KVINNEKLINIKKEN Til deg som skal til operasjon av skjede/livmor
VELKOMMEN TIL KVINNEKLINIKKEN Dette er informasjon til deg som skal til operasjon for framfall av skjede/livmor (descensoperasjon) I denne brosjyren får du informasjon om operasjonen du skal til. Vi prøver her å svare på spørsmål vi ofte får. Du kan også gjerne stille spørsmål direkte til kirurgen som skal operere deg. Kva er årsak til framfall av skjede/livmor? Framfall av skjede og/eller livmor kan skuldast svekka bindevev i under livet. Andre årsaker kan vere: skade etter fødsel, og/eller nedsett østrogennivå i skjeden, tungt løftearbeid, forstopping, kronisk hoste og overvekt. Dei mest vanlege symptoma er følelse av tyngde og/eller trykk i underlivet, og nokon opplever plager med å late vatnet ved at blæra ikkje blir tømt skikkeleg etter toalettbesøk. Forskjellige typar framfall av skjede/livmor: Fremre skjedevegg (blæreframfall/cystocele) Bakre skjedevegg (rectocele/entorocele) Livmor eller framfall (descens av uterus/cervixelongasjon) Kombinasjonar av desse. Bedøvingsform Vanlegvis blir denne operasjonen gjennomført ved at du får «ryggbedøving»( spinal/epidural) eller narkose.
Under operasjonen Denne operasjonen blir som oftast utført via skjeden, ein sjeldan gong med kikkhullskirurgi. Kva gjer vi under operasjonen? Fremre skjedevegg blir stramma opp og blæra blir løfta til sin naturlege plass. Livmorhalsen eller heile livmora blir fjerna. Bakre skjedevegg blir stramma opp, og av og til blir musklane i bekkenbotnen trekt saman for å styrke bakre skjedevegg. I nokon tilfelle blir skjedeveggen forsterka med eit nett laga av kunststoff. Etter operasjonen Etter operasjonen vil du liggje på oppvakningsavdelinga nokon timar. Ein lege vil informere deg om korleis inngrepet har gått etter at opera sjonen er over. Når du er tilbake på sengeposten, vil vi hjelpe deg med å auke aktivitetsnivået. Det er normalt å ha smerter bak mot endetarmen, men dette gir seg som regel etter 3-5 dagar. Du vil få smertestillande regelmessig, samt ved behov. Det kan vere
lurt å ha Paracetamol heime til bruk ved behov. Om du skulle trenge smerte stillande utover dette, vil du få resept med deg når du reiser frå sjukehuset. Vi legg inn kateter til urinblæra under operasjonen, og nokon gonger legg vi inn tampong i skjeden. Dette vil bli fjerna etter operasjonen. For å vere sikker på at du tømmer blæra tilstrekkeleg etter inngrepet, vil du bli kontrollert med ultralyd eller eit eingongskateter før heimreise. Heimreise Du får reise heim når det å late vatnet fungerer tilfredsstillande. Som regel er dette same dag, eller inntil to dagar etter operasjonen. Du får med deg sjukemelding i fire til seks veker, avhengig av kva slags type arbeid du har i jobben din. Forholdsreglar i sjukemeldingsperioden Under operasjonen blir det brukt ein tråd til å sy med som forsvinn av seg sjølv. Det er vanleg med sparsam blodig utflod eller blod som kan lukte, i to til tre veker. For å førebyggje infeksjon, anbefaler vi å vente med karbad og å bade i offentleg basseng, samt unngå bruk av tampong så lenge det blør. Dei første 6 vekene etter operasjonen bør du unngå: 1. Tunge løft (meir enn 5 kg) 2. Tungt arbeid (golvvask og støvsuging) 3. Hard trening som aerobic og liknande i inntil 8-12 ukar. 4. Aktivitet som utløyser smerte 5. Forstopping. Kraftig trykking kan øydelegge resultatet av operasjonen.
Komplikasjonar kan førekomme ved alle typer inngrep. Ved descensoperasjonar kan følgjande skje: Blodsamling/blødning. Infeksjon, urinvegsinfeksjon Reaksjon på bedøvinga Blodpropp (sjeldan) Første 14 dagar kan du ringe til Seksjon for generell gynekologi Telefon: 55 97 42 21 Dei første 14 dagane bør du kontakte oss dersom: Du har dårleg eller ingen lating av vatnet Du har feber over 38 grader som ikkje går over i løpet av to dagar/nedsett allmenntilstand. Du opplever aukande trykk og press nedantil Du har pågåande kraftig blødning(som ein menstruasjon) Gode råd Sørg for rikeleg med drikke, fiberrik kost og mosjon. Du kan bruke avføringsmiddel (Duphalac/Lactulose) som får du på apoteket utan resept. Du kan ha samleie etter 4-6 veker etter operasjonen. Det blir anbefalt at du bruker lokal hormonkrem/stikkpiller (til dømes Ovesterin), som du kan få kjøpt på apoteket.
notat God betring! Vennleg helsing personalet ved Seksjon for generell gynekologi.
notat
www.helse-bergen.no Haukeland universitetssjukehus Telefon: 05300 Nr. 202 4162