HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Personalseksjonen Arkivsak 200900054-228 Arkivnr. 015 Saksh. Hillestad, Dagmar Reutz Saksgang Møtedato Fylkeseldrerådet i Hordaland 20.09.2011 SAMHANDSLINGSREFORMEN - FORSLAG TIL FORSKRIFTS- ENDRINGAR OG NYE FORSKRIFTER LOV OM KOMMUNALE HELSE- OG OMSORGSTENESTER, HØYRINGSUTTALE SAMANDRAG Høringsnotatet som har referanse til St.meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen inneheld i stor grad framlegg til endringar av gjeldande lover og forskrifter. Endringane har referanse til ny Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, vedteke av Stortinget 17.06.11. I tillegg til ny Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester har Stortinget vedteke Nasjonal helse- og omsorgsplan samt Lov om folkehelsearbeid, der fylkeskommunane er tillagt eit forvaltningsansvar i høve kommunane og ei rettleiande og rådgjevande rolle. Sett i høve til at fylkeseldrerådet og dei kommunale eldreråda truleg representerer den befolkningsgruppa som er dei største brukarane av både primær- og spesialisthelsetenestene, er konsekvensane relatert til samhandlingsreforma viktige å kunne vurdera. Kommunane vert pålagde eit utvida medisinskfagleg ansvar, noko som vil medføra auka krav om personellmessige-, kompetanserelaterte utfordringar i tillegg til ulike andre ressursbehov innan sektoren. Store deler av kommune-norge har klart gjeve uttrykk for at det medisinskfaglege ansvaret som frå og med 2012 vert tillagt kommunane, kjem alt for tidleg - og at heile Samhandlingsreforma burde utsetjast i tid. I det regionale fellesmøtet mellom fylkesråda for eldre i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i juni 2011, vart rapporten Tilsynsrapport frå Helsetilsynet mars 2011 - Samlerapport fra tilsyn i 2010 med kommunenes sosial- og helsetjenester til eldre presentert. Sammendraget i nemnde rapport dokumenterer at i 2/3 av i alt 342 verksemder i 232 av landets kommunar, har Helsetilsynet konstatert alvorleg svikt i stort sett alle tenesteområder som vedkjem sosial- og helsetenester til eldre.
Tilsynsrapporten dokumenterer behov for ei kritisk konsekvensvurdering av intensjonane i Samhandlingsreforma, og særskilt vurdera kor vidt kommunane allereie frå 01.01.12 er førebudde på eit betydeleg utvida ansvar for helse- og omsorgstenestene dette gjeld alle innbyggjarane i kommunen, men særleg dei eldre. Fylkeseldrerådet v/nestleiar er oppnemnd som medlem av Samarbeidsutvalet for Bergensregionen eit utval samansett av representantar frå dei 22 kommunane i fylket som er knytta til Helse Bergen. Kva omfattar Samhandlingsreformen I St.meld. 47 er dette formulert slik: I Samhandlingsreformen legges det til grunn at den forventede veksten i behov for en samlet helsetjeneste i størst mulig grad må finne sin løsning i kommunene. Som konsekvens av dette vert det frå 01.01.12 etablert ei lovfesta samhandling mellom spesialisthelsetenesta (helseføretaka) og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Økonomisk konsekvensar for kommunane Departementet sitt argument for ei endring av gjeldande økonomiske konsept er fylgjande: Innleggelse i sykehus og annen bruk av spesialisthelsetjenester har hittil vært gratis for kommunene, mens tiltak som kommer i stedet for innleggelse i sykehus har medført kostnader for kommunen. Dette samtidig som sykehusene har kunnet innrette sin virksomhet uavhengig av kommunenes tilbud. Kortere liggetid i sykehus har for eksempel medført økte utgifter for kommunene. Kommunal medfinansiering basert på innsatsstyrt finansiering (ISF) f.o.m. 2012 Stortinget har vedteke å innføra kommunal medfinansiering frå og med 2012. Kommunal medfinansiering inneber at kommunane får eit økonomisk medansvar for både innbyggjarane sine medisinskvurderte innleggingar og konsultasjonar i spesialisthelsetenesta. Kva for pasientgrupper og behandlingsformer dette gjeld er nemnt i lovframlegget 11-3. Føresegnene skal ikkje regulera kvar pasienten får behandling, eller omfanget av dette. Føresegnene omfattar private sjukehus som har avtale med dei regionale helseføretaka. Innsatsstyrt medfinansiering (ISF) heng saman med kva for ressursar som er turvande i høve både konsultasjon og behandling. ISF gjeld somatisk pasientbehandling og femnar om både innlegging og poliklinisk verksemd. ISF-satsen = 40 % av gjennomsnittleg behandlingskostnad og vert av staten utbetalt til helseføretaka. Resterande 60 % vert dekka av basisløyvingane til helseføretaka. Finansieringssystemet som har referanse til å kunne klassifisere dei ulike pasientgruppene, har nemninga DRG-system ( DiagnoseRelaterteGrupper) som femner om ca. 880 diagnoserelaterte grupper i år 2011. DRG-systemet er basert på vekting sett i høve til ressursbehov relatert til pasientbehandling. Utan å gå nærare inn på detaljar i DRG-systemet, så skal den kommunale medfinansieringa frå år 2012 bereknast i det som er definert som DRG-poeng. Einheitsprisen for eitt DRG-poeng vert fastsett i statsbudsjettet. Beregningsgrunnlaget for kommunal medfinansiering er data fra Norsk pasientregister. 2
Økonomiske og administrative konsekvensar i høve kommunal medfinansiering når det gjeld konsultasjonar og behandling i spesialisthelseføretaka (sjukehus) vert i høyringsnotatet omtala slik: Midlene som overføres til kommunene fra 2012 for å etablere kommunal medfinansiering, vil bli finansiert av en tilsvarende reduksjon i ISF-bevilgningen. Analyser basert på tall fra 2010 viser at overføringen vil bli i størrelsesorden 4,2 mrd. 2010-kroner. Pengene er et økonomisk insentiv -midlene fordeles til kommunene som frie inntekter. Endelig beløp som skal innlemmes i rammetilskuddet presenteres i statsbudsjettet for 2012. Sjølv om Helsedirektoratet v/norsk Pasientregister (NPR) har statistisk oversikt for det som gjeld både tal på pasientar som vert behandla - og av kven - så vil det kommunale medfinansieringsansvaret slå ulikt ut i dei einskilde kommunane. I kommunar som har etablert medisinskfagleg samarbeid vil logisk nok behovet for innlegging på sjukehus vera mindre enn i små-kommunar utan slik kompetanse. Sett i høve til pris pr. konsultasjon og/eller behandling, vil særskilt eldre med samansette lidingar føra til at kommunen får ekstraordinære kostnader. Dagmulkt = kr. 4.000/døgn-pasient Når ein pasient vert lagd inn på sjukehus skal det innan 24 timar gjevast melding til kommunen om pasientstatus, vurdert behandlingstid og forventa tidspunkt for utskriving. I utkast til forskrift er det i 1 gjort framlegg om at for utskrivingsklare pasientar frå sjukehus som har behov for vidare oppfølging frå den kommunale omsorgstenesta, men som ein av ulike årsaker ikkje har kapasitet til å ta imot - vil kommunen bli ilagt dagmulkt. Manglande kapasitet kan vera mangel på personell, kompetanse utstyr etc. Dagmulkt er pr. dato fastsett til kr 4.000,-/døgn - pr. pasient. Definering av utskrivingsklare gjeld både ferdigbehandla pasientar for akutte diagnosar, samt konsultative behandlinger som vert utført v/helseføretaka. Unntak for kommunane sitt økonomiske medansvar I departementet sitt framlegg vedkomande kommunane sitt medfinansieringsansvar, er følgjande pasientbehandlingar haldne utanfor: kirurgi, fødslar, nyfødde born samt kostbare biologiske legemiddel. Økonomisk vederlag for kommunane i høve risko for dagmulkt - relatert til høvesvist økonomisk nedtrekk for helseføretaka Departementet skriv her fylgjande: Overføring av det økonomiske ansvaret for utskrivingsklare pasientar innebærer at de regionale helseforetakene får et trekk i sine rammer og at kommunene får en økning i sine rammer. På grunnlag av nemnde dagmulkt - kr 4.000,-/døgn-pasient - er dette i statsbudsjettet for 2012 kompensert ved at det kommunale rammetilskotet vert auka med 560. mill. og at helseføretaka får eit høvesvist trekk i sine rammer. Meir enn 50% av kommunane her i landet har mindre enn 5000 innbyggjarar. Det er store skilnader for det som vedkjem personell, kompetanse, lokalitetar, geografisk lokalisering og i kva grad ein har klart å etablera eit interkommunalt samarbeid. To eller fleire kommunar kan 3
avtala utgiftsfordeling t.d. ved at ein pasient eller brukar får tenester i ein annan kommune enn der vedkomande har sin faste bupel eller har opphald. Er Samhandlingsreforma førebudd i helseføretak og kommunar I løpet av kort tid har Stortinget vedteke lovendringar samt handsama meldingar som gjeld både folkehelse, lov om pasientrettar, verdigheitsgaranti. Alt dette er ein del av St.meld. 47, Samhandlingsreformen. For det som gjeld Helse Bergen (Haukeland Universitetssykehus) så er det utarbeida framlegg til avtalar med 22 kommunar i bergensregionen. Intensjonen i dette er eit samhandlingsopplegg som primært skal sikra pasientrettane i høve både konsultasjon, diagnostisering, behandling, etterbehandling og oppgfølging. Ettersom fylkeseldrerådet er representert i Brukarutvalget for Helse Bergen og i prosjektet Strategiplan 2012-2016 for Helse Bergen samt i Samarbeidsutvalet for Bergensregionen - 22 kommunar i Hordaland, har rådet god og oppdatert informasjon om det som vedkjem Helse Bergen sine vurderingar - og kva for konsekvensar Samhandlingsreformen vil få for Helse Bergen i åra som kjem. Etter det rådet kjenner til er det av leiinga i Helse Bergen enno ikkje teke konkret avgjerd i høve pasientgrupper der eventuell behandling kan skje i regi av primærhelsetenesta - eller i samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Helse Bergen har status som universitetsjukehus, med forskning som ein del av dette. Tilbakemeldingar frå omlag halvparten av kommune-norge viser at kommunane stiller seg negative til intensjonane i Samhandlingsreformen. Kommunane er ikkje førebudde på dei store omstillingane og gir uttrykk for at Samhandlinsgreformen burde vore utsett i tid. Oppsummering Denne saksutgreiinga gjev eit komprimert referansegrunnlag av intensjonane i Samhandlingsreformen. Rådet kan vurdera ei eventuell vidare oppfølgjing, og har særleg merka seg innhaldet i tilsynsrapporten frå Helsetilsynet. I tillegg inneheld vedlagte høyringsnotat føresegner om: Institusjonane sin disposisjonsrett over kontantytingar frå Folketrygda Forskrift om institusjon i den kommunale helse og omsorgstjenesten Rett til helse- og omsorgstenester til personar som oppheld seg i riket Helsepersonellovens anvendelse Trivselsordningar - frivillig eller lovfesta? Det vert også i notatet sett søkelys på om det er trong for å regulera trivselsordningane (det frivillige) ved at eit konkret prosentbeløp av folketrygdytingane frå kvar einskild vert sett av til felles trivselstiltak. Helse Bergen inviterer bl.a. kommunane i fylket til stormøte i Bergen 13. september 2011. Helseføretaket ynskjer å setja søkelys på innhaldet i Samhandlingsreformen, samt Helse Bergen si eiga vurdering av føretaket sitt ansvar, utfordringar og prioriteringar for perioden 2012-2016. Fylkeseldrerådet v/nestleiar vil vera representert i dette møtet. 4
FORSLAG TIL AVGJERD Fylkeseldrerådet i Hordaland tek informasjonen frå rådet sine brukarrepresentantar og frå møte med Helse Bergen 13.09.11 til etterretning. Rådet ynskjer å arbeide vidare med saka, og gjev arbeidsutvalet fullmakt til å utarbeida ei fråsegn som vert å senda Helse- og omsorgsdepartementet innan fristen 6. oktober 2011. Olga Johannessen Dagmar Reutz Hillestad Vedlegg: Høyringsnotat av 04.07.2011 frå Helse- og omsorgsdept. 5