Plassebakken Barnehage BA

Like dokumenter
Plassebakken Barnehage BA

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Plassebakken Barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hei alle sjøstjerneforeldre

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for Februar

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

6. trinn. Veke 24 Navn:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkommen til nytt barnehageår!

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Informasjon til foreldre

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Årsplan for

Plan for Liabygda SFO

Informasjonshefte Tuv barnehage

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Sandeid skule SFO Årsplan

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Månedsbrev april 2015

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Bjørnehiet SFO - informasjon

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Veke 48 og 49 Knubben

Plassebakken Post. Januar Nordigard

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Kom skal vi klippe sauen

Transkript:

Plassebakken Barnehage BA Plassebakken Post Sørigard Januar 2012 www.plassebakken.no

Plassebakken Barnehage BA Godt nytt år! Da var januar i gang, og vi har ein flott månad å sjå tilbake på. I desember begynte vi på prosjektet Kreative sjeler, med hovudfokus på fagområda Etikk, religion og filosofi og Kunst, kultur og kreativitet. Vi har hatt adventsamlingar fleire gongar i veka. Der har vi fortalt kvifor vi feirar jul i Noreg; om Jesus som blei født i ein stall, Maria, Josef, dei tre kongane som kom med gåver, om gjetarane som passa på dyra sine og fekk sjå ein engel, og Betlehemstjerna. Både konkretar og dramatisering har blitt tatt i bruk for å fortelje historia. Vi har også sunge julesongar, og tent adventslys til måltida og samlingsstundene. Juleverkstad har det blitt fleire gonger, og resultata av arbeidet gjekk til julemessa, og til julegåver. Det var tydeleg at det var kjekt både å få lage ting, og å få gi frå seg gåver! Adventskalenderen av peparkaker var også populær. Luciadagen vart markert i Plassebakken med at Utigard gikk luciatog gjennom barnehagen og song for oss! Gjengen på Sørigard betrakta det heile med store auge. På julemessa 15/12 hadde først dei eldste barna i barnehagen luciatog ute, og Nordigard og Utigard framførde julesongar i trappa ved grillhyttene. Vi fekk pølser, saft og peparkaker, og etterpå gjekk vi inn i gymsalen. Her var det julemesse med ulike salgsboder. Det vart ein kjekk kveld! Nissefesten gjekk av stabelen 20/12. Då hadde vi samling i gymsalen i lag med dei andre avdelingane, nissegraut og besøk av nissen som kom med posar til barna. Det var stor stas! Vi har også hatt julebord for Nordigard og Sørigard med julemat, dans og film. Vi hadde ein flott dag, som vart litt annleis og ga meirsmak til neste år. Prosjekt. Vi fortset med prosjektet Kreative sjeler ei stund utover på nyåret. Då vil fagområdet Kunst, kultur og kreativitet ha hovudfokus. Barna har malt mykje med pensel i haust. Vi ynskjer at dei no skal få prøve ulike teknikkar i malearbeidet. F eks sugerør, svamp, fingermaling og fotmaling. Det er mykje forskjelleg ein kan nytte til å måle med, og det skal vi utforske. Vi vil at barna si stemme skal kome fram i prosjektet, og at dei får medvirke til for eksempel kva dei ynskjer å prøve å bruke i maleaktivitetane. Vil dei male med ein bil, så skal dei få lov til det. Kanskje finn vi forskjelleg ute i naturen også som vi kan male på eller med? I samlingane har vi lyst til å vise barna ulike kunst motiv, og fabulere rundt desse. Fruktmåltid. I samband med ergonomikartlegginga vi har hatt i Plassebakken, vil vi no prøve ut nye rutine i samband med fruktmåltidet. Difor blir måltidet servert kl 14.00, med påfølgjande bleieskift etterpå. Tidlegare har vi hatt bleieskift før frukt. Vi har no fått ny dør mellom dei to hovudromma på Sørigard, og det opnar moglegheiter for å dele opp barnegruppa og halde på med meir vaksenstyrte aktivitetar. Det vil vi nytte oss av også på ettermiddagane. Bemanning. På grunn av at barna på Sørigard fyller tre år i 2012, har vi ein annan bemanningsnøkkel å rette oss etter på avdelinga no etter nyttår, enn vi hadde hausten 2011. Det vil i praksis seie at vi blir tre vaksne på avdelinga, og to når ein pedagogisk leiar har ubunden tid. Vi har ubunden tid ein dag i veka, og i januar blir dette på torsdagar. Då har vi samarbeid med Nordigard på morgonen og ettermiddagen. Vi kjem sannsynlegvis til å ha opne dører mellom avdelingane frå kl 07.00 til 09.00, og frå kl 15.00 til 17.00. Difor et vi

Plassebakken Barnehage BA frukost saman med Nordigard denne dagen. Vi ser på det som ein fordel at barna på Sørigard blir stadig betre kjent på Nordigard, slik at det blir ein fin overgang for dei når dei seinare skal bytte avdeling. Sjølvstende i garderoba. Vi kjem til å øve mykje på på- og avkleding med barna i tida framover. I den samanheng vil vi prøve at vi tar med utedressane inn på avdelinga, og at det blir ein felles aktivitet å øve på å ta den på. Då hadde det vore fint om barna kom i barnehagen med klede som er gode å ha på under vinterdressen, f eks ullundertøy og ein fleece-dress/ullbukser. Dette er varme og bevegelege klede. Barnegruppa må øve på å sitje i ro inne på avdelinga medan dei ventar på at det blir deira tur å gå ut i garderoba, og dei må sitje og vente i den ytterste garderoba medan andre barn får på seg sko og lue. Då får dei tilbod om å kike i bøker. Ei slik ordning vil kanskje gjere det rolegare i garderoba for dei barna som blir seint levert. Det er kjempeflott om de foreldre heime har fokus på at barnet dykkar får øve på på-og avkledning samtidig som vi jobbar med det i barnehagen. Vinter. Vi håpar på snø i januar. Vi har lyst til å lage snø skulpturar, renne på akebrett, male på snøen, lage snølykter og mykje meir. Har de lyst til å ta med ski til barnehagen, må de gjerne gjere det. Då må ein vere obs på å merke utstyret. Eit viktig mål er at barna får fortsette den flotte utviklinga dei hadde sist vinter med å bevege seg på det utfordrande underlaget snø. Det krevst ekstra motivering frå oss tilsette når vinteren kjem. Mange likar ikkje å ha på vottar, og dei blir kalde på hendene når dei dreg dei av. Dei får då erfare kvifor det er nødvendig med vottar, og blir vanlegvis gradvis meir fortrulege med det. Det er også vanskelegare å komme seg opp bakkar. Vi oppmuntrar barna til å prøve sjølve, og hjelper dei når vi ser dei prøvar, men ikkje heilt meistrar. Slik lærer dei å bli meir sjølvstendige, og får meistringsopplevingar. De må gjerne legge ein kuldekrem i barnet dykkar si hylle (med navn), dersom de ynskjer at vi skal smørje dei i løpet av dagen. Helsing personalet på Sørigard. Over til venstre: Vi sager juletre ( juleeine ) til avdelinga. Det tok vi inn og pynta med malte furukongler.

Plassebakken Barnehage BA

Plassebakken Barnehage BA Informasjon frå dagleg leiar Godt nytt år! Håper juleferien var fin og at de er klare til eit nytt halvår i lag med oss her i Plassebakken Barnehage. Vi har mange planar for første halvdel av 2012, og gler oss til mange kjekke aktivitetar som utfordrar kunnskap og ferdighetsnivå. Personalnytt Inger Lill Dalsbø er tilbake etter svangerskapspermisjon og går inn i att i stilling som pedagogisk leiar ved Sørigard i lag med Ingvild. På Sørigard finn de framleis Gunnlaug og Ann Mari som faste tilsette. Isabelle flyttar over til Austigard og blir der ein dag i veka i tillegg til at ho er fast vikar på andre avdelingar. Lisbeth flyttar også over til Austigard og går inn i stilling som assistent no det siste halvåret av førskulelærarutdanninga. Barbara blir fast vikar på huset og blir i starten å finne mest på Sørigard og Austigard. Jorunn, Chi og Kinga held fram på dei avdelingane dei var før jul ut januar. Branntryggleik Personalet har ved ein gjennomgang av våre prosedyrer på brannvernområdet funne det naudsynt å minne dykk på at vi ønskjer at alle foreldre leverer barna på avdelinga. Nokre lar barnet gå inn åleine, men vi ønskjer ansvaret for barnet overlevert. Vi kan ikkje vite at eit barn er på veg inn/ned trappa inne. Dersom alarmen går, forlet vi avdelingane og har eit antal barn vi skal gjere greie for. Om desse tinga inntreff samstundes, kan vi dessverre unngå å få med oss det barnet som framleis er på veg til si avdeling utan følgje av vaksen medan vi er på veg til avtalt møtestad ved brannalarm. Miljøretta helsevern i barnehage og skule Dette er ei forskrift som ofte vert kalla barna si arbeidsmiljølov. Denne forskrifta er viktig for oss å etterleve. I 2011 har vi hatt fokus på tidspress, støy og organisering både for barn og tilsette. Vi held fram arbeidet i 2012 med ei støymåling i samarbeid med bedriftshelsetenesten. Denne kartlegginga dannar grunnlag for tilrettelegging av tilbodet på ein måte som ivaretek barn og vaksne sine behov for variasjon mellom aktivitet og kvile/pausar, og vil gi oss kunnskap om korleis vi skal organisere avdelingane/gruppene på best mogleg måte. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt. Resultatet av målinga og evt. tiltak blir informert om når dette er klart. Lån gjerne med bøker heim Vi minner om at barnehagen har eigen bibliotekfilial som er eit samarbeid mellom Skodje Folkebibliotek og barnehagen. Her har alle barn høve til å låne med bøker heim. Vi har eit svært enkelt utlånssystem: Barna er nede på biblioteket i barnehagetida og låner bøker som blir sett i garderoba. Boka har då fått ei blå pingvin med barnets namn på. Då er det berre for dykk å skrive boka inn i utlånspermen som også står i garderoba, ta med boka heim og kose dykk med den. I tillegg vil vi veldig gjerne at de tar dykk tid til å gå ned på biblioteket i lag med barna dykkar når de hentar og låner bøker. Vi vil gjerne låne ut så mykje som mogleg. Vi har ca. 400 bøker til utlån både biblioteket sine (merka med eventyrslott) og barnehagen sine (merka med fargekodar). Spør om du er usikker. Julemesse/førjulsfest Vi har fått nokre tilbakemeldingar på arrangementet vi hadde den 15. desember. Dette var eit samarbeid mellom barnehagen og foreldre til barn som går siste året før skulestart. Tilbakemeldingane seier at dette var kjekt, vellykka og kan gjerne gjerast opp att. Har du meiningar om dette, tar eg gjerne i mot dei på sbn@plassebakken.no mvh Sissel Berg Natvik dagleg leiar