Innhald. side Presentasjon av Vik Kulturskule...3. Fagtilbod til elevar.5. Info om musikkorpsa i kommunen.8. Prisar..10. Generell informasjon...



Like dokumenter
Innhald. side Presentasjon av Vik Kulturskule...3. Fagtilbod til elevar..5. Info om musikkorpsa i kommunen 9. Prisar.10. Generell informasjon...

TILBOD VIK KULTURSKULE

Innhald. side Presentasjon av Vik Kulturskule...3. Fagtilbod til elevar..5. Info om musikkorpsa i kommunen 9. Prisar.10. Generell informasjon...

Velkommen til kulturskulen.

Finnøy SKULEPENGAR. musikk- og kulturskule Skuleåret Søknadsfrist 20. mai Lær deg noko nytt og sett farge på kvardagen ;0)

Stordal kommune Skule

Velkommen til kulturskulen

Vågå kulturskule. Skuleåret

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Sandeid skule SFO Årsplan

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

KULTURSKOLE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

KULTURSKOLE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

10/60-14/N-211//AMS

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VANYLVEN KOMMUNE KULTURSKULEN

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vågå Kulturskule

Mellombels komité - Utgreiing av kulturskuletilbodet i Luster

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Kim Stian Gjerdingen Bakke

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Plan for Liabygda SFO

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Internasjonal vidaregåande skule

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Rådgjevarkonferanse 2009

Psykologisk førstehjelp i skulen

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Undervisningstilbud 2019/2020

Rådgjevarkonferanse 2010

Informasjonshefte Tuv barnehage

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Søking til skuleåret

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Søknadsfrist 1. mai 2015 Søknad sendes på

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bardu Kulturskole. Informasjon og søknadsskjema kan innhentes på kommunens hjemmeside på internett eller ved henvendelse direkte til kulturskolen.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Til deg som bur i fosterheim år

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Bjørnehiet SFO - informasjon

Time kulturskule. Visjon: Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det.

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Informasjon til elevane

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

IKT-kompetanse for øvingsskular

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Transkript:

TILBOD VIK KULTURSKULE Skuleåret 2014/2015 1

Innhald side Presentasjon av Vik Kulturskule...3 Fagtilbod til elevar.5 Info om musikkorpsa i kommunen.8 Prisar..10 Generell informasjon...10 Presentasjon av personalet...14 Informasjon om søknadsskjema.16 2

Vik kulturskule Skuleåret 2014/2015 Vik kommunale musikkskule vart etablert i 1980. Hausten 2002 fekk ein fleire tilbod i tillegg til musikk. Og namnet på skulen er no Vik kulturskule. (VKS). Skulen er eit tilbod til alle, men dersom det er venteliste, vert born og ungdom i tillegg til dei som alt er elevar prioriterte. Vik kulturskule har 8 tilsette lærarar, og vonar å dekke dei fleste behov innanfor dei lovfesta aktivitetane ein kulturskule skal ha. Vi hadde våren 2014 119 elevar, og det vert undervist ved barnehagar, skular, og i tillegg til at det vert gjeve eigne tilbod til enkeltelevar, grupper, kor og korps. Ein tek sikte på å drive mest mogleg desentralisert undervisning, men det er mogeleg at nokre tilbod berre blir lagd til Notestova (Vik). Kulturskulen er oppteken av eit heilheitleg kunstnerisk tilbod med fagutdanna pedagogar og lærarar og legg vekt på breidde, mangfall, og spisskompetanse med både klassisk og moderne uttrykksformer. Dette gjev uttrykk i m.a. tilbod innan musikk, dans og idrett. Med breidde i kunstneriske uttrykksformer /samarbeidsmodellar, er vi ein drivkraft i kommunen sitt rike kulturliv, og vi arbeidar stadig med utvikling av ulike tilbod som gjenspeglar det kulturelle mangfaldet. 3

I ei tid der korpsrørsla kjempar for auka rekruttering, har kulturskulen eit nært samarbeid med skulekorpsa og skulane i kommunen for å styrke tilhøva for instrumentopplæring. Også i år vert ein del av aspirantopplæringa lagd til skuletida. Hausten 2014 vil Flatbygdi skule saman med Vik Kulturskule halde fram med obligatorisk opplæring i 4. klasse på eit blåse- eller rytmeinstrument. Det er kjøpt inn eit eige klassesett med nye messinginstrument som elevane får utdelt på Notestova kvar veke. I periodar av skuleåret vil dei også få låne med seg heim desse instrumenta for å stimulera til eigenøving, og for å halde huskonsertar i heimen! Undervisninga vil bli eit konsept som bygger på godt utprøvde metodar frå både Sverige og Norge. Musse Combo vil i starten basera seg på solmisasjon. Det er enkelt forklart, å læra og spela utan notar og lærebøker! Lærebøker vil me ta i bruk litt seinare på hausten, og då vil me visa samanhengen mellom solmisasjon og eit lettfatteleg notebilde. Flatbygdi Skule er eigar av prosjektet, Vik Kulturskule er fagansvarleg og Vik Skulekorps er instrumenteigar for Korps i skulen (KIS). Skulen sitt mål er å vera eit inspirerande veksthus. I fyrste rekkje for born og ungdom og andre aktørar i musikk-og kulturlivet i Vik kommune, der tilhøva vert lagt til rette for både store og små på alle nivå. ( Sjå under kapittelet; Tilbod og les meir.) Vik Kulturskule vonar at du vil finne tilbod som høver for deg. Vik, desember 2014 Beste helsing Oss i Kulturskulen 4

Undervisningstilbod skuleåret 2014-2015 Strengeinstrument: Klassisk gitar, el. gitar og el. bass. Tilpassa elevar frå 4. kl. og oppover. Ukulele er eit strengeinstrument med fire strengar. Instrumentet er i utsjånad svært lik ein gitar, og det einaste som skil dei er stoleiken og tal strenger. Passar godt til samspel, du kan akkompagnere deg sjølv medan du syng, og terskelen for å kunne lære å spele er låg.!!! Passar for både gammel og ung!! (3.-10. kl og vaksne.) Slagverk Skarptromme, trommesett (rytmisk instr.) Tilpassa elevar frå 4. kl. og oppover. 5

Blåseinstrument: Trompet, kornett, althorn, euphonium, trombone, tuba, fløyte, klarinett Tilpassa elevar frå 4. kl. og oppover, etter individuell vurdering. Tangentinstrument: Piano, el. orgel, synthesizer/keyboard, trekkspel og torader. Tilpassa elevar frå 2. kl. og oppover, etter individuell vurdering. Det er ein stor fordel dersom elevane har øvingsinstrument heime som t.d. el. orgel, el. piano/piano, eit større keyboard eller trekkspel. Blokkfløyte: Individuell undervisning Tilpassa elevar 1.-10. kl. Tilbod til dei med særskilde behov (musikkterapi): Aktivitet: samspel, individuell undervisning, rettleiing. Smådans Tilbod til 4 og 5 åringar. (min. 8 elevar) Dans til songleikar, rockemusikk og klassisk musikk. Læring av rytmekjensle, og kjende dansetrinn. 6

Juniordans (1. 3. klasse) (min. 8 elevar) Som hos den yngste gruppa lærer vi musikkforståing, rytme, bruk av kroppen og kreativitet gjennom leik. Dette dannar grunnlag for alle typar dans. Vi skal lære oss å samarbeide i gruppe med fleire, samstundes som dette skjer innanfor trygge rammer. Dette er likevel eit steg vidare frå den yngste gruppa og vi går litt djupare inn i dansane og fokuserer meir på rytme, puls og takt. Moderne dans, Street- og Hip Hop (4.-6. kl og 7. -1.0 kl.) Ulike dansesjangrar innan moderne dans, Street-, Hip-Hop og Showdans er ein del av opplegget for begge grupper. Innanfor dei alderssamansette gruppene er vanskegraden ulik, og vert tilpassa av instruktør. Elevane vert utfordra innan stilartar som er kjende frå før, men og innan ukjende sjangrar med nye og utfordrande dansestrinn. Opplegget vil bli tilpassa alle, men vi ynskjer oss fleire gutar!! Idrettsskulen i Fresvik: Friluftsliv med vekt på leik og positiv oppleving. Dramaverkstad/dramakurs: Tilpassa elevar frå 2.-10. kl. (minimum 6 elevar i gruppa) Utvikla kreativitet og fantasi med drama som viktigaste reidskap. 7

Vi nyttar ulike dramaaktivitetar, som t.d. rørsleforming, improvisasjonsøvingar, bruk av masker og sminke, skuggeteater, dramaleikar. Vi skal og ha mykje moro med rollespel og utkledning. Balansen mellom prosess og produkt vert tilpassa deltakarane. Generelt for alle tilboda Vik kulturskule tek atterhald om at ein kan skaffe kvalifiserte lærarar, og at det er nok søkjarar til dei ulike tilboda. Alle som ikkje får plass vert plassert på venteliste. Opptak frå ventelista skjer fortløpande dersom det vert ledige plassar i løpet av året. SKULEKORPSA «Korps i skulen «(KIS) Frå hausten 2014 vil Flatbygdi skule saman med Vik Kulturskule halde fram med obligatorisk opplæring på eit blåse- eller rytmeinstrument. Det er kjøpt inn eit eige klassesett med nye messinginstrument som elevane får utdelt på Notestova kvar veke. I periodar av skuleåret vil dei også få låne med seg heim desse instrumenta for å stimulera til eigenøving, og for å halde huskonsertar i heimen! Undervisninga er eit konsept som bygger på godt utprøvde metodar frå både Sverige og Norge. Musse Combo vil i starten basera seg på solmisasjon. Det er enkelt forklart, å læra og spela utan notar og lærebøker! Lærebøker vil me ta i bruk litt seinare på hausten, og då vil me visa samanhengen mellom solmisasjon og eit lettfatteleg notebilde. Flatbygdi Skule blir eigar av prosjektet, Vik Kulturskule blir fagansvarleg og Vik Skulekorps blir instrumenteigar for Korps i skulen (KIS). 8

I Vik kommune er det 3 skulekorps, og kulturskulen har eit nært og godt samarbeid med desse. Dersom du ynskjer å spele i eit av korpsa, kan det vere godt å vite at: dei fleste får låne instrument av korpset. aspirantopplæring tek til om hausten, tilpassa elevar i 4 kl. og oppover. aspirantopplæring tek om lag 1-1,5 år alt etter eigeninnsats. Aktuelle korpsinstrument: Messingblås: kornett, althorn, flygelhorn, euphonium, tuba, trombone. Treblås: (vaksenkorpset): klarinett, saxofon, fløyte. Slagverk: skarptromme, trommesett, basstromme/cymbal. Det er viktig å gjere merksam på at ikkje alle kan vente å få plass på det instrumentet dei ynskjer mest. Dei ulike korpsa er heilt avhengig av ei bestemt fordeling på alle instrumentgrupper for at korpset skal klinge fint og balansert. Dei som eventuellt har eige instrument kan imidlertid rekne med å kunne spele på dette. Når aspirantane har begynt med aspirantkurset, er dei medlemmer av korpsa. Dei føresette vert då ein del av den aktive delen med omsyn til å støtte opp under korpset sitt arbeid. Ynskjer de å vita meir om skulekorpsa i Vik kommune, kan de ta kontakt med Vik kulturskule, eller direkte med leiinga i korpsa Vik skulekorps Thale Helset tlf 905 39 833 Feios skule & Ungdomskorps Cathrin Grindedal tlf. 476 54 856 Fresvik skulekorps Hildegunn Tretteteig tlf. 991 04 225 9

Vaksenkorps: Vik Musikklag Erling Stadheim tlf. 913 10 284 DIVERSE OPPLYSNINGAR: Skulerute: Undervisninga fylgjer den vanlege skuleruta for grunnskulane i kommunen. Elevkontingent gjeldande satsar pr. halvår frå hausten 2014: Individuell undervisning: kr. 1 790,- Gruppeundervisning: kr. 1 000,- Idrettsskulen: kr. 1 000,- I alle tilbod unnateke idrettsskulen, vert det gjeve 50 % syskjenrabatt for born nr. 2. I idrettsskulen er det full pris for dei 2 første, og 50 % rabatt for born nr. 3. Misser eleven undervisningstime grunna lærar sitt fråvær, kan inntil 2 timar pr. halvår falle bort, utan at det vert sett inn vikar. Dersom fleire enn 2 timar fell bort, får eleven frådag i kontingenten, eller at læraren avtalar om å kompensera for tapt time. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær. 10

Instrumentleige: Kulturskulen disponerer ein del instrument, hovudsakleg gitarer og strykeinstrument som kan leigast. Nybyrjarar vert prioriterte. Det er vedteke ein leigepris på kr. 1 050,- pr. halvår for alle typar instrument. Notar og materiell: Elevane må rekne med utgifter til notar til musikkundervisning og materiell til dei øvrige kulturskuletilboda. Normalt ligg utgiftene på om lag kr. 150,- til kr. 200. Desse utgiftene kjem i tillegg til elevkontingenten. Undervisningsstad: Undervisninga er mest mogleg desentralisert.ein kan likevel ikkje unngå at nokre elevar treng skyss til undervisningsstaden. Permisjon: Eleven kan søkje om permisjon midt i eit semester. Søknaden skal vere skriftleg, og kulturskulen handsamar søknaden. Teieplikt: Dei tilsette i kulturskulen er underlagt teieplikt om alle personalopplysningar dei i kraft av si stilling vert kjende med. Undervisningstilbod: Kulturskulen tek atterhald om det let seg gjere å skaffe kvalifiserte lærarar i alle disiplinane. Fråvær: Det er ein god regel at eleven melder frå til læraren sin dersom ein vert forhindra frå å møte til avtalt time. NB! Oppseiing av plass: Det er høve til å seie opp plassen etter fylgjande reglar: Eleven har plass heilt fram til han/ho melder seg ut på eige skjema som du finn på Vik kommune si heimeside. 11

Oppseiinga skal vere skriftleg, og fylgje tidsfristane som til ei kvar tid gjeld. Oppseiingsfrist for hausthalvåret 01.juni, og for vårhalvåret 01.desember. Påmelding - Opptak: Påmelding for all undervisning i kulturskulen er for hausthalvåret 01. august og for vårhalvåret 01. desember, og/eller løpande påmelding. Påmeldingsskjema finn de på heimesida til Vik kommune www.vik.kommune.no (sjå side 16) Ved påmelding etter ordinær søknadsfrist vert ein plassert på venteliste dersom kulturskulen ikkje har kapasitet til i å ta inn fleire elevar. Elevopptaket skjer i august/desember månad, og kulturskulen gjev skriftleg melding til alle som har søkt. NB! Elevar som er tildelt plass, er økonomisk bundne for eit semester. Elevkontingent, utgifter til rekvisita, og eventuelt instrumentleige vert å betale på tilsendt giroblankett frå kommunekassa. Kulturskulen har ei oppmoding til alle som er så heldige å få elevplass: BRUK PLASSEN DIN GODT! # 12

Vik Kulturskule 6891 VIK tlf. 476 86 753 Notestova -kulturskulen sine undervisningslokaler tlf. 57 69 52 90 13

Undervisningspersonale: Brit Eli Vassli 5 år høgare utdanning i musikk, pedagogikk og musikkterapi. Gjev tilbod i musikkterapi, musikk tilrettelagt for born og vaksne med spesielle behov. Underviser i gitar og piano. Kari Janne Myrkaskog Grunnfag musikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, kordireksjon trinn 3, Norges Korforbund. Underviser i gitar, blokkfløyte, messingsinstrument, keyboard, orgel, piano, song og stemmebruk. Robert Kvam Dirigent for skulekorpsa Underviser på messinginstrument 14

Anita Hop.Underviser i dans. Har bakgrunn frå musikkorps gjennom 15 år og spelar no trompet i Vik Musikklag. Diverse kurs innan dans. Utdanning PPU og musikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dee Cunningham Idrettsskulen i Fresvik Sertifisert oppmuntringsagent og padleinstruktør. Har utdanning i biologi og friluftsliv. Underviser i idrett og friluftsliv med vekt på leik og positive opplevingar Hanna Vangsnes Hanna er I fra Leikanger, underviser I dans for 4.- 10.klasse skuleåret 2014/15 Godkjend danseinstruktør med utdanning gjennom DANS UTEN GRENSER Vik Kulturskule 15

SØKNADSSKJEMA Gå inn på : www.vik.kommune.no Klikk på; Skjema Finn; skule og oppvekst i gardinteksten klikk på; Søknad om inntak ved Kulturskule (Har du særskilde behov, ber vi om at dette vert gjort greie for i boksen merknader.) 16