ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011



Like dokumenter
ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009

3. Statistikk ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005

Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet?

Å VANDRE MED HÅP 2011

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016

Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD!

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Eilev Erikstein Mobil / e-post heimeside: ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2008

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSRAPPORT for PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK 2018 Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU!

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Eit friminutt frå sorga

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsbrev for ROSA mars 2015

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Møteprotokoll for møte i

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Til deg som bur i fosterheim år

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

DEN NORSKE KYRKJA Agder og Telemark biskop

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

/

Velkomen som konfirmant!

Informasjon til elevane

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Valdres vidaregåande skule

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

IKT-kompetanse for øvingsskular

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Velkomen som konfirmant

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kom skal vi klippe sauen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Teknikk og konsentrasjon viktigast


Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal


Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

mmm...med SMAK på timeplanen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

6. trinn. Veke 24 Navn:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Transkript:

ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011 Mangt kan ein kan rapportera frå i eitt årsoppgjer for diakoniarbeidet i Vest-Telemark. Talet på gudstenester og husbesøk, sorggrupper eller pilegrimsvandringar. Men mennesket vil alltid vera det viktigaste verdien. Vakrare enn alt er menneske som reiser seg: Slik skreiv ein av deltakarane etter pilegrimsvandringa Å vandre med håp. Var det dette jeg skulle lære denne gangen at jeg er fatisk godtatt selv om jeg ikke gjør. Kanskje det finnes mennesker som synes om meg selv om jeg går rett på trynet å ikke funker. Ja det må være den lærdommen som jeg fikk som pilegrim dette året selv en knekt løvetann har sin verdi. 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRINGAR Grasrotarbeidet, i sorg og kriser, den direkte kontakten er framleis det viktigaste i prostidiakontenesta. Sist år er det gjennomført over fem hundre og femti samtaler og besøk. Å vandre med håp, er ikkje gjeldande definisjon av diakoni. Men kunne godt ha vore det. Slik vart det opplevde etter årets pilegrimssamarbeid mellom psykisk helse og diakoni. Til saman åtti menneske var involvert i vandringa frå Grunge kyrkje til Røldal. Ekstra moro var det å ha med biskop Olav Skjevesland og 20 diakonar den siste dagen av vandringa. Elles går samarbeidet med Distriktspsykiatrisk Senter ( DPS) i Seljord sin gang. DPS står for 2.lina i det psykiske helsevernet i Vest-Telemark. Frå 2010 har underteikna hatt funksjon som diakon der. Oppgåvene er mellom anna livsynsgrupper i Det Stille Rom, og samtaler kring eksistensielle/ åndelege spørsmål. Dette arbeidet fører med seg mange nye kontaktar mot brukarar av psykiske helsetenester. Sidan 2004 har Diakonatet og Vinje kommune arrangert Verdiseminar. Denne gongen som eit Ungdomens Verdiseminar. Her møttes ungdomskuleelevane frå Vinje for å reflektere over det å Å velje rett. Utfordringa er å gjere Vest-Telemark kyrkja meir diakonal. At diakonien vert ein raud tråd i sokneråda sine planar, i stabane sine møte og mellom dei alminnelege kyrkjegjengarane. Noko som gjer ein skilnad for menneske. 2. ARBEIDSOMRÅDE 1

FORKYNNING OG UNDERVISNING OM DIAKONI. Dette skjer gjennom gudstenester (24),diakoniundervisning for alle konfirmantane, kursverksemd, soknerådsmøte og diakonispalta i Vest Telemark Blad OPPRETTING OG OPPFYLGING AV DIAKONIORGANA I KYRKJELYDANE. Det er diakoniutval i Kviteseid, Nissedal/Treungen, Grunge og Fyresdal. Utvala har ansvar for blomehelsingar, helgemesse og diakonidagar. SAMARBEID MED SOKNERÅD OG KYRKJELEGE TILSETTE I PROSTIET. Samarbeidet skjer på mange felt. M. a gjennom å møte med sokneråd og diakoniutval. Elles deltek eg fast på møta i preste- og diakon fellesskapen i Vest-Telemark, og samlingar som prosten kallar inn til. Saman med sjukeheimsdiakonen i Tokke, lagsdiakonen på Kvitsund og soknediakonen i Seljord undervist om diakonoppgåver på Fagdagen for prostiet. (Bilde: Frå Fagdagen i Vrådal) OPPLÆRING OG UTDANNING AV FRIVILJUGE MEDARBEIDARAR. Så godt som råd vert det prøvd å følgje opp dei friviljuge. Om ikkje anna er målet at dei ein eller annan gong gjennom året, får ei rose. Diakonisamlinga for Vest-Telemark er eit årleg samlingspunk. ARBEID MED Å STYRKE FELLESSKAP OG OPPRETTEOMSORGSGRUPPER. Sist år har det vore to Leva - Vidare grupper i sving. (Åmot og Dalen).Elles er det tilbod om Livssynsgruppe på Distrikts- psykiatrisk Senter i Seljord. ARBEID MELLOM DEI INNSETTE I SKOGSLEIREN I FYRESDAL Det er månadlege visitørbesøk. Kvar gong er det mellom 10-15 innsette som drikk kaffi og et kake med oss (Statistikken seier 98 i alt ).Fire visitørar deler på denne tenesta. Elles vert tilbodet om meir individuelle samtaler godt utnytta.(17). Oppslutninga om kyrkjeskyssen varierar noko. Alt i alt er det 9 friviljuge medarbeidarar knytt til skogsleirarbeidet. Pinseaftan kom 12 innsette på tur til Dalen og Rui. I romjula var ein gjeng innsette tradisjonen tru - til juleselskap på Dalen. ( Bilde: Tur til Rui) GJE HJELP TIL MENNESKE I AKUTTE, VANSKELEG LIVSSITUASJONAR. Jamt over annan - tredje kvar veke kjem det nye kontaktar. Elles er det utrykkingar i samband med arbeid i krisegruppene. I samband med dette har eg leia tre debrifiingar. I april var eg med å arrangerte eit kurs for alle krisegruppene i Vest-Telemark. Det vart delt ut fem oppmuntringspakkar til jol. Ei raus minnegåve etter Odd Arnt Olsen gjer at me midlar til å hjelpe folk utanom juletida. STOFF TIL KYRKJELYDSBLAD, AVISER OG RADIO. Kyrkjelydsblada i prostiet får jamlege stoff. Etter kvart er kommunane sine heimesider ein fin plass å få ut ting. Diakonispalta i Vest Telemark Blad er ein fin måte å få ut diakonale drypp på. (48). Telemarksavisa har ei spalte kalla Påfyll med diakonistoff. ( 29). I samband med 2

innsamlinga til Kirkens Nødhjelp- aksjonen får me disponere to avissider i VTB. Eg er òg inn med livssynskronikkar i Varden. Elles finn ein jamlege oppdateringar av heimesida. HA KONTAKT MED OFFENTLEG SOSIALTENESTE OG HUMANITÆRE ORGAN. Prostidiakonen er med i dei kommunale krisetema i Nissedal, Vinje, Tokke og Kviteseid og Fyresdal. Kontakten med skular, sosialkontor, barnevern og arbeidsmarknadsbedriftene er god. Sist år har eg delteke ei ansvarsgrupper. Samarbeidet med Vest-Telemark psykiatrien om pilegrimsvandringa til Røldal Å vandre med håp, vart gjennomført for fjerde gong. I september vart eg invitert av Vest-Telemark Rådet til å snakke om etterarbeidet etter 22.07.11 MÅLA SOM VART VEDTEKE PÅ ÅRSMØTET FOR 2011/12: 1. Diakoni i Vest-Telemark Kyrkjemøtet vedtok i 2007 ein overordna plan for diakoni i kyrkjelydane. Dei fire overskriftene som planen er knytt opp mot er: o Nestekjærleik o Inkluderande fellesskap o Vern om skaparverket o Kamp for rettferd (Frå årsmøtet i Treungen kyrkje 10.04.11) Diakonen og styret for diakonatet i Vest-Telemark vil arbeide for at denne planen skal bli kjent i kyrkjelydane i Vest-Telemark og føre til lokale diakoniplanar og diakonale tiltak. Målgruppe: * sokneråda - som har ansvar for diakonien i kyrkjelydane * dei tilsette på alle plan i kyrkja 2. Verdiar i Vest-Telemark Diakonatet ser det som viktig i perioden å halde fokus på verdispørsmål, inkludert verdiane som styrer utviklinga i Vest-Telemark. Diakonatet har gjort avtale med Vinje kommune / Kulturårshjulet om å arrangere verdiseminar kvart år. Målgruppe: * fagseminar for tilsette - også for tilsette utanfor kyrkje * dels seminar opne for alle. RESULTATVURDERING: Dei fire områda i Diakoniplanen er styrande for arbeidet. Nestekjærleik blir ikkje minst uttrykt innan samtaler/husebesøk. Inkluderande fellesskap skjer på mange område: Skogsleirarbeidet, Verdiseminaret, pilegrimsvandringar, Leva - Vidare- grupper. Vern om Skaparverket og Kampen for rettferd vert ikkje minst trekt fram under konfirmantsamlinga for Vest-Telemark, og i samband med den årleg KN-aksjonen. (Bilde: Frå Ungdomens Verdiseminar) 3

3. STATISTIKK SAMTALER/ HUSBESØK I DEI EINSKILDE FELLESRÅDSOMRÅDA: FYRESDAL 37 (35) NISSEDAL 31 (26) TOKKE ( Høydalsmo/Lårdal, Eidsborg/Mo/Skafså) 174 (135 ) KVITESEID ( Kilen/Fjågesund, Vrådal, Brunkeberg, Kviteseid) 87 (82) VINJE ( Møsstrond, Øyfjell, Rauland, Grunge, Vinje/Nesland) 145 (215) SKOGSLEIR 17 (14) DPS 72 (15) Til saman 563 (522) Tala handlar ein 193 ulike saker. Fjorårets tal i parentes. Dei fleste samtalene går over to til tre gonger. Målet mitt å gje folk tilbod innan ei veke. Ein annan statistikk er køyrte kilometer. I den nylesa Toyota Auris syner trippteljaren 32 531. Den nye bilen har vore ei stor velsigning for meg. Takka vera god sponsorar og gunstig ordningar sparer òg Diakonatet pengar på ordninga. 4. AKTIVITET NISSEDAL Eitt diakoniutvalsmøte med førebuing av Diakonisamlinga i Treungen/ vore med på pilegrimsvandring med konfirmantane og elles to konfirmanttimar/vore diakon under Treungenfestival i august./ delteke på førbuingskurs til vaksenlivet med 10.klasse i Nissedal/ halde 17.mai tale i Nissedal FYRESDAL Eit soknebod/ 11 samlingar i skogsleiren m a. juleavslutning i skogsleirlavoen med soknepresten/medansvarleg for Diakoniens Dag/ organiserer kyrkjeskyss og besøk i skogsleiren / delteke på Jonny Cash -gudsteneste i Moland kyrkje / vore med på introduksjonsprogrammet for innvandrar på Telemark Lys ( tre samlingar a tre timar) KVITESEID Eitt soknerådsmøte/to konfirmanttimar / andakt på to føremiddagstreff på Misjonshuset/ / forretta i to gravferder/ medansvarleg for Diakoniens Dag i Kviteseid/ preika på skulergudsteneste i Vrådal/ eitt krisegruppemøte/ to vegleiingsamtaler med lagsdiakon på Kvitesund/ delteke på VIP-undervisning på Kvitsund/ saman miljøarbeidar leia seks Guysgruppe på Kvitsund og to undervisningstimar saman med ei innsette frå Skogsleiren/ tala på juletrefest i Ordal og eit førejulstreff i Morgedal/ VINJE To stabsmøte /Fire konfirmanttimar i Rauland og seks i Vinje / Medansvarleg for Diakoniens Dag i Rauland og Nesland og Solidaritetsgudsteneste i Nesland/ andakt på ljosmesse på Åmot skule/saman med rektor i Anders Sandvik og elevar ansvarleg for Verdiseminar for ungdom på Vinjehuset/ preika på Snøformingsfestivalmessa i Åmot/ delteke på konfirmantfest i Rauland/ to Krisegruppemøte/preika på Møsstrond palmesundag/ to soknebod/ delteke på konfirmantleir for Rauland og Vinje på Songa/ pilegrimsgudsteneste i Vinje kyrkje/ saman 4

med Kulturkontoret ansvarleg for pilegrimsvandring(dks) for 5-7 klasse ved Åmot skule og Vinje Oppvekstsenter/ Kåsert om arbeidet som prostidiakon på Pensjonistlagsmøte for Ytre Vinje/ to visitasplanleggingsmøte/ saman med soknepresten organisert adventstund på Bruli i Åmot/ eitt eldretreff på Grungom/ ei urnedsetting TOKKE Seks stabsmøter/ eit soknerådsmøte for Eidsborg/Mo/ Skafså /preika på Diakoniens Dag/ Ungdomsgudsteneste på Kulturhuset på Dalen/ansvarleg for ei ljosmesse saman med konfirmantane / delteke på Helgemesse i Eidsborg/forretta i tre gravferder / to krisegruppemøte/ ansvarleg for Kirkens Nødhjelp-aksjonen i soknet/eit soknebod/ leia samtale etter Utøya i 10.klasse ved Tokke skule/leia markering etter ei bilulukke/ hatt med stortingsrepresentant Lene Vågsli (AP) på jobb for å syne kva ein prostidiakon gjer/ saman med lærar og helsesyster leia ei Gute-gruppe på Høydalsmo skule ( 4)/ to soknebod TAL OG ARRANGEMENT FELLES FOR TOKKE, VINJE, NISSEDAL, FYRESDAL OG KVITESEID. Tre styremøte i Diakonatet pluss årsmøtet/ansvarleg for Diakonisamlinga for Vest-Telemark med markering av hundreårsjubileet for Gotfred Rekkebo(Diakoniprisen for 2011 gjekk til Martha Tveit frå Nissedal).Medansvarleg for konfirmanttreff på Vinjehuset/ delteke på sju preste- og diakonmøte i Vest-Telemark prosti/ distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp/ansvarleg for Diakonispalta og Fasteaksjonsida i Vest-Telemark Blad/ kyrkjeleg vandringsleiar Seljord-Røldal ( ni dagars vandring) / prosjektansvarleg for pilegrimspsykiatrivandring frå Grungedal til Røldal med namnet Å vandre med håp/ delteke i fagdag for Vest-Telemark prosti/ delteke på Yrkesmessa på Vest-Telemark Vidaregåande Skule/ i samarbeid med prosten og kyrkjeverja i Tokke gjeve ut Påskehefte med opplysning om alle gudsteneste i V.T i påska./ delteke på Turneringskveld for Ungdomsklubbar/Lagsarbeidet i Vest-Telemark/ delteke på årsmøtet for Pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal pluss to styremøte/i samarbeid med Haukliseter-festivalen arrangert Pilegrimsvandring og 1. pinsedagsmarkering i Ulevåskaret/ fortalt om Å vandre med håp og leia ei kort pilegrimsvandring for tilsette i Kyrkjerådet i Oslo, mot St. Olavs kjelda i Brunkeberg/ Undervist om pilegrimsvandring og psykisk helse for staben i Agder/ Telemark bispedømme og bispedømmerådet/ hadde med fylkesutvalet for Kultur og Næring på pilegrimsvandring i Morgedal/ undervist på Krisekurs i regi Kvinners Frivillige Beredskap ( Bø) / delt ut buffar med Å gjera Vest-Telemark til ein varmar stad å bu til tilsette i kyrkja og andre samarbeidspartnar. UTANOM VEST- TELEMARK Saman med soknediakon Ivar Solbu møtt kyrkjeminister Rigmor Aasrud (bilde) for å samtale om nytta av diakonstillingar (Statsbudsjett for 2012 syner at det ikkje hjalp denne gongen).delteke på høyring 5

med Nasjonal kyrkjeleg pilegrimsutval i Kyrkjas Hus i Oslo/ føredrag for nordiske diakonirådgjevarar i Oslo og på Generalforsamling i Diakonforbundet med tema `Å vandre med håp./ saman med Ivar Solbu undervist diakonane i Møre bispedømme,( Molde) temakveld i Farsund kyrkjelyd, på Lunde Bedehus (Lunde) og delteke på inspirasjonskveld for kyrkjelydane i Tinn// halde inspirasjonsføredrag om diakoni for Eid kyrkjelyd, Grimstad./medlem av sentralstyret i Det Norske Diakonforbund/ halde føredrag på Pilegrimsdagane i Skjåk/ kåsert om pilegrimsvandringar på Seniortreff for Skien kyrkjelyd på Gaustablikk/ delteke på Vest-Telemark Treff i Oslo/Delteke på Diakoniens Dag på Diakonhjemmet og Landstyremøte for DNDF i Oslo/ Ei bisetting i sjukehuskapellet i Arendal/Snakka om Vest-Telemark modellen i diakoni for prestane i Aust- Nednes prosti/ Landsgruppa for Prostidiakonar arrangert eit seminar om Gotfred Rekkebos( 1911-93) diakon på hundre års dagen for hans fødsel./ Sidan hausten 2011 mentor for Trusopplæringa i Sauherad kyrkjelyd/ på plenumsdebatten om diakontenesta på Kyrkjemøtet i Tønsberg/ DIAKONALE VANDRINGSTANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP Dag 1.Grunge kyrkje- Edland Det største spørsmålet handler om hvordan vi kan bli større mennesker. Og hvordan vi kan unngå å krympe. Det er trist og skummelt å se hvor lett mennesker krymper. De velger livsvei, kjæreste eller yrke som gjør dem mindre, og de blir ikke den de kunne ha blitt. Derfor: Bli større! ( Tomas Espedal) Utan for kyrkja trippar pilegrimane for å kome av garde vestover. Temperaturen er grei. Men frosten er i meg. Han kom tidleg i år. Men det er varme i fellesskap og folk. Viktigare enn nokon gong synest det å vera å gå saman. Ei lita beite er eg attende i Panebaq, Guatemala. Eit stor jordskred hadde teke skulen, og fleire hundre born var gravlagt i leira. Me var på studietur med Kirkens Nødhjelp, og var invitert på ei eittårsmarking for katastrofen. Hit går me med håp, sa ein kar. Sorg har me alt for mykje av. Sorg kan nok delast, men innerst inne er kvar og ein av aleine med henne. På kyrkjegarden her ligg Olav Midtveit. Ein ung kar ( 27 år) som døydde under Tokke-utbygginga. Vinjepresten den gongen måtte gå med dødsbod. For å arbeide seg gjennom hendinga malte han eit bilete. Venen Tarjei Vesaas fekk sjå måleriet, og sette seg ned og skreiv diktet Berget gret som sluttar slik. Alltid græt berget Tusenårs gråt ber dei merke av Når ein kjenner dei Berga og gråten Har ein med seg sjølv Dag 2; Edland- Vågsli Så hiv eg etter pusten i bakkane opp frå Edland. I dei grøne liene med gule flekkar får eg ein assosiasjon til boka Kimen. Tarjei Vesaas skreiv boka i 1940. Bakgrunnen er krigen, men den ytre historia handlar om mord og ufred på ei lita øya. Men ei held vona levande. Når heile 6

øya er samla ropar ho ut: Men øya er då enno grøn, og så fortel ho at ho er med born. Midt i det vonde, lyser håpet. Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje -- at tidi skal åpna seg at hjarta skal åpna seg at dører skal åpna seg at berget skal åpna seg at kjelder skal springa -- at draumen skal åpna seg, at me ei morgon stund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst om. (Olav H. Hauge) Dag 3: Vågsli- Ulevå I det øyeblikket livet blir mindre, lukker en seg, og man ser ikke verden som den er. Verden er stor. Og kompleks. Skal man åpne seg opp for det, må man velge det som krever noe. Da blir livet rikere. ( Tomas Espedal) Ved Havradalsvegen går det rett vest, og eg tek til å glede meg over å møte min gode kamerat Store Nup. Aldri har eg vore opp på den 1661 meter høge venen. Men eg likar han. Kva store Nup tenker om meg veit eg ikkje. Det gode med fjellet, seier forfattar Georg Johannessen, er at de ikke bryr seg om mennesker. Likevel er kanskje difor, er dei heilt sentrale i mange liv. Filosofen Arne Næss sa ein gong, at han var glad han vaks opp utan ein nærverande far. Slik fekk han Hallingskarven som far i staden. Og nokre strofer frå Bibelen når meg. Eg lyfter augo mine til fjell. Kvar skal mi hjelp kome frå? Mi hjelp kjem frå Herren. Så ber eg for alle dei mange som ikkje opplever noko hjelpa. Dei som kjenner at Gud er fjernare enn alt. Som synest at Gud vart borte i Auswich eller andre terrorplassar. I fortvilinga og trass nynnar eg på ei gamal salme. Nærmere deg, min Gud Nærmere deg, Om det et kors enn er som løfter meg Synes dog meg veien trang Er det dog all min sang Nærmer deg min Gud Nærmere deg Dag 4: Ulevå- Svandalsflona Så er det som om Gud kjem nær meg på ein spesiell måte her i fjellheimen. Som om det berre er ei tynne hinne mellom oss og Gud. Det er strålande å gå lang Ulveåvatnet. Fint å følgje dei svakt stigane vegane opp mot Dyrskar. Som godt kan tenkast å ikkje handle om dyr, men heller om dør. Det likar eg. Dyrskar som den stor døra mot Vestlandet. Folk på pilegrimsvegen vert gode vener for nokre dagar. Kameratar på vegen. Eg veit mest ikkje noko betre bilde på slike venskap, enn glade og lyslugga Emil og drengen Alfred. Du og eg, Alfred. Ja, du og eg. Emil. Meir trengs ikkje seiast. Emil er forresten kan eit av dei sterkast utrykk for solidaritet og diakoni. Emil oppdaga at styrarinna på gamleheimen held unna julemat til seg sjølv, så han tek dei gamle heim til seg og trakterar. I glede 7

over endeleg å kunne ete seg mett, bryt fattigmannen i lovsong: Berre sæle og lys heile vegen, seie Gale Jocke. Emil kom ikkje med smular, men raus og god, dreiv han og bygd ei meir rettferdig verd. Det handlar om å ta Gud ned på jorda. Så vert den gode Emil ein gudstenar, for ikkje å seie diakon. Slik me alle skulle vera. Velg det som utfordrer og gir vanskeligheter! Alltid! I valget mellom lette og vanskelige løsninger, må jeg velge de vanskeligste. Alltid! Derfor havner jeg andre steder enn der jeg trodde jeg skulle ende opp. Alt blir større. Jeg blir større.( Tomas Espedal) Dag 5; Svandalsflona- Røldal Eg har lite røynsle med bordellar. Men i dei grøne liene ned mot Røldal stikk tankane på bordellbesøk. Ein rein studietur vil mange seie. Sant var det òg. Staden var den fantastiske byen Salvador på Austkysten av Brasil. Me var med ein lokal organisasjon for å dele ut kondomar. Roma var små og skitne. Ei dør vart opna av eit vindpust. Innafor var det full aktivitet, eg ville no helst ikkje sjå og lyfta blikket. Høgt på veggen hang eit Kristuskrusifiks. Så var han også der tenkte? Gav han støtte til dei krenkte der inn? Såg dei opp på Han og kjende seg elska trass alt? I takksemd for god vandring bøyger eg hovudet under krusifikset i Røldalkyrkja. Teiknar meg med krossmerket Hit har mange vandra med god von. Somme fekk livet endre. Andre måtte tusle like kleine attende. Så er det vel slik at ein somtid må reise bort før ein kan kome heim. Og Tomas Espedal si utfordring om å bli større som menneske, tek eg meg vidare. Gjennom å velje det som krev noko ekstra av oss. Slik utvidar me liva for oss sjølve og andre. Sidan 1985 har Vest-Telemark hatt Prostidiakon. Prostidiakonen i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Pengane til stillinga kjem dels frå dei samarbeidande partane, kyrkjedepartement og Agder og Telemark bispedømeråd. Diakonatet har eit valt styre. Styreleiar er Oscar.J. Garnes, Vinje. Tokke kyrkjelege fellesråd fører rekneskapen. Kyrkjekontoret på Dalen er kontorstad for prostidiakonen. Prostidiakon Eilev Erikstein e-post: eilever@online.no www.prostidiakon.no mobil 91113580 Nokre nøkkeltal for 2011. Samtaler 563 Gudstenester 24 Skogsleirbesøk 11 Trefftid DPS- Seljord 20 Leva-Vidare grupper 2 Viktig fellesarrangement for Vest-Telemark: Pilegrimsvandring Vest-Telemark Røldal Å vandre med håp - i samarbeid med Psykisk helse/vi-to/dps Verdiseminar i samarbeid med Vinje kommune Diakonispalta i Vest-Telemark Blad 49 Distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp i Vest-Telemark Diakonisamlinga for Vest-Telemark i Treungen 8

9