HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Seksjon for kommunesamarbeid Arkivsak 200902082-3 Arkivnr. 713 Saksh. Bakke, Tord. Linge, Trond, Ekerhovd, Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 31.03.2009 22.04.2009-23.04.2009 PLANPROGRAM FOR REVISJON AV KOMMUNEPLAN - ØYGARDEN KOMMUNE - HØYRINGSFRÅSEGN SAMANDRAG Øygarden kommune har lagt fram forslag til planprogram for revisjon av kommuneplanen. Det vert gjennomført full rullering av arealdelen medan langsiktige mål og strategiar skal oppdaterast. Fylkeskommunen skal gje fråsegn til planprogrammet. Planprogrammet skal sikre medverknad, effektivisere planprosessen, avklare rammer og premissar for planarbeidet og skildre opplegg for medverknad og informasjon. Planprogrammet tek opp sentrale utfordringar som Øygarden står overfor i den kommande perioden, både i høve til folketal, transport, næring, industri areal og miljø. Hovudtema er arealdelen og målet er å få eit betre verktøy for forvaltning av kommunen sine areal. Utfordringane er grundig skissert opp og det vart lagt opp til ein heilskaplig plan som grip tak i dei viktige momenta. Ein vurderer planprogrammet som eit gjennomarbeida utgangspunkt for det vidare planarbeidet. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet tilrår at planprogrammet for kommuneplan for Øygarden vert godkjent. 2. Fylkesutvalet merkar seg at kommunen vil analysere industriareala. God tilgang på industri- og næringsareal vil også vere interessant i eit regionalt perspektiv og i tråd med arealpolitikk i fylkesplanen. 3. Fylkesutvalet ber om at folkehelse vert gjeve større merksemd i planarbeidet. Paul M. Nilsen Jan Per Styve
FYLKESRÅDMANNEN, 10.03.2009: 1. Bakgrunn Øygarden kommune har lagt fram høyringsforslag til planprogram for rullering av kommuneplanen. Øygarden kommune sin gjeldande kommuneplan vart vedteken av kommunestyret 14. juni 2006. Fylkesutvalet skal gje fråsegn til program for konsekvensutgreiing etter innstilling frå kultur- og ressursutvalet. Etter høyringa skal programmet vedtakast av kommunen. Fylkesutvalet vil seinare få planforslaget med konsekvensutgreiing til fråsegn når denne vert sendt på høyring. Øygarden kommune står overfor særlege planutfordringar då ny Plan- og bygningslov vil tre i kraft frå 01.07.09. Alle som sender planane sine på høyring etter denne dato, må utarbeide planane etter ny lov. Øygarden kommune har derfor allereie starta arbeidet med å gjennomføre rulleringa i medhald til ny Plan- og bygningslov. Forslag til planprogrammet vart presentert i Planforum 27.01.09. Innspela frå møte er teke inn i planprogrammet. 2. Innhald Planprogrammet skal sikre medverknad, effektivisere planprosessen, avklare rammer og premissar for planarbeidet og skildra opplegg for medverknad og informasjon. Programmet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, både for eigen organisasjon og høyringsinstansane. Nasjonale, regionale og kommunale rammer og føringar for planarbeidet er lista opp. Behov for utgreiingar og kunnskap er samla i eige kapittel. Prosess Organisering av arbeidet kjem godt fram i planprogrammet. Kommunen har ansvar for god medverknad i planprosessen og barn og unge, funksjonshemma og næringslivet er trekt fram i høve til dette. Det er viktig at ein i planarbeidet har eit kontinuerlig fokus på om også andre grupper skal verte involvert. Samarbeidet med regionale sektororgan bør også vere ein naturleg del av planprosessen. Kommunen må ta å ta kontakt med og knytte inn relevante sektororgan før høyringsfasen. Kommentar: Det er i forslag til planprogram gjeve ein oversiktleg opplisting av nasjonale, regionale og lokale føringar og rammer for planarbeidet. Lista bør supplerast med stortingsmeldinga Resept for et sunnere Norge, samt fylket sitt handlingsprogram for folkehelse for å dekke inn tematikken helse i plan. Tema med kommentarar I forslag til planprogram har kommunen gjeve desse tema særskild merksemd: Bustadområde og folketalsvekst Det var ved inngangen til 2008 om lag 4.150 innbyggjarar i kommunen. Innbyggartalet er i vekst og i førre planperiode var veksten på 1,69%. Framskreve vekst i noverande planperiode er på om lag 1,4%. I denne samanheng skal trongen for nye bustader verte justert ut i frå framskriving og det skal kartleggjast tomtereserve. Kommentar: Planprogrammet omhandlar i mindre grad senterstruktur og utviklinga av Rong som kommunesenter. Ubygging knytt til desse spørsmåla vert nærare handsama i Kommunedelplan for Rongøy og Sentrumsplan for Rong. Det er likevel naturleg at hovudmomenta kring dette også vert trekt inn i kommuneplanarbeidet. Dette gjels særskilt utfordringar knytt til utbyggingspress, samferdsle, og avsetting av område til næring og offentlege funksjonar. Utbygging bør verte konsentrert til kollektivaksar og rundt kommunesenteret og såleis byggje opp under dette. Å samla funksjoner som kan stø opp under kommunesenteret og dermed sikre eit tett, levande og velfungerande senter vert ein sentral utfordring, sjå også Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel. Bustadområde bør lokaliserast i nær tilknyting til Rong. Sikring av eit alternativt transportnett som grøntkorridorar og vegar for gåande og syklande er også eit vesentleg bidrag i dette arbeidet. Næring og reiseliv/turisme Her er det først og fremst arbeidet med å styrke tilbodet om overnatting i kommunen som står i fokus. Det skal vurderast om det er behov for hotell, kvar det skal lokaliserast og kva konsekvensar det vil få. 2
Kommentar: Reiseliv er ei spennande satsing og utnytting av Nordsjøløypa, havlandskap og industriturisme kan danne eit potensial for dette. Det er viktig at alternative plasseringar av hotell vert vurdert og at det vert sett i samanheng med vegkapasitet. Anna varehandel bør i hovudsak samlast i kommunesenteret igjen jf. Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel. Industri I forhold til industri skal det utgreiast i kor stor grad kommunen har tilstrekkelig areal satt av til industri og kva industri det er planlagt for, for så eventuelt å vurdere lokaliseringsalternativ. Kommentar: Det er eit godt utgangspunkt å ha ein gjennomgang av eksisterande areal sett av til industri. Kommunen sin tilgang på industriareal som gjev fleksibilitet i tilbodet for etablering av nye verksemder er av regional interesse. Ein ser det som viktig regionalt at kommunen no gjennomgår ledig industriareal i høve til å sjå kva type industri det kan/er tilrettelagt for. I fylkesplanarbeidet er det eit mål å styrke næringslivet i alle delar av fylket. Visjonen for Hordaland er å vere blant dei mest innovative regionane i Europa i næringar der fylket har særlege føremoner, med vekt på lønsemd, internasjonal konkurransekraft og evne til omstilling. Samferdsle Det er gjort ei rekke ulike grep kring vegplanlegging, desse skal revurderast samla. Kommentar: Kommuneplanen gjev eit høve til samla handsaming av vegprosjekt og utbyggingsområde som er viktig å utnytte. Trafikksikring er teke inn som eige punkt i planen og rammeplan for avkjøyrsle skal også integrerast i planen. Alternativt transportnett som gang- og sykkelvegar og trygge skulevegar må ivaretakast i planen. Rekkefølgjeføresegner kan vere eit godt tiltak for å få lagt til rette for gang- og sykkelvegar. Sykkel må handsamast som eit alternativt lokalt transportmiddel og framstillast offensivt i planen. Fritidsbustader Det skal gjerast nokon prinsippvurderingar i forhold til kva strategi kommunen skal leggje seg på i høve til fritidsbustader, om det skal verte opna for nye område og kva haldning ein ska ha til omgjering av hytte til bustad og omvendt. I samband med dette skal ein vurdera behov for nye område for småbåthamner. Kommentar: Planen tar opp både ein vurdering av behov for nye fritidsbustader og utfordringane som ligg i omgjering av fritidsbustad til bustad og omvendt noko som er viktig og sjå i samanheng og som samla kan gje eit heilskapleg grunnlag for vurdering av areal sett av til dette føremålet. Ein ser på det å vurdera trong for småbåthamner saman med avklaringar kring fritidsbustader som ei fruktbar vinkling. Strandsonevern Det skal gjerast ein revisjon av funksjonell strandsone. I tillegg til føringar som vart lagt til grunn ved sist utarbeiding må ein og ta inn føringar frå ny planlov om eit sterkare strandsonevern. Kommentar: Strandsona er ein av Øygardens store føremon og det er viktig at denne vert tatt omsyn til i planlegginga og at ein får oversikelege rammer for utbygging. Bruk og vern av sjøområde Det skal gjennomførast ei grundig vurdering av alle akvaområde i gjeldande plan der formålet er å ta ut områder som ikkje lenger er aktuelle. I tillegg skal kaiar/tilførselsvegar som var ein del av tidlegare kommunikasjon verte registrert. Formålet med arbeidet er å klargjere eigartilhøve, bruk og ansvar. Kommentar: Akvakultur er ein viktig næring og det er sentralt for ein kommune som Øygarden å ha eit oppdatert planverktøy for dette føremålet. Å leggje til rette for havbruk er ein av satsingsområda i Hordaland. Tilgang til sjø vert meir og meir attraktivt og i samband med dette er det bra at kommunen tek tak i arbeidet med å klargjere eigartilhøve og bruk av tidlegare kaianlegg. Langsiktig vern mot utbygging I tillegg til å definere kvar utbygging kan skje, vil ein leggje føringar for kvar utbygging ikkje kan skje. Dette gjeld særleg områder av ein viss storleik som er viktige for landbruk, naturinteresser og friluftsliv. Det skal gjerast ei konkret vurdering av kva områder ein ser for seg som urørte om 100 år. Utvalde områder skal synleggjerast i plan. 3
Kommentar: Dette punktet er svært fornuftig og innarbeide i kommuneplanen. Ny planlov gjør det også aktuelt å tenkje dette knytt opp til bruken av omsynssoner og markagrense i arealdelen. Vurdering av landskapet og bruk av landskapsanalyse bør ha ein naturleg plass i desse vurderingane. Kulturminne Kommunen ønskjer å samle eksisterande kunnskap om kulturminna i kommunen med tanke på bruk i forvaltning, auka fokus og bevisstgjering. Som lekk i dette arbeidet skal ein gjennomføre ei vurdering om oppstart av arbeid med kommunal kulturminneplan. Kommentar: Det er viktig å sette fokus på kulturminne i ein meir overordna plan, både som ein ressurs som må sikrast og som satsingsområde innanfor reiseliv, utdanning, fysisk miljø, og for utvikling av attraktive tettstader, marknadsføring og identitetsskaping i kommunen. I den gjeldande kommuneplanen er det skissert at det skal utarbeidast ein eigen kulturminneplan for Øygarden kommune. Arbeidet er ikkje påbyrja. Ein eigen kulturminneplan vil kunne bidra til at det vert enklare å ta omsyn kulturminneinteresser i kommunalt planarbeid. Øygarden kommune er særleg rik på kulturminne frå steinalder. Kunnskap og bevisstgjering om kva som finnast av kulturminne og kor i landskapet ein kan vente å finne dei, er viktig for planlegging av arealsdisponering i kommunen. Kulturminneplan bør verte laga før ein går i gang med arealdelen av kommuneplanen. Oversikt over kjente automatisk freda kulturminne er systematisert i Riksantikvaren sin database Askeladden, medan informasjon om funn av lause gjenstandar er tilgjengelege frå Bergen Museum. Nettstaden www.kart.ivest.no er Hordaland fylkeskommune sin kartteneste. Informasjon om kulturminne er tilgjengeleg her. Kultur og idrettsavdelinga kan rådførast når det gjeld kulturminnefaglege spørsmål. Bergen sjøfartsmuseum kan gje informasjon om kulturminne under vatn. Ein vil rå til at kommunen nyttar tilgjengelege kjelder som grunnlag for arealdisponering. Støy Det er utarbeida ei ny retningslinje for støy i arealplanlegging. Denne retningslinja skal leggjast til grunn av kommunane, regionale myndigheiter og aktuelle statlige etatar ved planlegging og behandling av enkeltsaker etter plan- og bygningslova. Kommuneplanen tar sikte på å sikre at støy vert tatt inn som eit tema i samband med all arealplanlegging og med grunnlag i støykart gje føresegner om arealbruk. Kommentar: Både i høve til transportårer og industriområde er støy ein sentral problematikk og må legge føringar på bruk av kringliggjande areal, det må ved arealdisposisjonar også vurderast alternativ for støyskjerming. Jordvern og kulturlandskap Øygarden har saman med Fjell og Sund kommunar ein felles landbruksplan. Det er sett i gang arbeid med å revidere denne planen og eit tema i revisjonsarbeidet er å kartleggje viktige landbruksområde. Kartlegginga av kjerneområde for landbruk i kommunen skal inngå som grunnlag i samband med utarbeiding av arealplanen. Kartet og vidare føresegner i arealplan skal gje føringar for arealbruk i forhold til jordvern og kulturlandskap. Kommentar: Bruk av kjerneområde for landbruk er ein god strategi og bør sjåast i samanheng med punktet om langsiktig vern mot utbygging. Energi og klima Det er sett i gang arbeid med å utarbeide eigen Energi og klimaplan for kommunen. Strategiar og tiltak herifrå skal innførast i kommuneplanen. Ein skal vurdera tiltak kring energibruk i kommunale bygg og energieffektivisering. Utarbeide ein strategi kring kommunen si rolle som planmynde og korleis ein i føresegner og retningslinjer kan innarbeide gode løysingar kring energi og klima. Ein skal utarbeide strategiar i høve til alternativ energiproduksjon til dømes vindkraft. Vidare skal ein bruke samordna areal og transportplanlegging som tiltak og vurdere korleis problematikken kring aukande havnivå og nye bygg i strandsona. Kommentar: Omsynet til klima er blitt ein viktig premiss for arealplanlegging. Ut i frå klimaomsyn vil konsentrert utbygging langs kollektivaksane vere å føretrekkja. Det er viktig at kommunen no set fokus på desse spørsmåla og i sitt arbeid medverkar til ei berekraftig utvikling og eit meir klimavenleg samfunn. Kommunen kan gjennom utforming av retningsliner og føresegner til kommuneplanen sin arealdel, og gjennom byggesakshandsaming medverke til at spesielt nye større bygg vert utforma med 4
energiløysingar for framtida. Det er også eit viktig moment at det også innarbeidast planelement knytt til klimatilpassing. Estetikk og byggeskikk Med utgangspunkt i kommunal rettleiar for estetikk og byggeskikk, skal ein vurdere korleis innhaldet i denne kan innførast i føresegner og retningslinjer for byggeområde i kommuneplanen sin arealdel. Kommentar: I eit landskap som det Øygarden er prega av, er det særskilt viktig å sjå estetikk og byggeskikk i ein større samanheng. Bygningar er ofte visuelt eksponerte og dermed med på å prege landskapet i stor grad. Universell utforming Det er eit krav at kommunen skal ivareta universell utforming i all planlegging etter plan- og bygningslova. Ut i frå dette skal ein vurdere behovet for å utforme særskilte retningslinjer og/eller føresegner om universell utforming og sikre at relevante organisasjonar, brukargrupper og enkeltpersonar får høve til medverknad. Kommentar: Universell utforming kommer inn på mange områder i planlegging både i utforming av bygningar, offentlege funksjonar, uteområde og transportnett. Tilrettelegging for universell utforming er gjerne noe som alle tenar på og kan også vere ein konkurranseføremon. Born og unge Kommunen ønskjer å sjå på behovet for å utforme særskilde retningslinjer og/eller føresegner som skal medverke til å ivareta born og unge sine interesser i all planlegging i kommunen. Vidare skal det verte føretatt registrering av barnetråkk ved skular og barnehagar. Kommentar: Born og unge sine interesse er eit element som særskilt må komme inn i planlegging av bustadområde i forhold til skule og barnehagar. Ofte vil ein og sjå at omsynet til born og unge, folkehelse, trafikksikring og energi/klima vil verke i same retning og at det dermed står fram som enda meir vesentleg. Trafikksikring Trafikk sikring er tatt med som eige punkt. Målet er å gjennomgå gjeldande trafikksikringsplan og sjå på om denne framleis er tilfredsstillande, og å vurdere om eventuelt einskilde føresegner og retningslinjer bør takast med i kommuneplanen. Kommentar: Å gje trafikkrikring ekstra merksemd ved å ta det opp som eige punkt i planprogrammet synar at ein tek dette omsynet på alvor. Igjen er det på sin plass og sjå det i samanheng med utvikling av gang- og sykkelvegar. Program for konsekvensutgreiing med kommentarar Det er gjeve ei brei framstilling av tema til konsekvensutgreiing i forslaget til planprogram. Dei tema som er teke med er: Miljø o Biologisk mangfald o Landskapsbilete o Kulturlandskap og kulturminne o Energi og klima Naturressursar o Marine ressursar, sjø og strandsone o Landbruk, jord og skog Samfunn o Friluftsliv o Trafikk o Barn og unge sine interesser o Helse Risiko- og sårbarheitsanalyse 5
Kommentar: Planprogrammet får med seg alle vesentlige tema som må utgreiast og legger opp til god handsaming av dei. Omsynet til Born og unge sine interesser og til helse, er noko spinkelt formulert, men ein vonar at dette vert grundigare innarbeida i sjølve planforslaget. Folkehelse må fokuserast på i planarbeidet. Tilgjenge til landbruks-, natur- og friluftsområde og tilrettelegging av gode uteareal for barn og unge er god folkehelse. Det har vore auka fokus på folkehelse i plansamanheng dei siste åra, og dette må sjåast att i planprogram og i kommuneplanen. Kartbilag samt eventuelt supplerande ortofoto gjev godt grunnlag for å vurdere konsekvensar av tiltak. Vidare vil vi peike på at summen av tiltaka må verte vurdert slik for å få fram ei samla oversikt over konsekvensane. Samfunnet vårt står no overfor nye utfordringar i samband med klimaendringar og tema klima må få brei plass i konsekvensutgreiinga. 3. Samla vurdering Øygarden kommune har lagt fram eit oversikteleg, gjennomarbeida og heilskapeleg høyringsforslag til planprogram for rullering av kommuneplanen. I forslag til planprogram har kommunen eit breitt fokus på dei viktigaste tema og problemstillingar som kommunen no står framfor. Tema som er tatt opp er grundig behandla og relevant for rulleringa. Utfordringa med å utvikle Rong som kommunesenter bør liggje som ein premiss for planarbeidet. Ein vil også tilrå at det i planarbeidet også vert gjeve auka merksemd om folkehelse. Kommunen sin tilgang på industriareal som gjev fleksibilitet i tilbodet for etablering av nye verksemder er av regional interesse og ein ønskjer å stø opp under dette arbeidet. Planprogrammet er grundig og ambisiøst og det er viktig å leggje opp til og sørgje for ei god og realistisk framdrift i arbeidet. Vert dette gjort, meinar ein at planprogrammet er løfterikt i høve til å få til ein god kommuneplan. 6