikkje alltid er rasjonelle, og av ein eller anna grunn ser vi ned på rånarar. Dette har eg diskutert mykje, med mellom anna ein kulturradikalar som meinte at ungdom bør ta grep, reise ut og oppleve noko nytt. Men når vi reiser til Cuba, eller til land i Afrika så synes vi det er så kjempeeksotisk at folk lever i harmoni på den vesle staden. Når norske ungdommar finn det same på ein liten stad, som i Ørsta, verkar det rart for mange. Eigentleg er det jo veldig flott! Gamal tradisjon. Når Silje Merete og kompisane har fest på fire hjul, når dei høyrer på musikk og snakkar bil og rånar rundt, er dei med på å halde i hevd ein gamal tradisjon i Ørsta. Det kan politiførstebetjent ved Ørsta Lensmannskontor, Egil Rustad stadfeste. Råninga har alltid vore her og det er ikkje slik at den er ein ny og problematisk del av samfunnet i Ørsta. Det som har endra seg er storleiken på bilane, motorane og at det er fleire som rånar på moped. Og så ha vi ein del tullkøyring i sentrum som skapar støy. Vi har sett enkelte episodar som har kome ut av kontroll og det er viktig at politiet er til stades, elles sklir det ut. Men dei aller fleste av rånarane er kjekke og greie, seier Rustad. Har rånarane fått eit ufortent dårleg rykte? Ryktet har nok oppstått i periodar der media har brydd seg om dette her. Som sakene om flygarane som ikkje får sove og slikt, og det er jo lett å forstå at ein flygar treng sin nattesøvn. Men det har vore ganske roleg no etter jul, bortsett frå nokre episodar med slagsmål, der folk frå rånemiljøet har vore involvert. Men generelt sit ikkje vi og seier at dette er ei ny og vanskeleg gruppe. Det var meir råning då eg vaks opp, tidleg på 70-talet. Råna du sjølv? Alle har vel vore innom. Men eg køyrde ikkje rundt og rundt, eg spelte handball, eg! Men på 70-talet var Esso smekkfull. Det var både intimt og spennande. Det var mykje som skjedde då! Naboane i Ørsta sentrum synes derimot ikkje at all råneaktiviteten er like spennande. Eg har dei rett utanfor altanen, og eg synes at dei kunne vise meir omsyn til oss som bur her, seier ein bebuar midt i råneruta. Men dei har alltid råna i denne gata, og eg forstår jo ungdommen og, seier ho. Politiet seier at det har vore ein roleg vinter? Det er eg ikkje einig i i det heile. Det ser ut som om rånarane veit når politiet ikkje er ute. Og det er nokre bilar og mopedar som er værre enn andre. Men medan det nermast ikkje er lov til å slå plenen på ein søndag, må ein likevel forholde seg til musikken frå anlegga og sladdinga. Eg veit ikkje om dei ville råna rundt husa til sine eigne foreldre på same måte. Eit par fartsdumpar ville SPOR. UNGDOMSSKULEN. Dit gutane fer for å pisse. Dei slepp oss ikkje inn på Shell, forklarar Håvard.

Lørdag 13. mars 2010 HELG 23 RUNDKØYRINGA VED UNGDOMSSKULEN. Eit ynda mål for både dopauser og diverse dekkslitasje Det kjem til å ligge svart røyk over Ørsta i sommar. vore til hjelp, då hadde vi sluppe at dei gassa opp slik. Bilen i sitt hjarte. Ved den nedlagde Essostasjonen er det rolegare tider enn då politibetjenten var ung. I kveld er det berre venninna til Silje Merete, Siri Bjørdalsbakke (18) som står der. Ho har køyrd vener på fest, og har lova å hente dei når barane stenger. Siri har ny bil, ingen nymekka stereo. Ingen Wunderbaum, heller. Audien tok ho over då mor skulle kjøpe ny. Ganske greitt, seier Siri. Eg står meir stille enn eg køyrer. Det er irriterande at folk ikkje forstår at vi gjer det og. Eg er ikkje ein ulovleg sjåfør, eg tutar ikkje, eg køyrer ikkje fort, og eg spelar ikkje høg musikk. Ho er berre bilinteressert. Eg gjer det meste i bilen i staden for å sitte heime og sjå på tv. Eg et pizza i bilen, og eg har til og med spelt gitar i bilen. I morgon skal eg vere edru ute på byen, fortel Siri. Eg har lyst til å danse! Kan vi ikkje det, Silje? Vi går ut og dansar. Og så køyrer vi etterpå! Ulykka. I fjor sommar reiste Silje Merete og ei venninne på biltur til Sverige. Dei skulle slappe av og kose seg på tur. Før ho reiste snakka ho med ein av sine beste vener. Han ønska henne god tur, som vener flest. Då vi hadde kome til Lillehammer fekk eg ein telefon, fortel Silje Merete. Då hadde det skjedd. Dei fire kompisane frå Ørsta hadde vore på tur ute på øyane og var på veg heim gjennom det nye Eiksundsambandet. Men turen enda i tunnelen. Ein familiefar på veg heim til Ulsteinvik som køyrde i ein anna bil vart også drept. Høg fart på ungdomsbilen er peika ut som årsaka til ulykka. Fem menneske mista livet den sommarnatta. Vi kom heim til gravferda. Kyrkja var smekkfull. Det var heilt forferdeleg. Fy faen kor jævlig det var. Utanfor kyrkja var det fullt av bilar. Rånebilane køyrde i gravfølget. Med kors på taket. Det var heilt vanvittig å sjå. For oss er det vanskeleg å forstå, sjåføren av ulykkesbilen var ein av dei stille, han grisekøyrde aldri, seier ho. Dei to første vekene etter ulykka var det ingen som drakk. Det var berre heilt tomt. No er det stort sett tilbake til gamle takter. Men noko blir aldri det same. Eg har berre fått slik respekt for den tunnelen, seier Silje Merete. Eg blir så forbanna når folk køyrer fort. Nei, vi kjem aldri til å gløyme dei. Mot lysare tider. Kvelden i vinterkvite Ørsta går mot slutten. Håvard har fått skyss av ein anna bil og Ringo har samla saman flaskene sine og blitt køyrd heim. No lengtar Silje Merete til vår. Til bare gater, til sol som varmar, til då bilane som ikkje er laga for snø og is kjem ut frå garasjane sine. Når ho har tent nok pengar skal ho fikse bilen, hennar tredje, den skal bli heilt feilfri. Det betyr nye felgar, senkesett, nye lykter, eit betre anlegg og kanskje flatskjermar. Sommaren er den beste tida, seier ho. Då kan vi samlast igjen, ute. Og så blir det gatebiltreff. Det kjem til å ligge svart røyk over Ørsta i sommar, smiler ho lurt. KAMERATSKAP på ein sein laurdagskveld. Øystein Sporstøl (18) og Frode Boska Bjørke (22). INGUNN VIKEN ingunn.viken@smp.no ADRIAN ØHRN JOHANSEN (FOTO) adrian.ohrn.johansen@smp.no