SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 14.02.2012 Tid: 17.00 OFFENTLEG SPØRJETID / TEMAMØTE Tema: Prestemarka v/grete Dalhaug Berg: Refleksjonar og synspunkt på tilbod og haldningar til dei utviklingshemma som likeverdige innbyggjarar i Skodje. Førebygging mot rus og narkotika v/ungdomsrådet: Greier vi å hjelpe tidleg nok? Ungdomsrådet inviterer kommunestyret til møte med Frode Tafjord den 19. mars. Status i samarbeidet med Voi v/ordføraren. Spørsmål: - Restaurering av Skodjebruene - Vegnamn, spesielt i nye byggefelt - Gamleskulen i sentrum Desse møtte: Fremskrittspartiet: Terje Vadset, ordførar, Kjell Arve Reiakvam, Helene Lianes, Terje Sortehaug, Frode Reiakvam, vararepr. for John Ola Røstad Arbeiderpartiet: Renate Grande Skodje, Kjell Haukeberg, Tone Fylling, Bjørn-Andre Stavset Senterpartiet: Modolf Hareide, Linda Stavset, Johan Honningdal, Inge Øye, vararepr. for Elise Stette Høgre: Lidvar Giskeødegård, Camilla Rønes Håhjem, Torbjørn Skodjereite, Leif Glomset, vararepr. for Torunn Mølsæter Venstre: Kari Grindvik, Rolf Stavset Kristeleg Folkeparti: Knut Strand, Gunnar Hauge 21 voterande. Frå administrasjonen møtte rådmannen, som førde møteboka. Bente Glomset Vikhagen, Nils Holten og Frode Helland møtte i delar av møtet. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. Til å skrive under møteboka saman med ordføraren vart Camilla Rønes Håhjem og Rolf Stavset samrøystes valde.
SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 1/12 12/109 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 13.12.11 2/12 12/54 KOMMUNAL PLANSTRATEGI PLANPROGRAM - OPPSTART AV PLANSTRATEGIARBEIDET 3/12 10/568 KONSEPTVALUTGREIING(KVU) FOR E39 - ÅLESUND - BERGSØYA UTTALE FRÅ SKODJE KOMMUNE 4/12 11/841 PLAN FOR EIGEDOM GNR. 24 BNR. 84 5/12 11/347 TILBYGG VALLE SKULE - ANBUD 6/12 11/871 SAMHANDLINGSAVTALAR HELSE MØRE OG ROMSDAL OG KOMMUNANE 7/12 09/126 BARNEREPRESENTANT 8/12 12/57 DELEGERINGSREGLEMENT FOR SKODJE KOMMUNE 2
Sak 1/12 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE 13.12.11 Protokollen frå møte 13.12.11 vert samrøystes godkjent. Sak 2/12 KOMMUNAL PLANSTRATEGI PLANPROGRAM - OPPSTART AV PLANSTRATEGIARBEIDET Modolf Hareide sette på vegne av SP fram slikt framlegg om tillegg i pkt. 2: Planprogrammet skal leggast ut på kommunen si heimeside og i Kommunenytt, med oppfordring til innbyggjarane om å kome med innspel. Punkt 1: Samrøystes vedteke Punkt 2: Innstillinga fekk 14 røyster. Hareide sitt framlegg til tillegg fekk 7 røyster. Kommunestyret vedtek å starte kommunalt planstrategiarbeid, slik det er skissert i planprogram - Kommunal planstrategi for Skodje 2012-2016, datert 18.01.12. Innbyggarane skal føyast til som høyringspart. Framdriftsplan i kapittel 8, skal leggast til grunn for arbeidet. Sak 3/12 KONSEPTVALUTGREIING (KVU) FOR E39 - ÅLESUND - BERGSØYA UTTALE FRÅ SKODJE KOMMUNE AP sette fram slikt framlegg om nytt punkt: Skodje kommunestyre bed Statens vegvesen om å starte planlegging av ny fylkesveg 656 frå Magerholm til Digernes. Slik omlegging vil effektivt knyte saman E39 med Storfjordsambandet, avlaste E39 gjennom Blindheimstunnellen og Moaområdet og såleis vere med på å løyse til dels store utfordringar på stamvegnettet. Traséalternativa er illustrert i kommuneplan for Skodje 2007-2017 Høgre sette fram slikt framlegg til nytt punkt: Storfjordsambandet må også inn i vurderingane. Trafikkbelastninga på Moaområdet er allereie alt for stor i dag, og drikkevatnet i Brusdalen bør ikkje utsetjast for enda meir risiko. 3
Senterpartiet sette fram slikt framlegg om endra ordlyd i siste setning i innstillinga: Skodje kommunestyre viser til den felles arealdisponeringa for Solnørvassdraget for kommunane Vestnes, Ørskog og Skodje, og vil ikkje akseptere at K3 blir valt. Framstegspartiet sette fram eit framlegg til tillegg om at Skodje kommunestyre kjem med ein uttale i forhold til Storfjordsambandet: Vedr. høyringsuttale til KVU Skei-Ålesund-kryssing av Storfjorden Når ein ser på det totale biletet i forhold til å løyse dei trafikale forholda i Ålesundsområdet, både i forhold til nord-syd problematikken, og likeeins framtidige løysingar rundt området Spjelkavik, Blindheim og Sula, synest Skodje kommune at det i denne samanheng manglar ei utgreiing om ein indre korridor. Dei trafikale problema rundt nemnte område er allereie påtrengande, og det er heilt klart at ein på grunn av dette vert tvinga til å løyse dei, kanskje opp til fleire tiår før det eksempelvis vil finnast relevante løysingar for kryssing av Storfjorden gjennom ein ytre trasé. På grunn av nemnte problemstillingar, bør ein også ta med Storfjordsambandet, som eit høgst relevant alternativ gjennom ein indre trasé ved kryssing av Storfjorden. Skodje kommune meiner at nærast å definere Storfjordsambandet som ei ikkje-sak i denne samanhengen, er ein mangel i utgreiinga. Ser ein trafikkutviklinga i eit 2040-perpektiv, er det klart for alle og ein kvar at ein vert ståande med eit enormt problem dersom ein for eksempel ikkje tenkjer på eit indre alternativ, som mellom anna kan ta all transittrafikk gjennom fylket på ein rasjonell måte. Uttale frå Skodje kommune. Storfjordsambandet er ei kryssing av Storfjorden, gjennom ei realiserbar løysing innan ei tidsramme som fell saman med trafikkutviklinga i regionen. Skodje kommune ber at ein med omsyn til dette, greier ut den løysinga som Storfjordsambandet utgjer. Helen Lianes trådte frå møtet. Ingen vara kom til. Frå no 20 representantar. Det vart halde gruppemøte. Høgre trekte sitt framlegg. Ein framforhandla ordlyd, som også tok med AP sitt framlegg, vart presentert. Samrøystes vedtak. Kommunestyret i Skodje støttar i all hovudsak innstillinga til Statens vegvesen om ny E39, synleggjort gjennom K2. Men Skodje kommunestyre bed Statens vegvesen om å starte planlegging av ny fylkesveg 656 frå Magerholm til Digernes. Slik omlegging vil effektivt knyte saman E39 med Storfjordsambandet, avlaste E39 gjennom Blindheimstunnellen og Moaområdet og såleis vere med på 4
å løyse til dels store utfordringar på stamvegnettet. Vidare er det særs viktig at drikkevatnet i Brusdalen ikkje vert utsett for endå meir risiko. Traséalternativa er illustrert i kommuneplan for Skodje 2007-2017. Ny E39 frå Dragsund bør vidare leggast utanfor Sjøholt sentrum, over Ørskogfjellet til Tomra og vidare i tunnel under Tautra med bru til Molde. Dette traséalternativet er framtidsretta, vil innebere stor reisetidsreduksjon, omfattar bruk av kjend teknologi og kan gjennomførast med ei etappevis utbygging innanfor utgreiingsperioden. Traséalternativet gjennom Solnørdalen langs Svartløkvatnet frå Skodje til Tomra (Konsept K3) inneber store inngrep i eit svært viktig og sårbart regionalt natur- og friluftsområde i Skodje-Ørskog og Vestnes. Skodje kommunestyre viser til den felles arealdisponeringa for Solnørvassdraget for kommunane Vestnes, Ørskog og Skodje, og vil ikkje akseptere at K3 blir valt. Kryssing av Storfjorden Skodje kommune meiner at nærast å definere Storfjordsambandet som ei ikkje-sak i KVU-ane, er ein mangel i den framlagde utgreiinga. Når ein ser på det totale biletet i forhold til å løyse dei trafikale forholda i Ålesundsområdet, både i forhold til nord-syd problematikken, og likeeins framtidige løysingar rundt området Spjelkavik, Blindheim og Sula, synest Skodje kommune at det i denne samanheng manglar ei utgreiing om ein indre korridor. Dei trafikale problema rundt nemnte område er allereie påtrengande, og det er heilt klart at ein på grunn av dette vert tvinga til å løyse dei, kanskje opp til fleire tiår før det eksempelvis vil finnast relevante løysingar for kryssing av Storfjorden gjennom ein ytre trasé. Ser ein trafikkutviklinga i eit 2040-perpektiv, er det klart for alle og ein kvar at ein vert ståande med eit enormt problem dersom ein for eksempel ikkje tenkjer på eit indre alternativ, som mellom anna kan ta all transittrafikk gjennom fylket på ein rasjonell måte. Med bakgrunn i ovannemnde, er Storfjordsambandet si løysing å krysse Storfjorden på, ei realiserbar løysing innan ei tidsramme som fell saman med trafikkutviklinga i regionen. Skodje kommune ber derfor om at ein med omsyn til dette, greier ut den løysinga som Storfjordsambandet har arbeidd fram. Sak 4/12 PLAN FOR EIGEDOM GNR. 24 BNR. 84 Venstre sette fram slikt framlegg: Skodje kommune godkjenner bruken av bygget på gnr. 24 bnr. 84 for det som gjeld areal til ny brannstasjon og teknisk driftsavdeling, slik det går fram av rådmannen si skisse. Utbygging av brannstasjonen skal prioriterast gjennomført innanfor godkjent budsjettramme for kjøp av bygget. Bruk av resterande areal må sjåast i samanheng med behov for ytterlegare utviding av rådhuset. 5
Venstre sitt framlegg fekk 4 røyster Innstillinga fekk 16 røyster. Vedtak i samsvar med innstillinga. Skodje kommunestyre godkjenner bruken av bygget på gnr. 24 bnr. 84 slik det framgår av vedlagte skisse. Bygget skal nyttast til ny brannstasjon og teknisk driftsavdeling. Det skal avsettast areal i bygget til frisklivsentral/ frivillighetssentral og kontorlokaler. Utbygging av brannstasjon skal prioriterast gjennomført innafor godkjent budsjettramme for kjøp av bygget, og kostnader til utbygging av friskliv/ frivillighetssentral skal vurderast under budsjettrevisjon. Sak 5/12 TILBYGG OG OMBYGGING VALLE SKULE - ANBUD Kjell Arve Reiakvam og Frode reiakvam gjekk frå. Dei vart samrøystes vurdert som inhabile. AP sette fram slikt framlegg om nytt pkt. 3: Skodje kommunestyre oppnemner ei styringsgruppe til å fullføre prosjektet: Leiar: Ordføraren Medlemmer frå kommunestyret: 1 2 Rådmannen utnemner 3 representantar til denne styringsgruppa. Vedtaket vart samrøystes. Til politiske medlemmer vart foreslått Bjørn-Andre Stavset og Johan Honningdal. Dei vart samrøystes valde. Punkt 3 i innstillinga vart nytt punkt 4. Innstillinga med det nye punktet vart samrøystes vedteke. 1. Skodje kommunestyre vedtek å bygge på Valle skule i samsvar med framlagde prosjekt. 2. Kostnadsramma for ny skule på Valle vert sett til 36.8 mill. 3. Skodje kommunestyre oppnemner ei styringsgruppe til å fullføre prosjektet: Leiar: Ordføraren Medlemmer frå kommunestyret: Bjørn-Andre Stavset og Johan Honningdal. Rådmannen utnemner 3 representantar til denne styringsgruppa.. 6
4. Rådmannen får mynde til å gjennomføre prosjektet. Kjell Arve Reiakvam og Frode Reiakvam tiltrådte møtet. Sak 6/12 SAMARBEIDSAVTALAR MED HELSE MØRE OG ROMSDAL OG KOMMUNANE Innstillinga vart samrøystes vedteken. Skodje kommunestyre går inn for samarbeidsavtalane med Helse Møre og Romsdal med dei avklaringane som vart gitt i møte om tidspunkt for varsling av utskrivingsklare pasientar. Sak 7/12 BARNEREPRESENTANT Modolf Hareide foreslo å stryke siste setning (pkt. 3) i innstillinga. Hareide sitt framlegg fekk 6 røyster. Innstillinga fekk 14 røyster. Innstillinga vart vedteken. Kommunestyret vedtek at barn og unge sine interesser etter plan og bygningslova skal ivaretakast gjennom å vidareføre gjeldande ordning med barnerepresentant. Barnerepresentantfunksjonen skal ligge til folkehelsekoordinatorstillinga. Det skal vere eit nært samarbeid med ungdomsrådet og det skal innarbeidast i stillinga. Sak 8/12 DELEGERINGSREGLEMENT FOR SKODJE KOMMUNE Venstre sette fram slikt framlegg til endring i punkt D2d: Det faste planutvalet har mynde til og skal gjere vedtak i søknader om dispensasjon i medhald av pbl. kap. 19, og mynde til å leggje ned byggje- og delefobod i medhald av pbl. kap. 13 Venstre sitt framlegg til endring i pkt. D2d vart samrøystes vedteke. 7
Venstre sette fram slikt framlegg om endring i pkt. Hc: Ordføraren kan vidare delegere møtefullmakt til andre i formannskapet. Framlegget vart samrøystes vedteke. Nytt framlegg til vedtak: Skodje kommunestyre vedtek delegeringsreglement for Skodje kommune slik det ligg føre med dei endringane som vart vedtekne i formannskapet, og dei endringane som vart vedtekne i møtet. Skodje kommunestyre vedtek delegeringsreglement for Skodje kommune slik det ligg føre med dei endringane som vart vedtekne i formannskapet, og dei endringane som vart vedtekne i møtet. M Ø T E T S L U T T ---------------------------- ------------------------------ ----------------------------- Terje Vadset Camilla Rønes Håhjem Rolf Stavset ordførar 8