HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201209778-4 Arkivnr. 640 Saksh. Haugland, Tone Stedal Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 11.06.2013 20.06.2013 EVALUERING AV FESTSPILLENE I BERGEN SOM KNUTEPUNKT SAMANDRAG I brev frå Kulturdepartementet er regionale tilskotspartar invitert til å komme med ein evaluering av Festspillene i Bergen (FiB) som knutepunkt. Periodiske evalueringar av alle knutepunktinstitusjonane vart varsla i St.meld. nr 10 (2007-2008) Knutepunkt. Evalueringsperioden i denne omgang er 2009 2012. Det er Kulturdepartementet som evaluerer institusjonane. Institusjonane sjølv, regionale tilskotspartar, Kulturrådet og andre relevante partar vert trekte inn i dette arbeidet. Knutepunktinstitusjonane har svart og kommentert på kriteria for knutepunkt slik dei går fram av St.meld. nr 10 (2007-2008) i form av skjema. Det er lagt opp til møte mellom knutepunktinstitusjonane, regionale tilskotspartar og Kulturdepartementet i juni. Fylkesrådmannen har gjennomgått Festspillene i Bergen si eiga evaluering og elles basert kommentarane på kriteria for knutepunkt slik dei går fram av St.meld. nr 10 (2007-2008) Ein knutepunktinstitusjon har ved denne statusen fått oppgåver utover si ordinære kunstnarlege verksemd og lokale forankring. I følgje stortingsmeldinga er det m.a. forventa at eit knutepunkt med eit regionalt basert oppdrag «er leiande i sin region med omsyn til å presentere eit program av høg kunstnarleg kvalitet. Vidare skal verksemda ha sterk forankring i eit regionalt publikum og bli sett på som ein viktig leverandør til kunst og kulturlivet regionalt. Dei skal vidare vere kontaktpunkt og bidra til å spreie informasjon og kompetanse om festivaldrift i regionen». FORSLAG TIL INNSTILLING 1 Med bakgrunn i saksframlegget ser Kultur- og ressursutvalet kriteria for knutepunkt som oppfylt slik dei er lagt fram i Stortingsmelding nr 10 (2007-2008) Knutepunkt, og vedtek evalueringa slik det framgår av saksutgreiinga.
Rune Haugsdal fylkesrådmann Anna Elisa Tryti fylkeskultursjef Vedlegg: Brev frå Kulturdepartementet, datert 19.11.2012 Evalueringsskjema fra Festspillene i Bergen 2
FYLKESRÅDMANNEN, 03.06.2013: I brev frå Kulturdepartementet datert 19.11.2012, blir Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune inviterte til å komme med ein evaluering av Festspillene i Bergen (FiB) som knutepunkt. Periodiske evalueringar av alle knutepunktinstitusjonane vart varsla i St.meld. nr 10 (2007-2008) Knutepunkt. Evalueringsperioden i denne omgang er 2009 2012. Det er Kulturdepartementet som evaluerer institusjonane. Institusjonane sjølv, regionale tilskotspartar, Kulturrådet og andre relevante partar vert trekte inn i dette arbeidet. Knutepunktinstitusjonane har svart og kommentert på kriteria for knutepunkt slik dei går fram av St.meld. nr 10 (2007-2008) i form av skjema. Det er lagt opp til møte mellom knutepunktinstitusjonane, regionale tilskotspartar og Kulturdepartementet i juni. Fylkesrådmannen har gjennomgått Festspillene i Bergen si eiga evaluering og elles basert kommentarane på kriteria for knutepunkt slik dei går fram av St.meld. nr 10 (2007-2008) Ein knutepunktinstitusjon har ved denne statusen fått oppgåver utover si ordinære kunstnarlege verksemd og lokale forankring. I følgje stortingsmeldinga er det m.a. forventa at eit knutepunkt med eit regionalt basert oppdrag «er leiande i sin region med omsyn til å presentere eit program av høg kunstnarleg kvalitet. Vidare skal verksemda ha sterk forankring i eit regionalt publikum og bli sett på som ein viktig leverandør til kunst og kulturlivet regionalt. Dei skal vidare vere kontaktpunkt og bidra til å spreie informasjon og kompetanse om festivaldrift i regionen». Når det gjeld finansiering av Festspillene ligg det føre ein avtale mellom dei offentlige parter om 60% tilskot frå staten og 40% tilskot frå regionale tilskotparter. Etter avtale med Bergen kommune, løyver Hordaland 1/3 av desse 40 prosentane. Hordaland fylkeskommune har justert driftstilskotet årleg etter at løyvingane over statsbudsjettet er vedteke. 1.Stadsforankring/Regional medverknad Festspillene har gjennom si lange fartstid bygd opp ein kompetanse og ei erfaring som er unik i regional, og kanskje også nasjonal, samanheng og er med dette ein ressurs for liknande arrangement og institusjonar i byen og regionen. Festspillene i Bergen har ei unik rolle i Bergen og Hordaland, sjølv om det med åra er oppstått mange nye og gode festivalar i regionen. Dei har ei stor kunstnarleg styrke og breidde. Ikkje minst når det gjeld diversitet i sjangrar. Festivalen er godt forankra i det lokale kulturlivet og ikkje minst i dei andre nasjonale kulturinstitusjonane i Bergen. Som pådrivar for regional kulturutvikling har Hordaland fylkeskommune ønskt eit ytterlegare engasjement utanfor Bergen, og dei siste åra har dette engasjementet auka. Fylkeskommunen har støtta med ekstra midlar frå Kulturelt utviklingsprogram satsinga på «Festspillsatelitter» ei satsing med Festspillarrangement på utvalde stader i samarbeid med arrangørar og aktørar andre stader i fylket utanfor Bergen. Vi ser med glede at dette no er i gang, og håper at det kan skape breiare forankring, gode opplevingar og kompetansedeling og overføring med aktørar også utanfor byen. Hordland fylkeskommune ser Barnas Festspilldag der elevar frå kulturskulane i heile fylket får delta som svært positivt. Det er positivt for dei unge både frå Bergen og andre stader i regionen å vere med på eit slikt stort arrangement under Festspillene. Det kan vere til stor inspirasjon til eiga kunstnarleg utøving, skape tilhørsle til Festspillene og gjere det meir relevant å delta også som publikummarar. Hordaland fylkeskommune ser at Festspillene jobbar godt opp mot lokale, regionale og nasjonale sponsorar og støttespelarar, og merker seg at dei med sine 30% av totalbudsjettet er eit av dei største sponsorobjekta i kulturnoreg. Eg ser at dei har gode, individuelt tilpassa avtalar, og har eit ryddig forhold til gåver og til kommersielle avtaler. Dette er i tillegg til å vere viktig for økonomien også viktig for ei breiare forankring i regionen. 3
Hordaland fylkeskommune har i tillegg til det årlige tilskotet til drifts også løyvd tilskot til Festspillene i høve med arrangement av ekstraordinær karakter. I tillegg til det omtalte Festspillsatelittprosjektet har fylkeskommunen også gitt midlar til jubileumskonferanse for European Festival Association i 2012. 2. Festivalaktivitet kvart år Hordaland fylkeskommune ser at Festspillene har eit høgt tal på arrangement i dei fastsette festivaldagane. Festspillene markerer seg også elles gjennom året med enkelte andre event, m.a. foredrag og samarbeid med andre kulturaktørar i Bergen. 3. Kunstnarleg leiande Festspillene har gjennom alle år hatt eit svært høgt kunstnarleg nivå. Vi opplever at Festspillene i evalueringsperioden, under mottoet «Nordiske Impulser», har hatt same høge kunstnarlege nivå og også større fokus på eigenproduksjonar og presentasjon av ny musikk, ny scenekunst og unge talentar. Dette er viktig for publikummarar generelt og for utviklinga av kulturlivet i regionen. 4. Koordinering og samarbeid Hordaland fylkeskommune ser det som viktig at Festspillene er ein aktiv samarbeidspartner med det lokale kulturlivet elles. Som det går fram av evalueringsskjemaet ser ein dette punktet som å vere oppfylt i høve til kriteriene for knutepunkt. Som tidlegare nemnd ser fylkeskommunen svært positivt på samarbeidet med Norsk kulturskoleråd Hordaland i høve Barnas festpilldag. Fylkesrådmannen merka seg også frå Festspillene ei auka vilje til og enda større satsing på samarbeid med andre institusjonar og kulturaktørar. 5. Nasjonal og internasjonal orientering Festspillene framstår som ein av dei fremste i sitt felt i nasjonal samanheng, sjølv om det i nasjonale media er blitt fleire som kjempar om merksemda. Om kvantiteten på mediemerksemda i f.eks. NRK er blitt mindre enn før er det som vert presentert omtalt positivt og av høg kvalitet. Fylkesrådmannen legg også positivt merke til at Festspillene har jobba meir målretta med utanlandske media m.a ved hjelp av internasjonale PR-byrå. Fylkesrådmannen ser også som positivt at Festspillene har internasjonale samproduksjonar, noko som er viktig for Bergen som internasjonal kulturby. Kunst- og kulturlivet i byen og regionen er internasjonalt og det er viktig at ein så «tung» institusjon som Festspillene kan initiere og ha høve økonomisk til større nasjonale og internasjonale satsingar. 6. Publikumsutvikling Hordaland fylkeskommune meiner at Festspillene har ein god publikumsprofil og når ut til et bredt og variert publikum. Dei er målretta og tydelege i sine profilar. Festivalen har en fornuftig prispolitikk og legg vekt på å vere tilgjengeleg. De siste åra har det vore satsa særleg på å nå ut til nye publikummarar. Festspillene har også mange gode gratisarrangement og utandørsprogram. Gratisarrangement vil for mange kunne vere ein viktig inngangsport til å seinare kunne delta som betalande publikummar. Elles er det viktig for festivalfølelsen i byen og for at innbyggarane skal kjenne tilhørsle til festivalen. Festspillene har også vore medverkande til etablering av Norsk Publikumsutvikling, som kompetansesenter og nettverk for publikumsbygging. Dei har i samarbeid med denne organisasjonen delteke i prosjekt for å nå nye publikummarar og publikumsgrupper. Festspillene har også vore positive og aktive i forhold til Kulturkort for ungdom som er initiert og drifta av fylkeskommunen. 4
7. God ressursutnytting Fylkesrådmannen merker seg kommentarane i Festspillene sitt eige evalueringsskjema under dette punktet, og ser det som positivt at Festspillene har hatt fokus på opparbeiding av gode rutinar og betre ressursutnytting i sitt arbeid. Når det gjeld finansiering av Festspillene ligg det føre ein avtale mellom dei offentlige parter om 60% tilskot frå staten og 40% tilskot frå regionale tilskotparter. Etter avtale med Bergen kommune løyver Hordaland 1/3 av desse 40 prosentane. Hordaland fylkeskommune har justert driftstilskotet årleg etter at løyvingane over statsbudsjettet er vedteke. Øvrige kommentarar Under dette punktet legg Festspillene fram sine strategiar som vart lagt for perioden frå august 2012 då Anders Beyer tiltredde som festspilldirektør. Hordaland fylkeskommune stiller seg svært positiv til desse måla, vi merker oss større satsing på mangfald, regionalt samarbeid og den kulturpolitiske rolla Festspillene ønskjer å spele. Vi ser fram til eit endå sterkare samarbeid med Festspillene i Bergen Med bakgrunn i dei ovannemnde kommentarar, ser Hordaland fylkeskommune kriteria for knutepunkt som oppfylt slik dei er lagt fram i St.meld nr 10 (2007-2008) Knutepunkt. 5