Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 28.05.2014 Tidspunkt: 09:00 14:00 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Torstein E. Tveito Ordførar SP Solveig Nekstad Grave Medlem AP Heidi Åmot Medlem AP Olav H. Mosdøl Medlem KRF Gunnar Ruud Varaordførar H Tarjei Gjelstad Medlem AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Tove Anette Gjølberg MEDL SP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Kristoffer Roholdt Tove Anette Gjølberg SP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Berit Lundeberg Sekretær Torunn R. Rue Kommunalsjef Formannskapet starta med synfaring i Vrådal i samband med sak 48/14. Før handsaming av sakene tok til var formannskapet også på synfaring i Bryggeparken for plassering av Fesjåsteinen. Formannskapet vart samde på staden, om plasseringa av steinen. Sak 48/14 vart handsama som siste sak i møtet.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 43/14 PS 44/14 RS 19/14 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker Søknad om sponsorstøtte til musikkprosjekt "Ary Morais" RS 20/14 Oversikt over delegerte vedtak 1. kvartal 2014 i Kviteseid - Interkommunalt plankontor for Nissedal kommune og Kviteseid kommune RS 21/14 RS 22/14 PS 45/14 PS 46/14 PS 47/14 PS 48/14 Krav om revisjon av konsesjonsvilkår for Sundsbarmreguleringen og Seljordsvatn - oversender krav til kommentar Orientering om søknad til vidare breibandsutbygging i Kviteseid kommune K - 2/3/8 - Lundeberg - frådeling av festetomt - dispensasjon K - 20/23 - Lia søre - oppføring av aggregathus - dispensasjon K - 21/6 - Tilbygg til hytte - dispensasjon Søknad frå Vrådal idrettslag om å overta areal i tilknyting til fotballbanen - utsett sak PS 49/14 Årsmelding for Kviteseid kommune 2013 PS 50/14 Årsrekneskap 2013 PS 51/14 Budsjettrapportering 1. tertial 2014 PS 52/14 PS 53/14 PS 54/14 Opprydding i næringsfond Ny brannbil - bestilling Plan for å kome ut av eit økonomisk uføre PS 55/14 Revidert investeringsprogram 2014. PS 56/14 PS 57/14 Sundkilen Brygge - krav om sluttutbetaling Søknad om etablerartilskott - Kviteseid Flis og Mur Lukka PS 43/14 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken.
PS 44/14 Referatsaker Referatsakene 19 22 vart teke til orientering. PS 45/14 K - 2/3/8 - Lundeberg - frådeling av festetomt - dispensasjon Kviteseid formannskap gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for frådeling av festetomt (g/b/fnr 2/3/8) slik det er søkt om, og i samsvar med grenser fastsett av jordskifteretten. Det blir samstundes gitt dispensasjon for å kunne føre opp fritidsbustad på den delen av tomta som ligg lengst frå vatnet, dvs der reguleringsplanens godkjente tomt er markert i terrenget. PS 46/14 K - 20/23 - Lia søre - oppføring av aggregathus - dispensasjon Formannskapet gjev med heimel i pbl 19-2 dispensasjon for bygging av bygg for straumaggregat i tilknyting til fritidsbustaden på Lia søre g/bnr 20/23, slik det er søkt om. Formannskapet gjev med heimel i pbl 19-2 dispensasjon for bygging av bygg for straumaggregat i tilknyting til fritidsbustaden på Lia søre g/bnr 20/23, slik det er søkt om. PS 47/14 K - 21/6 - Tilbygg til hytte - dispensasjon Formannskapet gir med heimel i 19-2 dispensasjon frå tiltaksforbodet i LNF på eigedom 21/6 for tilbygg til eksisterande skogshusvære, slik det er søkt om, dvs eit bygg ikkje nærare tjønna her enn eksisterande bygning.
Formannskapet gir med heimel i 19-2 dispensasjon frå tiltaksforbodet i LNF på eigedom 21/6 for tilbygg til eksisterande skogshusvære, slik det er søkt om, dvs eit bygg ikkje nærare tjønna her enn eksisterande bygning. PS 48/14 Søknad frå Vrådal idrettslag om å overta areal i tilknyting til fotballbanen - utsett sak 1) Formannskapet i Kviteseid gjev Vrådal idrettslag løyve til å overta det 20 daa store arealet vest for fotballbanen i Vrådal, gnr 14, bnr 217, vederlagsfritt. 2) Alle utlegg i samband med tinglysing, oppmåling og overføring av eigedomen, må Vrådal idrettslag betale. 3) Administrasjonen får fullmakt til å gjennomføre eit makeskifte med Miljødirektoratet når det gjeld arealet som ligg rundt klubbhuset/ballbingen mot arealet som ligg mot vatnet og vegen som går forbi grendehuset/skulen før salet vert gjennomført. 4) Det vert rådd til at Vrådal idrettslag tek kontakt med plankontoret for samanføying av gnr/bnr. 5) Kviteseid kommune skal sikrast med tinglyst hefte om lov til å grave på området når det er nødvendig. 6) Dersom eit makeskifte let seg gjere jfr pkt 3, vil Vrådal idrettslag kunne få overta arealet rundt klubbhus/ballbinge vederlagsfritt og med dei vilkår som er nemnt over. Formannskapet diskuterte seg fram til nytt punkt 7: Kviteseid kommune har forkjøpsrett vederlagsfritt. Rådmannen si tilråding, samt nytt punkt 7 vart samrøystes vedteke. 1) Formannskapet i Kviteseid gjev Vrådal idrettslag løyve til å overta det 20 daa store arealet vest for fotballbanen i Vrådal, gnr 14, bnr 217, vederlagsfritt. 2) Alle utlegg i samband med tinglysing, oppmåling og overføring av eigedomen, må Vrådal idrettslag betale. 3) Administrasjonen får fullmakt til å gjennomføre eit makeskifte med Miljødirektoratet når det gjeld arealet som ligg rundt klubbhuset/ballbingen mot arealet som ligg mot vatnet og vegen som går forbi grendehuset/skulen før salet vert gjennomført. 4) Det vert rådd til at Vrådal idrettslag tek kontakt med plankontoret for samanføying av gnr/bnr. 5) Kviteseid kommune skal sikrast med tinglyst hefte om lov til å grave på området når det er nødvendig. 6) Dersom eit makeskifte let seg gjere jfr pkt 3, vil Vrådal idrettslag kunne få overta arealet rundt klubbhus/ballbinge vederlagsfritt og med dei vilkår som er nemnt over. 7) Kviteseid kommune har forkjøpsrett vederlagsfritt. PS 49/14 Årsmelding for Kviteseid kommune 2013 Kommunestyret godkjenner årsmeldinga for 2013.
Saksprotokoll i Hovudutvalet for oppvekst og omsorg - 22.05.2014 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Kommunestyret godkjenner årsmeldinga for 2013. Saksprotokoll i Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift - 27.05.2014 Samrøystes vedteke HST tek saka til vitande Rådmannen kom med fylgjande endringsframlegg: Kommunestyret tek årsmeldinga for 2013 til orientering. Endringsframlegget vart samrøystes vedteke. Kommunestyret tek årsmeldinga for 2013 til orientering. PS 50/14 Årsrekneskap 2013 Saksprotokoll i Hovudutvalet for oppvekst og omsorg - 22.05.2014 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Kviteseid kommunestyre godkjenner årsrekneskapen for Kviteseid kommune 2013 slik den er lagt fram med drifts- og investeringsrekneskap i balanse. Saksprotokoll i Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift - 27.05.2014 Samrøystes vedteke HST tek saka til vitande
Kviteseid kommunestyre godkjenner årsrekneskapen for Kviteseid kommune 2013 slik den er lagt fram med drifts- og investeringsrekneskap i balanse. PS 51/14 Budsjettrapportering 1. tertial 2014 Kviteseid kommunestyre vedtek budsjettendringane i tråd med endringane i budsjettskjema 1A og 1B. Disposisjonsfond premieavvik vert slått saman med generelt disposisjonsfond. Rådmannen får fullmakt til korrigere budsjettet med endringane frå lønsoppgjeret, føresett at det kan gjerast innanfor gitte rammer. Saksprotokoll i Hovudutvalet for oppvekst og omsorg - 22.05.2014 HOO diskuterte seg fram til fylgjande framlegg: HOO vil ikkje handsame saka då formannskapet bør vera fyrste innstans for handsaming. HOO ber om å få saka attende dersom det blir innsparingar innan oppvekst og omsorg. Framlegget til HOO vart samrøystes vedteke. HOO vil ikkje handsame saka då formannskapet bør vera fyrste innstans for handsaming. HOO ber om å få saka attende dersom det blir innsparingar innan oppvekst og omsorg. Saksprotokoll i Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift - 27.05.2014 Samrøystes vedteke HST tek saka til vitande
AP v Heidi Åmot kom med fylgjande tilleggsframlegg til rådmannen si tilråding: Ein ønskjer ei meir eksakt utrekning av kostnader/inntekter ved ei utviding av barnehagetilbodet i Brunkeberg for å imøtekome behovet også etter årsskiftet 14/15. For hausten 2014 styrkar ein tilbodet i Brunkeberg med 6 plassar. Inndekning skjer ved fortsatt vakanse legestilling. H, SP og Krf v Gunnar Ruud kom med fylgjande framlegg: Kviteseid kommunestyre vedtek budsjettoppsettet i tråd med framlegg i budsjettskjema 1A og 1B, men med desse endringane: Brunkeberg barnehage vert styrkt med kr 250.000 for å utvide tilbodet med 6 plassar frå august 2014. Kviteseid legesenter vert styrkt med kr 400.000 og ledige stillingar vert lyst ut. Eit rammekutt på kr 1 200.000 vert sett i verk. Innsparing ved bl.a. stillingsreduksjonar, vakanse, redusert vikarbruk. Inndekning av lønsutgifter til næringssjefen med kr 600.000 er eit mellombels tiltak for 2014. Kviteseid kommunestyre innfører stillingsstopp. Rådmannen utarbeider eit konkret framlegg, der dei unntak som er naudsynte er spesifiserte. Framlegget skal innehalde ei detaljert stillingsoversikt for åra 2007-2014 med beskriving og vurdering av nye stillingar i perioden. Framlegget om stillingsstopp vert lagt fram for formannskapet i møte 25. juni. Disposisjonsfond premieavvik vert slått saman med generelt disposisjonsfond. Rådmannen får fullmakt til å korrigere budsjettet med endringane frå lønsoppgjeret, føresett at det kan gjerast innafor gitte rammer. Etter gruppemøte vart framlegget frå H, SP og Krf endra slik: Kulepkt 2: Ledige stillingar vert lyst ut Kulepkt 3: Eit rammekutt på kr 800.000 vert sett i verk. Innsparing ved Kulepkt 4: Differansen på kr 800.000 og kr 250.000 vert brukt til å redusere bruk av disposisjonsfond. Fyrst vart det røysta over rådmannen si tilråding som fekk 0 røyster. Deretter vart framlegg frå H, SP og Krf sett opp mot AP sitt framlegg. Framlegget frå H, SP og Krf fekk 4 røyster, medan AP sitt framlegg fekk 3 røyster. Kviteseid kommunestyre vedtek budsjettoppsettet i tråd med framlegg i budsjettskjema 1A og 1B, men med desse endringane: Brunkeberg barnehage vert styrkt med kr 250.000 for å utvide tilbodet med 6 plassar frå august 2014. Ledige stillingar vert lyst ut. Eit rammekutt på kr 800.000 vert sett i verk. Innsparing ved bl.a. stillingsreduksjonar, vakanse, redusert vikarbruk. Differansen på kr 800.000 og kr 250.000 vert brukt til å redusere bruk av disposisjonsfond. Inndekning av lønsutgifter til næringssjefen med kr 600.000 er eit mellombels tiltak for 2014. Kviteseid kommunestyre innfører stillingsstopp. Rådmannen utarbeider eit konkret framlegg, der dei unntak som er naudsynte er spesifiserte. Framlegget skal innehalde ei detaljert stillingsoversikt for åra 2007-2014 med beskriving og vurdering av nye stillingar i perioden. Framlegget om stillingsstopp vert lagt fram for formannskapet i møte 25. juni. Disposisjonsfond premieavvik vert slått saman med generelt disposisjonsfond.
Rådmannen får fullmakt til å korrigere budsjettet med endringane frå lønsoppgjeret, føresett at det kan gjerast innafor gitte rammer. PS 52/14 Opprydding i næringsfond Det blir frå nå av tre næringsfond i Kviteseid kommune: Bunde næringsfond, fritt næringsfond og det fylkeskommunale næringsfondet. Kommunestyret sluttar seg til rådmannen sitt framlegg til bruk og status i det bunde og det frie fondet. Kommunestyret imøteser framlegg til nye vedtekter og retningsliner for fonda. Det blir frå nå av tre næringsfond i Kviteseid kommune: Bunde næringsfond, fritt næringsfond og det fylkeskommunale næringsfondet. Kommunestyret sluttar seg til rådmannen sitt framlegg til bruk og status i det bunde og det frie fondet. Kommunestyret imøteser framlegg til nye vedtekter og retningsliner for fonda. PS 53/14 Ny brannbil - bestilling Kommunestyret i Kviteseid ber administrasjonen med bakgrunn i budsjett og økonomiplan 2014-2017, (innafor ei ramme på 3.400.000) for Kviteseid kommune, setje i gang arbeidet med å bestille ny brannbil. Administrasjonen vil halde politikarane orientert om saka. Kommunestyret i Kviteseid ber administrasjonen med bakgrunn i budsjett, innafor gitte rammer, og økonomiplan 2014-2017 (innafor ei ramme på 3.400.000) for Kviteseid kommune setje i gang arbeidet med å bestille ny brannbil. Administrasjonen vil halde politikarane orientert om saka.
PS 54/14 Plan for å kome ut av eit økonomisk uføre 1. Kommunestyret ser alvoret i den økonomiske stoda, og sluttar seg til at tankane i saksframstillinga blir Kviteseid si haldning i ein søknad om skjønnsmidlar for 2015. Dei blir og retningsgjevande for budsjettarbeidet framover. 2. Kommunestyret forventar at 2. budsjettrevisjon for 2014 gjev eit klarare bilete av kva for konsekvensar gjeldande driftsnivå har på driftsresultatet i 2015. 3. Kommunestyret understrekar den rolla Kommunelova gjev Formannskapet som den instans som har ansvaret for å innstille på budsjett i tråd med lova sine krav og kommunestyret sine mål. 4. Kommunestyret ser gjerne at liste over potensielle innsparingstiltak er lengre enn naudsynte rammer krev, slik at ein kan gjere politiske val. Men kommunestyret erkjenner at dette kan vere vanskeleg i ein slik situasjon. 5. Kommunestyret ber rådmannen fremje ei sak til Formannskapet 25. juni om at tilsetting i stillingar skal vurderast av Administrasjonsutvalet før evt utlysning. Praktiske unnatak, på bakgrunn av tidlegare røynsler og kravet til innsparing, blir drøfta i saka. H v Gunnar Ruud kom med framlegg om nytt pkt 6: Søknaden skal leggast fram for formannskapet for godkjenning. Framlegget frå H og rådmannen si tilråding vart samrøystes vedtekne. 1. Kommunestyret ser alvoret i den økonomiske stoda, og sluttar seg til at tankane i saksframstillinga blir Kviteseid si haldning i ein søknad om skjønnsmidlar for 2015. Dei blir og retningsgjevande for budsjettarbeidet framover. 2. Kommunestyret forventar at 2. budsjettrevisjon for 2014 gjev eit klarare bilete av kva for konsekvensar gjeldande driftsnivå har på driftsresultatet i 2015. 3. Kommunestyret understrekar den rolla Kommunelova gjev Formannskapet som den instans som har ansvaret for å innstille på budsjett i tråd med lova sine krav og kommunestyret sine mål. 4. Kommunestyret ser gjerne at liste over potensielle innsparingstiltak er lengre enn naudsynte rammer krev, slik at ein kan gjere politiske val. Men kommunestyret erkjenner at dette kan vere vanskeleg i ein slik situasjon. 5. Kommunestyret ber rådmannen fremje ei sak til Formannskapet 25. juni om at tilsetting i stillingar skal vurderast av Administrasjonsutvalet før evt utlysning. Praktiske unnatak, på bakgrunn av tidlegare røynsler og kravet til innsparing, blir drøfta i saka. 6. Søknaden skal leggast fram for formannskapet for godkjenning. PS 55/14 Revidert investeringsprogram 2014. Kommunestyret vedtek eit revidert investeringsprogram for 2014, med finansiering, slik det går fram av vedlagde investeringstabell. Rådmannen får fullmakt til å ta opp 8, 314 mill kr i nye lån for 2014.
Kommunestyret vedtek eit revidert investeringsprogram for 2014, med finansiering, slik det går fram av vedlagde investeringstabell. Rådmannen får fullmakt til å ta opp 8, 314 mill kr i nye lån for 2014. PS 56/14 Sundkilen Brygge - krav om sluttutbetaling Kommunestyret vedtek å betale ut halvparten av løyvinga på kr 300.000 i 2014 til Kløver Utvikling AS; dvs kr 150.000. Grunngjevinga er at søknaden frå 2012 og realitetane ikkje samsvarar. H v Gunnar Ruud kom med fylgjande framlegg: Kommunestyret vedtek å utbetale kr 300 000 i 2014 til Kløver Utvikling AS Det blei i fyrste omgang ei prøvevotering, der framlegget frå H fekk 1 røyst. Deretter vart det ordinær røysting, der rådmannen si tilråding vart vedteke mot 1 røyst. Kommunestyret vedtek å betale ut halvparten av løyvinga på kr 300.000 i 2014 til Kløver Utvikling AS; dvs kr 150.000. Grunngjevinga er at søknaden frå 2012 og realitetane ikkje samsvarar. PS 57/14 Søknad om etablerartilskott - Kviteseid Flis og Mur Kviteseid kommune løyver kr 10 000 til Kviteseid Flis og Mur v/ Jørg Wagner. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå det fylkeskommunale næringsfondet; konto 147026, ansvar 4317, teneste 3250.
Kviteseid kommune løyver kr 10 000 til Kviteseid Flis og Mur v/ Jørg Wagner. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå det fylkeskommunale næringsfondet; konto 147026, ansvar 4317, teneste 3250.