MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon 700 58 700.

Like dokumenter
NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE. Molde, september Kafedialog 1 Kosthald i Helse i plan, Volda kommune

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Utvalg: Møtestad: Møterom Voldsfjorden, evt. møterom Austefjorden. Rådhuset 1.etg. Dato: Tid: 14:00

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Dei fleste aktivitetane gjeld gjennomgåande heile året, men planen blir jamleg oppdatert av omsyn til årstider, ferie og evt. endringar/nye tilbod.

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Helsestasjonen i Volda vil gjerne foreslå Bra mat kurs for innvandrar til innovasjonsprisen 2015.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato

MØTEINNKALLING. Møtestad: Møterom A, Volda rådhus - etter synfaring i barnehagar Dato: Tid: 13:00

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Henny Bjerkvik Medlem KRF Gunnar Strøm Medlem SV

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Erfaringskonferanse God Helse Molde 9.november 2011 Utvikling av folkehelsekommunen Volda

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

ÅRSMELDING GOD HELSE VOLDA KOMMUNE 2010

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

MØTEPROTOKOLL. Medlem. Leiar sentralkjøkkenet på omsorgssenteret SAKLISTE. Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Til deg som bur i fosterheim år

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til koordinator på e-post: eller mobil nr

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Plan for Liabygda SFO

Resept for eit sunnare FørdeF

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Informasjonshefte Tuv barnehage

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Fysisk aktivitet og kosthald

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Møtestad: Hareid rådhus KST sal Dato: torsdag, Tid:17:00

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Tor Stian Bjørneset MEDL Folkestad ungd. SAKLISTE

NYE VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Kommunestyre. Sakliste

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ingrid Opedal Medlem SV Arild Iversen Nestleiar KRF

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Møtestad: Hareid rådhus FSK rom Dato: torsdag, Tid:11:45

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 3.etasje, Fitjar rådhus Dato:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Sandeid skule SFO Årsplan

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Transkript:

VOLDA KOMMUNE Utvalg: Driftsstyret Møtestad: Møterom A, Volda rådhus Dato: 15.05.2013 Tid: 14:00 MØTEINNKALLING Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon 700 58 700. Varamedlemar får saksdokumenta førebels berre til orientering. Dei får særskilt melding når dei skal møte. B- saker er underlagt teieplikt og er unnatekne offentleg innsyn. Møtet er ope for publikum, med unnatak når b-saker vert handsama. Saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn på servicekontoret og på folkebiblioteket til møtet vert halde. Side1

VOLDA KOMMUNE SAKLISTE I starten på møtet vil Gunvor Strand vil informere om Kunnskapsdepartementet si satsing på ungdomstrinnet. Saksnr. PS 18/13 PS 19/13 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte PS 20/13 Årsmelding God Helse Volda kommune 2012 OS 4/13 Referat frå samarbeidsutval ved skulane Side2

PS18/13Godkjenningavinnkallingogsakliste PS19/13Godkjenningavmøteprotokollfråforrigemøte Side3

VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Berit Koen Arkivsak nr.: 2013/880 Arkivkode: 004 Utvalsaksnr Utval Møtedato 20/13 Driftsstyret 15.05.2013 Kommunestyret ÅRSMELDING GOD HELSE VOLDA KOMMUNE 2012 Administrasjonen si tilråding: Kommunestyret tek Årsmelding God Helse Volda kommune 2012 til vitende Vedleggsliste: Vedlegg 1 Årsmelding God Helse Volda kommune 2012 Vedlegg 2 Årsmelding HelseKorpset Volda 2012 Uprenta saksvedlegg: http://mrfylke.no/tenesteomraade/kultur/folkehelse-fysisk-aktivitet http://www.sunnekommuner.no/ Samandrag av saka: Det vert med dette lagt fram Årsmelding God helse Volda kommune 2012. Rådmannen rår til at driftsstyret og kommunestyret tek årsmeldinga til vitende. Saksopplysningar: Lov om folkehelse og ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester gjeldande frå 1.januar 2012, er rettslege verkemiddel for å nå samhandlingsreforma sine mål om m.a. å fremje folkehelse, førebygge sjukdom og utjamne sosial ulikskap i helse. Folkehelselova byggjer på og er samordna med plan- og bygningslova, og legg til grunn prinsippet om å fremje folkehelse i alle sektorar, der intensjonen er helse i alt vi gjer. Dette er bakgrunnen for at rådmannen ved folkehelsekoordinator legg fram for politikarane ei eiga årsmelding for folkehelsearbeidet 2012, ( jf. at dette også tidlegare har vore gjort sidan Side4

2006. Sjå http://www.volda.kommune.no/modules/servicecategory.aspx?objecttype=category&categ ory.id=1543 ) Vurdering og konklusjon: Folkehelsekoordinator har laga ei omfattande årsmelding for folkehelsearbeidet for 2012, som rådmannen rår til at driftsstyret og kommunestyret tek til vitande. Helse og miljøkonsekvensar: Helse og miljøkonsekvensar er omtalt i årsmeldinga. Økonomiske konsekvensar: Som årsmeldinga syner, genererer folkehelsearbeidet stor aktivitet og mykje midlar til både frivillige lag og organisasjonar og kommunen som sådan. Det meste av annonsering, drift og nye folkehelsetiltak vert finansiert med tilskotsmidlar frå fylkeskommunen eller andre patnarar. Nasjonale oppdrag og prosjekt som vert omtala i årsmeldinga, vert for det meste finansiert med statlege midlar. Beredskapsmessige konsekvensar: Folkehelsearbeidet legg til rette for at innbyggjarane skal kunne utvikle og/eller oppretthalde ei god helse, trivast og meistre kvardagen sin. Dette er også ein viktig føresetnad for positive beredskapsmessige konsekvensar. Rune Sjurgard Rådmann Utskrift av endeleg vedtak: Helseavdelinga, her Møre og Romsdal fylkeskommune, ved kulturavdelinga 6404 Molde Side5

ÅRSMELDING GOD HELSE VOLDA KOMMUNE 2012 Jentene i Volda tek bølgen i lag med Volda kommune sin helseminister, rådmann Rune Sjurgard 2012: eit merkeår, og ein milepel for folkehelsearbeidet i Noreg! Lov om folkehelse frå 1.januar 2012 1 Formål: Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade og lidelse. - 1 - Side6

Eg viser til bakgrunnsinformasjon om Volda som helse- og miljøkommune og hovudmål og retningsliner for dette arbeidet i tidlegare årsmeldingar frå 2005-2011. Det same gjeld partnarskap for folkehelse, God Helse i Møre og Romsdal. Helse, folkehelse og folkehelsearbeid - Helse er overskudd til å mestre hverdagens krav, seier professor Peter F.Hjort. Helse handlar altså om fysisk, mental, åndeleg og sosial trivsel, og ikkje berre sjukdom. Lov om folkehelse og ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester gjeldande frå 1.januar 2012, er rettslege verkemiddel for å nå samhandlingsreforma sine mål om m.a. å fremje folkehelse, førebygge sjukdom og utjamne sosial ulikskap i helse. Folkehelselova byggjer på og er samordna med plan- og bygningslova, og legg til grunn prinsippet om å fremje folkehelse i alle sektorar, der intensjonen er helse i alt vi gjer. Det er heile samfunnet sitt ansvar å legge til rette for at kvart menneske skal få best mogleg føresetnad for å halde seg friske og meistre kvardagen sin (professor Peter.F.Hjort). I gjeldande kommuneplan for Volda står: - Hovudutfordringa for ein helse- og miljøkommune er å setje helse og miljø i fokus i all verksemd, og skape ein kontinuerleg prosess med sikte på auka trivsel og tryggheit for befolkninga og støttande og berekraftige lokalsamfunn. Folkehelsearbeidet og resultat av innbyggjarane si deltaking i dei ulike aktivitetstilboda i Volda er vanskeleg å måle, men på lang sikt fører truleg arbeidet og tiltaka til trivsel, betre helse og dermed økonomisk gevinst ved at fleire held seg friske og i arbeid. 90/10-regelen seier at helsetenesta kan avhjelpe 10 prosent av folks helseproblem. Dei resterande 90 % må samfunnet og fellesskapet ta seg av. Volda kommune har meir enn 300 frivillige lag og organisasjonar som driv eit fantastisk folkehelsearbeid for alle aldersgrupper med stort mangfald innan kultur/idrett. Folkehelsearbeidet genererer mykje aktivitet og økonomiske midlar frå ulike tilskotsordningar. Denne årsmeldinga synleggjer konkrete tiltak i 2012, der folkehelsekoordinator har medverka i større eller mindre grad. Men den største innsatsen til dette folkehelsearbeidet kjem frå frivillige lag og organisasjonar og einskildpersonar. Volda kommune, lag og organisasjonar er omtalt i Sunne kommuner, WHO sitt norske nettverk si brosjyre retta mot politikarar. Her er fleire foto frå aktivitetar i regi av lag og organisasjonar, og frivilligheita i Volda har fått brei omtale på midtsida i brosjyren. Sjå elles www.sunne.kommuner.no - 2 - Side7

Framhald og vidareføring av Aktiv i Volda og Aktivitetsplanen o Døme på ein del av aktivitetane følgjer vidare i årsmeldinga Finansiering: Folkehelsekoordinator hjelper til med å søkje tilskot i den grad det er behov for midlar. Aktivitetsplan Aktiv i Volda er retta mot innbyggjarar over 18 år på dag- og kveldstid. Folkehelsekoordinator reviderer denne planen tre - fire gongar pr. år. Planen ligg på kommunen si heimeside, og vert elles distribuert til legesenteret, Helseføretaket, Furene og andre aktørar som møter innbyggjarar som kan gjere seg nytte av desse tilboda. o I 2011 var ca.15 frivillige lag og organisasjonar, private og kommunale instansar representerte med nærare 40 ulike tilbod knytt til fysisk aktivitet for personar over 18 år, fordelt over alle vekedagar gjennom heile året (dagtid og kveld). Planen finn du på www.volda.kommune.no Aktivitetsplan for barn og unge: NY Med hjelp frå Frivilligsentralen si oversikt over frivillige lag og organisasjonar og annonsering av aktivitetar i regi av lag og organisasjonar i Møre, kunne folkehelsekoordinator presentere ei 2 meter lang oversikt over aktivitetar for barn og unge. Planen er tenkt følgje skuleåret, og må reviderast kvar haust. Den blir sendt til barnehagar og skular, og blir kunngjort på kommunen og StudiebygdA sine heimesider. Planen finn du på www.volda.kommune.no HelseKorpset Volda Denne gruppa er ein svært viktige samarbeidspartnar med folkehelsekoordinator. Dei er ansvarlege for aktivitetar for vaksne på dagtid (sjå Aktiv i Volda: o Sittedans annakvar tysdag på Volda omsorgssenter (ca.15 pers.). 4 utdanna instruktørar o Seniordans (ca. 40 pers.) kvar fredag på Volda samfunnshus. 7 utdanna instruktørar. Dette tiltaket er svært populært, og lokalet i 1.etasje på Volda Samfunnshus er snart for lite for dansarane. - 3 - Side8

Instruktørane driv dette tilbodet på ein særdeles god måte, og det betyr svært mykje for deltakarane. Finansiering: Gruppene er sjølvgåande, og finansierer utgiftene sine ved hjelp av kaffipengar og evt. tilskotsmidlar. Folkehelsekoordinator er sekretær for HelseKorpset. I tillegg til desse gruppene, driv HelseKorpset med rydding og merking av stiar i området Engeset- Klepp, og registrerer turar ved hjelp av GPS som vert lagt inn i kommunen sitt kartsystem Sunnmørskart og www.morotur.no. HelseKorpset Volda er registrert i Brønnøysundregisteret og har eige organisasjonsnummer. Laget kan difor søkje på tilskotsmidlar der dei finn det naudsynt. (Sjå eigen årsmelding). Tysdagsgruppa 10.30 Turgruppa for kvinner har eksistert i snart to år. Siste året har 20 damer vore med i denne gruppa. Ansvarlege for gruppa er Tone Jemne Grimstad og Helga Wederhus. Tysdagsturgruppe menn. NY GRUPPE I 2012 Gruppa starta våren 2012. Fast møteplass er parkeringsplassen ved Volda Stadion kvar tysdag kl.10.30. Siste året har 18 menn vore med på turane. Ansvarlege for gruppa er Per Helge Jøsok og Jarle Dalebø. OnsdagsTURgruppa 12 damer er med i gruppa, og dei har hatt møteplass ved posten i Volda kvar onsdag kl.11.00 heile året sidan august 2005. Ansvarleg for gruppa var frå starten Bothild Standal Guttormsen. Eva Brænde tok over hovudansvaret frå 2012. Den gylne spaserstokk Samarbeid mellom Volda Pensjonistlag, helselaga på Folkestad, Lauvstad, Indre Dalsfjord, Sparbank1 Søre Sunnmøre og folkehelsekoordinator. Finanisering alle turgrupper : dugnadsinnsats frå frivillige leiarar på alle turgruppene. - 4 - Side9

Folkehelsekoordinator kallar inn til møte med Volda pensjonistlag vår og haust, hjelper med terminliste og er laget sin kontakt med Sparebank1. Folkestad, Lauvstad og Indre Dalsfjord helselag organiserer eigne tilbod. Finansiering: Pensjonistlaga har sponsorar som betalar annonsering. Treningsgruppe unge jenter og kvinner. NYTT I forlenginga av tilbod i regi av Frisklivssentralen våren 2012, vart det som ei prøveordning etablert ei treningsgruppe på Volda ungdomsskule kvar onsdag ettermiddag kl.16.30-17.30. Det var eit mål at jentene/damene skulle vere med på Jentebølgen i Ørsta i juni. Folkehelsekoordinator hadde ansvar for denne gruppa. Opplegget varte fram til sommaren. Finansiering: deltakaravgift Jentebølgen: NYTT Ei gruppe tilsette inviterte til treningsgruppe for damer kvar torsdag ettermiddag med siktemål å vere med på Jentebølgen i Ørsta. Nærare 60 personar stilte på første treningskvelden på Årneset. Tiltaket heldt fram til etter gjennomført deltaking på Jentebølgen Finansiering: Tiltaket fekk kr.3000.- i tilskotsmidlar til å trykke t-skjorter. Skyss t/r Volda-Ørsta, finansiert av lokale folkehelsemidlar. Rullatormaraton på verdas aktivitetsdag 10.mai. NYTT Nytt av året var rullatormaraton på Volda omsorgssenter. Dette var eit samarbeid mellom Volda pensjonistlag og Volda kommune. Ordførar og rådmann opna med gode ord og toradarmusikk. STYRK arbeid merka tre ulike løyper, la til rette med bålpanne, bord og stolar. Mange frivillige lag og organisasjonar tok del i underhaldninga: Volda sanitetslag, Volda veterankorps, Seniordans Volda, Eldretrimmen. Fleire barnehagar stilte opp med norske flagg og var heiagjeng. Vi gjentek suksessen nest år! - 5 - Side10

Turkasse og registreringsbøker. NYTT Innkjøp av 5 stk. turbokkasser og registreringsbøker til Volda omsorgssenter for å motivere bebuarar og brukarar av dagsenteret til å gå tur i nærområdet rundt senteret. Lansert i samband med Rullatormaraton. Finansering: lokale folkehelsemidlar Regncaper. NYTT Innkjøp av 60 stk. lette regncaper til Volda omsorgssenter for å vere rusta mot regnvêr i Rullatormaraton og som motivasjon for bebuarar og brukarar av dagsenteret til å vere meir ute uansett vêr. Finansiering: lokale folkehelsemidlar Lokale partnarskap God Helse: Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre og Tussa Kraft gjekk for eit nytt år som partnar for God Helse 2011. Finansiering: ei av partnarbedriftene støttar det kommunale God Helsearbeidet årleg med kr. 5000.- medan dei to andre støttar med kr.10 000.- kroner årleg, dvs. kr.25 000.- i 2012. Midlane bidreg til finansiering av annonsar, materiell og premiar for Ti TURmål, kursverksemd og anna samfunnsnyttig arbeid for innbyggjarane i kommunen. Framhald Grorabladet Opplysningsspalte for livsstil, helse og trivsel i Volda kommune i lokalavisa Møre. Folkehelsekoordinator er ansvarleg redaktør, lagar terminliste og syt for bidrag til laurdagsavisa med jamne mellomrom. Det er ei stor utfordring å få bidrag frå alle kommunale sektorar til denne spalta. Finansiering: Ingen kostnad Spalta vert mest nytta i Ti TURmål-perioden 1.mai-30.september. Helsestasjonen er elles flinke til å bruke spalta til informasjon om t.d. vaksinasjon og andre tiltak. I 2012 hadde kommunen 15 bidrag til Grorabladet. I tillegg vert omtaler av ulike folkehelsetiltak sendt til Møre frå folehelsekoordinator eller andre med jamne mellomrom. Ti TURmål 1.mai-30.september Ti nye turmål kvart år, og TURsøndag med kjentmann til kvart turmål i løpet av denne perioden. 13 101 namn er registrert i bøkene denne sesongen. Det er godt frammøte på mange av tursøndagane. Folk på bygdene er spesielt flinke til å still e opp på desse arrangementa. - 6 - Side11

Premiar for vinnarane er sitteunderlag i ull med God Helse-logo. 10 frivillige lag/organisasjonar og mange einskildpersonar var engasjert i merking, registrering og leiing av tursøndagane. Finansiering av annonsar og premiar: lokale God Helse partnarbedrifter og folkehelsemidlar. Meir om turmåla finn du på www.volda.kommune.no. Utlån av utstyr barnehagar, skular, frivilligs lag og organisasjonar: Framhald utlånsordning friluftsutstyr til barnehagar, skular, lag og organisasjonar. 2 stk ryggsekkar med lavvo, stormkjøkken, øks, sag og tennjern. I tillegg to steikeheller til matlaging på bål. Det er særleg barnehagane som gjer bruk av tilbodet. Ein sekk med utstyr vart ikkje levert inn att i 2011, og folkehelsekoordinator kjøpte inn att tilsvarande utstyr. Utlån koordinert av folkehelsekoordinator. Framhald utlånsordning syklar. Fire syklar og hjelmar er stasjonert på Øyra skule, men står til disposisjon for alle skulane og frivillige lag og organisasjonar som vil drive lågterskel fysisk aktivitet/friluftsliv for barn og unge. Utlån koordinert av Øyra skule. Framhald utlånsordning av skiutstyr. 11 par ski og sko er lagra og vert koordinert for utlån av Øyra skule. Finansiering av alle tiltaka med tilskotsmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Sjå tidlegare årsmeldingar. 3 else Hyggje umør Bedriftsidrettslaget i Volda kommune Bedriftsidrettslaget 3H og folkehelsekoordinator samarbeider om mosjonstiltak for tilsette i perioden 1.mai-30.september. Medlemstal i 2012: 91 tilsette. 3H finansierer hovudpremie. Folkehelsekoordinator finansierer småpremiar ved hjelp av lokale partnarskapsmidlar. Finansiering: Månadleg trekk for medlemer kr.20.- Aktivitetar i 3H: symjing kvar tysdag, fotturar onsdagar vår, sommar og haust og spinning/ styrketrening i lag med Tussa AS kvar onsdag kveld og i lag med Brannvernet kvar fredag kveld. - 7 - Side12

Arbeidsgjevar betalar innmeldingsavgift for tilsette som ynskjer å trene på Stamina HOT (tidlegare Tren Volda). 74 tilsette er registrert som aktive medlemer hjå Stamina Hot dette året. Andre tiltak og prosjekt: Kosthald og ernæring: Helseavdelinga har fokus på kosthald og ernæring, heilt i tråd med intensjonen i Samhandlingsreforma, og som eit viktig grunnlag for å nå måla i folkehelselova. (Om bakgrunnen for dette fokuset, sjå tidlegare årsmeldingar) Bra mat-kurs 2012: Bra mat-kurs for deltakarar i Frisklivssentralen og andre 2 kurs i perioden 9.januar 26.mars. Kursleiar: folkehelsekoordinator Berit Koen. 15% stilling (frigjort frå barnerepresentantstillinga) for å halde Bra mat-kurs i regi av Frisklivssentralen kvar måndag. 1 kurs 27.mars 29.mai. Kursleiarar: helsesøster Ellen Madssen Andenes og folkehelsekoordinator Berit Koen. 1 kurs i perioden 23.april 2.juli. Kursleiar: folkehelsekoordinator Berit Koen Finansiering: deltakaravgift og framleis midlar på prosjektkonto Bra mat. Bra mat-kurs for innvandrarar og flyktningar 1 kurs 19.januar 27.mars: kurs for innvandrar og flyktningar. Kursleiar: helsesøstrene Palma Kristin Håvik og Ann-Elin Overvoll Lillebø. 1 kurs 25.oktober 13.desember: Bra mat-kurs for einslege mindreårige jenter og gutar, og 5-6 deltakarar frå asylmottaket. Kursleiarar: Helsesøstrene Palma Kristin Håvik og Ann-Elin Overvoll Lillebø. Mat- og helselærar Marit Drabløs hadde praktisk matlagingskurs. Finansiering: deltakaravgift gog framleis midlar på prosjektkonto Bra mat. Bra mat-kurs for ungdom 13.november - 4.desember 2012 vart det gjennomført Bra mat-kurs for ungdom i TeleBygget ungdomsklubb. 7 ungdomar tok del i kurset. Helsesøstrene Hilde Ørstavik Lundberg og Ann-Elin Overvoll Lillebø var kursleiarar. Finansiering: Kurset var eit spleiselag mellom ungdomsklubben og helseavdelinga. Bra mat-kurs for deltakarar i Frisklivssentralen og andre Bra mat-kurs 3.oktober 12.desember. Kursleiarar var fysioterapeut Randi Heltne Alfsvåg og frisklivsrettleiar Mona Helen Kile. Finansiering: deltakaravgift - 8 - Side13

Helsesøstrene Hilde Ørstavik Lundberg og Ann-Elin Overvoll Lillebø har vore engasjert som foredragshaldarar for ulike målgrupper både på kurs og konferansar, m.a. fagdag Sjøholt, vidareutdanningstilbodet Mat og helse på høgskulen i Molde. Begge to representerte kommunen på Frisklivskonferansen i Stavanger 9.-10.februar 2012, der dei fortalte om erfaringane frå Bra matkursa for innvandrarar og flyktningar i Volda. Innkjøp av bordflip-over Bra mat. Til bruk for alle kursleiarane i ein-til-ein-samtale og i grupper med få deltakarar. Eit greitt alternativ der ein manglar kurslokale med videokanon. Materiell utarbeidd av Furene AS. Finansiering: all kostnad dekt av Livsstilsprosjektet, diabetespoliklinikken Volda sjukehus Avslutning av samarbeidsprosjekt med Livsstilsprosjektet, diabetespoliklinikken Volda sjukehus Rapport sendt prosjektleiar desember 2012. Evaluering av Handlingsplan for betre kosthold i befolkningen (2007-2011) Førespurnad frå Helsedirektoratet om folkehelsekoordinator kunne vere informant til eit europeisk ekspertråd i evalueringsarbeidet av Handlingsplanen, basert på erfaringar frå Volda kommune. Folkehelsekoordinator inviterte Pleie- og omsorg til å kome med innspel, og inviterte helsesøstrene til idèdugnad. Det kom mange nyttige innspel som vart bringa vidare til Helsedirektoratet. Kartlegging av helseutfordringar i kommunen Volda kommune fekk førespurnad frå Helsedirektoratet om å utarbeide ein vegleiar for kartlegging av helseutfordringane i kommunen gjennom kommunikative prosessar o Som del av arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, i samarbeid med planavdeling, og implementering av folkehelse i alt kommunalt planverk. o Dokumentere erfaringar frå arbeidsmåtar/prosessarbeid knytt til Helse i plan, og som del av kartleggingsarbeidet. Oppdrag frå Helsedirektoratet. Gjennomføringa av prosessen var eit samarbeid mellom planleggar Hanna Spilling, kommuneoverlege Arne Gotteberg og folkehelsekoordinator. RESULTAT: Innspel til vegleiar om oversikt etter folkehelselova 5 (bokstav b og c). Oppdrag for Helsedirektoratet. Ny vegleiar er planlagt ferdig og sendt frå Helsedirektoratet i løpet av våren 2013. Truleg vert erfaringar frå Volda kommune å finne som ein av fleire idear i nettbasert verktykasse på Helsedirektoratet si heimeside. Kartleggingsarbeidet vil halde fram i 2013. - 9 - Side14

Lantidsfrisk i Volda kommune (FQ): Hovudmål: At Volda skal bli ein langtidsfrisk organisasjon - eit fremjande perspektiv med fokus på moglegheitene - korleis skal det vere når det er som best? Alle fem prosessleiarane hadde lunsjmøte med personalsjefen onsdag 11.januar. Rådgjevar Solfrid Teigen og folkehelsekoordinator Berit Koen har gjennomført Langtidsfrisk på Volda omsorgssenter onsdag 5.septmber, onsdag 26.september og onsdag 28.november. Solfrid Teigen og Berit Koen var prosessleiarar på fagdag Tverrfagleg arbeid barn og unge, tysdag 7.februar. Temadag for ungdomsskulane i Volda Torsdag 8.mars fekk Volda ungdomsskule besøk av komikar Tor Arne Johnsen som hadde stand-upshowet Lær å mobbe på førmiddagen. Etter lunsj møttest elevane frå Austefjord og Folkestad på Dalsfjord skule for å vere med på Johnsen sitt stand-upshow Lær å røyke Finansiering: kr. 30 000.- i tilskotsmidlar frå fylkesmannen i Møre og Romsdal, som dekte alle utgifter (reise og honorar for Johnsen og mat og busskyss for skuleelevane) Samlingar knytt til partnarskap og nettverk Deltaking i partnarskap og nettverk er ein viktig del av arbeidet. Det krev både ansvar og forplikting når det gjeld å bidra med erfaringar og ta del i nettverksamlingar. Ein del av arbeidet til folkehelsekoordinator er å kome med bidrag til kommunen, partnarane og nettverka sine heimesider, www.volda.kommune.no, www.godhelse-mr.no, www.sunnekommuner.no. Koordinator må også rapportere til God Helse om kommunen sitt arbeid, og elles til andre instansar som bidreg med støtte eller tilskot. God Helse-samlingar: - Onsdag 2.mai:Partnarskapsforum i Skodje. Varaordførar Arild Iversen og folkehelsekoordinator var med frå Volda kommune. Kommuneoverlege Arne Gotteberg hadde innlegg om erfaringar frå Volda. - Torsdag 3.mai: Koordinatorsamling, Finnøy havstuer. Folkehelsekoordinator tok del på samlinga. - Torsdag 6.desember: koordinatorsamling Vestnes. Folkehelsekoordinator hadde innlegg om kartlegging av helseutfordringar og erfaringar frå Volda. Sunne kommuner - WHOs norske nettverk: Kommuneoverlege Arne Gotteberg sit i styret for nettverket. Ordførar er politisk nettverkskontakt og folkehelsekoordinator Berit Koen er administrativ nettverkskontakt. - Generalforsamling og nettverksamling i Sarpsborg måndag 14. og tysdag 15.mai. Kommuneoverlege Arne Gotteberg og varaordførar Arild Iversen representerte Volda kommune. Arne Gotteberg held fram som styremedlem for ein ny periode. - Administrativt nettverksmøte i Oslo onsdag 14.november: folkehelsekoordinator tok del. - 10 - Side15

Andre samlingar: Onsdag 6. og torsdag 7.juni: erfaringskonferanse for Frisklivssentralar i Møre og Romsdal. Helsesjef Runa Bakke, frisklivsrettleiar Mona Helen Kile og folkehelsekoordinator tok del. Andre oppdrag: Folkehelsekoordinator har drive informasjon om kommunen sitt folkehelsearbeidet på ulike arenaer: - Tysdag 14.februar: Dagskonferanse Helse i alt vi gjer i Ørsta. Folkehelsekoordinator hadde innlegg om erfaringar frå Volda kommune - Tysdag 21.februar: Årsmøte Vikebygda sanitetslag - Tysdag 6.mars: Forelesing for studentar på studiet Matkultur og helse, Høgskulen i Volda - Torsdag 29.november: Forelesing for deltakarar i ARRO-prosjektet, Furene - Helsesøster Lisbet Hoggen Totland og folkehelsekoordinator var mentorar for elevar i klasse 2SA1 ved Volda vidaregåande skule. Elevane si ungdomsbedrift, Nam UB har som mål å selje matboksar med oppskriftshefte med sunn nistemat. - Studiebesøk frå Giske kommune. Erfaringsutveksling Frisklivssentralen Aktiv i Volda Kurs: - Sluttveilederkurs tobakksavvenning i regi av Helsedirektoratet, Oslo: torsdag 5./fredag 6.januar og med avsluttande eksamen torsdag 10.mai. Frisklivsrettleiar Mona Helen Kile og folkehelsekoordinator tok del frå Volda, og er pr. dato dei einaste frå Møre og Romsdal fylke med denne sertifiseringa. - Livebergingskurs, Mork senter 19.januar. Folkehelsekoordinator tok del for å kunne vere back-up på bassengtrening i regi av Frisklivssentralen. - Treningslærekurs i Molde 16. og 17. april. Folkehelsekoordinator tok del for å kunne vere back-up på treningsgrupper i regi av Frisklivssentralen, og for å ha ansvar for treningsgrupper i gymnastikksal. - Dagsseminar om tobakk og tobakksavvenning, Molde torsdag 31.mai. Folkehelsekoordinator tok del. - Innføring i bruk av folkehelseprofilar, Molde fredag 1.juni. Planleggar Per Heltne, planleggar Hanna Spilling, kommuneoverlege Arne Gotteberg og folkehelsekoordinator tok del. Barnerepresentant: Folkehelsekoordinator var kommunen sin representant i det faste planutvalet i perioden 2008-2012, men hadde fritak frå vervet frå januar til juli 2012 for å halde Bra mat-kurs og vere back-up for m.a. bassengtrening i regi av Frisklivssentralen. Barnerepresentanten har elles følgjande oppgåver: - ta del i administrativt planforum annakvar tysdag (tidlegare kvar tysdag), og har der høve til å kome med innspel i saker som er under førebuing. - kome med innspel i saker som kjem til høyring og som gjeld barn og unge sine interesser og rettar. - møter i Formannskapet når det er relevante saker som gjeld barn og unge sine interesser og rettar. Berit Koen er peika ut som ny barnerepresentant for perioden 2012-2016, med verknad frå hausten 2012. Økonomi: Folkehelsearbeidet i Volda har hatt stor nytte av både det regionale og lokale partnarskapet for God Helse. Volda kommune får årleg kr.125 000.- i tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. I tillegg har dei tre lokale partnarane Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre og Tussa AS bidrege med kr. 25 000.- til aktivitetsretta tiltak. Dei fleste tiltaka nemnt i denne og tidlegare årsmeldingar er finansiert med tilskotsmidlar. Dette stadfestar at folkehelsearbeidet genererer masse pengar, stor frivillig innsats og berekraftig utvikling. - 11 - Side16

I 2011 fekk elles folkehelsearbeidet i Volda og Ørsta kommunar ei stor pengegåve som står på bunde fond i kommunerekneskapen. Det er utarbeidd eigne retningsliner for bruken av desse midlane. Dei økonomiske midlane er tiltenkt folkehelsearbeidet, og vert forvalta på ein best mogleg måte for innbyggjarane. Midlar frå denne pengegåva har m.a. vore nytta til einskilde tiltak nemnt i årsmeldinga under finansiering, lokale folkehelsemidlar. I 2012 vart litt av midlane nytta til innkjøp av materialar for vedlikehald av turstiar frå Steinhusa mot Vardehornet, og til ny kvilebenk ved Grinda på Engeset. Volda Rotary utførte vedlikehaldsarbeidet. Volda kommune fekk også kr.50 000.- i tilskot frå Gjensidigestiftelsen til merking og skilting av turstiar. Hausten 2012 inviterte Volda kommune ved Torgeir Stensø og folkehelsekoordinator grendautval og frivillige lag og organisasjonar til møte for å drøfte arbeidet med vedlikehald og merking av stiar i sentrumsområdet. Tema for møtet var også utarbeiding av eit nytt nærturkart for Volda sentrum. Ei kommunal arbeidsgruppe fekk ansvaret for å gjennomføre grunnlagsarbeidet for eit nytt nærturkart. Medlemer i gruppa vart Torgeir Stensø, Per Heltne, Runa Bakke og Berit Koen. Målet er å få ferdig eit nytt turkart i løpet av 2013, helst ved skulestart til hausten. Nærturkartet vert finansiert av folkehelsemidlar, kr. 120 968.- og eksisterande fondmidlar turkart, kr. 89 032.-. Total kostnadsramme merking og turkart, kr.260 000.-. Det er søkt om spelemidlar til tiltaket. Det var semje om å tinge skilt til Gunvor og Wilhelm Leikanger si rute frå Klepp til Ring, langs Skarelva/Kvennelva frå Klepp, som ei prøvemerking. Erfaringar frå merking av denne turruta vil verte grunnlag for tinging av nye skilt og merking av nye ruter. Arbeidsgruppa planlegg å halde fram med ei ny rute kvart år, eller innafor dei økonomiske og menneskelege rammene kommunen har til rådvelde. I og med at turar må loggast med GPS for å få rette koordinatar til turkart, vert også lag og organisasjonar invitert til å registrere turar i ein felles regional database, www.morotur.no. Helsesjef Runa Bakke og folkehelsekoordinator Berit Koen er kommunekontaktar for Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på turregistreringa www.morotur.no, i tillegg til representant for Friluftsforeninga Volda. Her er til no lagt ut 10 turar frå Volda kommune. MÅL for 2013: - Ha sterkt fokus på kartlegging av helseutfordringar. - Gjennomføre m.a. Ungdata i ungdomsskulane og vidaregåande skule hausten 2013, i nært samarbeid med Ørsta kommune. - Ferdigstille nærturkart Volda sentrum. - Det er elles ynskjeleg å halde fram med alle dei positive tiltaka som er i gang i kommunen vår, og det er viktig å oppretthalde det nære og gode samarbeidet i nettverk og partnarskap som kommunen er ein del av, innafor målsettinga om helse i alt vi gjer. Dette gjeld også internt i alle sektorar. Volda, 31.12.12/ 14. mars 2013 Berit Koen, Folkehelsekoordinator - 12 - Side17

ÅRSMELDING HELSEKORPSET VOLDA 2012 Innleiing 1.januar 2012 fekk vi ei ny Lov om folkehelse. Formålet med lova er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremje folk si helse. HelseKorpset Volda sine tiltak er såleis viktige bidrag i dette arbeidet, noko denne årsmeldinga syner. 2012 var som vanleg eit aktivt år for HelseKorpset Volda, og det sjuande sidan etableringa. Målgruppe for aktivitetane er for det meste folk frå 60+ og oppover. Men vi registrerer også at småbarnsforeldre og andre har stor glede av innsatsen som vert gjort i samband med t.d. rydding og merking av stiar, og tilrettelegging av kvileplassar/benkar. HelseKorpset Volda sine medlemer er svært gode ambassadørar for God Helse i Volda, og marknadsfører difor kommunen på ein svært god måte. Aktivitetar i regi av HelseKorpset Volda Sti/benkegruppa: Ansvarlege: Gunvor og Wilhelm Leikanger Grethe og Sivert Egset Det er med stort vemod at sekretæren for årsmeldinga skriv om dette arbeidet, etter nyleg å ha vore i gravferd etter Wilhelm, som brått døydde torsdag 21.februar. Takk Wilhelm for alt du har gjort for HelseKorpset og innbyggjarane i Volda kommune. Stiane som gruppa har rydda og klargjort for innbyggjarane, har vore til glede for mange sidan HelseKorpset vart etablert. I 2009 vart det rydda og lagt om rås frå Klepp, om Ring, frå Skaret over Kvennaelva/Skareelva og langs åsryggen mot Tverrberget. Diverse verkty vert hengt ut om våren og tatt inn att om hausten i håp om at andre turgåarar også skal ta litt ansvar for rydding og vedlikehald av stiane. Gunvor og Wilhelm har tatt det meste av ansvaret for dette turområdet sidan 2010. Hausten 2012 kalla kommunen inn til eit møte for å ansvarleggjere grendautval og frivillige lag når det gjeld vedlikehald, merking og skilting av stiar. Kommunale midlar og tilskotsmidlar frå Gjensidigestiftelsen gjer at denne råsa vert prioritert og merka med nye skilt i løpet av våren 2013. Ansvarlege for dette arbeidet blir Engeset og Klepp Grendautval. Merking av råsa vert såleis eksemplarisk for andre turar i området og kommunen. Det skal også lagast eit nærturkart for Volda sentrum, der denne råsa blir ei av mange som innbyggjarane kan bruke. Nærturkartet skal etter planen vere ferdig til skulestart hausten 2013. Ekstra gledeleg er det at Gunvor og Wilhelm fekk heider og omtale i Volda sogelag sitt årsskrift 2012, forfatta av leiar for Frivilligsentralen Astrid Gjersdal. Gruppa har framleis ståande kr. 3003.00 som rest til fordeling frå tilskotsmidlar 2006. - 1 - Side18