Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Valstyret Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Valstyret Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommune Dato: 10.06.2015 Tid: 09:20 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet snarast råd. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling. Hilde Alice Vågslid Ordførar Marit Seltveit Konsulent -1-
-2-
Saksliste PS 15/1 PS 15/2 Innhald Handsaming til handsaming VALSTYRESAK: Val av røystestyre ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 VALSTYRESAK: Gjennomføring av førehandsrøysting og godkjenning av røystemottakarar Lukka Utvalssaksnr -3-
Handsamingtilhandsaming -4-
Handsamingtilhandsaming -5-
Tokke kommune Arkiv: 014 Saksnr.: 2014/1054-8 Sakshands.: Olav Bjørn Bakken Direkte tlf.: 35075669 Dato: 30.05.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Valstyret 15/1 10.06.2015 VALSTYRESAK: Val av røystestyre ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 Saksdokument: Vallova - valforskrifta Saksutgreiing: Etter vallova 4-2 skal kvar røystekrins ha eit røystestyre på minst 3 medlemer. I Tokke har me hatt praksis for 4 medlemer og 2 varamedlemer då 3 er litt snautt i praksis. Reglane om kjønnsrepresentasjon gjeld dvs 2 av kvart kjønn. Talet på røystekrinsar er no redusera til 5: - Dalen - Høydalsmo - Lårdal - Byrte - Åmdals verk Til hjelp i arbeidet å finne kandidatar tek eg med eit oversyn over røystestyra ved siste val i 2013. Personar som stend på valliste kan ikkje veljast til medlem av røystestyra. Desse er merka slik: Namn Ukjent, desse må altså skiftast ut. Valstyret må også velje leiar og nestleiar av kvart røystestyre. Medlemer kan søkje om fritak, og det vert truleg naudsynt med suppleringsval seinare, då alle som har vore medlemer siste periode har rett på fritak utan grunngjeving. 1. Lårdal røystekrins. Alfred Selstø Ellen Heimdal Medlemer: Bjørg Aabø Kilen Varamedlemer: Heidi Bleiklia Kjetil Olsnes Joakim N. Skogsrød -6-
2. Høydalsmo røystekrins Svein Bakkan Ågot Jordstøyl Medlemer: Steinar Mandt Varamedlemer: Solveig Holte Ellen O. Jakobsen Tor Olav Brattekås 3. Byrte røystekrins Knut -Kristian Vadder Anne Marit Roholdt Medlemer: Liv Jorunn Utistog Varamedlemer: John Utigard Svein R. Vinjerui 4. Dalen røystekrins Modgunn Haugan Sigvart Asle Lie Medlemer: Randi Askje Varamedlemer: Per Tore Skaalen Gunstein Seltveit Ingrid Apeland 5. Åmdals Verk røystekrins Åse Wrålid Knut Seltveit Urbø Medlemer: Torhild Byggstøyl Varamedlemer: Kurt Wrålid Astrid Bakken Døli På Åmdals Verk er eit ektepar på lista. Det er ikkje noko forbod mot dette, men det vart ein diskusjon sist, når det måtte veljast nytt varamedlem, at valstyret såg det som litt uheldig. Rådmannen si tilråding: Som medlemer, leiar og nestleiar av røystestyra i Tokke ved valet i 2015 vert fylgjande vald (tilråding utan namn): 1. Lårdal røystekrins. Medlemer: Varamedlemer: -7-
2. Høydalsmo røystekrins Medlemer: Varamedlemer: 3. Byrte røystekrins Medlemer: Varamedlemer: 4. Dalen røystekrins Medlemer: Varamedlemer: 5. Åmdals Verk røystekrins Medlemer: Varamedlemer: -8-
Tokke kommune Arkiv: 014 Saksnr.: 2014/1054-9 Sakshands.: Olav Bjørn Bakken Direkte tlf.: 35075669 Dato: 30.05.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Valstyret 15/2 10.06.2015 VALSTYRESAK: Gjennomføring av førehandsrøysting og godkjenning av røystemottakarar Saksdokument: Vallova - valforskrifta Saksutgreiing: Valstyret skal organisere og leggje til rette for ordinær førehandsrøysting i perioden 10.aug til 11.sept. I tillegg skal veljarar som ynskjer det ha høve til å tidlegrøyste i tida 1.juli til 7.aug. Valstyret fastset opningstidene som i prinsippet kan vere døgnet rundt. På sosiale institusjonar skal det organiserast førehandsrøysting på kvar stad. Veljarar som har vanskar med å koma ut av heimen kan søkje om å få røyste heime såkalla ambulerande førehandsrøysting. Slik søknad må vera sett fram innan ein frist som valstyret fastset. Personar som skal taka i mot førehandsrøyster skal oppnemnast/godkjennast av valstyret, og dei vil få opplæring for denne oppgåva. Valstyret gjer også vedtak om ein frist for partia til å krevje eit eksemplar av manntalet. Alle parti som stiller liste ved valet har rett til eit eksemplar av manntalet. Partia kan også be om røystesetlar, men skal i prinsippet betala for desse. Rådmannen si tilråding: I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 vert det vedteke fylgjande i høve førehandsrøysting: 1. Ålmenn førehandsrøysting finn stad i kommunehuset på Dalen på kvardagar frå kl 09.00 til kl 15.00. 2. Det vert halde førehandsrøysting på fylgjande institusjonar: Høydalsmo alderspensjonat torsdag den 10.sept. kl. 12.00 13.00 Tokke helsesenter fredag den 11.sept. kl. 13.00 15.00-9-
3. Fristen for å søkje om ambulerande røystegjeving vert fastsett til onsdag 9. sept. kl. 15.00. 4. Fylgjande vert oppnemnde til å kunne taka imot førehandsrøyster: - Olav Bjørn Bakken - Grunde Seltveit - Siv Ella Bekk - Annlaug Engerdal - Liv Ellen Beck - Ragnhild Rinden - Britt Vågslid - Mari Fiskum. 5. Fristen for partia til å krevje eitt eksemplar av manntalet og be om røystesetlar vert fastsett til 1.juli. -10-