Innspel til Vesentlege spørsmål om vassforvaltning Frå Vassområde Indre Sogn

Like dokumenter
Val av vassførekomstar til tiltaksovervaking Indre Sogn Vassområde

Om Indre Sogn vassområdeutval Aktivitet Rekneskap 2017 Vedlegg 1

Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i

Saman for vatnet. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

det objektive datagrunnlaget er særs mangelfullt behov for meir data/ overvaking i liten grad tatt stilling til om desse bør delast opp meir

Møte i Sogn og Fjordane vassregionutval 4.okotber 2017

Vassførekomstar i Sogn og Fjordane kunnskap og overvaking

Indre Sogn vassområde

Treng vi å betre vassmiljøet?

Tiltak i vassområdet Voss-Osterfjorden

Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring Regional plan for vassregion Hordaland.

Lokal tiltaksanalyse Indre Sogn Vassområde

Tilbodsinvitasjon Skildring av oppdraget

Lokal tiltaksanalyse Indre Sogn Vassområde

Vurdering av tilstanden i alle vassdrag, fjorden og langs kysten

Uttale til Regional plan for vassforvaltning for og Handlingsprogram for

Regional plan for vassforvaltning. Vassforskrifta og organisering av arbeidet

Nordfjord vassområde 16. mars 2012

Uttale til høyring på Regional plan for Vassregion Hordaland med regionalt Tiltaksprogram ref, 2014/16490

Saman for vatnet Oppdatering av regional vassforvaltningsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

Sunnfjord vassområde 27. februar 2012

Regional plan for vassforvaltning

Oppfølging av vassforskrifta i Vik kommune

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

FMLAs arbeid med vassforskrifta erfaringar og utfordringar

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

Miljømål for vatn med fysisk påverknad

Innspel til Vesentlege spørsmål om vassforvaltning Frå Vassområde Ytre Sogn

Oppstartsmøte Nordfjord vassområde. Merete Farstad Sogn og Fjordane fylkeskommune Møte

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Lokal tiltaksanalyse Indre Sogn Vassområde

Vedlegg 3 Mindre strenge miljømål Utkast til regional plan for vassforvaltnings for Sogn og Fjordane

Saman for vatnet. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram. Vedlegg X til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar

Saman for vatnet. Vedlegg 1 til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar i Nordre Nordmøre vassområde

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Vik kommune Plan/forvaltning

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Moe Arkiv: K54 Arkivsaksnr.: 10/2533

HØYRINGSUTTALE TIL FORSLAG TIL "REGIONAL PLAN FOR VANNFORVALTNING I VANNREGION VEST-VIKEN "

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Høyring av regional plan etter vassforskrifta. Sølve Sondbø, seniorrådgjevar

Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet Arkiv: K1-033, K2 - K54

HØYRING AV REGIONAL PLAN FOR VASSFORVALTNING FOR OG HANDLINGSPROGRAM FOR HØYRINGSFRÅSEGN BØMLO KOMMUNE.

4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ Overordna mål Førebels mål for vasskvalitet... 3

Saman for vatnet. Vedlegg 2 til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

Teknisk etat Kvam herad Grovagjelet Norheimsund. Resipientundersøking Kvam, vassprøvar frå mars og august 2006

Melding om vedtak / særutskrift Regional plan for vassforvaltning i Vassregion Vest-Viken

Forslag til etablering bevaringsområder for hummar i Sognefjorden.

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Vestland samanslåing -

Nordfjord vassområde. Nordfjord Hotell, Nordfjordeid 28. november Temamøte Avløp

Type påverknad Gjennomførte problemkartl tiltak, beskriv egging skal fange opp. Miljøtilstand er avhengig av pågående tiltak

Forslag til etablering bevaringsområder for hummar i Sognefjorden.

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

samband ved eventuell

Saman for vatnet. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram. Vedlegg X til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar

Saman for vatnet. Hovudutfordringar

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Oppfylging av vassforskrifta utfordringar i kommunen

Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTANE ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 5

ULVIK HERAD SAKSPAPIR

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 4

Sak Organisering, vidareføring av prosjekt og prosjektleiarstilling

Om Ytre Sogn vassområdeutval Aktivitet Rekneskap 2017 Vedlegg 1

Ureiningsproblem knytt til landbruk og støtteordningar til miljøvennleg jordbruksdrift

Viktige utfordringar i Stryn vassområde

Overvakingsprogram for Sogn og Fjordane vassregion

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Vassforskrifta flaum og overvatn. Kjersti Finholt Prosjektleiar Søre og Nordre Sunnmøre vassområde

ULVIK HERAD 5730 ULVIK

Vassområde Nordfjord. Orientering for Bremanger kommunestyre Staffan Hjohlman, prosjektleiar. vann-nett.nve.

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Landbrukstiltak langs vassdrag. Regelverk, frivillige tiltak og RMP elvemusling Øyvind Vatshelle, fylkesagronom jord- og plantekultur

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Regional plan for vassregion Hordaland gongs høyring

Melding om vedtak. Høyring-Regional plan for vannforvalting i vannregion Agder.

Karakterisering av kystvatn korleis behandle hamner i arbeidet etter vassforskrifta?

Vasskvalitet på 33 utvalde lokalitetar i 12 vassdrag i Indre Sogn Vassområde 2013 A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 1763

Innhald. Framsidefoto: Christian E. Pettersen

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Fiske etter anadrom fisk i sjø og vassdrag. Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Regional plan for Vassregion Hordaland utsending på høyring

Regional plan for vassregion Hordaland utsending på 2. gongs avgrensa høyring

I farne tider var landskapet vårt salsvare

Saman for vatnet. Vedlegg 3: Hovudutfordringar i Romsdal vassområde. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 038/2014 Kommunestyret PS Høyringsuttale Regional plan for Voss-Osterfjorden vassområde

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

TILTAKSTABELLER FOR VASSOMRÅDE SUNNFJORD - FØREBELS UTGÅVE

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 153/14 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) PS

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion med tilhøyrande tiltaksprogram

Innkalling til møte i Hordaland Vassregionutval fredag 24. april 2015

Høyringsrapport til Hovudutfordringar for Sogn og Fjordane vassregion. Til handsaming i Sogn og Fjordane vassregionutval

Transkript:

Innspel til Vesentlege spørsmål om vassforvaltning Frå Vassområde Indre Sogn Versjon nr. 01 / 29.03.2012

Vatn er viktig for alle Det er innhenta informasjon om status i vassdraga og fjordane for kvar kommune i Indre Sogn vassområde. Det er også vurdert kva for nokre påverknadsfaktorar som er av betyding og kva for eit miljøproblem som kan vere dominerande. Vassførekomstar med problem blir tatt med vidare for tiltaksanalyse. Fjordane har sannsynlegvis minst god økologisk status. Dette gjeld også for Indre Nærøyfjorden og Barsnesfjorden, som har naturleg lågt oksygeninnhald i djupvatnet. Unnatak er Indre Årdalsfjorden med høgt innhald av miljøgift i sedimenta og dårleg økologisk status. Dei fleste fjordane er kandidat for SMVF grunna endra ferskvasstilrenning frå vassdragsutbygging. I fjordsystem vil verknadene av vassdragsreguleringar først og fremst være synlege i saltinnhaldet i fjorden og utbreiing av brakkvasslaget. Dei aller fleste uregulerte vassdraga er utan belastning og har minst god økologisk status. Dei uregulerte innsjøane i høgfjellet er utan forsuringsproblem og har minst god økologisk status. Dei større vassdraga i Indre Sogn er utbygd for kraftproduksjon og er kandidat for SMVF. Økologisk tilstand i dei utbygde vassdraga og reguleringsmagasina må definerast individuelt. I elvar kan vassdragsreguleringar føre til endringar i vassføring, vasstemperatur og is tilhøve og kan også påverke vasskvaliteten. Tiltak som bygging av fisketrappar, tersklar, minstevassføring, lokkeflaumar kan kompensere for negative verknader av vassdragsreguleringar. Behov for tiltaksplanar og avbøtande tiltak må avgjerast av NVE i samband med revisjon av vilkår. Avrenning frå landbruksareal og tilførslar frå avløp frå spreidd busetnad inneheld organisk stoff, næringsstoff og tarmbakteriar. Næringsstoffa kan føre til auka vekst og groe i vassdraga, medan tarmbakteriar kan gjere vasskvaliteten ueigna for andre føremål. Tilførslar av organisk materiale kan resultere i lågt oksygeninnhald i djupvatnet innsjøar og fjordar. Oksygeninnhaldet i vassmassane er helt avgjørande for dei fleste former for liv i fjorden. Landbruk og busetnad ligger hovudsakleg i låglandet og går opp mot 200 moh. Dei fleste uregulerte vassdrag, samt vassdrag og opne område med god vassutskifting og sirkulasjon, har store vassføringar i dei nedre delane, og dette gjev god resipientkapasitet og difor lite problem med avrenninga. Små vassdrag og nedre delar av utbygde vassdrag kan ha tilførslar frå jordbruksavrenning og spreidd busetnad som påverkar økologisk status. Status må undersøkast i nokre vassførekomstar der ein ikkje har tilstrekkeleg kunnskap. Mange av lakse- og sjøaurebestandane i Indre Sogn har hatt ei negativ utvikling dei seinare åra. Dette skuldast i hovudsak tilhøve som næringstilgang i havet og periodevis stor grad av infeksjon med lakselus. Dette er dels naturlege og dels menneskapte årsaker, som ligg utanfor Indre Sogn Vassområde. Lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Lærdalselvi er eit unntak, der kjelda er i sjølve vassdraget. Omfang av rømt oppdrettslaks er generelt sett lågt i indre delar av Sogn. Eit fåtal vassdrag i ytre delar av Indre Sogn vassområde har hatt mykje rømt oppdrettslaks.

Kort omtale om arbeidet med dokumentet, om involvering og forankring lokalt. Multiconsult AS har, i samarbeid med Rådgivende Biologer AS, fått i oppdrag av Indre Sogn Vassområde å samle lokal kunnskap om vassførekomstane i området og utarbeide eit framlegg til kvar det er behov for lokale tiltaksanalysar som skal danne grunnlag for den endelige vassforvaltingsplanen. Hensikta med utarbeiding av tiltaksanalysar er å finne tiltak som beskytta og forbetrar vassførekomstane der det er fare for at miljømåla ikkje kan oppnåas innan 2021, i Indre Sogn Vassområde. Faglege rapportar og anna informasjon er henta inn frå kvar kommune i vassområde, samt omkringliggjande kommunar der delar av nedbørsfeltet til vassområdet ligg. Tilstanden av alle vassførekomstar har blitt registrert og risikovurdert. På bakgrunn av samla kunnskap om vassførekomstane er dei delt inn i tre grupper. Dei som ikkje har problem med å oppretthalde miljømålet om god økologisk tilstand, har vi lagt vekk. Disse som er vurdert å ikkje ha problem får fargekode grøn. Vassførekomstar der det allereie er registrert trong for tiltak, er merka raud. Kandidat til SMVF og SMVF vassførekomst blir automatisk satt til risiko for ikkje å nå minst god økologisk status. Dei vassførekomstane som vi vurderer å truleg ha eit problem med å oppretthalde god økologisk tilstand, føreslår vi å sjekka nærare opp og vil skissere vidare oppfølging. Disse førekomstane der vi må gjøre ein tiltaksvurdering blir merka gul. Vi endar då opp med tre kategoriar vassførekomstar Kjend status Ukjend status Kjende belastningar Kjend moderat eller dårleg status Må undersøkast nærare Ingen kjende belastningar Kjend minst god status Anteke minst god status

1. Vassområdet og vassførekomstane Figur 1 Indre Sogn vassområde med nedbørsområde frå omkringliggjande kommunar som endar til vassførekomstane i Indre Sogn. (ref Vann-Nett) Utdrag frå Vann-Nett 19.mars 2012: Registrerte vassførekomstar: Antal km 2 /km Elvar og bekkefelt: 318 9989,16 Innsjøar: 143 258,15 Kystvatn: 13 297,86 Brakkvatn: 0 0 Grunnvatn: 21 68,24 Antal vassførekomstar totalt: 495 10613,41

Lakseelvar Det er ei rekkje kjende lakse- og sjøaureelvar i Indre Sogn. Lærdalselvi, Lærdal kommune, har ein tradisjon som ei av dei beste lakseelvane i Noreg. Lakseelva Vikja i Vik kommune, som munnar ut i Sognefjorden, vart i 2002 kåra til Noregs beste lakseelv med 1 kg laks pr meter elv. Og elva vart i 2003 klassifisert som nasjonalt laksevassdrag. Årøyelvi, Sogndal kommune, er ein anna kjent lakseelv. Elva munnar ut i Sogndalsfjorden. Aurlandselvi var kjend for sin storvaksne sjøaure. Påverknad frå oppdrett på ville laksefisk i Indre Sogn Sognefjorden har vore oppdrettsfri innafor forskingsanlegget til Høgskulen i Sogndal, men den utvandrande laksen skal passere forbi oppdrettsområda i Ytre Sogn før han går ut i havet. Sjøauren beiter inne i fjorden, og vert ikkje like eksponert som laksesmolten. Det finst god kunnskap om tilhøva for laks og sjøaure i Indre Sogn, og verknad av infeksjonar av lakselus og innblanding av rømd oppdrettslaks vert omtala generelt for heile regionen innleiingsvis her. Lakselus og verknad på sjøaure og laks Frå tidleg på 1990-talet er det observert at store mengder ung sjøaure har vandra attende til bekkar, elvar og elveosar langs norskekysten, alt frå siste halvdel av mai. Årsaka til dette er høge infeksjonar av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) på sjøauren. Auken i infeksjonar av lakselus på sjøaure og laks er ikkje uventa. Etter etableringa av fiskeoppdrettsnæringa har talet på moglege vertar for lakselus langs kysten og i fjordane auka sterkt. Den totale årlege tilbakevandringa av vill laks til kysten er i perioden 2007-2009 berekna å ha vore rundt 400.000, medan det stod og 337 millionar oppdrettslaks i merdar langs Norskekysten ved utgangen av 2010 (frå Kålås mfl. 2012). Infeksjon av lakselus på for tidleg tilbakevandra sjøaure er undersøkt årleg sidan 1999 på Vestlandet, og regionen som i overvakinga er kalla Sognefjorden inkluderer Indredalselvi som ligg i midtre delar av Sognefjorden, og Ytre Oppedalselvi, Moldeelvi, Kråkevågselvi og Hageelvi som ligg i ytre delar eller utanfor munninga av Sognefjorden. Resultata herifrå har variert mykje, frå år med omfattande infeksjonar til år med nesten ingenting. Dei seinaste tre åra til og med 2010 har vore gode år utan høge infeksjonar (Kålås mfl 2009; Johnsen mfl 2012). Tidlegare vart også ei elv i Kaupanger inkludert i overvakinga, men so langt inne i fjorden vart det ikkje funnen tidleg tilbakevandra luseskadd sjøaure. Garnfiske etter luseskadd postsmolt ved Nessane i Balestrand i midtre delar av Sognefjorden gav heller ikkje indikasjon på at lakselus er noko omfattande problem her (Bjørn m.fl. 2011). Lågt saltinnhald i fjorden gjer tilhøve lite gunstige for lakselus inst i Sognefjorden. Ei oppsummeringa frå DN om status for sjøaure i landet slår fast at sjøauren har hatt låg overleving i sjø dei seinare åra på heile kysten av Vestlandet, og det er ikkje noko som tilseier at dette utelukkande skuldast høge lakselusinfeksjonar. Næringstilgang har og stor betyding, av di nedgangen for sjøauren er like stor for område utan oppdrett og lakselusproblem (DN 2009). Eldre sjøaure frå

dei indre områda i Sognefjorden kan likevel vandre vestover i Sognefjorden på næringssøk og slik kome i kontakt med lakselus. Laksen som vandrar ut fjorden kjem i kontakt med lakselus vest i Sognefjorden, og det er sannsynleg at dette har hatt verknad på overlevinga til den utvandrande laksesmolten i år med høge infeksjonar. Lang utvandringsrute kan gjere laksesmolten meir utsett for påslag av lakselus fordi mengda lakseluslarvar aukar utover sommaren ytst i Sognefjorden. Innslag av rømd oppdrettslaks Kvart år sidan 1999 organisert skjelinnsamling og analysert skjelprøvar frå dei fleste laks- og sjøaureelvane i Sogn og Fjordane. I perioden har det ikkje vore fiska laks i alle elvane, og materialet er difor avgrensa for fleire av vassdraga i Indre Sogn. Det avteiknar seg likevel eit relativt klårt bilete for midtre og indre delar av Sognefjorden. Elvane med store smoltutsetjingar kan synast å trekkje til seg mykje rømt oppdrettslaks. Dalelvi i Høyanger, Vikja i Vik og Årøyelvi har år om anna hatt betydeleg innslag av rømt oppdrettslaks, og også Sogndalselvi som ligg like utom Årøyelvi, har einskilde år hatt over 50 % oppdrettslaks i fangstane. Elvane innafor, som Årdalselvi, Lærdalselvi, Aurlandselvi, Flåmselvi, Nærøydalselvi har hatt vesentleg lågare innslag av rømt laks, samla sett nær 5 % (tabell 1) (sjå også Urdal 2011). Tabell 1 Oversyn over skjelmaterialet frå laksefangstane i vassdraga i Indre Sogn, med antal årlege prøver, antal og andel (%) oppdrettslaks i fangstane. Vassdragsreguleringar og SMVF Mange av vassdraga og vassførekomstane i Indre Sogn er nytta til vasskraftproduksjon. Aurlandselvi er utbygd til kraftproduksjon gjennom fleire kraftverk, og hovudkraftverket Aurland er eit av Noregs største. Dette kan påverke vassføring og vasstand og endre dei fysiske tilhøva so mykje at det i mange tilfelle ikkje er praktisk mogleg å oppnå Vassdirektivet sitt generelle mål om god økologisk status. For slike vassførekomstar, der samfunnsnytta av inngrepet er stor, og det vil vere samfunnsøkonomisk ulønsamt å bøte på verknadane, er det opna for særskilte miljømål kopla til definisjonen Sterkt Modifiserte Vassførekomstar (SMVF). Samstundes kan redusert vassføring også resultere i redusert resipient kapasitet, slik at regulerte elvar med tilførslar frå landbruk og avløp frå spreidd busetnad, kan få uønskt høge konsentrasjonar

av næringsstoff og tarmbakteriar i periodar. Verknadane på vassdraga er ein kombinasjon av dei to belastningane, fråføringa av vatn og tilførslane. Vassdragsreguleringar og dei avbøtande vilkåra knytt til slike, er regulert gjennom konsesjonane gjeve av NVE. Mange av utbyggingane er gjenstand for revisjon dei næraste åra, og dette er eigne og omfattande prosessar der kommunane kan ha ei sentral rolle på vegne av ålmenta. I samband med Vassdirektivet og denne samanstillinga, vert dei regulerte vassdraga nemnt, men ein skal ikkje lage detaljerte tiltaksplanar for desse tiltaka i vassdraga. Industri Indre Sogn har fleire industristader med lang historie innan støyperi og aluminiumsverk, samt næringsmiddelindustri, for eksempel i Årdal og Sogndal. Industrien har over tid medverka med utslepp som kan sporast både i jord, luft og vatn. Det er innført kosthaldsrestriksjonar i Årdalsfjorden på grunn av utslepp av PAH og tungmetall frå aluminiumsindustrien. Det er satt i gang overvaking i dag, og undersøkingane viser at det er skjedd ein betring av tilstanden, men utviklinga tar tid. Jordbruk Indre Sogn har 24 071 innbyggarar pr 1.oktober 2011 (SSB). Jordbruksareal i drift i Indre Sogn er 87 807 daa, der Sogndal og Luster er de største jordbrukskommunane. (2 777 daa i Leikanger, 25 368 daa i Sogndal, 7 635 daa i Aurland, 12 720 daa i Lærdal, 1 196 daa i Årdal, 37 484 daa i Luster. Tal frå 2010, SSB). Jordbruket baserast i fyrste rekkje på husdyrhald (særleg storfe, sau og stadvis også geit). I Indre Sogn betyr også frukt- og bærproduksjon mykje. Den store betydinga av husdyrhald avspeilast i den store delen av jordbruksarealet som nyttast til eng og slått og beite. Grønsaksdyrking er i vekst i Lærdal. Skogbruket drives stort sett som binæring til jordbruket. Viktigaste skogområde har man i Sogndal og Lærdal. Trenden er at det er færre bønder som lever av dei same jordbruksareala. Avfallsdeponi og sigevatn Kontroll og overvaking av sigevatn frå avfallsdeponi er strengt regulert, og det er ikkje kjent at tilførslar frå slike deponi har ført til at resipientar i Indre Sogn har fått redusert økologisk status. Drikkevatn og avløp Del av befolkninga som er tilknytte kommunalt drikkevassforsyning i Indre Sogn vassområde i 2010 er 77 % (98,9 % for Leikanger, 65,2 % for Sogndal, 80,5 % for Aurland, 60,3 % for Lærdal, 98,2 % for Årdal og 60,9 % for Luster). Det er 15 kommunale vassverk i Indre Sogn. For kommunalt avlaup er 79 % av befolkninga tilknytte i 2010 (77,8 % for Leikanger, 73,5 % for Sogndal, 97,6 % for Aurland, 96,1 % i Årdal, 51,9 % i Luster. Det føreliggjar ikkje tall for Lærdal.) Kommunane i Indre Sogn drifter 26 avløpsanlegg (Lærdal er ikkje tatt med da det ikkje føreligg data). Det er dei mekaniske anlegga som

Folketal 2010 Tal på brukarar av kom. vatn Estimert forbruk 2010 Del av kapasiteten som er nytta i dag *Kap. i dag om alle skulle ha kom. vatn * Kap. 2021 (Låg vekst i folketal) * Kap.2021 (Høg vekst i folketal) er dominerande i Indre Sogn. Desse anlegga er bygd for å fjerne partiklar frå avløpsvatnet, men har liten reinseeffekt med omsyn på oppløyst organisk materiale og næringssalt som fosfor og nitrogen. Grunnvatn i Jostedalen. Elveslettene langs nedre del av Jostedøla har i følgje Norges geologiske undersøkelse (NGU) et antatt betydelig grunnvatnpotensial. Jostedalen har ein viktig grunnvassressurs som går frå Gaupne og ca 5 km nordover langs Jostedøla. Dette reservoaret brukast som vasskilde til dei kommunale vassverka Skjolden vassverk og Gaupne vassverk, som til saman forsyner omkring 1900 personar. Tabell 2 Kommunalt drikkevatn Kommune 0513 Skjåk 2299 920 60 444 39 % 98 % 95 % 100 % 0514 Lom 2401 1205 79 169 34 % 68 % 67 % 71 % 0545 Vang 1591 483 31 733 28 % 91 % 90 % 96 % 0618 Hemsedal 2140 1420 93 294 23 % 35 % 42 % 46 % 0619 Ål 4713 2690 176 733 44 % 76 % 79 % 88 % 0620 Hol 4453 3394 222 986 21 % 27 % 27 % 30 % 1233 Ulvik 1118 710 46 647 33 % 52 % 49 % 51 % 1235 Voss 13957 7501 492 816 32 % 60 % 62 % 65 % 1417 Vik 2758 2406 158 074 31 % 36 % 33 % 35 % 1418 Balestrand 1343 1100 72 270 41 % 50 % 49 % 52 % 1419 Leikanger 2225 2200 144 540 18 % 19 % 19 % 20 % 1420 Sogndal 7160 4670 306 819 28 % 43 % 48 % 51 % 1421 Aurland 1689 1360 89 352 31 % 38 % 37 % 39 % 1422 Lærdal 2224 1340 88 038 30 % 51 % 52 % 56 % 1424 Årdal 5601 5500 361 350 25 % 25 % 26 % 28 % 1426 Luster 5023 3061 201 108 25 % 41 % 43 % 46 % * Kapasitet viser i kva grad kommunen kan levere drikkevatn til alle innbyggjarane. Ved under 100% er det ein restkapasitet, dvs kommunen kan levere meir drikkevatn enn forventa forbruk.

Fjordane i Indre Sogn Fjordane i Indre Sogn høyrer til typen CNs5 sterkt ferskvasspåverka fjord. Einaste unntaket er indre del av Nærøyfjorden, der eit ras har delt fjordbotnen i to ved Bakkagrunnen ved Nærøy, slik at indre del no er av typen CNs6 oksygenfattig fjord. Nærøyfjorden bør delast i to ved Nærøy, slik at dei to ulike naturtypane utgjer kvar sin vassførekomst. Også Barsnesfjorden er av denne typen, med naturleg stagnerande djupvatn innafor ein grunn terskel på 8 m ved Loftesnes. Typifiseringa av fjordane omfattar då følgjande element: Dei ligg til økoregion Nordsjøen Tidevannsamplituda er under ein meter Alle er mesohaline med 5-18 promille på årsbasis (NIVA sin rapport 4731 seier polyhalin) Alle er permanent lagdelt, medan Aurlandsfjorden og Ytre Nærøyfjorden er delvis lagdelt Indre del av Nærøyfjorden og Barsnesfjorden har naturleg oksygenfattig djupvatn Dei ligge alle relativt beskytta til Figur 2 Oppdeling av fjordane i Indre Sogn etter Fjordkatalogen

Dagens miljøtilstand og omfang av vassførekomstar som er i risiko for ikkje å nå målet om god miljøtilstand i 2021: Nær 44 % av elvevassførekomstane og 49% av innsjøane står i fare for å ikkje nå målet om god tilstand i 2021. Grunnen til at så stor del av vassførekomstane i Indre Sogn står oppført med risiko er at ksmvf og SMVF vassførekomst automatisk blir satt til risiko. Dersom den økologiske tilstanden er god, kvalifiserer den ikkje til å være SMVF. Vedtak om kva vassførekomstar som er SMVF er enda ikkje avklart. Dagens økologisk tilstand, miljøtilstand, er hovudsakleg fordelt jamt mellom god eller moderat status for elvar og innsjø. For kyst er dei fleste oppført med god økologisk status, etterfylgt av en del på 30 % med dårleg status og 7,7 % av kysten er satt til moderat status. Nærøyfjorden og Barsnesfjorden har begge naturleg låg oksygenmengde i fjorden, noko som i stor grad påverkar dei parametrane som er i risikovurderinga. Begge fjordane er naturleg oksygenfattige, og bør ikkje reknast som negativ påverka, men det må understrekast at dei er lett negativ påverkelege med omsyn til auka organisk utslepp.

Elvar Dagens miljøtilstand: Figur 3 Økologisk tilstand for elv (Vann-Nett, 20.mars 2012) Risiko for ikkje å nå miljømålet: Figur 4 Risiko for elv (Vann-Nett, 20.mars 2012)

Innsjø Dagens miljøtilstand: Figur 5 Økologisk tilstand for innsjø (Vann-Nett 20.mars 2012) Risiko for ikkje å nå miljømålet: Figur 6 Risiko for innsjø (Vann-Nett 20.mars 2012)

Kyst Dagens miljøtilstand: Figur 7 Økologisk tilstand for kystvatn (Vann-Nett 20.mars 2012) Risiko for ikkje å nå miljømålet: Figur 8 Risiko for kystvatn (Vann-Nett 20.mars 2012)

Kunnskapsgrunnlag og oppføljing Det er innhenta informasjon om status i vassdraga og fjordane for kvar kommune i Indre Sogn vassområde. Kunnskapsgrunnlaget er bra for dei fleste av vassdraga, der status er godt dokumentert gjennom målingar og observasjonar. Men det er nokre område der problema er ukjente da det ikkje finst måledata og disse bør undersøkast nærare. Dersom det viser seg at det ikkje er noko problem i vassførekomstane, vil dei verte friskmeldt. Dersom det viser seg at det føreligg problem, vil det bli utarbeid lokale tiltaksprogram med tilhøyrande kost nytte vurdering av tiltaka. Vassdraga der det kan vere moderat eller dårleg økologisk status, eller der problema er kjente, er plukka ut for kommunane for vidare oppfølging. I dei aller fleste vassdraga der ein må undersøke nærare, er det snakk om ein kombinasjon av landbruk med spreidd busetnad langs dei nedre delane av vassdraga. Dette gjev tilrenning og tilførslar av næringsstoff og tarmbakteriar til vassdraga, med auke i begroingsalgar og moglege påverka botndyrsamfunn. For dei vassdraga eller delvassdraga der ein ikkje har minst god status, skal det utarbeidast tiltaksplanar, setjast i verk tiltak og så skal status overvakast for å vurdere om tiltaka har hatt den ynskte verknaden. Utarbeiding av tiltaksplanar kan omfatte ei rad med konkrete tiltak, frå fjerning av vandringshinder for fisk, opprydding langsmed vassdrag, fjerne utslepp og kjelder for ulike typar tilførslar. Vassførekomstar som er kandidat til sterkt modifiserte vassførekomstar (ksmvf) er per i dag ikkje avklart om dei skal bli ståande som SMVF. Miljømåla vil være avhengig av endelig status. Uavhengig av endelig status til ksmvf må ein likevel sette i verk tiltak der påverknader er uavhengig av dei hydromorfologiske endringane. Me har derfor merka nokre av SMVF elvane raud, fordi dei treng tiltak. Vassførekomstar som har ukjend status og må undersøkast nærare: Sogndal kommune: Fardalselvi (077-5-R). Elva har periodevis høge konsentrasjonar av næringsstoff. Dette må avklarast. Bøyalevi-vassdraget med sideelvane Storelvi (078-5-R), Supphelleelvi (078-3-R) og Botna (078-21-R). Vassdraget har påverknad frå diffus avrenning som må avklarast. Luster kommune: Jostedalsvassdraget. Jostedøla har høge konsentrasjonar av total-fosfor, dette kommer sannsynleg frå gjødsla jordbruksareal. Sideelvane Vigdøla (076-11-R), Flatelvi (076-23-R), Geisdøla (076-33-R) og Vanndøla (076-21-R) må sjekkast ut for påverknader frå diffus avrenning.

Dalsdalselvi (075-7-R). Området er eit lokalt viktig kulturlandskap. Belastning frå jordbruksavrenning må avklarast nærare. Mørkrissvassdraget (075-3/5-R). Mørkrisdalselvi ligg i eit landskapsvernområde og er varig verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan III for vassdrag. Elva er belasta av avrenning frå landbruk. Belastning av næringssaltar må avklarast. Årøyvassdraget. Sideelvane Hagagrivi (077-7-R) og Modvagrovi (077-7-R) må avklarast med tanke på påverknader frå avrenning. Årdal kommune: Seimsdalselvi (074-5-R). Diffus avrenning. Nysetelvi (074-37-R). Treng tiltaksavklaring om avrenning frå jordbruk. Lærdal kommune: Lærdalsvassdraget. Lærdalselvi (073-17-R). Elva er regulert av tre kraftverk. Det er blitt målt diffus avrenning frå jordbruk. Status med omsyn på verknad av desse tilførslane må avklarast. Aurland kommune: Aurlandsvassdraget er fullregulert. Aurlandselvi (072-28-R) med sideelvar. Framlegg til opplegg for nærare undersøking: I dei aller fleste vassdraga der ein må undersøke nærare, er det snakk om ein kombinasjon av landbruk med spreidd busetnad langs dei nedre delane av vassdraga. Dette gjev tilrenning og tilførslar av næringsstoff og tarmbakteriar til vassdraga, med auke i begroingsalgar og moglege påverka botndyrsamfunn. Det kan vere problematisk å finne den viktigaste kjelda til slike ureiningar, men eit enkelt vassprøvetakingsprogram under ulike tilhøve kan dokumentere det meste. Konsentrasjon av tarmbakteriar og næringsstoff i vassdraga vil variere i høve til vassføring og nedbør, og variasjonen er ulik for dei ulike typane av tilførslar. Vi kan skilje mellom tre typar av kjelder:

TYPE 1 LEKKASJAR frå offentleg nett eller ULOVLEGE UTSLEPP frå spreidd busetnad. Gir låge konsentrasjonar av bakteriar og næringsstoff i periodar med meir nedbør, fordi utsleppa er "konstante" og dermed vert fortynna av stor vassføring. Og desse tilførslane er tilstades heile året TYPE 2 OVERLØP frå offentlig nett med kapasitetsproblem og frå pumpestasjonar Der kloakk og overvann er useparert, vil ein kunne få overløp i periodar med mykje nedbør. Dette gir høge konsentrasjonar i periodar med høg vassføring heile året. TYPE 3 AREALAVRENNING, frå landbruksområde der anten er beite eller blir spreidd møk. Også dette gir høge konsentrasjonar i nærliggande vassdrag i samband med nedbør og mykje arealavrenning. Dette gjeld i hovudsak i vekstsesongen og ikkje om vinteren. Vinter Sommar Nedbørperiode TYPE 2 Overløp TYPE 3 Arealavrenning Tørkeperiode TYPE 1 Lekkasjar

2. Påverknader årsak, omfang og effekt Tabell 3 Påverknadar som førekjem ofte (hyppig) Elv Type Påverknadar Årsak Omfang Ukjent/ Uvesentleg/liten / middels / stor/ svært stor (kategori frå Vann-Nett) Effekt av påverknadene Samfunnssektor (drivkraft) 1. Vasskraftregulering Kraftproduksjon Stor Liten vassføring Vandringshinder Låg vasstemperatur Redusert resipient kapasitet Is tilhøve NVE 2. Avrenning frå landbruk Avrenning av gjødsel / husdyrmøkk Stor Gjengroing Bakteriar Jordbruk Liten kantvegetasjon Gjødsel tid/mengde 3. Framande artar Liten

Figur 9 Oversikt over påverknader i elv (Vann-Nett 20.mars 2012)

Tabell 4 Påverknadar som førekjem ofte (hyppig) Innsjø Type Påverknadar Årsak Omfang Ukjent/ Uvesentleg/liten / middels / stor/ svært stor (kategori frå Vann-Nett) Effekt av påverknadene Samfunnssektor (drivkraft) 1. Vasskraftregulering Stor Liten vassføring Vandringshinder NVE Låg vasstemperatur 2. Avrenning frå landbruk Liten kantvegetasjon Gjødsel tid/mengde Liten Gjengroing Bakteriar Lågt oksygeninnhald Jordbruk 3. Framande artar Liten 4. Sur nedbør Langtransportert ureining Forsuring Industri, transport etc.

Figur 10 Oversikt over påverknader i innsjø (Vann-Nett 20.mars 2012)

Tabell 5 Påverknadar som førekjem ofte (hyppig) Kyst Type Påverknadar Årsak Omfang Ukjent/ Uvesentleg/liten / middels / stor/ svært stor (kategori frå Vann-Nett) Effekt av påverknadene Samfunnssektor (drivkraft) 1. Vasskraftregulering Låg vassføring Endring i sesongvariasjon Liten Endring i saltinnhald i overflatevatnet Utbreiing av brakkvasslaget NVE Endring i is legging Endring i planktonsamansetning 2. Avrenning frå landbruk Liten kantvegetasjon Gjødsel tid/mengde Liten Strandsone Lågt oksygeninnhald Bakteriar Jordbruk 3. Miljøgiftar Punktutslipp frå industri Stor Tungmetall Industri 4. Avløpsreinseanlegg Kloakk Høgt næringsinnhald Bakteriar VA

Figur 11 Oversikt over påverknader i kystvatn (Vann-Nett 20.mars 2012)

Påverknader som dekker de største områda og de belastningane som er mest viktig å utbetre i vassområdet: Tabell 6 Påverknadar og belastningar som er mest utbredt i Indre Sogn Vassområde Påverknad Vassførekomst( ar) namn/ ID Mogleg tiltak og venta effekt av tiltaket Ansvarlig sektormynde Positive ringverknader Vasskraftregulering Henjaelvi (077-5-R) Bøyaelvi Årøyelvi (077-11-R) Jordalselvi (078-16-R) Bygging av fisketrappar, tersklar, minstevassførin g, lokkeflaumar. Tiltaka kan gi økt swim up av laks og aure NVE Økt fiske i elvane, økt natur- og friluftsoppleving. Økt turisme Jostedølsvassdr aget Dalsdalselvi (075-7-R) God vassføring kan auke resipientkapasite ten Fortundalselvi (075-24/27-R) Årøyvassdraget Årdalsvassdrag et Nysetelvi (074-37-R) Fardalselvi (074-3-R) Lærdalselvi (073-17-R) Vindedølselvi (073-40-R) Aurlandselvi (072-28-R) Flåmselvi (072-5/6-R)

Nærøydalselvi (071-10-R) Avrenning frå landbruk Njøsaelvi (077-5/6-R) Henjaelvi (077-5-R) Sogndalselvi (077-3/4-R) Fardalselvi (077-5-R) Bøyaelvi Kaupangerelvi (077-2-R) Jostedølsvassdr aget Dalselvi (076-2/3-R) Dalsdalselvi (075-7-R) Etablering av vegetasjonssone r kan føre til minking i avrenning til elv/bekk. Direkte injeksjon av gjødsel, spreiingstidspun kt og optimal bruk av gjødsel mengde. Direkte injeksjon kan gi betre utnytting av næringsstoffene og redusert avrenning av N og P, samanlikna med overflatespreiing Kommune Mørkrisdalselvi (075-3/5-R) Fortundalselvi (075-24/27-R) Fardalselvi (074-3-R) Lærdalselvi (073-17-R) Mindre avrenning vil føre til økt oksygeninnhald i vassmassane, som vil gi et betre leveførhald for dei fleste livsformar i elvar og fjordar. Aurlandselvi (072-28-R) Fleir botndyr Framande artar Årdalsvassdrag et (Tya 074-25- R) Overvake førekomsten, unngå spreiing Miljøgiftar Årdalsfjorden Regulere utslipp av industrielt avløpsvatn Beste Klif, kommune Økt natur- og friluftsoppleving Hausting av

tilgjengelig reinseteknologi vassførekomst (fjerning av kosthaldsråd) Miljøtiltak som er satt i verk (førebyggjande, forbetrande og restaurerande) Tabell 7 Miljøtiltak som er satt i verk Vassførekomst namn/ ID Tiltak Ansvarleg sektormynde/ lovheimel Ansvarlig for tiltaket Tiltak gjennomført (årstall) Sogndalselvi (077-3/4-R) Jostedøla Mørkrisdalselvi (075-3/5-R) Fortunsdalselvi (075-24/27-R) Lærdalselvi (073-17-R) Overvaking av forurensing og begroing Utsetting av gytegrus Fjerning av vandrings hindre Årlege fiskeundersøkingar Varig verna mot kraftutbygging Utsetjing av setjefisk og smolt. Nedgraving av augerogn av laks. Bekjemping av G.salaris ved rotenonbehandling og aluminium Krav til minste- Kommune Kommune 4 ganger pr år Verneplan III for vassdrag Årleg NVE Regulant årleg Rotenonbehandling 1997 Aluminium behandling dei siste åra, seinast i 2011-2012

vassføring NVE Regulant Overvaking av ungfisk FM FM Årleg Aurlandselvi (072-28-R) Redusert vassføring i mai - juni NVE Regulant Flåmselvi (072-5/6-R) Stengt for laksefiske DN Fram mot 2014 Varig verna mot kraftutbygging Verneplan III for vassdrag Årdalsfjorden Overvaking pågåande Fjorden er under statleg tiltaksplanlegging 3.Vesentlege brukarinteresser Fiske etter laks og aure i elvane er ein av dei vesentlege brukarinteressene i Indre Sogn opp gjennom tidene. Lærdalselvi (073-17-R), Aurlandselvi (072-28-R) og Årøyelvi er nokre av dei viktigaste lakseelvane i vassområdet. En av dei største brukarinteressene i Indre Sogn er nytting av vasskraft til strøm. Mange av vassdraga og vassførekomstane er utnytta til kraftproduksjon. Til døme er Aurlandselvi vasskraftregulert gjennom utbygging av fleire vasskraft. Vasskraftproduksjonen kan føre til en senking i leveførhalda for både laks og aure gjennom senking av vasstilførsel, låge temperaturar og vandrings hindre. Etter at lakseelvane er blitt regulert har fangst av laks og aure gått kraftig ned, samanlikna med fiske frå før vasskraftutbygginga. Regulantane har ofte blitt pålagde å kompensere for negative påverknader med å sette ut setjefisk, smolt og augerogn, samt at det kan være krav til minstevassføring.

4. Når vi miljømåla i 2021? Kart frå Vann-Nett som viser vassførekomstanes risiko for å ikkje nå miljømålet innan 2021. Elv risikovurdering Figur 12 Risikovurdering for elv i Indre Sogn Vassområde (Vann-Nett, 28.03.2012)

Innsjø risikovurdering Figur 13 Risikovurdering for innsjø i Indre Sogn Vassområde (Vann-Nett, 28.03.2012)

Kystvatn risikovurdering Figur 14 Risikovurdering for kystvatn i Indre Sogn Vassområde (Vann-Nett, 28.03.2012) Vassførekomstar og område det bør sjå spesielt på i det vidare arbeidet Sterkt modifiserte vassførekomstar SMVF Vassførekomstar som er vassdragsregulerte utgjør størsteparten av dei førekomstane som er satt som kandidat til SMVF. Fysiske inngrep og hydromorfologiske endringar er hovudårsaken til at elvane er i risiko. Luster kommune, Årdal kommune, Lærdal kommune og Aurland kommune har mange vassførekomstar som er regulert til vasskraft. Per i dag er ikkje SMVF vassførekomstar avklart. Økologisk status for kandidat til SMVF vassførekomstane er avgjørande. Dersom den økologiske tilstanden er god, så kvalifiserer den ikkje til å være SMVF. For Årdalsfjorden er det spesielt miljøgifter frå industri og forureining frå punktutslipp som er årsak til at fjorden er i risiko.

Eutrofiering I Indre Sogn kommer eutrofieringa hovudsakleg av jordbruksavrenning og spreidd busetnad. I Luster kommune er så og si alle vassførekomstar påverka av avrenning / overgjødsling. Påverknader frå eutrofiering gjennom avrenning frå jordbruk og avrenning frå spreidd utslipp må avklarast nærmare. Sur nedbør I Indre Sogn Vassområde er det ingen pågåande kalkingsprosjekt per i dag. Årsaka er at tilføringa er langtransportert. Sur nedbør er avtakande. Vedlegg 1 gjev ein oversikt over vesentlege påverknader i hovudvassdraga. Dei viktigaste problemeigarane. For SMVF og vassdragsregulering er regulantane dei viktigaste problemeigarane. For diffus avrenning frå jordbruk og spreidd busetnad er kommunane problemeigarane. Utviklingstrendar som påverkar vassmiljøet. Årdalsfjorden har hatt ei positiv utvikling når det gjeld miljøgift i sediment og dyr, jmf NIVA rapport om overvaking av Årdalsfjorden i 2011. Men kosthaldsråd vert framleis heldt fram. Manglande verkemiddel I dei sjøareala som er omfatta av Indre Sogn Vassområde, er det lite oppdrett av laks. Dette gjer at eventuell negativ påverknad frå smittespreiing av lakselus frå oppdrettslaks til villaks, har ei kjelde utanfor området. Kommunane i Indre Sogn Vassområde kan derfor i liten grad sjølve påverka kjelda til problemet. Det same gjeld for vassførekomstar som har negativ påverknad frå langtransportert forureining. Kunnskapsgrunnlaget Som omtala tidlegare påpeika kan det vere vanskeleg å skilje mellom ulike kjelder til diffus avrenning. I vårt forlag til prøvetaking med tre prøvetakingstidspunkt gjennom året for dei elvane som vi er usikre på, kan kommunane betre skilja mellom diffus avrenning frå jordbruket, og diffus avrenning frå avløpssystemet. Tiltaka kan då rettast meir direkte mot kjelda til problemet. Vidare er det trong for ei vurdering av kandidatane til SMVF, slik at ein kan få definert kva mål ein skal setja som "minst godt økologisk potensiale" og kva vassførekomstar ein skal vurdere dette imot.

Sogndalselvi Fardalselvi Bøyaelva Kaupangerelvi Årøyvassdraget Jordalselvi Skarsbø Vedlegg 1. Leikanger kommune Oversikt over vesentlege påverknader i hovudvassdraga i Leikanger kommune. Påverknad Njøsaelvi Henjaelvi Grindselvi Vassdragsreguleringar og -inngrep Overgjødsling / diffus avrenning Forsuring Forureina grunn og/eller sediment Framande artar Industri Miljøgiftar Bakteriar Lakseregister, anadrom ksmvf Sogndal kommune Oversikt over vesentlege påverknader i hovudvassdraga i Sogndal kommune. Påverknad Vassdragsreguleringar Overgjødsling / avrenning Forsuring Forureina grunn/sediment Framande artar Industri Miljøgiftar Bakteriar? Lakseregister, anadrom ksmvf

Jostedølsvassdraget Dalselvi Dalsdalselvi Mørkrissvassdraget Fortunvassdraget Årøyvassdraget Sideelvar Bøyaelvi vassdraget ksmvf Anna påverknad Storelvi (078-5-R) Diffus avrenning Supphelleelvi (078-3-R) Diffus avrenning Horpedalselvi (078-20-R) Regulert Botna (078-21-R) Diffus avrennig Luster kommune Oversikt over vesentlege påverknader i hovudvassdraga i Luster kommune. Påverknad Vassdragsreguleringar Overgjødsling/diffus avr Forsuring Forureina grunn/sediment Framande artar Industri Miljøgiftar Bakteriar Lakseregister, anadrom ksmvf Sideelvar Jostedølsvassdraget ksmvf Anna påverknad Vigdøla (076-11-R) Diffus avrenning Leirdøla (076-13-R) Regulert Fonndøla (076-14-R) Sprongdøla (076-43-R) Vetledøla (075-15-R) Vivaskredene (076-18-R) Vetle Sprongdøla (076-20-R) Båtedøla (076-40-R) Fagredøla (076-34-R) Bruvollelva (076-37-R) Flatelvi (076-23-R) Diffus avrenning Geisdøla (076-33-R) Regulert / Diffus avrenning

Kvernelvi/ Engjadalselvi (Gaupne) Vanndøla (076-21-R) Regulert/ Diffus avrenning Sideelvar Fortunvassdraget ksmvf Anna påverknad Nørstedøla (075-10-R) Midtdøla (075-12-R) Grandfasta (075-33-R) Bualøyfti (075-11-R) Gravdøla (avløp frå Gravdalsvatn) (075-14-R) Dyrhaugslågan og Dyrhaugsvatn (075-16-R) Herva (avløp frå Nedre Hervavatn) (075-17-R) Gjessingdøla (075-19-R) Bergselvi (075-20/31-R) Helgedalselvi (075-20-R) Ringselvi (075-21-R) Skagastølselvi (075-22-R) Rya (075-30-R) Berdalselva (075-23-R) Regulert Sideelvar Årøyvassdraget ksmvf Anna påverknad Sumelvi (077-9-R) Krokelvi Elvebakkane (077-7-R) Hagagrivi (077-7-R) Diffus avrenning Modvagrovi (077-7-R) Diffus avrenning

Årdal kommune Oversikt over vesentlege påverknader i hovudvassdraga i Årdal kommune. Påverknad Årdalvassdraget Seimsdalselvi Nysetelvi Fardalselvi Vassdragsreguleringar Overgjødsling / diffus avrenning Forsuring Forureina grunn/sediment Framande artar (ørekyte) Industri Miljøgiftar Bakteriar Lakseregister, anadrom SMVF Sideelvar Årdalsvassdraget ksmvf Anna påverknad Utla (074-30-R) Regulert Tya (074-25-R) Regulert / framand art (ørekyte i Holsbruvatnet) Fleskedøla (074-8-R) Regulert Fardalselvi (074-9-R) Regulert Austanebotnelvi (074-28-R) Regulert Koldedøla (074-10-R) Regulert Storelvi (074-12-R) Rausdøla (074-16-R) Regulert Breidalselvi/ Breibrottselvi (074-14-R) Regulert Holsbubrekken (074-18-R) Mannbergselvi (074-20-R) Regulert Alvdøla (074-26-R) Fossedøla (074-27-R) Regulert Storeknipebekken (074-32-R) Regulert Biskopselvi (074-22-R) Regulert Steingjeelvi (074-23-R) Regulert Sideelvar Nysetelvi ksmvf Anna påverknad Veidelsgrovi (074-38-R) Regulert Smørholeelvi (074-39-R) Regulert

Lærdal kommune Oversikt over vesentlege påverknader i hovudvassdraga i Lærdal kommune. Påverknad Lærdalsvassdraget Vindedølelvi Sanden Erdalselvi Vassdragsreguleringar og - inngrep Overgjødsling / diffus avrenning Forsuring Forureina grunn / sediment Framande artar Industri Miljøgiftar Bakteriar Lakseregister, anadrom ksmvf Sideelvar Lærdalsvassdraget ksmvf Anna påverknad Oddedøla (073-8-R) Regulert Mørkedøla (073-26-R) Regulert Sprangfossen (073-21-R) Regulert Ulvehaugelvi (073-33-R) Regulert Nivla (073-30-R) Systrene (073-39-R) Heftingsdøla/ Stardøla/ Kjølåni (073-37-R) Regulert Dilma (073-28-R) Regulert Jukleåni (073-18-R) Regulert

Aurlandsvassdraget Flåmvassdraget Nærøydalselvi Kvamshagane Nærøydalsfjorden Aurland kommune Oversikt over vesentlege påverknader i hovudvassdraga i Aurland kommune. Påverknad Vassdragsreguleringar Overgjødsling / avrenning Forsuring Forureina grunn/sediment Framande artar Industri Miljøgiftar Bakteriar Lakseregister, anadrom ksmvf Sideelvar Aurlandsvassdraget ksmvf Anna påverknad Vassbygdelvi (072-18-R) Regulert Grimsetelvi (072-31-R) Stondalselvi (072-19-R) Langedøla (072-21-R) Grøna (072-24-R) Stondalselvi/ Fossane (072-14-R) Furedøla (072-16-R) Leita/ Norddøla/ Eitra/ Kleåelva (072-17-R) Tvinna (072-20-R) Regulert Katla (072-22-R)? Regulert Berdalselvi (072-23-R) Regulert Reppa (072-26-R) Regulert Krekla (avløp frå Kreklevatnet) (072-27-R) Regulert Stemmedøla (072-32-R) Heimre Varga (072-34-R) Sideelvar Flåmvassdraget ksmvf Anna påverknad Kjosfossen (072-38-R) Regulert Moldåi (072-7-R) Kaldaklovi (072-8-R)