VOLDA KOMMUNE Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Møterom A, Rådhuset Dato: 16.03.2016 Tid: 16:10 til 17:00 MØTEPROTOKOLL Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Sigurd Tverberg MEDL Volda ungd. Eirik Eiksund LEDER Volda ungd. Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Karina Straume MEDL Folkestad ungd. Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs. Amailie Gjøsdal Wollmann MEDL Volda vgs. Elias Eide Brattli MEDL Lag og org. Mathilde Sjøhelle Eiksund Vara Politisk fadder Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ingvild Sunde Stokke Ilja Elisabeth Bech Kasper Garshol Medlem Medlem Vara Lag og org. Volda ungdom Felles vara Mathias Jansen Rindal Vara Felles vara Frå administrasjonen møtte: Namn May-Lisbet Lande Stilling Koordinator SAKLISTE Saksnr. Sak Side SAKER TIL HANDSAMING PS 8/16 Godkjenning av innkalling og sakliste PS 9/16 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 10/16 Årsmelding for Volda ungdomsråd 2015
Ymse: Oppsetting av tema for møte i vårhalvåret, dvs. 18. mai og 08. juni * 20. april: Invitere elevråda ved ungdomsskulane og Volda vgs. Orientering om kommunereform prosjektet og Heim for ein 50 lapp * 18. mai: Fellesmøte med Ørsta ungdomsråd * 08. juni: Info med.sunnmøre sin kontakt i UFT og ungdomspanelet: Lasse Gule. Asluttning av vårhalvåret med sosial pizza fest. Orientering om prosjektet kommunereform retta mot ungdom * 11. mai vert det orienteringsmøte i aulaen på Volda ungdomsskule kl. 18:00 til 20:00. Varaordførar har regien på møtet, alle i ungdomsrådet må sette av tid til møtet med ein time før og etter. *Konkurransen på ungdomstrinnet og på Volda vgs. skal gjennomførast i v. 15. Leiar, nestleiar og Wollmann tek kontakt med skulane og gjer avtale om gjennomføring av konkurransen. Spørsmål for konkurransen er: Kva er dykkar meining om kommunereforma. Tankespinn: - Korleis angår dette dokke? - Kva skal til for å få ei vellykka kommunesamanslåing. - Kva har Volda som ikkje Ørsta har, og omvendt. - Kan kommunesamanslåing mellom Volda og Ørsta ha påverknad til om unge flyttar tilbake til bygdene etter at dei er ferdi utdanna? Nytt møte for detaljplanlegging vert 30. mars kl. 16:00 til 18:00. Ymse info. frå leiar *Veldig positivt at Volda kommune har tilsett kommunepsykolog SAKER TIL HANDSAMING PS 8/16 Godkjenning av innkalling og sakliste PS 9/16 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte
PS 10/16 Årsmelding for Volda ungdomsråd 2015 Administrasjonen si tilråding: Saka vert lagt fram utan tilråding. Handsaming: Etter diskusjon kom ein fram til fyljande: Utfordringar i 2016 og saker ein vil arbeide for: Informasjon om kommunereform retta mot ungdom Nye lokale til ungdomsklubben. Det vart foreslått nokre små endringar i utforming og ordlys på årsmeldinga. Elles vart Årsmelding for ungdomsrådet i Volda 2015 samrøystes godkjend som framlagt. Samrøystes vedteke ÅRSMELDINGAR FOR UNGDOMSRÅDET I VOLDA 2015 Saksopplysningar: Ungdomsrådet skal kvart år utarbeide ei årsmelding som skal gå inn som ein del av dei andre kommunale årsmeldingane (vedtekter for ungdomsrådet 5). Arbeidsområde og målsetjing: 1.1 Ungdomsrådet skal vere eit: Talerøyr for ungdommen i Volda kommune. Organ med avgjerdsrett i utvalde saker. Høyringsorgan i kommunale saker som vedkjem ungdom. 1.2 Ungdomsrådet skal freiste å fremje: Best mogleg levekår for ungdom Større påverknad i saker som vedkjem ungdom Auka engasjement i ungdomsgruppa 1.3 Ungdomsrådet skal ha lagt føre seg alle saker som gjeld ungdom sine oppvekstvilkår og andre saker med interesse for ungdom. 1.4 Ungdomsrådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem ungdom. 1.5 Ungdomsrådet skal ha eige budsjett, der midlar skal gå til eigne prosjekt eller som tilskot til andre ungdomsstyrte prosjekt. Medlemar: Ungdomsrådet har 11 medlemar og 5 felles vara. Medlemane skal veljast mellom ungdomar i alder 13 til 20 år, busett i Volda kommune. Val skal skje i september årleg. Vedtektene seier at rådet skal konstituere seg sjølv og velje leiar og nestleiar.
Leiar for våren 2015 var Peter Hasfjord Bjørneset og Jonas Otnheim Myklebust som nestleiar. Politisk fadder er Åshild Vik. Frå hausten 2015 er Eirik Sjøhelle Eiksund leiar, nestleiar er Maiken Gjøsdal Politisk fadder er Åshild Vik med vara Mathilde Sjøhelle Eiksund Økonomi: Vedtektene til ungdomsrådet 1.5 seier at rådet skal ha eige budsjett, midlar skal gå til eigne prosjekt eller som tilskot til andre ungdomsstyrte prosjekt. Ungdomsrådet disponerte i 2015 kr. 50.000,-. I budsjettsak PS 11/15 var desse fordelt slik: Kr. 25.000,- til kurs og konferansar Kr. 2.000,- til supplering av genser m logo for nye medlemar Kr. 23.000,- vart lyst ut til Ungdomsmidlar. Ungdomsmidlane var lyst ut i april og vart fordelt slik: Team Five og frivilligsentralen, fekk tildelt kr. 6.000,- til sommaraktivet for born, ungdom og familiar. Badeplassen Munken fekk tildelt kr. 17.000,- til innkjøp av grillutstyrl. Oppsummering: Ungdomsrådet i Volda skal i utgangspunktet halde møte ein gong pr. mnd. med unntak av i skuleferien. Hausten 2015 vart eit møterikt halvår då ein i samarbeid med planleggar Regine S. Aklestad og Barnerepresentanten Berit Koen arbeid med ein eigen uttale frå dei unge i høve kommuneplanen. Det vart satt opp to ekstra møter, eit i oktober og eit i november for å arbeide med prosjektet Kommuneplan for Volda kommune. Dokumentet Melding frå dei unge vart framlagt for kommunestyret 28. januar 2016. Pga. dette prosjektet vart det halde 13 møter i ungdomsrådet i 2015. I tillegg til saksarbeid har ungdomsrådet hatt fyljande tema og aktivitetar på møta sine. Januar: Orientering om kommunereforma v. ordførar Arild Iversen *Deltok som frivilleg på UKM Ørsta/Volda Februar: Nettvett, Ungdomsrådet på facebook tema v: Dirdrik Morits Hallstrøm frå reklame- og designbyrået, Kib&Morits *Leiar deltok på ope møte ang. Kommunereforma-tenketank, 19. februar Mars: Møte med elevråda på ungdomsskulane i Volda April: Deltok som hjelparar under X2 festivalen, Multisport. I samarbeid med Frivillegsentralen *Kommuneplan, planlprosess v. Regine Solberg Aklestad *Motaksjon mot Pegida i Ålesund, nesteleiar deltok Mai: Delteke på Strandryddedag *17. mai, Leiar, krans på bauta ved Volda kyrkje *Fylkesmann kommunebesøk, leiar deltok Juni: Nestleiar deltok på fellessamling for ungdomsråda på Søre, i regi av fylkesmannen og Søre Sunnmøre regionråd. Tema: Kommunereform Oktober: Fellessamling for ungdomsråda på Søre Sunnmøre i Herøy November: 2.til 3. november. Barne- og likestillings konferanse i Bergen. 2 medlemar frå ungdomsrådet deltok i tilleg til koordinator *2 utsendingar til ungdomens fylkesting *Orientering om stoda på undomsklubben v/tone R. Aarhus Desember: Detok i fakkeltog med støtte til Volda sjukehus
Andre utval ungdomsrådet har delteke i: 1. repr i arbeidsgruppa for Mellom bygningane i Volda Saker som ungdomsrådet har hatt spesiell merksemd på: Lokale til ungdomsklubben Kommuneplan Melding frå dei unge Kommunereform Marknadsføring av ungdomsrådet Utfordringar i 2016 og saker ein vil arbeide for: Kommunereform retta mot ungdom Nye lokale til ungdomsklubben Møte slutt kl. 17:00 Volda kommune, Kultur- og service 16.03.2015 May-Lisbet Lande Koordinator