MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: rådhuset Møtedato: 22.10.2009 Kl: 16.30-18.30 Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Olafur Erling Nesse Inga Midttun Rådmann Vidar Roseth Sekretær Marit Steinset Dato for innkalling: 15.10.09 Merknader: Saker som vart handsama 30/09-32/09 Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Balestrand, ----------------------------------------------- ------------------------------------------------ Side 1 av 7
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 30/09 09/895 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL 2009 - BUDSJETTREVISJON 31/09 09/762 SØKNAD OM SERVERINGS- OG SKJENKELØYVE - BENSEN BAR 32/09 09/933 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN TIL DIGITALISERING AV FRIBERG KINO Side 2 av 7
Orienteringar og drøftingar: Terje Søreide frå Sparebanken Sogn og Fjordane møtte og orienterte om at dei ville gje eit tilskot på kr. 100.000 til musikkbinge. Rådmannen orienterte om kommuneøkonomien. IKT-prosjektet. Rådmannen orienterte om ymse samarbeidsprosjekt mellom kommunane Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal. Førespurnad om det er ynskjeleg med TV-dekning av kommunestyremøta. Balestrand TV har gjeve tilbod om dekking av møta for kr. 1500 pr. år. Formannskapet tek avgjerd på neste møte. Side 3 av 7
- 30/09 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL 2009 - BUDSJETTREVISJON Tilråding: Det vert gjennomført slik endring av budsjettet for 2009: 100 Politiske organ og styringsorgan - 20.000 120 Rådmann/fellestenester + 45.000 210 Sagatun skule + 150.000 211 Fjordtun oppvekstsenter - 40.000 212 Nesse oppvekstsenter + 25.000 230 PPT - 15.000 271 Helsestasjonen - 100.000 275 Pleie og omsorg + 900.000 295 Barnevern - 200.000 295 NAV + 250.000 350 Teknisk drift + 150.000 100-800 Pensjonskostnader - 570.000 800 Statstilskot ressurskr. tenester - 155.000 800 Bruk av disposisjonsfond - 420.000 Sum 0 Det vert gjort slike endringar av investeringsbudsjettet: Opparbeiding av nye parkeringsplassar ved Sagatun barnehage, kr 50.000, vert finansiert ved bruk av ubundne kapitalfond. Tilleggsutgifter ved utskifting av gatelys, inntil kr 200.000, vert finansiert ved bruk av veglysfond. Gjennomføring av tilstandsanalyse for kaiflata i Balestrand sentrum, kr 100.000, vert finansiert ved bruk av ubundne kapitalfond. Handsaming: Det vart røysta over tilrådinga frå formannskapet. Vedtak Det vert gjennomført slik endring av budsjettet for 2009: Side 4 av 7
100 Politiske organ og styringsorgan - 20.000 120 Rådmann/fellestenester + 45.000 210 Sagatun skule + 150.000 211 Fjordtun oppvekstsenter - 40.000 212 Nesse oppvekstsenter + 25.000 230 PPT - 15.000 271 Helsestasjonen - 100.000 275 Pleie og omsorg + 900.000 295 Barnevern - 200.000 295 NAV + 250.000 350 Teknisk drift + 150.000 100-800 Pensjonskostnader - 570.000 800 Statstilskot ressurskr. tenester - 155.000 800 Bruk av disposisjonsfond - 420.000 Sum 0 Det vert gjort slike endringar av investeringsbudsjettet: Opparbeiding av nye parkeringsplassar ved Sagatun barnehage, kr 50.000, vert finansiert ved bruk av ubundne kapitalfond. Tilleggsutgifter ved utskifting av gatelys, inntil kr 200.000, vert finansiert ved bruk av veglysfond. Gjennomføring av tilstandsanalyse for kaiflata i Balestrand sentrum, kr 100.000, vert finansiert ved bruk av ubundne kapitalfond. 31/09 SØKNAD OM SERVERINGS- OG SKJENKELØYVE - BENSEN BAR Tilråding: 1. Søknad om serveringsløyve ved vert innvilga med atterhald om Mattilsynet si godkjenning av verksemda. Lars Jonas Pedersen er dagleg leiar. Det vert stilt krav om gjennomført etablerarprøve for dagleg leiar. 2. Det vert med heimel i alkohollova 1-7 gjeve løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 (inntil 22 volumprosent alkohol) for perioden 01.10.09-31.03.12 Løyvehavar: Styrar for skjenkeløyve: Stedfortreder: Skjenkestad: Kjell Rune Sværen Lars Jonas Pedersen Side 5 av 7
Skjenkeområde: Inneområde, jfr teikning Skjenketid: 08.00 01.00 Det vert stilt krav om at stedfortreder gjennomførar kunnskapsprøva i alkohollova. 3. Ved endring i driftskonseptet for verksemda eller deler av denne skal det i høve alkohollova 4-2 søkjast på nytt. 4. Det er ein føresetnad at skjenkearealet ikkje vert utvida i høve til i dag, jfr. teikning over serveringsområdet. Tilrådd (3 mot 2) Handsaming: Det vart røysta over tilrådinga frå utval for oppvekst og omsorg. Kjetil Nesse la på vegne av Høgre fram slikt framlegg: Som tilrådinga men med slik endring: Skjenketid: 08.00-02.00 Røystinga ga slikt resultat: Tilrådinga frå utval for oppvekst og omsorg: 10 røysta for 7 røysta mot Framlegget frå Høgre: 7 røysta for 10 røysta mot. Vedtak 1. Søknad om serveringsløyve ved vert innvilga med atterhald om Mattilsynet si godkjenning av verksemda. Lars Jonas Pedersen er dagleg leiar. Det vert stilt krav om gjennomført etablerarprøve for dagleg leiar. 2. Det vert med heimel i alkohollova 1-7 gjeve løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 (inntil 22 volumprosent alkohol) for perioden 01.10.09-31.03.12 Løyvehavar: Styrar for skjenkeløyve: Kjell Rune Sværen Stedfortreder: Lars Jonas Pedersen Skjenkestad: Skjenkeområde: Inneområde, jfr teikning Skjenketid: 08.00 01.00 Det vert stilt krav om at stedfortreder gjennomførar kunnskapsprøva i alkohollova. Side 6 av 7
3. Ved endring i driftskonseptet for verksemda eller deler av denne skal det i høve alkohollova 4-2 søkjast på nytt. 4. Det er ein føresetnad at skjenkearealet ikkje vert utvida i høve til i dag, jfr. teikning over serveringsområdet. Vedteke (10 mot 7) 32/09 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN TIL DIGITALISERING AV FRIBERG KINO Tilråding: Balestrand kommune stiller, i samsvar med kommunelova 51 og forskrift om kommunale og fylkeskommunale garantiar, kommunal garanti (simpel kausjon) for lån på kr 300.000 i samband med digitalisering av Friberg kino, slik dette er framstilt i søknad av 03.09.09. Garantien varer i 10 år frå det tidspunktet vedtaket om å stille garanti er gjort. Handsaming: Gabriel Slørdahl tok opp spørsmålet om han som varamedlem i styret i Friberg kino og deltakar i styremøte der søknaden var oppe som sak var ugild. Gabriel Slørdahl ugild. Det vart røysta over tilrådinga frå formannskapet. Vedtak Balestrand kommune stiller, i samsvar med kommunelova 51 og forskrift om kommunale og fylkeskommunale garantiar, kommunal garanti (simpel kausjon) for lån på kr 300.000 i samband med digitalisering av Friberg kino, slik dette er framstilt i søknad av 03.09.09. Garantien varer i 10 år frå det tidspunktet vedtaket om å stille garanti er gjort. Side 7 av 7