Nissedal kommune Møteprotokoll Kommunestyret Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 28.01.2016 Tidspunkt: 18:00 21:35 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Halvor Homme Ordførar AP Andrea Fjalestad Medlem AP Hølje Haugsjå Medlem AP Tore Solli Medlem AP Geir Christian Enger Varaordførar KRF Bjarne Reime Medlem KRF Magne Haugsjå Medlem KRF Anne-Nora Oma Dahle Medlem SP Ian Parry-Jones Medlem SP Stein Skåli Medlem SP Inge Magnus Evja Medlem SP Knut Oddvar Nes Medlem SP Kristine Sandall Medlem H Jørgen Olav Nes Medlem FRP Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Kai Halvor Juva MEDL AP Runa Vee Tveit MEDL AP Paul Willy Setane MEDL AP Følgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Britt Nordbø Runa Vee Tveit AP Anne Karin Grimstveit Kai Halvor Juva AP Guri Johanne Holdte Paul Willy Setane AP Følgjande frå administrasjonen møtte: Navn Stilling Sverre Sæter Rådmann Jan Arvid Setane Kommunalsjef Sissel Bronken Einingsleiar skule (sak 3/16) Frå saksnr.: 1/16 Til saksnr.: 13/16
Halvor Homme ordførar
Saksliste Utvalssaksnr PS 1/16 PS 2/16 PS 3/16 PS 4/16 PS 5/16 PS 6/16 PS 7/16 PS 8/16 PS 9/16 PS 10/16 PS 11/16 PS 12/16 PS 13/16 Innhald Saker til behandling Intensjonsavtale mellom kommunane Kviteseid, Nissedal og Seljord Høyring av innbyggarane sine meiningar om kommunereforma Plassmangel/utbygging av småskulen på Tveit skule Fritak frå politiske verv - Paul Willy Setane Fritak frå politiske verv - Kai Halvor Juva Revidering av vedtektene for barnehagane i Nissedal kommune Oversikt over fritak for eigedomskatt jf. 7 A og B eskl. Disponering av pott for fellestiltak ("Eigedomskattepotten") Avtale om frivillig anleggsbidrag og kommunal overtaking av avløpsnett for felt 2 i Naurak hyttefelt Kommunal vassforsyning til Havrefjell, Sandtjønnlia, Spjotvatn og Kyrtjønn hytteområde Rullering av handlingsdelen av kommunedelplanen for idrett og friluftsliv 2016 Referat- og drøftingssaker Handlingsplan for kommunalt næringsfond - KMD- for Nissedal kommune 2016
Saker til behandling PS 1/16 Intensjonsavtale mellom kommunane Kviteseid, Nissedal og Seljord Nissedal kommune går vidare med arbeidet i kommunereforma. Intensjonsavtala mellom Kviteseid, Nissedal og Seljord dannar eit godt grunnlag for å danne ein ny kommune. Endringsframlegg SP: Nissedal kommune går ikkje vidare med arbeidet i kommunereforma. Intensjonsavtalen mellom Kviteseid, Nissedal og Seljord dannar ikkje eit godt nok grunnlag for å endre dagens kommunestruktur. Nissedal kommune ynskjer å styrke samarbeidet med våre nabokommunar der det er tenleg for våre innbyggarar. Tilleggsframlegg frå AP/KrF: Kommunestyret gjev forhandlingsutvalet mynde til å inkludere andre kommunar i ei intensjonsavtale. Voteringar: 1. Rådmannen si tilråding opp mot SP sitt endringsframlegg: Rådmannen si tilråding fekk 13 røyster. Endringsframlegget frå SP fekk 4 røyster 2. Rådmannen si tilråding med tilleggsframlegget frå AP/KrF fekk 11 røyster. Seks røysta mot. Nissedal kommune går vidare med arbeidet i kommunereforma. Intensjonsavtala mellom Kviteseid, Nissedal og Seljord dannar eit godt grunnlag for å danne ein ny kommune. Kommunestyret gjev forhandlingsutvalet mynde til å inkludere andre kommunar i ei intensjonsavtale. PS 2/16 Høyring av innbyggarane sine meiningar om kommunereforma Redaksjonelt endringsframlegg frå AP/KrF: Ordet folkeavrøysting vert endra til rådgjevande folkeavrøysting.
Votering: Samrøystes vedteke. Nissedal kommune vel å nytte innbyggjarundersøkjing og rådgjevande folkerøysting som metode når alternativa er klare og innbyggjarane si meining skal høyrast i kommunereforma. PS 3/16 Plassmangel/utbygging av småskulen på Tveit skule Småskulen ved Tveit skule byggjast ut med om lag 100 m2. Prosjekterings- og byggenemnda blir gitt eit mandat til å gå vidare med utgreiing av sak om utbygging av småskulen. Nemnda kan nytte inntil kr 100.000 i ekstern planleggingshjelp. Kostnaden vert innarbeida i investeringsbudsjettet i samband med tertialarbeidet. Saksprotokoll i Formannskapet - 28.01.2016 Endringsframlegg frå AP og KrF: Saka vert utsett, og skal meldast opp til ADMU før ny handsaming i formannskapet og kommunestyret. Votering: tre røysta for endringsframlegget. To røysta for rådmannen si tilråding. Formannskapet si innstilling til kommunestyret Saka vert utsett, og skal meldast opp til ADMU før ny handsaming i formannskapet og kommunestyret. Votering: 10 røysta for formannskapet si tilråding. Sju røysta mot. Saka vert utsett, og skal meldast opp til ADMU før ny handsaming i formannskapet og kommunestyret.
PS 4/16 Fritak frå politiske verv - Paul Willy Setane Ordførar si tilråding: Paul Willy Setane får fritak frå sine politiske verv i den perioden han er permitert. Brit Nordbø blir fast medlem av kommunestyret i same periode.. blir valt til medlem av sakkunnig klagenemnd.. blir valt til vararepresentant til Vest-Telemark tinget.. blir valt til representant til samarbeidsutvalet for Fjone skule. Votering: samrøystes for ordføraren si tilråding Paul Willy Setane får fritak frå sine politiske verv i den perioden han er permitert. Brit Nordbø blir fast medlem av kommunestyret i same periode. Brit Nordbø blir valt til medlem av sakkunnig klagenemnd. Brit Nordbø blir valt til vararepresentant til Vest-Telemark tinget. Brit Nordbø blir valt til representant til samarbeidsutvalet for Fjone skule. PS 5/16 Fritak frå politiske verv - Kai Halvor Juva Ordførar si tilråding: Kai Halvor Juva får fritak frå sine politiske verv i den perioden han er permitert. Oskar Nordli blir fast medlem av kommunestyret i same periode.. blir valt til ny møtefullmektig i forliksrådet. Votering: samrøystes for ordføraren si tilråding Kai Halvor Juva får fritak frå sine politiske verv i den perioden han er permitert. Oskar Nordli blir fast medlem av kommunestyret i same periode. Oskar Nordli blir valt til ny møtefullmektig i forliksrådet.
PS 6/16 Revidering av vedtektene for barnehagane i Nissedal kommune Vedtektene for dei kommunale barnehagane blir vedtekne med dei endringane som ligg føre. Nye vedtekter trer i kraft i samband med hovedopptaket av barn til barnehagane i mars 2016. Endringsframlegg frå AP/KrF: Lovteksten frå 1 i lov om barnehagar skal framleis vere med i punkt tre i vedtekter for barnehage i Nissedal kommune. Voteringar: 1. Endringsframlegget frå AP/KrF vart samrøystes vedteke 2. Rådmannen sitt framlegg til nye vedtekter med vedteke endringsframlegg frå AP/KrF vart samrøystes vedteke. Vedtektene for dei kommunale barnehagane blir vedtekne med dei endringane som ligg føre. Nye vedtekter trer i kraft i samband med hovedopptaket av barn til barnehagane i mars 2016. Lovteksten frå 1 i lov om barnehagar skal framleis vere med i punkt tre i vedtekter for barnehage i Nissedal kommune. PS 7/16 Oversikt over fritak for eigedomskatt jf. 7 A og B eskl. Liste over fritak for eigedomsskatt jf. 7 A og B vert teke til vitande. Votering: samrøystes for rådmannen si tilråding. Liste over fritak for eigedomsskatt jf. 7 A og B vert teke til vitande. PS 8/16 Disponering av pott for fellestiltak ("Eigedomskattepotten") Pott for fellestiltak 2016 på kr 500.000 vert disponert slik: - Kr 25.000 til å sikre dagens tilsyn og renovasjonsordning i Jettegrytene. - kr 25.000 til prosjektet "Nytt liv i Søftestad Gruber". - Kr 206.500 - Tilskot til Kyrkjebygda løypelag.
- Kr 243.500 vert delegert til formannskapet å disponere. Formannskapet blir delegert å disponere den sum som kvart år vert sett av i årsbudsjettet til felles tiltakspott. Votering: samrøystes for rådmannen si tilråding. Pott for fellestiltak 2016 på kr 500.000 vert disponert slik: - Kr 25.000 til å sikre dagens tilsyn og renovasjonsordning i Jettegrytene. - kr 25.000 til prosjektet "Nytt liv i Søftestad Gruber". - Kr 206.500 - Tilskot til Kyrkjebygda løypelag. - Kr 243.500 vert delegert til formannskapet å disponere. Formannskapet blir delegert å disponere den sum som kvart år vert sett av i årsbudsjettet til felles tiltakspott. PS 9/16 Avtale om frivillig anleggsbidrag og kommunal overtaking av avløpsnett for felt 2 i Naurak hyttefelt 1. Avtale mellom Nissedal kommune og Ugstad Eiendom AS underteikna av styreleiar i Ugstad eiendom AS vert godkjent. 2. Entreprenørkostnaden settast til kr 340.000 eks mva og heile beløpet vert refundert kommunen frå Ugstad eigedom AS. 3. Avløpsleidningen blir overtatt av kommunen når den er ferdiggodkjent. 4. Prosjektet vert innarbeidd i investeringsbudsjettet for 2016. Saksprotokoll i Formannskapet - 28.01.2016 Votering: samrøystes for rådmannen si tilråding. Innstilling til kommunestyret 1. Avtale mellom Nissedal kommune og Ugstad Eiendom AS underteikna av styreleiar i Ugstad eiendom AS vert godkjent. 2. Entreprenørkostnaden settast til kr 340.000 eks mva og heile beløpet vert refundert kommunen frå Ugstad eigedom AS. 3. Avløpsleidningen blir overtatt av kommunen når den er ferdiggodkjent. 4. Prosjektet vert innarbeidd i investeringsbudsjettet for 2016.
Votering: samrøystes for formannskapet si innstilling. 1. Avtale mellom Nissedal kommune og Ugstad Eiendom AS underteikna av styreleiar i Ugstad eiendom AS vert godkjent. 2. Entreprenørkostnaden settast til kr 340.000 eks mva og heile beløpet vert refundert kommunen frå Ugstad eigedom AS. 3. Avløpsleidningen blir overtatt av kommunen når den er ferdiggodkjent. 4. Prosjektet vert innarbeidd i investeringsbudsjettet for 2016. PS 10/16 Kommunal vassforsyning til Havrefjell, Sandtjønnlia, Spjotvatn og Kyrtjønn hytteområde 1. Avtale mellom Nissedal kommune og buet til Havrefjell Utvikling AS, underteikna av bustyraren vert godkjent. 2. Avtale mellom Nissedal kommune og 1884 Eigedom AS, underteikna av styreleiar i 1884 eiendom AS vert godkjent. 3. Avtale mellom Nissedal kommune og Havrefjell Hyttegrend AS /grunneigar gnr. 41,bnr.6, underteikna av styreleiar i Havrefjell Hyttegrend AS og grunneigar gnr.41,bnr.6 vert godkjent. 4. Avtale mellom Nissedal kommune og Statskog SF, førebels ikkje signera, vert godkjent. 5. Budsjettskjema 2A og 2B endrast i tråd med tabellane i saka. Saksprotokoll i Formannskapet - 28.01.2016 Votering: samrøystes for rådmannen si tilråding. Formannskapet si innstilling til kommunestyret 6. Avtale mellom Nissedal kommune og buet til Havrefjell Utvikling AS, underteikna av bustyraren vert godkjent. 7. Avtale mellom Nissedal kommune og 1884 Eigedom AS, underteikna av styreleiar i 1884 eiendom AS vert godkjent. 8. Avtale mellom Nissedal kommune og Havrefjell Hyttegrend AS /grunneigar gnr. 41,bnr.6, underteikna av styreleiar i Havrefjell Hyttegrend AS og grunneigar gnr.41,bnr.6 vert godkjent. 9. Avtale mellom Nissedal kommune og Statskog SF, førebels ikkje signera, vert godkjent. 10. Budsjettskjema 2A og 2B endrast i tråd med tabellane i saka.
Votering: samrøystes for formannskapet si tilråding. 11. Avtale mellom Nissedal kommune og buet til Havrefjell Utvikling AS, underteikna av bustyraren vert godkjent. 12. Avtale mellom Nissedal kommune og 1884 Eigedom AS, underteikna av styreleiar i 1884 eiendom AS vert godkjent. 13. Avtale mellom Nissedal kommune og Havrefjell Hyttegrend AS /grunneigar gnr. 41,bnr.6, underteikna av styreleiar i Havrefjell Hyttegrend AS og grunneigar gnr.41,bnr.6 vert godkjent. 14. Avtale mellom Nissedal kommune og Statskog SF, førebels ikkje signera, vert godkjent. 15. Budsjettskjema 2A og 2B endrast i tråd med tabellane i saka. PS 11/16 Rullering av handlingsdelen av kommunedelplanen for idrett og friluftsliv 2016 Saka var feiloppmeldt til kommunestyret. Ikkje tatt opp til handsaming. PS 12/16 Referat- og drøftingssaker Referat- og drøftingssaker vert teken til vitande. Votering: samrøystes for rådmannen si tilråding Referat- og drøftingssaker vert teken til vitande.
PS 13/16 Handlingsplan for kommunalt næringsfond - KMD- for Nissedal kommune 2016 Formannskapet tilrår kommunestyret å gjere følgjande vedtak: Kommunestyret godkjenner rapport for løyvingar av kommunalt næringsfond, KMD-midlar for 2015 og Handlingsplan/budsjett for bruk av midla i 2016. Dette under føresetnad av at Nissedal kommune får overført kr 283.000 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Formannskapet får fullmakt til å løyve midlar frå fondet. Saksprotokoll i Formannskapet - 28.01.2016 Votering: samrøystes for rådmannen sin tilråding. Innstilling til kommunestyret Formannskapet tilrår kommunestyret å gjere følgjande vedtak: Kommunestyret godkjenner rapport for løyvingar av kommunalt næringsfond, KMD-midlar for 2015 og Handlingsplan/budsjett for bruk av midla i 2016. Dette under føresetnad av at Nissedal kommune får overført kr 283.000 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Formannskapet får fullmakt til å løyve midlar frå fondet. Redaksjonelt endringsframlegg frå rådmannen: Siste setning i tilrådinga vert endra til: "Formannskapet får fullmakt til å løyve avsette midlar frå fondet, jf. Kulepunkt tre i handlingsplanen". Votering: Rådmannen si tilråding med redaksjonelt endringsframlegg vart samrøystes vedteke. Formannskapet tilrår kommunestyret å gjere følgjande vedtak: Kommunestyret godkjenner rapport for løyvingar av kommunalt næringsfond, KMD-midlar for 2015 og Handlingsplan/budsjett for bruk av midla i 2016. Dette under føresetnad av at Nissedal kommune får overført kr 283.000 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Formannskapet får fullmakt til å løyve avsette midlar frå fondet, jf. Kulepunkt tre i handlingsplanen