«Skya» har landa. DIGITAL VERD: I dag er nesten alt du gjer innom ei datamaskin. Men kvar er desse datamaskinene? Firda har besøkt «Skya».



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kva er økologisk matproduksjon?

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

6. trinn. Veke 24 Navn:

mmm...med SMAK på timeplanen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Brukarrettleiing E-post lesar

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Brukarrettleiing. epolitiker

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Jon Fosse. For seint. Libretto

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Brukarrettleiing. For bruk av datamaskin/projektor i undervisningsrom

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

La meg få ein sjanse til...

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Team Hareid Trygg Heime

ehandel og lokalt næringsliv

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Med god informasjon i bagasjen

IKT-kompetanse for øvingsskular

Den nye seksjon for applikasjonar


Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Informasjon til elevane

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE


Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nytt HFK Intranett

Vegvisar til vilbli.no

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Transkript:

13 GOD LOKALKOKKEN Møt Kari Støfringsdal SIDE 18 19 FRISPARK Av Knut Magnussen SIDE 20 SKRIVEKLØE av Ingvild R. Myklebust SIDE 21 BLIKKET av Bent Are Iversen SIDE 21 FOTO : BENT ARE IVERSEN «Skya» har landa DIGITAL VERD: I dag er nesten alt du gjer innom ei datamaskin. Men kvar er desse datamaskinene? Firda har besøkt «Skya». SIDE 14 TIL 17

14 FIRDA SNART KLARE: Dagleg leiar i Bluefjords, Edvin Brun, står her saman med salssjef i Serit Fjordane IT, Harald Gil Sætre, og dagleg leiar i same firma, Dagmunn Fauske. Dei slår snart på straumen i det nye datasenteret. Om lag seks kilometer frå Gaupne, oppover Jostedalen, ligg der eit lite blått bygg. Det er ein usannsynleg stad for eit kontor. Eigentleg også for eit lagerbygg. Langt frå det meste som treng lagring. Men det er eit lager. Og det som er lagra der har lite med Jostedalen å gjere. Ikkje kan du ta på det heller, sjølv om det er alt frå vaskefiller, musikk, flyreiser og kartposisjonar, til bedriftsløyndommar og kanskje din helseinformasjon. For eigentleg er det berre nullar og eitt-tal på rekke og rad, i store svarte boksar. Tal som lagar system, held oversikt og utfører oppgåver. REPORTASJE TEKST: Frode Grimelid FOTO: Bent Are Iversen «I SKYA», blir det sagt. Alt blir sendt til, og henta frå, skya. Og det skjer så raskt, at det nesten er som om alt ligg inne i telefonen eller pc-en din. Større og større datamengder, går fram og tilbake mellom dingsane våre og «skya». Truleg er det få som tenker mykje på kvar ho er, denne skya. Men somme brukar svært mykje tankekraft på akkurat det. Mange av kundane våre er opptekne av å vite kvar verdiane deira er, seier Dagmunn Fauske, dagleg leiar i Serit Fjordane IT, som lagrar data for ei rekke bedrifter. I dag har dei to datarom. Eitt i Førde og eitt i Gaupne. No vil dei ha plass til å vekse. Kapasiteten er sprengd. Kundane krev dessutan meir og meir av dei. Driftsstopp er ikkje akseptabelt. Alt må vere tilgjeng eleg. Døgnet rundt. Kvart einaste sekund. Og med lysets hastigheit. NOR TEKSTIL-SJÅFØREN hoppar ut av bilen og går inn på bensinstasjonen. Han bøyer seg ned, plukkar opp golvmatta ved døra og tar ho med seg tilbake til bilen. Slike matter, vaskefiller, dukar og serviettar finst på butikkar, kontor, hotell over heile landet. Det blir nokre millionar gjenstandar, som selskapet helst må ha god kontroll på. På vaskeriet blir alt registrert, før det går gjennom vaskemaskinene og ut igjen i bilane i andre enden, på veg tilbake dit dei kom frå. Nor Tekstil er ei av vestlandets største bedrifter, med hovudkontor i Florø og 17 vaskeri over heile landet. Informasjonen, som held styr på alt, ligg på nokre harddiskar i Førde. Snart skal dei flyttast til Jostedalen i Luster. Kvifor? Fordi her er det sikkert. Om systemet ikkje fungerer, blir det ganske kritisk. Vi kan klare oss ein time, men etter det, begynner det å balle på seg, seier Dag Atle Bøe, som jobbar med IT i Nor Tekstil. Er systemet nede over lenger tid, får dei ikkje fakturert og heller ikkje tatt nye bestillingar. Alt stoppar opp. SERIT FJORDANE IT og Enivest har investert, og eig til saman 35 prosent, av selskapet Bluefjords. Og det er Blue-

15 ANONYMT: Dei færraste vil gjette kva dei køyrer forbi om dei tek turen opp i Jostedalen, men her ligg det fleire hundre tusen songar, millionar av tekstmeldingar og informasjon om nesten alle vaskefiller i heile Norge. Ved foten av fjellet, inne i ein dal, der vatnet og krafta ein gong la grunnlaget for annan industri. No startar der eit nytt eventyr... BLUEFJORDS Selskapet Bluefjords AS er eigd av ei rekke investorar. Største investor er Serit Fjordane IT AS, med kring ein fjerdedel av aksjane. Elles er Enivest AS, som nettopp har kjøpt seg inn med ti prosent, ein stor eigar. Andre investorar er Aaberge Invest AS, Bach AS, Arne Myklebust AS og Sand Hill Service. Bluefjords har investert 35 millionar i datasenteret i Jostedalen. Det inkluderer ikkje datautstyret, som dei som leiger plass stiller med. Serit Fjordane IT er blant leigetakarane, som tek med seg mange bedrifter inn i datasenteret. Senteret skal vere klart for opning i løpet av mars i år. fjords som eig datasenteret i Jostedalen. Fjordane IT og Enivest er også mellom selskapa som skal leige hybel for datautstyret sitt i det vesle blå lagerbygget. I dag står det 66 hyblar i bygget. Ein slik hybel, eller eit stort svart høgskap, kan lagre all informasjonen i ein heil kommune. Innanfor dei fire brannsikre veggane, i dei 66 hyblane, kan all informasjon frå alle bedrifter og offentlege institusjonar i heile fylket få plass. Det trur Fauske at fleire og fleire vil nytte seg av. SJØLV OM datasenteret kan romme eit heilt fylke, er det lite i sin klasse. Likevel er alt bygd i full skala, for målet er å utvide. Hundre mål er tilgjengeleg for utbygging. Bluefjordssjef Edvin Brun håpar i alle fall på eitt lagerbygg til. Det får han, om utviklinga held fram, og fleire vel å plassere informasjonen sin hos han, framfor hos seg sjølve. Kommunane i Sunnfjord har allereie samla alt utstyret ein stad, det er berre første steg på vegen, meiner Fauske. I Bluefjords trur dei både offentlege etatar og private bedrifter vil slite med å halde eige utstyr. Dei trur det blir billegare og sikrare å lagre informasjonen i datasenter, framfor eigne datarom. Her bygger vi med heilt anna utstyr, og med ein heilt annan kvalitet, enn om ein skal bygge eit datarom på seks kvadratmeter, seier Brun. SYS-IKT ER eit samarbeid mellom ni kommunar. Åge Klausen er sjef for datatrafikken til desse ni kommunane, og har passa på å lagre informasjonen to stader. Utfordringa er tryggleik.

16 FIRDA KJØLING: Temperatur er vanlegvis ei stor utfordring og er svært energikrevjande. Her skal dei to kjølemaskinene gjere jobben på ned mot ti prosent av det totale energiforbruket. Det er difor ikkje utenkeleg for oss å finne fleire lagringsplassar i framtida, seier han. Det er mange ting som skal vurderast før ein bestemmer seg for kvar ein vil lagre informasjonen sin. Er det sikker straum? Er personopplysningar sikre? Det finst etter kvart mange tilbod, men vi har den ekstra utfordringa at personopplysningar må vere sikre. Då er det lettare innanlands. Eg kjenner ikkje tilbodet i Luster så godt, men dei har den store fordelen med mykje tilgjengeleg kraft, spørsmålet er kva som skjer om ei gravemaskin grev over datakabelen? VI er livredde for alt som berre er ein, seier Brun. To av alt og det beste av det beste. Det er filosofien i Bluefjords. Krava til sikker lagring, blir berre strengare og strengare. Bluefjords har difor grave ned sin eigen kraftleidning, direkte frå Leirdøla kraftverk, berre nokre hundre meter vekke. Eit punkt der tre ulike kraftverk matar inn straum. I tillegg er anlegget kopla på det vanlege straumnettet. Kvar av linjene er knytt til bygget med eigen trafo. Skulle det likevel gå gale, står det 80 batteri klare, som liknar bilbatteri. Dei kan ta over nokre minutt, medan dieselaggregatet startar opp. Bluefjords er kopla til resten av verda gjennom det vanlege fibernettet, men dei har også grave ned eigen fiber, som ikkje kjem i nærleiken av den andre. Dei går separate vegar heilt til Oslo. Inga gravemaskin på ville vegar, skal få stoppe Link mobility As Sender tekstmeldingar for bedrifter, kommunar, skular og liknande over heile landet. Mellom anna sender dei alle meldingane for Wideroe. Nor Tekstil Har kontor i Florø, Drammen, Ski, Oslo, Kristiansand, Skien, Sogndal, Bergen, Mongstad, Voss, Valen, Stavanger, Trondheim, Molde, Ålesund og Bodø. All datatrafikk skal gå til Luster. Pretre As Trevarebedrift med kontor i Stryn, Gausdal, Steinkjer, Tvedestrand. Airlift Kontor i Gaular, Kinsarvik og på Ljosland. dataflyten til og frå skya i Jostedalen. Det er eit stort ansvar, men eg søv godt om natta, seier Brun. "Det er eit stort ansvar, men eg søv godt om natta DAGMUNN FAUSKE Serit Fjordane IT KORTREIST STRAUM er den store fordelen. Det reduserer sjansen for utfall, fordi det er enkel tilgang og fleire koplingar. Det er også meir energieffektivt, for di ein slepp straumtapet på vegen. Pris er eit tredje moment. Fordi dei eig linja si sjølve, slepp dei unna ein del nettleige, om ikkje all. Vi kan dessutan garantere at straumen er grøn, fordi han ikkje er blanda med resten av straumnettet, seier Brun. Ein annan viktig ting, er fredelege tilhøve og lovverk, som vernar informasjonen. Det finst mange datasenter i verda, men skya må vere ein stad, og mange av dei største sentera ligg i USA. Eit land med eit anna regelverk enn Norge. No bygger teknologigiganten Apple eit stort datasenter i Danmark, basert på billeg straum frå Norge. Men som SYS- IKT, og andre som forvaltar persondata er svært merksame på, er også landegrenser viktig for kvar ein plasserer informasjonen sin. Her vil det også vere kundar som

17 STRAUM: To straumlinjer kjem inn i huset. Dei har kvar sin trafo og kjem inn gjennom kvart sitt rom. Her ser du ein av dei to straum-«leidningane». ikkje vil ha namnet sitt offentleg. Ingen skal vite kvar dei har sin intellektuelle kapital, seier Brun. Men namnet på Fjordane IT sine kundar får vi vite namnet på. Det er mellom andre Nor Tekstil, Firda Billag, Phonofile, Bach Technology, Link mobility og Airlift. Somme av desse bedriftene samlar og sender informasjon til og frå heile verda. Kartet viser eit utval av den informasjonsstraumen som no skal innom Jostedalen, og det er berre kundane til Fjordane IT som fyller nokre få av hyblane. Resten skal leigast ut til konkurrerande bedrifter. DU VANDRAR ned avgangshallen på Gardermoen, og i lomma tikkar det inn ei melding. Flyet heim att til Bringeland er forseinka. Du setter deg ned ved utgangen og tar fram mobilen igjen. Øyretelefonane kjem fram, og du spelar av ei låt av bandet «Highasakite». No har du allereie vore i kontakt med datasenteret i Jostedalen to gongar. Det er her tekstmeldinga kjem frå, og det er her musikken blir distribuert frå. Her finst det datamaskiner, som overvakar kva radiostasjonane spelar. Radiostasjonar som ligg så langt vekke som i Sør- Amerika. Datasenteret hentar allereie verda til Luster, så får vi sjå kven andre som vil ha plass oppe i dalen. "Her vil det også vere kundar som ikkje vil ha namnet sitt på trykk, ingen skal vite kvar dei har sin intellektuelle kapital EDVIN BRUN Bluefjords Bach Technology Hentar informasjon frå 4500 radiostasjonar i Europa, 11.000 radiostasjonar i Nord-, Sør- og Mellom-Amerika og 1900 radiostasjonar i resten av verda. Phonofile Phonofile har avtalar med meir enn 1500 plateselskap over heile verda. Dei distribuerer over 300.000 låtar for ulike artistar.