Synspunkt på prioriteringar innan kultur og idrett i Hordaland Kunnskapsgrunnlag for regional kulturplan AUD-rapport nr. 11-2013
Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Føremålet med undersøkinga er å få inn innspel til det vidare arbeidet med regional kulturplan frå aktørar som har sagt seg villige i å delta i ei referansegruppe i samband med planarbeidet. Datainnsamlinga er gjennomført elektronisk. Totalt vart spørjeskjemaet sendt på e-post til 76 personar/institusjonar. 53 har delteke i undersøkinga. Dette gjev ein svarprosent på 68 %. 2
Om deltakarane 3
Om deltakarane 4
Om deltakarane 5
Om deltakarane Det er om lag like mange menn (51 %) og kvinner (49 %) som har delteke i undersøkinga. Over halvparten av dei som har delteke i undersøkinga er mellom 40 og 59 år (til saman 54 %). Det er stor spreiing i kva arbeidsfelt deltakarane kjem frå. Den største gruppa (22 %) kjem frå forsking/utdanning, mens 18 % kjem frå kunstproduksjon og 18 % har svara anna. I gruppa «anna» finn vi mellom anna skuleelevar, musikarar og ein representant frå privat næringsliv. 6
Ta stilling til påstanden: Respondentane vart i kartlegginga bedne om å ta stilling til ei rekkje påstandar knytt til kulturfeltet. Svarskalaen går frå 1 til 6 der 1 er heilt ueinig og 6 er heilt einig. Når det gjeld påstanden «Oslo får ein for stor del av dei statlege kulturkronene» er det ein stor overvekt som svarar 5 (35 %) Gjennomsnittet på dette spørsmålet er 4,4. Dette er den påstanden respondentane i snitt er mest einige i. Det er ein relativt stor del (14 %) som svarar «ikkje sikker» på dette spørsmålet. 7
Ta stilling til påstanden: Respondentane er derimot i snitt mindre einige i påstanden «Bergen får ein for stor del av dei offentlege kultur-kronene i Hordaland» med 2,8 i gjennomsnitt. Den største delen (24 %) har svara 3 på dette spørsmålet, men det er også ein stor del som svarar 1, altså heilt ueinig. I tillegg er det ein relativt stor del som svarar «ikkje sikker (22 %). 8
Ta stilling til påstanden: Når det gjeld påstanden «For mykje av dei offentlege kulturkronene har gått til bygg/anlegg framfor innhald.» er gjennomsnittet 3,9, noko som er den nest høgaste skåren i undersøkinga. Den største delen har svara 3 (24 %), deretter følgjer 5 (22 %) og 4 (20 %). Også på dette spørsmålet er delen som har svara «ikkje sikker» relativt stor (14 %). 9
Ta stilling til påstanden: For påstanden «Privat sponsing bør bli ein større del av inntektene til kulturlivet.» er gjennomsnittet 3,3. Den største delen har også svara 3 (28 %). Det er om lag like mange som er heilt einig (8%) og som er heilt ueinig (10 %). 10
Ta stilling til påstanden: Gjennomsnittet for påstanden «Ein bør prioritera å byggje ut kulturtilbod i områda rundt Bergen med stor folkevekst, framfor å byggje ut kulturtilbod i område der det er stagnasjon i folketalet.» er 3,2. Den største delen svarar 4 (32 %) på dette spørsmålet. 11
Ta stilling til påstanden: Respondentane er langt på veg einige i påstanden «Ein bør prioritera kulturtiltak som har tydeleg positiv effekt på folkehelsa.» Gjennomsnittet er 3,9 og den største delen (25 %) svarar 5. Det er også ein stor del (22 %) som svarar 4. 12
Ta stilling til påstanden: Gjennomsnittet for påstanden «Når det gjeld barn, satsar ein for mykje på breidde og for lite på individuell talentutvikling, både innan idrett og annan kultur.» er 2,8. Den største delen har svara 1 heilt ueinig (24 %), mens 20 % har svara 2 og 4. 13
Ta stilling til påstanden: Deltakarane er i stor grad ueinig i påstanden «Den datateknologiske utviklinga er ein trussel mot kulturlivet.» Gjennomsnittssvaret på denne påstanden er 2,1 og den største delen, heile 45 % har svara 1 heilt ueinig. 14
Gjennomsnitt oppsummert 15
Kva for aldersgrupper bør prioriterast? Respondentane vart spurde om kva målgruppe som er viktigast å prioritera i kulturpolitikken. Om lag halvparten av dei spurde (49 %) har svara at alle aldersgrupper er like viktige. 35 % meiner at det er viktigast å prioritera ungdom, mens 16 % meiner at ein skal prioritera barn. Det er ingen som meiner at ein skal prioritera dei andre aldersgruppene. 16
www.hordaland.no/aud Kontakt: aud@hfk.no twitter.com/hfk_aud 17