Utvida rettleiing til søk i nynorskkorpuset

Like dokumenter
Norsk minigrammatikk bokmål

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

2 Substantiv Genus Bøyning Substantiv med bare entallsformer Substantiv med bare flertallsformer 17 2.

Nynorsk, verb, framhald

Begrep Forklaring Eksempel

Ord som skildrar eit verb. Adverbet seier noko om korleis handlinga er.

Grammatisk ordliste Los geht s!

NORSK ANDRESPRÅKSKORPUS KURSHEFTE. ASK, kurshefte Hilde Johansen (2011) 1

Morfologi. Studiet av ordenes struktur Kap. 11 Om morfer (selvsagt) og litt større ting. EXFAC EURA 2. Morfologi1 1

Grammatisk ordliste Servus!

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaring med arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal Høgskulen i Volda 2007

Årstal 2018/2019. Bøker Zeppelin 6 Språkbok, Zeppelin arbeidsbok til Språkbok 6. Lesebok 6, Lesebok 6 pluss.

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Grammatikk En innføring av Anne Lene Berge

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp?

UKE TEMA SKRIVE GRAMMATIKK VERK ARBEIDMETODER. flertall

Jan Terje Faarlund [Norsk Ordbok, baand VIII] Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske

Morfologi. Studiet av ordenes struktur Kap. 11. EXFAC EURA 2. Morfologi1 1

Innhald. ר Orda (etymologi)... 46

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Oppgåver til kapittel 3

Bruk av Norrøn ordbok

Utdrag frå boka Ord te gagns

INF1820: Ordklasser INF1820: Ordklasser. Arne Skjærholt. 13. februar. INF1820: Ordklasser. Arne Skjærholt. 13. februar

PRØVE NO Norsk - emne 4: Innføring i norsk som andrespråk og kulturkunnskap NO-149. Skriftlig eksamen :

a) Sett strek mellom ordene og forklaringene som betyr omtrent det samme. b) Sett inn riktig ord uten å

For økt elevengasjement i norsk 8 10

Å løyse kvadratiske likningar

Forord Om å bruke Nå begynner vi! Hei! Presentasjon av familien til Johanne En vanlig dag... 41

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Sjekkliste B2-nivå. 1 Har du brukt stor/liten forbokstav, punktum (.), komma (,) og spørsmålstegn (?) riktig?

Innhold. Forord Om å bruke Norsk for deg: Grammatikkoppgaver Hovedfokus: Substantiv... 17

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Brukarrettleiing E-post lesar

Lærar: Ruth Helgestad

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Retningslinjer for morfologisk og syntaktisk annotasjon i Norsk dependenstrebank. Kari Kinn, Per Erik Solberg og Pål Kristian Eriksen

En grunnleggende innføring i bruk av ASK

EXFAC EURA Syntaks2 1

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Ordklasser Inndelingen ORDKLASSEINNDELINGEN

UKEPLAN FOR 7B, UKE 23 MANDAG TIRSDAG ONSDAG

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Klasse. Uke 11 - Reise Mars Navn:

7. trinn. Målark Chapter 1 Nynorsk. Namn: Dato: Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen

UKEPLAN FOR 7A, UKE 23 TIME

Nynorsk Grammatikk Oppgaver

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Bruksrettleiing for registreringsmodulen til dialektnettsida Numedalsmål

Stikkordregister. avgrensa handling, 124 avleiingsmorfem, 46 avleiingsuffiks, stadium, 70

Årsplan i norsk for 6.kl

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Zeppelin, lesebok (L) og språkbok (S) L Kapittel 2 Litterær samtale Å snakke om litteratur

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Innhold. Innledning Om redigeringen Innholdsliste... 9

Innhald Innleiing... 2 Me ordnar dokumenta slik at lesaren lett får oversikt... 3 Me skriv klart og i ein god tone... 5 Me skriv rett...

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Satsingsområder: Lesing, skriving og regning Tilpasset opplæring Digital kompetanse

Utdrag frå boka Ord te gagns

ADJEKTIV. Anežka Sobotková

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Zeppelin, lesebok (L) og språkbok (S) L Kapittel 2 Litterær samtale Å snakke om litteratur

Forkortelser og tegnbruk...19

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Innhold. 1 Innledning Semantikk Talespråk og skriftspråk 47. Forkortelser Språket som kodesystem 17 1.

UNIVERSITETET I OSLO

Dere skal kunne om ordklasser.

buss ferje syklar tog bur bil går langt fortare Nokre elever har lang skuleveg. Dei tek eller til skulen.

INF1820 INF Arne Skjærholt INF1820. Arne Skjærholt

Årsplan, Farnes skule. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaringar og arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik og Hilde Osdal Høgskulen i Volda

Innhold. Forord... 19

Kommunane sin kommunikasjon skal vera open, tydeleg og i dialog. Tekstane me skriv skal vera lette å forstå.

Veke Kapittel Delmål Arbeidsbok/Kopiark Kompetansemål i læreplan 34 Bli kjent med språkboka og leseboka LV s. 4

Morfologioppgåva om klassisk gresk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

APPENDIKS D Geminittisk språk/grammatikk

Register. Соседи 1. Marit Bjerkeng

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Samvirket mellom ordbank og ordbok

7. trinn Målark Chapter 1 Bokmål

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Døme på eit skrivebord i P360, beståande av: Det same skrivebordet sett frå redigeringsmodus. Namnet til skrivebordet. Eigendefinert tekst.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

UKEPLAN UKE 47 UKE: 47 DATO: GRUPPE: E

Å BINDE SAMAN SETNINGAR... 2 Å leggje til ny informasjon... 3 Å uttrykkje tid... 4 Å uttrykkje årsak... 7 Å uttrykkje følgje...

Store dokument i Word

UNIVERSITETET I OSLO

"Det er fort gjort og skrive feil." En presentasjon av en automatisk grammatikkontroll for bokmål

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

UKEPLAN UKE 48 UKE: 48 DATO: GRUPPE: E

Transkript:

Utvida rettleiing til søk i nynorskkorpuset 1 Søk på ordform For å søkje på ordform, set ein hermeteikn rundt søkjeordet: "bil" Gløymer ein hermeteikna, får ein ikkje tilslag. 2 Trunkerte søk Ein kan også gjere trunkerte søk. Trunkeringsteiknet er punktum følgd av stjerne, slik: "bil.*" Her får ein tilslag i alle ordformer som byrjar med "bil", irekna den nakne ordforma. Dersom ein vil ha samansetjingar med "bil" som etterledd, set ein trunkeringsteiknet fyrst: ".*bil" Ein kan også trunkere i båe endar av ei ordform, eller inni ordforma. 3 Søk på fleire ordformer Ofte kan ein spare tid på søkje etter fleire ordformer i rekkjefølgje. Døme: "kjem" "til" "å" "bli" "i" "og" "for" "seg" "til" "og" "med" Rekkjefølgja på søkjeargumenta gjev rekkjefølgja i søkjeresultatet. Det må vera eitt mellomrom mellom kvart av orda. 4 Søk etter alternativ Dersom ein vil søkje på alternative former, t.d. ha med ulike rettskrivingsvariantar, kan ein føre spesifiserte alternativ i søkjeargumentet. Søkjealternativ står innanfor parentes og er skilde med rett, vertikal strek. Det kan til dømes sjå slik ut: "xxx(skrivemåte1 SKRIVEMÅTE2)xxx" Vil ein til dømes ha med alle former av "følgja/fylgja" kan ein skriva det slik: [word="f(ø y)lg.*"]

Ein kan òg føre meir enn to alternativ. Dette dømet: [word="(m d s)eg"] vil gje tilslag for meg, deg, seg. 5 Kombinerte søkekriterium Ein kan avgrense søk ved å kombinere ulike søkjekriterium. Da må ein føre søkjeargumenta innanfor hakeparentes. For "og" skriv ein"&". Formelen blir då slik: [ATTRIBUTT1="xxx" & ATTRIBUTT2="yyy"] I avsnittet under er det vist døme på kombinert søk på ordform frå ei viss kjelde. Ein kan kombinere søkjekriterium med alle attributt som er brukte i korpuset (sjå øvste tabell på hovudsida). 6 Søk på kjelde I Nynorskkorpuset kan ein avgrense søk etter belegg til ein viss tekst eller ei viss gruppe tekstar. Ein søkjer då på ordform eller lemma kombinert med kjeldesignaturen verket har i Norsk Ordbok. Attributtet for kjelde er "ref". Søk på kjeldesignatur kan trunkerast på same måten som søk på ordform ("word"). Søk på kjeldesignatur er definert som å søkja på ein eigenskap ved eit ord. Søkjer ein berre på kjeldesignatur, får ein feilmelding. Merk at ein må ta med trunkeringsteiknet sist i alle kjeldesignaturar for å få treff (dette fordi kvar side i alle kjeldene er tagga med ein unik sidetagg). Døme: [word="koffert.*" & ref="ss.1990.*"] Ein vil her få treff på alle samansetjingar med "koffert" (i tillegg til den nakne ordforma) i tidsskriftet Syn og Segn årgang 1990. I Norsk Ordboks kjeldeliste er det mellomrom i kjeldene, slik: "SS 1990" Når ein søkjer på kjelde i korpuset må ein bytte dette mellomrommet med punktum, slik: "SS.1990"

Ei komplett liste over kjeldeforkortingar, med fullskrivingar, finn du her. 7 Søk på lemma og ordklassetagg Ein kan òg avgrense søk i korpuset ved å søkje fram bøygde former av ord. Merk at søk på oppslagsform (attributtet "lemma") og ordklassetagg (attributtet "msd") gjev tilslag berre i tekstar frå 1938 eller seinare. Tilslag ein får i tidlegare tekstar, er ikkje pålitelege. Om ein til dømes søkjer slik: [lemma="båt" & msd="sam.*"] vil ein få treff på alle bøygde former av hannkjønnssubstantivet "båt" i tillegg til grunnforma. Bokstavane i "msd"-taggen står her for "substantiv", "appelativ" og "maskulinum". Ein kan avgrense slike slike søk enda meir enn i dømet ovanfor. Sjå neste punkt for å lese meir om ordklassetaggar. 8 Ordklassetaggar Fire ordklassar er merkte med ein bokstav: S substantiv A adjektiv P partisipp D determinativ (artiklar, eigedomspronomen, og pronomen som all, kvar, ingen, nokon) Desse ordklassane har eit eigenskapsskjema knytt til seg: Taggeskjema for substantiv: 1 ordklasse 2 type 3 kjønn 4 tal 5 kasus 6 binding S = substantiv A = appellativ P = proprium femininum M = maskulinum N = nøytrum E = eintal fleirtal G = genitiv 0 = alt anna U = ubunden B = bunden Taggeskjema for adjektiv: 1 ordklasse 2 type 3 grad 4 kjønn 5 tal 6 kasus 7 binding A = adjektiv Q = kvalitativ P = positiv K = komparativ S = superlativ M = maskulin N = nøytrum E = eintal fleirtal G = genitiv 0 = alt anna U = ubunden B = bunden Taggeskjema for partisipp: 1 ordklasse 2 type 3 grad 4 kjønn 5 tal 6 kasus 7 binding*

2 = feminin og maskulin E = eintal perfektum P = partisipp P = presens 0 N = nøytrum 0 = syner ikkje genus fleirtal *partisipp som står predikativt er alltid tagga med 0 for binding Taggeskjema for determinativ: 0 U = ubunden B = bunden 1 ordklasse 2 type 3 kjønn 4 tal 5 kasus 6 binding D = determinativ D = demonstrativ K = talord P = eigedomspronomen M = maskulinum femininum N = nøytrum E = eintal G = genitiv 0 = ubunden / uviss 0 B = bunden fleirtal Om du til dømes ønskjer å søkje på lemmaet "hus", men berre vil ha treff i bunden form eintal, ser altså søkjeargumentet slik ut: [lemma="hus" & msd="sane0b.*"] Merk at du i 5. ledd i ordklasseattributtet (kasus) må fylle ut "0" om du ønskjer treff på anna enn genitivsform. Om du gløymer å fylle inn noko i dette leddet, får du ikkje treff. Ein kan altså ikkje ha med berre siste eigeskapsledd i eit slikt søkjeargument utan å også fylle ut dei føregåande. Dette gjeld også for dei andre ordklassane i skjemaet over. Dei andre ordklassane har meir eksplisitte (intuitive) taggar: ADV adverb INF-M infinitivsmerke INTERJ interjeksjon KONJ konjunksjon PREP preposisjon PRON- (pluss særdrag) pronomen SBU (subordinasjon - underordning) TALL (romartal) V- (pluss formdrag) X ikkje-nynorsk ord Verb med tilleggstagg for verbform er: V V-INF V-PRES V-PRET V-INF-PRES-ST-FORM verb verbform i infinitiv verbform i presens verbform i preteritum verbform på -st i infinitiv eller presens 10 Nokre mykje brukte kombinerte søk Vanlege søk på lemma + ordklasse er:

[lemma="xxx" & msd="sam.*"] (substantiv i maskulinum) [lemma="xxx" & msd="saf.*"] (substantiv i femininum) [lemma="xxx" & msd="san.*"] (substantiv i nøytrum) [lemma="xxx" & msd="v.*"] (verb) [lemma="xxx" & msd="a.*"] (adjektiv) [lemma="xxx" & msd="p.*"] (partisipp) Eit par vanlege fleirordige søk er søk på "verb + partikkel", som vil gje belegg med t.d. halda på, held fram, heldt til: [lemma="hald(e a)" & msd="v.*"] [msd="prep"] søk på nominalfraser som t.d. "ein liten hund / to små hundar / den vesle hunden": [msd="d.*"] [msd="a.*"] [lemma="hund" & msd="s.*"] Klipp ut søkjeargumenta, lim dei inn i søkjefeltet og prøv sjølv! 11 Søk etter element som ikkje står rett etter kvarandre Dersom ein vil søkje etter ord som står på litt avstand frå kvarandre, set ein inn eit sett tomme hakeparentesar, fylgde av eit sett sløyfeparentesar (utan mellomrom mellom). Inni sløyfeparentesane skriv ein inn det talet med ord som ein vil ha imellom, t.d. slik []{2} Då søkjer ein etter tilslag som har to uspesifiserte ord mellom dei som er spesifiserte. Vil ein ha frå så til så mange ord imellom, skriv ein inn båe verdiar, skilde med komma: []{0,5} = 'skild med frå null til fem ord' "0,5" tyder "frå null til fem ord imellom". Tala kan ein sjølvsagt endra etter behov. Døme: [lemma="halde" & msd="v.*"] []{0,5} [word="seg"] Da får ein tilslag som "halda seg, held seg, halda fram med å kalla seg, heldt på å ta livet av seg". 12 Søk etter teikn i teksten Ein kan ha bruk for å søkja etter teikn som ikkje er vanlege bokstavar, som til dømes punktum (".") eller komma (","). Det kan t.d. vere at ein berre er interessert i apposisjonar. Da er det to ting ein må ta omsyn til: 1. Alle teikn i teksten som ikkje er bokstavar, er skilde ut som eigne "ord" (tokens). Dei har mellomrom både før seg og etter seg. Når ein søkjer etter eit teikn, søkjer ein derfor etter atributtet word.

2. Mange av teikna er del av søkjespråket CQP. For å markera at søket gjeld sjølve teiknet, set ein omvend skråstrek (backslash) rett framfor. Dersom ein vil søkja på teikn, til dømes punktum, skriv ein altså: [word="\."] eller "\." Ei åtvaring: søk etter berre teikn vil truleg ikkje gje treff lenger ut i korpuset enn til Firda eller Dag og Tid, så søk etter vanlege teikn bør kombinerast med søk på vanlege ord. Døme: Vil ein ha preposisjonen "med" framfor punktum, ser søkjestrengen slik ut [word="med"] [word="\."] eller "med" "\."