Åseral kommune EINING FOR SERVICE OG KULTUR Melding om vedtak Samferdselsdepartementet Pb. 8010 Dep. 0030 OSLO DYKKAR REF: VÅR REF: SAKSHANDSAMAR: ARKIVKODE: DATO: 363/2015-2011/295 Janne Thorsland Elvenes N61 22.01.2015 SVAR VEDK.: HØYRING OM NY POSTLOV - UTTALE FRÅ ÅSERAL KOMMUNE Vedlagt følgjer særutskrift av saka som vart handsama i kommunalutvalet i møte 20.01.2015, sak 15/3, Med helsing Janne Thorsland Elvenes
Åseral kommune HØYRING OM NY POSTLOV - UTTALE FRÅ ÅSERAL KOMMUNE ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: N61 2011/295 Øyvin Moltumyr UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 15/3 Kommunalutvalet 20.01.2015 Vedlegg: 1 K.sak 19-2011 - protokoll Bakgrunn: Regjeringa har vedteke å legge eit høyringsframlegg til ny postlov med føresegn ut på offentleg høyring. Fristen for å gi uttale er sett til 26. januar 2015. Ordføraren har bede administrasjonen førebu ei sak slik at kommunen kan ta stilling til om ein vil gje ei uttale, og eventuelt vedta ordlyden i denne. EU vedtok sitt tredje postdirektiv i 2008. Norge hadde gjennom EØS-avtalen «vedteke» dei to føregåande postdirektiva som opna for frikonkurranse på alle postsendingar over 50 gram. Kommunestyret i Åseral uttala seg til direktivet i 2011då dette var til vurdering i EØS-landa (Sjå vedlegg). Medan det 2. postdirektivet let Posten Norge behalde eineretten på ombering av brevpost under 50 gram, inneber det tredje direktivet full konkurranseutsetting av ombering av all brevpost. Brevpost med vekt under 50 g utgjer hovudtyngda av posten si verksemd. Det politiske Norge har vore delt etter veldig klare og tradisjonelle skiljeliner i spørsmålet om liberalisering av postombringinga. Bondevik II-regjeringa ønska å fjerne Posten Norge sin einerett allereie frå 2007. Den raudgrøne regjeringa reverserte dette. Dei brukte reservasjonsretten, som det heiter. Den borgarlege sida gjorde det samstundes klart at dei ville oppheva reservasjonen mot det 3. postdirektivet og liberalisere postombringinga om dei vann valet. Som kjent vann dei valet og den «blåblå» regjeringa har nå altså send framlegget til ny postlov ut til høyring. Kva for praktiske konsekvensar kan EU sitt 3. postdirektiv og framlegget til ny postlov få for Åseral?
To moment synes særleg aktuelle her: Minstekravet til ombringingsfrekvens blir redusert frå 6 til 5. Altså, ein vil ikkje få brevpost på laurdagar. Lovframlegget inneber likevel at det kan leverast aviser òg på laurdagar på stadar der det ikkje skjer ombringing med avisbod. ( Ifølge Samferdsledepartementet får om lag 15 % av Nordmenn laurdagsavisa via posten og ikkje via avisbod. Dette gjeld som kjend i Åseral så vi vil framleis kunne få laurdagsavisa med posten. ) Med omsyn til spørsmålet om laurdagsomdeling av aviser ber departementet høringsinstansane særskilt vurdera to ulike framlegg: Departementet foreslår at postomdeling på laurdagar ikkje lenger skal vera ei leveringspliktig teneste. Likebehandling av aviser og anna post tilseier at òg kravet om omdeling av aviser på laurdagar skal avviklast. Vidare blir det føresett at aukande bruk av nettaviser/elektronisk avis og gjer at trongen for, og etterspurnaden etter papiraviser blir redusert. Enkelte vil likevel framleis ønskje papiraviser på laurdagar. Kostnadene på 50 120 mill. kroner for vidareføring av dette kravet er vesentlige, og det kan stilles spørsmål ved om nytten står i forhold til kostnadene. Departementet ønskjer blant anna innspel på trongen for statleg kjøp av ein slik teneste. Det sendes difor to alternative løysingar for laurdagsomdeling av aviser på høyring. I alternativ 1 blir det gjort framlegg om at laurdagsomdeling av aviser i område utan eige avisdistribusjonsnett skal være leveringspliktig. I alternativ 2 blir det gjort framlegg om at det ikkje skal vera ein slik plikt. Alternativ 2 vil medføre at laurdagsomdeling av aviser bare vil skje på kommersielle vilkår. Postkom (eit fagforbund for tilsette i posten) argumenterer til dømes mot lovframlegget slik: Enhetsportoen og eneretten til Posten Norge gjør at vi har et spleiselag som sørger for gode og likeverdige posttjenester til lik pris i hele landet. Regjeringen fjerner enhetsportoen for 90 % av forsendelsene og opphever eneretten. Det vil føre til dårligere og dyrere posttjenester, spesielt for næringslivet i distriktene. Konkurrentene vil gå med post der det er mest lønnsomt, og overlate resten av postombæringen til Posten Norge. Regjeringen har ikke beregnet hvor mange statlige milliarder den nye postpolitikken vil koste. Regjeringen kutter ut postomdeling på lørdager, (men holder døren på gløtt for fortsatt utlevering av aviser). Stortinget skal ikke lenger bestemme postpolitikken i Norge. I loven foreslås det at det er departementet som i hovedsak skal bestemme. Dette er en avpolitisering. EU har selv konkludert med at postdirektivet ikke har gitt billigere og bedre tjenester i EU-landene.
Argument frå regjeringa er: Stadig meir post blir send elektronisk. Trongen for å distribuering av post på laurdagar er minkande. Det er om lag bare ein fjerdedel så mykje post på laurdagar som på dei andre vekedagane. Brevmengda er halvert sidan toppåret 1999. Løysingar som efaktura og AvtaleGiro forenklar folk sin kvardag og brev vi finn i postkassa er hovudsakleg frå offentlege instansar. Staten sender kvart år125 millionar brev, og bruker ein milliard kroner på porto. Det er både for mange brev og for mykje pengar. Difor ønskjer regjeringa å digitalisere forvaltninga. Innan første kvartal 2016 er målet at all kommunikasjon med det offentlige i hovudsak skal skje digitalt. Samstundes som postlova vil skapa konkurranse om å gje best mogleg posttjenester, opprettheld vi enhetsportoen (post frankert med frimerker etter vekt), som gjer at det vil vera ein maksimalpris på kor mykje ein kan ta i porto utanfor byane. Lova vil difor ikkje føre til dyrare brev i distrikta. Det er viktig at Posten får moglegheit til å tilpasse seg endringar i samfunnet. Framlegget til ny postlov, ny postforskrift og høyringsbrevet frå departementet kan du lese her: https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/horing-av-utkast-til-ny-postlov/id2008849/ Vurdering: Eg har spurt Samferdsledepartementet om det er slik at røynslene frå EU har vore at direktivet ikkje har gitt billigare og betre tenester, slik dei posttilsette sin organisasjon hevdar. Departementet svarar om lag slik: «Det er gjort fleire utgreiingar i EU. Desse sprikar. Det synes klart at konkurranseutsetjing ikkje har ført til slike kostnadsreduksjonane som ein såg føre seg, i alle tilfelle ikkje i distrikta. Forklaringa på dette er truleg at òg i EU er mengda av «gamaldags» post i sterk nedgang. Det har difor vore lite interesse blant private aktørar for å konkurrera i ein, i beste fall, stagnerande marknad. «Det synes truleg at det i Norge, med endå meir spreidd busetnad, vil vera endå mindre føremonar å hente gjennom konkurranseutsetjing. Truleg er det difor berre i dei mest tettfolka områda at ein kan hente ein eventuell vinst. Likevel ønskjer altså regjeringa å gjennomføra konkurranseutsetting. Åseral kommune og resten av distriktsnorge bør vera mot dette. Ein konkurransemodell som gjer det billegere å sende brev for bedrifter rundt Oslo enn i store deler av distrikts-norge bør vera å sjå på som ei uakseptabel forskjellshandsaming av næringslivet og strir mot tidlegare prinsipp som til dømes «å ta heile landet i bruk». Ein kan eigentleg samanlikne postombringinga med bussruter og drosjetransport i områder med svakt trafikkgrunnlag. I desse næringane sikrar ein tilfredsstillande inntening gjennom at einskilde aktørar får ein monopolsituasjon gjennom konsesjonar og anbod. Med vissheit for marknadsgrunnlaget kan konsesjonæren/selskapet med det lågaste anbodet etablera ein organisasjon for å løyse oppgåva ein har fått hand om.
For Åseral sin del vil det vera slik at det beste ein kan håpa på vil vera at ein ikkje kjem ringare ut med ny postlov. For utkantdistrikt vil det difor vera tryggast å oppretthalde Posten Norge sitt monopol på ombering av post med vekt under 50 gram. Eg ser det som ei sterkt forringing av tilbodet og ikkje skulle kunne få laurdagsavisa i postkassa på laurdagen (Å lese laurdagsavisa på måndag blir liksom ikkje det same). Kommunen bør difor vera sterkt i mot ei slik ordning. Framlegg til vedtak: Åseral kommune meiner Norge må seia nei til postdirektivet og trekka attende framlegget til ny postlov.. Posten Norge bør framleis ha monopol på ombringing av brevpost med vekt under 50 gram. Det bør vera postombringing 6 dagar kvar veke. Det må vera å sjå på som eit minimum at ein i alle fall får ombringing av aviser òg på laurdagar. Saksprotokoll i Kommunalutvalet - 20.01.2015 Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. Vedtak: Åseral kommune meiner Norge må seia nei til postdirektivet og trekka attende framlegget til ny postlov.. Posten Norge bør framleis ha monopol på ombringing av brevpost med vekt under 50 gram. Det bør vera postombringing 6 dagar kvar veke. Det må vera å sjå på som eit minimum at ein i alle fall får ombringing av aviser òg på laurdagar. Parter i saka: Samferdselsdepartementet Pb. 8010 Dep. 0030 OSLO