Sak 5 Årsplan Hordaland Sp 2010



Like dokumenter
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Vedtekter for Vestland SV

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Lønnsundersøkinga for 2014

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sandeid skule SFO Årsplan

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Politisk program for Jølster KrF

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

VEDTEKT av februar 2007

Sak 4 ARBEIDSPLAN Senterpartiet i Sør Trøndelag

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSMELDING FOR HORDALAND SENTERUNGDOM

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Program OSTERØY HØGRE

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Transkript:

Sak Årsplan Hordaland Sp 0 Fridom i by og distrikt 1 1 1 1 1 1

1 1 1 1 1 1 1 1 0 1 0 1 0 1 1. Innleiing I tråd med verksemdsplanen for Senterpartiet er 0 eit organisasjonsår for Hordaland SP. For å styrkja partiet i det politiske arbeidet og i neste valkamp i 0 må me byggja organisasjonen no, både i medlemstal, engasjement og kunnskap. Sjølve kjernen i virket til partiet, også for organisasjonsbygginga, er det politiske arbeidet. Den politiske delen av planen kjem derfor først. I toårsbolken som er innleidd fram mot valet i 0 er det overordna målet å styrkja oppslutnaden ved kommune- og fylkestingsvalet 0.. Politisk del.1 Politiske hovudprioriteringar Om partiet vinn gjennom og får gjennomslag vert først og fremst avgjort av i kor stor grad partileiinga, stortingsrepresentantar og andre tillitsvalde også i Hordaland evnar å kombinera overblikk og strategi med utarbeiding og presentasjon av gode politiske løysingar. Partiet sin innsats må først og fremst rettast inn mot å få gjennomslag på dei tre hovudsaksområda som vi prioriterte og profilerte fram mot stortingsvalet. EIT GRØNARE NÆRINGSLIV der du bur Fornybarsatsing Auka matproduksjon i ei verd som svelt Berekraftig forvalting, lokalt eigarskap og desentralisert struktur i fiskeri- og havbruksnæringa Styrke dei små og mellomstore verksemdene Nye arbeidsplassar og auka kvalitet i reiselivsnæringa Breiare spekter av kompetansearbeidsplassar i distrikta Eit aktivt og målretta statleg eigarskap BETRE SAMFERDSEL der du bur Kollektivsatsing i byane og vegar i distrikta Superbeiband i hele landet innan 01 Grøne bilar er framtida Trafikktryggleik og gang- og sykkelvegar SKULE OG OMSORG der du bur Nær og trygg eldreomsorg Ein skule tilpassa situasjonen lokalt Folkehelse- og samhandlingsreform, ein ny helsepolitikk

1 1 1 1 1 I løpet av perioden vil det også dukka opp nye problemstillingar og utfordringar som partiet må forhalda seg til.. Dei sentrale politiske dokumenta Partiets prinsipp- og handlingsprogram 00-01 legg rammene for partiet sitt arbeid dei kommande fire åra. Link: http://www.senterpartiet.no/category1.html Hovudsaksdokumentet frå valkampen 00 gir ein klar prioritering av kva saksområde som skal stå høgast på dagsorden for partiet sitt arbeid i fireårsperioden. Link: https://sprint.senterpartiet.no/article.html Politisk plattform for fleirtalsregjeringa er også eit svært viktig grunnlagsdokument for partiet sitt arbeid framover. Alle våre tre hovudsaksområde vert gjenspeila godt i dette dokumentet. Link: http://www.senterpartiet.no/category1.html 1 1 1 0 1 0 1. Politisk profilering SP er Noregs viktigaste parti. Me sit i fleirtalsregjering, me har nest flest ordførarar, og mange fleire enn våre veljarar har svært stor tillit til at partiet får gjennomført politikken vår. Dette inneber eit stort ansvar. Det er vår oppgåve å setja preg på den politiske debatten og driva fram sakene. For å få det til, må me både byggja ein attkjenneleg og retningsgjevande ideologisk grunnmur og samstundes profilera sakene appetittvekkjande, og tenkja medvite på omdømebygging. Det er viktig at partiet i den offentlege debatten vågar vera frisk nok i kanten til å bli lagt merke til. Sprek retorikk stiller krav til gjennomtenkt politikk. Sentrum-periferidimensjonen er den viktigaste for Sp, og me vil alltid leggja til rette for gode løysingar for distrikta. Det er oftast det beste for heile samfunnet, også for byane. Byane har i tillegg andre problemstillingar, som Sp vil skapa løysingar for. Sp ønskjer spreiing av makt, kapital, næringsliv, velferdstilbod. Det gjeld på fleire ulike nivå. Internasjonalt vil me at alle land skal ha reell makt til å rå seg sjølve, derfor held me fast ved motstanden mot EU-medlemskap. Nasjonalt og regionalt er heile Hordaland ein utkant, der Sp vil styrkja regionen sin posisjon mot tyngda hovudstadsområdet utgjer. I Hordaland har me ein levande by-landdimensjon med éin storby og mange distriktskommunar (ispedd eit par mindre byar), og desse er gjensidig avhengige av kvarandre. Bergen må ta større ansvar som motoren for utviklinga i fylket. Samstundes må distrikta ha stor fridom til utvikling på eigne premissar. Det er vår oppgåve å utvikla betre løysingar for heile fylket.

1 1 1 1 1 1 1 1 0 1 0 I formuleringa fridom i by og distrikt ligg målet om at vi skal ha rike val med omsyn til arbeid, bustad og livsform. Då må det leggjast til rette, på ulike vis, i heile fylket, for næring, arbeidsplassar og velferdstilbod. I tillegg til det er det ein stor sivil og privat sfære som me sjølv som individ og familiar må ha stor fridom til å fylla. For å oppnå dette, ønskjer Hordaland Sp større differensiering mellom sentrum og distrikt i dei politikkområda som handlar om å byggja, og større likskap i dei politikkområda som handlar om å fordela. næringspolitikk, rett til naturbruk, industrietablering og samferdsle må differensierast meir, og det lokale nivået må få større makt over utforminga. Den viktigaste kvaliteten og inntektsmoglegheiten ligg ofte i å ta i bruk naturkvalitetar som ikkje er mangelvare. Det er relevante skilnader mellom by og distrikt her som må fangast opp i politikken. helsetilbod, rett til nærskule, kollektive fritids- og kulturtilbod må underleggjast sterkare krav til likskap ut frå at kvart individ skal ha nokolunde lik rett tilgang til tenestene. Det er ikkje gode grunnar til at skule- eller barnevernstilbodet skal vera dårlegare i små enn store kommunar. Organiseringa og dimensjoneringa vil sjølvsagt variera, og det skal avgjerast lokalt, men retten til tilbodet bør vera likare enn i dag. Etablering av sentralfunksjonar både i statleg og privat sektor handlar om både å byggja og å fordela. Sp vil ta i bruk styringsinstrument i større grad for å nå ein betre balanse regionalt, der det er eit viktig mål å oppnå fleire slike funksjonar i Hordaland. Hordaland Sp vil utvikla ein katalog med politiske saker og løysingar for å nå dette. Døme: strandsonedifferensiering mellom pressområde og andre område veg og kollektivtrafikk, begge delar overalt, men ulike løysingar gje kommunane reelle val mellom drift av nærskular eller skyss til større skular lokal tilpassing i samhandlingsreforma rom for ulike løysingar Fleire arbeidsplassar der folk bur Tiltak for å betra luftkvaliteten i Bergen 1 Hordaland Sp må vidareutvikla det liberale rommet Sp held i fleirtalsregjeringa. Partiet blir utfordra kvar dag til å velja enkle og trygge offentlege løysingar. Dei er ofte dei beste, men ikkje alltid. Utan å føra ein pågåande debatt om grensene for stat og

1 1 1 1 1 1 1 offentleg sektor, om reelt deltakande demokrati, om politisk makt kontra byråkratisering, og ikkje minst om kulturpolitikk og kva som skal vera styrande for den, vil me ikkje evna å halda dette rommet. Sp har dei seinare åra arbeidd lite med slike spørsmål, men grunnlaget er klårt i programmet. Aktuelle saker: datalagringsdirektivet, grensa mellom individ og samfunnskontroll etablering av møteplassar i det fleirkulturelle Noreg folkerøystingar om fleire spørsmål kommunane må få større makt til å avgjera arealbruk, ressursutnytting byråkratiet si makt må minskast.organisasjon - Drift og utvikling 0 er året me byggjer organisasjonen fram mot valåret 0. I Senterpartiet sin verksemdsplan for 0-01 er den eine av to overordna målsettingar at: «Senterpartiet skal styrka oppslutinga ved kommune og fylkestingsvalet i 0 og på grunnlag av dette styrka oppslutninga ytterlegare ved stortingsvalet i 01» For å få dette til trengs det god planlegging av organisasjonsaktiviteten og høg aktivitet i alle ledd. Involvera lokallagsleiarane sterkare i den politiske debatten er eit viktig mål for fylkeslaget. 1 0 1.1 Organisatorisk utval (OU) Hordaland Senterparti har sett ned eit organisatorisk utval. Utvalet har som hovudoppgåve å drifta det organisatoriske arbeidet i fylket. Utvalet er samansett slik: 1. nestleiar er organisatorisk nestleiar Fylkessekretær Studieleiar Leiar i Hordaland Senterungdom Leiar i KVPU 0 1. Rekruttering nye medlemmer Hordaland Senterparti har som mål at medlemstalet må aukast. Organisasjonen har hatt ein liten nedgang i medlemstalet ved omlegginga til sentral innkrevjing av medlemspengane. Denne nedgangen må takast inn att med strakstiltak i 1. kvartal i 0. Oppsøkande aktivitet direkte kontakt er eit naudsynt og effektivt tiltak. Resten av året må heile organisasjonen ha fokus på verving av nye medlemmer. Betre samarbeid med Senterungdomen må etablerast. Her vil faste møte i OU vera viktig. Lokallaga og SU er vår viktigaste ressurs i rekrutteringsarbeidet.

Det vert og vervekonkurranse med premiering på både person og lagsnivå...1rekruttering kandidatar til kommune og fylkestingsvalet 0 Senterpartiet har mange gode folk i sine rekker. Me har eit felles ansvar for å få fram dei beste på listene til kommune og fylkesting. SP liste i kvar kommune er målet. 1 1 1 1 1 1 1.Distriktsvise arbeidslag I Hordaland legg me opp til at det vert distriktsvise arbeidslag. Det vil innebera at me skapar samarbeidsarenaer mellom fleire lokallag. Viktige deltakarar på desse samlingane vil vera: lokallagsleiarane, gruppeleiarane, studieleiarane og andre i lokallagsstyret. Gjennom året vil me ha fylgjande samlingar: Kursing av lokallagsstyra i samarbeid med studieforbundet Utarbeiding av handlingsplanar Lesarbrevskriving og valkamp Til desse samlingane ynskjer me deltakar frå kvart lag / kommune 1 0 1 0 1.Fadderordning Fadderordninga som me har i Hordaland må brukast aktivt og fylkesstyremedlemene har eit særskilt ansvar for at den vert fylgt opp. Fylkesstyret skal før kvart styremøte ha vore i kontakt med sine fadderlag. Rapporten på faste skjema skal fyllast ut og sendast inn til fylkessekretær. Gjennom fadderordninga har me som mål: Betre oversikt over aktivitet og medlemsutvikling Etablera ein fast møteplass mellom lokalaget og fylkesstyret Gjennom dette få innsyn i viktige lokale saker og synspunkt som fylkesstyret tek med seg i sitt arbeid.kvartalsvise telefonkonferansar For å inspirera og trekka lokallagsleiarane meir med i den politiske debatten vil ein ha kvartalsvise telefonkonferansar der lokallagsleiarane, fylkesleiar og stortingsrepresentant deltek. Dette skal vera ein møteplass der ein får nytt frå storting og fylket, samstundes som lokale saker og spørsmål kan reisast.

1 1 1 1 1 1 1 1 0 1 0 1.Politiske og sosiale aktivitetar I senterpartiet har me alltid lagt stor vekt på å kombinera det politiske med det sosiale. Som ledd i dette vil fylkesstyret ta initiativ til fylgjande: - Tur til Oslo for lokalagsleiarar i lag med fylkesstyret i slutten av mai. - Seinsommarfest for heile partiet SP er 0 år i 0. Det må markerast..studiearbeidet i 0 Hordaland Senterparti ser fram mot eit aktivt studieår i 0. Fylkeslaget legg opp til studiearrangement både i eigen regi, i lokallaga sin regi og initiert frå Sentralstyret. I tillegg vil vi i løpet av året styrkje studiearbeidet til fylkespartiet gjennom å danne eit studieutval..1studieutval I fylkesstyret har vi studieleiar. Studieleiarfunksjonen har til oppgåve å stimulere til, og hjelpe til med, studiearbeid i fylkeslaget og i lokallaga. Studieleiar skal og vere eit ledd mellom lokallaga og sentralstyret. For å styrkje studiearbeidet har vi arbeidd med ein ide om å etablere eit studieutval. Utvalet sine medlemmer skal vere fylkesstudieleiar, Nord-Sør kontakt og studieleiarar frå lokallaga. Fylkessekretær vert og fast medlem av studieutvalet. Dei studieleiarane frå lokallaga som deltar, skal rullere mellom ulike lokallag, innad i ulike regionar, slik at i løpet av ein viss tidsperiode, vil alle lokallag ha hatt høve til å vere med i studieutvalet. Studieutvalsmedlemmene skal vere med å styrkje kontakten ut til alle lokallaga, og frå lokallaga og til styret. Studieutvalet skal gjere organisasjonen vår meir effektiv i opplæring, kurs og informasjonsutveksling..kurs frå studieforbundet Sentralstyret legg opp til vidare organisasjonsbygging, og satsar mykje og godt på opplæring av lokallagsstyra. Medlemmer frå lokallagstyra vert invitert til kurs tidleg i februar. Dette er ei forlenging/utviding av kurset for medlemmer av valkomitéane som vart halde november 00..Kurs frå fylkeslaget Vi legg opp til to kurs i regi av fylkeslaget. Våren 0 set vi fokus på handlingsplanar og aktivitetar i lokallaga. Hausten 0 har kurset tittel valkamparbeid og skriving av lesarinnlegg..kurs i regi av lokallaga

Vi vil vidare oppmode lokallaga til å lage studiegrupper og organisere samlingar. Kursa kan vere å videreføre og utvide studiearbeid i regi av sentral- eller fylkesstyret, eller eigenvalde tema. Ta gjerne kontakt med studieutvalet sine medlemmer for hjelp og støtte i studiearbeid..møteplan Møteplan - Hordaland Senterparti 0 Månad Aktivitet Stad Merknader Januar 0..-1. 1. 1. 1.. Februar 01. 0. 0. 0. 0.. 1.-1. 1.-0. 0...-. og et Kursing lokallagsstyre Kursing lokallagstyr et Fylkesårsmøte Vinterferie Fylkeskontoret Hardanger Museum Bergen Rådhus Scandic Airport Bergen Stortingsrep, AU, ordførarar,gruppeleiar FTG

Mars 1.-. 01..-. 1. 1. 1.-0...-.. April 01.-0. 0..-. 1. 1.-1. 1.-. Veke 1 Mai 0. 0. 0. 0.-0. Vinterferie Fylkesting Landsmøte Senterkvinnene Palmesøndag Skulering av fylkesstyret Påske Landsstyremøte et DA-møter Ordførarsamling Stortingsrep,AU, Ordførarar,gruppeleiar FTG Utforming av handlingsplanar Stortingsrep, AU, ordførarar,gruppeleiar FTG

0.. 1. 1. 0... Dato ikkje sett Himmelspretten Nasjonaldagen Sentalstyremøte Regionale samlingar for nyinnmelde medlemmar Juni 01. 0. 0. 0..-. Verdens miljødag Fylkestinget Stortingsrep,AU, Ordførarar,gruppeleiar FTG.-1. 1.. Dato ikkje sett Juli /tur lokallagsleiarar Oslo August 1. 1. 1.

. 0.. 1. Dato ikkje sett Landstyremøte Seinsommarfest Utlysing i lokallag September 0. 1. 1. 1.-...-0. Dato ikkje sett Dato ikkje sett Oktober 0. 0. 1.-1. 1. 1.-0... Dato ikkje sett Veke 0 Senterpartiet 0-år! Fylkestinget DA-møte Stortingsrep, AU, ordførarar, gruppeleiar FTG Stortingsrep,AU, Ordførarar,gruppeleiar FTG Valkamp og

mediehandtering/ lesarbrev November 01. 0.-0. 0.-. 1. 1. 1. 1..-.. 0. Desember 01. 0. Senterungdommens Landsmøte Landsstyremøte (julefest) Lokallagsårsmøte innan 1. Ulvik Stortingsrep,AU, Ordførarar,Gruppeleiar FTG Stortingsrep, AU, ordførarar og gruppeleiar FTG 0. 1.-1. Fylkestinget 1 1