VOLDA KOMMUNE Servicekontoret «MOTTAKERNAVN» «KONTAKT» «ADRESSE» «POSTN«POSTSTED» Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/218 3912/2014 223 SVK/ US 28.04.2014 MELDING OM POLITISK VEDTAK - FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT ETTER EIGEDOMSSKATTELOVA PARAGRAF 7 A Vi melder med dette frå at kommunestyret den 24.04.14, hadde føre ovannemnde som sak PS 51/14, der det vart gjort slikt vedtak: 1. Med heimel i eigedomsskattelova 7a vert eigedomar på vedlagde liste fritekne for eigedomsskatt. Eigedomar tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar vil verte vurdert friteke av kommunestyret på grunnlag av søknad. 2. Studentsamskipnaden for Sunnmøre får ikkje fritak frå eigedomsskatt etter paragraf 7 a i lov om eigedomsskatt. Sakutgreiinga følgjer vedlagt. Volda kommune, servicekontoret Unni Strand sekretær Kopi til: Sektorsjef Jørgen Vestgarden Sekretær Eli Øye Vassbotn Postadresse: postmottak@volda.kommune.no www.volda.kommune.no Stormyra 2 Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6100 Volda 70058886 7005870170058701 939 760 946 3991.07.81727
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Jørgen Vestgarden Arkivsak nr.: 2014/218 Arkivkode: 223 Utvalsaksnr Utval Møtedato 72/14 Formannskapet 08.04.2014 51/14 Kommunestyret 24.04.2014 FRITAK FOR EIGEDOMSSKATT ETTER EIGEDOMSSKATTELOVA PARAGRAF 7 A Handsaming i kommunestyret: Jan Henning Egset reiste spørsmål om han var ugild, då han er adm. dir. i Studentsamskipnaden for Sunnmøre, jf Kl 40, Fvl 6, 1. ledd, bokst. e. Anne Lise Fredly var innkalla på førehand, og ho tok sete som vara. Anne-Grete Eiken reiste spørsmål om ho var ugild, då ho er styrar og er medlem i styret for Øyra barnehage. Jørgen Amdam reiste spørsmål om han var ugild, då han er utleigar av hyblar under Dokumentarfilmfestivalen. Per L. Steinsvik reiste spørsmål om han var ugild, då han er 1. vara i styret for eit hus som står på fritakslista. Inger Tove Simonnes reiste spørsmål om ho var ugild, då ho har sendt søknad i dag om fritak for eigedomsskatt for hyblar som ho leiger ut. Fvl. 6, 2. ledd. Ingen av dei tok del i handsaminga av og røysting over deira ugildskap. Røysting vedk. ugildskap: Jan Henning Egset vart samrøystes kjend ugild. Anne-Grete Eiken vart kjend gild, og ho tok sete. Jørgen Amdam vart kjend gild, og han tok sete. Per L. Steinsvik vart kjend gild, og han tok sete. Inger Tove Simonnes vart samrøystes kjend ugild. Det var 26 røysteføre til stades under handsaming av saka. Vår ref.: 2014/218 Side 2 av 6
Prøverøysting: Pkt. 1 i tilrådinga frå formannskapet fekk 26 røyster. Pkt. 2 i tilrådinga frå formannskapet fekk 14 røyster. 12 røysta mot. Endeleg røysting: Pkt. 1 i tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke. Pkt. 2 i tilrådinga frå formannskapet fekk 14 røyster og vart vedteke. 12 røysta mot. Jan Henning Egset og Inger Tove Simonnes tok sete. Vedtak i Kommunestyret - 24.04.2014 1. Med heimel i eigedomsskattelova 7a vert eigedomar på vedlagde liste fritekne for eigedomsskatt. Eigedomar tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar vil verte vurdert friteke av kommunestyret på grunnlag av søknad. 2. Studentsamskipnaden for Sunnmøre får ikkje fritak frå eigedomsskatt etter paragraf 7 a i lov om eigedomsskatt. Handsaming i formannskapet: Roald Espset, Volda Framstegsparti, kom med slikt framlegg, nytt pkt. 2: Studentsamskipnaden for Sunnmøre får ikkje fritak frå eigedomsskatt etter paragraf 7 a i lov om eigedomsskatt. Røysting: Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Framlegget frå Roald Espset, Volda Framstegsparti, fekk sju røyster og vart vedteke. Gunnar Strøm røysta mot. Tilråding i Formannskapet - 08.04.2014 til Kommunestyret: 1. Med heimel i eigedomsskattelova 7a vert eigedomar på vedlagde liste fritekne for eigedomsskatt. Eigedomar tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar vil verte vurdert friteke av kommunestyret på grunnlag av søknad. 2. Studentsamskipnaden for Sunnmøre får ikkje fritak frå eigedomsskatt etter paragraf 7 a i lov om eigedomsskatt. Administrasjonen si tilråding: Vår ref.: 2014/218 Side 3 av 6
Med heimel i eigedomsskattelova 7a vert eigedomar på vedlagde liste fritekne for eigedomsskatt. Eigedomar tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar vil verte vurdert friteke av kommunestyret på grunnlag av søknad. Vedleggsliste: Liste over eigedomar som vert friteke for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova 7a Liste over eigedomar som er automatisk friteke for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova 5 (ikkje uttømmande). Uprenta saksvedlegg: Kommunestyret sitt budsjettvedtak den 19.12.2013. Kommunestyret sitt vedtak om utsetting og høyring til grendautvala den 27.04.2014. Fråsegn frå Finansdepartementet. Eigedomsskattelova. Samandrag av saka: Det er opp til kommunestyret kva for eigedomar som verte gitt fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova (eskl) 7. Ein tilrår at eigedomar på vedlagde liste vert fritekne for eigedomsskatt. Saksopplysningar: Ifølgje eigedomsskattelova 10 skal kommunestyret kvart år i samband med budsjettet fastsette kva satsar og reglar som skal gjelde ved utskrivinga av eigedomsskatten for det komande året. I denne samanhengen skal det gjerast vedtak om kva eigedomar kan fritakast for eigedomsskatt etter 7 i eigedomsskattelova. I kommunestyret sitt budsjettvedtak den 19.12.2013, sak 185/13, vart det gjort følgjande vedtak: Kommunestyret vedtek å frita allmennyttige forsamlingsslokale som bedehus og ungdoms- /grendehus brukt til ideelle formål frå eigedomsskatt, jfr eigedomsskattelova 7 a. Ev avgrensing og tolking vert å avgjere av kommunestyret etter særskilt søknad. 7a i eigedomsskattelova: Kommunestyret kan fritake desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt: a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Skattlagde eigedomar som heilt eller delvis er fritekne for eigedomsskatt, skal ifølgje eigedomsskattelova 15 gå fram av ei eiga liste som vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst tre veker. Denne lista kjem i tillegg til ordinær eigedomsskatteliste. Listene vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i løpet av juni 2014. Vurdering og konklusjon: Vår ref.: 2014/218 Side 4 av 6
Ein ser i ettertid at det kan vere fornuftig å konkretisere kva for eigedomar som verte gitt fritak for eigedomsskatt etter eskl 7a. Dette både for at stiftingar/organisasjonar skal sleppe å lage til søknadar og for å unngå sakshandsaming av desse søknadane. Eigedomsskattekontoret laga ei liste med forslag til eigedomar som bør få fritak frå eigedomsskatt. Vi forsøkte å legge oss på same linje som Ørsta kommune over kva for eigedomar som får fritak, men kommunestyret står sjølvsagt fritt til å endre på denne lista. Etter vedtak i kommunestyret har lista no også vore ute på høyring hjå grendautvala og er komplettert med innspel frå dei. Det er også laga til ei liste over eigedomar som er automatisk fritekne etter eskl 5. Lista er ikkje uttømmande og inneheld i hovudsak eigedomar som det kan vere usikkerheit om fell under eskl 5. Lista er laga som informasjon for å unngå søknadar om fritak der eigedomen er automatisk friteke. Til dømes er ikkje land- og skogbrukseigedomar tatt med no. Det same gjeld for kommunale eigedomar som også er automatisk fritekne etter eskl 5. Her er eskl 5; 5.Fri for eigedomsskatt er: a) Eigedom som staten eig, så langt - eigedomen vert nytta av Kongen eller kongehuset, Stortinget eller Regjeringa - eigedomen vert nytta til kulturelle føremål, slik som idrettsanlegg, musé, teater, skulpturar m.v. - eigedomen har historisk bygg eller anlegg - eigedomen vert nytta av Forsvaret til forsvarsanlegg, avgrensa leirområde eller militært øvingsområde - eigedomen tilhøyrer staten sine samferdselsforetak så langt dei tener ålmennyttige føremål - eigedomen er vassfall, fabrikk eller anna føretak som staten eig og som tener ålmennyttige føremål b) Eigedom som høyrer til jernvegar til ålmenn bruk, så langt og så lenge eigedomen vert nytta i verksemda. c) Kyrkjer. d) Eigedomar som kommunen sjølv eig. e) Legasjons- og konsulateigedomar som ein annan stat eig, når den andre staten fritek norsk eigedom for tilsvarande skatt hjå seg. f) Eigedom som statens lufthamnselskap eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a femte strekpunkt. g) Eigedom som helseforetak eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a sjette strekpunkt. h) Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk, herunder gartneri og planteskule tilknytta slik drift. i) Ikkje utbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn i Finnmark fylke. Dette fritaket gjeld likevel ikkje tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno. j) Område som er vedteke verna som nasjonalpark eller naturreservat i medhald av lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven). Fritaket gjeld også for område verna som nasjonalpark eller naturreservat etter den tidlegare lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern. Fritaket gjeld ikkje bygning med tomt og tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno. k) Lavproduktiv grunneigedom som staten eig direkte eller indirekte, så langt den tener ålmennyttige føremål. Fritaket gjeld ikkje bygning med tomt og tomteareal, jamvel om Vår ref.: 2014/218 Side 5 av 6
arealet ikkje er utbygd enno. Helse og miljøkonsekvensar: Ingen vesentlege. Økonomiske konsekvensar: Kommunen vil sjølvsagt tape nokon inntekter på å frita desse eigedomane for eigedomsskatt. Samstundes vil dei stiftingane/organisasjonane som står på lista spare noko utgifter. Det er ikkje rekna konkret på kor stort inntektstap det er for kommunen når det gjeld fritak etter eskl 7a. Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen Rune Sjurgard rådmann Utskrift av endeleg vedtak: Stiftingar og organisasjonar som får fritak etter eskl 7a. Heimelshavarar på lista som får automatisk fritak etter eskl 5. Vår ref.: 2014/218 Side 6 av 6