Plan Vest Bergen As Domkirkegaten 3 5017 Bergen Rapport Heggøy - Øygarden kommune Stad - og landskapsanalyse 1
Innhald 1 SAMANDRAG 3 2 INNLEIING 3 2.1 PROBLEMSTILLING 4 2.2 MÅL OG METODE 4 2.2.1 Målsetjing 4 2.2.2 Metode 4 2.2.3 Datagrunnlag 4 2.2.4 Avgrensing 4 3 ANALYSE AV UTGREIINGSOMRÅDET 6 3.1 LANDSKAP 6 3.2 HOVUDTREKK I KULTURHISTORISK AKTIVITET OG FØREKOMST AV KULTURMINNE 7 4 KULTURMINNE INNANFOR UTGREIINGSOMRÅDET 9 5 LITT OM TURISMEN OG FRITIDSBUSTADER I OMRÅDET 11 6 KULTURMILJØ 12 7 OPPSUMMERING 13 KJELDER 13 Takk til Magnus Heggøy og Kystmuseet i Øygarden for lån av bilete. 2
1 SAMANDRAG Heggøy er ein stad som er ein blanding av historie og eit framleis levande miljø. Kva ein lever av og har som hovudaktivitet har endra seg dei siste 50 år. Samfunnet har på staden endra karakter frå å vere eit fiske - og jordbrukssamfunn til å verte eit fritidssamfunn. Frå å vere eit mindre lokalsamfunn med fastbuande er det per i dag berre eit hus nokon bur fast i her ute. Denne utgreiinga er føretatt med grunnlag i konkrete planar for etablering av eit hyttefelt. Gjennom analysen har ein vona å syne at eit nytt tiltak vil ha grunnlag for etablering. Å fortette innanfor allereie etablert busetnad vil føre til få endringar for staden og brukarane. Utgreiinga er ikkje ei konsekvensutgreiing. 2 INNLEIING I denne rapporten vil ein sjå på landskap, kulturminne og kulturmiljø i ein samanheng. Eit kvart kulturminne og ulike miljø er element som gjev landskapet karakter og verdi. I denne rapporten vil ein sjå på stad og landskap i ein samanheng, men naturleg nok ha hovudfokus på planområdet som ligg noko på sida av den opphavlege husklynga rundt på andre sida av Heggøyvågen. Landskap vert definert som dei samla fysiske omgjevnadene som omsluttar oss under open himmel (Bruun 1996). Med kulturminne meiner ein alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, også lokalitetar det er knytt historiske hendingar, tru og tradisjonar til (Kulturminnelova 1978, 2). Med ei brei landskapsforståing vil analyse av landskap omfatte både naturskildringar, historisk utvikling, arealbruk, kulturminne, byggeskikk, bygningar og infrastruktur (Bruun 1996). Innanfor planområdet er det registrert eit verneverdige kulturminne, og det er tatt omsyn til funnet ved å legge inn ein vernesone. Verdiane i området er hovudsakleg knytt til landskapsopplevinga på staden og i området rundt. I tillegg har ein kystmiljøet rundt Heggøyvågen. Ein vil ta for seg dei ulike elementa kvar for seg. Planområdet ligg på øya Alvøy i den nordlege delen av Øygarden kommune. Figur 1. Planområdet plassert i Øygarden kommune Figur 2. Flyfoto frå Googelmap. 3
Frå å vere ein kommune der fiske og jordbruk var viktigaste leveveg gjerne kombinert, er det olje og gassindustri som er i fokus i dag. Kommunen har to store anlegg i dag. Eit for gass på Kollsnes og eit for olje på Sture. Begge viktige i form av arbeidsplassar og eigedomsskatt. Andre arbeidsplassar av nyare type er lakseoppdrett og andre oppdrettsføretak knytt til sjø. Elles syner det seg at pendling ikkje er ei ny oppfinning her ute. Folk har reist på anlegg andre stader i kombinasjon med småbruket sitt. Heimebruket og drifta av det var ofte kona sitt ansvar. Også i dag er det mange som pendlar til arbeid i nabokommunane. 2.1 PROBLEMSTILLING Korleis vil utbygging av 18 fritidsbustader påverke heilskapsinntrykket i landskapet og dei andre bygga på staden? Figur 3. Planområdet i front med utbygde fritidsbustader i vest. 2.2 MÅL OG METODE 2.2.1 Målsetjing Føremålet med rapporten er å dokumentere og gjere greie for det staden sine kvalitetar og det visuelle landskapet. Landskapet si verdi er i stor grad knytt til opplevinga av det både som fysisk landskap og som kulturelt landskap. 2.2.2 Metode Føremålet med rapporten er å sjå på landskapet og dei fysiske inngrep som her er utført. Kulturdelen av landskapet inneheldt busetnad, bruksmåtar og omforming av natur. Landskapet og aktuelle bygningar i nærområdet til planområdet vil omtalast. 2.2.3 Datagrunnlag Rapporten byggjer på synfaring, lokalkjente personar, foto, internettsøk og skriftelege kjelder. 2.2.4 Avgrensing Ein vel å avgrense området ein skal sjå på til å gjelde dei næraste bygga knytt til planområdet Det er her fritidsbustadene kjem og det her, at bygga vi gjere seg gjeldande. Når det gjeld landskapet vil ein sjå på nærområdet rundt vågen og planområdet. Sjå figur 2 som døme på bygg som skal omtalast i grove trekk. 4
Nordvest Søraust Sør Figur 4. Husa i området som skal vil omtalast i enkle trekk. Vest x x x x Figur 5. Kvar desse husa i figur 4 ligg. 5
3 ANALYSE AV UTGREIINGSOMRÅDET 3.1 LANDSKAP Området som vert omtalt ligg mot Heggøyvågen si venstre side. Sjå flyfoto figur 2. Gul sirkel syner landskapet som omtalast. Den spesielle topografien i Øygarden er med jamn stigande skråning frå aust til vest og sørvest. Landskapet er lavt og forholdsvis flatt. Høgaste punkt er på berre 73 moh. (på Blomøy). I vest vil ein ofte finne bratte berg med sprekkdanning i berggrunnen. Berggrunnen består av gneis av kaledonsk opphav med strøkretning nordnordvest sørsøraust, parallelt med Fedjefjorden/Hjeltefjorden innanfor. Topografien innanfor planområdet er prega av ei flat utforming over dei sentrale delane. Landskapet er prega av lynghei og mindre myrar. Toppar er moglegvis feil omgrep då landskapet er særs flatt her ute. Sjå fig. 3.3. Figur 6. 1:6000 Heggøy (kjelde: Hordaland fylkeskommune) Landskapet i tiltaksområdet viser seg saman med landskapet omkring som eit heilskapleg og storskala naturlandskap. Landskapet vert opplevd som ope og vegetasjonen er prega av at det er eit kystlandskap. Landskapet er typisk for landskapet elles i kommunen og regionen. Lyngheilandskapet er dominerande. For 4-5000 år sidan var Øygarden skogkledd. Avskoging, sviing og beiting har ført til lite tresetting i lang tid. No har dette endra seg og ein kan i tillegg sjå nye planteartar kome til. Etter at det vart slutt på å nytte område til beiteområde og brenning av lyngen, er lyngplantane blitt grove og store. Nokre stadar har braken fått godt tak i landskapet. Her er elles lite store trær. Bergfuru og sitkagran er planta på staden. Siktliner/ betraktarstandpunkt: Siktlinene føl dei topografiske hovudformene vist i figur 6. Planområdet er synleg frå fleire stadar, men fritidsbustadene vert ikkje liggande særleg eksponert i landskapet då store delar av planområdet vert liggande på eit platå og bak ein topp og vegetasjon. Frå punktet der siktlinene er plassert vert feltet mindre synleg. Frå alle andre sider vert planområdet synleg i større eller mindre grad. Fritidsbustadene skal leggast ned i terrenget saman med medveten fargebruk for å få dei til å gli inn på staden. 6
3.2 HOVUDTREKK I KULTURHISTORISK AKTIVITET OG FØREKOMST AV KULTURMINNE I OMRÅDET. Det har vore menneskeleg aktivitet i denne delen av landet langt tilbake i tid. Funn av busetnader som er mange tusen år gamle syner det. Funn av over 12 000 år gamle beinrestar av dyr og fisk i Blomvåg (sør på naboøya Oøy) kan syne at det budde folk her i steinalderen. Dei fleste buplassane som er funne i kommunen er meir enn 4000 år gamle. Innanfor planområdet er det funnet ei steinalderlokalitet. Området er i samråd med arkeolog i fylkeskommunen sett av til friluftsområde med vernestatus i reguleringsplanen. Sjå figur 7 som er henta frå fylkeskommunen si rapport nr 18 i 2008. Figur 7. Opphavleg planområde med påvist steinalderlokalitet Kystbefolkninga har gjennom tidene nytta havet og landjorda for å skape seg eit livsgrunnlag. Forholda har vore karrige med små jordflekkar mellom berga som kunne dyrkast. For å overleve var det nødvendig å nytte kvar liten jordlapp til ymse føremål. Store delar av kommunen ligg vêrhardt til og naturlegvis er det vindane mot land frå nord som tek mest. Folket har innretta seg etter ver og vind og funne sitt utkomme her ute. Figur 8. Sildefiske nord for Heggøy. Bilete i privat eige. Frå å vere ein kommune der det hovudsakleg var småbruk og fiske ein sysselsetja seg med for 30 år sidan, har kommunen sidan 80-talet tatt ei heilt annan retning. Dei siste 50 åra har talet på dei som har fiske som yrke gått drastisk tilbake i landet generelt, og Øygarden er her ikkje noko unntak. Det var også meir vanleg at ein fiska til eige forbruk, men det er også gått tilbake. No er det lettare å handle det ein treng på butikken. I Heggøyvågen er det ikkje spor etter større fiskebruk i dag. Men som ein kan sjå av desse to fotoa ein har greidd å skaffe frå 1962 (utlånt frå Kystmuseet) at det var i alle fall ei stor bu. Sjå figur 3.2 og 3.3 med grøne pilar. Denne var nytta til sildesalteri. Det var fleire sildesalteri i området tidlegare, om ikkje her inne i vågen. Sildesalteriet vart lagt ned og ei storm tok overtaket på huset ein gong dei siste 20-30 åra. Dei nausta som står i vågen i dag er noko mindre enn sildesalteriet på bileta (figur 9 og 10). Desse eldre bileta syner eit karrig landskap utan noko vidare vegetasjon. Eller så mange hus for den del. Samanlikna med bilete frå i dag er det bygd opp ein del fleire bygg dei siste 50 åra, men desse er ikkje knytt til 7
fiske eller gardsdrift, men til fritidsbruk. Nausta er også knytt til fritidsbruk for oppbevaring av båt og anna fiskeutstyr til fritidsbruk. Figur 9. Foto frå 1962 med Heggøyvågen i front og ut mot høgre. Foto utlånt frå Kystmuseet i Øygarden. Lokal kjelde hadde namn på dei ulike småbruka som låg rundt vågen. På vestsida av vågen rett ovanfor sildesalteriet låg Bekken. På sørsida av salteriet låg småbruket Avløpet, og ved enden av vegen på kaien låg Berland som hadde butikk. Frå å vere fastbuande i alle husa er ingen av desse husa på figur 9 bufaste i dag. Figur 10. Foto frå 1962 med Heggøyvågen midt i bilete. Foto utlånt frå Kystmuseet i Øygarden. 8
Figur 11. Bilete tatt av ein omreisande fotograf. Sildesalteri til høgre i biletet. Huset i front var butikken på Nappen. Begge husa er vekk i dag. Bilete er lånt av M. Heggøy, i privat eige. Figur 12. 17. mai tog i 1946. Sildesalteri bak i bilete. 4. KULTURMINNE INNANFOR UTGREIINGSOMRÅDET Her føl ei oversikt over husa i nærområdet som omtalast i enkle formar basert på tilgjengeleg fotos og ulike register. Kvar dei ulike husa er plassert i forhold til planområdet kan ein sjå på figur 5. 9
Figur13. Hytter i hyttefelt nordvest for planområdet. Desse hyttene er utbygd dei siste 10-15 åra i hyttefeltet kalla Laksevågen hyttevelforening. Figur 14: Hytte vest for planområdet. Utbygd etter 1997. Figur 15: Hus veg Heggøyvågen i 1962 og i dag (ulik vinkel). Som ein kan sjå av figur 15 over, er det mange av dei same husa som ligg her den dag i dag. I dag er det ei fastbuande innanfor området som fotoet frå sanntid syner. 10
Figur 16: Hytta som ligg på høgre side av vågen. Hytta som ligg på neset som går inn til Heggøyvågen på venstre kant. Planområdet heiter Solheim og går herfrå og bakover frå denne hytta og vidare mot nord. 5. LITT OM TURISMEN OG FRITIDSBUSTADER I OMRÅDET. Landskapet har appell hos folk heile året. Her kjem folk for å oppleve vær og vind sumar som vinter. Det har spesielt vore folk frå ulike europeiske land som har vitja kommunen. Med hovudvekt på tyskarar i dei siste åra. Øygarden har delteke aktivt i utviklinga av ulike aktivitetsløyper til bruk for turistar og fastbuande. Ei av dei er Nordsjøløypa. Nordsjøløypa er eit nettverk av vandreruter i 26 norske, svenske, danske, tyske, nederlandske, engelske og skotske regionar. Hensikta er å få folk til å nytte landskapet og vandre i kystlandskapet. Ein har i tillegg saman med Bergen og Omland Friluftsråd lagt til rette for tur- og friluftsliv i enkeltområde. Tilbodet til turistar sett i høve til overnatting med hav og sjø/havfiske som hovudfokus er godt innanfor kommunen. I nærleiken av planområdet er det ikkje kjent at ein driv aktivt med utleige til turistar, men det er mogleg at ein kan finne enkelthytter for utleige. Figur 17: Den fyrste hytta som vart bygd i Heggøyvågen. Den fyrste hytta som vart bygd her ute komi 1967 og varsla ei ny tid. Som ein kan sjå av figur 17 var her framleis eit ope og nakent landskap. 11
6. KULTURMILJØ. Geografisk avgrensing av kulturmiljøet i Heggøyvågen. Det er vågen som er sentrum på staden det er her det har vore synleg aktivitet lengst sett i høve til dei bilete som er tilgjengelege. Gjeldande planområde utgjer 29,5 daa. Det er difor naturleg å avgrense området som vert sett på i detalj til nærområdet til planområdet. Sjå figur 2. Innanfor planområdet finn ein ingen bygg i dag. Figur 18: Ingen bygg innanfor planområdet. Figur 19: Bilete som syner vidare utbygging i og rundt Heggøyvågen (grøne pilar). Same hytte frå fig 17 i dag (gul pil). 6.1 Kulturmiljø nær opp til planområdet Restane etter kvardagslivet med jordbruk og fiske vil kunne karakteriserast som kulturmiljø. Her er ikkje observert innmark eller anna dyrka mark i nærleiken. Av kulturmiljø kan ein sjå at det er bygd hus i og rundt vågen. Nokre av desse er frå før 1960, og står her framleis. Sjå figur 9 og 10. 12
7. OPPSUMMERING. Gjennom medveten plassering av fritidsbustadene og førehandsbestemt fargepalett skal ein freista å få til ein utbygging som viser heilskap og omtanke for staden. Kvardagen og bruken av staden har endra seg mykje berre dei siste 30 år. Frå å vere ein stad der ein levde av det naturen hadde å tilby og dei grenser naturen sette, er det i dag fritidssamfunnet som pregar staden Heggøy med Heggøyvågen. Som bileta viser står mange av dei gamle husa att her, men dei vert i særs liten grad nytta til heilårsbustad. Mange nye fritidsbustader har kome til rundt i området til gjeldane planområde dei siste 15-20 åra. Løysingane for desse er av varierande kvalitet. Desse nye fritidsbustadene vil vere eksponert i større eller mindre grad avhengig av kva vinkel ein ser dei frå. Minst synleg vil dei vere frå Heggøyvågen i sør mot nord. KJELDER Riksantikvaren 2003: Kulturminne og kulturmiljø i konsekvensutgreiingar. Rettleiar Guntveit, Stig 2005: Øygarden det blomstrande øyriket. Sjursen, Janh: Ættebok for Nordre Øygarden. Handbok 140 konsekvensutgreiing, Statens vegvesen 2006. Hordaland fylkeskommune: Kulturhistorisk registreringar i samband med reguleringsplan for Heggøy, gnr/bnr 48 3, Øygarden kommune. Rapport 18, 2008. Internett: www.askeladden.no www.oygarden.kommune.no www.kart.ivest.no 13