Notat til Ims fra styret for Framnes kr. vgs. om evt. idrettshall



Like dokumenter
Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Til deg som bur i fosterheim år

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

MØTEBOK Tysnes kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Lønnsundersøkinga for 2014

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

DB

Etablering og drift av kraftselskap

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

VEDTEKT av februar 2007

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 2015

KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE. Ein av Noregs største internatskular

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: 12.30

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Arkivsak Arkivkode Dato 09/ /A2/ Drøftingsnotat vedk. tidlegare Fortun skule

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Internasjonal vidaregåande skule

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Retten til spesialundervisning

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

skular bygde av Norsk Pinsemisjon indianarkoloniar

Delrapport 2 Modell 2

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Driftsavtale mellom Møre og Romsdal 110-sentral KF og Ålesund kommune

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

IKT-kompetanse for øvingsskular

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Vedtekter for Fusa Kraftlag

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Fylkeskommunen og inntektssystemet

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Finansiering av søknaden

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Transkript:

Notat til Ims fra styret for Framnes kr. vgs. om evt. idrettshall Innhald Arbeidet til no... 2 Behov... 2 Fotballhall... 3 Idrettshall... 3 Finansiell situasjon... 4 Eigarforhold... 6

Arbeidet til no Tanken om eigen idrettshall strekkjer seg tilbake til 1997, då Framnes endra fagtilbodet sitt til også å inkludere eiga idrettslinje. I den seinare tida har saka vore til handsaming i mange fora frå vinteren 2009. Strategiplanen for Framnes som strekkjer seg frå 2012 til 2022 har mellom anna som mål å få realisert ein idrettshall for Framnes. Styret for Framnes drøfta i perioden 2012-2013 eigarskapsmodell for ein idrettshall med styret for Ims, og Ims sitt årsmøte i 2013 gjorde vedtak om at det kunne byggjast hall på Framnes. I perioden frå våren 2012 til våren 2013 vart det arbeidd med å få omregulert eit aktuelt område på Vikøyevja til skuleformål. Reguleringsplanen vart godkjent i mai/juni 2013. Etter årsmøtevedtaket 2013 oppretta Framnes ein plankomite som la fram ein plan for arkitektur, romløysing og funksjonalitet for hallen. Arbeidet var ferdig i desember 2014. Det vart deretter oppnemnd ei kvalitetssikringsgruppe med arkitekt og ingeniørar innan ulike fagområde som kvalitetssikra arbeidet som var gjort. Resultatet er eit dokument som dannar grunnlag for rekning av anbud på hallen. Behov Tilbodet om idrettsfag medførte eit stort oppsving i elevtalet ved skulen og førte til utbygging av internat og utviding av elevtalet frå ca 130 elevar til 270 elevar. Idrett er ein viktig del av dagens ungdomskultur, noko som framveksten av organisasjonar som KRIK og CHRISC er gode eksempel på. Samtidig veit me at ein organisasjon som NLM har sitt eige tilbod om allidrett. At ein i kristen samanheng satsar så mykje på idrett seier noko om betydningen dette har i ungdomskulturen. På Framnes ønskjer me å tilby «idrett i ei sunn innpakning» til både den som vil vere toppidrettsutøvar og den som ønskjer å «berre» kjenne på gleda ved å røre på seg utan å ha mål utover det. Me tilbyr derfor idrett også for dei som vel programområde innan studiespesialisering, - og det er mellom 50-70 elevar frå studiespesialisering på VG2 og VG3 som vel eit idrettsfag innan friluftsliv, breiddeidrett eller toppidrett. Dette er med å stadfeste at idrett betyr mykje for mange også på Framnes. Enkelte vil kanskje stille spørsmål om det er så viktig å byggje hall. Kan ein ikkje halde fram slik ein har gjort til no? Det har då fungert godt så langt! Saken er at Framnes er den einaste vidaregåande skulen i Hordaland som tilbyr idrett utan å ha eigen idrettshall til å drive idrettsaktivitet i. I seg sjølv er dette ein konkurransevridande faktor. Dette har ein så langt løyst ved å velje utandørsidrettar som fotball og ski. Det har fungert godt, men det er langt frå sikkert at det vil fungere like godt framover. Fleire av dei siste vintrane har vore ustabile. Vert det slik framover, må Framnes vurdere om skiaktivitet er det rette å tilby. Problemet er at me har ikkje så mange alternativ fordi me ikkje kan ha større idrettsasktivitetar innandørs., verken individuelle idrettar eller lagidrettar. Slik romsituasjonen er i dag, er det ikkje råd å organisere undervisninga på ein optimal måte. Eksisterande hall er alt for liten (12m x 25m). Rammene for kva ein kan gjere med ein klasse på 30 elevar avgrensar då både kva aktivitet einkan undervise i og kor stor elevgruppa kan vere i forhold til aktiviteten. Eit anna forhold er at hallen ligg plassert inn til auditoriet. Det betyr at det er uråd å drive undervisning i audiotriet samstundes som det er undervisning i hallen der lydnivået er høgt, og ballar smell i veggen inn til auditoriet. Løysinga som me har i dag er derfor lite haldbar både for å drive forsvarleg undervisning i idrett/kroppsøving, og for organisering og gjennomføring av undervisninga i andre fag som ikkje får arbeidsro p.g.a. støy frå idrettshallen. Eit tredje moment er at begge dei to nemnde forholda gjer at fleksibiliteten i timeplanen vert mykje mindre enn den burde ha vore. Det er Notat vedrørande idrettshall Side 2

ikkje råd å leggje timar i kroppsøvingsfaga parallellt noko som skapar unødige bindingar på timeplanen. Det fjerde momentet er at skulen har for få og for små undervisningsrom. Ved å byggje idrettshall får ein frigjort dagens gymsal og kan byggje den om til fleire store klasserom. Dette vil lette romsituasjonen vår svært mykje! Eit femte og svært viktig moment er at Framnes kr. vgs. i dag må leige plass i idrettshallen i Norheimsund. Me har ikkje plass i gymsalen på grunn av at kravet om antall timar i faga har auka. Me har til no vore heldige og fått leige hall av Norheimsund barneskule, men me er då heilt avhengige av at dei sjølve ikkje har behov for denne plassen. Dette kan fort endre seg, og me får ikkje lovnad om anna enn å leige for eit år om gongen. Fotballhall Framnes ønskjer seg primært ein idrettshall med eigen fotballhall. Det er fleire grunnar til dette. Framnes har i dag lov å ta imot 270 elevar, me varierer i «normalåra» mellom 250 og 265 elevar. I eit normalår er det over 35 elevar som vel fotball, enten som toppidrett eller breiddeidrett. Mange av elevane som bur i bygda vel Framnes nettopp på grunn av fotballtilbudet som dei opplever som mykje betre enn det dei kan få ved Øystese Gymnas. Framnes har fleire svært flinke lærarar som underviser på dette tilbodet, og som har spelt fotball på høgt nivå. Det er likevel avgrensa kva ein kan gjere vintersdag på ein snødekt og islagt fotballbane som må måkast for snø- og issørpe. For å fylle opp dei siste plassane ved skulen er Framens avhengig av heimebuarar. Me har om lag 225 elevar på internatet (og då er det fullt!) og me treng 45 heimebuarar for å nå målet om 270 elevar. Utan fotballelevar frå bygda, vil me miste om lag 15 elevar som utgjer meir enn overskotet ved skuledrifta. I desse dagar satsar fylkeskommunen stort på å realisere ein ny vidaregåande skule i Kvam. Den skal samle både yrkesskulen og gymnaset. Me ser dette som ein stor konkurransevridande faktor i disfavør av vår skule. Framnes ser det som ein reell fare å miste mange av elevane som bur heime, dersom me ikkje gjer noko nytt og anleis i tilbudsstrukturen vår særleg når det gjeld fotball. Dersom gruppa vert redusert med 15 elevar og skulen ikkje klarer å fylle desse plassane med andre elevar vil me kome ned i 235 250 elevar i eit «normalår». Det er for lite. Andre viktige moment som Framnes vil dra nytte av, dersom ein fotballhall vert realisert er: 1. Framnes vil, som einaste aktør i Kvam med innandørs fotballbane, kunne tilby andre fotballag i bygda innandørs fotballtrening vinterstid. Dette vil kunne gjere bånda mellom Framnes og bygda elles endå betre (sjølv om me opplever dei som gode i dag også). 2. Fotballhallen vil gjere det muleg å avvikle større arrangement utan å måtte ta i bruk skulebygget. 3. Den ekstra kostnaden vil verte liten i forhold til å måtte ta den igjen seinare. 4. Den ekstra kostanden som det vil vere å bygge fotballhallen på i etterkant, vil resultere i at det ikkje vert bygd fotballhall seinare heller. Idrettshall Framnes drøymer om ein idrettshall med utvendige mål ca 70 m x 37 m. Ute, langs veggen på nordsida, er det eit enkelt overbygg til parkering av minibussar og nokre boder til lagring av diverse Notat vedrørande idrettshall Side 3

utstyr. Deler av hallen er i to høgder. I første høgda er det eit inngangspartiet med eit vrimleareal på ca 150 m2, fire garderobar, toalettanlegg, utstyrsrom for idrett og vedlikehald, samt eit lite kjøken. Her er ein håndballhall (23m * 44 m) og ein fotballhall (27m x 36m). I handballhallen er det ein klatrevegg på nordre veggen, og Det er tribuneanlegg som kan fellast inn i veggen. Her er et sitjeplass til over 300 personar. I den andre høgda er det både rom som kan nyttast til ordinær undervisning og styrke- og uthaldstrening. I tillegg er det tribuneplass til over 200 personar. For å få ned kostnaden er det gjort fleire ting. Det alt vesentlege av planarbeidet, også berekningar, konstruksjonar og teikningar er gjort på dugnad. Det er berre gruppa som har kvalitetssikra teikningar og andre planlagde løysingar og funksjonar som utfører arbeid på lønna basis. Truleg har dette spart Framnes for fleire millionar kroner i samband med planlegging. Framnes har valt enkle og rimelege løysningar i hallen. Det er lite bruk av fliser og mykje bruk av golvbelegg og baderomspanel. Me har valt å ikkje nytte golvvarme i hallen (som er standard i dag), men stråleovnar i tak. For å spare energi er det nytta dataovervåking av energiforbruken. Det er ei enkle løfteplattform i staden for ordinær heis. Framnes har også vald å ikkje byggje klatrevegg. Ein må rekne med at prisen for hallen kjem på om lag kr. 35 000 000 40 000 000 eks. mva. Det vert gjeve pristilbod på heile hallen, men med eksplisitte prisar til fråtrekk for fotballdel. Finansiell situasjon Framnes kr. vgs. har i følgje leigeavtalen med Ims ansvar for alt utvendig og innvendig vedlikehald. I tillegg vert det betalt husleige for eigedomen slik den vart utrekna i 2005/2006, og sidan justert etter konsumprisindeks. I dag betaler Framnes kr. vgs. kr. 3 210 588,- i husleige til Framnes eigedom. Per i dag har Framnes ein relativt god eigenkapital på over 14,5 mill. I tillegg kjem innskot på Framnes eigedom (husleige frå Framnes kr. vgs.). Inkludert midlar som står på Framnes eigedom er eigenkapitalen over 23 mill. I følgje tiltakslista som vart vedteke etter strategiarbeidet 2012, er det i dei næraste åra skissert følgjande behov til ulike investeringar: Investeringsplan etter tiltakslista 2016 Idrettshall 35 000 000 40 000 000 2016 Ombygging gymsal 6 000 000 2016 Ventilasjonssystem 1 000 000 2017 Ventilasjonssystem 1 000 000 2018 Ventilasjonssystem 1 000 000 2020 Nytt pannetak Framheim 2 500 000 2021 Vurdere behov for nytt internat Run dt 202 0 må ein ogs å vur Notat vedrørande idrettshall Side 4

dere internatsituasjonen og om det er behov for å byggje nytt internat eventuelt større renovasjon. (Det må imidlertid presiserast at dette er snakk om ei vurdering. Utfallet kan verte at internatsituasjonen er tilfredsstillande.) Rekneskapen syner ein overskot på årsrekneskapen for kvart år sidan 2004. Samstundes viser rekneskapstala også at me må kunne tåle periodar innanfor rekneskapsåret som går med underskot. Dei åra der det har vore noko lågare elevtal (ca 245 250 elevar), har skulen også hatt lengre periodar med underskot. Dette er viktig å ta omsyn til. Det er ikkje å tilrå at skulen slepper seg langt ned på eigenkapitalen, men ein eigenkapital på kr. 7 mill til hallen er realistisk. Tala for kostnaden for hallen er usikre, men Framnes kr. vgs. estimerer kostnaden for ein slik hall til minimum kr. 35 000 000,- eks. mva. Skulen kan pr. dags dato stille med ein eigenkapital på kr. 7 000 000,-. Det er då behov for eit banklån på kr. 28 000 000,-. I følgje Sparebanken Sør sin lånekalkulator vil eit annuitetslån på kr. 28 mill. med fast rente på 3,2 % i 10 år generere ei innbetaling på kr. 158 170 pr mnd. ink. omkostningar. Pr. år vert det kr. 1 898 037,-. Rekna frå april 2016 er 10 år april 2026. Restlånet er då kr. 13 254 136,-. Forutset ein at den flytande renta då har stige til 6 % utgjer månadleg innbetaling for eit lån på kr. 13 254 136,- med nedbetaling over 10 år, kr. 147 226,-, og årleg innbetaling kr. 1 766 710,-. Ut frå dette vurderer styret for Framnes det slik at skulen har økonomi til å bygge hallen, med (eventuelt også utan) fotballhall. Det forutset at Framnes eigedom tilbakefører kapitaltilskot til Framnes tilsvarande avdrag og lån for hallen. Styret for Framnes trur dette prosjektet vil bidra til at Framnes framleis kan spele ei viktig rolle i misjonsoppdraget vårt, «Eit rikt ungdoms- og skulemiljø som ber frukt både på det mennesklege og det kristelege plan» (Ljosglytt sept. 1997 s. 21). Når det gjeld ombygging av noverande gymsal, vert det i forståing med Ims lagt opp til at kapitalen i Framnes eigedom kan nyttast til dette arbeidet. Drift Personalkostnad (reinhald) 259 000 Energiforbruk (maks) 459 000 Kommunale avgifter 70 000 Forbruksmateriell 40 000 Inventar og utstyr Vedlikehald bygning 0 Vedlikehald teknisk 20 000 Driftskostnadar 848 000 Notat vedrørande idrettshall Side 5

Det er særleg kostnadar til reinhald, straum og kommunale avgifter som vil auke driftsbudsjettet i dei næraste åra. I følgje KVS Lyngdal bruker ein om lag kr. 600 000 for drift av deira hall som er omtrent like stor som den me planlegg. Dei aukte kostnadane er forutsatt løyst ved at elevane betaler ein kapitalkostnad/husleie pr år. Det vil gi ei inntektsauke på ca kr 500 000 pr år. Det resterande må dekkjast inn over driftsbudsjettet eller på annan måte. Eigarforhold Styret for Framnes kr. vgs. ser det som ein stor fordel at skuledrifta held fram som i dag med to eigarar i skuledrifta. Me trur at dette vil sikre eit breiare nedslagsfelt i misjonsfolket, både med tanke på forbønn, omtanke og kjensle av eigarskap og å høyre til, men også med tanke på at Ims og ImF saman vil kunne drifte skulen betre og lettare kunne rekruttere styremedlemmer til denne drifta. Styret for Framnes kr. vgs. ønskjer at Framnes kr. vgs. står som utbyggjar for å kunne spare moms, slik Ims sitt årsmøtevedtak frå 2013 også legg opp til. Styret for Framnes kr. vgs. føreslår at følgjande moment vert med i eit forslag til vedtak på årsmøtet til Ims: Styret for Framnes kr. vgs. bed om at styret for Ims vurderer innhaldet i følgjande moment som del av vedtak på Ims sitt årsmøte: 1. Framnes kr. vgs. bygslar tomt av Ims og byggjer på denne. 2. Framnes kr. vgs. kan låne inntil kr. 28 mill. med pant i eigedommen på Framnes. 3. Framnes kr. vgs. får tilbakeført kapitaltilskot tilsvarande renter og avdrag frå Framnes eigedom for å betale renter og avdrag for hallen. 4. Kapitalen i Framnes eigedom går inn som kapital i ombygging av nåverande gymsal. 5. I tilfelle nedlegging av skuledrifta regulerer skulen sine grunnreglar tilbakeføring til Ims av bygningar som Framnes kr vgs har bygd. 6. Framnes kr. vgs. vil i tillegg kunne ha behov for midlertidig lån til dekning av moms, og me reknar med at dette vert dekka via byggjelånet. For styret ved Framnes kr. vgs Knut Hogstad Nilsen, styreleiar Harald Voster, rektor Notat vedrørande idrettshall Side 6