VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: Q80 Arkivsaksnr.: 2013/1050 Saksbehandlar: Stine Misund Fiksdal Dato: 30.04.2014 Trafikktryggingsplan 2015-2018 Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet 13.05.2014 37/2014 Saksprotokoll i Planutvalet - 13.05.2014 Vedtak: Planutvalet godkjenner at Trafikktryggingsplan for 2015-2018 blir lagt ut til offentleg ettersyn. Behandling: Under pkt. Kategori 4: Større tiltak langs Fv661 og europavegane skal pkt om Krogset endrast til: gang- og sykkelveg frå Krogset til Helset. Avrøysting: Innstillinga frå administrasjonssjefen vart samrøystes vedteken. Administrasjonssjefen si innstilling Planutvalet godkjenner at Trafikktryggingsplan for 2015-2018 blir lagt ut til offentleg ettersyn. SAKSUTGREIING: Bakgrunn:
Denne plana er ei rullering av Trafikktryggingsplana for 2009-2012. Den nye plana gjeld frå 2015-2018. Adm.sjefen har bedt om uttale frå lokalbefolkninga og instansar og fått om lag 25 tilbakemeldingar. Det har vore gjennomført møter der planavdeling, tekniske tenester, kommunalsjef for skule, kommunalsjef for plan, folkehelsekoordinator og barn og unges representant har vore tilstades. Desse har i fellesskap utarbeidd den nye prioriteringslista med bakgrunn i førre trafikktryggingsplan for 2009-2012 og dei nye innspela som har kome inn. Vurdering: Adm.sjefen vurderer det slik at Trafikktryggingsplana 2015-2018 kan leggast ut til offentleg ettersyn. Her er ei vurdering av dei innkomne innspela fordelt etter kategori: Prioritert Ikkje prioritert (Raude tal er kun ei nummerhenvisning til eit dokument) Kategori 1: Gang- og sykkelveg langs kommunale og fylkeskommunale vegar som det kan søkast trafikktryggingsmidlar til (50 % kommunal del) -Vestnes: fortau på Hagnesvegen, fartsdempande tiltak (18, 22)fortau ikkje tatt med i denne perioda, siktrydding er tatt med på prioriteringslista. -Vike: vidareføring av gang og sykkelveg, Febrandshaugen - Gjermundnes (12) Tatt med på lista over -Øverås: gangveg frå byggefeltet til bussbygget(treningsbrakkene) der ungane venter på bussen (14)ikkje -Vik: fortau på Vikvegen frå Vik krysset til undergangen ved Idahall (1) oppstart av reguleringsplan er med på prioriteringslista. Kategori 2: Andre tiltak på kommunale og fylkeskommunale vegar som det kan søkast trafikktryggingsmidlar til (50 % kommunal del) -Tomrefjord: forlenget 60 sone frå skilt med Tomrefjord. evnt skiltet fotgjengerovergang. (14) ikkje -Tresfjord: fartsdempande tiltak frå Tresfjord skule og opp til Skjørsletten (kommunevegen opp mot Kjersemfjellet) (5) Tatt med på lista over -Fiksdal oppvekstsenter, busstopp og gangveg på same areal, trafikkfarlege situasjonar (11) Problematikken rundt busstoppet er tatt med på prioriteringslista. -Fiksdal: fotgjengarovergang frå nytt fortau/parkeringsplass og over fv147 til jokerbutikken (11) ikkje -Vestnes: ønske om fotgjengarovergang når ein kjem frå gamlebrua og skal mot sentrum. (over vegen som går bort til Rema)(2,7) Tatt med på lista over -Vestnes: oppmerking av fotgjengarovergang mellom Helland barnehage 1 og 2 (3) ikkje prioritert i -Vestnes: oppmerking av fotgjengarovergang frå same barnehage mot gartneriet(3) ikkje prioritert i -Vestnes: fartsdempande tiltak ned mot Myra (3) ikkje -Vestnes: fartsdempande tiltak på Misfjordvegen frå krysset opp til Hellandhaugen og til avkjørsel til Kråkvika. Spesielt fotgjengarovergangar for dei som bur på nedsida.(7) ikkje prioritert i denne perioda. -Vestnes: betre trafikktilhøva for busspassasjerar ved Vestnes brygge. (7)Eit tema i den nye
reguleringsplana for sentrum og opprusting av sjøfronten. -heile kommunen: generell siktopprydding (9) Tatt med på lista over -Vestnes: busskur for elevane ved Helland skule (10,17) Tatt med på lista over - Vestnes: busslomme, fotgjengarovergang, nedsett fartsgrense Remmemsvika (24)Trafikktryggingstiltak i Remmemsvika og Skulevegen er med på prioriteringslista. -Vike: videreføring av gs veg ned til hurtigbåtkaia på Vike.(23) ikkje Kategori 3: Veglys finansiert gjennom årleg løyving frå kommunen, Nordvest nett AS og ev.private. -Fiksdal: gatelys i byggefelt Fiksdal vest (9) Tatt med på lista over prioriterte tiltak under punkt 4. -Fiksdal: gatelys på gjenstående strekning frå Fylling til enden av Fiksdalstrand (9) ikkje prioritert i -Vike: meir lys ved nedkjøring til Vike skule på same side som busskur (12) Tatt med på lista over -Vestnes: manglande/dårleg belysning i Kollen(19) Tatt med på lista over prioriterte tiltak under punkt 4. Kategori 4: Større tiltak langs Fv661 og europavegane -Vestnes: stenge krysset på bakketoppen ved Vestnes kyrkje (1) Tatt med på lista over prioriterte -Tresfjord: bygge opp att/rekonstruere gamlevegen mellom Tresfjord og Daugstad/Fagervika til gangog sykkelveg (13) ikkje -Tresfjord: gang- og sykkelveg mellom Øygardsbakken og Eidhammar utan innsnevring av vegen (13) ikkje -Tresfjord: gang- og sykkelveg mellom Eidhammar og til Eiknessvingen/Bjermeland (13) ikkje -Krogset: gang- og sykkelveg frå Krogseth til Skjegstad (12) Blir bygd i samband med Tresfjordbrua. -Skorgen: gang- og sykkelveg frå Skorgen barnehage til Eiknessvingen (16) ikkje prioritert i denne perioda. -Fiksdal: fortau på fv661, frå fv147 til Iverbakken (9) ikkje -Fiksdal: vidareføring av gangveg langs fv661 til Marken (9,11) ikkje -Fiksdal: gangveg frå Fiksdal oppvekstsenter mot kirka og videre langs fv661 (9,11,15) Tatt med på lista over (Fram til setervegen) Kategori 5: Andre tiltak langs Fv661 og europavegane -E136: ombygging av avkjørsle til skogsbilveg. Mathias Sylte gnr 9, bnr 13. (1) ikkje prioritert. -E39: fleire busslommer på strekninga Remmem-Ellinggarden (7) Tatt med på lista over prioriterte -E136-forbikjøring forbod skilt ved kryss til Vike kaia og Tresfjord sentrum (12)ikkje aktuelt når brua med nye tilførselsvegar står ferdig (midtdelar). -Tresfjord: fotgjengarovergang med skilt mellom Spar Tresfjord og bensinstasjonen(13) ikkje prioritert, trafikken vil minke betraktelig når brua er ferdig. -Tresfjord: fotgjengarovergang med skilt mellom sluttpunk på gangveg til kyrkja og kyrkjeporten (13) ikkje prioritert, trafikken vil minke betraktelig når brua er ferdig. -Fiksdal: busslomme og busskur ved krysset fv147 og fv661 (9) ikkje -Fiksdal: fartsdempande tiltak på FV661 ved Fiksdal oppvekstsenter (1) Fotgjengarovergang tatt med på lista over Kategori 6: Diverse mindre tiltak (Skilting, siktrydding og fartshumpar)
-Vestnes: dårleg sikt i krysset til Hagneset ved bobilane (1,18) Dette blir jobba med å finne ei løysing på, er med på lista over -Fiksdal: elevar ved Fiksdal oppvekstsenter ønsker at skulebussen går heilt opp til siste bebyggelse i bygda slik at dei ikkje må møte opp på joker butikken. (2) Tatt med på lista over - siktrydding langs Hagnesvegen (18) Generell siktrydding i heile kommunen er med på lista over -gang- og sykkelstien mellom Kollen og Myrateigen blir brukt som bilveg, sette opp ei betre sperring?(bommen blir broten opp) Tatt med på lista over -Vestnes: fartsdempande tiltak i Remmemsråket, skilting, fartsdempar (4) Tatt med på lista over -Vestnes: ønske om fartsreduserande tiltak langs Brastadstranda. Skilt? (20) Tatt med på lista over -Vestnes: redusere fartsgrensa på Skulevegen (10,17) Tatt med på lista over -Vestnes: skilting ved innkjøring til Skulevegen med Skuleveg-køyr forsiktig (10,17) Tatt med på lista over -Vestnes: fartsdempar Hagneset (21) Er innafor eit veldig avgrensa område og blir derfor vurdert til ikkje å bli med på lista. -Vike: fartsdempar ved avkøyring til Vike friskule (12) Tatt med på lista over -Fiksdal: nedsett hastigheit på fv147 frå fv661 til Marken (9)Usikkert om denne skal være med. -Tresfjord:50 sone frå Rypdal bedehus og opp til Øvstedalen (13) Tatt med på lista over prioriterte Andre innspel: Fylkeskommunen: ber om at tema som skuleskyss og trafikantretta tiltak vert innarbeidd i plana. Barn og unge bør gjevast særleg muligheit til å medverke, gjennom til dømes barnetråkkregistrering, fagdag i skulen eller liknande. Lokal bussoperatør bør også gjevast muligheit til å medverke i prosessen. I tillegg ber dei om at Trafikktryggingsstrategien for Møre og Romsdal vert lagt til grunn i arbeidet. Vegvesenet: opplyser om at plana bør være godt forankra i kommunens politiske og administrative system. Plana bør vere ein del av det kommunale plansystemet og gis politisk behandling som samsvarar med dette. Dei ber vidare om at Statens vegvesen si handbok 209 leggast til grunn for innhaldet i plana. Plana bør innehalde omtale av dei lover, forskrifter og overordna planer som den er forankra i, og ei evaluering av gjeldande Trafikktryggingsplan. Problemområde må registrerast og analyserast. Nye ulykkestal hentast inn. Mål og tiltak i plana bør sjåast i samanheng med andre delar av kommunens planverk, spesielt temaplan for folkehelse. Tiltak som blir foreslått i planperioda må takast inn i kommunens økonomiplan.
Særutskrift til: