Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Like dokumenter
Til deg som er fratatt omsorgen for barnet ditt

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Til deg som bur i fosterheim år

BARNEVERNET. Til beste for barnet

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Til deg som bur i fosterheim år

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Du må tru det for å sjå det

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Helsetilbodet til asylsøkjarar - aktuell informasjon 15. mars 2015

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Til deg som bor i fosterhjem år

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

Info til barn og unge

Innsats i BTI Barnevern

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Melding til barneverntenesta Bremanger kommune.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

for ungdom Psykisk helsehjelp NYNORSK Mental health care

for ungdom Psykisk helsehjelp BOKMÅL Mental health care

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Kva skal gjerast og kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

BARNEVERNET. Til barnets beste

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Saman om Ørstabarnehagen

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Arbeidsinnvandrarar som ressurs i regional utvikling

Er det auka behov for barnevernleiing?

FOSTERHJEM TIL ENSLIGE MINDRE ÅRIGE FLYK TNINGER

HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Oslo tingrett Når mor og far er i konflikt

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Informasjon til pasientar og pårørande

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Psykose NYNORSK. Psychosis

Informasjonshefte Tuv barnehage

Velkomen til Røde Kors!

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

HVA ER BUP? TIL FORELDRE OG SAMARBEIDSPARTNERE

IKKE ALLE K AN BO HJEMME. Illustrasjonsfoto: Tine Poppe

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Skjema for eigenvurdering

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

om barn Psykisk helsehjelp NYNORSK Mental health care

Vel nynorsk for barnet ditt!

Internasjonal vidaregåande skule

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Kommunedelplan for oppvekst

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Transkript:

FAMILIEVERNET Nynorsk Illustrasjonsfoto: Tine Poppe Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt Familievernet gir tilbod om rådgiving og behandling til alle som opplever vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Dette kan vere alt frå kvardagsproblem til samlivsbrot og omsorgsovertakingar. I familievernet arbeider det mellom anna familieterapeutar, psykologar og sosionomar. Tilbodet er frivillig og gratis. Barneverntenesta har ansvar for å følgje opp både barn og foreldre etter ei omsorgsovertaking. Nokre foreldre syns det er utfordrande å samarbeide med og få hjelp frå barnevernet i ein slik situasjon, samtidig som dei opplever eit stort behov for hjelp og støtte. Difor har familievernet fått eit særskilt ansvar for å gi eit tilbod til foreldre som har blitt fråtekne omsorga for barnet sitt.

FAMILIEVERNET Illustrasjonsfoto: Tine Poppe

Kva for hjelp kan du få på familievernkontoret? Handtere kjensler Å bli fråteken omsorga for barnet sitt er ei av dei største krisene foreldre kan oppleve. Også foreldre som er einige i at barnevernet skal ta over omsorga, kan ha behov for hjelp og støtte. Kanskje opplever du situasjonen som svært kaotisk og uoversiktleg, og sit med mange spørsmål du ikkje har fått svar på. Det er vanleg å kjenne på kjensler som fortviling, sakn, sinne, sorg, skuld og maktesløyse. Nokon kan også føle seg letta, og kanskje få dårleg samvit for at dei føler seg slik. Det er ofte god støtte i det å dele kjensler og erfaringar med nokon som er van med å snakke med menneske som har opplevd liknande situasjonar. Familievernkontoret kan hjelpe deg med å handtere den nye livssituasjonen, uansett om omsorgsovertakinga er vurdert å vere kortvarig eller langvarig. Du vil få støtte på dine eigne premissar, og hjelp til å sjå framover.

FAMILIEVERNET Råd og rettleiing Mange foreldre er usikre på korleis dei kan vere foreldre når barna ikkje bur hos dei. På familievernkontoret kan du få hjelp til å sjå kva for behov barnet ditt har, slik at samværet blir best mogleg for dykk begge. Du vil bli betre førebudd på situasjonar som kan oppstå, og på korleis du kan handtere desse. Du kan også få hjelp til å byggje opp eit konstruktivt samarbeid rundt barnet ditt. Gruppetilbod Nokre familievernkontor tilbyr samtalegrupper og kurs for foreldre som er fråtekne omsorga. For mange kjennest det godt å møte andre foreldre i same situasjon, som dei kan dele erfaringar med. Kva er det familievernet ikkje kan gjere? Familievernet skal ikkje vurdere omsorgskompetansen til foreldra. Familievernet kan ikkje endre vedtaket om omsorgsovertaking. Familievernet kan ikkje endre samværsordninga eller auke mengda samvær.

Illustrasjonsfoto: Tine Poppe Er det viktig for barna at du tar imot hjelp? Dei fleste barn tenkjer mykje på foreldra når dei bur på institusjon eller hos ein fosterfamilie. Viss dei opplever at foreldra har det tungt, kan dei uroe seg. Denne uroa kan gjere det vanskeleg å slappe av i leik, eller å konsentrere seg på skulen. Det kan vere trygt for barnet å vite at andre vaksne hjelper deg.

FAMILIEVERNET Teieplikt, meldeplikt og opplysingsplikt Dei som jobbar i familievernet, har teieplikt og skal i utgangspunktet ikkje fortelje noko vidare. Dersom dei blir alvorleg uroa for omsorgssituasjonen til eit barn, har dei likevel plikt til å melde frå om dette til barnevernet. Barnevernet har rett til å hente inn opplysingar frå familievernet, men det skal i hovudsak skje i samarbeid med foreldra. Tilsette i familievernet kan også bli innkalla som vitne i fylkesnemnda eller tingretten, og har då plikt til å svare på spørsmål. Korleis kan du kome i kontakt med eit familievernkontor? På www.bufdir.no/familie finn du ei oversikt over alle familievernkontora i landet. Du kan sjølv ta kontakt og be om time. Barneverntenesta kan også bestille time for deg, viss du føretrekkjer det. Det er fritt val av familievernkontor. Det betyr at du kan velje å bruke eit anna familievernkontor enn det som ligg nærast heimstaden din. Viss du får store reiseutgifter ved å oppsøkje eit familievernkontor, kan du ta kontakt med sakshandsamaren din i barneverntenesta for å høyre om det er mogleg å få dekt kostnadene.

Denne brosjyren er tilgjengeleg på følgjande språk: Norsk: bokmål og nynorsk, samisk, engelsk, polsk, russisk, somali og arabisk. Last ned utskriftsvenleg versjon på: www.bufdir.no/fratattomsorg Barne-, ungdomsog familieetaten Illustrasjonsfoto: Tine Poppe bufdir.no/familie