VOLDA KOMMUNE Utvalg: Valnemnda Møtestad: 1. etg., Volda samfunnshus Dato: 28.08.2014 Tid: 16:00 MØTEINNKALLING Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon 700 58 700. Varamedlemar får saksdokumenta førebels berre til orientering. Dei får særskilt melding når dei skal møte. B- saker er underlagt teieplikt og er unnatekne offentleg innsyn. Møtet er ope for publikum, med unnatak når b-saker vert handsama. Saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn på servicekontoret til møtet vert halde. Side1
VOLDA KOMMUNE SAKLISTE Saksnr. PS 6/14 Sak Jorunn Aske - fritak frå politiske verv Side2
SAKERTILHANDSAMING Side3
SAKERTILHANDSAMING Side4
VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Inger-Johanne Johnsen Arkivsak nr.: 2014/1212 Arkivkode: 033 Utvalsaksnr Utval Møtedato 6/14 Valnemnda 28.08.2014 118/14 Kommunestyret 28.08.2014 JORUNN ASKE - FRITAK FRÅ POLITISKE VERV Administrasjonen si tilråding: 1. Jorunn Aske får fritak frå alle sine politiske verv frå d.d. og ut valperioden. Dette gjeld vervet som medlem for Venstre i kommunestyret, fast medlem i formannskapet, medlem i valnemnda, 1. vara i styret til Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR), 5. vara som utsending til fylkesmøtet for KS i Møre og Romsdal, 3. varamedlem som utsending til Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK). 2. Som nytt medlem i formannskapet vert.. vald. (evt. ny vara) 3. Som nytt medlem i valnemnda vert vald (evt. ny vara) 4. Som nytt 1. varamedlem i styret for VØR vert. vald 5. Som nytt 5. varamedlem: kommunen si utsending til fylkesmøtet for KS i Møre og Romsdal vert.. vald. 6. Som nytt 3. varamedlem: kommunen si utsending til (LNK) vert. vald. Vedleggsliste: Søknad om fritak datert 30. juni 2014 Oversikt over medlemer og varamedlemer i formannskapet, valnemnd og kommunestyre Oversikt over utsendingar med vara til fylkesmøtet i KS Møre og Romsdal og Landssamanslutninga av Nynorskkommunar Saksopplysningar: Jorunn Aske søkjer fritak frå alle sine politiske verv, søknaden om fritak gjeld ut valperioden. Bakgrunnen for søknaden er at ho frå august 2014 tek til i stillinga som høgskulelektor i norsk ved Høgskulen i Bergen, og skal ha permisjon frå stillinga som høgskulelektor ved Side5
Høgskulen i Volda. Ho grunngjev søknaden med at arbeidssituasjonen gjer det umogleg å kunne utføre dei verva ho har på ein skikkeleg måte. Kommunelova 15 pkt. 2 seier følgjande om uttreden: Kommunestyret og fylkestinget kan etter søknad frita, for et kortere tidsrom eller resten av valperioden, den som ikke uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet. Av kommentarene til denne paragrafen går det fram at fritaksgrunnen i første rekke må vere at arbeidsforhold, helsetilstand eller andre velferdsgrunnar for søkjaren gjer at det vert ekstra byrdefullt å oppfylle dei pliktene som vervet medfører. Det må bli ei skjønnsmessig avgjerd. Dersom eit medlem av formannskapet trer endeleg ut eller får varig forfall, skal det veljast ny medlem, sjølv om det er valt varamedlem. Suppleringsval skal skje frå den same gruppa som den som trer ut (jf. kommunelova 16 nr 3), i dette tilfellet gjeld det Venstre og Kristeleg folkeparti si gruppe i formannskapet. Prinsippet om kjønnsmessig representasjon gjeld òg ved utskifting av medlemmer av formannskapet i valperioden, jf. Kommunelova 16 nr 3. Den nye medlemen skal kome frå det kjønn som er underrepresentert, dersom ikkje begge kjønn vil vere likt representert med minst 40 % etter utskiftinga. Reglane om kjønnsmessig representasjon skal føljast så langt det er mogleg (jfr. rundskriv H-4/11 frå Kommunal- og regionaldepartementet). Dersom Jorunn Aske får fritak, går Idar Andrè Flo inn som fast medlem i kommunestyret. Venstre har rett til 6 varamedlemer, og vil som følgje av fritaket berre ha 5 varamedlemer. Dersom partiet ønskjer ein ny vara, må det krevje nytt valoppgjer. Då vil Anne Liv Steinsvik Nordal rykke inn på 6. plass. Helse og miljøkonsekvensar: Ingen Økonomiske konsekvensar: Ingen Beredskapsmessige konsekvensar: Ingen Rune Sjurgard rådmann Utskrift av endeleg vedtak: Jorunn Aske Dei som blir valde Servicekontoret Side6
Side7
Side8
Side9
Side10
Side11
Side12
Side13
Side14
Side15
Styret for Volda/Ørsta reinhaldsverk (VØR) Representantar Ann Britt Våge Fannemel Jan Henning Egset Vararepresentantar 1. Jorunn Aske 2. Dag Sveinung Aarflot Utsendingar til Landssamanslutninga for Nynorskkommunar (LNK) Utsendingar: Karl Anders Helset Hilde Randi Osdal Jørgen Amdam Vara: 1. Inger Anne Kvamme 2. Håvard Strand 3. Jorunn Aske 4. Ingrid Salt Utsendingar til fylkesmøtet for KS i Møre og Romsdal Utsendingar: Arild Iversen Ordførar Ann Britt Våge Fannemel (H) Vara: 1. Dan Bjørneset 2. Roald Espset 3. Hild Våge 4. Odd Harald Sundal 5. Jorunn Aske Side16