STRATEGIPLAN IL HØDD FOTBALL 2015-2017 Hødd si rolle Hødd som breiddeklubb Hødd som medspelar Organisasjonen Anlegg Økonomi Hødd som toppklubb LITEN, MEN STOR!
VISJON OG VERDIGRUNNLAG
VISJON LITEN, MEN STOR Hødd skal famne både topp og breidde, og vere ein samfunnsutviklar i Ulstein og regionen - samt vere ein del av norsk toppfotball. Hødd har vist at ein med små ressursar kan kome inn i toppfotballen og vere der over lang tid. Lokal forankring og spelarutvikling har vore og blir ein viktig suksessfaktor. Hødd-ånda Gull av gråstein
VERDIGRUNNLAG STOLT I Hødd er vi stolte av klubben, prestasjonane og aktiviteten. Vi viser dette gjennom stor entusiasme, engasjement og respekt for kvarandre. AUDMJUK Gjennom Hødd-ånda er hardt arbeid, folkeskikk og ærleg spel ein viktig del av grunnfjellet. INKLUDERANDE I Hødd tek vi vare på alle og fellesskapet gjev oss styrke. I samarbeid med andre klubbar, næringsliv og det offentlege skal vi utvikle klubben vidare.
INNHALD HØDD SI ROLLE HØDD SOM TOPPKLUBB HØDD SOM BREIDDEKLUBB HØDD SOM MEDSPELAR ORGANISASJONEN ANLEGG ØKONOMI
HØDD SI ROLLE Hødd skal vere ein open og inkluderande klubb. Hødd-ånda skal styrkast. Klubben skal til ei kvar tid få optimalt ut av tilgjengelege ressursar på alle områder. Hødd skal dyrke miljøet og frivilligheitskulturen. Dette skal vere med å skape eit godt grunnlag for aktivitet både i topp og breidde, samt utvikle gode ambassadørar for klubben. Hødd skal ta samfunnsansvar og vere ein inkluderande breiddeklubb, og i Ulstein kommune vere ein viktig bidragsytar til eit godt barne og ungdomsmiljø. Hødd skal vere ein regionalt forankra klubb og ta særleg ansvar for utviklinga av fotballen på Søre Sunnmøre i eit nært samarbeid med klubbane i området.
SKAPE OPPLEVINGAR Om det er på trening eller i kamp, om du er liten eller stor, far eller mor, publikum, supportar eller sponsor; i Hødd handlar det om å skape opplevingar for alle. Små hendingar kan vere store opplevingar for den einskilde. SKAPE IDENTITET Hødd skal vere ein klubb som folk flest kan identifisere seg med. Klubben skal vere folkeleg, open og inkluderande og framstå på ein positiv måte i alle samanhengar. SKAPE PROFILAR OG GODE FORBILDE Positive profilar skapar positiv identitet og merksemd. Gjennom prestasjonar og sin veremåte er Kjetil Hasund Hødd sin største profil gjennom alle tider. Hødd skal skape nye profilar som bryt barrierar og er gode rollemodellar, både på og utanfor bana.
HØDD SOM TOPPKLUBB HØDD SKAL VERE EIN DEL AV NORSK TOPPFOTBALL Hødd er den klubben i norsk fotball som sidan 1963 har spelt flest kampar i 1. divisjon. Sidan Hødd slo gjennom i norsk toppfotball på 60-talet har ein vidareført kompetanse til nye generasjonar og epokar. Klubben har hatt viktige kontinuitetsberarar i alle ledd. Hødd skal vere muligheitenes klubb og utvikle spelarar, trenarar og leiarar gode nok for norsk toppfotball. Hødd skal vere ein ressursklubb for klubbane i regionen. Hødd skal vidareutvikle samarbeidet med skuleverket for å legge best mulig til rette for kombinasjonen fotball og studie. Hødd skal tilstrebe å utvikle minst ein spelar pr. år god nok til å bli teken opp i A-stallen frå rekruttstallen. Hødd skal vere eit lag i norsk toppfotball med stor grad av regional identitet.
HØDD SOM BREIDDEKLUBB HØDD SKAL VERE EIN STOR OG INKLUDERANDE BREIDDEKLUBB Hødd satsar både på topp og breidde, jenter og gutar. Uansett interesse, ambisjonsnivå eller dugleik ser vi på kvar enkelt som ein unik ressurs. Hødd vil legge til rette for å gi eit tilpassa tilbod for alle, og skape ein trygg og god arena. Hødd skal rekruttere frivillige og foreldre som trenarar og leiarar. Hødd skal legge til rette for at flest mogleg vil spele fotball lengst mogleg. Hødd skal vidareutvikle Hødd FotballFritidsOrdning for jenter og gutar. Hødd skal legge til rette for utvikling av spelarar, trenarar, leiarar, domarar og frivilligheita. Hødd skal utvikle seg til å bli ein fullt ut sertifisert kvalitetsklubb, og dermed ein av dei beste breiddeklubbane i landet.
HØDD SOM MEDSPELAR Hødd skal vere Søre Sunnmøre sin mest attraktive kommersielle arena. Hødd skal vere eit knytepunkt for relasjonsbygging, utvikling og samarbeid mellom næringslivet i regionen. Hødd skal gjennom samarbeid med næringslivet og kommunane gjere Søre Sunnmøre til ein attraktiv plass å bu. Hødd skal gjennom gode resultat skape opplevingar som gir stoltheit til heile regionen. Hødd skal vere aktive i alle viktige mediekanalar.
ORGANISASJONEN Organisasjonen og kompetansen i Hødd skal utviklast i takt med dei utfordringane som klubben møter i framtida. STYRET Utarbeide strategi og overordna retningslinjer for korleis klubben skal drivast. Styret skal i saman med administrasjonen syte for at klubben vert drifta i tråd med vedtekne planar. ADMINISTRASJON Drifte klubben utifrå dei retningslinjene som er gitt frå styret. Skal ha tilstrekkeleg kompetanse for å drifte klubben både når det gjeld topp og bredde. Skal vere pådrivar, skape blest, entusiasme og auka aktivitet. Skal legge til rette på ein slik måte at mange frivillige vil delta i klubbens arbeid. Det skal vere kjekt å vere frivillig i Hødd. FRIVILLIGE Skal bistå med kunnskap og engasjement i nært og godt samarbeid med administrasjon og styre.
ANLEGG Nye Høddvoll skal utviklast til ein intim og moderne fotballstadion, og ein kamparena for alle lag, der både utøvarar, publikum og andre aktørar trivast. Det skal leggast til rette slik at frivillige i saman med dei tilsette også i framtida er ein viktig del av drift og utvikling av Høddvoll-området. Utvikle Høddvoll-området til eit kraftigare tyngdepunkt for fotballen og for andre idrettar og aktivitetar. Banene, bygningane og uteområdet på Høddvoll skal vedlikehaldast og takast godt vare på. Ta eigaransvar av «gamle» Høddvoll Stadion og Høddvollhuset.
ØKONOMI Klubben skal styrast etter fornuftige og solide økonomiske prinsipp, der verdiar skal skapast før dei kan nyttast. Dette skal ligge til grunn i spelarkontraktar, trenarkontraktar og anna avtaleverk. Tilfredstille Norges Fotballforbunds klubblisenskrav. Positiv eigenkapital. God likviditet. FOS mål om grøn sone. Nøktern budsjettering og god oppfølging. Rapportering i god tid til NFF og revisor (FOS=Finansielt oppfølgingssystem).
LITEN, MEN STOR Hødd er ingen storklubb frå ein storby, men har gjennom gode prestasjonar skapt store opplevingar og tukta dei største og sterkaste. Med hardt arbeid og sterk tru er det meste mogleg. Der andre ser begrensingane ser Hødd muligheitene