Vest Telemark Nei til EU sin høyringsuttale til NOU 2012:2 "Utenfor og innenfor" (Europautredningen)

Like dokumenter
OM UTVALGET. Nedsatt av Utenriksdepartementet 7. januar 2010 Forskningsbasert, bredt sammensatt Uavhengig. 12 medlemmer Sekretariat

EØS OG ALTERNATIVENE.

Nei til EUs høringsuttalelse til NOU 2012:2 Utenfor og innenfor (Europautredningen) Vedtatt av Nei til EUs styre 16. mars 2012

Mat og landbruk. Vurdering av innhaldet

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

EUs utvikling og utfordringer for Norge. To år etter europautredningen

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

«EUROPAUTREDNINGEN» HVORFOR DEN BLE SOM DEN BLE

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Innspill til regjeringsplattform Fra Europeisk Ungdom og Europabevegelsen

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Handelsstrategiar og handelsstruktur - EU og landbruksvarehandel. Seminar Landbrukets Utredningskontor 13/ Torbjørn Tufte

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Stortingsvalget Nei til EUs kandidatundersøkelse om aktuelle EU-spørsmål

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

MØTEPROTOKOLL. Andre som var til stades på møtet: Ordførar M.Aase, skule- og barnehagefagleg ansvarleg K.Steinsland og ass.rådmann H-L.

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

St.meld. nr. 9 ( )

Høyringssvar - "Veivalg for fremtidig kirkeordning" Bø sokneråd

Dette mener partiene om EU-medlemskap, EØS-avtalen, Schengen og Jernbanepakke IV

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Synspunkter på Bygningsmeldinga

St.meld. nr. 10 ( )

Ø sosialdeparteme ntet

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Balestrand og Høyanger

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Årsmelding Fitjar Fagskule Helsefag- Eldreomsorg deltid over 2 år.

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

HØyring - lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring - om deltaking og engajement i lokalpolitikken

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Aurland kommune Rådmannen

MELDING OM DELEGERT VEDTAK

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje

Rapport. Søkelys på landbrukspolitikken i EU

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Fakta-ark om kommunereformen Politisk aktualitetsnotat 4/2014

FRÅSEGN - NOU 2011:15 ROM FOR ALLE - EN SOSIAL BOLIGPOLITIKK FOR FREMTIDEN

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Styresak. Gjertrud Jacobsen Tilrettelegging av sjukehustenester i Bergensområdet. Styresak 92/05 B Styremøte

Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

INTERNASJONAL STRATEGI

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting

EuroTrans The Transformation and Sustainability of European Political Order Erik Oddvar Eriksen, senterleder ARENA

Vest-Telemarkrådet. Høyringsuttale gjeldande rapport om brann- og redningsvesenets organisering.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Nei til EUs innspill til partienes programarbeid

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Klimaplan for Hordaland Høyringsutkast

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

SCHENGEN I SPENN flyktningkrisen, grensekontroll og alternativer

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Nasjonalt rammeverk for kvalifikasjoner i høyere utdanning

Kvam herad. Sakspapir

BREMAN GER KOMMUNE Sakspapir

Regionalt økonomiforum BTV Innspel til høyring om nytt inntektssystem

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Stortinget og suverenitetsavståelse

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /16 UTTALE TIL FRAMLEGGET TIL NYTT INNTEKTSSYSTEM FOR KOMMUNANE

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Styresak. Dato skriven: Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring

10Velstand og velferd

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Transkript:

Vest Telemark Nei til EU sin høyringsuttale til NOU 2012:2 "Utenfor og innenfor" (Europautredningen) Vedtatt av Vest Telemark Nei til EU sitt styre 3.mai 2012 Europautredningen la i januar fram NOU 2012:2 "Utenfor og innenfor Norges avtaler med EU". I utredningen sitt mandat heiter det blant anna: «Utvalgets arbeid skal være forskningsbasert og ledes av forskere med høy faglig troverdighet. Det skal gis rom for brede og kritiske faglige vurderinger.» Dokumentet er sendt på høyring i regi av Utenriksdepartementet, med frist 6. mai. Regjeringen skal legge frem ei melding for Stortinget om Norge sitt forhold til EU. Dette notatet er Vest Telemark Nei til EU sitt høyringssvar, vedtatt av styret 3.mai. Hovedmerknad Vest Telemark Nei til EU er tilfreds med at det er gjennomført ei evaluering av Norge sitt forhold til EU både den heilt spesielle EØSavtalen og dei øvrige 73 avtalene Norge har inngått med EU. Utredningen gir eit godt kunnskapsgrunnlag for ein viktig samfunnsdebatt i Norge. Vest telemark Nei til EU er tilfreds med at utredningen skal ha form av ein NOU. Dette må Regjering fylgje opp med ei stortingsmelding, noko som bidreg til ein brei samfunnsdebatt om viktige spørsmål som NOU-en reiser. Me er glade for å bidra. Vest Telemark Nei til EU meiner det er beklageleg mangel at Europautredningen ikkje fekk mandat til å vurdere alternativer til EØS. I ein situasjon der norsk EU-medlemskap står som eit ikkje-alternativ på grunn av folkemeinga, vert debatten haltande dersom den ikkje og tar opp i seg at Norge har val-mogleikar, som vil kunne ivareta på ein god måte dei svakheter ved EØS som blant anna kjem fram i Europautredningen. Vest Telemark Nei til EU vil derfor peike på Alternativrapporten frå prosjektet Alternativer til dagens EØS-avtale som gir eit viktig og supplerande bidrag til samfunnsdebatten om EØS og til regjeringen sitt arbeid med å utarbeide ei stortingsmelding. Vest Telemark Nei til EU meiner det teikner seg eit viktig bilete etter Europautredningen sin alvorlige kritikk av EØSavtalen sitt demokratiske underskudd. Saman med det faktum at det foreligg eit rekordhøgt antall konfliktsaker mellom EU og Norge, samt Alternativrapporten sin dokumentasjon av at Norge har ei rekke valgalternativ, viser dette at det norske samfunnet treng ein ny EUdebatt; ein åpen, brei og demokratisk debatt om kva framtidig alternativ Norge vil vere best tent med i vårt samarbeid og vår handel med Den

europeiske union. EØS-avtalen er ikkje hogga i stein. Den har ein oppseiingsklausul, og mange har tatt til orde for ei endring av avtalen i ulike retningar. Denne debatten vil me bidra til. Me forventar ein åpen debatt fra både Regjeringa, Stortinget og dei politiske partia. I vår høyringsuttale vil me i all hovudsak fokusere på EØS-avtalen, men me fremmer og synspunkt blant annet på Schengen-avtalen, det utenrikspolitiske samarbeidet og det utdanningspolitiske samarbeidet. Vårt hovedsynspunkt er: Vest Telemark Nei til EU vil anbefale Regjeringa å ta med ei brei vurdering av moglege alternativ til EØS i den kommende stortingsmeldinga. Det er den eineste måten å svare opp den voksande uroen og motstanden mot EØS på, inngje tillit og bevare legitimitet overfor folk. Det hviler et særskilt ansvar på regjeringspartiene til å sikre nettopp dette. Kommentar til Europautredninga sitt delkapittel 6.4.6 Reservasjonsretten Misvisande om reservasjonsretten sin sannsynlege verknadar. Utredningen gjev ei mangelfull framstilling av verknaden ved bruk av reservasjonsretten og ein eventuell suspensjon av avtalen sin berørte del. NOU-en konkluderar: Det er samtidig lite sannsynlig at EU vil velge å ikke gjøre noen ting dersom Norge bruker reservasjonsretten. 2 Dette høver dårleg med forløpet så langt rundt reservasjonen mot EU sitt tredje postdirektiv. Delkapittel 10.5 EFTA sitt overvåkningsorgan (ESA) Mangelfullt om ESAs aktivitet Me ser at Europautredningen ikkje i tilstrekkeleg grad tar hensyn til viten frå (åpne) kilder som trekker i ein retning utvalget tilsynelatande ikkje er åpne for. ESA er ein kontroversiell instans i Norge, mest spissformulert av nåværende statsråd Giske, som har karakterisert organet som mer katolsk enn paven. Det er svært gode grunnar til å gå inn i ein kritisk analyse av overvåkingsorganet. Kapitel 16 Arbeidsliv Vest Telemark Nei til EU støtter mindretallet si framstilling av virkeligheten. Me meiner det ikkje er dokumentert at EØS-avtala er ein hovudårsak til den gode utviklinga i norsk arbeidsliv og norsk økonomi siden 1994. Det virker vel så sannsynleg at utviklinga i Norge primært kan forklarast med særeigne nasjonale forhold. Me meiner dessuten at utvalget underkommuniserer EØS-avtalen si tyding, utfordringer for norsk arbeidsliv og den norske modellen. Kapittel 17 Velferd og helse Fleirtalet i utvalet peikar på den eine sida på at norsk helse- og velferd er lite berørt av EØS-avtala. På den andre sida trekk dei fram positive effektar av avtala, og på område der Noreg tradisjonelt har vore føregangsland, som til dømes på likestillingspolitikken og i alkoholpolitikken. Problematiske sider

ved til dømes pasientrettighetsdirektivet blir underkommunisert, medan norsk politikk blir framstilt som enten å gå i same retning som EU fordi norske styresmakter ynskjer det, eller at det har flytta norsk politikk i positiv retning, som til dømes gjennom strengare krav til merking av sigarettpakkar eller sterkare aldersrettar. Dei positive sidene ved økonomisk vekst blir knytt til EØS-samarbeidet og gjort til eit grunnlag for velferdsstaten, medan dei eventuelt negative trendane i norske velferds-politikk ikkje blir knytt til EØS-medlemskapen. Denne typen ubalanse framstår i nokon mon som eit mønster i Europautgreiinga. Kapittel 18 Distrikts- og regionalpolitikk Vest Telemark Nei til EU stør mindretalet i utvalet i deira merknader til kapittelet, både når det gjeld mål og virkemiddel. Særleg viktig er poenget deira om at dagens framforhandla handlingsrom truleg ikkje automatisk vil bli større i takt med at behova blir det, og at alle avgrensingane i distrikts- og regionalpolitikken er kraftig underkommunisert i dette kapittelet. Vest Telemark Nei til EU er samde med utvalsmindretalet i at internasjonalt samarbeid er både nyttig og viktig, men at framtida for norsk distriktsutvikling er uviss under dagens dynamiske EØS-avtale. Vest Telemark Nei til EU meiner dessutan at Europautgreiinga i liten grad klarer å syne korleis 20 år med EØS-avtala har påverka norsk lokaldemokrati. Delkapittel 19.1 Energi Vest Telemark Nei til EU vil konkludere med at mogleiken for nasjonal politisk styring med eit uhyre viktig samfunnsområde vertutfordra og hindra på grunn av EØS. Delkapittel 19.2 Klima og 19.3 Miljø Vest Telemark Nei til EU meiner det er påfallande kor einsidig Europautredningens teikner bilete av miljø- og klimapolitikken si tyding for Norge. Utredningen underkommuniserer problematiske sider ved EU sin klimapolitikk, spesielt kvotesystemet og transportpolitikken, samstundes som ein ikkje viser til den viktigaste eksterne rapporten som seier noko om Norge si rolle som pådrivar internasjonalt. Delkapittel 20.3 Forskning og høgare utdanning Det er verdt å kommentere og minne om at intensjonen med EØS-avtalen var at utdanningspolitikken skulle vere eit nasjonalt anliggande. Dette har vist seg å ikjke holde stikk. Uten at det vert snakka om har EU sin utdanningspolitikk utvikla seg slik at den i høgste grad preger norsk utdanningspolitikk. Vest Telemark Nei til EU etterlyser ein tydeleg offentleg debatt, informasjon frå myndighetane og vilje til åpenhet om dei problemstillingane som vert reist rundt EØS-avtalen og norsk utdanningspolitikk. Delkapittel 21.1-21.3 Mat og landbruk Europautredninga sitt fleirtal overdriv dei positive og bagatelliserer dei negative effektane av EØS-avtala for norske forbrukarar og veterinærfeltet, utan å grunngje dette fagleg. Dei negative effektane av auka import blir framstilt som isolerte problem for norske særinteresser.

Det blir vist forståing for EUs manglande tolmod for auka liberalisering, medan lite vekt blir lagt på den store skeivleiken i EUs favør når det gjeld både handel og manglande utjamning av råvareprisar i protokoll 3. Dei positive effektane av EØS og EUs politikk blir tillagt stor vekt, medan dei negative effektane får liten plass. Vi ser igjen at utvalet har vel så mykje ein politisk som ein forskningsbasert inngang til sine vurderingar. Vurderingane blir einsidige og ubalanserte. Vest Telemark Nei til EU vil åtvara regjeringa mot einsidig å leggje Europautgreiinga sitt syn til grunn når det no skal utarbeidast ei stortingsmelding. Det er naudsynt at deira syn blir balansert i det vidare arbeidet. Delkapittel 21.4 Fisk I følge mandatet skal arbeidet vere forskningsbasert. For dei tema som her er undersøkt, det vil seie Nord-Norge og fiskeri, kan dette ikkje vere tilfelle. Perspektivet er mangelfullt og utvalget har ikkje lykkast i å kritisk undersøke EØS-avtalen sine konsekvenser for fiskerifeltet. Kapittel 22 Grensekontroll, politisamarbeid og innvandring Den stadig meir fjernstyrte politikken på det justispolitiske området fører til mindre ordskifte i Noreg, noko òg Europautgreiinga syner til ved fleire høve. Eit reelt folkestyre føreset eit offentleg ordskifte og folket må ha ei forståing av at politisk endring er mogleg. Dette ser ut til å vere stadig meir fråverande under Schengen-regimet. Kapittel 23 Utenriks, sikkerhet og forsvar Dette er eit forslag Vest Telemark Nei til EU vil gå sterkt imot. Ramma vil innskrenke handlefridomen. Det er mange dømer på at Norge ikkje følger EU sin politikk, til dømes når det gjeld deltaking i operasjonar. Behovet for åpenhet kan ivaretas på andre måtar. Tvert imot kan ein debatt og eit enda større demokratisk underskudd i forhold til EU. Vest Telemark Nei til EU støtter Europautredninga si påpeiking av manglande åpenhet om norsk utenriks- sikkerhets- og forsvarspolitikk opp mot EU. Me forventar at den kommande stortingsmeldinga svarar opp dette. Kapittel 24 Økonomiske bidrag til EU og EUlandene Vest Telemark Nei til EU støttar mindretallet si vurdering av at ein slik avtale vil vere negativ for Norge sin forhandlingsposisjon overfor EU. Frivilligheten i ordningane er ein fordel for Norge. At ordninga formaliserast er heller ingen garanti mot framtidige krav frå EU om auka beløp, slik fleirtallet ser ut til å leggje til grunn. Vest Telemark Nei til EU er prinsipielt imot at Norge skal måtte betale for ein gjensidig markedsadgang i forhold til EU. Me er derimot ikkje motstandarar av at Norge stiller seg solidarisk overfor fattigare europeiske land, men meiner at dette burde vere ein rein nasjonal beslutning. Når Stortinget nå eingang har gitt etter og auka beløpa så dramatisk, støtter me det bilaterale opplegget med direkte avtaler mellom Norge og enkeltland, ikkje minst for å prøve å hindre den korrupsjon og dei

forsvinnings-nummer som me ser knytta til midler kanalisert via EUsystemet. Vi er og positive til mange formål midlene blir bruka til, ikkje minst LO-initiativet om å bruke ein del av midla til å byggje opp eit organisert arbeidsliv i ein del EU-land. Kapittel 25 Norge sin samla tilknytning til EU Vest Telemark Nei til EU vil på dette grunnlaget hevde at påstanden om at Norge er 3/4 medlem av EU eller 3/4 tilknyttet EU sakner eit forskningsbasert grunnlag, og må avvisast som grunnlaus synsing. Regjeringa må nytte andre og betre metoder enn dei Europautredningen har bruka, dersom det er behov for å få fram ei gyldig kvantitativ beskriving av omfanget av avtaleverket mellom Norge og EU. Kapittel 26 Europeiseringen av Norge 1992-2011 Vest Telemark Nei til EU meiner det er påfallande at Europautredninga på så vidt mange områder gir misvisande eller villedande informasjon om den faktiske verkeligheten. Dette bør bety at Regjeringa må sikre seg alternative kilder på ei rekke områder når det skal utarbeidest ei stortingsmelding. Kapittel 27 Utenfor og innenfor Norge sitt europeiske dilemma Her ser me og ein mangel på presisjon og ein noko ensidig bruk av kilder frå Europautredninga si side. Dette er påfallande når me veit at den korrigerande informasjonhar vært offentleg kjent. Det kan tyde på at Europautredningen burde ha nytta seg av breiare kildetilfang. Det bør til gjengjeld Regjeringa sikre i det vidare arbeidet. Kapittel 28 Vegen videre Vest Telemark Nei til EU støtter de fleste andre meir avgrensa forslaga på ulike områder: - Innarbeide krav til ei beskriving av Norge sitt forhold til EU i læreplanane for grunnskule og videregående skule. - Styrke samarbeid med Eurostat for å muoglegggjere analyser av EØSområdet samla. - Styrke ytterligare den offentlege informasjon som vert gitt om europapolitikken og om avtalene sitt innhald og utvikling. - Foreta ein kritisk gjennomgang av korleis reglane om offentlege anskaffelsar vertutforma på nasjonalt nivå innanfor ramma av EU/EØSretten. - Innarbeide årlege oversikt over samla norsk økonomisk bidrag til EU/EØS-systemet i Nasjonalbudsjettet. Vest Telemark Nei til EU er ikkje avvisande til endringar i forhold til dagens praksis. Særleg endringar som kan bidra til ein opplyst og demokratisk debatt, endringar som kan frambringe ny viten, og endringar som kan avgrense tap av norsk suverenitet vil ha vår fulle støtte. Endringar som kan ha som konsekvens ein ytterlegare tilpasning

til EU har verken støtte i det norske folk eller i Nei til EU. Me stiller oss svært kritisk til at Europautredningen fremmer eit radikalt forslag om ein ny samarbeidsmodell innenfor rammene av EØS, med basis i at utvalget ikkje fekk mandat til å utrede alternativer til dagens EØSavtale. Me etterlyser derfor ein mykje breiare tilnærming når alternativer til dagens EØS-avtale skal vurderast. Avsluttande kommentar angåande Europa-utredningen sitt gjennomgåande perspektiv på forholdet mellom Norge og EU Konfliktpotensialet knytta til EU-lovgivning og ESA/EFTA-behandling av EU-lovgivning er betydeleg. Det er kime til konflikt i ytterligare saker enn dei som her er nemnt. Det vil ikkje bli ro om EØS-avtala framover. Det bare understreker behovet for å sjå om det finnes alternativer som kan redusere konfliktpotensialet og skape ei betre og meir ryddig situasjon, og som betre ivaretar norske interesser i orholdet mellom EU og Norge.