Saksframlegg Sakshandsamar: Eilif Ullestad Rosnæs Arkiv: 243 C20 Arkivsaksnr.: 16/4795-1 Høyringsframlegg - Spelemidlar 2017 - Forlenging av plan og rullering av handlingsprogram * Tilråding: Formannskapet vedtek følgjande: a) Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vert forlenga med eit år og er gyldig til og med 31.12.2017. b) Ved rullering av handlingsprogrammet til plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2017 vert søknadane om tilskot i Sogndal kommune prioritert som det går fram av lista under. Søknader merka «NY» vert teke inn i handlingsprogrammet frå langtidsprogram og/eller etter innspel frå kommunen, lag eller andre søknadsdyktige organisasjonar. Resterande søknader står anten i handlingsprogrammet frå før eller er vedteke i ein tidlegare rullering. Ordinære anlegg: 1. Sogndal kommune - Fjordstien Saften: turveg og rekreasjonsområde 2. Sogndal Skisenter AS - Ny heis Rindabotn 3. Sogndal Skisenter AS - Ny nedfart Rindabotn 4. Sogndal Skisenter AS - Rehab av eksisterande heis 5. Sogndal Skisenter AS - Ny nedfart Kalvavatnet 6. Sogndal Skisenter AS - Ny heis Kalvavatnet 7. Sogndal Fotball AS - Fosshaugane Campus kunstgras 8. Sogndal Fotball AS - Sluse og fellesareal 9. S.F. fylkeskommune - Idrettshallen Sogndal VGS, Spinningssal 10. S.F. fylkeskommune - Idrettshallen Sogndal VGS, rehabilitering av garderobe 11. S.F. fylkeskommune - Idrettshallen Sogndal VGS, ventilasjon og skillevegger 12. S.F. fylkeskommune - Idrettshallen Sogndal VGS, nytt styrkerom 13. S.F. fylkeskommune - Idrettshallen Sogndal VGS, nytt lager 14. S.F. fylkeskommune - Idrettshallen Sogndal VGS, ventilasjon i symjehall 15. S.F. fylkeskommune - Idrettshallen Sogndal VGS, uu-tilkomst heis 16. Sogndal skisenter AS - Rulleski Rindabotn 17. Sogndal skisenter AS - Barnetrekk heis Rindabotn (NY) 18. Sogndal skisenter AS - Barnetrekk nedfart Rindabotn (NY) 19. Sogndal fotball AS - Kunstgras 11 er Kvåle stadion (NY) 20. Sogndal Kommune - Sanitæranlegg Kaihuset (NY) 21. Kaupanger Idrettslag - Rehabilitering av lysløype (NY) 22. Sogndal kommune - Dagsturhytte Loftesnesfjellet (NY) Nærmiljøanlegg: 1. Fjærland OS. Klatrepark - Klatrepark i Fjærland i tilknyting til Fjærland oppvekstsenter 2. Sogndal IL. Orientering - O-kart Fjærland 3. Eidsgrenda fleirbruks omr. - Fotball- og skeisebane med kunstgras underlag
4. Eidsgrenda tursti - Tursti og gapahuk 5. Norane Idrettslag - Rehabilitering av fleirbruksbane (NY) 6. Vestre leite grendalag - Rehabilitering av ballbinge 7. Kaupanger Idrettslag - Pumptrack (NY) Det er ein føresetnad at søknadene er formelt i orden innan 15.01.17. Vedlegg: 1. Søknadane oversikt skjema 2. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet, 2013-2016 3. Prioritering av spelemiddelsøknader for 2016 4. Møtereferat frå idrettsrådet Saksutgreiing: Bakgrunn: Statlige og regionale føresegn og retningsliner Det er eit krav at anlegg som søkjer tilskot må vere ein del av vedteken kommunal plan, jf. føresegner for tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 6.1.1. 6.1.4 gjev føringar om at prioritering av søknadene skal vere gjort gjennom politisk fatta vedtak. Prioritering for søknadane vert utarbeida og vedteke i siste kvartal kvart år. Søknadsprosedyre og kommunen sin oppgåver: Følgjande søknadsprosedyre gjeld for søknad om spelemidlar: Søknad om tilskot til anlegg og fysisk aktivitet skal leverast elektronisk på nettstaden www.anlegg.no innan den fristen kommunen fastset i år 1.10.16. Søknaden skal vere fullstendig og med naudsynte vedlegg. Etter at kommunen har gjort sine prioriteringar og vedtak, har kommunen frist til 15.01.17 med å vidaresende søknadene til fylkeskommunen. Fylkeskommunen fordeler spelemidlane og skal gje søkjarane melding om vedtak innan 01.07.17. Alle søknader må ha idrettsfunksjonell godkjenning av kommunen med unntak av større prosjekt som skal godkjennast av Kulturdepartementet. Det er eit vilkår for å kunne søkje at anlegget er innarbeidd i ein kommunal plan «for idrett og fysisk aktivitet». Nokre typar anlegg må òg vere innarbeidd i ein regional (fylkeskommunal) plan. Det kommunale idrettsrådet skal ha høve til å kome med innspel til prioriteringa. Kommunen sine oppgåver er følgjande: Utarbeide/revidere kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Stå for teknisk godkjenning av anlegg (idrettsfunksjonell godkjenning og ferdigattest) Handsaming og vidaresending av innkomne søknader
Prioritere søknadene Stille garanti etter pkt 2.2.4 i forskrift om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Dei fleste søknadene om spelemidlar kjem frå ulike frivillige/idrettslege organisasjonar. Kommunen skal gje informasjon og råd i samband med søknadsprosessen og gje søkjar tilbakemelding dersom det er feil eller manglar ved søknaden. Dersom ein ekstern søkjar òg søkjer om kommunal medfinansiering, må det liggje føre eit kommunalt vedtak om slik finansiering, for at søknaden skal vere gyldig. Det har ikkje kome inn søknad om dette for 2017. For kommunale prosjekt må det liggje føre dokumentasjon på at investering til og drift av anlegget er innarbeid i kommunen sitt budsjett. Dette ligg førebels ikkje føre for 2017, budsjettet er ennå ikkje vedteke. Kommunal garanti Jf. føresegn om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet må kommunen garantere for at tilskotsmottakar, ved eventuelt misleghald av anlegg, betalar attende tildelte spelemidlar til departementet når det er andre enn kommunen eller fylkeskommune som er søkjar. Garantien skal vere ein sjølvskyldnargaranti, og garantida skal vere 20 år. Kravet for kommunal garanti gjeld samla tilskot til anlegg over 3 mill. kroner til nybygg og/eller rehabilititering av følgjande anleggstyper: Alle typar hallar Alpinanlegg Golfanlegg Motorsportanlegg Kunstisbanar (lengdeløp og/eller bandy) Rideanlegg. Misleghald vil m.a. vere å ikkje halde anlegget opent for idrettsleg aktivitet halde anlegget i godkjend teknisk stand og syte for naudsynt vedlikehald syte for skriftleg førehandssamtykkje frå departementet dersom anlegget skal skifte eigar føre rekneskap i tråd med retningsliner fastsett av departementet avvikle drifta eller gå konkurs. I 2017 gjeld dette søknader knytt til Sogndal Fotball sine søknadar for kunstgras på Fosshaugane Campus og Sogndal Skisenter sine anlegg. Kommunen garanterte for desse anlegga gjennom vedtaket i formannskapssak 66/14. Regional (fylkeskommunal plan) Departementet har fastsett at følgjande anlegg skal verte styrt av regional plan: Fleirbrukshallar medrekna spesialhallar Alpinanlegg med høgdeskilnad på 100 meter eller meir Golfanlegg Motorsportanlegg Kunstgrasbane lik eller større enn 64 x 100 meter Utandørs skyttaranlegg
Hoppanlegg større enn K 40 medrekna plastlegging. Vurdering Gjeldande kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vart vedteken av kommunestyret 12.12.2013. Planen vart gjeve ei periode på fire år frå 2013-2016. Slik er ikkje planen gyldig frå nyttår utan vedtak om forlenging. Utan ein vedteken kommunalplan for fysisk aktivtet idrett og friluftsliv kan ikkje nye ordinære anlegg søkje tilskot frå spelemiddelordninga. Prosess for revisjon av plan er sett i verk og planen skal leggjast fram for vedtak innan utløpet av 2017, noko som er i samsvar med den vedtekne planstrategien. For søknadsrunda i 2017 har vi fått inn 29 søknader. 19 av desse er fornya søknader som har vore teke med i tidlegare handlingsprogram. 10 søknader er nye for året. Tre av dei nye søknadene ligg frå før i langtidsprogrammet og ein i handlingsprogrammet. Dei resterande seks har ikkje vore del av den kommunale planen tidlegare. Seks av desse nye søknadene har førebels også vesentlege manglar og det er pr. no uvisst om alle vert godkjente innan fristen for innsending den 15. januar 2017. Vi har likevel valt å prioritere desse søknadene inn i handlingsprogrammet. Samtidig er det viktig for både kommunen og fylkeskommunen å få flest mogleg søknader godkjent. Kommunen har ikkje mynde til å avslå søknadar om tilskot, det er fylkeskommunen sitt ansvar. Slik må alle søknader sendast inn, med mindre dei vert trekt attende av søkjar. Søknadene som vert fornya har same rekkefølgje på prioriteringa som for 2016 runda, og det er naturleg at dei vert prioritert før nye søknader. Under ligg ei rask gjennomgang av dei 10 nye søknadene med prioriteringsnummer. Dei eldre søknadene er allereie godkjent frå både kommune og fylkeskommune, og vert difor ikkje utdjupa noko nærare. Ordinæranlegg: 16. Rulleski, Sogndal Skisenter Drift AS SSD AS ønskjer å oppføre eit rulleskianlegg i Hodlekve, området rundt Tjørnmyri der det i dag er ei lysløype for langrenn. Vi meiner dette er eit positiv tiltaket både på grunn av trafikktryggleik, utvikling av langrennsporten i Sogndal kommune og utviklinga av Hodlekve, jf. 10 på topp. Anlegget ligg frå før i handlingsprogrammet. Søknaden er ikkje ferdigstilt per i dag. 17. Barnetrekk, heis Rindabotn Sogndal Skisenter Drift AS (SSD AS) Reguleringsplan for Hodlekve Rindabotn vart i juni endra. Her var blant anna eit nytt barneskitrekk teke med, Ski 4. I behovsvurderinga syner SSD til at kapasiteten på eldre barneskitrekk ikkje lenger er stor nok for behovet og vil tilpasse drifta for å møte dette. Kostnad er satt til kr 4 570 000,- og søknadssum til kr 1 000 000,-. Anlegget er nytt i kommunal plan. 18. Barnetrekk, nedfart Rindabotn Sogndal Skisenter Drift AS Nedfarten er knytt til ny heis. Jf. V-0732, 2.6.4, kan desse søknadene splittast til ein søknad for sjølve heisen og ein for alpinbakken. Kostnaden er satt kr 395 000,- og søknadssum til kr 132 000,-. Anlegget er nytt i kommunal plan.
19. Kunstgras, 11 ar Kvåle stadion Sogndal fotball Bruksendring frå natur- til kunstgras på Kvålestadion har vore fleire runder til kulturdepartementet (KUD). KUD har både i 2010 og no seinast 01.11.2016 gjeve løyve til slik bruksendring. KUD har avvist innkomen klage. Det kan vera at klage vert handsama ved kgl. res.. Søknad om idrettsfunksjonell godkjenning er innsendt kommunen, men førebels ikkje ferdig handsama. Kostnad er satt til kr 5 931 000,- og søknadssum er kr 1 900 000,-. Anlegget er nytt i kommunal plan. 20. Sanitæranlegg, kaihuset Sogndal kommune Avtale mellom Sogndal kommune og nyoppretta Sogndal fjell- og fjordsportsenter (SFF) for bruk og rehabilitering av kaihuset, gbnr 18/75, ligg føre. SFF skal vere eit formidlingssenter og samlingsplass for nyskapande friluftsliv i bygda. I samband med rehabiliteringa søkjast det om tilskot til sanitæranlegget som skal vere ålment tilgjengeleg og universelt utforma. Søknad ligg ikkje føre for dette tiltaket. Anlegget er frå før i langtidsprogrammet. 21. Lysløype Kaupanger idrettslag Rehabilitering av eldre lysløype er presentert som eit behov frå Kaupanger idrettslag (KIL). Søknad manglar. Kostnad er satt til kr 1 800 000,- og søknadssum til kr 600 000,-. Anlegget er nytt i kommunal plan. 22.Dagsturhytte, Loftesnesfjellet Sogndal kommune I samband med eit nytt prosjekt mellom sparebankstiftinga og Sogn og fjordane fylkeskommune kan kvar kommune i fylket søkje om spelemidlar og støtte frå sparebankstiftinga til ei dagsturhytte på 15 m 2. Hytta vart tilnærma fullfinansiert gjennom desse to finansieringspostane og mva refusjon. Søknad ligg førebels ikkje føre for tiltaket. Førebels kostnadsramme ligg på kr 600 000,- og søknadssum på 200 000,-. Anlegget er nytt i kommunal plan. Nærmiljøanlegg: 5. Fleirbruksbane, rehabilitering Norane idrettslag Dekket på bana er svært slitt og idrettslaget melder om behov for rehabilitering. Bana kan nyttast både til handball og tennis. Kostnad er satt til kr 371 000,- og søknadssum til kr 185 000,-. Anlegget er frå før i langtidsprogrammet. 6. Ballbinge, rehabilitering Vestre Leite grendalag Dekket på bana er slitt og grendalaget har meldt inn behov for rehabilitering og kommunen har motteke søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. Godkjenninga er førebels ikkje gjeve og sjølve søknad er ikkje innsendt. Kostnad er satt til kr 140 000,- og søknadssum til kr 70 000,-. Anlegget er nytt i kommunal plan. 7. Pump track, sykkelbane Kaupanger idrettslag Ei sykkelbane for bmx og liknande aktivitet vert prosjektert på Kaupanger stadion. Denne søknaden ligg ikkje føre per i dag. Anlegget ligg frå før i langtidsprogrammet. Samla vurdering
Sogndal skisenter har hatt ei markant auken i aktivteten i anlegget. Dei tre nye tiltaka som SSD søkjer om er alle naudsynte for den vidare utviklinga av området Hodlekve Rindabotn. Rulleski anlegget vert prioritert først på grunn av trafikk tryggleik til brukargruppa som i dag går rulleski på veg. Dei andre fire søknadene er prioritert etter kor langt søknaden er kome. Idrettsrådet støttar prioriteringa av søknadane i sitt møte 23.11.2016. Vi tilrår at alle nye søknader vert teke inn i handlingsprogrammet med gitt prioritering over, og samstundes at fjorårets prioriteringar vert ståande for fornya søknader. Sogndal, 25.11.2016 Jostein Aanestad rådmann