Mobilen min. Mobilen min synest eg er eit kulturminne fordi det er noko eg brukar kva dag, og den er veldi nyttig og praktisk!



Like dokumenter
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Til deg som bur i fosterheim år

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Informasjon til elevane

6. trinn. Veke 24 Navn:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014


NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Kva er økologisk matproduksjon?

Jon Fosse. For seint. Libretto

mmm...med SMAK på timeplanen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsbrev for Rosa september 2014

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Frå novelle til teikneserie

MEDLEMSINFO. august 2009

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

I N N H O L D. Forord

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Valdres vidaregåande skule

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Bunadar og stakkar 7å Hallingdal

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Plassebakken Barnehage

Hei alle sjøstjerneforeldre

Kom skal vi klippe sauen

Månedsbrev april 2015

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

Brukarrettleiing E-post lesar

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

MIN SKAL I BARNEHAGEN

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

I hvilken klasse går Ole? Barnehagen 1. klasse 2. klasse Hvor gammel er Kristine? 5 år 7 år 8 år. Hvor gammel er Ole?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Brukarrettleiing. epolitiker

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Info til barn og unge

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

«Ny Giv» med gjetarhund

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

FANTASTISK FORTELJING

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo


ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Samansette tekster og Sjanger og stil

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Dersom det er sant at Gud finnes, hvordan tror du han/hun er? Anders, Eli, Frida, Hege

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

OK, seier Hilde og låser.

Transkript:

Mobilen min No i dag har alle mobil. Eg sjølv fekk mobil for nokre år sidan. Før det meinte foreldra mine at eg ikkje hadde behov for mobil, og det hadde dei nok rett i. Men, no som eg har hatt telefon i ei god stund, er eg nok vorte ganske så avhengig. Mobilen vekker meg om morgonen, minner meg på ting og held meg oppdatert. Med ein mobil kan ein både ringe og sende meldingar, noko som er veldig praktisk når ein eks. skal heim att etter trening eller viss ein lurer på når treninga begynner. Når ein kjedar seg på bussen, heim frå skulen eller til, kan ein høyre på musikk eller spele spel. På mobilen har ein internett og ein kan då laste ned musikk, men det er diverre ganske dyrt. Det er lett å ringe, fordi på mobilen kan ein lagre nummer i telefonboka. Ein kan også lagre notat, eller i kalenderen, om det er ting ein må hugse, for då kjem det på ein alarm til det tidspunktet du hadde lagra. På dei fleste nye telefonane er det både kamera og 3G. Kamera er bak på telefonen, mens 3G kamaraet er frampå, over for skjermen. Når ein ringer kan ein bruke 3G'en og då er det eit videoanrop. Mobilen min synest eg er eit kulturminne fordi det er noko eg brukar kva dag, og den er veldi nyttig og praktisk! Anne Marte Lyseng, Slidre skule.

Mobil Eg vil fortelje om mobilen min, fordi eg brukar den kvar dag. Eg har LG ku990i. Det er touch-skjerm, det vil si at du kan ikkje bruke taster, du trykker heller på skjermen. Eg begynte med mobil då eg var 6 år. Du kan ringe med den, sende meldingar, ta bilete, filme og surfe på internett. Eg brukar den til å sende meldingar og ringe til folk. Det er kjekt å ha mobil, for dersom du har gått deg bort og har med mobil, kan du kontakte nokon slik at dei finn deg att. Viss ikkje eg har mobil blir det så veldig kjedelig, veit ikkje kva eg skal gjere. Som regel sit eg ved data n, for der er dei folka eg pleier og snakke med. Even Storhaug, Slidre skule.

Stølen min På stølslaget Buodden i Vestre Slidre ligg ein støl så fin, der finn eg ei spesiell form for ro. Det er så stille og fint der, mange med meg meiner at det er den finaste plass på jord. Ja, nettopp, det er stølen til familien min. Vi er der i over to månader om sumaren, då er vi med dei fleste dyra våre. Det er så triveleg når kyrne ruslar rundt stølen, og eg ser at dei storkosar seg. Vi er der i vinterferien og i påska òg, dersom vi har avløysar til å passe dyra på garden heime. Stølen vår er frå 1900-talet, i 1981 bygde bestefar nytt sel. Låven vår er ein stor raud bygning, der vi mjølkar kyrne om sumaren. Far min overtok garden med stølen etter bestefar i 1993, bestefar hadde drive garden sidan 1959. Når familien min er på stølen, kjem det ofte besøk. Det verkar som om alle likar seg der. Det er utsikt over både fjell og fjord, ein har mange fritidsmoglegheiter der. Ski, sykling, båttur, jakting, bærplukking, bading, kating eller rett og slett berre slappe og nyte livet. På stølen har eg mange naboar, det er både byfolk og bygdefolk. Alle kjenner alle og vi hygger oss veldig i saman. Om hausten når skulen startar oppatt etter ein lang og god ferie, tek eg og mine to sysken bussen heim dei to mila ned til bygda. Vi dreg klukka 07.15, og er attende 16.10, så dagen blir lang nok. Livet er fantastisk. Eg har mange gonger tenkt på kor heldig eg er, som veks opp på ein gard med støl. Stølen er mi perle, og eg er så utruleg stolt av den. Ida Marie Røn, Slidre skule.

Fela mi Eg har ei fele eg tykkjer er eit flott kulturminne. Ho vart laga i 2008, same året som eg kjøpte henne, av Francesco Dalla Quercia. Fela er kalla Marseille. Quercia har òg laga ein kopi av Ole Bull si fele, som eg har prøvd. Den er no eigd av den ganske kjende Henning Kraggerud. Seks år var eg då eg byrja å spele fele, i Vestre Slidre Kulturskule. Eivind Dølerud har vore læraren min i alle åra. Då eg byrja lånte eg fele av kulturskulen, men då eg vart ni eller ti år, fekk eg mi eiga fele. Eg byrja fordi bestefaren min òg hadde spelt då han var yngre, og det verka morosamt. Eg øver nesten kvar dag og det er kjempemoro. I tillegg til å spele solo i kulturskulen, er eg med i orkesteret Valdresstrykerne. Der er vi ungdommar frå store delar av Valdres, som spelar saman ein gong i veka. Ei fele er eit strengeinstrument med fire strenger, E, A, D og G. Det er to måtar å stemme fela på: finstemmarar og grovstemmarar. Det høyrest kanskje gresk ut, men det er veldig lett. Når ein byrjar å lære å stemme, brukar ein finstemmarane, som sit ved hakebrettet nedst på fela. Dei er enklare å skru og stemme med, men nokre meiner at litt av klangen i fela blir borte av dei, derfor tek mange dei av etter kvart. Det har eg gjort på mi. Fela er delt inn i tre: hovudet, halsen og kroppen. Det er på hovudet grovstemmarane sit. Halsen er der gripbrettet er, det du set ned fingrane på. På kroppen er stolen, den som held strengane oppe, lydhola, finstemmarane og hakebrettet, der du har haka når du spelar. Det store høgdepunktet i musikkåret mitt er sommaren og Valdres Sommersymfoni. Der samlast om lag 150 born og unge som spelar klassiske instrument (fele, cello, bratsj, piano) til festival og kurs. Det er utøvarar og lærarar frå fleire land, og dei siste åra har det òg vore eit eige symfoniorkester der, Barnesymfoniorkesteret. Ingrid K. Fosheim, Slidre skule.

HISTORIA TIL BUNADEN Bunaden vart skapt i 1914. Bunaden fekk stor betyding for korleis idealet for norske bunader skulle vere, med ullgarnsbroderi på ullstoff. Hulda Garborg hadde sett nokon skjøteliv i Valdres tidleg på 1900-tallet, og ønska å ta utgangspunkt i dei. Men som ho skriv i boka Norsk Kledebunad i 1917, så fall ikkje denne fasongen i god jord hos Valdresjentene. Bunaden vart difor omarbeida til det Hulda kalla vanleg Livkjole. Og nettopp eit slikt livkjolesnitt skulle bli mønster for svært mange bunader utover på 1900-tallet. I dag produserast den i svart eller blått ullstoff. Etter Hulda og Heimens teikningar var det meint at stakken skulle vere utan broderi, mens ein skulle ha eit brodert forkle utanpå. Slik var den dei første åra, men i dag er stakken brodert og brukast utan forkle. Lauslomma har kome til etter kvart, og det same gjeld stølebeltet. Bunaden vart rask populær. DRAKTDELAR Livkjole Bunaden lagast i svart eller blått ullstoff. Stakken er foldelagt med brei midtfold og resten av vidda fordelt i faldar bakover slik at dei møtast midt bak. Nedst på stakken er det brodert ein bord med mønster frå den gamle lua og det gamle sjalet. Det er brodert på både framstykke og rygg, med same mønster som på stakken. På fronten er livet lukka med skjulte hekter. Skjorte Det vart laga skjorter i bomull eller lin til bunaden. Ein kan ha skjorte med ulike geometriske mønstre i kvit saum. Trådtunger, nupereller, brukast også som kanting nedst på armane og langs halsen.

Hovudplagg Lua som var utgangspunkt for broderiet, var i brun fløyel med silkebroderi. Til bunaden har lua heile tida vorte laga i same stoff som livkjolen, med ullgarnsbroderi. Fasongen på lua er som ei tradisjonell lue, såkalla kjakaluve, og både den gamle lua og bunadlua har broderi på pull og framstykke. Pullen er tilnærmast firkanta, og sydd glatt til eit rektangulært pannestykke som går ut i to flippar ved øyrene. Lauslomme Det er laga ei lomme til bunaden i same stoff som livkjolen, med eit element av broderiet på framsida. Lomma heng ein i livlina. Den har sølvfarga lås og krok; typane har variert etter kva som fins i handelen. Andre plagg Det er lansert både trøye og kappe til bunaden. Desse plagga er felles for denne og den andre broderte Valdresbunaden. Dei blir produserte i same stoff som bunaden. Understakk og strømper Det er ikkje laga nokon eigen understakk, men ein tilrår strømper i stødig materiale som gir vidde til stakken. Ein bør bruke svarte strømper. Metall Det vanlege er ei til to søljer og mansjettknappar i skjorta. I tilegg brukar mange eit stølebelte med sølvtøler til bunaden. Laga av Ingrid Volden Hamre, Slidre skule

Aurdal/Leira Aurdal/Leira er verdens beste småguttelag. Neida, men det er det beste i Valdres og av de beste i Oppland. Som du ser (på bildet) er dette frå en kamp under Søndre-land cupen. Begge lagene kom til finalen. Aurdal/leira-gutta jobber mye for å få inn penger til verdens største barne- og ungdomscup, Norway cup. I fjor var vi med og kom til 16. dels finale (kanskje av de 30 beste), blant mange tusen lag i hele verden. Jeg begynte i 2006 2007-sesongen på Aurdal/Leira, men jeg begynte også å sparke på Slidre/Røn da jeg hadde fylt 4 år, og har tenkt og sparke til jeg blir 80! Jostein Hauge Volden, Slidre skule.

Anglo Jalin Jeg er interessert i hest fordi det er gøy og jeg føler at det er noe jeg får til. Jeg begynte å ri Jalin for cirka 1 og et kvart år siden. Han er en amerikansk varmblods og 150 cm i mankehøyde. Jeg rir Jalin 5 dager i uka, men det er ikke alltid jeg gjør det! Jeg bruker Jalin i dressur, sprang, turriding, og jeg koser masse med han. Før ble han brukt til travløp og sånt, men han fikk seneskade, så han blir ikke brukt til det lenger! Han er et matvrak! Hver gang jeg kommer bort til han, eller han bare ser meg begynner han og humre. Han er veldig pysete og det skal ikke mye til før han hopper til siden fordi han ser noe skummelt. Han er rød i fargen og har avbrutt stjernebles og litt hvitt på høyre bakfot. Han er flink sammen med dyrlegen eller hovslageren, men han er litt pysete på bakbeina! Jeg har starta dressurstevne med han, i LD og fikk 3.plass. Jeg kunne ha fått bedre plassering hvis det ikke hadde vært for passgangen hans, som han har fordi han er en x-traver. Julie F. Øyen, Slidre skule.

SNOWBOARD Eg vil skrive om snowboard fordi eg syntes det er det morosamaste i heile verda, nesten. Eg brukar det nesten kvar dag om vinteren, det er veldig morosamt. Eg begynte med det då eg var 6 år og eg driv fortsatt med det. Du brukar eit snowboard ved hjelp av treplate og bindingar. Du festar bindingane til føtene så kan du køyre med det, det er akkurat som eit wakeboard/skateboard/surfebrett. Snowboard er veldig populært i heile verda (spesielt Kina, USA osb. Eg har hatt fire brett i heile mitt liv. Det eg hadde sist, knakk. Det var eit ROME LABEL brett, så eg må nok kjøpe meg eit nytt brett til vinteren. Eg køyrer på Vaset og då køyrer eg mest med to folk frå klassen: Even og Jostein eller andre venner. Dette er det snowboardet eg hadde, men som knakk. Jøran Dalen Lyngstad, Slidre skule.

Sverd Eg har vore interessert i sverd så lenge eg kan hugse. Eg er interessert i sverd fordi eg er fascinert i korleis dei vart laga, tida dei brukte sverd og designen på dei. Sverdet på bildet har eg og pappaen min laga, og kården/sabelen har vi kjøpt. Beskriving Sverdet er sett saman av eit handtak (hjalt) til å halde i, og eit blad (klinge) av metall, vanlegvis med egg på begge sider av bladet. Sverdet er elles utstyrt med ein parerstang tvers over sverdfestet for å beskytte hendene. Kvart endestykke av parerstanga kallast også hjalt. Historie Sverdet er ein vidareutvikling av knivar og dolkar, korte skjerereiskapar og stikkvåpen som oppstod i steinalderen med flint og seinare ulike metall i skjerebladet, og av jordbruksreiskapar som vart brukte til å skjere korn, mellom anna egyptiske sigdliknande sverd. Kenneth Haugen, Slidre skule.

Klokke Eg vil skrive om klokka mi, for den eg har brukt sidan fyrste klasse. Det er ei gul- og sylvfarga klokke. Den er vassikker og den er veldig god å ha på. Og, viss eg ikkje har den på meg føler eg meg hjelpelaus. Klokka fekk eg av onkel Cato og tante Dordi på Fagernes på seksårsdagen min. Eg har bytta batteri og mengereimer, og nå her eg fått meg ny lenke. Den er veldig slitesterk, den er berre litt slitt i kantane og i glaset er det nokre riper. Men, klokka er like klar og fin, den. Eg lyt vel få meg ei ny ei for den er i ferd med å likne ei jenteklokke, seier pappa Men, eg trur likevel at eg ikkje får nokon klokke som er så god og slitesterk som denne. Eg trur eg vil ha same merke og eg vil ha skikkeleg lenke, for borrelåsreimer er det berre tull med. Kristoffer Rabben, Slidre skule.

Song Song er eit fint kulturminne fordi det betyr mykje for meg. Eg blei interessert i song då eg var tre år gamal. Til daglig syng eg mest sakte og rolege songar (jazz, soul og blues). Eg går på songtime hjå ein som heiter Gubrand Heiene. Gubrand lærer meg korleis eg skal bruke stemma. Eg begynte på songtime i 2005. Eg synest song er viktig fordi eg kan lage mine eigne songar, og eg kan synge det eg føler. Song er viktig for alle syntes eg, fordi det kan hjelpe ein gjennom dagen. Det er viktig å dele det vi føler for. Og få dei til å forstå. Song vil alltid vere ein del av livet mitt. Begge foreldra mine song då dei var småe og har stått på mange scener. Eg får også trening av foreldra mine når eg er heime hjå dei. Når eg kjem heim frå skulen syng eg minst 2 timar. Terje er ein lærar som jobbar på Slidre skule, han òg lærer meg mykje om song. Saman med Terje skal eg lage ein cd, Terje skal spela gitar og eg skal synge. Ja, eg syntes song er fantastisk, derfor meiner eg song burde vere ei kulturminne!! Lucia Liselotte Bandfield, Slidre skule.

Traktor Eg er interessert i traktor fordi det er moro å køyre og det er veldig tøft! Eg kjøpte traktoren min våren 2008. I byrjinga var det litt vanskeleg å køyre fordi eg ikkje hadde køyrt traktor med lasteapparat før, og traktoren var både lengre og breiare enn fiat en eg hadde køyrt tidlegare altså før eg fekk Case IH CX100. På sommaren fekk eg lov til å vere med pappaen min og naboen min å køyre rundball på Johme-jordet. Då eg skulle lesse på den aller fyrste rundballen, begynte den å steile. Grunnen var nok at eg hadde tatt den (rundballen) på framme. Men etter kvart lærte eg å gjere det skikkeleg, heldigvis. Olav Rud Hemsing, Slidre skule.

IPOD Eg er interessert i ipod, fordi eg kan ha bilete på den i tillegg til video, spel, notat og alt mogleg. Eg kjøpte ipod n min i fjor sommar. I starten var det litt vanskeleg å få musikk på den, for itunes virka ikkje. No har eg fått det til og eg har mange songar på ipod n. Eg brukar den kvar dag. Høyrer på musikk mens eg trenar, er på skulen osb. Eg elskar musikk. Når eg har tid, høyrer eg på musikk. Eg er også med i kulturskula i Vestre Slidre. Når ein skal reise langt med fly eller noko liknande kan ein høyre på musikk, sjå på film, spele spel og sjå på rare bilete av vener og seg sjølv. Eg har cirka 400 songar på ipod n min og 803 bilete. Eg har ein gamal ipod, ein ipod classic, den er svart. Det er sikkert mykje kulare med ein iphone eller ipod touch, men eg klarar ikkje å si ha det til ipod n min. Den har 80 GB minne. Altså plass til kjempemykje. No har dette blitt eit fenomen både blant ungdom og vaksne. Det går også an å bruke denne i bil, for dei som har dei nyaste bilane og som har ein spesiell leidning. Sharon ter Hofstede, Slidre skule.

Slidre/Røn FK,småjenter 95 Fotballkarriera mi begynte da jeg var 5 år. Da begynte jeg på Slidre/Røn knøttelaget. Her spilte jeg bare med gutter. Siden har jeg spilt fotball, både for Slidre/Røn og sonelag. I vinter ville jentene i klassen etablere et reint 95-lag, fordi vi ville spille bare oss. Vi trente hver mandag og annenhver torsdag i vinter. Målet var DnB NOR-cup. Vi kom på 4. plass, finalen var like nær, men semifinalen ble dømt med antall cornere, noe vi syntes var veldig urettferdig. Da kjempet vi om 3. plassen, og tapte! Vi var veldig slitne, men prøvde å støtte hverandre så godt vi kunne, og det gjør vi alltid. Vi spiller virkelig som et lag og vi kjenner hverandre ganske godt og vet hvordan vi spiller. Så langt i sesongen ligger vi på 2. plass, vi har tapt en kamp, en uavgjort og resten (4) har vi vunnet. Siri Høyme, Slidre skule.

Dans Eg har alltid vore interessert i dans og musikk. Bestemor fortel at eg brukte å seie dansemusikk om eg høyrde noko musikk som fenga meg. Eg lærte meg voggesongane og andre songar etter at foreldra mine hadde sunge dei for meg eit par gonger. Men nok om det Eg byrja så smått å danse Linedance etter at vi hadde det som kultur på skula. Før det hadde eg også vore med på bornas lindance-dag, noko eg tykte var veldig moro. Eg byrja deretter på Linedance-kurs, og har gått på det i cirka 4 år no. Kursa er på tysdagar. I fjor byrja eg også å konkurrere. Å konkurrere er veldig bra, fordi du lærer mykje, og du får inspirasjon av det. Dessutan har du sjansen til å lære nye

dansar på workshops også! Men det er ikkje berre linedance eg går på. Etter skula på tysdagar dansar eg jazzdans. Det er sjølvsagt ikkje berre jazz. Vi blandar inn andre dansestilar også, slik som hip hop, ballett osv. Eg dansar ofte. Med ei gong eg høyrer ei bra rytme så byrjar eg å bevege meg etter musikken. Å laga eigne dansar er også moro. Då kan du finne den musikken du vil, lage og sette sama nye trinn. Så lenge eg kan få utfolde meg, og ha det moro, så er alt bra. Det er derfor eg driv med dans, fordi det er moro, og så er det bra trening og (bildet er frå 2008). Solveig Skogstad, Slidre skule.

Fotball Fotball er yndlings-sporten min, og har drevet med det i snart 10 år. Jeg er keeper og spiller på Slidre/Røn. Det har jeg gjort i 5 år.fotball er et spill med to lag, hvert bestående av 11 spillere. Ifølge en undersøkelse foretatt av Fédération Internationale de Football Association (Maasegeis), som er sportens øverste organ, publisert våren 2001, spiller over 240 millioner mennesker i over 200 land og stater fotball. Jeg tror selv at fotball kommer til å bli et stort kulturminne for alltid. Fotball er verdens nasjonalsport, det er mange mange millioner som ser på fotball. Det er også mange millioner som drar eller sitter hjemme og ser på fotball (EM og VM). Det er mange som sier at fotball bare er noe tull, men hvis de folka hadde prøvd det så hadde det vært mye artigere. Det er god trim og du blir i bedre form, du kan komme langt i livet ditt hvis du er god i fotball, du kan komme til mange proffe fotballag rundt omkring i verden. Fotball er et spill hvor to lag, hvert bestående av 11 spillere, prøver å vinne ved å lage flere mål enn motstanderen. Et mål defineres ved at ballen havner i motstanderens mål. Hele ballen må over målstreken for at det skal være tellende. Fotball kan også spilles med 5 eller 7 spillere på hvert lag. Dette er spesielt vanlig i ungdomsfotballen. Ved 5 eller 7 spillere på hvert lag, er offsideregelen tatt bort. Som navnet tilsier, spilles fotball først og fremst ved hjelp av føttene. Spillerne kan imidlertid bruke alle deler av kroppen, bortsett fra hendene og armene, til å berøre ballen. Kun målvakten har lov til å benytte hendene, og da bare innenfor et avgrenset område foran sitt eget mål kalt sekstenmeteren. Dessuten skal utespillere bruke (begge) hendene ved innkast, dvs. når spillet settes i gang etter at ballen har kommet utenfor sidelinjene. Et innkast er utført korrekt når spilleren bruker begge hender i kastet like mye, d.v.s. at ballen ikke skal ha sidespinn, men kastes rett frem. Det er også påkrevd at begge ben er i bakken når ballen forlater kasterens hender. Følges ikke de regler blir kastet idømt motstanderen. Sondre Berget Granseth, Slidre skule.

Crosser Eg vil skrive om crosser fordi eg har det som interesse og eg har det sjølv. Eg synest det er morosamt å køyre crosser fordi det går fort. Eg fekk crosser då eg var 7 år og det var ein Yamaha PV 80 cc. Den hadde ikkje clutch, men automat. Den gjekk litt over 60 km/t og hadde 5 hestekreftar. Den var plombert, så noko av det første vi gjorde, var å ta ut plomben. Eg fekk meg ny i 2007, det var ein Yamaha TTR 125 cc med 9,8 hestekreftar i. Den har eg endå, men eg har lyst på ein Yamaha YZ 125 cc fordi den har 30 hestekreftar og kan komme opp i ca 140 km/t. Den som eg har, er det clutch på og eg er blitt vandt til det, og kan komme opp litt under 100 km/t. Eg køyrer, når eg er hjå bestemor på Vestsida i Slidre, ca 3 timar i ei veke. Der har eg ei lang løype med hopp og mange rett fram -stader der som det er rett fram og rundt jordet. Eg synest Yamaha er best fordi dei lagar fine motorsyklar og har ein kul logo. Yamaha er eit japansk merke. Genichi Kawakami grunnla Yamaha Motor Company i Juli 1955 med 30 millionar yen som han fekk som startkapital. Det var dårlege syklar då, men er berre blitt betre og betre. Yamaha æ best! Sondre Kirkeengen, Slidre skule. Min gamle Den eg har Den eg har lyst på

Mobilen min Eg brukar mobilen min dagleg. Dersom eg mistar den begynnar eg å leite med ei gong, for den må eg ha. Eg brukar den dagleg fordi eg brukar den til internett, ringing, meldingar, speling, musikk, tar bilete og mykje meir. Veldig mange har mobil, i alle fall i klassen min. Me sendar musikk og bilete til kvarandre. Eg synest den er viktig å ha, fordi visst folk skal ha tak i meg og visst eg skal hugse ting, då gjev kalenderen beskjed. Dersom eg ser ting som eg vil ta bilete av eller eg høyrer musikk på radio eller tv, kan eg bruke mobilen min. Eg brukar den kvar morgon til vekkjeklokke. Det er veldig kjekt å ha telefon fordi visst du møtar nokon så kan du lagre nummeret. Då kan du ha kontakt med dei som til og med er i utlandet. Men det er litt dyrt å sende meldingar og ringe til dei.

Min Ipod! Eg vil skrive om Ipoden min fordi eg er veldig glad i den. Det er ein Ipod touch, den har plass til 8 GB programvare og er ein nyare modell av Ipod classic. Eg kjøpte den i vinter og har brukt den mykje. Ein kan laste ned musikk, spel, filmar, bilete og det du sjølv ønskjer. Eg har musikk, spel og ein film på min Eg høyrer mest på musikk, men eg likar å spele mykje. Eg bruker den av og til på skulen, når eg trenar og når eg ikkje har noko å finne på! Ipoden min kjøpte eg fordi eg ville høyre meir på musikk, både i kvardagen og når eg er på tur. Om eg skulle hatt alle songane eg har på Ipoden på mobilen min, ville det ikkje vore plass til noko anna der. Eg kjøpte den fordi det var nokre venninner av meg som hadde Ipod classic og dei sa eg burde kjøpe meg ein Ipod. Eg hadde lyst på ein Ipod som det ikkje var så mange som hadde. Derfor vart det Ipod touch, som eg nesten aldri hadde høyrt om! Den kosta rundt 1700 kr og er å få kjøpt i butikkar og på internett. Den kom ut i 2007 og det er internett på den. Vekta er 120 gram. Den finst i 8 GB, 16 GB og 32 GB. Ein kan berre bruke fingrane på den, ikkje pennar. Hege Snortheimsmoen, Slidre skule.

Toradar Eg skal fortelje litt om toradaren min, Det er ein Honer Erica som eg spelar på kvar dag. Eg kjøpte den for 3000 kr i vinter og det er berre ein knapp som ikkje`` virkar``, men det gjer ingenting. Eg berre spelar på ein anna knapp. Eg har spelt i 2 år og skal kanskje spela litt til. Eg tykkjer at toradaren min er eit fint kulturminne. Sigve K. Nordåker, Slidre skule.

Fotball Eg begynte på fotball i 2. klasse og no går eg i 8. klasse. Då var eg ikkje den beste spelaren på laget, men eg blei betre. Eg vart interesser i fotball fordi alle i klassen min spelte det og eg syntest det såg morosamt ut. Eg spelar fotball framleis og laget er Slidre/Røn FK. Til sumaren skal laget mitt på Norway Cup, som er ein fotballturnering for alle land og lag, men ikkje for dei minste spelarane. Det skal bli morosamt. Laget mitt spelar 7 er. Det vil seie at vi er seks jenter på banen på kvart lag + keeper. I fotball spelar vi med keeper, forsvar, midtbane og spiss. Eg spelar litt midtbane, men mest spiss. Vi spelar mot andre lag i heile Valdres. Fotballsesongen byrjar med ein innandørs fotballturnering i Valdreshallen på Fagernes. I år fekk laget mitt 4. plass for småjenter. Etter sumarferien er det ein cup til. Den er i Slidre og Røn. I Slidre er det berre småjenter og smågutar som spela. I Røn spelar alle dei andre laga unntatt knøtt, jente og gut. Knøttane har sin eigen turnering i Øystre Slidre. Jentelaget og gutelaget er ikkje med på desse turneringane. På laget mitt er vi ti jenter og ein trener + lagleiar. I vinter meldte lagleiaren oss på ein konkurranse der premien var eit sett med nye drakter. Leiaren skulle skrive kvifor akkurat mitt lag fortjente nye drakter. Og vi vant! Draktene var raude og det stod vi støtter morgondagens helter så no har vi nye drakter, vi fekk trykt etternamnet vårt på ryggen. Og draktene er godt likt. Eg vil ikkje slutte på fotball, fordi det er morosamt å spele kampar. Eg er glad for at eg valde å spele fotball. Silje Nyhagen, Slidre skule.

Basket I basketball har du ein ball og ein kurv. Meininga er at du skal samarbeide med andre spelarar og treffe ein kurv som heng på ein stolpe (om lag 4 meter opp i lufta). Eg er interessert i basketball fordi det er gøy, det er ikkje vanskeleg, du er aktiv og du får vera med vener. Eg begynte i 7. klasse i friminutta, saman med vener. Etterkvart vert kjøpte eg eigen basketball og spelte i fritiden òg. No trenar vi basketball kvar tysdag. Eg spelar i Slidre sentrum. Eg skulle ønske at fleire i Valdres kunne spele basketball og eg synest alle burde prøve det. Simen Totlandsdal, Slidre skule.

Hest Eg er interessert i hest fordi hest er kjempenyttige dyr og menneskets beste ven. Interessa kom etter at eg såg hestar rundt om i Valdres. Eg begynte å ri på Fodnes Hestesportssenter då eg var 8 år gamal og no er eg 14 år og eg rir enda. Eg har ein fantastisk ridelærar eg har lært utrulig mykje av ho. Ho heiter Irmelin. Yndlingshesten min er Blackie og han er ein ponni som eg har lært veldig mye av. Eg kan hugse at eg var kjemperedd for Blackie då han kom til Fodnes, men no er han den beste hesten i heile verda. Har ikkje berre ridd Blackie, men har òg ridd ei som heiter Mira og ho har eg nesten lært å gå sjenklar ( då går hesten sidelengs bortover). Elles har eg ridd Odin, Ludo, Ikaros og mange fleire. Eg synest sprang og dressur er morsamt. Når eg rir så er det ein fast ting eg alltid har på meg og det er ridehjelm. Ridehjelmen beskyttar hovudet ditt mot hjerneskaking og andre skadar. Har også på meg ridebukse, ridestøvlar og jakke. Det er ikkje berre ryttaren som skal ha på seg utstyr, hesten òg. Hesten skal ha sal, hovudlag og vern for beina. Eg rir klokka 20.00 kvar tysdag. Men eg skal kanskje bli noko som heiter forryttar og det er at du har ansvaret for ein fast hest 2-3 gongar i veka. Eg oppmodar alle som ynskjer å ri, å begynne å ri fordi det er nyttig. Eg oppmodar alle til å ri på Fodnes fordi det er det beste stallen i Valdres og eigentleg heile Noreg. Alle som jobbar der tek godt i mot deg og det har dei gjort med meg. Eg kjem ikkje til å slutte der før eg kanskje har fått min eigen hest. Siv Tuvmarken, Slidre skule. 1. På det fyrste bilete ser du meg og Blackie.

2. På dette bilete skrittar vi ned: 3. Her skal Blackie på beite etter ridetimen.

Linedance Linedance har blitt en del av dansekulturen i Valdres. De fleste har vært med, og den er danset i mange sammenhenger i hele fylket. Eg har valgt å skrive om linedance fordi eg holder på med det og synes det er morsomt. Eg er med i en klubb som heter Valdres Linedance Klubb, hvor min mamma, Kelli, er instruktør. Nesten hver uke er det konkurransetrening. Da har alle de forskjellige aldersgruppene og nivåene seks forskjellige danser å øve på; lilt, smooth, valts, chacha, funk og novelty. Alle som konkurrerer må bruke boots. Vi reiser på konkurranser i mange forskjellige land og har det kjempegøy. Hver uke har vi også sosial-kurs med nybegynnere, lett videregående og videregående, som også er gøy. Grunnen til at jeg liker å danse linedance er fordi det er sosialt, har kul musikk og er en morsom måte å uttrykke seg på. Jeg liker alle dansestilene, men liker aller best funk og lilt fordi det er mer fart i dem. Linedance kommer opprinnelig fra USA og ble først danset til countrymusikk. I dag bruker man alle typer musikk, ikke bare country. Dersom du vil vite mer, sjekk: www.kelli.no.

Jackson Rathbone Jeg fikk interesser for Jackson Rathbone da jeg var 13 år. Han er musiker og skuespiller. Første gangen jeg så ham, var i filmen Twilight. Da ble jeg veldig interessert i å finne fakta om han på internett, og sjekke hva slags filmer og serier har spiller i. Jackson Rathbone ble født 21. desember 1984 i Singapore. Døpenavnet er Monroe Jackson Rathbone. Kjente filmer og serier han har spilt i er: Twilight, Senior skip dag. Beautyful people, Criminal minds, New moon, Young again og mange flere. Han er også hovedsanger og gitarist i bandet 100 Monkeys. Hvorfor Jackson Rathbone? Fordi han virker som en spesiell person. Han er ikke som andre stjerner, selv om jeg aldri har møtt ham. Han er en veldig flink skuespiller og musiker. Han er en fantastisk person, det tror jeg virkelig. Vida Victoria Kolbu, Slidre skule.