Eit klokt val! "Ein glad gut" med ny tuba - Atle Romøren.



Like dokumenter
HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Til deg som bur i fosterheim år

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

mmm...med SMAK på timeplanen

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

MEDLEMSINFO. august 2009

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Jon Fosse. For seint. Libretto

«Ny Giv» med gjetarhund

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Psykologisk førstehjelp i skulen

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5


GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

M/S NYBAKK SI HISTORIE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Møteprotokoll for møte i

/

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

TIL DELTAKANDE KORPS:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Velkommen til songarstemne i Florø!

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Månadsbrev for Rosa september 2014

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Månedsbrev april 2015

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Informasjon til elevane

Månadsbrev for ROSA mars 2015

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Kva er økologisk matproduksjon?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Stemnehandboka for NKSF

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Kom skal vi klippe sauen

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Transkript:

Eit klokt val! (2008-08-20) På tampen av vårsesongen gjekk korpset til innkjøp av ein ny Ess-tuba. Det er ikkje kvardagskost å gå til innkjøp av korpsinstrument og iallefall ikkje tubaer; vi må attende til 70-talet for korpset sin del. Når ein byrjar å sjekke prisar på slike instrument, er det best å ha ei rimeleg god lommebok i bakhand og "is i magen". Typisk pris for ein tuba er frå kr. 60.000 og oppover. Det er ikkje rart det vert gjort grundige marknadeundersøkjingar før ein tar avgjerda om kva for eit instrument ein skal kjøpe - det er mange å velje mellom. Korpset har ein tilnærma fast instrumentleverandør i Musikk-Miljø AS i Bergen. Dei har vist seg å vere konkurransedyktige i pris og når dei i tillegg yter god service, er ikkje valet av leverandør så vanskeleg. Men likevel må vi ta eit val blant fleire alternativ og vi er no ein gong slik innretta, at vi gjerne vil ha ei nøytral og kompetent vurdering. "Ein glad gut" med ny tuba - Atle Romøren. Resultatet vart at vi nytta nokre av dei kontaktane våre "oldboys" har i korpsmiljøet. Vi hadde kjennskap til at Eikanger-Bjørsvik hadde testa dei og gitt dei godt skussmål. I tillegg bad vi Elisabeth Vannebo (som var på Tangen skule med "Korps er gøy" før ferien) om ei vurdering av dei instrumenta som Musikk-Miljø anbefalte. Valet fell til sjuande og sist på ein tuba av eit ganske nytt merke - York - og det var Elisabet som tok instrumentet med til Årdal. Det var ein særs fornøgd tubaist, Atle Romøren, som tok instrumentet i bruk hjå oss tidleg i juni. Og ein trong ikkje vere så veldig kunnig heller, for å høyre forskjellen på gamalt og nytt instrument. Mannen bak instrumentet var jo den same... Då er det særleg kjekt i etterkant å sjå at ein har gjort eit godt val av instrument. Ingen ringare enn tubaist Stein Erik Tafjord som nok er best kjent frå "Brass Bross", roser instrumentet både med omsyn til kor lettspilt det er, klang og basskjensle. Då kan vi vel seie oss nøgde med instrumentvalet. Det gjorde eit dugeleg innhogg i lommeboka, men vi er sikre på at det var ei veldig rett disponering. Vi nyttar sjølvsagt høvet til å takke våre sponsorar for at vi kunne gjere dette viktige instrumentkjøpet.

Sesongen startar (2008-08-22)

Nytt slagverk er på plass! No kan slagverkarane glede seg til sesongstart. Endeleg har vi fått nytt slagverk på plass. Her kjem statusrapport frå Katrine: "Heihei! Sidan vi skrudde trommesett med vi kunne på mandag, så kjem bileta omsider til livs no... Sjå vedlegg. Alle trommisar som skal sette seg bak dette kan glede seg, for det virkar å vere eit veldig bra sett som duger i massevis til vårt bruk. Herlig, dette har trommegruppa venta på i maaaaaaaaange år - og særleg dei siste åra har behovet for eit ordentleg trommesett blitt større og større. Endeleg er det på plass!!! Ein nøgd sjefslagverkar! Helsing Katrine" Nytt slagverk på plass! Stor glede hjå fleire enn sjefsslagverkaren for at nytt slagverk er på plass til sesongstart. Gamalt slagverk pensjonerast... Nytt slagverk i sine einskilde delar. Oddgeir overvakar monteringa. Nytt slagverk i all si prakt...... og Katrine er nøgd med valet.

Tyrolerkupp i korpset? (2008-09-26) Ja, kupp var vel ikkje rette ordet. Dei har ikkje "kuppa" dei vanlege tysdagsøvingane, men berre funne ut at eit lite Tyrollerorkester kunne vere kjekt å ha. Så torsdagskvelden samla det seg eit lite ensemble i Samfunnshuset for å spele tyrolermusikk. Mest for å ha det gøy saman, men dei har no tankar om at det skal bli eit lite orkester som kan spele rundt omkring i bygda og eventuelt i distriktet rundt oss. Idéen vart visst klekt ut av Oddgeir og Christine på pub'en ein kveld. Tilbodet om å vere med å spele er i fyrste omgang ekslusivt for medlemmar i ÅML. Korpset dekkjer kostnadar ved øving (instrument, notar og husleige) som for resten av korpsaktivteten vår. Viss det ikkje vert ekstraøving på kommande torsdag for skipsdåpen fredag, samlast dei då også - kl. 1830 i Samfunnshuset. Og skulle du få lyst, er det berre å møte opp. Det er god plass til fleire enno. "Vegen skal bli til mens vi går."

Å, gid dei lenge, lenge, lenge leve må... (2008-10-04) Det vart både dåp og bursdagsfeiring på korpset sist fredag. Fjord1 døypte den nye storferja si som skal gå på Manheller-Fodnes samme dagen som dirigenten vår runda år. Fredag 3.oktober var det seks tiår sidan vår kjære dirigent såg dagens lys. Ikkje lenge etter fekk han fingrane i sin første kornett og resten er historie. Oddgeir Øren er berre så vidt yngre enn korpset sjølv, men er ein av dei som har aller lengst fartstid i korpsrørsla i bygda. Både som musikant og dirigent brenn Oddgeir djupt og inderleg for at Årdalstangen musikklag skal vera eit aktivt og inkluderande korps eigenskapar han også sjølv er sterkt prega av. Som ein ekte korpsmusikant feira Oddgeir dagen med både "Flaggheis" og "Ja, vi elsker" då Årdalstangen Musikklag deltok i den høgtidelege skipsdåpen på kaien fredag ettermiddag. Det er heller ikkje fritt for at opptil fleire tok i litt ekstra til ære for dirigenten på minst eit par av dei til saman 13 Flaggheisane som måtte til før Fjord 1 endeleg fekk flagget til topps på den splitter nye superferja som sjølvsagt fekk namnet "Årdal". Før champagnedåpen varma me gjestene opp med mellom anna "Java Jive" og "DeGarde", deretter følgde planmessig og tradisjonen tru Flaggheisfanfarane og to vers av nasjonalsangen. Sidan vart dei prominente gjestene som mellom anna omfatta fleire administrerande direktørar, to ordførarar og andre sentrale personar i kommunane Årdal og Lærdal, i tillegg til fylkesordførar Sandal, sendt om bord i skipet akkompagnert av "Congratulations". Inne på dekket gjekk me deretter laus på eitt heilt naturleg val, nemleg Anchors Aweigh og lat det vera sagt: sjeldan har den lete så godt som under bildekket på denne jomfruturen. Fjord1 Fylkesbaatane serverte gjestene pølser og snittar i enorme mengder og sette dessutan isdisken på vidt gap til stor glede for fleire av våre medlemmer. Alle gjestene fekk vera med på ein svipptur til Offerdalen med innlagt piruett like utanfor Seimsdalen på vegen innatt. Attendemeldingane me fekk frå arrangørane gjekk på at dei var særs nøgde med vår opptreden og det var det flerie av oss andre som var òg. Attende på kaien kunne me ikkje dy oss lenger, så ein pitteliten men svært høgstemt bursdagssang vart framført, medan formann Seim overrekte ein gåvesjekk til Oddgeir i anledning dagen. Gratulerar så mykje med dagen, Oddgeir alle er samde om at det var ein veldig fin tur, og ikkje minst: at det var kjempekjekt å kunne feira han saman med deg i skikkeleg korpstradisjon.

God og vel fortjent haustferie til alle! (Og så kjem det nokre fleire bilete i biletarkivet etter kvart.)

Tuba or not tuba? (2008-10-11) Lettare omskriving av Shakespeare sitt berømte sitat er på sin plass for å beskrive det tubaisten Øystein Baadsvik presterer med sitt instrument. I fylgje Wikipedia er Baadsvik verdas einaste heiltids freelance tubasolist og reknast som ein av dei aller framste utøvarane på sitt instrument. Men han starta si karriere i eit vanleg skulekorps i berlinerpoplane sitt land - med andre ord på Byneset utanfor Trondheim. Eit av verka hvor han tek tubaen til nye høgder, er hans eigen komposisjon "Fnugg". Nedanfor finn du to innspillingar av dette stykket som er verd å låne øyret til. Fyrst korleis det heile starta med eksperimentering på tubaen. Og så korleis det let i samspel med Stavanger Brass Band. Har du lyst å finne ut meir om Baadsvik, har han si eiga heimeside med både lydeksempel og CD-butikk. Og ikkje minst ei side med gode råd og tips for både tubaistar og oss andre.

Korpset deltok på Verdsdagen for psykisk helse (2008-10-15) Sist tysdag vart "Verdsdagen for psykisk helse" markert i Årdal. I samband med arrangementet hadde korpset ein liten utekonsert utanfor Tangevegen 14 - basen for kveldens arrangement og også psykiatritenesta i kommunen. Vi har nok vore ute for mykje verre, men både tussmørke og nokre vindkuler gjorde det til ei lita utfordring å ha utekonsert. Spesielt sidan vi drista oss til å spele "store notar" som krev notestativ. Heldigvis var temperaturen ganske brukbar. Det vart ei etter måten lang speleøkt denne kvelden sidan vi starta kl. 18 og heldt fram med normal øving frå kl. 19-21. Vi var heldige og vart invitert på kaffe og kake i Tangevegen 14 i pausen vår midtvegs i øvinga. So langt i haust har vi hatt 3 speleoppdrag. I 2008 har korpset vore ute på 23 forskjellige arenaer. Eit forsiktig overslag over publikumstalet syner at ca. 2800 har høyrt på oss (stått eller sete innanfor ein radius på 100 m). Det må vi vel seie oss nøgde med. Du finn nokre fleire bilete her.

Seminarhelg pågår (2008-10-25) Denne helga har korpset helgeseminar. Det er finpuss på stoff som skal framførast på korpskvelden i Farnes kyrkje mandag 27/10 som står på øvingslista i helga. No skriv vi laurdag kveld og vi har hatt 9 timar øving fram til no. Det er ikkje fritt for at vi skjønar at begrepet mengdetrening også gjeld for musikarar også. Ting som syntest umoglege på fredag då vi starta, byrjar etterkvart å låte rett så bra. Mesteparten av tida har vore fellesøving, men litt gruppeøving har vi også hatt. Vi starta allereie kl. 10 i dag, laurdag. Litt tidleg for nokre var det nok, men innsatsen var god frå fyrste stund. Etter 3 timars øving, gjekk turen til Seimsdalen og felles middag hjå Wenche. Vi hadde ei god pause og fekk tid til både mat, småprat og TV-titting. Ikkje såpeserie, men gruppa Mnozill Brass - og både ung og gamal humra då dei dyktige musikarane boltra seg på skjermen. Berre sjå her. Vi gjer oss klare. Pause gjer godt... Og i morgon ettermiddag tek vi den siste samkjøringa med solistar. Det vert spennande å få høyre korleis heilskapen let. At det lovar godt for konserten mandag, er vi sikre på.... og mat likeeins. Dei yngste fann seg fort til rette i TV-stova.

Korpskveld med dramatikk i Farnes kyrkje (2008-10-28) Korpskvelden i Farnes kyrkje i går, måndag 27/10, fekk eit forløp som ikkje var heilt etter planen. Fem korps skulle møtast til storslagen korpskonsert; oss sjølve, Flåm Musikklag, Lærdal Musikklag, Farnes Skulemusikk og Øvre Årdal Janitsjar. Slik gjekk det ikkje. Nok ein gong rasa det i Naustbukti, men enno ein gong var flaksen heldigvis på trafikantane si side. Ei ekkel kjensle For dei av oss som hadde komme oss opp til Farnes kyrkje, var det inga god kjensle å få melding om raset og vite at meir enn halvparten av våre var på vegen mot Øvre ein stad. Det same gjaldt for våre nabokorps i Flåm og Lærdal. Korleis sto det til med dei? Vart nokon råka av raset? Ikkje lett å førebu seg til konsert i ein slik situasjon. Olav og Sondre ventar på konsertstart. The show must go on Heldigvis vart ingen råka korkje korpsmusikarar eller andre. For Lærdal Musikklag enda det med vendereis for alle. For oss enda det med at godt og vel halvparten måtte snu og køyre ned att til Tangen. Spørsmålet for oss vart om vi i det heile var speleføre med så redusert mannskap. Konsentrasjonen var heilt vekke for både dirigent og musikarar i tillegg til at viktige instrument og stemmer mangla. Men korpset har enno til gode å trekkje seg eller takke nei til speleoppdrag, så etter ein Ivar og Svein Petter ventar også.

kort prøverunde på bakrommet valde vi å la det stå til. Vi framførte dei fire nummera vi hadde planlagt å spele. Fyrst kom "The British Grenadeer" med solistane Sondre Øren og Knut Olav Alhaug på blikkfløyte lett akkompagnert av korpset i eit arrangement av vår eigen Asle Aanes. Så fulgte "Gabriellas song" med solistane Nils Førsund (song) og Katrine Fredheim (klokkespel). Ein spesiell takk til Nils som stilte opp han var førespegla å spele med stort korps slik som på øvinga søndag. Han fekk ikkje det "trøkket" han hadde fortent. Dernest spelte vi "Visa från Utanmyra". Dette er ein svensk folketone som er udødeleggjort av den svenske pianisten Jan Johansson med sin "jazz på svenska". Og så avslutta vi med Abba-klassikaren "Mamma Mia". Ikkje nyårsafta - berre Håbakken by night. Og når sant skal seiast så er vi rimeleg nøgde med prestasjonen vår forholda tatt i betraktning. Litt famlande var vi innimellom og sikkert litt "sure" også. Men vi spelte og kom oss heilskinna gjennom konserten. Vi trur kanskje at ein del korps ville vald å trekkje seg i ein liknande situasjon. The long and winding road Utan mat og drikke, dug som kjend heltar ikkje. Litt over halv ti starta heimturen både for oss og flåmingane. Dei fleste privatbilane hadde framleis sommardekk og ingen av oss tok sjanse på å køyre desse over fjellet. Då er det veldig kjekt når vi får låne bilen til ein av våre eigne som er busett i Øvre. Ein stor takk til Svein Listhaug som stilte bil med vinterdekk til disposisjon. Saman med Katrine sin velskodde bil, kom den vetle flokken med tangingar seg heimatt. Ein takk går også til dei som driv kafe/kiosk på Håbakken i Lærdal. Sjølv om dei ikkje hadde mat å by på, opna dei døra slik at vi fekk kjøpe drikke og sultdøyvarar som sjokolade og snacks. Klokka var vel passert midnatt då vi var attende på Tangen etter 10-12 mils omkøyring og både svoltne, oppkava og trøytte. Ikkje godt å få sove med ein gong, men det skal som kjend "meir enn ei kule til ein trønder". Bilete frå seminarhelga og konserten kjem i biletgalleriet om ein dag eller to - følg med.

Leiaren om konsertopplevinga i Farnes kyrkje (2008-10-29) Korpset sin leiar var blant dei som ikkje kom seg til Farnes kyrkje og konserten der mandag kveld. Her skriv han nokre ord om opplevinga og måten korpset løyste utfordringa med både konsertgjennomføring og heimtransport. Denne konserten vart ikkje som vi hadde planlagt etter ei svært god seminarhelg. På veg til konserten vart korpset delt grunna raset ved Naustbukta. Vi var 4 bilar med korpsmedlemmer som sto å venta på grønt lys då vi høyrde eit forferdeleg brak og såg røyken kom nedover fjellsida. Vi skjønte med ei gong at dette var eit stort ras. Fleire bilar med korpsmedlemmer hadde kjørt gjennom rasområdet like før oss, så vi var spente korleis det hadde gått med dei. Politiet var raskt på plass og etter ei kort stund fekk eg heldigvis bekrefta at ingen bilar var skadd av raset, men at vegen ville ikkje bli åpna att om kvelden. Eg fekk kontakt med dei frå korpset som var komne til Farnes kyrkje og orienterte dei om at vegen var stengd til dagen etter, men at ingen var komen til skade. Dei frå korpset som var komne til Øvre gjennomførde konserten etter det oppsette progrmmet. Det var verkeleg imponerande. For å koma heimatt måtte dei kjøyra over fjellet, men problemet var at berre bilen til Katrine hadde vinterdekk. Dette problemet løyste Svein, ved at dei fekk låna bilen hans som hadde vinterdekk. Det er slike positive innstillinger av korpsmedlemmene som gjer at det er morro å vera leiar. Eg vil takka for den positive innstillinga alle hadde til å løysa den situasjon som vi var komen i. Arne Harry (leiar)

Vel møtt til stemningsfull utekonsert

Mnozil-kveld på Klingen Pub (2008-11-04) Måndag 10. november har du høve til å sjå/høyre noko heilt anna enn sport på TV-skjermane på Klingen Pub - nemleg Mnozil Brass. Vi har gjort avtale med pub'en om tilgang til TV-skjermane denne kvelden og frå kl. 21 kan du altså oppleve Mnozill Brass. Pub'en er elles open for alle - ikkje berre korpsmusikantar. Ta med deg vener som har sans for showprega musikk og bruk eit par timar på pub'en denne kvelden. Vi kan love at du trekk på smilebandet minst ein gong i løpet av kvelden. Mnozil Brass er ei gruppe på sju "galne" brassmusikarar frå Austerrike. Dei både spelar, syng og driv skodespeleri. Det starta med ein enkeltståande konsert på ein taverna i heimlandet - no har dei omkring 120 konsertar i året over heile verden. Dei seier sjølv m.a. at dei speler brassmusikk for alle slags folk. dei tar alle utfordingar på strak arm; ingen tone før høg og ingen musikk er for avskrekkande Og ja - vi veit det er arbeidsdag dagen etter. At det vart måndag har ei grei forklaring. Merete som saman med Christine tende på idéen til Oddgeir om Mnozil-pubkveld, nyttar høvet til å få feire 18-årsdagen sin denne kvelden.

Stor suksess for Janitsjaren i Måløy (2008-11-16) Denne helga går den siste fylkesmeisterskapen for amatørkorps av stabelen i Måløy. Vårt nabokorps i aust - Øvre Årdal Janitsjar - der også Christine, Merete og Svein Petter er med, satte kursen mot Måløy fredag ettermiddag for å delta i konkurransen. I går kveld tikka det inn ei tekstmelding frå Merete om at Janitsjaren hadde sikra seg både 1. plass og underhaldningspremien. Vi ynksjer dei hjarteleg til lukke med dei fantastiske resultata med denne helsinga. Den skulle helst hatt tonefølge av feiande korpsmusikk, men det ligg utanfor redaktøren si makt. Velkomne heimatt! Meir om resultata frå meisterskapen kjem heilt sikkert på NMF Nordvest og Janitsjaren sine heimesider når dei berre får summa seg etter festkvelden i går og heimreisa i dag. Og for den som lurer på kvifor dette var den siste fylkesmeisterskapen: NMF er no organisert i regionar. For oss tyder det at vi er ein del av NMF Nordvest i lag med Møre & Romsdal. Så neste gong vert det regionmeisterskap.

Afro-amerikansk i Øvre (2008-11-18) Kommande torsdag er det verd å ta turen til idrettshallen i Øvre. Når klokka slår 18:00 startar 9. klassane si framsyning som er resultatet av eit prosjekt om afro-amerikansk musikk. Her vert det ei framsyning med dans, teater og musikk - eit forrykande show kan Christine melde. Konserten er eit skuleprosjekt, men har også fått litt pengestøtte frå "Den kulturelle skulesekken". Du må ut med den symbolske summen av kr. 50 for å få høve til å sjå framsyninga.

Adventslotteriet vårt er i gang... (2008-11-23) Salet av vår etter kvart så tradisjonsrike adventskalender er i gang. Vi voner alle våre gode venner, fjern som nær, støttar oss ved å kjøpe ein eller fleire kalendarar. I dette lotteriet går kvar einaste krone direkte inn i korpset si kasse og er eit av dei viktigste bidraga til drifta av laget. Klikk og sjå større bilete. Og skulle du vere så uheldig å ikkje få fatt i kalendaren, kan du sende ei melding til whkulset@online.no og tinge det antal kalendarar du ynskjer. Då får du dei tilsendt i posten. Prisen er kr. 30 pr. stk. og vi avtaler betalingsmåten. Kalendaren har 24 skrapefelt og det er om å gjere å skrape fram eit visst tal juletre. Premiane er gåvekort på ulike forretningar i Årdal.

Flåm Musikklag jubilerte med stil! (2008-11-24) Rundt 100 tilhøyrarar hadde benka seg klare med kritiske øyrer og høge forventingar i Flåm Samfunnshus sist laurdag. Vi var invitert til korpstreff som avslutting på jubileumsåret deira. Vertane opna konserten med fire nummer under sin faste dirigent, Anders Mo. Han leia jubilanten gjennom konserten på ein fin måte, m.a. med måten han introduserte musikkstykkja for oss publikumarar. Vertskorpset med dirigent Anders Mo opna kvelden. Deretter var det våre kjenningar frå Lærdal som entra scena. Kjekt å sjå at nye musikkarar kjem til i rekkene hjå dei også. Ved dette høvet hadde ikkje deira faste dirigent høve til å vere med, så Andres Mo stilte opp og losa dei trygt gjennom sine fire nummer etter berre to øvingar i lag. Vi hadde fått æra av å avslutte konserten. Som i hopprenn, så er det ofte vanskeleg å vere siste aktør. Det var dette med å hoppe etter Wirkola - eller fallskjermen, som Øystein Sunde seier det. På litt "myrsnipevis" vil eg seie at vi gjennomførte vår del av jobben på ein svært akseptabel måte. Reidun Borlaug er korpset sin leiar i "On Parade Again" er eit fint nummer til både opning jubileumsåret. og avslutting av ein konsert. Vi fekk fram dynamikken i stykket og sto på slik at karakteren også kom fint fram. Deretter hadde vi valgt å ta med "Gabriellas Sång" nok ein gong. Dette stykket står i stor kontrast til opningnummeret. Eg tykte me greidde oss bra her også. Katrine er tryggheita sjølv som solist på klokkespel og kompet sat som ei kula. Nils Førsund var engasjert til å synge, men vart ramma av influensa. Me får heller ta den tråden oppatt ved eit seinare høve. "Java Jive" kom som tredje nummer - passe slentrande spelt. Vi traff godt på stil og soli-innslaga fra Christine og baritonane, Svein og Terje, sat som ei kula (her og). Så var det Merete og hennar bassklarinett sin tur. Med "Visa från Utanmyra" får korpset verkeleg prøvd seg. Dei dynamiska spranga, variasjonane i toneartar og kravet til musikalitet er heilt på grensa av kva korpset er i stand til å greie. Men dette gjekk kjempebra. At bassklarinetten er alle instrumenters mor vart stadfesta. Flott gjennomført. Til avslutning hadde vi denne gongen valgt "Just a closer walk with Thee". Musikken her er veldig godt kjend hjå dei fleste. Stykket er det ferskaste vi har på repertoiret og på langt nær ferdig innøvd. Likevel gjekk denne også ganske bra - det er nokon som seier at ein jobbar best under press. Det er kanskje noko i det munnhellet. Flåm Musikklag sin leiar, Reidun Borlaug, takka gjestekorpsa med å gi blomar til yngste musikant. Flott trekk frå arrangøren og prisverdig framferd av Susanne. Skulle nesten tru at ho ikkje har gjort anna enn å teke mot blomer i heile sitt liv. Som avslutning på ein fin og minnerik konsertkveld, hadde Musikkens Venner stelt til middag for korpsmedlemmer og bygdafolk. Nokre av våre medlemmer valde å sette kursen for Årdal - dei gjekk glipp av sosekjøt og sviskegraut. Festløvane vart att og fekk med seg både middag og ein god svingom. Det er så kjekt å få kontakt med trivelege folk frå nabobygdene, samt å sjå og høyre utviklinga hjå dei. Vi takkar hjartelegast for invitasjonen. Fleire bilete frå kvelden finn du i biletgalleriet. Og no er vi klar for neste oppgave - juletretenning med adventskonsert og julekonsert står for døra. - Oddgeir -

Ein gong for lenge, lenge sidan (2008-12-04) Heilt attende til 70-talet må vi. Det var det tiåret då til dømes momsen vart innført, den gamle treskia måtte vike for glassfiberskia, oljekrisa var eit faktum og likestillingslova trådte i kraft. Klesmoten nemner vi ikkje med eit ord. På denne tida var det Asle som dirigerte korpset. Han fann ut at det var på tide med korpsseminar med innleigd instruktør på Tangen også. Sidan han ikkje kjente til nokon god kandidat, tok han sjølvsagt (!) ein telefon til Stabsmusikken i Oslo og la fram ærendet sitt. Der fekk han ei klår anbefaling det var Kjell Martinsen som var mannen. Asle tok kontakt og hyra han inn til øvingshelg på Tangen. Slik starta eit mangeårig venskap som framleis varer ved. Kjell har hatt sitt virke i Stabsmusikken i ein mannsalder. No har styret bestemt seg for at det er på tide med ei oppfrisking av gamalt venskap og samstundes få inn litt frisk luft i krokane. No oppfordrar dei alle medlemmar til å sette av helga 23.-25. januar til seminar med Kjell korpsmusikkens Nils Arne Eggen i fylgje nokre kjelder. Meir om Kjell må du leite opp sjølv viss du ikkje kan vente, men det kjem meir om hans merittar når det lir litt på. Kan jo ikkje ut med alle godbitane på ein gong, heller. Kjell vil vere med oss fredag og laurdag, men søndag må han vere attende i Oslo då han og kona er mellom heidersgjestane på H.M. Kongens Gardes Musikkorps sin årskonsert. Men vi skal nytte søndagen til generalprøve på årskonserten helga etter. Om ein av Kjell sine turar til Årdal Både Asle og Oddgeir har mange historiar å fortelje om Kjell og denne tida, men ei historie kjem dei alltid attende til. Ein gong Kjell var på veg til Årdal og øvingshelg med korpset, gjekk det ikkje betre enn at han køyrde av vegen i Vang i Valdres. Han fekk ringt oss og vi heiv oss i ein bil og henta han, fortel dei. Kjell klaga han litt over vond nakke den helga, men gjennomførde seminaret. Søndagen var han nøydd tilbake Lillestrøm til eit visst tidspunkt - han skulle dirigere eit av korpsa sine på konsert. Sin eigen bil kunne han ikkje køyre, difor køyrde vi han, overvar konserten og drog heimatt om natta. Den vidare historia er slik: Bilen hans, ein Renault 16 av litt eldre årgang, vart henta til Årdal og reparert på dugnad av korpsmedlemmene. Eller forresten ikkje reparert, men fullstendig overhala. Eit "komplett" vrak av tilsvarande merke/årsmodell vart innkjøpt og under leiing av ein svært kyndig bilmekanikar og korpsmedlem Eilif Westerheim, steig bilen opp som ein fugl Føniks etterpå. Bilen hadde han i mange år etterpå. Betalinga var ei ny seminarhelg i samband med at han henta bilen.

Så vert det jul allikevel! (2008-12-07) Så vart det heldigvis julegatelys på Tangen i år likevel. Og like sikkert som adventskalendaren til korpset kjem i sal, er Tone og Hanne på plass med dombjeller og kalendarsal i gata på Tangen. I år fekk dei litt ekstra tonefygje til dombjellene. Og ikkje tykkjer vi julegata ser så ille ut, heller. Kvar og ein kan vel misse motet når julepyntkassa vert henta fram og opna etter eit år i ein mørk krok. Hanne og Tone fridde iallefall til "tyrolergruppa" i korpset om å få hjelp til å lage litt stas på at julegata kom opp likevel. Laurdag føremiddag var det difor ei skjønn blanding av julesangar og tyrolersangar å høyre på Tangen. I fylgje dei to kalendarseljarane gjekk salet eit godt hakk betre då tyrolerkvintetten tok til å spele. Sjølv om det var litt kaldt å spele, kan ikkje lyden ha vore så aller verst sidan folk let seg stoppe og overtale til å kjøpe ein kalendar eller tre. To blide seljarar med dombjeller - Hanne og Tone. (Foto: E.J. Lund) Tyrolerkvintetten spelte ein times tid, men då var fingrane såpass kalde og stive at dei måtte gi seg. Tyrolerkvintetten i aksjon. (Foto: E.J. Lund) Dette var fyrste opptreden for gruppa som møtest ein gong i veka og berre speler for eigen fornøyelse. Men kven veit - kanskje torer dei seg ut blant folk fleire gonger.

Julekonsert i Årdal kyrkje (2008-12-14) I konkurranse med både EM-finale i handball for kvinner og søndagsopne butikkar, samla det seg likevel folk seg til den tradisjonsrike julekonserten i Årdal kyrkje i ettermiddag. At spesielt EM-finalen heldt ein del heime frå konserten, kan vi vel vere rimeleg sikre på. Dette er ei årviss utfordring sidan EM alltid vert avslutta med finale denne søndagen. Årdalstangen Musikklag Opplegget for konserten fulgte tradisjonsrikt opplegg med veksling mellom fellessong og særnummer frå korpset og Årdalskoret. Andre utøvarar var ikkje med i år. Musikalsk vart konserten ei fin blanding av kjente, Årdalskoret kjære julesongar og nokre meir ukjente. Korpset hadde "Joy to the world", "Une Après-Midi", "Mitt hjerte alltid vanker" og "When you wish upon a star" som særnummer. På "Une Après-Midi" komponert av Vangelis (mest kjend for musikken til filmen "1492 - Conquest of Paradise") hadde korpset Merete Kulset som solist på bassklarinett. Eit litt spesielt trekk med dei stykka korpset spelte, er at tre av dei var arrangert av John Brakstad. Walt Disney-klassikaren "When you wish upon a star" var unnataket. Årdalskoret opna si avdeling med "Adeste Fideles". Deretter kom "Mitt hjerte alltid vanker" og "Kyrie Eleison" før dei avslutta med "Glade jul". Dei hadde Bjarne Øren som dirigent og orgelakkompagnement av Freek Ypma. Konserten vart avslutta med "Fager er jordi" der både publikum, kor og korps deltok. Fleire bilete frå kvelden finn du i biletgalleriet nesten nederst på sida.

Arne Harry kåra til Årets årdøl (2008-12-18) Vår kjære leiar vart tidlegare i dag kåra til "Årets årdøl". Vi gratulerer sjølvsagt og tykkjer det var ein fortent utmerking. Prisen vart overekt av ordførar Arild Ingar Lægreid tidlegare i dag. I grunngjevinga for kåringa vert Arne Harry si lange fartstid i korps både som musikant og tillitsvald trekt fram saman med hans engasjement i ÅTIL, Quality Games og Idrettsrådet. Også samarbeidet med Lærdal Musikklag i ei tid då begge laga sleit med rektruttering vart nemd. Årets årdøl 2008.