rundskriv nr. 13/16 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 06.07.2016 51005/2016/062 - Fellesinntaket for skoleåret 2016/2017./. Vedlagt følgjer inntaks- og venteliste for 1. inntak, skoleåret 2016/2017. Inntaks og ventelistene er også tilgjengelege for skolane på Vigo Skole: https://www.vigo.no/vigor/servlet/main?cmd=login. Listene kan skrivast ut i Excelformat frå denne sida. Søkarane får svar på kva tilbod dei har fått på vigo.no, og dei skal svare JA/eller NEI på tilbodet på same staden. Alle søkarane som har lagt inn mobiltelefonnummer på søknaden sin, får den 6.juli ein SMS med opplysning om at inntaket er kjørt, og at dei kan logge seg på vigo.no for å få inntaksstatusen sin. Dei søkarane som ikkje har oppgjeve mobiltelefonnummer på søknaden sin får svarkort i posten som før. Dette gjeld også søkarar utan norsk fødsels og personnummer. Søkarane må bruke ID-porten for å kome seg inn på vigo.no for å svare på tilbod. Svarfrist er 14.juli. Vi sender ut purremelding (med svært kort frist) til dei som ikkje har svara når svarfristen går ut 14. juli. Purremelding vert sendt ut i posten som tidlegare. Vidaresøking Også i år har vi kjørt vidaresøking av ungdomsrettselevar som søker Vg2 og Vg3, som ikkje har fått tilbod på noko av det dei har sett opp på søknaden sin. Vidaresøkinga er til andre skolar med ledige plassar som har det/dei tilboda dei har sett opp på søknaden sin. Dette har vi gjort for at flest mogeleg skal få eit tilbod om skoleplass ved første gongs inntak. Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundvegen 9 Telefon: 71 25 87 75 Telefaks: 71 25 87 99 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no
Koder på inntaks- og ventelistene: Skole og tilbodsinformasjon Dei øvste linjene viser skolenamn og nummer, utdanningsprogram/programområde og nummer/kode Personalia Heilt til venstre på listene er søkarane merka med kva type rett dei har: U=ungdomsrett, I=ikkje rett, F=fullføringsrett, V=vaksenrett. Refnr, viser til det referansenummeret som søkaren har på inntaksprogrammet VIGO. Fødselsnr. viser fødselsdato og personnummer (11 siffer). Vidare kjem namn, adresse og telefonnummer. Kom Viser til kommunenummeret til søkaren. Alle søkarar frå Møre og Romsdal har kommunenummer som startar med 15. Avgiver Viser avgjevarskolen og avgjevarkurset søkaren går ut i frå skoleåret 2015/2016. 1. Til dømes er ein elev som dette skoleåret går ut frå restaurant og matfag Vg1 ved Kristiansund videregående skole, merka 15012 RMRMF1----, der 15 er fylkesnummeret, 15012 er skolenummeret til Kristiansund vgs og RMRMF1---- er utdanningsprogramkoden til Restaurant og matfag vg1 2. Avgangselevar frå grunnskolen har til dømes avgjevarkode 15577 GSGS. 15577 er skolenummeret til Åndalsnes ungdomsskole og GSGSK0---- er koden for grunnskolen. 3. Søkarar frå OT har fem siffer frå nr 15251 (Kristiansund) til 15263 (Vanylven) og står med OT sine statuskodar, for eksempel OTAR (Ungdom er i arbeid) 4. Det er ein liten x mellom avgjevarskolen og avgjevarkurset, dersom avgjevarskoleåret ikkje er inneverande skoleår Mor Dette er ein kode som viser kva morsmål dei minoritetsspråklege søkarane har (kvart språk har sin talkode) V Dette er vedtakskode for søkarar med behov for særskilt tilrettelegging FS= Fortrinn særskilt utdanningsprogram jf. forskrift 6-15 FF= Fortrinn sterkt nedsett funksjonsevne jf. forskrift 6-17 (Vg1) og 6-30 (Vg2 og Vg3) FT= Fortrinn opplæring i teiknspråk jf. forskrift 6-18 FU= Fortrinn utvida tid, har vedtak om utdanningsprogram over to år jf. forskrift 6-19 (Vg1) eller 6-32 (Vg2 eller Vg3). M= Godkjent søknad om utvida rett (4. og 5. år) jf. opplæringslova 3-1, 5. ledd SM= Spesialundervisning, manglar vurdering med karakter jf. forskrift 6-22 (Vg1) SG= Spesialundervisning, manglar vurdering med karakter jf. forskrift 6-36 (Vg2 eller Vg3) D= Godkjent søknad om utvida rett for minoritetsspråklege (4. eller 5. år) jf. opplæringslova 3-1, 5. ledd. Fs1 Framandspråk eller språkleg fordjupning i grunnskolen. For dei fleste elevane i fylket er det enten T for tysk eller F for fransk eller S for spansk eller FE for fordjupning i engelsk.
Fs2 Ønska framandspråk på Vg1 studiespesialisering. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Dette er internkodefelt som vi på Utdanningsavdelinga har definert sjølv. Nokre er til interne oversikter for oss, og dei som er nemnt her er viktig informasjon til skolane.: U i første posisjon tyder at søkaren har vedlagt skjema for minoritetsspråklege søkarar T i fjerde posisjon er ein søkar som melder om vanske som skolen bør vite om skoleåret 2015/2016. Søkaren har sendt B-skjema med hake i pkt. A R i sjuande posisjon er reservert plass, pga oppfølging av barnevern, i behandlingsopplegg eller mindreårig asylsøkar Q i sjette posisjon er ein søkar som har meldt behov for spesialundervisning, men som skal konkurrere på karakterpoeng. Desse har sendt inn B-skjema med hake for pkt. B, eller kan vere overført frå A-skjema. G i tiande posisjon er ein søkar som er med i NyGIV overgangsprosjektet. Ø Kva ønskenummer dette utdanningsprogrammet/programområdet er på søknaden. V =Statusmelding O: Ordinær søkar T: Søkar som er tatt inn i tidleginntaket i slutten av mars Poeng Søkarar frå Møre og Romsdal får 300 fylkespoeng i utgangspunktet. Karakterpoeng kjem i tillegg. Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for yrkespraksis, skole eller alder. Søkarar som er sikra skoleplass av Utdanningsavdelinga har 900 poeng i tillegg til karakterpoeng. Dette kan for eksempel vere søkarar som har fått vedtak om permisjon eller som har hatt opplæring i utlandet som dei har fått godkjent (utvekslingselevar). Dei som frå før har yrkes- eller studiekompetanse blir trekt 200 fylkespoeng. Dette blir gjort for at vi skal få rett rekkefølgje på søkarane jf. 6-45 i forskrift til opplæringslova. Søkarar som har sendt inn søknad etter søknadsfristen er trekt 100 poeng. Elevar som blir flytta opp frå Vg1 til Vg2 osv er også lagt inn med 900 poeng. Dette gjeld TAF og Toppidrett. Søkarar som er individuelt vurdert har også 900 poeng i tillegg til eventuelle karakterpoeng. Tilbod På inntakslistene står datoen for inntaket. Inntatt I høgre rubrikk på ventelistene står skole- og utdanningsprogram/programområdekode søkarar på venteliste ligg inne med tilbod på. Dersom det står blankt i denne rubrikken har ikkje søkaren fått noko tilbod enno. Søkarar, primærsøkarar, ledige plassar, solgt Talet på plassar skal vise totalt plasstall på/utdanningsprogrammet, samt kvotar fordelt på dei ulike rettstypane. Talet på ledige plassar er etter same prinsippet. Ver merksam på at vi på nokre utdanningsprogram har solgt plassar til andre fylker. De vil ikkje finne desse søkarane på inntakslista, men det vil stå talet på solgte plassar (Td. Solgt: 1)
Merknader til ventelistene Søkarane er i inntaket prioritert på denne måten: 1. Søkarar med Ungdomsrett (U) 2. Søkarar med Fullføringsrett eller Vaksenrett er likestilt i inntaket det er poengsummen som avgjer (V og F) 3. Søkarar med Ikkje-rett (I) Ventelistene er sortert slik at det er reelle ventelistenummer. Ventelistene for alle rettstypane vert difor å sjå på som ei samla venteliste. Vi har nesten berre sett av plassar til søkarar med ungdomsrett ved 1. gongs inntak, då det i første omgang er dei som har ein juridisk rett til ein plass. Vi må sikre oss at alle søkarar med ungdomsrett har fått plass før vi kan frigje plassar til andre. Sjølv om det ser ut som det ikkje er fleire søkarar med ungdomsrett som står på venteliste ved dykkar skole, kan det vere at det står søkarar med ungdomsrett på vent på andre skular, som vi må plassere før vi kan ta inn søkarar med Fullføringsrett/Vaksenrett/Ikkje rett. Alle plassane på PBPBY4YK- - Vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse er reservert for Ikkje-rettssøkarar, då alle dei som søker dette tilbodet ikkje skal ha rett til vidaregåande opplæring. Det er eit krav at dei har bestått tre-årig yrkeskompetanse eller fagbrev for å kunne søke, eller at dei skal ta fagprøve i løpet av sommaren/hausten. NB! Utdanningsavdelinga gjer ingen endringar på søknaden etter at 1. inntak er kjørt Vi kjem ikkje til å gjere endringar på søknader mellom 1. og 2. gongs inntak, utan at det er noko som må rettast opp som følgje av saksbehandlingsfeil frå vår side. Vi veit av erfaring at det også kan dukke opp ting som krev endring på søknadane, som følgje av til dømes sakkyndig uttale frå barnevernstenesta eller klage på karakterar. Vi kjem som tidlegare år til å be alle søkarar som vender seg til oss for å få endra søknadane sine, om å ta kontakt med den skolen for å be om å bli sett opp på eiga venteliste. Sjølv om det ikkje står fleire på ventelistene som kjem frå oss, så kan ikkje skolane ta inn frå eigne ventelister før vi har gitt klarsignal etter 2. gongs inntak. Når det blir opna for at skolen kan ta inn frå eigne ventelister, så må de ta inn dei med ungdomsrett først. Skolen må sjølv forsikre seg om at søkarar som står på eigne ventelister er kvalifisert til inntak. Det kan i år som tidlegare år bli behov for justeringar av kapasiteten før 2. inntaket. Det er trongt om plassen på Vg1 ved dei fleste skolane. Det er også trongt om plassen på ein del Vg2 innan yrkesfaga. Spesielt innafor utdanningsprogrammet for teknikk og industriell produksjon og elektrofag. Melding om 2. gongs inntak vil kome til søkjarane ca. 8. august, med svarfrist 11. august. Søkarar med B-skjema: Når det gjeld dei søkarane som ikkje fyller krava til å bli tatt inn med fortrinnsrett, men som har meldt at dei har spesialundervisning inneverande år, så skal desse ha sendt inn eit B- skjema. Desse søkarane er rangert saman med dei andre søkarar. Desse vil de finne på inntaks- og ventelistene merka med internkode Q i sjette posisjon. Skolen som søkaren har som 1. ønske skal ha fått B-skjema. Det er viktig at skolen følgjer rutinane for å ta imot desse elevane og få kartlagt behov for tilrettelegging eller spesialundervisning.
Dei søkarane som ikkje har hatt spesialundervisning og som berre har ein vanske dei vil melde om til skolen, har også sendt inn eit B-skjema. Desse er i inntakslistene merka med internkode T i fjerde posisjon. Etter at vi har kjørt 2. inntak, så vil vi gå gjennom listene og ettersende B-skjema dersom det er søkarar som er tatt inn på anna skolen enn den dei har som 1. ønske. Med helsing Rune Solenes Opstad ass. fylkesutdanningssjef Laila H. T. Nielsen rådgivar Gjenpart: Fylkesrådmannen Fylkesordføraren Lærarorganisasjonane Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda