Atle Ingar Vold lærar og revyartist. Pris 248,- Bestilling på e-post: post@nashornet.no I bokhandelen frå 27. april



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Frå novelle til teikneserie

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Informasjon til elevane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jon Fosse. For seint. Libretto

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Månadsplan for Hare November

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Månadsbrev for Rosa september 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Psykologisk førstehjelp i skulen

Samansette tekster og Sjanger og stil

FANTASTISK FORTELJING

mmm...med SMAK på timeplanen


Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

OK, seier Hilde og låser.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016


Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

IKT-kompetanse for øvingsskular

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Plassebakken Barnehage

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Hei alle sjøstjerneforeldre

Med tre spesialitetar i kofferten

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev for Februar

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Solfrid Borge leiar i prosjektgruppa Lars Ueland Kobro forskar - Telemarksforsking

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Transkript:

nashornet 2011 I rampelyset Løland-stipend til Bjørn Ingvaldsen Lagar kortfilm Fann kjærasten til Løland Kvitebjørnen, ei annleis utstilling Må satse på Lølandsenteret

nashornet 2011 Gjer Diktarvegen brei! nashornet er ei informasjonsavis frå Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa 2007 2011 Redaktør: Berit Reinertsen Sandvik Redaksjon: Judith Sørhus Litlehamar Elin Moen Karlsen Brit Aksnes Foto: Redaksjonen Jan Nordtveit Redaksjonelt ansvar: Norsk Plan as Vatlandsvåg 4235 Hebnes 52 79 04 80 np@norsk plan.no www.norsk plan.no Formgjeving: Gerhard Stoltz Utgjevar: Rasmus Løland-markeringa 2007 2011 Trykk: Edda Trykk Opplag: 33 500 I 2011 er det 150 år sidan forfattaren, journalisten og samfunnsbyggjaren Rasmus Løland blei fødd på Løland i Hylsfjorden i Suldal. Rasmus Løland er forfattaren som er kjend for å ha opna litteratursjangeren som rettar seg mot barn og unge, og som også har vore inspirasjonskjelde for mange kjende norske og utanlandske forfattarar. I åra frå 2007 og fram til 2011 har Løland-markeringa gjennom ulike tiltak skapt merksemd kring arbeidet til Løland, og brukt dette til å skape ny kunnskap og større engasjement for norsk barne- og ungdomskultur og litteratur. Mykje har skjedd i løpet av desse åra alt for mykje til at me får plass til alt i ein kort leiar. Men me har lyst å gi dykk nokre smakebitar: Sidan 2007 har Rogaland fylke årleg delt ut Rasmus Løland stipendet på kr 100.000,- Rune Belsvik har på bestilling frå Løland stiftinga laga ei dramatisering for kulturskular med bakgrunn i Rasmus Løland sine tekster. Teaterstykket Kor vart det av jula hadde urpremiere i Suldal i 2007 med dramaelevar frå kulturskulen i Suldal. På Sandsfjorden går litteraturferja mellom Sand og Ropeid ei ferje som er dekorert med sitat henta frå Rasmus Løland. Det Norske Samlaget har, med god hjelp frå Arnt Birkedal, gitt ut fleire av Rasmus Løland sine barnebøker i ny og moderne språkdrakt dei siste åra. I 2007 kom det og ut ein biografi om Rasmus Løland, skriven av Ernst Berge Drange. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) sitt årsmøte blir i år arrangert i Suldal, og er knytt opp til Løland stiftinga sitt arbeid med tema som barneog ungdomslitteratur og Diktarvegen. Hausten 2008 blei det arrangert tur i fotefara til Løland, frå Hylen til Hall. Det var ein særs vellukka tur, og hausten 2011 inviterer Tiramisu alle Lølandentusiastar igjen med på tur i fotefara til Løland. Og ikkje minst: Kvitebjørn prosjektet. Det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen undring og læring blei sett i gang hausten 2008 med 16 pilotskular frå 5 fylke. Til vegs ende eller? No er me snart komne til vegs ende for Rasmus Løland-markeringa 2007 2011. Ei markering som starta i 2007 100 år etter at Rasmus Løland døydde i Asker, og som blir avslutta nå i 2011 150 år etter at han blei fødd på Løland i Hylsfjorden. Sjølv om markeringa snart takkar for seg, vil arbeidet markeringa har starta leve vidare gjennom Ryfylkemuseet sitt arbeide med å etablere Løland-senteret: Eit senter for nynorsk barnekultur og barnelitteratur, der mellom anna bygdeutvikling, språk, journalistikk, litteratur og musikk for barn og unge blir samla og utvikla vidare. Me ønskjer at Løland-senteret skal bli eit inspirasjons- og ressurssenter for barnehagar, skular og kulturskular i heile landet, og eit regionalt og nasjonalt besøkssenter der ein kan oppleve og ta del i norsk barnekultur. Stiftinga håpar også at Løland senteret kan vere med å inspirere fleire til å lese og skrive, både til glede for seg sjølv og andre. 27. april opnar Kvitebjørn-utstillinga på loftet hjå Ryfylkemuseet på Sand. Kvitebjørnen vil bli ei interaktiv utstilling for barn, der Kvitebjørnen, ei av historiane til Rasmus Løland, er utgangspunktet. I utstillinga får ungane vandre gjennom historia spennande skogar, borger, nordavind og ein heil festsal på kongens slott med klede til å kle seg ut i. Til scenografien av utstillinga har Ryfylkemuseet fått hjelp av Bjarne Frank Wathne ved Rogaland Teater. Utstillinga er eit delmål i arbeidet med Løland senteret. Så håpar me at hovudmålet sjølve Løland senteret også vil kome på plass innan få år til inspirasjon og glede for både små og store. Og kanskje vil også Nashornavisa leve vidare gjennom Løland-senteret, og vere eit organ som er med og spreier denne inspirasjonen og gleda. KOMMENTAR Atle Ingar Vold lærar og revyartist I 2007 starta markeringa av forfattarskapen til Rasmus Løland. Me var mange som hadde store forventingar til dette. I alle fall dei av oss som sit att med gilde opplevingar frå skuleåra. Rasmus Løland har hatt ein stor plass i klasseromma i Suldal. Gjennom høgtlesing frå læraren, diktatskriving og til og med friviljug lesing av bøker og forteljingar fekk me etter kvart eit nært og personleg forhold til denne lokale helten. Forholdet mitt til Rasmus Løland fekk seg ein lang pause etter framhaldsskulen. Og eg trur faktisk Rasmus Løland sjølv også fekk seg ein pause i Suldalsskulen. Diktat blei det mindre og mindre av, og dei fire gutane til Løland måtte vika for andre litterære idol 1. For det var sjølvsagt også plass til andre. Og særleg songboka opna dører inn til forfattarar som Arne Garborg og Per Sivle. I barneskulen var det utanåtlæring, og Haugtussa songane og til dømes Den fyrste song vart ikkje berre lærte. Dei mjuke ord til hjarta gjekk. Med sognablod i årane fekk eg Jakob Sande inn gjennom far sine lesestunder. I barneåra kunne eg undrast på kva han smilte og lo av når han sat med den same slitne boka i lampeskinet kveld etter kveld. Etter kvart vart eg teken med inn i denne diktinga også, og eg må vedgå at Jakob Sande nokså snart hadde teke over plassane til både Løland, Sivle og Garborg. Eg må vel reknast som vaksen då eg fekk augo opp for den femte diktaren langs Diktarvegen. Språket, tema og skrivemåten til Olav H. Hauge synte meg at det skal ikkje alltid mange orda til for å få sagt noko godt og viktig. I tillegg var det han som greidde å overtyda meg om at lyrikk ikkje alltid trong ha fast form og enderim. Alle desse forfattarane er markerte på ulike måtar i det siste. Ja, markeringane er langt frå ferdige. Og alle fortener verdige markeringar. Det er det inga usemje om. Det eg er oppteken av, er kven markeringane rettar seg mot og kva ein ønskjer å oppnå etter all festivitasen har lagt seg. Eg ser føre meg følgjande felles mål: gjera forfattarskapane endå meir kjende og nå fram til nye lesarar skapa leselyst og skapartrong oppmuntra nye forfattarar skapa meir interesse for litteratur generelt Når eg ser tilbake på markeringa av diktinga til Rasmus Løland, har det vore mange positive hendingar som har nådd ut til mange. Her kan nemnast kulturskulen i Suldal sine framføringar, Kvitebjørn prosjektet, Løland biografien, fødselsdagsmarkeringa og mykje, mykje meir. Særs spennande er ideen om eit senter for barnelitteratur. Vert det realisert, er eg viss på endå fleire positive ringverknader.men det er nå det store MEN melder seg. Kritikarane til markeringa har særleg peika på pengebruken i prosjektet. Det vert hevda at det er alt for mykje offentlege midlar som berre eit fåtal gjer seg nytte av. I tillegg spør dei kven markeringa rettar seg mot. Ovanfor har eg prøvd å visa at alle dei fem forfattarane langs Diktarvegen har vore forfattarar for folk flest. Dei har tala dei undertrykte og småkårsfolk si sak. Difor må også Diktarvegen byggjast slik at lesarane føler at denne vegen er deira. Det må ikkje verta ein smal veg som i utgangspunktet stengjer ute den breie massen av lesarar. Eg er uroa over tankane bak desse kostbare turane som nå er annonsert. Kva signal sender arrangøren ut når billettprisen er nærast ei halv månadsløn? Kven er då i målgruppa for turane? Har ein kome over i feil vegbane? Diktarvegen må vera brei. Den smale stigen høyrer til i andre samanhengar. Eg er redd at slike turar kan lukka vegen i staden for å opna opp. Eg ønskjer ein brei diktarveg der ein med tida også gir plass til dei nye forfattarane langs ruta. Først då trur eg trafikken verkeleg vil ta seg opp. 1 Med litterære idol i denne teksten meiner eg dei fem forfattarane langs Diktarvegen. Sjølvsagt las både eg og jamaldringane Hardyguttene, Zane Grey og ikkje minst bøkene frå Norsk Barneblad i oppveksten, men det er ei anna soge. Norsk Plan as Pris 248,- Bestilling på e-post: post@nashornet.no I bokhandelen frå 27. april DRAUM OG TULLSKAP Festskrift til Rasmus Løland 150 år Det er 150 år sidan forfattaren Rasmus Løland blei fødd. Løland var ein pioner i barnelitteraturen. Han skreiv historier direkte og levande til ungane, som skil seg frå eventyr og bibelhistorier. Denne boka handlar om det å bli lesen for, ho handlar om kvifor Løland var ein pioner og ho handlar om arven etter han i den nynorske barnelitteraturen. Denne boka er for deg som har blitt lesen for og for deg som likar å lesa for barn. Torkel Myklebust Styreleiar Rasmus Løland-markeringa Berit Reinertsen Sandvik Dagleg leiar RASMUS LØLAND-MARKERINGA nashornet.no Rasmus Løland-markeringa vert dessutan støtta av Suldal kommune, Asker kommune, Kunnskapsdepartementet, ABM utvikling, Rogaland fylkeskommune, Kulturdepartementet og ryfylke iks 2 3

Dei er unge og kreative. Dei drøymer og undrar seg. Men kva meiner dei om Rasmus Løland markeringa? I tradisjonen I rampelyset Etter kunstnarstipendet frå Suldal kommune i 2007 er det blitt mange utfordringar på scena for Birgit Nerheim (28). Birgit Nerheim frå Suldal fekk Suldal kommune sitt kunstnarstipend for 2007 og 2008 på opninga av Rasmus Løland-markeringa på Løland. Stipendet på 200.000 kroner kom vel med når ho skulle etablere seg som skodespelar i England. For det var teatermetropolen London som frista der ute, først vart det studiar på The Liverpool Institute for Performing Arts som 19 åring, før ho etablerte seg i storbyen som frilansskodespelar. Eg har jo levd på utsida av det som har skjedd her heime, blant anna med Løland-markeringa. Men eg høyrer jo at det skjer spanande ting. Og generelt er Suldal ein god plass for dei som ynskjer å drive med kultur og musikk, seier ho bestemt. Og det er flott at markeringa sette fokus på barnekulturen, og at dagens unge også kan gjenoppleve tidlegare kunstnarar. Sjølv fekk ho møte musikken i Kulturskulen i Suldal, noko ho ser attende på med glede. Me fekk lære kunsten med å opptre framfor eit publikum, det er verdifullt. Kulturskulen gir eit godt grunnlag, og det er kjekt at ein kan ha litt forskjellige tilbod som danse- og dramagrupper. Då får ein testa ut om dette kan vere noko for ein sjølv, det er ikkje alle som utdannar seg til musikarar eller skodespelarar sjølvsagt, men ein finn ut om ein har lyst til å prøve. Akkurat som eg alltid har visst at å springe fort ikkje er mi greie. Må brenne Stipendet frå heimkommunen kom godt med då ho reiste attende til England. Livet som frilansskodespelar kan nemleg vere både spanande og trangt. Ein veit aldri når den neste jobben dukkar opp, så ein må vere tolmodig. Men då eg fekk stipendet kunne eg ta songtimar og utvikle meg samstundes som eg klarte meg økonomisk, seier Birgit og legg ikkje skjul på at det ikkje alltid er like enkelt å leve med den uroa rundt seg. Det er eit jag heile tida og du er aldri trygg. Det handlar om å kunne knyte nettverk og om å bli kjent med dei rette. Og så må du brenne for det du held på med. Ta ein pause Kva inspirerer deg? Det kan vere andre musikarar eller skodespelarar, noko som er skrive eller noko eg ser og tenkjer at noko slikt vil eg og vere med på. Det kan vere alt frå eit kjærleikstema, eit juletema eller eit politisk tema. Men eg likar veldig godt å få publikum til å le, då føler eg at eg har fått til noko. Av og til må ein oppsøkje kunsten, gøyme seg litt vekk og gå på kino, eller berre skru på tv. Ta ein pause rett og slett, held ho fram. Mange hugsar nok Birgit frå rolla Gudrid i spelet Syng Elvestraum som vart sett opp fleire somrar i Suldal. Det er alltid kjekt å gi noko attende til Suldal, slår ho fast. Elles har det etterkvart blitt rollar ved både Haugesund Teater, Broken Cloud Theatre Co, tv-serien Hollyoaks og filmen Betrodd for å nemne noko. Judith Sørhus Litlehamar Foto: Jan Nordtveit Dei høyrde på oss Prosjektleiinga i Lølandsenteret var tidleg ute med å dra oss unge med, seier Anita Svendheim (18). Anita var berre så vidt blitt tenåring då ho vart involvert i Løland-markeringa. Marny (Skeie Henkel, tidlegare prosjektleiar, red. mrk.) fekk oss med frå starten av, og det har gjort noko med vår oppleving av prosjektet, seier ho. Spesielt i eit lite samfunn som på Sand har det vore viktig å bli involvert på denne måten. I ein større by vil det vore lag og organisasjonar som kunne plukka oss opp. Med Løland-prosjektet vart det slik at når eg først hadde fått innpass der, så kom lokalsamfunnet og tok tak i meg etterpå, og eg fekk brukt meg på fleire frontar. Med meining Svendheim har sjølv vore med på avsparkkonferansen til barnekultursenteret, skrivekurs, skrivekonkurranse, ho har vore i ressursgrupper knytt til Løland-markeringa. Heile tida som ungdommen si stemme, ungdommen sitt alibi. Og ho synest det er viktig å bli høyrd, men då må ein også ha noko å seie, noko å bidra med. Hadde du det som trettenåring? Ting skjedde voldsomt fort i starten, då vi byrja å involvere oss. Eg forsto ikkje då kva eg hadde gitt meg inn på. Men det kjendest veldig godt å bli tatt på alvor. Nyleg hadde ho eit år som utvekslingsstudent i USA, og ho ser at det er skilnad på korleis barn og unge blir spurde og involverte. Eg opplever at vi norske ungdommar er meir bevisste på at unge skal ha noko å seie. Vi har og fleire moglegheiter for å organisere oss gjennom elevråd og ungdomsparti. I USA fekk gjerne dei unge meir ansvar for å ta seg av dei kjekke tinga knytt til arrangement dei skulle vere med på. Vi får sjanse til å setje oss inn i saker og ha ei meining om dei. Treng ein arena At ungdom skal bli tatt på alvor handlar både om at ungdom må ha noko å melde, men òg at dei vaksne møter ungdommen. I Amerika opplevde ho at dei flinke elevane vart framheva og fekk merksemd, men ingen oppsøkte ungdom som gruppe for å høyre deira meining. Vi er flinkare til slik her, opplever eg, men vi har enno meir å gå på. Mange har meiningar, og politikarane må kome på skulane og snakke med oss. Høyre på elevrådet. Anita er ikkje så involvert i Løland-markeringa no som tidlegare. Men ho ser at ho har hatt ein stor personleg gevinst av desse åra: å få utløp for skrivegleda og skrivekløen ho har. Det er viktig at unge skrivande får ein arena kor dei kan utfolde seg. Utanfor skulen treng vi å kunne skrive og formidle utan at det blir for kunnskapsbasert og utan å bli analysert heile tida, meiner ho. Gjennom skrivekurs og skrivekonkurransar har ho fått utvikla skrivinga si, og slike arenaer er det viktig at ein vidarefører no når markeringa tar slutt, meiner Anita. Og ungdommen må ein ta tak i medan dei enno er unge og bur i kommunen. Det er vanskeleg å nå dei seinare. No håper ho at det påtenkte senteret for barnekultur kan by på nettopp slike arenaer. Ein plass kor ungdom kan samle seg for å skrive og få inspirasjon, det hadde vore bra. Foto: Jan Nordtveit Det viktigaste av alt er at ein får sett fokus på barne- og ungdomskultur, seier Åshild Vetrhus (33) om Rasmus Lølandmarkeringa. Vetrhus er for dei fleste mest kjent som songar i folkemusikkgruppa Tindra der ho syng saman med musikarane Jorun Marie Rypdal Kvernberg og Irene Tillung. Åshild arbeider som frilans folkesongar og var den første som vart tilsett ved Oslo Musikk- og Kulturskole som lærar i folkemusikk. Ho har gjennomført 200 skulekonsertar saman med Tindra og Salikatt, i tillegg er ho utdanna musikkpedagog frå Norges Musikkhøgskole. Og no har Åshild flytta heim til Bråtveit i Suldal. Her bur ho saman med sambuaren Mark Laurenson som kjem frå Shetland. Eg trivst veldig godt, den største utfordringa er vel å ikkje la dagane gå vekk i køyring. Skal eg bu her må eg begrense meg. Men eg var lei av Oslo, eg har budd der i 10 år og er jo ikkje akkurat noko byjente, sjølv om ein også tilpassar seg det livet over tid, seier ho medan ho kryp opp i gyngestolen i stova. I tillegg til eit vikariat som konservator ved Ryfylkemuseet blir det mykje reising og mange prosjekt som krev tida hennar. No i vår skal til dømes Tindra ut med to nye plater på kort tid, på den eine har mor til Åshild strikka motivet på platecoveret. Det er ei plate med tradisjonelt materiale frå Rogaland, og den andre er ein live-konsert frå folkemusikkfestivalen i Førde. Det blir ein travel vår. Må vere i takt Åshild var også ein av dei som var med i idemyldringane då ein starta opp Rasmus Løland-markeringa for fem år sidan. Har det blitt slik du førestelte deg? Det er alltid ein fare for at ein gjer det større enn det det eigentleg er. Når ein set i gong slike prosjekt må ein gjere det i takt med dei som bur der. Men bodskapen deira, å få fokus på nynorsk barne- og ungdomskultur er så viktig, slår ho fast og legg til at ho trass alt berre har sett markeringa på avstand. Arbeidet med å få dette senteret på plass må ikkje forsvinne. Det håpar eg blir eit senter som kan bere frukter for Suldal, og der ein kan skape aktivitet. Det må vere noko konkret som ungane i Suldal og kommunane rundt her også kan nytte seg av. Ho viser til at slike prosjekt kan vere noko av det som får folk til å flytte heim igjen, eller til å busetje seg i kommunen. At det skjer meir her enn bingo og skirenn er viktig for å få folk til å bu her, slår ho fast. Midt i naturen Sjølv møtte ho folkemusikken i leikarringen på Nesflaten som liten, og ikkje minst fekk ho kjenne naturen på tett hald. Det er spesielt å vekse opp på ein slik plass. Me bur jo midt i naturen. Også åra på skulen har sett sine spor. Det er godt å kunne gå på ein liten skule. Me lengta vel etter noko anna då me gjekk på ungdomsskulen, men ein får så mykje og. Ein kan ikkje alltid velje kva venner ein ynskjer å ha, men ein blir sett anten ein vil det eller ikkje. Og musikktimane. Det var mykje allsong, minnest eg, seier ho og smiler. Kva inspirerer deg? Å, det er eit vanskeleg spørsmål. Men å høyre god musikk inspirerer meg, og at eg kan gå inn i det eg held på meg, å kunne konsentrere meg om det. Og formidlinga av musikken er viktig, ein kan vere ein god komponist utan å vere ein god formidlar. Det er noko anna. Judith Sørhus Litlehamar Foto: Jan Nordtveit 4 5

Inger Bråtveit forfattar 60 prosent av elevane i den vidaregåande skulen ynskjer å snakka meir med politikarane og andre som bestemmer i samfunnet.* Samlar historier Foto: Kva har Rasmus Løland-markeringa betydd for deg? For meg personleg har nok ikkje Rasmus Løland-markeringa vore så litterært utslagsgivande, men kven veit kva tida vil syna? Kva ho har vore for Suldal kommune og resten av innbyggjarane, er ei anna sak. Kva seier norsklærarane? Elevane? Bonden på Bratland? Bussjåføren i Kvilldal? Ingeniøren på Statkraft? Svara herifrå er dei interessante. Elevane på Skånevik skule samlar seg kring ferdaskrinet sitt. Kvitebjørnen Hovudmålet med det femårige prosjektet er å læra å forstå sitt eige lokalsamfunn og dei kvalitetane som finst der, å gjera elevane stolte av staden dei kjem frå og la dei aktivt kunne ta del i og påverka utviklinga vidare. Kvitebjørnen er ein del av Rasmus Løland-markeringa. Du finn meir informasjon på www.kvitebjørnen.no. Her kan du også lese bloggen til elevane. Skal evaluerast Telemarksforsking har fått i oppdrag å evaluere pilotprosjektet Kvitebjørnen. I den førebelse vurderinga kjem det fram både ris og ros frå dei involverte skulane. Ole Marius Hylland frå Telemarksforsking har ansvaret for evalueringa av Kvitebjørnen prosjektet for skuleåret 2010 til 2011. Trass i ein del tekniske utfordringar på skulane, melder elevane frå Sand, Vikedal og Synnylven at årets prosjektoppgåver har vore morosame og kjekke, men òg keisame. Utstrekt bruk av it verktøy har gjort årets oppgåver ekstra krevjande, både for elevar og lærarar, går det fram av den førebelse vurderinga. I bloggane sine skriv elevane at dei er leie for at dei ikkje fekk lage film i år, men at å lage fotoforteljing også var gøy. Dei minnest òg første året med Kvitebjørnen med glede. Då jobba dei aktivt med å lage forteljingar. Gjennom Kvitebjørn prosjektet har elevane i 7. og 8. klasse på Skånevik skule blitt kjende med eigen identitet. Det er ei stund sidan dei avslutta Kvitebjørn prosjektet på Skånevik skule, men lærar Hege Garvik har henta fram Lølandbøker, Lølandskrinet og ikkje minst fotoseriane som elevane laga, og plutseleg er klasserommet blitt ei lita Løland-stove igjen Det er jo ikkje meininga at elevane skal bli djupt kunnskapsrike om Løland, men at det skal stimulere dei til å undre seg og å bli meir fantasifulle, seier Garvik. Målet med det femårige prosjektet er å gjere elevane kjende med sitt eige lokalsamfunn, og ikkje minst stolte av staden dei kjem frå. Det handlar om å bli bevisst på eigen identitet. Så langt har elevane vore innom tema som forteljing, innovasjon og utstilling. Neste år blir det filosofi. I år laga elevane i Skånevik fotoforteljingar med innlesen tekst om ein slektning dei valde ut. Sterke historier Kvar av elevane valde seg ut ein slektning dei ynskte å lage fotoserie (Photostory/ Fotoforteljing) om. Deretter samla dei informasjon og bilete, laga dreiebok, skreiv manus, og til slutt brukte dei programmet Photostory til å lage biletseriane, fortel lærar Hege Garvik. Elevane er ivrige i å fortelje om besteforeldre og oldeforeldre, samstundes som dei viser fram gamle bilete. Dei hadde også med seg ein ting som dei assosierte med den eldre slektningen. Medan nokon hadde eit smykke med seg, tok andre med seg eit hekleteppe. Mange oppdaga nye ting og sterke historier om slektningane sine. Håkon Ness Nedreskår (14) fann ut at morfaren var FN-soldat i Midt-Austen. Det var merkeleg, eg visste jo at han var soldat, men ikkje at han faktisk var FN-soldat, seier han. Gunvor Johansson Garvik (12) laga biletserien «Besto og meg» om bestemora sitt liv. Her fortel Gunvor om ei bestemor som arbeidde mykje på garden, som alltid hadde middag til henne når ho kom heim frå skulen, og som var glad i hundar. Mange av desse historiene viser at røtene er med å forme ein som menneske, og å gjere elevane bevisste på kor ein kjem frå, slår Hege Garvik fast. Nostalgi og innovasjon Til neste år er det ho som skal utarbeide det pedagogiske opplegget for Kvitebjørnen, då skal det handle om filosofi. Sjølv er Hege Garvik oppvaksen i heimbygda til Rasmus Løland, Vanvik, og fekk kjennskap til Løland sin litteratur på barneskulen. Det er jo litt nostalgi i dette for meg. Me gjekk jo forbi Bjednekniven når me skulle til fjells. No skal ho lage eit opplegg som alle skulane i prosjektet kan bruke i undervisninga. Det må bli eit opplegg som er konkret nok, slik at lærarane tenkjer at dette klare me. Me må ikkje ta pusten frå lærarane, slår ho fast Eg trur elevane har lært å setje pris på røtene sine gjennom dette prosjektet. Då me hadde innovasjon som tema gjekk elevane rundt i Skånevik med eit kamera og tok bilete av det dei likte, målet var å vise fram kva me var stolte av og kva me likte i bygda. Så kunnne dei etterpå laga skulpturar av kva dei ynskte seg i Skånevik. Då kom ideane om både gocartbane og luksussenter. Det handlar vel eigentleg om å setje av tid til desse tema, uansett kva fag det er i, meiner Garvik. Judith Sørhus Litlehamar Foto: Jan Nordtveit Kva trur du me sit igjen med etter fem år med Rasmus Lølandmarkeringa? Løland-markeringa kan i beste fall, på sikt, generera eit nytt, kritisk blikk på barnelitteraturen, i og med at me no har fått Rasmus Løland-stipendet. Håpet er at denne prisen kan gå til ein litteratur av høg kvalitet, som ligg litt utanfor dei oppmerka løypene, og kanskje ikkje er så lyssett frå før. Og om det ikkje er ein direkte konsekvens av Løland-markeringa, så sit Suldal i alle fall att med Rasmus Løland stipla inn på og langs Diktarvegen. Diktarvegen syner fram den topografiske blodåra av kanoniserte forfattarar som Garborg, Hauge, Sivle og Sande. Om Diktarvegen klarer å lyfta fram underskogen av samtidsforfattarar, og i beste fall generera tilvekst av forfattarrøyster, ved sida av dei store, mannlege (!) diktarbautaene, langs denne ruta, trur eg Diktarvegen vert den blodåra folk kjem til å omtala som hovudpulsåra. Og kva bør ein gjere vidare no, for å vidareutvikle dette arbeidet? Det er eit godt spørsmål, som eg vonar Suldal kommune tek på alvor i etterarbeidet av markeringa. Skal litteraturen leva må han skrivast med varm hand, og lesast med opne og nye auger. Aktivisering i form av direkte litteratur- og skrivekursformidling kunne jo vore ein idé? Skuleverket må i alle fall knyttast inn i den eventuelle vidareutviklinga av arbeidet. Kjenner du sjølv til Løland sin litteratur? I så fall kva hugsar du best? Ja, sjølvsagt kjenner eg til Løland sin litteratur! At det fanst ein forfattar på garden Løland i Suldal som skreiv seg ut or bygda, skreiv rystande realistisk barnelitteratur og ikkje minst essays og kritikk har vore viktig for meg. Han var medarbeidar i tidsskriftet Den 17 Mai og sokna til den såkalla "Lysakerkretsen", eit sterk norskdomssmiljø med forfattarar som Arne og Hulda Garborg, Kristoffer Uppdal, Oskar Braaten, Johan Bojer og Tilla og Otto Valstad. Løland var inspirert av Émile Zola og hans idear om at arbeid var livet, at alle hadde plikt til å gjera verda betre, og sjølv gjorde han det først og fremst ved å skriva. Kanskje har mytologiseringa om Rasmus Løland vore viktigast for meg? At han var frå garden Løland i Suldal, at foreldra hans var strengt religiøse, at han var nervesjuk, tuberkuløs og likevel heldt seg skrivande det korte livet ut? I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot personar under 26 år. Målet er å auka det politiske engasjement blant unge og stimulera til å få fleire unge med i folkevald arbeid og ved valurnene. Sjå garborg.no og magasinett.no * Kartlegging ved tre vidaregåande skular i Rogaland 6 7

Kvitebjørn i hagen På Asker museum skal Kvitebjørnen flytte ut i det fri og blir ein permanent ute-installasjon. Kvitebjørnen er så stor at barna kan kome og sitje inni den, akkurat som i forteljinga om Kvitebjørnen, fortel museumsstyrar ved Asker Museum, Fredrikke Hegnar von Ubisch. I utgangspunktet var denne bjørnen ein skulptur som har følgd Løland-utstillinga, og no ønskjer museet å gjere den til ein fast del av uteområdet. Vi håper den blir klar til sommaren, seier styraren. No når Løland-markeringa går mot slutten, ser ho at desse åra med Løland har gitt mykje tilbake til museet. Glede Vi har ofte barnehagar på besøk, og dei får vere med på ei forteljevandring med Løland sine historier. I år, som alle år, blir det også ei markering på gravstaden til Løland på Asker kyrkjegard 17. mai. Det er det tradisjonelt Asker mållag som står for, seier ho. Ut over det skal ikkje museet ha særskilde arrangement knytta til Løland det siste året Løland-markeringa pågår. Men Hegnar von Ubisch seier markeringa har sett spor etter seg også på andre vis. Mellom anna har museet tidlegare fått ei rot som minner SULDAL K O M M U N E om eit nashorn, og denne rota står alltid framme og minner dei besøkande om den barnlege fantasien som Løland var så flink å synleggjere. Og vi som arbeider ved Asker Museum har med oss tanken om denne fantasirikdommen i alt vi gjer, og det har vore gull verd. Blir ikkje stove Ein ting som museet ikkje har fått gjennomført er gjenoppbygginga av Lølandsstova. Huset vart rive i 1968 på grunn av planar om ny vegtrase gjennom området. Vegen vart aldri bygd, og det er seinare vedtatt ny reguleringsplan, der Løland-huset inngår i planen. Stova som skulle byggjast var ein kopi av huset der Løland budde, og ville fått utstillingsrom og skrivarstove for kunstnarar som ville jobbe med Garborg eller Løland. Dessverre blei dei kommunale løyvingane til stova trukke tilbake i 2009, og Asker museum har i staden vald å lage ei utstilling ute i den gamle løa på Labråten, der Løland budde i periodar saman med Arne og Hulda Garborg. Tilsvarande blir det planlagde studerkammeret no lagt til bryggarhuset på same tunet. Tilstanden på huset gjer at dette no berre blir eit sommartilbod for dei som ønskjer å bu og skrive der. Eksotisk - Aktiv - Trygg Kommunen På Suldal kommune sine heimesider finn du opplysningar om kommunen og aktuelle nyheiter. Suldal kommunestyre vedtok nyleg Kommuneplan 2009-2020. Planen finn du også på kommunen si heimeside www.suldal.net Kompetanse Suldal treng mange typar kompetanse. For ledige stillingar i Suldal kommune, ta kontakt med personalsjefen eller sjå ledige stillingar på www.suldal.net Kultur Suldal har eit rikt kulturliv. For annonsering av ulike kulturtilbod og arrangement, sjå lokal annonsering i grendene, Suldalsposten eller www.suldal.kulturhus.no Sjølv om ikkje Løland-stova blir realisert slik vi ønskte det, har vi vidareført ideane som låg til grunn. Og vi tar med oss planen om å setje opp Lølandstova vidare, også, seier Fredrikke Hegnar von Ubisch. Næringsliv Suldal har eit variert næringsliv. Her får du det meste av det du treng. Ta kontakt med Suldal Vekst AS eller sjå www.suldal.net Kvitebjørnen slik Otto Valstad (1862 1950) teikna den. Slik blir skulpturen til Asker museum sjåande ut. (Foto: Asker museum) Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal Tarald, drengen på garden, frå kortfilmen Vondt samvit som kulturskulen i Suldal har laga. (Foto: Anne Elisebeth Skogen) Mange timars intens jobbing ligg bak den to og eit halvt minutt lange filmen Vondt samvit basert på Lølandhistoria Hunden og katten. Vi har halde på å jobbe med denne filmen sidan jul, seier Anne Elisebeth Skogen. Ho er dramalærar for kulturskule gruppa på fire frå Suldal som har laga denne filmen. Forarbeidet har bestått i å lese seg opp på historia, lage dreiebok, finne replikkar, og lage kulisser, landskap og dokker. Krevjande prosess Heilt til slutt hadde Skogen og elevane ein workshop på 10 timar saman med Bente Aasheim frå Animasjon i skolen. Då var det filming over ein låg sko, kor 3600 bilde blei lagt saman til ein ganske kort film. Etterpå skulle det leggast på stemmer, effektar og musikk. Det tar vanvittig med tid, ler Skogen. Det er mange detaljar som skal på plass, og mange detaljar som kan øydelegge ei taking slik at ein må byrje på nytt att. Å feste historia til film er noko heilt anna enn å stå på ei scene, det er ho klar på. Vi haldt på nesten utan pause. Foreldra kom innom med mat til oss. Ein febersjuk unge gjekk heim ein time for å sove det verste av seg. Så var det igang igjen, seier kulturskulelæraren. Har laga kortfilm Ville ikkje moralisere Resultatet blei den 2,5 minutt lange filmen som har fått tittelen Vondt samvit, det same som Løland kalla si historie før han skifta namn på ho til Hunden og katten. I ettertid har eg fått høyre at Løland ikkje likte tittelen «Vondt samvit» fordi han ikkje ville legge moralske føringar i teksten, seier Anne Elisebeth Skogen. Men no blei det slik. Filmen skal visast for første gong under Noregs Mållag sitt landsmøte på Sand i byrjinga av april. Så blir den vist som ein del av kulturskulen sitt program under landstinget til LNK i slutten av april. Etter det kan den frigjevast for andre medium. Vi har ikkje bestemt kva vi gjer med den enno. Kanskje legg vi han ut på YouTube, vi får sjå. Rasmus Løland-markeringa PROGRAM I SULDAL APRIL MAI 2011 Onsdag 27. april kl. 19.00 KULTURHUSET I SULDAL KOR VART DET AV JULA, Vaksne: kr 100,-, barn: kr 75,-, familie: kr 300,- Arr.: Kulturskulen / Stiftinga Rasmus Løland-markeringa Onsdag 27. april kl. 11.00 NESASJØHUSET Opning av utstillinga Kvitebjørnen Utstillingsopning for barn. Arr.: Ryfylkemuseet/Stiftinga Rasmus Løland-markeringa Torsdag 28. april kl. 18.30 KULTURHUSET I SULDAL FESTFRAMSYNING FOR RASMUS LØLAND-MARKERINGA Medverkande: Tønes, Herborg Kråkevik, Inger Bråtveit, Terje Bråtveit, Anita Svendheim, Kulturskulen i Suldal, Valkyrien Allstars m.fl. Vertskap for kvelden: Hilde Sandvik og Åshild Vetrhus Hovudinnslag: Litteraturreise v/herborg Kråkevik. Tekst: Hilde Myklebust. Musikk: Goss ten Napel Pris: Kr 295,- Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa Fredag 29. april kl. 20.00 KULTURHUSET I SULDAL KONSERTKVELD MED TØNES OG VALKYRIEN ALLSTARS Høve til å kjøpe mat og drikke Konsert Pris: Kr. 250 Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa Tysdag 24. mai 150-årsdag for Rasmus Løland. Avduking av monument av Gunnar Janson. Dramaturg ved Det Norske Teatret Ola E. Bø framfører minnetalen over Rasmus Løland som Arne Garborg heldt på Sand i 1913. Komponist Alfred Janson, son av bilethoggaren, framfører utvalde stykke. Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa Tysdag 31. mai kl. 18.00 NESASJØHUSET OM RASMUS LØLAND Reisande på tur langs Diktarvegen frå Jæren til Sunnfjord kjem til Sand. Ernst Berge Drange med føredrag om Rasmus Løland. Anne Elisebeth Skogen med forteljarførestilling. Bill.: Kr 50,- Arr.: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa, Ryfylkemuseet, Diktarvegen, Folkeakademiet i Suldal RASMUS LØLAND- MARKERINGA 2007-2011 8 9

Om hemmelege hagar, mose, blåbær og kråker 169x122 kursannonse:layout 1 07-03-11 17:00 Side 1 Alle bidragsytarane i festskriftet Draum og tullskap fortel ei historie med utgangspunkt i Rasmus Løland. Og det er nettopp dét dei har til felles dei liker å fortelje historier. Akkurat som Rasmus Løland. Visjonen for Draum og tullskap Festskrift for Rasmus Løland 150 år var å inspirere vaksne formidlarar i barnehage og skule. Alle som jobbar med unge kan bli inspirerte av denne boka, slår prosjektleiar Einar Schibevaag fast. Festskriftet blir lansert 28. april. Eg er veldig nøgd. Det blei eit festskrift med god spennvidde i bidragsytarane, og det har også god fagleg forankring, seier Schibevaag. Boka opnar med ei helsing frå kulturminister Anniken Huitfeldt. Ho peikar på at Rasmus Løland var ein pioner når det gjaldt å ta barna på alvor. Eg er overtydd om at gode formidlingsopplevingar kan medverke til at unge får lyst til å utforske litteraturen vidare på eiga hand, slår kulturministeren fast. SONG BØKER TEATER SPRÅK TEKNOLOGI LEIK NYNORSK Er din barnehage oppteken av å formidle den lokale og den nynorske kulturen? Eit Pirion-kurs kan vere ei god inspirasjonskjelde og setje fart i kultur - arbeidet i barnehagen. Eit Pirion-kurs kan vere halvdags eller heildags, for barnehagen åleine eller saman med andre på ein planleggingsdag. Kontakt oss for meir informasjon i dag! pirion@norsk-plan.no 52 79 04 82 www.pirion.no PiRion kulturavis for barnehagar og skular Ill.: Helena Ohlsson Pirionkurs! Om leseglede Nettopp dette har Anita Svendheim frå Suldal funne ut. Når ein først veit kva leseglede er, vil det ikkje gå vekk utan vidare uansett kor hardt ein prøver. Difor er eg evig takknemleg for at familien prakka dette på meg som ung, slik at eg ikkje må føye inn lesetrening også i den lange rekka av skulearbeid, skriv skuleeleven i sitt bidrag i festskriftet. Songar og skodespelar Herborg Kråkevik er også overtydd om at det er viktig å lese for og med barna sine. Når me tek oss tid til å lesa samen, og finn noko som er spennande både for vaksne og barn, til dømes ei vaksenbok som fortel noko barn kan forstå på sin måte og vaksne på vår måte, skjer det noko eg synest er givande: Barnet og den vaksne kan fortelja kvarandre om kva dei opplever ved å lesa boka, og det kan utvida opplevinga for begge to, seier ho i festskriftet. Viss det skulle veksa opp ein heil generasjon ulesande menneske, så trur eg me misser ein viktig og grunnleggjande verdi i samfunnet vårt: Nemleg evna til å forstå andre menneske og kulturar, held Kråkevik fram. Om å skrive for unge Forfattarane som bidreg med tekst til festskriftet har prøvd å finne ut kvifor dei skriv for unge og kva god barnelitteratur er. Å skriva bøker for eit ungt publikum, er for meg eit viktig arbeid.det er ikkje noko eg gjer fordi forlaget ber meg om det, eller for å tena pengar. Eg gjer det fordi eg elskar det, og fordi eg veit kva dører bøker kan opna i eit ungt sinn. Eg erfarte det i eigen oppvekst, fortel Ingelin Røssland. Så kva er no denne gode barneboka? Mange har sagt mykje godt om dette, og eg har snappa med meg eitt og anna opp gjennom tidene som eg kan vere samd i. Eg ventar sjølvsagt at forfattaren har same høge kunstnarlege ambisjonar om dei skriv for barn eller vaksne, meiner Eivor Vindenes. Forfattarane, som sjølve skriv for barn og unge, er også opptekne av korleis barne- og ungdomslitteraturen blir behandla i den litterære verda. Det provoserer meg at barne- og ungdomslitteraturen blir så stemoderleg behandla i den litterære offentlegheita, konstaterer Aina Basso. Ho får støtte frå Arnt Birkedal: Ja, slik har eg sett for meg barne- og ungdomslitteraturen, den gode; som ein hemmeleg nynorsk hage. Hemmeleg, dessverre, for folk flest og for Dagbladet. Om andre ting enn ugler i mosen Birkedal fekk ansvaret for å modernisere og omskrive tre av Rasmus Løland sine bøker i 2007. Å oppdage Rasmus Løland er mi største litterære aha oppleving sidan eg var ung og svolten på ny norsk litteratur og oppdaga Vold, Nyquist, Gunnar Lunde, Eldrid Lunden, Dag Solstad, Einar Økland og dei, seier han heilfrelst. Viss det er sant, som eg trur det er, at Løland er far til moderne norsk barne og ungdomslitteratur, er det fordi han skreiv utifrå ein alltid like levande barndom inni seg. Ein barndom me, ungane, kan kjenna oss att i, dikta oss inn i, der me kan la oss riva med, held han fram. Far og son Edmund og Jarl Austigard, som har skrive Jakta på Bjednekniven saman, skriv og fabulerer rundt mosen, som Løland også var oppteken av: Når Løland gøymer manus i dei same urane, veit han at dei vil forsvinne for det blotte auge, men også at dei blir tatt vare på. Gøymde og gløymde. Men dei finst. Manuskripta vil overleve Hundrad Aar og hundre til. Og alt som trengst for å halde liv i dei, er ei god segn. Som til dømes at Rasmus gøymde manus her mellom stein og moseflak. Mosen kan vere ein ven. Åshild Vetrhus, frilansmusikar, komponist og pedagog, skriv om folkemusikk i festskriftet: Folkesongen er som skreddarsydd for born. Etter mitt syn er det fordi folkemusikken kommuniserer på mange nivå, men han er alltid nær og ærleg i uttrykket, og han gir rom for kvar einskild sin eigen påverknad og historie. Om å vere rett på sak Festskriftet blir avslutta av bokmeldar og universitetslektor Petra J. Helgesen, som samanliknar forfattarane Rasmus Løland og Maria Parr. Sjølv om forteljarstemmene er enkle og naive, undervurderer dei ikkje lesaren sin på noko vis. Eg vil heller kalle stilen rett-på-sak, seier Helgesen. Ho seier vidare at ein klar fellesnemnar for dei to forfattarane er det miljøet ungane i bøkene deira veks opp i, både når det gjeld kva type miljø vi møter og den rollen bygda og naturen speler i ungane sitt liv. Petra J. Helgesen peikar også på at både Løland og Parr ikkje skriv på eit vakse og dømmande vis, men at dei er på lag med barna. Midt inne i alt det nålevande skrivekyndige menneske skriv i festskriftet får vi den spennande historia til Løland om Nils som gjekk til skogs. Helena Ohlsson har illustrert historiene i det rundt 100 sider lange festskriftet. Illustrasjonane hennar er fargeglade og barnlege og står godt til innhaldet i tekstane. Journalist Håvard Kleppa er redaktør for festskriftet og forfattar, førsteamanuensis i norsk og formann i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere Per Olav Kaldestad er fagleg konsulent. Dei 11 tekstane i Draum og tullskap står godt både åleine og saman, og nettopp denne antologi sjangeren gjer boka så lett å lese og bruke. Elin Moen Karlsen Enorm styrke i det å fortelje historier Journalist Håvard Kleppa frå Hjelmeland var aldri i tvil om at han skulle ta jobben som redaktør for festskriftet Draum og tullskap. Sjølv har han alltid vore glad i å fortelje historier. Det å lese og fortelje historier har ein enorm styrke. Spesielt i ei tid som nå med mange visuelle inntrykk, seier Kleppa. Derfor er ei bok om leseglede viktig, seier han. Sjølv hadde han lese lite av Rasmus Løland då han tok redaktørjobben, men har latt seg begeistra av forfattaren frå nabokommunen Suldal. Eg likar så godt at han er så ærleg. Han er ikkje redd for å stille spørsmål med vedtatte sanningar. Han kler av nokre av dei halvskumle og pinlege tinga som ungar ikkje skulle høyra om, seier Håvard Kleppa. Han skryt av illustrasjonane i festskriftet, som Helena Ohlsson har teikna. Illustrasjonane er kjempefine. Dei har eit enkelt uttrykk. Ho har fanga anda i Løland si dikting med naturen som raud tråd, slår festskrift-redaktøren fast. Han liker også godt det Herborg Kråkevik skriv i festskriftet om å formidle såkalla vaksenlitteratur til barn. Ho fortel at ho ikkje har vekse opp med typiske barnebøker sjølv og at ho les Karen Blixen for si sju år gamle dotter. Eg trur det er viktig å fortelje og lese historier for Ill.: Helena Ohlsson Foto: Privat barna som dei ikkje heilt forstår, slik at dei har noko å strekkje seg etter, seier Kleppa. Sjølv er han glad i å fortelje historier. Det nyter barn av vener og familie godt av. Har han sjølv som historieforteljar blitt inspirert av å lese tekstane i festskriftet? Ja, historiene frå dei ulike forfattarane er kjempefine. Dei handlar om kor viktig det er å fortelje historier, kor mykje det betyr, sluttar Håvard Kleppa, som til vanleg jobbar som kommunikasjonsrådgjevar ved Oslosenteret for fred og menneskerettar. Elin Moen Karlsen 10 11

Kva har skjedd på desse fem åra med Løland markering? Kva blir igjen når markeringa tar slutt? Ikkje bare lokalt prosjekt På Asker Museum hadde dei ei stor markering i oktober 2007. Markeringa gjekk over fleire dagar rundt dødsdagen til Rasmus Løland. Det var nemleg i tunet her Løland levde sine siste dagar. Barneteaterstykket Betre utan ball, som først gjekk på Det Norske Teatret i Oslo, var på besøk i Suldal under opninga av Løland-markeringa i mai 2007. Teaterstykket blei til etter ei tevling Suldal kommune og Det Norske Teatret skipa til hausten 2006. Stiftinga Rasmus Løland-markeringa har også hatt fleire skrivetevlingar. Målet har vore å skape leselyst og skriveglede. Våren 2007 gjennomførte stiftinga ei skrivetevling for elevar i 9. trinn i Ryfylke, Vindafjord og Etne. Anita Svendheim og Bård Drange frå Suldal vann denne tevlinga. Nettstaden Forfattarnett vart lansert på Det Norske Teatret 9. oktober 2007 i samband med hovudmarkeringa i Asker. Samlaget har også kome med nyutgjevingar av Rasmus Løland sine bøker i samband med prosjektet. Kvitebjørnen som biletbok, illustrert av Åshild Irgens Bruk eigen kultur Det er den klare oppmodinga frå Einar Schibevaag som var initiativtakar til Løland-prosjektet. Min visjon for prosjektet er at det skal auke statusen for barne- og ungdomskultur med utgangspunkt i lokale tradisjonar, seier han. Løland var ein pioner innan dette feltet, men blir som ein parantes å rekne i forhold til hovudmålet til prosjektet. Tilfeldigvis var han frå Suldal, og det valde vi å bruke for alt det var verdt, slår Schibevaag fast. Vi kunne trekke vekslar på ideane hans, men likevel sjå framover, legg han til. Dei vaksne må sjå på kva dei har rundt dørene når dei driv med formidling til barn og unge, meiner han. Før var det vanleg at i alle fall dei som vaks opp på bygda hadde kunnskap om dyra på og rundt garden. Slik er det ikkje nå. Vi må vidareføre den stadeigne kulturen til nye generasjonar. Viss vi ikkje er bevisste på det lokalt, så vil det forsvinne, seier initiativtakaren. og språkleg gjennomarbeidd av Arnt Birkedal, Gutar og Kor vart det av jula, illustrert av Espen Friberg og gjennomarbeidd av Birkedal. Rasmus Løland-markeringa har også vore ei viktig brikke i arbeidet med Diktarvegen. Diktarvegen er eit prosjekt som går langs Riksveg 13 gjennom Jæren, Ryfylke, Hardanger, Voss og til Sogn i Sunnfjord. På vegen treff du på fem forfattarar; Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jakob Sande. I samband med diktarvegprosjektet er det i venterommet på Ropeid laga til eit lite bibliotek, kor lesarane sjølve bidrar med bøker. Ved bruk av metodar som forteljing, innovasjon, utstilling, filosofi, film og lesing skal elevar lære meir om sitt eige lokalsamfunn. Eit av hovudmåla til det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen er å gjera elevane stolte av heimstaden sin. Elevar frå fem fylke deltek i prosjektet som starta i 2008 og vert avslutta i 2012. Opplegget vert no tilbydd alle skular i landet. Elin Moen Karlsen Utviklinga av nye kulturelle talent frå Ryfylke ser han også på som ein viktig del av Løland-prosjektet. Anita Svendheim er eit godt døme på dette. Eg ønskjer at det planlagde Løland-senteret skal bli ein inspirasjonsarena for å få fram nye talent frå Ryfylke, seier Einar Schibevaag til slutt. Foto: Annelise Norheim Elin Moen Karlsen RASMUS LØLAND-STIPENDET Dåverande fylkesordførar Roald Bergsaker var pådrivar for at Rogaland fylkeskommune oppretta dette stipendet i 2007. Stipendet er på 100.000 kroner og blir gitt til nye, norske forfattarar som skriv for barn og ungdom. Prisvinnarar: Finn Øglænd (2007), Arnt Birkedal (2008), Jon Ewo (2009), Maria Parr (2010) og Bjørn Ingvaldsen (2011). RASMUS LØLAND- BIOGRAFIEN Lokalhistorikar og bygdebokskrivar Ernst Berge Drange ved Ryfylkemuseet fekk i oppdrag å skrive biografien som blei lansert under den offisielle opninga av Rasmus Løland-markeringa i mai 2007. Utgangspunktet for biografien Rasmus Løland: Barnebokpioneren frå Ryfylke var dagboknotat på fleire tusen sider. KULTURSKULEN I SULDAL Forfattaren Rune Belsvik gjorde Rasmus Løland sine bøker Kor vart det av jola?, Mannen som skulle stelle heime, Det store nashornet og Kvitebjørnen om til ei forestilling, Kor vart det av jula? som kulturskulen i Suldal sette opp i byrjinga av juni 2007. Kulturskuleelevane frå Suldal viste også forestillinga for deltakarane på Dei Nynorske Festspela i Volda og for 1000 elevar frå Stavanger, Randaberg og Sola i Stavanger Konserthus seinare same året. Manuset til forestillinga blei gjort tilgjengeleg for alle kulturskulane i Noreg. LITTERATURFERJA SAND 24. mai 2007, på bursdagen til Rasmus Løland, døypte dåverande kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa den nye ferja Sand på Sand i Suldal. Den såkalla litteraturferja ber sterkt preg av forfattaren Løland. Dei to salongane på ferja heiter Kvitebjørn og Nashornet, bildekket er krydra med Løland-sitat og nashornet heng i skorsteinen og på nokre av dørene. JAKTA PÅ BJEDNEKNIVEN Forfattar Edmund Austigard frå Årdal i Hjelmeland kommune blei beden om å skrive ein barnebiografi om Rasmus Løland. Edmund meinte det var heilt naudsynt å ha med faren, Jarl Austigard, på dette sidan det var han som introduserte forfattaren for Løland. Far og son enda opp med å forkaste barnebiografitanken og skreiv i staden ein roman som er tufta på ei historie om ein forsvunnen kniv. Jakta på Bjednekniven blei lansert på dødsdagen til Rasmus Løland, 10. oktober, 2009, 102 år etter at suldalsforfattaren døydde. LØLAND-SENTERET Målet var at Løland-senteret, Senter for nynorsk barnekultur- og litteratur, skulle stå ferdig til 150-årsdagen til Rasmus Løland i mai i år. Mange har jobba iherdig for å få fullføre desse planane, mellom anna har Suldal-ordførar Torkel Myklebust vore i Oslo og drive med lobbyverksemd, men pengane til prosjektet er ennå ikkje blitt løyvde frå staten si side. Løland-senteret har ei kostnadsramme på 16 millionar kroner, og senteret skal etter planen vere knytt til Ryfylkemuseet på Sand. KVITEBJØRNEN, UNDRING OG LÆRING Hausten 2008 blei eit femårig pedagogisk prosjekt sett i gong. Skular med elevar frå 6. 10. trinn var inviterte til å vera med på pilotprosjektet. Undrande og skapande er stikkord for prosjektet, som er tverrfagleg. Å læra å forstå sitt eige lokalsamfunn og dei kvalitetane som finst der, å gjera elevane stolte av staden dei kjem frå og la dei aktivt kunne ta del i og påverka utviklinga vidare, er ein raud tråd i satsinga. Undervisningsopplegget er bygd opp i tråd med Kunnskapsløftet, og sentrale arbeidsmåtar er lesing, forteljing, drama, film, innovasjon og filosofi. Vil at Løland skal leve vidare Tidlegare prosjektleiar Marny Skeie Henkel, som leia prosjektet frå oppstarten og fram til jul i fjor, har eit klart ønskje for Løland-markeringa. Viss prosjektet lever vidare gjennom Ryfylkemuseet, viss fokuset på barn og unge, nynorsk litteratur og kultur held fram, då er eg nøgd, slår Skeie Henkel fast. Det var Einar Schibevaag som tok initiativ til prosjektet og laga sjølve forprosjektet og hanka inn størstedelen av prosjektmidlane. Hadde det ikkje vore for Einar hadde det aldri blitt noko av dette prosjektet. Han har gjort ein fantastisk jobb, konstaterer Skeie Henkel. Ho peikar også på innsatsen til tidlegare fylkesordførar i Rogaland, Roald Bergsaker. Når ho først byrjar å nemne personar som har betydd mykje for Rasmus Løland-markeringa er det vanskeleg å stoppe. Eit aktivt og velfungerande styre, lokalhistorikar Ernst Berge Drange, dagleg leiar på lakseslottet Lindum, Kristin D. Høyvik, forteljar Anne Elisebeth Skogen, forfattarane Arnt Birkedal og Maria Parr, som begge har fått Løland-stipendet frå Rogaland fylkeskommune, forfattar Olaug Nilssen, skodespelar Kjersti Botn Sandal. Dei har alle vore gode samarbeidspartnarar og ambassadørar for Løland, slår Skeie Henkel fast. Familien Løland har også vore fantastiske. Dei har opna dørene og tatt imot oss, held ho fram. Forprosjektet gjekk ut frå at det fem år lange prosjektet skulle ha ein prislapp på 10 millionar kroner. Dette talet har nærma seg 12. Det er mange som har vore med og finansiert Rasmus Lølandmarkeringa. Suldal kommune har gitt to millionar kroner, Rogaland fylkeskommune har gitt ein million kroner Leiar prosjektet til slutt Berit Reinertsen Sandvik skal leie Rasmus Lølandmarkeringa gjennom avslutningsåret 2011. Eg skal sørgje for at det Marny, Einar og andre har planlagt i det siste året blir gjennomført, seier Reinertsen Sandvik. Hennar første kontakt med Rasmus Løland fekk ho under oppstarten av prosjektet då ho var involvert i ei lokal Løland-nemnd i regi av reiselivslaget i Suldal. Eg hadde ikkje høyrt om Løland før, og har i løpet av åra prosjektet har vart blitt kjend med han som forfattar, fortel ho. Det er eit spennande prosjekt, som har skapt mykje aktivitet lokalt. Eg trur ikkje vi er heilt klare over aktiviteten som har blitt skapt andre stader som ei følgje av prosjektet, held ho fram. Berit Reinertsen Sandvik har travle Løland-dagar for tida. Først er det årsmøtet til Noregs Mållag på Sand som står for tur, så er det opning av Kvitebjørnen-utstilling på Ryfylkemuseet, landstinget til LNK (Landssamanslutninga av nynorskkomunar) med til sjølve prosjektet og ein million til Kvitebjørnen, kulturdepartementet og utdanningsdirektoratet har bidratt med midlar og Ryfylkefondet har løyvd ein million kroner. Vi har fått over tre millionar kroner frå næringslivet både lokalt og sentralt. Elles har det vore ein del midlar her og der, fortel den tidlegare prosjektleiaren. Rasmus Løland-markeringa er eit prosjekt som har hatt god råd, på grunn av alle midlane som var hanka inn på førehand. Det gjorde at eg kunne bruke kreftene på å gjennomføre prosjektet i staden for å prøve å få tak i pengar, legg ho til. Ho jobbar framleis litt med prosjektet i avslutningsåret. Det har vore eit eventyr å få leie Løland prosjektet. Eg hadde aldri trudd eg skulle få vere med på ein så spennande jobb, sluttar Marny Skeie Henkel, som nå jobbar som rektor ved vaksenopplæringa i heimkommunen Odda. Foto: Jan Nordtveit Elin Moen Karlsen festframsyning for Løland-markeringa og så er det fødselsdagen til Rasmus Løland 24. mai. Ho er også med og planlegg avslutningsmarkeringa for prosjektet, som etter planen skal vere i Oslo i løpet av hausten. Foto: Elin Moen Karlsen 12 13

Fann kjærasten til Løland Kristine Aarthun Fødd i Wisconsin, USA i 1861. Ho flytta til Hellandsbygd i Sauda som barn. Heftet Lowell Lykken har laga om Kristine. Lykken har òg omsett romanen Hans og Margreta til engelsk ved hjelp av Google Translate. Var kjærast med Rasmus Løland. Gifta seg med jærbuen Sven Olson og flytta med mann og eitt barn til Nord Dakota. Der levde dei to i lag og fekk etter kvart fem barn til. I 1921, 60 år gammal, fekk Kristine, eller Christiana Olson som ho no heitte, ein hjartesjukdom og døydde. LNK.no framtida.no magasinett.no pirion.no diktarvegen.no Kjærleikslivet til Rasmus Løland var kort og fekk eit trist utfall. Men den eine kjærasten han hadde finst det framleis spor etter. Slik byrjar soga: Rasmus Løland sin første kjærleik heitte Kristine. Kristine var tenestejente heime hjå Løland, og forholdet dei i mellom tok til hausten 1881, kort tid etter at Kristine kom til gards. Men ein tidleg vårdag i 1882 sendte den 21 år gamle Løland Kristine vekk. Han var sjuk og meinte dette forholdet ikkje kunne gå. Kort tid etter gifta Kristine seg med ein annan og flytta til Nord-Dakota i USA. Det blei den einaste kjærasten Løland nokon gong hadde. Historia kjem fram i biografien Rasmus Løland, barnebokpioneren frå Ryfylke, som Ernst Berge Drange, bygdebokskrivar på Ryfylkemuseet, gav ut i 2007. Til Amerika Eit hendeleg samantreff ville det slik at ein kollega til Ernst Berge Drange også fatta interesse for historia om denne Kristine. Tone Alise Årtun er prosjektmedarbeidar ved museet, og ho ønskte å finne ut meir om denne eine kjærasten Løland hadde i livet. Årtun er sjølv i slekt med Kristine langt, langt tilbake. Vi visste at Kristine var fødd i USA, men oppvaksen i Hellandsbygd. Ho flytta tilbake til USA som vaksen, og vi visste at ho budde i Nord-Dakota i 1900, seier Ernst. Tone hadde ein slektning i USA, Lowell Lykken, som no byrja nøste i historia. Granskar Ein fann bilde av Kristine og etterkommarar etter ho, folk som ikkje kjende til historia om Kristine og Rasmus Løland. Men Lowell Lykken fekk samla så pass mykje om Kristine, bakgrunnen hennar og livet hennar, at han til slutt fekk laga eit eige engelskspråkleg hefte om ho. Kristine Olson saman med ektemannen Sven Olson og barna Gustava, Thurvold, Chris, Gustav og Clara. Bildet er frå 1895 og Kristine er 34 år gammal. Etterkommarane til Kristine har skildra Kristine som ei livlig og munter kvinne. «Talkative» skriv Lowell Lykken om ho, seier Tone Årtun. Og det var kanskje noko av grunnen til at forholdet mellom ho og Rasmus Løland vart som det vart, seier biografen Ernst Berge Drange. Kristine var truleg glad og sosial, og det gjorde nok godt på Rasmus Løland. Men samstundes var han ein type som heller ville vere heime der ho ville vere ute blant folk. Slik kan det bli konfliktar av. Første romanen Kristine kom dessutan inn i livet til Løland i den perioden kor han var mest plaga av angst og uro, seier Drange. Etter at forholdet tok slutt, byrja Løland å skrive av seg det som hadde skjedd. Historia om Løland sin tapte kjærleik danna såleis grunnlaget for historia om Hans og Margreta som kom ut i 1888, ein roman han etter kvart fekk stor merksemd for. Det er ingen tvil om at denne boka handlar om dei to, seier Drange. Men i Hans og Margreta blir Kristine skildra svært ufordelaktig. Det same gjeld den mannen Margreta gifter seg med i romanen, som då må vere Sven Olson. Dette er nok Løland si omskriving av røynda, meiner han. Noko godt kom likevel ut av den heller triste slutten på den einaste romansen i Løland sitt liv. Romanen Hans og Margreta fekk gode kritikkar. Kritikar og teatersjef Irgens Hansen i Bergen seier om romanen at Løland grip det menneskelege sikkert og klart. Denne forfattaren må ha mykje meir å fortelje, konkluderte han. Lowell Lykken og kona har engasjert seg i historia om Kristine Aarthun. (Foto: Norwegian Weekly ) Tone Alise Årtun sin tippoldefar og Kristine sin far var brør. Tone jobbar saman med bygdebokskrivar Ernst Berge Drange på Ryfylkemuseet og kom i kontakt med Kristine si historie der. (Foto: ) 14 15

Laura Seltveit har hjarta for nynorsk, levande lokalsamfunn og solidaritet Ei tid for alt Laura Seltveit (61) Aktuell: Styremedlem i Rasmus Løland-markeringa og i LNK. Ordførar og Appolitikar i Sauda sidan 2005. Til hausten gir ho seg som ordførar, men satsar på eit politisk liv i kommunestyret. J a ja, eg har åtvara om at hytta er iskald. Eg skulle sikkert hatt eit par dagar til å fyre opp og lese Rasmus Løland før de kom, seier Saudaordførar Laura Seltveit og ler før ho trekkjer jakka tettare rundt seg og viser veg opp til familiehytta i Kvaløy. Medan resten av Kvaløy ligg bada i sol har me funne ein skugge. Med den mektige Storøynuten på venstre sida ligg hytta som ein einsleg majestet midt i skogen. Dette er heimplassen til Seltveit. Eg voks opp i Kvaløy, heilt i sjøkanten, her høyrde me på bølgjeskvulp, og merka godt hauststormane. Heile syskenflokken på fem fekk tidleg lære oss å vera med på sjøen med lakse- og makrellnøter og elles i arbeid på garden. Me var i lag om det meste, noko eg trur har ført til at me alltid har halde mykje saman. For seks år sidan bygde familien hytta på heimegarden. Her samlar Laura familie og venner, frå aust og vest, nord og sør, som ho seier sjølv. Når eg kjem på sjøen i båt og kan nyte badelivet når veret tillet det, ja, då lengtar iallefall ikkje eg til sydlegare strender. Men det er ikkje sol og sjø som er førsteinntrykket i Kvaløy denne dagen. Me har ikkje vore her sidan oktober, hytta er så godt som vinterstengd, seier Laura medan ho flytter vekk dei store hagemøblane som stenger for inngangsdøra. Ho er på farten, også i dag. Etter å ha levert ektemannen på bussen til ski-vm skal ho snart delta på ei beredskapsøving i Sauda. Ap-politikaren har vore ordførar i Sauda sidan 2005, men no er det slutt. Til hausten er ho ikkje lenger ordførar-kandidat, men satsar på eit liv som kommunestyrerepresentant. Eg står på andreplass på lista, så eg reknar vel med å kome inn. Heilt gir eg meg ikkje i politikken. Men det er ei tid for alt, eg hadde vore 65 år i slutten av neste periode. Det er på tide å sleppe yngre folk til. Sjølv går ho attende til jobb i NAV, helst ynskjer ho seg inn i NAV forvaltning. Ein utskjelt jobb? I store omorganiseringar som NAV har vore gjennom, vil det alltid koma fram ein del frustrasjon både hjå brukarar og tilsette. Så er det også slik at media skriv helst om noko som ikkje fungerer optimalt, eg skulle ynskje det kunne koma fram litt av solskinnshistoriene, for dei er det også mange av. Eg gler meg til å treffa igjen og jobba i lag med mange fagleg dyktige medarbeidarar som har all grunn til å vera stolte av arbeidet sitt. Me skal hugse på at NAV, som navnet seier, er sjølve navet i velferda i Noreg. Hytta er akkurat så heimekoseleg som ein skulle tru når ein blir invitert heim til sosialdemokraten, bestemora og eldsjela Laura Seltveit. På kjøkkenbordet står vinglasa klare til bruk, og på kjøkkenbenken ligg CD-samlinga som spenner frå Lasse Stefanz til Abba og Vamp. Laura har sett seg godt til rette i ein av dei knallraude stolane medan fotografen dirigerer. Kanskje eg skulle ha henta ned gyngestolen eg har oppe? Den fekk eg på ein tur til vennskapsbyen vår San Juan del Sur i Nicaragua. Solidaritet og fordeling av ressursar er noko Saudaordføraren brenn for. Og drøymer om. Min draum håpar eg skal bli verkeleg ein dag, og det er at ressursane i verda skal bli delte meir rettferdig, og at me skal få meir rettferdig handel. Dette engasjerer meg. Sauda vart landets første Fairtrade-kommune i 2006, i dag er det omlag 25 kommunar som arbeider for at også fleire skal bli Fairtradekommunar. Ved å nytte Fairtradeprodukt, vil småbønder og arbeidarar i sør, få ein pris for varene som gjer at dei får vekst og utvikling. Det er rett og slett rettferdig, seier Laura. Landbruket her heime er også ein av kampsakene til Ap-politikaren. Eg skal få vera delegat på landsmøtet i Arbeidarpartiet, der ynskjer eg å snakke om landsbrukspolitikk, sjølv om eg kjem frå ein industrikommune og industri er svært viktig. Mat må òg alle ha, om 50 år er det 9 milliardar på denne kloden som skal dele matfatet og Noreg er sjølforsynt med under 50% i dag. Ein må klare å stimulere til at den næringa også klarer seg, og så må ein hugse på at bonden også er turistnæringa sin beste ven. I dag er ho også styremedlem både i Rasmus Løland-markeringa og i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Du lurer på om eg kjenner til litteraturen til Rasmus Løland. Me hadde ein del av hans litteratur på skulen, det var utrulege skildringar der naturen var viktig. Eg har dessutan lese biografien der Ernst Berge Drange har levandegjort han på ein framifrå måte, seier ho og viser til at markeringa har betydd mykje for heile regionen, sjølv om det mest av alt har vore viktig for Suldal. Det viktigaste er at ein no får på plass det planlagde Lølandsenteret på Sand, eit senter eg håpar kan bli eit kompetansesenter for nynorsk barne- og ungdomskultur. Det har eg god tru på, men ein må kanskje ha fleire venner enn ein har klart til no. Ein treng påtrykk for å få pengar over statsbudsjettet. Eg vil gjerne vere ein av dei som frontar den saka. Er du god til å knyte nettverk? Eg har lyst til å seie ja, men dette er det sikkert delte meiningar om. Eg likar iallefall å treffe folk, og er heldig som er i ein slik posisjon at eg får lov til det, både lokalt og regionalt. Nynorsk er det naturlege valet for meg, det er eit flott skriftspråk og det som liknar mest det eg snakkar. Eg er likevel ikkje einig med dei som meiner at folk som aldri har lært nynorsk, skal gå over til å skrive det i godt vaksen alder. Det er svært sjeldan det blir eit godt resultat. Men god og positiv opplæring vil vera nyttig for mange som arbeider i kommunar og andre offentlege etatar. Sauda er ein språknøytral kommune. Noko av forklaringa ligg truleg i historia om kommunen innerst i fjorden som har vore ein smeltedigel der tilflyttarar kom med mange ulike dialektar som smelta saman. Gunnskulane har nynorsk, men altfor mange elevar, etter mitt syn, går over til bokmål når dei kjem på vidaregåande. Eg trur det er for lite fokus på samanhengen mellom språket og identiteten vår. Det er nok ein jobb å gjere, først og fremst i barnehagar og skulen, då vil det etterkvart bli meir naturleg å fortsetje med det. Kva kan LNK gjere for å styrke nynorsken i kommunane? Landssamanslutninga har eit mangfald av aktivitetar og tilbod som kan føre til ei styrking av nynorsken i kommunar og andre offentlege organ. LNK er òg ofte kommunane sitt felles talerøyr inn mot sentrale myndigheiter. Kvardagen er travel for ein ordførar. Det veit også fylkesordførar Tom Tvedt. Kanskje det er difor han no har delt ut ein skrittteljar til kvar av ordførarane i Rogaland. No må eg berre kome i gang og prioritere å gå tur. Viss eg klarer å gå til jobb 2 3 dagar i veka skal eg vere godt nøgd. Mål har iallefall ordføraren sett seg. Eg håpar eg skal klare å vera på Hovlandsnuten når deltakarane på motbakkeløpet Hovlandsnuten opp kjem i mål 910 meter over havet. Det er tredje gongen det skal arrangerast nå og andre gong det er ein del av Norgescupen. Og det hadde vore ekstra kjekt å vere med der siste året i ordførar-karrieren. Kva med andre hobbyar? Eg har ikkje ein spesiell hobby som overgår anna og som eg ikkje klarer meg utan, men likar blanding av litt av kvart. Det blir litt strikking, må vera av slik storleik at eg blir ferdig, les litt, helst ikkje krim, men mykje anna. Eg likar også å bruke tid på familien. Tida rekk ikkje til så mykje anna nå. Då eg var i tidleg ungdom drøymde eg om å bli journalist, det gjekk litt fort over. Men eg har heilt frå 13 14 års alder vore interessert i politikk og samfunn. Me har flytta oss ut på terrassen og ser på det nyaste byggverket på tomta. Ei leikehytte som barnebarna er arkitektar for. Oi, her ligg det eit afrikansk dyr som har overvintra, seier Laura og ler. Ho blir straks meir alvorleg når me snakkar om Sauda sine utfordringar framover, eller moglegheiter som ho heller vil kalle det. "Men me må aldri gløyma det å vera oss sjølve, vera stolte av lokalsamfunnet me tilbyr dei som kjem, ta vare på identiteten og verdiane våre." Sauda har eit potensiale i å utvikle seg enda meir innan reiseliv og turisme på heilårsbasis. Me bør tileigna oss meir kunnskap og kompetanse, enten via kurs eller høgskulestudium, gjerne til høgskule via vår vidaregåande skule. Det er ulike vegar å gå for å bli enda meir profesjonelle. Men me må aldri gløyma det å vera oss sjølve, vera stolte av lokalsamfunnet me tilbyr dei som kjem, ta vare på identiteten og verdiane våre. Me bør og ha gode moglegheiter til å vera ein stad for såkalla avstandsuavhengige arbeidsplassar der ein nyttar breiband og IT som verktøy, dette er kompetansearbeidsplassar som vil kunne vera med og tilby ein enda meir variert arbeidsmarknad for dei som har lyst å koma attende etter utdanning. Laura kan snakke seg varm om veg frå Sauda til Etne, styrking av rv13, Haukelibanen og om å bygge levande lokalsamfunn. Men kven har du som førebilete? I verdsmålestokk må den største vera Nelson Mandela, ingen i historia overgår han som etter 27 år i fengsel kom ut og leia folket og landet til fridom og til å få slutt på apartheidregimet. Ein annan stor statsmann var Gandhi, han skreiv ein gong. Verden har nok til alle, men ikke til alles grådighet det er noko me som bur i den beste delen av verda, i kanskje det beste landet og vår region er truleg den beste regionen igjen, bør ha med oss. Når det gjeld meir lokalt vil eg seie alle dei som driv på i år etter år med frivillig arbeid utan ei krone i løn, men som gjer det av glede og trivsel for andre og forhåpentlegvis seg sjølve, dei er limet i samfunnet. Judith Sørhus Litlehamar Foto: Jan Nordtveit 16 17

Dei er unge suldøler på full fart inn i framtida. Kva har Rasmus Løland betydd for dei? Nynorsksenteret Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa 85 prosent av unge under 26 år meiner skulen må få ei sterkare rolle i å førebu unge veljarar til å vera med i folkevald arbeid.* I Løland sitt univers Bård Drange (19) var involvert i Lølandmarkeringa frå oppstarten av. Løland-markeringa har gitt han rom for utforsking og utfalding. Perifer Erik Nerheim (24) har ikkje det næraste forholdet til Løland, men synest det er bra at ein markerer verdiane til Løland, og ikkje sjølve mannen. I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot personar under 26 år. Målet er å auka det politiske engasjement blant unge og stimulera til å få fleire unge med i folkevald arbeid og ved valurnene. Sjå garborg.no og magasinett.no * Nasjonal kartlegging av unge under 26 år Fortel litt om deg sjølv, Bård. Eg er oppvaksen på Sand, går for tida på United World College USA. United World College USA er ein internasjonal skule med kring 200 elevar frå 80 land som tilbyr eit unikt tilbod beståande av engasjerte og lidenskapelege ungdommar, og er ein stad for å utfordra, utforska og læra om seg sjølv, andre og verda ikring. Heime på Sand gjekk det mykje tid i volleyball, fotball og teater, noko som også har vore ein viktig del av livet mitt her i USA. No når våren kjem, nærmar det seg eksamenstid, noko som ikkje berre betyr førebuing til eksamenar, men som også inneber mykje tid til å gå på tur og nyta våren og staden før eg reiser for godt i slutten av mai. Til hausten skal eg sannsynlegvis byrja på universitet i anten Tyskland eller USA, og ser fram til ein ny stad med nye moglegheiter. Kva har Rasmus Løland-markeringa betydd for deg? Rasmus Løland-markeringa har både gjeve meg ein sjanse til å lesa og gleda meg over litteraturen hans, og ein sjanse til å utforska forfattaren mykje nærare enn eg har gjort med nokon annan forfattar. Gjennom skodespel, bøker og presentasjonar i samband med markeringa har eg lært Rasmus Løland litt å kjenna, og har difor fått ei heilt anna forståing av litteraturen hans. Dette har vore ei svært interessant reise i eit fascinerande menneskesinn. Markeringa har også gjeve meg ein sjanse til å utfolda meg på scena og gjennom det skrivne ord. Kanskje mest av alt har det gjeve meg eit nytt perspektiv på korleis eit forfattarliv kan arta seg på godt og vondt. Dessutan har det litterære Ryfylke vist meg ei ny side. Kva forhold har du til Rasmus Løland og hans litteratur? Den viktigaste grunnen til at Rasmus Løland sin litteratur fascinerer meg, er korleis Løland vinklar historiene frå barn sitt perspektiv og klarer å skildra tankar og idear på ein måte få andre forfattar før eller etter han har klart. Løland har vist meg at historier ikkje treng vera veldig kompliserte eller fulle av action, men dei må vera genuine og handla om ekte barn og ekte kjensler. Foto: Privat Kva inspirer deg? Det som inspirer meg mest er personlege historier; korleis tilfeldigheiter påverkar liva våre, korleis menneske utviklar seg og prøver å identifisera seg sjølv, og korleis folk kjem fram til konklusjonar om verda ikring og eigen plass i verda. På mange måtar fascinerer den menneskelege lagnaden meg; kor mykje som eigentleg er opp til kvar enkelt, kor mykje makt me eigentleg har i liva våre. Dessutan er menneskesinnet; ytringar, tankar, handlingar og ulike og mange djupner innafor menneskesinnet svært så fengslande og inspirerande. Kva trur du Suldal sit igjen med etter markeringa og kva kan ein gjere no vidare for å dyrke dette framover? Suldal har fyrst og fremst vorte meir medvite over Løland og verka hans og har fått ei felles verdsetjing for forfattaren. Dette har fyrst og fremst skjedd fordi mange unge har fått opp auga for han, lese bøkene hans og vorte fengsla av dei kvardagslege historiene hans. Dessutan trur eg mange, spesielt unge, ikkje har vore klar over kor kjend og kjær Rasmus Løland er og var også på eit nasjonalt nivå. Gjennom Løland-markeringa har me, i tillegg til å visa han fram for oss sjølve, også vist han fram for andre og delt litt av Suldalskulturen med resten av Ryfylke og Noreg. Det kanskje viktigaste me sit att med, er ei kjensle av å ha heidra ein lokal mann som verkeleg fortener det, og som me kan nyta verka av i lang tid framover. Personleg trur eg det viktigaste ein kan gjera for å dyrka Løland framover er å la barn og unge få moglegheita til å koma inn i Løland sitt univers. Å introdusera Løland til skuleungdom rundt om i grendene gjennom eiga lesing eller høgtlesing bør vera eit fokus for skulane i Suldal. Kva driv du med, for tida? Eg er musikar, saxofonist og komponist. Til våren er eg ferdig med utdanninga mi i saxofon frå Noregs Musikkhøgskule. Eg har dei siste åra, i tilegg til å studere, spelt mykje med band som Synkoke og Pony the Pirate i tillegg til ein god del sideprosjekt med alt frå samtidsmusikk og elektronika til skulekonsertar og meir klassiske ting. Kva har Rasmus Løland-markeringa betydd for deg? Trugnast av alle vokstrar er mosen det er nok det mest konkrete eg sit igjen med etter Løland-markeringa. Eit sitat frå Sandsferja. Når eg bur i Oslo og ikkje held lokalavisa er det vanskeleg å få med seg oppdateringar frå Løland-markeringa. Eg har sjølvsagt fått med meg at det er ei markering, men har ikkje noko vidare forhold til den. Suldal har jo klart å gi meg det generelle inntrykket at dei aldri heilt har forstått seg på kva det vil seie å investere i kunst og kultur, så av natur er eg skeptisk til slike jubileum med utgangspunkt i Suldal. Eg har skjønt såpass at Lølandmarkeringa like mykje er eit prosjekt for å fremja interessa for barnelitteratur og nynorsk litteratur, men med utgangspunkt i Løland. Det synst eg er bra, og det tek det eit skritt vidare frå ei vanleg markering. Når ein kan bruke ei slik markering til å formidle verdiane som låg til grunn for jubilanten, og ikkje berre jubilanten, er det frykteleg mykje meir fruktbart. Det å bruke ei slik markering til å fordre og stimulere til ny skaping syns eg er veldig positivt. Kva forhold har du til Rasmus Løland og hans litteratur? Kanskje diverre, kanskje heldigvis, har eg ikkje anna forhold til Rasmus Løland enn det påtvungne på Vinjar skule: klassetur til Vanvik, Bjednekniven og svartkvitfilm om ein flåte på ei myr. Og ei T-skjorte med ein grell logo. Dette seier kanskje meir om mitt interessefelt enn om mark nadsføringa av Nashornet. Men det er sjølvsagt inspirerande at ein mann frå vesle Vanvik i Suldal kan klarer å skrive og gje Foto: Thomas Notland ut tekstar, og så få ei markering år seinare. Løland gjorde sin ting, og han gjorde det tydeligvis bra, og vonleg hadde han glede og tru på det han gjorde. Det er det viktigaste; å ha tru på det ein gjer. Kva inspirer deg? Eg vert inspirert av sterke opplevingar, flotte personar og god kunst. Eg vert inspirert av kjensla av at alt er mogeleg og det ikkje er grenser for kva menneske kan få til. Inspirasjon er ein artig ting som av og til er der og andre gonger ikkje. Når ein jobbar med kunst kan ein ikkje alltid lite på inspirasjonen, men ein veit at den alltid vil kome når du minst ventar den. Å framleis jobbe kreativt og skape nye ting, sjølv om det er langt mellom inspirerte augneblink, det er ein kunst i seg sjølv. Eg vert inspirert til å skape, ved tanken på at eg kan skape. Kva trur du Suldal sit igjen med etter markeringa og kva kan ein gjere no vidare for å dyrke dette framover? Eg veit ikkje kva Suldal kommune sit igjen med etter Løland-markeringa; det veit nok kvar suldøl best sjølv. Kanskje mange tenkjer: nok eit meiningslaust og påtvunge markeringsprosjekt av ein longo daud kunstnar. Kanskje mange tenkjer positive tankar og vert stolt over at Suldal anerkjenner og feirar denne barnebokforfattaren. Det eg håpar at mange suldøler sit igjen med er inspirasjon til skriving og kreativitet og vilje til å skape kunst. Om Lølandmarkeringa har tend ein gryande skribent og inspirert denne til å skape eigne ting; ikkje til å skape noko i Løland si ånd, men i si eiga ånd, er nok det verdt meir enn alle millionane støttepengar. Eg håpar at Suldal og markeringa har hatt sjølvinnsikt nok til å skjøne at det er ikkje noko poeng å bygge opp eige ry som kulturmarkørar. Å heller inspirere menneske til å skape er det som tel og er fruktbart og verkeleg bygger kultur i små samfunn. Nynorsk for dei minste www.nynorsksenteret.no/born/ opplegg og idéar Nynorske animasjonsfilmar aktivitetssider for born leik med språket boktips sorterte etter tema musikktips MARKNADSSTEMNING TA SJANSEN KUNSTUTSTILLINGAR ANDALØP INDIANERBESØK TIVOLI FISKEFESTIVAL KONSERTAR GRILLDAG Velkommen til Ryfylkedagane 2. - 5. juni www.suldal-turistkontor.no 18 19

Held Garborg sin tale I 1911 haldt Arne Garborg tale for fleire tusen frammøtte i samband med avdukinga av Lølandsstøtta på Sand. No skal Ola E. Bø, dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teatret, halde same talen på fødselsdagen til Rasmus Løland 24. mai, fortel prosjektleiar Berit Reinertsen Sandvik. Det heiter seg at Garborg haldt på i timevis den gongen han haldt sin tale. Sandvik har sjølv reinskrive talen til Garborg, og ho kan love at Ola E. Bø skal sleppe å halde det gåande så lenge. I tillegg til tale blir det på fødselsdagen høgtideleg overrekking av ein ministatue av Arne Garborg som Suldal kommune får i gåve av Sand ungdomslag og Suldal mållag. Statuen er laga av Gunnar Janson, og sonen hans vil vere til stades og fortelje om arbeidet som er gjort. Den yngre Janson er sjølv kunstnar og musikar, og vil spele litt denne dagen. Fødselsdagsarrangementet finn stad på Sand. Dødsdagen til Løland, 12. oktober, skal ikkje markerast særskild i Suldal, fortel prosjektleiaren. Nett då arrangerer det lokale reiseselskapet Tiramisu litterær reise til Tyskland med forfattar og Lølandbiograf Ernst Berge Drange som forteljande reisefølgje. Turen går i Rasmus Løland sine fotefar til Tyskland, og på turen vil ein òg få ei innføring i moderne barnelitteratur, ein arv frå Løland. Får Garborg statue Sand ungdomslag og Suldal mållag vi gi Suldal kommune ein bronsestatue av Arne Garborg i gåve. Statuen er utkastet til Gunnar Janson sin statue av Arne Garborg som står i Stavanger, og den vart henta til Suldal i vinter. No skal kommunen få overrekt den omlag 1 meter høge statuen under markeringa av Rasmus Løland sin fødselsdag 24. mai. Ola Hauge i Suldal mållag seier ideen om statuen kom til i samarbeid med Alfred Janson, sonen til Gunnar Janson. Frå før har vi Lølandssteinen her på Sand, som Arne Garborg avduka framfor mellom to og tre tusen frammøtte i 1911. No er det kjekt å kunne gje kommunen noko nytt i samband med Lølandmarkeringa, seier Hauge. Det var i si tid Sand ungdomslag, Fjordguten ungdomslag i Hylsfjorden Alfred Janson, sonen til kunstnaren Gunnar Janson, har bidrege til å få laga ein liten versjon av Garborgstatuen som Suldal kommune no skal få i gåve. (Foto: Jan Nordtveit) og Rogaland ungdomslag som tok initiativ til å få reist Lølandssteinen på Sand. Støtta vart avduka olsokhelga 1911, altså for hundre år sidan. Det året ville Rasmus Løland fylt 50 år. Folkegåve til Garborg Garborgsenteret vil setje i gong ei kronerulling og håper på den måten å få til eit ekstra økonomisk løft for senteret. Vi skal greie å opne senteret i 2012 med dei midlane vi har i dag, seier dagleg leiar Inger Undheim. Men får vi inn fire millionar til vil vi få eit større handlingsrom. I 1921 fekk Arne Garborg ei 70-årsgåve frå det norske folket på 104 000 kroner og ein hest. Alt samla inn via kronerulling, fortel Inger Undheim. No håper ho at næringslivet, organisasjonar og private vil vere med og gje Garborg og senteret ei ny folkegåve og på den måten nærme seg dei 24 millionane som er tenkt investert i senteret. Senteret har så langt fått på plass om lag 20 millionar kroner via offentlege og private løyvingar. Ved sidan av å organisere kronerulling er Undheim og dei tilsette ved Garborgsenteret no i full gang med å planlegge utstillinga før senteret opnar i 2012. Saman med Mediafarm og Arkidea jobbar vi no med å detaljutvikle og spisse innhaldet, og det er hovudfokus nett no, fortel Undheim. Samstundes har senteret sett i gong ei innsamling av Garborg-relatert litteratur til ei stor bokhylle i utstillinga. Undheim håper så mange som mogleg vil bidra til den. Inger Undheim ved Nasjonalt Garborgsenter håper folk vil vere med og gje ei gåve til senteret. (Foto: Hege Myklebust) Bygget som husar folkebibliotek og Garborgsenter er ferdig, og her har kaféen Garborgstova allereie opna i biblioteket si tidsskriftavdeling. Senteret har òg halde ei rekkje arrangement i bygget, og er mellom anna involverte i ungdomsprosjektet Mot til å meina. Garborgsenteret er ein del av Jærmuseet og er lokalisert ved sida av Forum Jæren sitt høgbygg i Bryne sentrum. Anne Berit Skeie pensjonert lærar Foto: Suldalsposten Kva har Rasmus Lølandmarkeringa betydd for deg? Fine samlingar der nynorsk barnelitteratur har blitt trekt fram og kasta lys over. Glede over å sjå at ungdom og barn i dag engasjerer seg og skriv. Kva trur du me sit igjen med etter fem år med Rasmus Løland-markeringa? Kunnskap, ikkje minst om Sylvkannestranda og det rike kulturmiljøet der. Minne om gode opplevingar på Kulturhuset, og påminninga om at det er viktig for barn å møte engasjerande litteratur på deira eige mål. Og kva bør ein gjere vidare no, for å vidareutvikle dette arbeidet? Arbeide det vi kan for at Senter for barnekultur blir røyndom Kjenner du sjølv til Løland sin litteratur? I så fall kva hugsar du best? «Hunden og katten». Rasmus Løland viser oss at barn ikkje alltid treng vaksen moralisering for å forstå at dei har gjort noko gale. Slik sett kan forteljingane hans vere viktigare for oss vaksne enn for barn. Det kjem kanskje aller best fram i denne novella. Klar for ferie? Planlegging Ferdig? - HOPP i det? Fot på solvarm stein - spegelblank vassflate. Når sola har steikt heile dagen på vandrar i heia, finst det ikkje noko som kan måla seg med eit forfriskande bad. Kroppar som lengtar etter kjærteikn frå naturen. HOPP- hopp i vatnet! Det er mange av dei i Suldal. www.suldal-turistkontor.no Ender og indianarar Første helga i juni blir det Ryfylkedagane i Suldal. Junidagane lokkar med mange freistande festivalar, dagar og arrangement. I Suldal har Ryfylkedagane blitt ein viktig tradisjon og arrangerast no for 28. gong. Det er ein treffstad for suldøler, utflyttarar, hyttefolk og andre tilreisande, seier Marit Larsen i festivalleiinga. Finn skattar Festivalen opnar allereie torsdag 2. juni, som i år er Kristi Himmelfartsdag, og dermed ein fridag for mange. Sidan går det slag i slag, heile helga til ende. Ryfylkedagane har i år som andre år med tradisjonelle aktivitetar som andeløp, «Ta sjansen», utstillingar, konsertar, handel og drøs. For barna blir det høve til å møte Flaks Sjongleringsgruppe og skattefinnaren og indianaren Bjørnefot. Den store marknadsdagen blir på laurdag, og som vanleg er det suldalskorpsa som opnar dagen. Laurdagen kan elles nytast med lokale utstillarar, matboder, tivoli, konkurransar og underhaldning for både vaksne og barn. Andeløpet har etterkvart blitt ein folkesport på Sand. Her kan publikum kjøpe seg ein part i ei badeand som deltek i eit løp ned Suldalslågen. Overskotet frå dette arrangementet går til eit lag eller ein organisasjon som publikum føreslår til Suldalsposten. Nutfantar I tillegg til det som skjer i sentrumsgatene, byr Ryfylkedagane også på aktivitetar rundt om i kommunen. Det blir organisert dagstur for nye Nutfantar i gamle trakter, fiskefestival langs Suldalsvatnet, kyrkjekonsertar på Jelsa og Suldalsosen med Åshild Vetrhus, kunstutstillingar, danseshow, Ryfylkemuseet si nye interaktive barneutstilling Kvitebjørnen og opning av Det gode liv -utstillinga. Jekta Brødrene af Sand vil liggje til kai i sentrum for å ta deg Kva and vinn andeløpet i år? (Foto: Anne Lise Nordheim/ Skattkammeret Suldal ) med på ei unik naturoppleving i vakre Sandsfjorden på laurdag. Me må heller ikkje gløyme Nesflaten ungdomslag sin tradisjonelle grill- og familiedag på Nesflaten, seier Larsen. Det er 28. gong Ryfylkedagane finn stad. Dei siste åra har festivalen fått eit meir lokalt og særeige preg når det gjeld tilbod og utstillarar. 20 21

«Kvitebjørnen fór lenger og lenger nord over alle dei høgaste heiane som fanst, og det gjekk sistpå som ein vind frå blåne til blåne.» Einar Økland, forfattar På tur med Kvitebjørnen er eventyrleg, mangtydig og på sin plass. Eg har lenge sett Løland høgt og meint at han har vore undervurdert. Nå har eg fått ein slags medhald. Om utstillinga Roy Høibo og Grete Holmboe ved Ryfylkemuseet prøver ut kostymane til Kvitebjørnen-utstillinga. (Foto: Jan Nordtveit) Kva trur du me sit igjen med etter fem år med Rasmus Løland-markeringa? Ein logo som står seg godt. Og kva bør ein gjere vidare no, for å vidareutvikle dette arbeidet? Setje Løland inn i hans eiga samtid. Utstillinga Kvitebjørnen er ei interaktiv utstilling for barn Utstillinga består av faste installasjonar, lyd og bilde og avsluttast med fri leik Den økonomiske rama for utstillinga er på 800 000 På Ryfylkemuseet i Suldal frå 27. april 2011 Foto: Terje Rudi Kva har Rasmus Løland-markeringa betydd for deg? Eg som ikkje plar like å gå med pynt går ofte med Nashorn-button på jakkeslaget. Kvifor? Fordi den Kjenner du sjølv til Løland sin litteratur? I så fall kva hugsar du best? Eg har lese det meste av han. Stemningane er det eg minnest best. Men artiklane hans er det som har overraska meg mest. Eg er framleis imponert av at han skreiv i tidsskriftet Det Tyvende Århundrede. No kan du få følgje Kvitebjørnen på hans ferd for å drepe troll og redde jomfruer i naud. Kvitebjørnen under produksjon. (Foto: Bjarne F. Wathne) Ei interaktiv utstilling basert på eventyret om Kvitebjørnen står klar på Ryfylkemuseet frå slutten av april. Utstillinga går føre seg inne i ein diger isbjørn tilsynelatande bygd av snø, akkurat som i eventyret om Kvitebjørnen. Og inne i bjørnen kan barna sitje og få eventyret lese opp for seg medan sansane deira blir kitla av lyd og bilde rundt dei. Medan Kvitebjørnen tar dei med på ferd frå Nordpolen og sørover mot kongsgarden, frå borg til borg for å redde trengande jomfruer, nærmar dei seg høgdepunktet i utstillinga augneblinken når dei kan få trø ut av seg sjølve som publikum og bli med i avslutninga av eventyret som skodespelarar i staden. Ungane speler Bjarne F. Wathne er snikkar ved Rogaland teater og har gjort scenografi for ei rekkje barneforestillingar, men i desse dagar jobbar han med scenografien til utstillinga i Kvitebjørnen. Han synest noko av det beste med denne utstillinga er at ungane kan få utfalde seg sjølve, og ikkje berre vere tilskodarar, slik dei er i andre utstillingar eller teater. Når dei kjem ut av Kvitebjørnen har vi laga ei løype dei kan følgje som ender opp i slottet til kongen. Der er veggane dekte av speglar, og ungane kan få kle seg ut og leike i kulissane. Wathne meiner historia om Kvitebjørnen eignar seg godt til utstilling. Det vil seie, historia i Kvitebjørnen er todelt: Den om dei fire gutane som byggjer ein snøbjørn og som blir sitjande og fantasere og fortelje ei historie om denne kvitebjørnen, ei historie dei etter kvart byrjar leve seg inn i. Den andre historia er den som skildrar det Kvitebjørnen kjem ut for på si ferd, og denne indre historia har mange typiske element frå eventyra med kongar og troll, seier Wathne. Det er den ytre historia om dei fire gutane som vekkjer historia til live. Klassiske element Wathne har vore scenograf i 20 år og har jobba med ei rekkje barneførestillingar, men dette er første gongen han jobbar med ei utstilling. Og første gong han jobbar med Rasmus Løland sine tekstar. Eg kjende ikkje til Løland særleg mykje frå før, men no har eg lese fleire av historiene frå Gutar. Det er mange element som går att i barneforteljingane til Rasmus Løland, og Wathne lovar at publikum vil finne dei også i denne utstillinga. Utviklinga i historia følgjer årstidene frå vinter til sommar, slik Løland ofte gjorde i sogene sine. Og kanskje vil barna få treffe både kjende figurar som nashornet og tordivelen undervegs i utstillinga. Eg håper dette blir ei utstilling som kan leve sitt eige liv også etter denne utstillingsperioden, seier scenograf Wathne som håper på mykje leik i kulissane framover. Med barneauge Elin Gunnarsdotter Sandvik er skodespelar, opprinneleg frå Erfjord, og var med i ei referansegruppe knytt til utforminga av utstillinga. Ho synest noko av det beste med denne utstillinga er at ungane får kome inn i ei anna verd og delta i denne verda. Det at ungane får kome inn i kongssalen til slutt, der det heng klede dei kan kle seg ut med, og boltre seg, synest eg er eit svært viktig grep i utstillinga, seier Sandvik. På denne måten blir dei involverte og får delta, og Sandvik synest det er spesielt bra at ein har funne ein måte å leggje opp til interaktivitet på som ikkje først og fremst er digital, slik som så ofte er i desse dagar. Å bruke historia om Kvitebjørnen i ei slik utstilling gir meining, meiner ho. I historia er det barna som driv forteljinga fram, og på same måte får barna som publikum vere med og drive denne foteljinga vidare. Det å syne historia gjennom barn sine auge var typisk for Rasmus Løland. I dag er det eit grep både forfattarar og dramatikarar nyttar. Som til dømes Jesper Halle med stykket Lilleskogen. Der føregår hovudhandlinga når rollefigurane er barn og gjennom deira auge, seier Sandvik. Ventar på senter Målet om å etablere eit senter for nynorsk barnekultur med grunnlag i barndomsforståinga til Rasmus Løland er kan hende i sikte. Sogene om Kvitebjørnen var den siste barneboka Rasmus Løland skreiv, og blir av mange rekna som den beste av barnebøkene hans, fortel direktør Roy Høibo ved Ryfylkemuseet. No blir boka grunnlaget for ei heilt spesiell utstilling for barn, og Høibo meiner Kvitebjørnen-utstillinga, der ungane sjølve får vere med og skape historia, fell godt på plass innafor Lølandstiftinga sitt slagord «undrande og skapande». No håper han at denne utstillinga kan bli ei god byrjing på det planlagde barnekultursenteret i Suldal. Til inspirasjon Barnekultursenteret på Sand skal ikkje bli eit monument over Rasmus Løland, men snarare eit inspirasjons- og ressurssenter for barnehagar, skular og kulturskular landet rundt, kunne leiinga i Lølandstiftinga fortelje då planane om senteret såg dagens lys i 2009. Sidan då har Suldal kommune og Ryfylkemuseet vore i tett kontakt med statsrådar og departement for å røkte etter politisk vilje til å få eit slik senter oppe og gå. Så langt har det bore frukt i form av noko pengestøtte og ein merknad på statsbudsjettet. Rett før jul fekk Lølandmarkeringa 180 000 kroner frå staten til innspurten i 2011, og stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) la då vekt på at denne summen ikkje var den endelege løyvinga, men eit skritt på vegen saman med merknaden senteret hadde fått i statsbudsjettet. Søkjer Lølandstiftinga og museet har dessutan fått pengar frå Suldal kommune, Rogaland fylkeskommune og Kulturdepartementet, og det er desse pengane som no blir brukte på utstillinga. Nokon faste og forpliktande løyvingar utover det har senteret ikkje fått, men Høibo registrerer at det finst ein politisk vilje til å realisere senteret. Lølandsenteret har fått ein merknad på statsbudsjettet, og det er ei oppfordring frå Stortinget til kulturdepartementet om å sjå til dette prosjektet. No skal vi snart skrive ny søknad for å sjå om vi kan kome med på statsbudsjettet neste år. Når vi no får til denne utstillinga, så er det ein god start, seier museumsdirektøren. 22 23

Landstinget i Suldal I år har Landssamanslutninga av nynorskkommunar lagt landstinget sitt til Sand i Suldal. Landstinget blir arrangert annakvart år, og er ein kombinasjon av eit tematisk seminar og årsmøte for stiftinga. I år er det språk i Europa, litteratur for barn og unge og Diktarvegen som er tema for landstinget. Den danske kapasiteten Klaus Mogensen kjem for å snakke om korleis ny teknologi kan påverke og kanskje bevare språket vårt. Sigve Gramstad vil snakke om språkstoda i Europa, og korleis denne vår heimlege språksituasjon ser ut til samanlikning. Vidar Høviskeland dagleg leiar i LNK Debatt om litteratur Stoda for litteraturen skal og omtalast, og forfattar Ingelin Røssland, Svein Arne Tinnesand i Norsk Bibliotekforening, barnebokformidlar Janne Karin Støylen, Hege Myklebust frå Falturiltufestivalen og Roy Høibo, direktør for Ryfylkemuseet (på vegner av det framtidige Lølandsenteret) møtest til ein panledebatt. Debatten blir leia av kulturredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, og Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum skal innleie. Dei kulturelle innslaga står i kø under landstinget. Kulturskulen i Suldal skal mellom anna syne Kor vart det av jula, og gruppa Tindra, med mellom andre suldølen Åshild Vetrhus skal spele for landstingsdeltakarane. Målpris Under landstinget til LNK vil det som alltid bli delt ut ein pris for god offentleg målbruk. Målprisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men han kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993. Prisen har tidlegare gått til Ullensvang herad, Vågå reiselivslag, Fylkesmannen i Rogaland, Odd Nordstoga, Lotteritilsynet, Peer Gyntspelet og Hordaland Teater. Prisen for dette året vert delt ut torsdag 28. april. Landstinget finn stad mellom 27. og 29. april. Får Løland-stipendet Nokon set tydelegvis pris på arbeidet eg gjer, seier ein fornøgd stipend-mottakar. (Foto: Gyldendal) Bjørn Ingvaldsen Fødd i Odda (1962), bur i Sandnes Har jobba i Televerket, ved Arkeologisk museum og som journalist i Stavanger Aftenblad. Debuterte i 1995 med novellesamlinga Landskap med gul Lada. Debuterte som barnebokforfattar i 1998 med Stolpesko. Bøkene hans er omsette til mellom anna tysk, italiensk og fransk. Får Rasmus Løland-stipendet på 100 000 kroner under fylkestinget i Rogaland 7. juni. www.lakseslottet.no post@lakseslottet.no Lakseslottet Lindum er eit historisk hus der atmosfære og god mat dannar ramma rundt moderne fasilitetar for alle slag opplevingar. Du finn oss i Suldal, hjarta i Ryfylke, om lag to timar reiseveg frå Haugesund, Kinsarvik, Seljord, Stavanger eller Stord. KVITEBJØRNEN Utstilling for barn etter ei forteljing av Rasmus Løland Velkommen inn i Kvitebjørnens rike med spennande skogar, borgar, nordavind og ein heil festsal på Kongens slott med kler til å kle seg ut i. Opnar 27. april Nesasjøhuset Ryfylkemuseet Nordenden 14 4230 Sand www.ryfylkemuseet.no Foto: Judith Sørhus Litlehamar Kva har Rasmus Løland markeringa betydd for deg? LNK har vore ein medstiftar i markeringa, og er glad for all den aktiviteten som har vore rundt Løland dei siste åra. Personleg har eg "gjenoppdaga" ein forfattar som eg ikkje hadde lese sidan eg gjekk på barneskulen, og som eg trudde var stein daud også i overført tyding av ordet... Det som sit best att reint kunstnerisk etter desse åra er nok Anne Elisebeth Skogen sine forteljingar om Løland og frå bøkene hans. Kva trur du me sit igjen med etter fem år med Rasmus Løland-markeringa? Mykje ny kunnskap om kor viktig Løland var, både som forfattar og som del av eit tidleg nynorskmiljø. Ikkje minst trur eg den framifrå biografien Ernst Berge Drange har skrive plasserer Løland i ein samanheng han fortener. Og kva bør ein gjere vidare no, for å vidareutvikle dette arbeidet? Styret bør laga ein grundig evalueringsrapport og plukka ut det som kan vera verd å satsa på vidare. Rasmus Løland var antiautoritær og ikkje-moraliserande i det han skreiv for barn og unge. Det er viktig å ta tak i dei tankane og verdiane han fekk fram gjennom forfattarskapen sin og utvikla desse vidare. Kjenner du sjølv til Løland sin litteratur? I så fall kva hugsar du best? Eg hugsar det stod mange bøker av Løland på skulebiblioteket, så eg har truleg lese fleire, men den einaste eg kan hugsa innhaldet i er soga om Kvitebjørnen. Og i prosjektperioden har eg lese fleire, mellom anna Hundrad Aar og den nye austigardske "versjonen" av Bjednekniven. Løland lever vidare. Bjørn Ingvaldsen får Rogaland fylkeskommune sitt Rasmus Løland-stipend for 2011. Ingvaldsen har skrive 23 barnebøker og 6 vaksenbøker sidan debuten med Landskap med gul Lada i 1995. Han er opphavleg frå Odda, men bur i Sandnes, like ved Diktarvegen, som han seier. Den produktive forfattaren gir ut nesten fem bøker i året. Reiser gjerne Å få Løland-stipendet betyr at han kan arbeide vidare med å skrive fleire barneog ungdomsbøker, seier han. Kanskje får eg no høve til å ta ei inspirasjonsreise, spekulerer forfattaren. Eg likar godt å reise, og eg brukar veldig ofte det eg opplever på reise i bøkene mine. Ingvaldsen kjenner godt til Rasmus Løland og Løland-markeringa. Eg hadde lese litt av han før, men mest har eg lese etter at bøkene hans kom i ny og moderne språkdrakt. Sjølv kjenner han ein viss slektskap med Løland som barnebokforfattar i det at fantasi og førestilling er viktige ingrediensar i forfattarskapen deira. Det prosaiske kan bli til noko meir i fantasien, eg likar å bruke ting som kan forvandlast i ei fantasiverd. To bøker Nett no jobbar han med to bøker som kjem ut til hausten. Bloddråpetreet er ein frittståande ungdomsroman. Den andre boka blir den tredje boka i serien om Fredes venner. Ingvaldsen har skrive fleire seriar for barn: Brødrene Bruns beretninger, Fotballaget Froskene og bøkene om Espen Herbert. Ingvaldsen fekk i 1998 Rogaland fylke sitt litteraturstipend og i 2004 fekk han Ark sin barnebokpris for boka Nei vel, da. Rasmus Løland-stipendet er på 100 000 kroner og skal inspirere til auka produksjon av litteratur for barn og unge. Tidlegare har Finn Øglænd, Arnt Birkedal, Jon Ewo og Maria Parr fått stipendet. Lølandstipendet blir delt ut 7. juni. ME HJELPER DEG MED: Nettsider Brosjyrar Aviser Grafisk profil Logo Annonsar Pressearbeid Reklamemateriell Sosiale medium www.norsk-plan.no Norsk Plan kommunikasjonsbedrifta i Ryfylke np@norsk-plan.no 52 79 04 80 www.norsk-plan.no 24 25

Kva sit me igjen med etter fem år med Rasmus Løland markering? Og korleis bør framtida sjå ut? Me har møtt kultursjefen, den tidlegare lokalpolitikaren og kulturredaktøren. Må satse på Lølandsenteret Borna sin mann Set Suldal på kartet Eg er frelst, sa Høgrepolitikaren Andreas Nielsen frå talarstolen då Lølandmarkeringa gjekk gjennom i kommunestyret for seks år sidan. Frelst er han ennå. Ein Høgre-politikar er jo alltid skeptisk og tenkjer ofte at dette berre er å hive pengar på bålet, seier Nielsen og ler. Men når saka om å få på plass ei Rasmus Løland-markering skulle opp i kommunestyret var ikkje Nielsen skeptisk lenger. Han blei derimot kjent for å ha sagt han var frelst frå talarstolen. Ja, det prosjektet trigga meg. Og eg tenkte at dette kan setje Suldal på kartet. Sjølv ser han ikkje på seg sjølv som nokon lesehest, men har ein forkjærleik for nynorsk, lokal identitet og litteratur. Nynorsken er jo på vikande front mange stadar. Sjå på Rennesøy, der det stadig blir færre nynorskbrukarar, men som tidlegare var ein bastion. Skriveglede Andreas Nielsen har sterk tru på at det no blir avgjerande å få på beina eit nasjonalt barne- og ungdomskultursenter på Sand. Og at den utviklingsfasen ein no går inn i blir viktig. Me kan aldri tru slike prosjekt går til himmels med ein gong, men denne markeringa har vore ein god start. Så håpar eg ein klarer å ta tak i planane rundt dette senteret og få gjort noko ut av det. Han legg vekt på at senteret ikkje skal bli ein konkurrent til Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, men eit supplement. Ungane våre må lære noko om språk og identitet, det er viktig. Me må vere stolte av det me har. Skrivekonkurransen som markeringa arrangerte blant ungdom har forma mykje. Mange unge har fått lære om Løland og litteraturen hans. Og det igjen har ført til skriveglede. Sett på dagsorden Ein del av frelsa til Nielsen handla om å få lov til å setje viktige saker på dagsorden, seier han sjølv. Den tidlegare politikaren er også lærar i kulturskulen, og har sett kva markeringa har hatt å seie for undervisninga der. Det var stort å få vere politikar på Dei nynorske festspela på Ivar Aasen-tunet når kulturskulen sette opp Kor vart det av jula. Markeringa har vore viktig for oss i kulturskulen, slår han fast. Judith Sørhus Litlehamar Foto: Jan Nordtveit No må ein få statlege pengar på bordet for å realisere Lølandsenteret, meiner kultursjef i Suldal kommune, Aud Marit Hauge. Hauge er både kultursjef og rektor i kulturskulen i Suldal. Ho ser at mange sit att med gode erfaringar etter Rasmus Løland-markeringa, samstundes er ho bevisst på at utfordringane også er mange. Generelt så sit me att med større kjennskap til Rasmus Løland. Det finst vel knapt den personen i Suldal som ikkje har høyrt om Rasmus Løland dei siste fem åra. Eg trur også mange har lese Løland, nokre for første gong medan andre har lese Løland på nytt og kanskje med nye briller. I tillegg har markeringa hatt eit større mål og nådd vidare enn akkurat forfattaren Løland og bøkene hans, meiner Hauge og legg vekt på at mange av elevane i kulturskulen har fått nær kjennskap til Løland gjennom historiene hans. Me var så heldige å få skrive eit skodespel av Rune Belsvik basert på Løland-bøker som me viste både i 2007 og i år, i tillegg har me hatt fleire andre Løland-inspirerte prosjekt innanfor teater, forteljing, film, biletkunst og musikk. Løland-inspirerte i forhold til historiene hans, men også samtida hans og historia vår. Ho trur også mange av elevane har lært mykje om seg sjølv, om vonde og gode kjensler og om samspelet mellom menneske. Må utnytte tida Kultursjefen slår fast at det no blir viktig å få statlege midlar på bordet for å realisere det planlagde Lølandsenteret. Skal senteret realiserast etter ideen, må det løyvast pengar nå. Merknader og positive formuleringar er bra, men skal det bli noko av, må det pengar på bordet medan me ennå har trykket på Løland og ei arbeidande stifting. Det skal nok ikkje gå så lang tid før fokuset avtar når markeringa blir avslutta. Då blir det vanskeleg å halda oppe trykket og interessa for senteret. Me får håpa på at ei vellukka og symbolsterk opning i april kan bera frukter. Har markeringa klart å formidle at dette handlar om meir enn å feire Rasmus Løland? Det er vanskeleg å måle kva som ligg att i folk. Kva har satsinga betydd for elevane på skulane, for deltakarane på skrivekurs, for publikummarane på teater, for reisande med ferja, ja, alle som har vore aktive deltakarar eller passive tilskodarar på eit eller fleire av prosjekta og aktivitetane omkring Løland-markeringa? Ein del kommentarar vitnar om at kanskje breidda av markeringa ikkje er forankra hos folk flest. Løland-markeringa er ikkje først og fremst markeringa av ein død forfattar, men like mykje eit breitt kulturprosjekt med fokus på språk og identitet. Det er klart at det hadde vore ønskeleg at alle var samde i at dette er eit stort og viktig prosjekt, men det må vera lov å meina noko anna. Kritiske røyster kan vera bra det også, det skaper engasjement og debatt, og det er vél og bra, meiner Aud Marit Hauge. Fått resultat Kva ein bør gjere framover for å styrke det vidare arbeidet er ikkje like lett å svare på. Hauge viser til at det truleg er den største utfordringa med alle prosjekt, korleis ein skal vidareføre arbeidet og kva skal ein ta med seg vidare? Erfaringa er vel at det ofte ikkje blir så mykje som blir direkte vidareført. Men i dette prosjektet er det faktisk ein del resultat. Bøker er trykte, forfattarar har fått stipend, manus er skrivne, utstillingar er laga, og ikkje minst så kan me håpa på at eit senter for barnelitteratur blir realisert. Når det er sagt, tenkjer eg som kulturarbeidar at alt som har skjedd har sin eigenverdi. Veldig mange har fått gode opplevingar, det har skjedd mykje på ulike felt, og Suldal har blitt sett på kartet. Me skal ikkje degradera alt som mindre verdt, sjølv om ikkje alt medfører ei svær satsing vidare. Noko skal me ta med oss vidare medan mykje har hatt sin verdi i det rommet og den tida det skjedde. Judith Sørhus Litlehamar Foto: Jan Nordtveit Hundre år etter Rasmus Løland sin død sit kultur- og debattredaktør i BT, Hilde Sandvik, i Bergen og les Kvitebjørnen til borna sine. Nokre år før dette igjen var det ho sjølv som sat med øyrene på stilk medan mor eller far heime i Erfjord las høgt om Pål, Gunnar, Kolbein og Andres. Det skulle lova godt for ettermælet til ein av våre føregangsmenn i barnelitteraturen. Sandvik blei for over fem år sidan invitert til å bli med i ei idémyldringsgruppe med tanke på ei eventuell markering av 150 år sidan Rasmus Løland sin fødsel i 1861 og 100 år sidan hans dødsdag i 1907. I forkant av dette møtet hadde det allereie vore opne diskusjonar om kva ein kunne gjera og kva som var mogleg. Eg er rett og slett imponert over alt ein har fått til her. Det var ikkje få idear som vart kasta i lufta, både med tanke på arrangement, samarbeidspartnarar, kven han kunne lenkast opp mot, kva som fanst av læreverk, heimeside og nyopplag av ein del av bøkene. Spesielt gledeleg er det at Det Norske Samlaget har gjeve ut fleire av bøkene på nytt. Bjednekniven gjorde sterkt inntrykk på meg som barn, og bøkene oppnår klart ein anna aktualitet på denne måten. Framleis aktuell? Per Sivle blir gjerne lett å samanlikna med Løland: dei var begge ettertrakta forfattarar med eit opplyst og intelligent blikk på barnelitteratur, men òg kjende grunna komplekse personlegdomar. Som Sivle var Løland ei «plaga sjel» og store delar av livet òg ein plaga lekam. Eit av dei store spørsmåla er kor aktuell Løland faktisk er i dag. Eg spør meg av og til om Løland sitt liv kanskje var vel så interessant som bøkene? Kven var denne nervøse personen som moderniserte barneforteljingane, som gjekk ned på ungane sitt nivå som den aller fyrste? Han kom med kritikk av det vaksne livet, av misjonering og oppseding. Ein måtte ta ungane på alvor! Ikkje berre fest Sidan Løland fyrst og fremst er kjend som føregangsmann for den realistiske barneboka, så gler det Sandvik at så mange tiltak er sett i stand for borna. Ho dreg mellom anna fram Anne Elisebeth Skogen, som har reist rundt med ei førestilling om livet til Løland og Kvitebjørn-prosjektet, eit elevprosjekt som inspirerer til sjølvstudium og eiga læring. Eg har vel kanskje mest tru på desse meir langsiktige tiltaka. Eit jubileum er til sjuande og sist berre ein fest, som til slutt blir gløymd. Det viktigaste er tiltaka som vedvarer, institusjonane ein får på beina, stipend som gjer at ein må tenkja over kven var denne Rasmus Løland? Kjenner seg att Som suldøl har Sandvik vakse opp med han. Om det ikkje var Løland opp og i mente, så hadde ho ei klar oppfatning om at han var «deira» forfattar. Og bur du i Ryfylke og Suldal, så har han vorte revitalisert dette har ein fått med seg. Han har framleis noko å seie til born og til og med vaksne i dag, 150 år etter fødselen. Det har jo vist seg. Eg har lese Kvitebjørnen for ungane mine, og den fungerer enno og ein opplever det ikkje som avlegs. Barnebøker skrivne på 70 talet kan vera meir forelda enn Løland. Det seier litt om han som forfattar, vil eg seie. Eg kan framleis kjenna meg att i det han skildrar: ein har ein draum som barn, store eiker som brått ikkje verkar så ruvande når ein kjem tilbake som vaksen. Han skjøna dette. Ei vond erfaring på eit vis, at den gløden ein har som barn forsvinn når ein ikkje er unge lenger. Tekst og foto: Brit Aksnes 26 27

TRE SJUK HÅR FATTIGE YRER KRYP- DYR ÆTTA PÅ MOTEN HUSDYR Stort oversyn SKO- GENS KONGE FISK SNILL LEMER BAKKEN UNDER- VERK SIVBÅT Lite format LEKSA ROMAN FRAM- ENDE BY DOKTER VANDRE FENGSEL POST- MANN ETAT JENTE- NAMN TRU TJUV- REISKAP KLOKKE STEIN- RØYSA KOSE SPASE- RER TRENDEN EINAR PÅLEGG LUFT SKAKK ABON- NENTEN HUS RÅD VINTRAR KRYD- DER SKOG OG MARK Ingen andre tidsskrift gir bonden på Sør- og Vestlandet større oversyn over det som skjer i landbruket og andre bygdenæringar enn Bondevennen. Nyheter. Fagstoff. Politikk. Kommentarer. FRAM- LEIS ROM FYR- VERKERI AV OG TIL REPARA- SJONS- STAD FUGLAR SKRIVE- REISKAP VARM TV- KANAL PRØVA UNGEN KJÆR- TEIKN MUSIKAL SVELLE UT FINST MINSTE- MANNEN BAK RYKE LITT SURT KOM- MUNE FOTTY SETE ELTE VAKKERT DEKKE HØVE HEIME GRIP SERVE- RINGS- FAT TAL KOMIKAR KORN RIKKE ARVE- ANLEGG SKINE KROPP STOFF- HUSA SEIER DORSK JENTE- NAMN MANN I BIBELEN PLASS KJEMPE- FLAS HOLME NETTOPP STOFF RØVERI HELD TIL FERSK VELDIG BES- TEMT YTRA KIOSK TIGGE IKKJE DU MEKA- NISK PERSON FENG- SELS- CELLA UVILJE VEG Eit redaksjonelt fritt blad, tufta på samvirket sine idear. Eit lite og hendig format. 40 nummer i året. Bli abonnent du og. Då har du fullt oversyn! Bestill abonnementet ditt på bondevennen.no eller ring 51 88 72 61. Melvær&Lien Idé-entreprenør Foto: Jan Nordtveit RÅR MED HOVUD- STAD GROVE DESSERT MANN I BIBELEN ATOM SPRINGE LEIING SPORTS- UTSTYR KOM- MUNE LEIKAR SNOP BORT VOGNER HUSDYR SIFFER DIKT LANG FISK AVLANG MAT- SORTAR STOFF- HUSET Premiar: 1. Premie: Berbar PC, Acer. Verdi kr. 4000. 2. Premie: Gåvekort på kr. 1500 til bruk i Sand sentrum 3.- 4. Premie: Bokpakke med Lølandsk litteratur 5.- 6. Premie: Handduk og forkle med Løland-sitat 7.-10. Premie: Handduk med Løland-sitat FRIST: 1. JUNI 2011 Send svaret ditt (grått felt) til: Brev: Stiftinga Rasmus Løland-markeringa Nordenden 14 4230 Sand eller e-post: berit@firmatenester.as 28

med Eivór Pálsdóttir Fart og spenning med 31.5. 5.6. 2011 Turen går med buss over Jæren, gjennom Ryfylke, Hardanger og Voss heilt fram til Sogn og Sunnfjord og attende til Sauda/Sand. På vegen vitjar me heimtraktene til Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jakob Sande. Pris: kr. 9900 som inkluderer buss, hotellopphald i dobbeltrom, frokost, lunsj og middag, og kulturarrangement undervegs. Påmelding til Marny Skeie Henkel, marny@nashornet.no eller på tlf. 957 22 592 så raskt du kan, seinast innan 1. mai. TIRAMISU reiser med smak 4 233 Erfjord tlf: 92455622 www.tiramisu.no saudadagane 26. 29. mai 2011 Ribbåtsightseeing Lørdag 28. mai Samarbeidspartnere: Talentiade Golfturnering Sykkelløp Hgsd. Sauda Saudadans Ungdomsdiscotek Utstillere Tivoli etc. Erik & Kriss Fredag 27. mai Staut Lørdag 28. mai Vamp Lørdag 28. mai Ove Rocketroll Torsdag 26. mai Ta også gjerne turen til Sauda i påsken! Ledige overnattingsplasser og plasser i båthavnen. Program over aktiviteter i påsken finner du på www.saudaferie.no Følg oss på facebook, Saudadagane 2011. Sauda kommune Fullstendig program kommer på www.saudaferie.no Sauda Handelsforening TUR LANGS TRE NASJONALE TURISTVEGAR: GJENNOM RYFYLKE, HARDANGER OG OVER GAULARFJELL Med forfattar og Lølandbiograf Ernst Berge Drange som forteljande reisefylje Påmelding til Marny Skeie Henkel, marny@nashornet.no eller tlf. 957 22 592 innan 15. mai. Kva har Rasmus Løland-markeringa betydd for deg? Eg har fått eit nærare forhold til barnelitteratur generelt og Rasmus Løland spesielt. Det kjekkaste for meg personleg er at eg gjennom dette prosjektet har blitt kjend med ei rekkje spanande menneske. Kva trur du me sit igjen med etter fem år med Rasmus Lølandmarkeringa? Fleire ting håper eg. Rogaland fylkeskommune har oppretta eit barnebokforfattarstipend, det har blitt oppretta fleire 6.10. 13.10. 2011 I fotefara av RASMUS LØLAND Turen går med fly frå Stavanger/Oslo til Berlin med retur frå München ei veke seinare. Opplev kunstnarbyen Berlin, deretter to dagar i Rüdesheim og dei siste dagane i Hall i Austerrike. Fokus på moderne barnelitteratur, ein arv frå Løland og Norsk Barneblad. RASMUS LØLAND-MARKERINGA 2007-2011 Svein Arne Tinnesand leiar for NBF Foto: Privat nettverk rundt lokal litteratursatsing og ikkje minst litteraturen til Rasmus Løland har blitt gjort kjend på ny. Og kva bør ein gjere vidare no, for å vidareutvikle dette arbeidet? Ein må bruke dei erfaringane me har frå Lølandprosjektet til å arbeida vidare med litteratur og lesing i lokalmiljøet. Eg synest det er viktig med denne typen markeringar at ein held fast ved at målet ikkje er nostalgi men framtidstru. Kjenner du sjølv til Løland sin litteratur? I så fall kva hugsar du best? Eg må innrømme at eg ikkje kjende noko særleg til Rasmus Løland sin litteratur frå før av. Eg hadde nok lese noko av det under oppveksten, men det var fyrst då eg begynte å arbeida med Løland-markeringa at eg blei godt kjend med Løland sitt litterære univers. Pris: 14 800 som inkluderer flyreise med skattar og avgifter, transport, hotellopphold (dobbeltrom) m. frukost, alle utflukter, forelesingar og forteljarførestellingar undervegs. Eit felles måltid tildagen samt lunsj i Rüdesheim og siste dagen. Ikkje inkludert er drikke til maten. Nye tider på gamal gard Solveig og Ola L. Sukka dreiv den gamle slektsgarden på tradisjonelt vis heilt fram til for to år sidan. No har dei forpaktar som tek seg av drifta, men har sjølve ansvaret for både tun, hus og stølar. Så kva gjer ein for å halda liv på garden? Ein sannsynlegvis vakker dag på 1200 talet busette dei fyrste folka seg på Sukka Gard. Den første dokumenterte eigaren er frå 1484. Seks lagrettemenn kunngjorde at garden er «Livar Ormsøns odel fra gammel tid». Siste gardbrukarkjerring kom frå Jæren i 1970 og gjev i dag bruket nye oppgåver. Solveig Sukka brenn for å halda liv i historia, og med ei stove frå 1700 talet, så er ramma så høveleg som den kan bli. Frå 1290 Det er så mykje historie her, så mykje fortid. Eg vil gjerne dela det med alle som vil, seier Solveig entusiastisk. Dei bur sjølve i folgehuset, eller kårhuset. Storastova, der fortelje kveldane går føre seg, var eigentleg del av eit klyngetun. Dette var vanleg på Vestlandet, då folk søkte saman som vern mot rovdyr. No er dei berre to på heile garden, noko som aldri har skjedd før. I følgje eit skinnbrev frå 1290 så har det vore folk her sidan, så det er ikkje få som har trødd sine barneskor her. Ja, det er for gale med dette skinnbrevet. Veit du, det har lege her i huset i alle dei år, heilt til det vart seld omkring 1920 til Em. Simonsen i Sandnes. Kvifor veit me ikkje, men det var vel ei tid då dei ikkje såg nokon verdi i slikt «skrot». Dette står skrive i ættaboka for Sukkeætta. Kor det er no er ikkje godt å seia, eg vil tru det ligg på eit museum ein stad, men me har ikkje klart å spora det opp. Me oppmodar folk om å ta kontakt om dei skulle koma over det, fortel ho. Då Solveig flytta frå Jæren opp hit, så hadde ho mangslags førestillingar om korleis det var her. Fellesnemnarane for både Kvildal og Sandnes var at dei låg midt i såkalla bedehusland. Det skulle visa seg at dette på ingen måte gjorde stadene like! Grenda Kvildal var veglaus heilt til på 60 talet, og her hadde vore ei gjennomgripande vekking i 30 åra som hadde prega heile grenda. Uansett så fekk eg aldri kjensla av mørkemenn og slikt då eg kom her, tvert om det bur utruleg fine menneske her i grenda, både då og no. Det er klart det er færre som bur her no, sannsynlegvis ei halvering i høve til då eg kom her. Eg hugsar det var kring 90 stk ein gong det var vallokale på bedehuset. Men unge folk flyttar her til nå, og me ser i grunnen riktig lyst på det! Tabu Dei ser òg lyst på framtida til Sukkagarden, særleg etter å hatt arrangement som trekte fulle hus. Til julebord serverer dei pinnekjøt frå sau som har beita i Kvildal. I desember hadde dei oppe temaet «Dei vaksne si julaforteljing», og 13. april står forteljingar frå grenda i frå gamle dagar på programmet. Det er viktig for meg å fortelja historier både frå bygda og frå garden. Med ein så gamal ættegard finst det utallige historier. Noko av tanken er at alle deler forteljingane med kvarandre, kall det gjerne refleksjonskveldar. Me vil ha oppe tema som folk reflekterer over, ikkje berre tull og fjas. Og mykje har endra seg sidan «gamle dagar». I dette pietistiske miljøet var det lenge lagt heilt lok på mange av historiene, særskild det som hadde med fyll og slikt å gjera. I dag kan ein snakka om slikt ope, det er ikkje lenger så tabubelagt. Myllarguten Ein av forteljingane som har vore minst omsnakka, og som kanskje er mest spennande, er drapet på Sukkagarden. Solveig vil ikkje avsløra for Solveig og Ola Sukka vil satse påkulturformidling og dei gode samtalane. (Foto: Judith S. Litlehamar) mykje av det som skjedde det lyt ein koma på fortelje kveld for å få med seg! Men det er til og med snakk om to drap her. Og dei var begge i samband med slåsskampar, såpass mykje kan ho ut med. Ja, det er jo ikkje til å stikka under ein stol at ein tydde til drykk før òg. Ein bryggja gjerne øl sjølv på gardane før i tida. Til og med her på Sukka hadde dei eige bryggjerom i kjellaren. I dette rommet kom det ikkje noko lys til og var heilt avstengt i Ola sin barndom. Ingen sa kva som hadde gått føre seg her nede. Men i dag så er det ingenting å skjemmast over, det! Når ein hadde store vetler som dåp, gravferd og bryllaup, så serverte ein øl, det er klart. Ein av dei som gjerne forsynte seg to gonger om han vart boden øl og dram, var sjølvaste Myllarguten. Det var nære band mellom Suldal og Telemark, og han kom ofte og spela til bryllaup her i bygda. Han kunne nok drikke ganske mykje, og om han slapp opp for alkohol, så byte han brennevin med, til dømes, feleskrin. Me fann eit her på garden og tok det med til Johan Vaa i Telemark, og jadå, inskripsjonen på feleskrinet beviser at det var Myllarguten sitt. Eg vart tidleg klar over ein del av desse tinga då eg kom her til, men du veit ein 23 åring er ikkje så opptekjen med slikt. No er dette del av det eg likar å kalla den nye produksjonen på garden. Som Blix sa det, «nytt liv av gamalt gror». Og det er ikkje berre forteljingane som vert vidareført det gode, gamle bumerket er teke i bruk att. Dei fleste gardar hadde ein signetring med bumerket på, og dette vart brukt til å stempla verdidokument og anna viktig skrivestoff. I dag vert det brukt på brev og postkort. Kor gammal ringen vår er veit me ikkje sikkert, men den er like fin og god i dag. Eg vil levera alt vidare, ting skal ikkje liggja gøymt og gløymt, avsluttar Solveig og ynskjer hjarteleg velkomen til gards. Brit Aksnes Sukka gard ligg i Kvildal i Suldal. Garden har ei lang og fargerik historie å fortelje. (Foto: Privat) 30 31

Markering av Nasjonal turistveg Ryfylke 20.juni For meir informasjon sjå www.ryfylkeiks.no