Litt info angåande klede og utstyrs avtaler i IL Havdur. På bakgrunn av utløp av utstyrsavtale og nedlegging av butikk i Sola sentrum med vår utstyrsleverandør, har IL Havdur inngått nye samarbeidsavtaler på klede og utstyr for klubben. IL Havdur sine nye samarbeidspartnarar er Livar Askø, HERO+, og G-Sport, Klepp med leverandør Scantrade. Alle medlemmer får medlemskort på G-Sport etter betalt medlemsavgift i IL Havdur. Medlemmar får 20% rabatt på Umbro, 10% rabatt på alt anna i butikk ved framvising av medlemskort. 2% av totalt kjøp går tilbake til klubb. Det vil verta levert lister til G-Sport slik at dei kan sjå kven som er medlem i IL Havdur og kven som har betalt kontingent. Klubbkveld G-Sport vil halde klubbkveld 10.mars 2016, på Jærhagen. Her vil alle medlemmer får gode tilbod. Då det er kort tid til klubbkvelden, og medlemskontingenten ikkje er sendt ut, vil det verta sendt over medlemslister, slik at alle medlemmer kan få rabattar. Det er difor viktig at alle lag lister i Kxweb havdur.no er oppdatert. Drakter Livar Askø, med merke HERO+, er med som IL Havdur sin nye drakt og klede leverandør. Spelar drakter er bestilt til alle i klubben. Bestillinga er sendt til produksjon og forventa levert før fotballen sin seriestart. Draktene har ein heilt unik finish med mønster og sponsor logo farga inn i tyet. Dette vert fantastisk bra. Ingen andre har like flotte drakter. Sponsorer IL Havdur har fått fleire drakt sponsorer: Solabladet på drakt bak under tal og DNF på shorts, i tillegg til TS og SR-bank. Det vert arbeida med å få nya sponsorer til Coach jakkene, då avtalen me hadde utløp ved årsskifte. Sponsor på overtrekker varer ut 2016. Utstyr Det vert laga avtale med G-Sport, Jærhagen, KLepp og Scantrade for kjøp av alt anna utstyr. Tilbodet frå G-Sport på Jærhagen er saman med Scantrade. IL Havdur får 30% på Umbro og Mizuno produkt, og 20% på alt anna utstyr ved klubbkjøp. Scantrade gjev 20% kickback på total kjøp etter rabatt trekt ifrå. G-Sport fører saman med Scantrade som leverandør merka Umbro og Mizuno til klubb. Dei har inne i butikk mange av desse produkta.
Handball Handballdraktene får kort arm og nummer framme og bak. Senior avdeling får i tillegg nummer på shorts. Farge Heime draktene er gule med svart mønster og svart shorts. Borte drakter er svarte med gult mønster og svart shorts. Keeper drakter er rosa, blå eller grøne, med svart shorts eller bukse. Fotball Fotballdraktene får lang arm og nummer bak på rygg. Senior avdeling får i tillegg nummer på shorts. Farge Heime draktene er gule med svart mønster, svart shorts og gule strømper. Borte drakter er svarte med gult mønster, svart shorts og svarte strømper. Keeperdrakter er rosa, blå eller grøne, med svart shorts og svarte strømper. Nye spelarar og trenarar kan få bestille Coach jakker frå Livar med kort leveringstid innan oppgjevne str. Askø har på lager Coach jakker i str XXS til XXXL i herre. Den minste størrelsen til svarer dame S. Askø legg opp til å ha klart mindre størrelser i Coach jakker til sommaren. Kan då ta felles bestilling for dei som vil ha Coach jakker i klubben. Ny kolleksjon Det vil i tillegg koma ny kolleksjon på overtrekker og bukse. IL Havdur og Askø legg opp til bestilling av dette til sommaren- haust. Det vil vera ulike størrelsar tilgjengelig til prøving på Havdurhuset til avtala tid. I tillegg vil Askø ha drakter med shorts og strømper, overtrekker og bukser, Coach jakker i ulike størrelsar tilgjengelig på lager. Overtrekker genser bukse Inntil det er klart for ny kolleksjon er det mogeleg å handla Umbro klede hos G-Sport. Sjå forslag på produkt frå Scantrade. vedlegg Draktfarger, sjå neste sider. Hilsen IL Havdur Hovedstyre