reint sagt Infoblad frå SIMAS Avfall vs ressursar Et opp maten din! Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt - vårt felles samfunnsansvar

Like dokumenter
La meg få ein sjanse til...

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.

Endeleg eigen dunk for glas og metall


La meg få ein sjanse til...

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ny avfallsordning hausten 2018/ våren 2019

FULL RULLE MED ALEX side 4. Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3. Vinn ein sykkel side 5. La oss gjenvinne meir

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

NYE FRAMTIDSUTSIKTER FOR MATAVFALLET DITT

Brukarrettleiing. epolitiker

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

reint sagt NYTTIG GJENBRUK Infoblad frå SIMAS Sorteringsguide for avfall Miljønytte Avfall 2020 OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt infoblad frå SIMAS

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Farleg avfall i Nordhordland

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Straume gjenvinningsstasjon INFORMASJONSGUIDE LONAVEGEN 20

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

mmm...med SMAK på timeplanen

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Avfallshandtering - korleis bidra til eit betre miljø?

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:


Teknikk og konsentrasjon viktigast

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Til sak 4: Budsjett- og økonomiplan

Lønnsundersøkinga for 2014

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

6. trinn. Veke 24 Navn:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vi vil gjerne slå Molde...

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

IKT-kompetanse for øvingsskular

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

3. Har kommunen trygge parkeringsplassar ved buss-stopp og bussstasjonar/knutepunkt

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Avfall er. Kundeblad Nr Julefri flytter. tømmetid. Vi gir deg tipsene for å unngå overfylte dunker. Informasjon til husstandene i Trondheim

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Informasjonshefte Tuv barnehage

Miljøfyrtårnrapportering 2015

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

reint sagt Avfall er ein ressurs -til material og energi Infoblad frå SIMAS

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

ehandel og lokalt næringsliv

Forbruk og avfall. 1 3 år Aktiviteter. 3 5 år Tema og aktiviteter

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Miljørapport for 2010 skal være levert til stiftinga Miljøfyrtårn innan 1. april 2011.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Informasjon til elevane

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Transkript:

OFFENTLEG INFORMASJON reint sagt Infoblad frå SIMAS - nr. 2. 2012 - Desember Avfall vs ressursar Et opp maten din! Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt - vårt felles samfunnsansvar Infoblad frå SIMAS

Reint sagt Miljøvenlege julegåver SIMAS har hatt eit utfordrande år! Innføring av nytt fagdatasystem medførde utfordringar med utsending av faktura. Dette var noko som alle abonnentane merka. Når me no tek i bruk nytt fagdatasystem er det for at me skal ha betre oversikt og kontroll med abonnentgrunnlaget i lag med eigarkommunane. Dette er heilt avgjerande for fellesskapsløysingar som renovasjon er. Me har stor tru på at det nye datasystemet skal gje oss eit betre grunnlag for god kundehandsaming i framtida. Når det gjeld kundetilfredsheit og evaluering av drifta til SIMAS so har me i 2012 gjennomført ei kartlegging i lag med andre renovasjonsselskap i Norge. Dette for å få ei uavhengig vurdering av verksemda vår. Mykje var bra og noko må me rette på. Når det gjeld kundetilfredsheit so har eigarkommunane satt krav til at me innan 2014 skal oppnå ei kundetilfredsheit på 80 %. Me fekk no ei score på 77 % - ikkje langt unna, men me er på veg! På miljøstandard scora me over snittet i bransjen og drifta var på gjennomsnittet. På miljøstandard scora me over snittet i bransjen og drifta var på gjennomsnittet. Unngå å belasta miljøet med ei gåve som ingen har nytte av, og som likevel vert liggande innerst i skåpet. Tips til miljøvenlege julegåver. Skriv og be om ynskjeliste frå andre Dersom du svarar «veit ikkje» eller «ingenting» på spørsmål om kva du ynskjer deg, kan du enda opp med å få unyttinge ting i gåve. Dette kan vera ting som fort blir avfall, skriv ynskjeliste! Spleis på gåver Pris og kvalitet heng ofte saman. Kjøp ei dyr gåve saman i staden for fleire billige gåver kvar for seg Gje av tida di Middagslaging, barnevakt, husvask m.m Gje opplevingar Hotellopphald, billettar til kino, teater eller konsert, show, idrettsarrangement, heiskort på skiheisane. Kurs Folkeuniversitetet tilbyr kurs og føredrag i det meste; hekling, rosemaling, gitarkurs, data, båtførarprøven, jegerprøven, språkkurs, vin- og matkurs osb. Mat og drikke Mat, drikke og restaurantopplevingar er fine julegåver. Kortreist og økologiske produkt er mindre miljøbelastande Gåvekort Gje gåvekort, så kan mottakarane velje sjølv kva dei vil kjøpa REDAKSJON Ansvarleg redaktør: Hallvard Thomassen Informasjonsmedarbeidar: Tone Myklebust Opplag: 13.600 Redaksjonen avslutta: 23. november 2012 Foto: Simas, arkiv, istockphoto.com Design: Gasta design & kommunikasjon Trykk: Natvik Prenteverk Papir: 100% resirkulert papir Me har i dag innsamlingsordning med tre dunkar og ein sekk til plastavfallet. Dette betyr at me totalt sett har fire einingar som kan nyttast for å kaste avfallet. Brukar ein desse slik det er tenkt er kapasiteten god nok. Me ser at mange slit med for mykje avfall i restavfallsdunken. Analyser som me har gjort viser at i underkant av 50 % av avfallet i denne dunken er restavfall. Dette betyr at om ein nyttar dei andre dunkane til det dei skal, so er det, for dei fleste av oss, ikkje problem med kapasiteten i systemet. Me vil difor no bringe ut plastsekkene til kvar abonnent, og håpar at alle blir flinkare til å sortere ut plasten - for det er denne som tek plass i restavfallsdunken. I tillegg ser me at det vert kasta mykje feil i matavfalldunken og det er vel denne dunken dei fleste har god plass i? Ved å sortere betre hjelper du både miljøet og din eigen kostnad med renovasjon. Skal SIMAS rydde og sortere for alle vil renovasjonsgebyret auka kraftig! Me i SIMAS ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år! Hallvard Thomassen direktør Julesekken! Alle kan setje ut ein ekstra sekk med gåvepapir i samband med julefeiringa. Denne vert henta ved første restavfallshenting etter julehelga, og er utan ekstra kostnad for husstanden. Bruk den sekken som du ellers nyttar til plast, og legg sekken oppå restavfallsdunken. 2 3

Vårt felles samfunnsansvar Har du tenkt over at SIMAS er ein viktig aktør i kampen mot klimaendringa som kloden vår er trua av? Og som mange meiner er i gang? Korleis kan eg og du, som sogningar, påverka dei store spørsmåla som verserer i media om klimaendringar, stigning av havnivået og auke i intensitet i stormar og naturkatastrofar? andre fraksjonar som høyrde til i ein anna dunk eller sekk. Gjennom manglande kjeldesortering vert restavfallsdunken til husstanden unødvendig full, og i tillegg vert ressursane i avfallet tapt. Eit godt eksempel å illustrere gevinsten av ein liten innsats frå den enkelte av oss gir gode og synlege resultat, både lokalt og globalt, er plastsorteringa. Når du sorterer plasten og leverer den til SIMAS i Plastsekken som er laga til formålet, har du lagt grunnlaget for at den kan brukast som råvare til produksjon av ny plastproduksjon. I 2011 vart 55000 tonn innsamla plast i Norge brukt som råvare i ny plastproduksjon, og det gav ein gevinst på utslepp av klimagassar tilsvarande 35000 norske bilar i eitt år. Dette er om du samanliknar plastproduksjon med jomfruelege råvarer, som er olje. I tillegg sparte plastindustrien 670 GWh, noko som tilsvarar det årlege straumforbruket for 30000 norske husstandar. Tilsvarande informasjon og spennande kunnskap er det mykje av på internett. SIMAS abonnerer på slike nyhende, og ved å gå inn på www.simas.no, så finn du mykje spennande lesnad som også motiverer til kjeldesortering og ein miljøvenleg kvardag. Kjeldesorterte ressursar som skal brukast som råstoff i ny produksjon krev også ein arbeidsinnsats og ei verdiskaping. Og kvifor ikkje få til denne verdiskapinga i Sogn? Kan vi få til arbeidsplassar med utgangspunkt i ressurs- og miljøvennleg avfallshandtering i kommunar i Sogn? Dette er spennande spørsmål som SIMAS er i gang med å utgreie og vurdere. Og i løpet av 2013 har vi som mål å kome ut av vurderingsfasen og inn i ein eventuell handlingsfase dersom det viser seg bærekraftig både økonomisk og miljøwwmessig. Men å vere miljøvenleg er ikkje berre å kjeldesortere. Det er like mykje å tenkje reduksjon av avfallsmengdene. Kan vi kjøpe mindre, eller meir haldbare varer? Kan vi gjenbruke tinga, gi dei vekk til andre som kan bruke dei før vi legg dei i dunken? Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt! Bli med på laget! Vi i SIMAS skal halde fram med å gjere alt vi kan for at alle kan bli med! Som styreleiar i selskapet er eg stolt og glad for viljen dei tilsette har- og innsatsen dei gjer for at vi kan få dette til. Eg ynskjer alle abonnentane og kundane våre ei god og fredeleg jul, og eit godt og miljøvenleg nytt år! Jøril Hovland styreleiar Vi kan vel berre vere medfølande tilskuarar til stormen Sandy, som vi i skrivande stund ser det sørgjelege resultatet av i karibiske øyar og ikkje minst i mediefokuserte formidling av øydeleggingane i New York? Det beste og einaste vi kan gjere er vel å støtte med pengegåver til dei gode hjelparane i desse områda? Ja, det er sant. Stormar og øydeleggingar som var i går, kan ikkje reverserast i dag - berre reparerast. Men vi har fått enno ei påminning om at endringar er naudsynt om vi skal redusere auken i desse naturkatastrofane. Og då er det ikkje berre Amerikanarane, Cubanarane eller dei frå Haiti som må gjere noko. Ureining som t.d. CO2 utslepp kjenner ingen landegrenser. Lufta vi pustar inn er vår felles globale ressurs og vi lever under den same atmosfæren. Det betyr at vi som bur i fredlege og beskytta Sogn også bidreg til desse utsleppa i godt monn, i alle fall i høve Cubanarar og Haitarar! Og kva har so dette med SIMAS og avfall å gjere? Tenkjer du kanskje, og då er vi ved kjernen. Avfallshåndtering er ressursforvaltning, og avfall er ressursar på avvege, er ein påstand som er retningsgjevande for SIMAS. Men for at vi skal få tak i ressursane som er i avfallet i Sogn, er vi avhengig av kvar enkelt innbyggjar og husstand ved at avfallet blir kjeldesortert, lagt i rett dunk og sekk. SIMAS hentar om lag 55000 avfallsdunkar pr. månad. Dette utgjer omlag 400 kg pr. innbyggjar i Sogn. Dette er store haugar med materialar som enno har ein verdi men då i utsortert tilstand. Plast, papir, mat metall osv., som er blanda saman i restavfallet har tapt denne verdien. SIMAS legg difor til rette for kjeldesortering av våtorganisk avfall, papp- og papir, plast, metall, glas, klede og ikkje minst farleg avfall. I tillegg er det etablerte ordningar med gratis levering av elektrisk avfall der butikkane også er mottakarar av utrangerte maskiner og utstyr. Ein liten innsats frå mange vil gi synlege og positive resultat. Og vi har dokumentert at vi har eit potensiale for å bli betre nettopp på dette område. Ei tilfeldig plukkanalyse vi har gjennomført, viste at over halvparten av innhaldet i restavfallet var papp, papir, og Visste du at... 325 bruskorkar kan bli til ein elevstol? 8 PET flasker = ei fotballdrakt? ved å gjenvinne 1 kilo plast sparar me 2 kg olje druebeger og smoothie flasker kan bli til sykkelhjelmar? mengda drikkekartongar som vert gjenvunne kvart år tilsvara 140 000 tre (GPN og Skogselskapet) mengda drikkekartongar som vert gjenvunne kvart år tilsvara ein skog på storleik med 230 fotballbanar (GPN og Skogselskapet) ved å gjenvinne 100 grandiosa-øskjer sparar me like mykje energi som ein tørketrommel som står på i 12 timar av 10 aviser kan me laga 7 nye notatblokker (BIR) når me lagar ein kilo avispapir frå gjenvunne materiale samanlikna med nytt materiale, sparar ein nok energi til å lada ein mobiltelefon så han held til å snakka samanhengande i 4 ½ månad. (Stena Recycling) mengda papir som vert gjenvunne i Noreg kvart år, sparar like mykje CO2 utslepp som frå 35 000 bilar til medaljane i OL i Vancouver vart det nytta metall frå gjenvunne elektronisk avfall? (guardian.no) 4 5

Et opp maten din! Benchmarking 2012 Kvart år kastar me over 300 000 tonn nyttbar mat i Noreg, det tilsvarar ca. 51 kg per innbyggjar og 25 % av all maten me kjøper! Dette utgjer titals milliardar kroner per år. SIMAS har i år fått evaluert verksemda si opp mot 24 andre leiande renovasjonsselskap i landet. I denne eksterne vurderinga av verksemda har SIMAS sine prestasjonar og praksis, samt kundetilfredsheit vorte målt. Resultat frå benchmarkinga viser at SIMAS har best resultat på miljøstandard. SIMAS var svakare på tenestestandard, kundetilfredsheit og arbeidsmiljø, og gjennomsnittleg på gebyrnivå, systemeffektivitet og driftseffektivitet. Det kom fram at dei viktigaste områda for kundane/abonnentane er informasjon, hentinga av det daglege avfallet og oppsamlingssystemet. Kundetilfredsheit Nedanfor syner detaljert oversikt over kundetilfredsheit. Den grå søyla viser det beste renovasjonsselskapet, raudt viser snittet og grønt er SIMAS. Kva gjere me no? På bakgrunn av kartlegginga so vil SIMAS gjera nokre endringar i 2013. Utvida opningstider på miljøstasjonen delar av året. Simas vil i 2013 ha ei prøveordning med utvida opningstider på miljøstasjonane i regionen. I fyrste omgang vert dette laurdagsope nokre laurdagar i året. Meir informasjon. Auka sorteringsgrad for å gje betre utnytting av behaldarkapasitet. Ein plukkanalyse av kva som faktisk er i restavfallet vart utført i august 2011, her kom det fram at kun 46,2% av restavfallet faktisk er restavfall, og resterande kunne vore sortert i andre fraksjonar, størsteparten matavfall. SIMAS vil delta på marknader i regionen for å fortelja om sortering av avfall. Få betre utsortering av plast i restavfallet/matavfallet ved å betre distribusjon av plastsekker. Dette inneber at frå 2013 vil plastsekker til plastemballasje verta levert ut på renovasjonsruta ein gong i året. Prøveordning for dunk for glas/metall. Dette er ei ordning der ein kan få eigen dunk til glas- og metallemballasje, som vert tømt på renovasjonsruta. Kva kommune me vil prøva denne ut i, er ikkje klart enno. Unge kastar mest Sjølv om industrien og daglegvarehandelen kastar mat, er det oss forbrukarar som står for det største volumet. Unge vaksne i alderen 19-26 år og småbarnsforeldre er dei som kastar mest, mens dei eldre kastar langt mindre. Det er også større hyppigheit på kasting av mat for større hushaldningar enn for små, og for dei med høg inntekt og høg utdanning. Kva vert kasta mest? Frisk frukt, grønnsaker og ferske bakevarer er det me kastar mest av. Dette gjeld både produsent, butikk og hushald/ konsument. Ferskt kjøt, friske grønnsaker, ferske deigar og farsar, frukt og ferdigmat utgjer dei største verdiane i eit økonomisk perspektiv. Kva er årsaka til at me kastar så mykje mat? Me oppgjer at årsakene til at me kastar så mykje mat er at produktet er utgått på dato, at det er for dårleg kvalitet på produktet ved kjøp, at det er for mykje produkt i emballasjen eller at emballasjen er for dårleg. Undersøkingar viser at mange misforstår datomerkinga på varene, slik at dei ikkje forstår forskjellen på «best før» og «siste forbruksdag», og det tyder på at mykje mat kunne vore ete i plassen for å bli kasta. Yngre forbrukarar er meir opphengt i om produktet har gått ut på dato enn eldre, som ofte luktar og smakar på maten før dei evt. kastar den. Kva kan me gjera for å redusera matavfallet? Planleggje innkjøp, og handle etter behov Sikra kvaliteten på maten ved heimtransport, og under lagring heime Forsyn deg to gonger i staden for ein stor porsjon, så unngår du å kasta resten Ta vare på restematen i gryter og fat, og lag gode restemåltid av den Tøm emballasjen heilt Sjekk kvaliteten før maten vert kasta. Bruk sansane: Sjå, lukt og smak! Står det «best før» eller «siste forbruksdag»? Denne forskjellen er viktig. (Kjelde: ForMat) Kundetilfredsheit Beste Middel SIMAS ureflektert tilfredstilheit tilfredstilheit med pris tilfredstilheit med faktura tilfredstilheit med informasjon tilfredstilheit med kontakt tilfredstilheit med betaling tilfredstilheit med gjenv. stasjoner tilfredstilheit med innsamling tilfredstilheit med oppsamling reflektert tilfredstilheit middelscore 40% 45% 50% 55% 60% 65% 70% 75% 80% 85% 90% andel fornøyde 6 7

Foto: Cipax Avfall vs ressursar Avfall = ressursar = verdi Har du tenkt på at alt avfallet du kastar eigentleg er ressursar? Kvar innbyggjar i SIMAS-regionen kastar kvart år om lag 400 kg avfall. Kvar vert det av desse ressursane? Om lag 98 % av dei totale avfallsmengdene som SIMAS handterte i 2011 gjekk til material- og energigjenvinning. Kor mykje av dette som gjekk til hhv energi- og materialgjenvinning framgår av figuren under. 38% 14% 48% Energigjenvinning 48% Materialgjenvinning 38% Materialgj./energigj. 14% Simas har som mål å få ein materialgjenvinningsprosent på 60 %. Ved materialgjenvinning kan ein nytta avfallet som råstoffressurs inn i nye produkt. Ein sparar dermed ressursar i forhold til å ta ut nye. Når avfallet går til energigjenvinning nyttar ein energien i avfallet (råstoffet). Begge desse gjenvinningane er viktige, men i ein global samanheng blir det no viktigare og viktigare å sjå på om me kan auka materialgjenvinninga. Ressursforbruket vårt er aukande.. I EU brukar kvar person 16 tonn materialar kvart år (frå produsent til konsument), av dette endar 6 tonn som avfall. Av dei 6 tonna vert 3 tonn lagt på deponi. I løpet av det 20. århundre vart forbruket av brensel 12-dobbla, og utvinninga av materialressursane auke 34 gonger. Dersom me fortset med å bruka ressursar i dette tempoet vil me i 2050 ha behov for meir enn 2 planetar Forbrenning av avfall var smart tidlegare med tanke på klimautfordringa. Men samtidig som ein brenn avfall, brenn ein også ressursar som kunne blitt til nytt råstoff. Med om lag 7 milliardar menneske på jorda, og eit ressursforbruk på 16 tonn materialar i året per person, seier det seg sjølv at etterspørselen etter råvarer vil gå opp, dvs. at prisen også går opp når det er ein knappheit på ressursar. Det finst begrensa mengder råstoff på jorda vår, så løysinga vert å nytta dei ressursane me allereie har på nytt gjennom materialgjenvinning. No får du plastsekken på døra SIMAS vil i 2013 distribuera plastsekken til plastemballasje ut til abonnentane på renovasjonsruta. Sekken vil verta utlevert i veke 10 og 11. Det er stort potensial for å få sortert ut meir plast, plast utgjer ca 10 % av samla vekt på restavfall frå hushald, og i volum mykje meir. Slik får du også betre plass i restavfallsdunken. Sekkane er merka «SIMAS Plastemballasje» og skal innehalda plastemballasje som t.d. plastflasker og kanner, plastøskjer og boksar, plastbeger, folie, bæreposar, chipsposar og kaffiposar. Plastsekken vert henta av renovasjonsbilen saman med papir og papp. Gratis kurs i heimekompostering SIMAS vil i samarbeid med Sogn Jord og hagebrukssule og Økoringen Vest halda gratis kurs i heimekompostering våren 2013. Det vert arrangert 3 kurs, i Aurland, Sogndal og Balestrand. Kurset er for deg som heimekomposterer eller som har interesse for å begynna med dette. Heimekompostering er ein god alternativ måte å behandla det våtorganiske avfallet på. Kurset har ein teoretisk og ein praktisk del, og vil verta gjennomført på ein ettermiddag/kveld (ca. 3 timar). SIMAS kjem attende med meir informasjon rundt kurset i lokalavisa. Visste du at... ei gjenvunne banankasse sparar like mykje CO2 som 3 km i bil? dersom du kjøper eit brukt klesplagg i staden for eit nytt kvar månad, er du med på å kutte nesten 500 kilo CO2 utslepp i løpet av eit år (Fretex) til ei kunstgrasbane går det med ca. 100 tonn gummigranulat, det er om lag 140 tonn kasserte dekk (Dekkretur) Nei takk til reklame Du kan sei nei takk til uadressert reklame. Kvart år mottek eit hushald rundt 45 kg uadressert reklame i posten. Det betyr at meir enn 60.000 tonn uadressert reklame vert sendt ut årleg i Noreg. Klistremerke til postkassa di kan du få på SIMAS sine miljøstasjonar eller ved å kontakte SIMAS. Dei kan også bestillast på www.grønnhverdag.no Adressert reklame og telefonsalg: Reserver deg i Brønnøysundregisteret Du kan også reservere deg mot adressert reklame og telefonsalg gjennom Brønnøysundregisteret, www.brreg.no/reservasjon 8 9

SIMAS har blitt Miljøfyrtårnsertifisert Kjeldesortering Kan du finna ut kva avfallet skal sorterast som? Utvida opningstider på miljøstasjonane Etter tilbakemelding og ynskje frå kundane, vil SIMAS i 2013 ha ei prøveordning med utvida opningstider på miljøstasjonane. SIMAS sine miljøstasjonar vil ha laurdagsope nokre helgar om våren og hausten. Sjå etter meir info om dette i påskenummeret av Reint Sagt og følg med i lokalavisa. SIMAS sitt hovudanlegg i Festingdalen er vorte sertifisert som Miljøfyrtårn, som det tredje avfallsselskapet i landet. I tillegg er miljøstasjonen i Lærdal sertifisert. SIMAS jobbar systematisk for å ta hand om avfallet frå husstandar og næringsliv i regionen på best mogeleg måte, både for miljøet og på ein kostnadseffektiv måte. Som ledd i dette arbeidet har verksemda valt å følgje retningslinjene til Miljøfyrtårnet. Bananskal Fargeblyant Egg Våtorganisk Restavfall Teposar Gåvepapir Grandiosa-emballasje Visste du at. I eitt tonn gullmalm finst det ca. 5 gram gull, medan det i eitt tonn med kretskort kan vera opptil 250 gram gull (Elretur) I eit KFK-kjøleskap produsert før 1993 er det så mykje klimagass at det svarar til 10 000 km med bilkøyring (Elretur) Glas frå gamle TV-apparat inneheld bly, difor kan dei brukast i veggane på røntgenrom på sjukehus (Elretur) Visste du at det vert gjenvunne over 150 000 vaskemaskiner årleg i Noreg? (Stena metall, Revac og Weee recycling) Visste du at stålet i vaskemaskiner kan bli til tannhjul på syklar? Visste du at glaset i gamle PC-skjermar kan bli til sykkellykter? Me kan laga 300 000 syklar av metallemballasjen som vert gjenvunne i Noreg kvart år Ein gjenvunnen makrell i tomatboks sparar så mykje energi det tek å ha på tv-en i 3 timar Ein gjenvunnen makrell i tomatboks sparar CO2 utslepp på linje med 1,5 km i bil Av 670 resirkulerte aluminiumsboksaer kan me laga ein sykkel (Repak) Metallemballasjen som vert gjenvunnen i Noreg kvart år tilsvarar vekta av eit middels stort hurtigruteskip Mellom 40 og 50 % av metallproduksjonen i Europa kjem frå resirkulert metall (Norsk Returmetallforening) Miljøfyrtårnet er eit norsk offentleg sertifikat som har lønsemd, konkret, relevant og enkel som sine verdiar. SIMAS er sertifisert etter bransjekrava for gjenvinningsbedrifter. Dette medfører at HMS er sett i system og integrert i den dagleg drifta Fokus på arbeidsmiljø Energisparande tiltak På sikt vil dette gje gevinst for miljøet og reduserte kostnader i drifta. SIMAS er det tredje interkommunale renovasjonsselskapet som vert sertifisert etter retningslinjene til Stiftinga Miljøfyrtårn. Dei fyrste var Haugaland Gjenvinning AS og FjellVAR. Batteri Lyspære Avis Papir/Papp Plastemballasje Farleg avfall Finn namn til SIMAS sin maskott og vinn ein sykkel Maskotten vår kom til SIMAS på ein traktorhengar ein ettermiddag i sommar. Han har no funne seg godt til rette i Festingdalen, men han manglar namn. SIMAS inviterer difor til namnekonkurranse for barna i Sogn. Registrer ditt forslag på www.simas.no. Svarfrist 31.12.12. Aldersgrense for konkurransen er 10 år. Juryen består av Gasta og SIMAS. Vinnaren blir kontakta. Yoghurt-emballasje Plastemballasje 10 11

RETURADRESSE: SIMAS IKS Amla 6854 Kaupanger Informasjon Avtalegiro Avtalegiro er tilpassa dei som ynskjer automatisk betaling av rekningane sine. Med denne løysinga syter banken for at dei faste rekningane vert betalt direkte frå konto på forfallsdato. Du får god oversikt ved at du får varsel minst 7 dagar før forfall, og kvittering med forklarande tekst på kontoutskifta. Du kan oppretta avtalegiro i nettbanken eller ved å kontakta banken. Har du for mykje avfall? Du kan tinga større papir- og/eller restavfallsdunk mot ein auke i gebyret Raude restavfallssekker kan kjøpast på miljøstasjonen eller ved å kontakta SIMAS. Denne kostar kr. 75,- +mva. Prisen dekker innsamling og transport av fylt sekk, samt behandling av avfallet. Sekken kan setjast ut ilag med restavfallsdunken ved neste ordinære tømming. Simas leiger ut container for større avfallsmengder. Kontakt oss for å få eit tilbod. Sjå etter ny avfallskalender for 2013 i posten i veke 51. Utleving av sekker til plastemballasjen i veke 10 og 11. Bioposar kjem i veke 16 og 17. Opningstider for miljøstasjonane i jule- og nyttårshelga Aurland Torsdag 27.12.12 12.00-16.00 Balestrand Torsdag 27.12.12 12.00-16.00 Høyanger Torsdag 27.12.12 12.00-16.00 Leikanger Torsdag 27.12.12 12.00-16.00 Vik Torsdag 27.12.12 12.00-16.00 Lærdal Tysdag 25.12.12 Stengt Luster Onsdag 26.12.12 Stengt Sogndal Måndag 24.12.12 Stengt Torsdag 27.12.12 12.00-16.00 Måndag 31.12.12 09.00-12.00 Kontortid for SIMAS i jule- og nyttårshelga: Julaftan: Stengt 27.-28.12: Kl. 10.00 14.00 Nyttårsaftan: Kl. 08.00 12.00 Me ynskjer alle våre kundar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul og godt nyttår! Kontakt oss på telefon 57 65 70 70, post@simas.no eller www.simas.no gasta.no