Foto: Britt K. Andersen



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Jon Fosse. For seint. Libretto

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Brødsbrytelsen - Nattverden

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk


Informasjon til elevane

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Om å høyre meir enn dei fleste

mmm...med SMAK på timeplanen

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving


Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Valdres vidaregåande skule


Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ORDNING FOR KONFIRMASJON

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Brannsår, rus eller friheit?

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Elevundersøkinga 2016

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Frå novelle til teikneserie

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Brukarrettleiing E-post lesar

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Refleksjon og skriving

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Minnebok. Minnebok NYNORSK

/

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Transkript:

Foto: Britt K. Andersen

Bjørn Sortland er særleg kjend for barne- og ungdomsbøkene sine, men han skriv óg for vaksne. Han opptrer i ulike sjangrar, er blant dei mest omsette nolevande forfattarane i Noreg og har vunne atskillege litteraturprisar for bøkene sine. I intervjuet resonnerer han omkring preike, Kurt Vonnegut, Paris, minne, mangfold, frelse og si eiga skrivegjerning. «Eg vil unngå det trivielle» Bøkene dine rører ofte ved spørsmål som omhandlar religion. Men stilt overfor vanskar og kriser vel til dømes hovudpersonane i ungdomsromanane dine vekk Gud. Det gjeld både unge og gravide Ina i Alle har eit sultent hjerte (2008) og kreftsjuke Ingrid i Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? (2007). Dei går ein annan veg via kjærleiken til eit anna menneske sjølv når Gud er eit klårt formulert alternativ. Kan du forklare kvifor? Eg er slett ikkje sikker på om det er så klart at hovudpersonane eigentleg vel vekk Gud. Kyrkja sitt univers har plass til heile livet, og både trua og livet er komplekst. Når eg skriv, er eg lojal mot karakterane mine, det er det som styrer. Eg vil unngå det trivielle. Hovudpersonane vil ikkje at eg skal gjera det opplagte. Eg får leggja fram fakta og premissar, men dei vil dra konklusjonane sjølv. Less is more. Dei eg skriv om stoler på den kjærleiken dei opplever. Eg skriv for eksempel svært lite om sexlivet til hovudpersonane mine også. Eg er alltid redd for å gjere lesarane forlegne, invadera dei med platte sanningar, å skriva dårleg om desse viktige og store tinga. For mykje blir sagt, og nettopp det trivielle i dette å seia det opplagte, gjer at det sanne og viktige forsvinn. Ein må ha som føresetnad at lesaren er intelligent. Det må ein alltid gjera, ein må ikkje undervurdera sitt publikum. Folk veit kva det går i. Dei vil ha noko å identifisera seg med, men det må vera plass til dei. Det gjeld alle slags gode historiar. i samtale med heidi nordli KIRKE & KULTUR 1/2009 UNIVERSITETSFORLAGET 57

Trass variasjonar kan ein finne mange fellestrekk i bøkene dine. Bildekunst har til dømes ein markant plass, anten det no gjeld som sentral tematikk eller at kjende kunstnarar illustrerer. Kva er det med bildekunst og det visuelle som gjer seg så godt saman med språkleg kunst og skjønnlitteratur? Bildekunst og litteratur handlar djupast sett om det same. Eg skriv om bildekunst fordi det treff meg så inderleg, har gjort det sidan eg var ganske liten. Eg har elles ikkje vore noko vidunderbarn som vandra i konsertsalar eller på museum med foreldra mine, det var ingenting av det der eg kjem frå. Men eg såg på bilde i bøker. Og framleis tenkjer eg at det tar berre nokre sekund å sjå eit kunstverk, og likevel, viss det dirrar, dirrar det lenge. Som Munch, Chagall, Giotto, Frida Kahlo. Kurt Vonnegut skriv i kunstnarromanen Blåskjegg, som utspelar seg blant hardcore amerikanske ekspresjonistar, at ein må sjå tusen bilde for å begynne å sjå kva eit godt bilde er. Det er ikkje nok å lesa seg opp, ein må sjå og sjå og sjå. Eg har etter kvart sett mange bilde, og kunnskap gir meg langt større utbytte enn eg hadde då eg var sytten og jazza meg kjapt gjennom Pompidou-senteret i Paris berre for å kunne skryta på meg at eg hadde vore der. Acquired taste, seier engelskmennene. Det er nokre ting ein må vita noko om for å kunne setja pris på det. Tid og tolmod. Når det er sagt, det er likevel den første forelskinga, det umiddelbare som gjer meg interessert. Viss kunstinteressa i si tid vaks i deg på eiga hand, kva då med kristendommen? Eg vaks opp i ei pinsemenigheit, som eg i dag ikkje lenger er medlem i. Det er fleire grunnar til det, ein av dei er at det vart for trangt for meg der, for lite plass til tru og tanke, kunst og kultur, for å bruka ein litt slitt frase, for sånne som meg. Eg opplevde likevel ikkje min barndoms menigheit som sekterisk, den likna på godt og vondt dei fleste bedehus i dette landet. Men eg for min del har alltid grubla og gnura på dei store greiene, hadde gjort det uavhengig av kva geografi eller miljø eg vaks opp i. I dette liksom-livssynsnøytrale vakumet vi no lever i i norsk offentlegheit, med ein skule der det ikkje ein gong kan heita KRL-fag lenger, kjenner eg trong for å gå i kyrkja. Då eg gjekk på skulen, heitte faget Kristendom, det var ikkje alt som var innertiar, men vi vart ikkje piska til å læra salmar utanboks osv. Det var mykje forteljingar og facts. Det ytre skalet står igjen her og der, men eg trur få unge som veks opp i dag har noko særleg kjennskap til utgangen av Egypt, kva lammet betyr i påskefei- 58 «EG VIL UNNGÅ DET TRIVIELLE»

ringa, eller at pinsa vert kyrkjas fødselsdag. Ungar lærer ikkje, og mange journalistar som skriv om kyrkja veit alt for lite sakleg om kristendom. Heller ikkje konfirmantane treng å læra så mykje, og eg trur dette flyktige fokuset på å oppleva i vår kultur fort kan bli ei felle. Å læra har ei varig, stille og inderleg glede i seg. Sjølv om det umiddelbare er avgjerande, er kunnskap og gjentaking likevel ein føresetnad for å verkeleg oppleva både med tankar og følelsar. Det gjeld for så vidt musikk, litteratur og bildekunst også. Ein sjeldan gong i ny og ne er ikkje nok. Eg går beisikli i kyrkja fordi eg har dårleg minne. Korleis er det med deg og Den Norske Kyrkja? Er det ein god relasjon? Den Norske Kyrkja har eg for tida eit varmt, men anstrengt forhold til. Eg er ein eks-pinsevenn med stor sans for liturgi. Rytmen, musikaliteten, om ein vil, i dei faste orda, kronologien og oppbyggjinga; syndsvedkjenning, skriftlesing, trusvedkjenning, nattverd, alt dette er å pusta. Eg likar det faste, gjennomtenkte, gamle, levde, bestandige, usentimentale. Og eg er glad for at ikon-verda i aust har komme nærmare oss. Og all den gode musikken, sjølvsagt, salmane opnar for langt meir enn feelgood. Problemet mitt er at det går ikkje an for meg å lausriva dette frå kva DNK no representerer, eller ikkje representerer teologisk. Og det er såpass betent å snakka om dette at eg synest faktisk det er eit visst ubehag ved å snakke om det her. Ein har nifst lite å gå på før ein blir stempla som mørkemann and whatnot, og då er det jo game over, då er ein nulla ut, av med hovudet, som det heiter i Alice i Eventyrland. Men eg synest at DNK i mindre og mindre grad tar utgangspunkt i at eg er eit vakse menneske som også toler det uforståelege, trøblete, skremmande og vanskelege som er i Bibelen. Eg sansar at DNK liksom vil beskytta meg mot alt som eg kan oppfatta som trøblete eller vanskeleg, det er jo paradoksalt om DNK no skal beskytta meg mot det som har vore grunnsanningane i hundreår. Konkret: DNK snakkar ikkje lenger adekvat og tilstrekkeleg om synd, frelse og nåde. Ho vil no forandre syndsvedkjenning, dåpsliturgi, forandring, forandring. Warum? Tør ho ikkje, kan ho ikkje, vil ho ikkje lenger snakka om det ho alltid har snakka om? I staden for fornærmar prestar intelligensen min gjennom å snakka om mangfald, rausheit og openheit til eg blir nummen. Men dette blir fort ei løgn, for eg opplever faktisk det motsette, at det er mindre og mindre plass til folk som er reelt kritiske til denne utviklinga. Sjølvsagt gjeld ikkje dette alle prestar osv., men på det overordna nivået er det forandring som er KIRKE & KULTUR 1/2009 UNIVERSITETSFORLAGET 59

mantraet no, og dei som ikkje vil, er på sett og vis dissidentar. DNK er i ferd med å bli mangfalds-sekterisk. Mangfald gjeld berre for dei som ikkje protesterer. Det siste eg treng er ei sekterisk kyrkje med ein pluralistisk glasur. Eg er redd for at heile greia skal bli eit slags følelsesdiktatur, at det berre er dei som eigentleg er ganske einige som får lov å diskutera. Dette gjeld også andre stader enn berre i kyrkja, det må seiast. Kva meiner du med frelse? Ja, det er jo dette overordna eg oppfattar at DNK skal svara på. Kyrkja gjer det gjennom blant anna trusvedkjenninga, men den lever meir og meir isolert frå den handlande kyrkja. Det står nok nedfelt ein plass elles også, men DNK fortel ikkje lenger tydeleg kva poenget er, kva som er greia kvifor skal folk i det heile tatt gå i kyrkja? Eg får ikkje tak i kva dom er. Skal livet mitt dømmast ein gong? Heller ikkje frelsesomgrepet er det sagt så mykje om. Skal eg i det heile bli frelst? Frå kva? Til kva? Kvifor? Eg kan ikkje hugsa sist eg høyrte nokon som sa noko substansielt om det. Det er framandgjerande og rart at DNK vil dempa sentrale begrep som frelse, synd og skuld (mellom anna i Trusopplæringa). Eg opplever i mindre og mindre grad at DNK har plass til det tilsynelatande irrasjonelle i trua, pasjon og inderlegheit, det er nærmast nulltoleranse for truas galskap. Men det er jo det heilage, mysteriet, det absurde i forteljinga om Kristus som grip meg. At han for eksempel sit ved Guds høgre side og skal dømma meg etter eg er død. At han hevdar han er Guds son som skal frelsa oss frå evig fortaping, at han er vegen, sanninga og livet, at ingen kjem til Gud gjennom han, det er mildt sagt drastisk. Det er dette eg synest er mest relevant å høyra noko om i kyrkja. Men Kristus forsvinn for meg i mjuke minutt, prosjekt og reformar, og det er ikkje ende på telys som skal tennast. Både begjæret og besinning i lære og liv og tilbedinga av kyrkjas grunnleggjar forsvinn for meg. Eg synes det er litt scary at eg seier dette, men det er slik eg ser det. Men er det ikkje viktig å ha ei folkekyrkje mange kjenner seg heime i? Kva vil folket ha? Trass i at ein justerer kyrkja meir og meir verda rundt, går likevel ikkje så mange folk i kyrkja. Ein snakkar mistenkelig mykje om fellesskap, openheit og rausheit, og ikkje minst dette for meg veldig upresise ordet: mangfald. Eg prøver å vera open for kva det skal bety, men eg greier det ikkje. Det er framleis fundamental forskjell på å ha eit ope sinn, og å ha hòl i hovudet. Eg kjem utanfrå, og ser ei kyrkje som slit med å vera trygg på kven ho 60 «EG VIL UNNGÅ DET TRIVIELLE»

er, eller kven ho vil vera. Alt lyset er på, men er det nokon heime? Eg opplever det som problematisk at Gelius tonar ned kyrkjas rolle og identitet i Arne Næss sin gravferd. Mulig dette er eit litt billig bilde, men det blir som ein ungdom som stadig er usikker på kva deksel ho skal ha på mobilen sin, med eit desperat og ufokusert behov for anerkjenning. Det må gå an å vera mild og myndig på kven ein er på same tid, utan å bli ein fordømmande heksebrennar. Eg kjenner få kristne som hatar dei som meiner noko anna enn dei sjølve. Motstandarane av kyrkja slepp ofte unna med svært billig retorikk og infantil kritikk. Men det hjelper ikkje at mange av biskopane sjølve, desse som jo er hyrdane, for å bruka ei bibelsk formulering, dei bagatalliserer trøbbel, kjøler ned, skyv i stor grad konfliktar under teppet, snakkar ikkje med same stemme. Men dei nektar å svara forståeleg på alt som ligg betent, trass i at dei har eit overforbruk av ordet dialog. Det er ikkje rart at Morgenbladet har prestar høgt på lista si når dei kårar dei mest avmektige i Norge. Alle skal vera einige og kjenna seg heime enten dei vil eller ikkje, då utviklar det seg ein konformitet som til slutt ingen kjenner seg heime i. Ikkje «folket», heller. Og det blir mykje snakk i staden for, komitear, råd, utvalg, møte. Dei fleste eg kjenner går ikkje særleg ofte i kyrkja. Viss vi kjem inn på det, så svarer dei at det er preika som gjer at dei ikkje går i kyrkja; verken dåp, syndvedkjenning, skriftlesing eller nattverd plagar dei. Dei aksepterer mysteriet, det dei ikkje forstår. Det er det trivielle snakket om mysteriet som blir feil. No skal det seiast at mange opplever kyrkja som irrelevant uansett, men eigentleg færre enn eg trudde. Kva er gale med preika? Kort og godt: Eg får eigentleg ikkje tak i samanhengen mellom bibelteksten og det presten seier. Preika har for meg blitt ein arena kor presten kan blomstra frimodig i veg, det er utruleg kor mange kåseriaktige preiker eg har høyrt. Det er framandgjerande korleis dei kan få så lite ut av så mykje, bibeltekstar har i seg mykje potensiale. Preika tar meg sjeldan. Det er for dårleg struktur, for lite å tyggja på, for stor plass til prestens person. Det er sikkert ikkje enkelt å skriva ei preike kvar søndag, men mange prestar undervurderer sitt publikum, eg anar ikkje kvifor. For mykje blir sagt. Men ein er redd for alvoret. Det trivielle får i staden leva ganske fritt. Går dei ut frå at dei som sit i benkane ikkje tåler meir? Er dei redde? Er dei ute etter å plisa meg? Eg vil ikkje bli plisa. Viss kyrkja hevdar at det fins ei sanning, og at det verkeleg berre fins ein veg til Gud, KIRKE & KULTUR 1/2009 UNIVERSITETSFORLAGET 61

vil eg gå i kyrkja for å høyra om dette. Ein kan ikkje underkommunisera det, sjølv om folk avviser det som kyrkja lærer er Guds ord. Men det må ikkje trivialiserast, Jesus sjølv snakka jo i likningar når han snakka om Guds rike, kven nesten er, at ein ikkje skal fordømma. Men det var heile tida ei smerte der, eit farleg alvor, samtidig med ein nåde som var større enn folk kunne tru, noko mildt som gjorde at dei med harde hjarte gjekk bort med dårleg smak i kjeften. Og du kunne høyre Guds stemme om både lov og evangelium, folket var slått av undring fordi han talte med myndigheit, som det står. Vi må ikkje skapa ein Gud i vårt bilde, Gud er større enn våre idear om dialog. Bibeltekstane byr på ganske mykje, dei har levd lenge. 62 «EG VIL UNNGÅ DET TRIVIELLE»