Ta heile Norge i bruk Kommunevalprogram 2007-2011
Grunnsynet Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Skal enkelt menneske kunna veksa og ha høve til å verkeleggjera sine draumar/idear om det gode liv, trengs det eit lokalsamfunn som skaper tryggleik, identitet og kulturelt mangfald. Senterpartiet vil bygga Norge si framtid på dei kristne grunnverdiar og humanistiske verdiar i pakt med desse. Målet for Senterpartiet sin politikk er å skape eit solidarisk fellesskap av frie, sjølvstendige menneske der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. Senterpartiet ser heimen og familien som den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet. Senterpartiet vil arbeide for eit levende lokalsamfunn, prega av menneska som bur der. Lokalsamfunnet som fungerer godt fremjar kjensla av å høyre til ein stad og aukar ansvarskjensla og viljen til innsats for eige nærmiljø. I miljø som er oversiktlige, og gir nærleik og tryggleik, kan innbyggjarane sjølve avgjere kva som er best for sitt lokalsamfunn. Jord og skogbruk Primærnæringane er grunnpilaren i alle samfunn, også på Bømlo. Både lokalt og nasjonalt treng me eit livskraftig landbruk. Garden og grenda er viktige matprodusenter, men og som kulturlandskap og grøne lunger. Trygg matproduksjon tyder lokal og nasjonal forsyning. Senterpartiet vil arbeide for at det på ny vert ei positiv utvikling i jordbruket, med aukande tru på næringa. Senterpartiet vil arbeide for: Å oppretthalde arbeidsplassar i jord- og skogsbruk. Verning av dyrka og dyrkbar jord. Produktiv jord er ein knappheitsressurs som må takast vare på. Tilskot frå kommunen for å bearbeide/ oppretthalda kulturlandskap. Å oppretthalda bu- og driveplikta Trygge oppvektsvilkår og den gode skulen Dei som veks opp på Bømlo skal ha trygge og gode oppvekstvilkår, både i nærmiljøet der dei bur, og i barnehagen og på skulen. Fordi borna er den beste investeringa i framtida. Det er viktig at miljøet rundt borna utgjer ein heilskap. Samstundes må me syta for at alle har eit tilbod av aktivitetar dei kan vere med på. Heimen er grunnlaget for utviklinga til kvart einskilte menneske og dermed for heile samfunnet. Me treng lag og organisasjonar som driv førebyggjande arbeid for barn og unge. Barnehagar, skular og lokalmiljø er for oss hovedsatsingsområde framover. Senterpartiet vil gå inn for opprustning/tilbygg av Bremnes ungdomsskule.
Den gode skulen på Bømlo: Har som hovudoppgåve å gjera elevane til dugande menneske for heim og samfunn. Ved sida av å gje naudsynt kunnskap, er skulen viktigare enn nokon gong før som verdi og normgjevar. Senterpartiet vil arbeida for at skulen kan driva tilpassa opplæring, slik at færre elevar treng spesialundervisning. Barn og unge med særlege behov må hjelpast tidlegast mogeleg. Ha fokus på folkeskikk, fysisk aktivitet og mat i skulen. Skulefritidsordninga må vere eit frivillig tilbod for barnefamiliar som treng hjelp til borna etter skuletid. Det må og prioriterast å sikra trygg skuleveg for borna. Senterpartiet: Vil auka rammetimetalet. Industri og handverk For Senterpartiet er det like viktig å ta vare på eksisterande arbeidsplassar som og skapa nye. Alle som har etablerplanar skal etter Senterpartiet sitt hjarta møtast med ei positiv haldning med trua på enkeltmenneske og det private initiativ. Kommunen skal tilretteleggja og vera ein pådrivar for eit aktivt næringsliv. Legga forholda til rette for eksisterande industri. Støtta samarbeidet mellom næringsliv og kommune når det gjeld planar for ny utvikling. Vidareføre arbeidet med å hjelpa fram familiebedrifter og nyetableringar. Kommunen må forsetja å hjelpa til med arbeidsplassar for funksjonshemma. Kultur og idrett Kulturrikdom gjev folk ein betre kvardag. Eit levende lokalsamfunn, med lag og organisasjonar er grunnlaget for kulturlivet. Dette kan vere avgjerande for at nye innbyggjarar flyttar til Bømlo. Derfor er det viktig at det er gode vilkår for dette. Kulturskulen skal vere eit kvalitetstilbod for barn og unge på Bømlo. Dagens bibliotekstilbod må haldast oppe, både med omsyn til talet på filialar og opningstider. Halde oppe støtta til idrettslag/frivillige lag. Vår språklig kulturarv og dialektmangfald må takast vare på. Bømlo kommune må støtta opp om fullføring av motorcrossbane. Helse og sosialpolitikk Alle skal ha rett til lik behandling og omsorg, uavhengig av alder eller sosial status. Bømlo står framfor ei stor auke i talet på eldre, og me ser ei auke i talet på yngre pleietrengande. Det vil vera trong for ei jamn auke av tilsette innan pleie-, omsorg- og rehabiliterings-sektoren. Bømlo må ha ei aktiv rusomsorg. Det viktigaste me kan gjera i høve rusomsorga er det førebyggjande arbeidet, men som i dei fleste lokalsamfunn opplever dessverre også Bømlo at ein del av innbyggjarane får problem med rus. Dei som hamnar i denne situasjonen er også ein del av fellesskapen og er like verdifulle menneske som alle andre. Senterpartiet vil arbeide for: At det vert satsa på kompetanseutvikling for dei tilsette. At det vert tilsett fleire aktivitørar på institusjonar og i samband med dagsenter. Tilpassa dagplassar for yngre brukarar med Aldersdemens. Støtte førebyggjande arbeid mot rus
Samferdsel God kommunikasjon er viktig for busetnad og næringsliv i kommunen. Bømlo er ein utkantkommune og me har eit ansvar for at innbyggjarane i kommunen har gode høve for kommunikasjon med andre stader. God kommunikasjon er avgjerande for både lokalisering av næringsverksemd og for kvar folk ynskjer å leva og bu. Senterpartiet vil derfor arbeide for at vegnettet i kommunen må opprustast. Skulevegane må gjerast trygge, og arbeidet med gang- og sykkelvegar skal halde fram. Kollektivtransporten må oppretthaldast og styrkast. Reisestøtte må bli gitt til pendlarane slik at dei kan bu heime. Ferjesambandet Langevåg-Buavåg må oppretthaldast og styrkast. Røyksund bru og vegen må utbetrast på begge sider. Senterpartiet vil arbeide for ein bomfri Bømlopakke. Senterpartiet er positiv til Bømlopakken, men vil og vurdere andre alternative vegløysingar. Eks Rubbestadneset, men ser viktigheita i at vegen må gå der kor folk bur. Miljø og naturforvalting Senterpartiet vil ta ansvar for at det ikkje vert dreve rov på naturressursane. Den økologiske jamvekta i naturen må ikkje forringast, og?føre var? prinsippet må liggja til grunn. Bømlo har ein vakker og mangfoldig natur med ein særeigen og rik flora med mange registrerte arter. Dette særdraget vil me ta vare på. Jorda tilhører våre born. Born i alle aldrar må få høve til å få eit aktivt og nært tilhøve til naturen. Eit samfunn i økologisk balanse er ein føresetnad for å overleva, difor må me ta vare på den. Det må setjast ut fleire bosspann langs turstiar og ved dei mest nytta strendene. Det må opprettast stilling som miljøkonsulent. Fiske, havbruk og skipsfart Dette er viktige næringar i kommunen vår, og Senterpartiet vil arbeide for at desse næringane skal ha gode vilkår. Ved eventuelle tiltak i samband med fiskemottak og vidareforedling, må kommunen yta hjelp i den grad det er mogeleg. Likeeins hjelpa til med hamner og kaier for desse næringane. Tradisjonell fiskeri og havbruksnæring må finna sine plassar i kommuneplanen. Busetnad Senterpartiet går inn for ein desentralisert busetnad, og vil arbeide for at alle i Bømlo får tilgong til breiband. Spreidd busetnad vil og lette presset etter byggjegrunn. Utfordringa er å få til generasjonsblanding i byggjefelta. Senterpartiet har som mål å skaffa byggjetomter i krinsane, leggja til rette for små byggjefelt og nytta den minst dyrkbare jorda til byggjegrunn.
NUM KANDIDATNAVN GEOGRAF FØDT 01 x Sammy, Olsen Svortland 1952 02 Miriam, Sortland Foldrøy 1966 03 Lars, Halleraker Halleråker 1971 04 Margareth, Berge Moster 1959 05 Knut Arne, Torget Goddo 1959 06 Bente H Grutle, Kristensen Meling 1974 07 Gjert Gunnar, Norenes Lykling 1941 08 Jostein, Nesse Nesse 1943 09 Ann Merete, Habbestad Moster 1971 10 Harald, Tverborgvik Stautland 1945 11 Jarle, Eikemo Gåsland 1969 12 Jan Kåre, Hallaråker Halleråker 1958 13 Olaug M Sørensen, Selle Selle 1941 14 Kåre, Habbestad Habbestad 1945 15 Jorunn Hivand, Nordtun Nordtun 1971 16 Bjarte, Aartun Rubbestad 1955 17 Janniche Gjøen, Ellingsen Sæverudsøy 1973 18 Anne Petra, Halleraker Halleråker 1955 19 Sigmund, Gåsland Gåsland 1946 20 Arthur, Nesse Svortland 1947 21 Edgar Olav, Mannvik Holme 1946 22 Jonn Gunnar, Hollund Hollund 1940 23 Dagmar Johanne, Meling Meling 1945 24 Erling, Røsvik Halleråker 1958 25 Jan Petter, Olsen Svortland 1961