Gluggen. Nr. 4/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

6. trinn. Veke 24 Navn:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Valdres vidaregåande skule


Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kom skal vi klippe sauen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Frå tre små til ein stor.

Månadsplan for Hare November

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Rådgjevarkonferanse 2009

mmm...med SMAK på timeplanen

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Søking til skuleåret

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Brødsbrytelsen - Nattverden

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Rådgjevarkonferanse 2010

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

IKT-kompetanse for øvingsskular

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

«Ny Giv» med gjetarhund

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Gluggen. Nr Skule- og bygdeavis for Ulvik 37. årgang. Gluggen tek i bruk nye medier. Vintaren på Brakanes Skule

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kva er økologisk matproduksjon?

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Søking til skuleåret

Psykologisk førstehjelp i skulen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Informasjon til elevane

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Respekt på Rommetveit skule

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Frå novelle til teikneserie

Sandeid skule SFO Årsplan

Brukarrettleiing E-post lesar

Brannsår, rus eller friheit?

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Jon Fosse. For seint. Libretto

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014


TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Transkript:

Gluggen Nr. 4/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang Redaktørskifte Nytt samarbeidsprosjekt på Hjeltnes Jolatre og lussekattar Joleverkstad Ein kulturberar blir pensjonist Ved Olav H. Hauge sin bauta Petter Puls Fornya ungdomsskulefløy Boligbytte Reven og hyenen Einsam jul Det står alltid nokon bak I år har skulen flytta avslutninga ut i vinternatta, og med tente ljos vert det stor stemning. Dei siste vekene før jol har elevane øvd på jolesongar, som etter planen skal brukast på avslutninga. Under avslutninga skal vi ut og gå, og ruta som er planlagd, går frå skulen ned gjennom sentrum og inn til aldersheimen. Elevane har med seg sjølvlaga lykter på turen. På fleire stoppestader skal det syngjast jolesongar med støtte frå innspela musikk. Skulefritidsordninga er kjekk å ha no i tida før jol. Elevane er ivrige til å stilla opp for å syna fram kva dei har fått til. Gode lussekattar og eit fint pynta aktivitetsrom. Det er lett å sjå at dei gleder seg til jol. Sjå meir på s. 3 Frå venstre: Embla Vestrheim, Sigrid Gravning, Olav Rondestveit, Karen Marie Bang, Sarah Hansen, Per Sævartveit og Vincent Johansen

Redaktørskifte i Gluggen. I meir enn ein mannsaldar har Arne Skjerven vore fast inventar i Gluggen sin redaksjon. Han har vore med både som journalist og som redaktør av bladet. Mange prosjekt har fått god omtale takka vera Arne sin innsats. Ja, eg dristar meg til å hevda at lokalkunnskapen om Finse hadde vore mykje ringare mellom bygdafolk utan Arne sine skriveriar. Interessa for Olav H. Hauge mellom elevane våre har òg fått mykje drahjelp gjennom Arne sine prosjekt. Sjølv om Osamannen var eit filmprosjekt, og litt utanfor avis som medium, vart det produsert ei mengd tekstar til filmen. Desse vart laga i norsktimar, og granskingane som elevane gjorde i forkant av filminga, var godt journalistisk arbeid. Når eg dette året overtek etter Arne, er det i stor respekt for det arbeidet han har lagt ned i avisa. Eg har fylgt Gluggen i om lag 20 år, frå den tida avisa var valfag, gjennom to år då ho var elevbedrift i lag med Hjeltnes og fram til i dag, då det er klassane saman med skrivande redaktør som leverer stoff til avisa. Gluggen har overlevd store endringar både i organisering og produksjonsmåte. Eg trur bladet vil klara seg godt i tida som kjem òg. Faktisk,- så lenge skrivekunsten vert dyrka på Brakanes skule. Frode Bilsbak Nytt samarbeidsprosjekt på Hjeltnes Elevane i ungdomsskulen fekk eit nytt obligatorisk fag i haust. Etter eit namneskifte i sumar, vert det no kalla Utdanningsval. Frå og med veke 47 har 8. klasse på torsdagar hatt utdanningsval i dei tre siste timane. Bolken varer i 12 veker fram til vinterferien. I denne perioden skal Brakanes skule og Hjeltnes gartnarskule samarbeida om dette faget, som frå inneverande skuleåret skal ha minst ein årstime på timeplanen. Å læra noko om faga i vidaregåande skule er ein del av faget utdanningsval. Det er ikkje allmennfagdelen, men de spesielle yrkesfaga som elevane i 8. klasse skal læra noko om. Kvar torsdag reiser fire elevar bort til Hjeltnes for å læra om programfag innan naturbruk. Dette vert praktisk 2 retta, og mykje vert gjort utandørs. Dei får fire turar kvar i løpet av perioden. I vekene mellom kvar gong same gruppe er på Hjeltnes, skal dei arbeida med oppgåver som vert ei oppfølging av det som gruppene gjennomgår på gartnarskulen. Hjeltnes nyttar sine lærarar og har lagt opp til fire hovudtema som vert gjennomgått tre torsdagar på rad, til heile klassen (tre grupper) har vore igjennom dei same oppgåvene. Ein lærar på den vidaregåande skulen er kontaktperson mellom Hjeltnes og Brakanes skule. Han finn relevant stoff som vert linka opp til vår lærings plattform og faget utdanningsval. På tur heim frå Holmen etter maskinkøyring. Frå venstre: Jesper Svennes, Nora Øydvin, Alexander Bird og Nasro Yusuf Ciyow Faglege spørsmål frå Brakanes skule går til vår kontaktpersonen på Hjeltnes som er Arne Haukeland. Oppfylging og fordjuping for elevane skjer gjennom Itslearning og andre læringsplattformar. Lærar i utdanningsval for 8. klasse er Silke Hein, assistert av rådgjevar som òg har transportansvaret i denne perioden. Prosjektet er komen i stand etter samarbeid med Steinar Bergo. Kvardagen i ungdomsskulen er prega av mange teoritimar. Ein del av elevane tykkjer at dette er tungt, og ser fram til dei pustehola som finst. Vi håpar vi at tilbodet på gartnarskulen vil gje gode praktiske opplevingar for alle elevane i klassen, og kanskje fleire søkjarar til Hjeltnes om tre år.

Jolatre og lussekattar på skulefri I eit skulesamfunn får alle avdelingane etterkvarrt sine eigne tradisjonar. Baking på skulefri er eit populært tiltak før jol. Borna er med og rullar ut deig for å forma den til lussekattar. På avdelinga har dei òg sitt eige jolatre som dei sjølve har henta i skogen og pynta. Wenche Opedal fortel at til og med pynten har borna på skulefri laga sjølve. Det er ingen tvil om at dette er med på å setja dei minste i den rette jolestemninga nå i desember. Joleverkstad i ungdomsskulen Emilie og Sarah syner fram juletreet dei har henta i skogen. Ungdomsskulen hadde sin årlege joleverkstad fredag 12. desember. Etter tradisjonen starta joleverkstaden med graut i kantina, og premiering av den som fann mandelen i grautfatet sitt. Under dei arbeidstilhøva som skulen har denne hausten, er det ikkje så lett å laga til formingsaktivitetar. Joham fann mandelen og fekk julegodt. Grunna plassmangel var gruppene i år delt mellom skulebiblioteket og 9. klasserommet på Betel. Det var laga til ein stasjon for julekort, og ein for dør dekorasjonar. Frå grautfesten i kantina. Glansa papir og mykje glitter til jolekort produsjonen. Lukten av granbar var sterk, stemninga på Betel var god, og mange fine dekorasjonar vart produserte. 3

Ein kulturberar blir pensjonist Etter snart 40 år på Brakanes skule er Arne Skjerven nå blitt pensjonist. Gluggen har ved avgangen intervjua gamleredaktøren. - Du kom til Brakanes skule i 1971. Tenkte du den gongen at dette kunne bli din arbeidsplass i årtier framover? - Nei det var ikkje i tankane så fast. Men me kom til gard, og hadde dermed hus og heim. Så unaturleg var det ikkje å slå seg til ro i Ulvik. Det har eg heller aldri angra på. -Korleis vil du karakterisera skulesamfunnet i Ulvik? - Me har no berre ein skule, og der omgår me alle. Me har alle elevane, alle lærarane og alle andre tilsette. Skuleplasssen er møteplass mellom skule og heim, og skulen er dessutan ein møteplass for andre aktivitetar. Her er SFO og kulturskule. Så alt heng tett saman. - Me er difor avhengige av å tilpassa oss, samarbeida og løysa ting i lag. Det nyttar ikkje å seia at no endrar me dette, - utan å sjå samanhengane. Det krevst mykje meir av samarbeid på ein slik plass enn til dømes ein rein ungdomskule. Difor må ein "ha det i blodet", altså vita at samanhengane er for alle skal ein få gjennomført noko. Det krevst elles meir i gjennomføring- og oppfylgingsfasen, skal ein få noko til. Men du verda, kor gildt det er når me får det til. Det er slike ting, som ber skulen vidare, og lyfter skulen opp. - Kva type oppgåver har du sjølv likt best på skulen? Arne måtte takka både for gode ord og gåver. Ei blomehelsing frå administrasjonen var ein synleg takk for arbeidet som Arne har lagt ned gjennom alle desse åra. - Det har skifta med åra. Reint fagleg så er nok norsk det som eg har arbeidd mest med og hatt størst interesse for. Men norsk er ikkje noko utan samfunnsfag, har eg oppdaga. Eit fag er eit fag, men opplæring i fag er fleire fag. Det er det same som med skulekvardagen elles. Me lyfter oss ikkje ved å putla kvar med vårt eige. Me må og her sjå samanhengane, og då er kultursamanhengane eit viktig perspektiv. - Synst du at elevmassen har endra seg i din skuletid? - Nei, ikkje elevmassen. Men kan henda meir korleis dei arbeider og er på skulen. Brakanes skule har hatt lite åtferdsvanskar, lite herjing og skadeverk. At ein og anna finn på noko utan om det som skal gjerast, er no berre slik. Det er unge- og ungdoms gjerd. Men når dei rettar seg etter vaksne og reglane, så er saka ute or verda, ja kanskje ikkje heilt, for ein har lært noko nytt. Så er elevane mykje meir sjølvstendige no. Dei arbeider på eiga hand, og kanskje ikkje minst: Dei er fantastiske med framføring, både av skulestoff og anna innlært stoff. - Me såg i golvet som elevar, elevane i dag ser på deg, og ikkje berre ramsar opp ordrett, men endå viktigare: Dei framfører. - Kvifor har du satsa så mykje på leirskulearbeid på Finse? - Det var eit slumpetreff. Eg reiste til Finse med ein klasse i 1989. Då budde me på hytta mi. Så vart skulen ledig, og huset kunne nyttast. Så har det utvikla seg. I alt har eg vore på Finse med elvar 30 gonger vinter og haust, både som 4

leirskule og sosialt tiltak. - Dette er ei perle som Ulvik har innanfor heradsgrensene sine. Alle misunner oss. No kan elles fleire frå andre stader kjøpa tenester. Eit satsingsområde på noko eineståande. - Korleis fekk du ideen om å fornya skulehuset på Bagnstrond? - Det var òg eit slumpetreff. Det var innstilling om å selja huset. Dette er eldste skulehuset i Ulvik. Me søkte om å få det, og fekk det. Det har alt fleire klassar hatt glede av, og fleire vil få det. Med Finse og Bagnstrond har me tilbod frå fjord til fjell til skuleborna våre. - Du og Toril var rektorar i to år. Kva røynsle tok du med deg frå denne tida? - Alle skulle ha sett kva administrasjon av ein skule er. Det er lærerikt. Det er ikkje berre timeplan og vikarlister, men det er å sjå samanhengen, slik eg skildra det innleiingsvis. Elles har ein ikkje noko som skuleleiar å gjera. - I dei seinare åra har du reist mykje. Korleis vurderer du framtida til Ulvik samanlikna med mange andre små samfunn ute i verda? - Når ein reiser i Europa, Asia eller Afrika der eg har vore ein del, så oppdagar ein både eitt og hitt. Men kanskje det viktigaste: Eg ser kor godt me har det i Ulvik. F.B. Arne Skjerven ved sida av bautaen som han tok initiativet til å få reist i 1995. Bautaen vart oppsett om lag på årsdagen for Hauge sin død. Arne Skjerven hadde vore initiativtakar for å få steinen reist, og Kristian Blystad stod for utforminga. Hauge ønskte ikkje eit monument over seg sjølv, men over diktinga si. På baksida er diktet Ogmund rid heim hogge inn. Ved Olav H. Hauge sin bauta På 100-årsdagen den, 18. august 2008 Som ein Odin sat du i ditt Lidskjalv og såg elvi burtom fjorden og skautet på Vassfjøro. Men ramnane dine flaug vidare til Bertolt Brecht og til Tao'Chien i China. I hagen dyrka du eple og vers. Du trivdest best i skuggen av kirsebærtreet, men gløymde aldri at musøyra og er eit tre. No kneiser monolitten mot himmelen. Sjølv har du ride heim dit alle orda kjem frå. Bautaen er berre glansen av den store eld. Han minner om ein mann på veg frå Handelslaget til ein hageflekk, ein brynestein og eit univers. Du var ein diktar berre, med ei rive, som i ditt Valaskjalv let tankar svive. Frå dei tilsette på skulen fekk Arne ei teikning av Jon Hjelmevoll. Det visste vi at han kom til å lika å få. Lidskjalv = stolen der Odin sat og såg utover verda Valaskjalv = namnet på salen der Odin budde Steinar I. Bergo tekst og foto 5

Petter Puls i 5. klasse Ulvik Helselag har dei siste åra spandert kurs om kroppen vår til 5. klasseelevane ved skulen. Det er eit opplegg laga av Nasjonalforeningen for folkehelsa. Elevane har fått fine t-skjorter og arbeidsbøker, læraren har fått dvd,idèhefte og rettleiingsbok. Det har vore både lærerikt og kjekt. Me har lært om hjarta, lungene, blodet, fordøyelsen, hjernen og musklane. Dessutan har me hatt Kåre Knokkel som ny elev i klassen denne tida! Klassen syner fram dei fine t-skjortane dei fekk i samband med kursopplegget. Takk til Ulvik Helselag som spanderte dette på oss! Helsing Solfrid, Synnøve, Håkon, Tuva, Marita, Tora, Alexander, Anders, Nils, Ingrid, Katharina og Toril. Håkon sjekkar hjarta! Så mykje blod har eg i kroppen! 6 Kåre Knokkel, Katharina og Synnøve

Fornya ungdomsskulefløy Etter planen skal ventilasjonsanlegget vera ferdig til jol, og elevane på ungdomsskulen kan flytta inn i nyrenoverte lokale fyrste skuledag etter jol. Me ser for oss ein opningsfest med ordførar til stades måndag 5.januar. Elevane vil møta klasserom som både vil ha nymåla vegger, ny himling med nye lysarmatur, nytt golv og ikkje minst rein luft med moderne ventilasjonsanlegg. Elevane vil også få nye pultar og stolar. Det er ikkje å undra seg over at elevane og dei tilsette gleder seg til dette. Elevane var godt nøgde med det dei fikk sjå. Rektor Sten Tore Svennes saman med elevar frå 9. klasse som skal flytta inn i dette klasserommet 5. januar. Her får dei gode og ljose arbeidstilhøve. Alle klasseromma i ungdomsskulen vert utstyrt med multimediautstyr. Dei har fått ein videokanon i taket, som står kobla opp mot ein fastmontert lærar pc. Maskinen som står i eit låsbart skåp, har høgtalarar fast montert på vegg. Utstyret er godt eigna til å visa både film og musikk program. Med i opprustinga er òg både kabla og trådlaust nettverk. Dette gjer det mogeleg for læraren å nytta både Itslearning, andre nettressursar og ulike typer pedagogisk programvare for heile klassen som ei fast løysing. IKT kan på denne måten bli betre integrert i undervisninga. Teknisk etat tok jobben med opp montering av nye tavlar. Dette er whiteboard tavlar til skriving med tusj. Dei eigner seg òg bra som prosjektorskjerm i breiformat. Storleiken gjer at framsyningar av elevarbeid vert synleg på lengre avstand. Det nye 9. klasserommet er soleis stort nok til at heile ungdomsskuen kan sitja her under ei framsyning. Under taket på kvart klasserom heng det nye ventilasjonssystemet som er svært stillegåande. 7

OM HANAR I TUN OG TÅRN - tvangsgifte og ekstremsport i 1950-åra Nye forteljingar av Steinar I. Bergo TIDE Buss Turbuss Vi kan tilby: Erfarne & serviceinnstilte turbil-sjøførar Moderne, komfortable turbussar av høg kvalitet Trygg & punktleg transport TLF: 56526980 Gluggen For gåver og bladpengar 3450. 2402090 Autorisert installatør ULVIK TLF: 56526547 A/S Skeie Tre Ulvik i Hardanger Tlf. 56527600/fax 56527601 Pallar og tre-emballasje Johannes Øydvin Tlf: 56526608/95026946 Fax: 56526659 Ulvik Rekneskapslag P/L Pb. 96, 5731 Ulvik Tlf. 56526480 Rekneskapsføring for landbruk & andre næringsdrivande Retting Gluggen ber om årsaking for feile opplysningar om dei tyske familiane som er flytta til Ulvik. Anna i 6. klasse og tvillingane i 3. klasse er sysken. Nils i 5. klasse har altså ikkje sysken på Brakanes skule. Vi gratulerar! I haust har to av våre lærarar runda 60 år. Det ble feira på skulen med kaker og gåver. Ein gratulasjon tek vi med i Gluggen òg til Berit Aarekol og Steinar Bergo. 8

Handel & Handverk (Promendebutikken) Tlf. 56526447 Godt utval i film, foto og gåveartiklar ULVIK Tlf 56526101 Ulvik Reiselivslag N-5730 Ulvik Tlf. 56526360 Fax: 56526623 www.ulvik.org/ulvikinfo Ulvik herad Tlf. 56 52 70 00 Røyrleggjar Magne Øydvin V/Åge Øydvin Tlf. 56526284/90924477 Fax 5626443 Ulvik Avløysarlag Prosjekt UNGJOBB 5730 Ulvik Tlf. 95918975 GRILLKIOSKEN Hildegunn & Kjell Røkenes Tlf. 56 52 64 40 -Vidaregåande skule i Hardanger med grøn profil- Tilbod hausten 2008: Vg1 Naturbruk -Naturbasert reiseliv NY!! (gjev generell studiekompetanse etter 3 år) Vg1 Naturbruk gartnar- / anleggsgartnarfag Vg2 Landbruk og gartnarnæring - med vekt på gartnarfag Vg2 Anleggsgartnar/driftsoperatør idrettsanlegg Vg2 Blomsterdekoratør Vg3 Gartnarnæring - Flytt heimanfrå og prøv internatlivet- Søknadsfrist 1.mars sjå www.vigo.no For meir informasjon: Hjeltnes gartnarskule, 5730 Ulvik. Epost: post.hgs@post.hfk.no Telf. 56 53 88 00 Heimeside : http:\\hgs.hfk.no 9 Ulvik Folkebibliotek Har desse opningstidene: Måndag: 14.00-20.00 Tysdag: 10.00-14.00 Onsdag: 10.00-14.00 Torsdag: 14.00-20.00 Fredag: 10.00-12.00 Frå 1. mai til 1. sept. er biblioteket stengt på fredagar.

I den mørkeste tiden er det mange som planlegger ferie til sommeren. Hva med gratis boligbytte verden over? Som du sikkert kjenner til holder HomeLink Norge til her i Ulvik. Hva driver de egentlig med, og hva er egentlig boligbytte? Kanskje dette er noe for deg? Er du reiselysten og har du lyst til å feriere gratis hvor du vil i verden? Da er boligbytte ferieformen for deg! Reisen må du selvsagt betale, men med boligbytte kan du feriere på lavbudsjett. Den eneste ekstra utgiften du får er innmeldingsavgift på noen hundrelapper, samt utgifter til mat og drikke. Etter innmelding blir det satt opp en annonse på internett, og du får tilsendt brukernavn og passord. Så kan du starte og lete i alle annonsene på nettet til du finner en bolig som passer i det landet du ønsker å feriere. Kanskje får du napp på din annonse, og blir kontaktet av folk som har lyst til å tilbringe ferien i Norge. Hvis ikke må du selv ta kontakt med de aktuelle byttepartnerne du finner. HomeLink Norge, som er knyttet til Home- Link International, den største aktøren på det norske markedet, har over 13.000 boliger i 75 land å velge i. Foreningen har ca 280 medlemmer i Norge. Det er altså medlemmene selv som tar kontakt med hverandre når de finner interessante bytteobjekter. Er interessen for bytte gjensidig, avtales alle nødvendigheter om tidsrom og vilkår, for eksempel om det skal følge med bil, båt eller sykler i avtalen. Folk som sverger til boligbytte oppgir flere grunner til at de liker denne formen for ferie: - At boligbytte er en billig måte å feriere på. - At de slipper å betale dyrt for et kanskje lite og dårlig hotellrom. - At de får gratis pass av egen bolig mens de er 10 på ferie. - At de får en enestående mulighet til å opplever land og folk på en naturlig måte. Noen byttere knytter livslange vennskap med hverandre. Hvem kan bytte? By eller bygd spiller ingen rolle, utlendinger kommer til Norge først og fremst for å oppleve naturen. En tradisjonell norsk hytte ved en fjord eller på fjellet kan være like aktuelt som bytteobjekt som en leilighet i Oslo eller en villa i utkanten. - Jo mer attraktivt boligen du har oppfattes som, jo flere vil selvsagt være interessert i å byttelåne med deg, men du behøver ikke disponere noe slott for å få byttet til deg et hus ved spanskekysten eller i Italia. - Dette er dessuten helt ideelt for barnefamilier. Vi byttet en gang med et godt voksent ektepar som likevel hadde vært på loftet og funnet frem leker til alle ungene våre. At man har mulighet til å lage mat, vaske klær og ikke minst har en stue eller hage å slappe av i når ungene er lagt, gjør det mye enklere å feriere. Ettersom du som boligbytter bor gratis hele ferien, blir reiseutgiftene den største utgiftsposten. Vi har regnet ut at en familie på fire-fem personer som reiser til Sør-Europa sparer minst 10 000 kroner på boligbytte i forhold til sydentur i høysesongen.en måte å spare ytterligere på, er å bytte bil med den andre familien i stedet for å leie bil hvis man flyr ned. Slik kan man spare ytterligere 5000 kroner, fortsetter ekteparet, som bare har gode erfaringer med også denne formen for bytte. Kanskje du planlegger en tur til Danmark til sommeren? Eller til England eller Frankrike i påsken? Eller skal du til vinter-ol i Vancouver i Canada 2010? Eller fotball-vm i Sør-Afrika? Sjekk våre websider www.boligbytte.no og se om du finner noen å bytte med. Arne Haukeland HomeLink Norge

Reven og hyenen Hafso i 10.klasse har hatt omsetjing som språkleg fordjupingsemne, og ho har omsett eit eventyr frå somalisk til norsk. Her kjem første delen av eventyret på somalisk og heile eventyret slik det blei på norsk. WARAABE IYO DAWACO Bari ayaa dawaco adhi fara badan ka cuni jirtay reero meel deggan. Adhigaas oo riyo iyo idaba lahaa. Maalin danbe ayaa dadkii meel isugu yimaadeen waxaaney ka wada hadleen sidii ay dawacadaa dhibta badan iskaga dili lahaayeen. Waxay dadkii talo ku gaadheen in dabin loo dhigo dawacada. Dawacadii waxay ku dhacday dabinkii loo dhigay. Dadkii waxay ku xidheen dawacadii geed jiridiis, si looga aarsado oo waxaa talo lagu gaadhey in dab lagu dhex rido. Reven og hyenen Det var ein gong ein rev som tok mange sauer frå folk som budde saman. Ein dag møttest alle ein stad og snakka om korleis dei kunne drepa den vanskelege reven. Då bestemte folk at dei skulle fanga reven. Reven gjekk i den fella folk hadde laga til han. Reven blei festa til eit tre. For å hemna det reven hadde gjort, bestemte dei at han skulle hivast på eit bål. Dei samla inn ved, laga veldig lang hol til veden, og sette fyr på han slik at det blei eit bål der dei kunne brenne reven. Men dei gjekk heim for å venta til bålet skulle flamma skikkelig. Då dei gjekk, kom ein hyene som var veldig svolten. Fordi han høyrde at reven skreik, trudde han at reven drap ein sau. Hyenen tenkte at han kunne eta sauen saman med reven. Men då han kom til reven som var bunden til treet, spurde han: Kven har bunde deg her, rev? Reven sa: Onkelen min. Kvifor blei du festa her då? spurde hyenen. Reven sa: Fordi eg vil ikkje eta feit sau, onkelen min seier at eg er altfor tynn. Difor vil onkelen min at eg skal eta mykje feit mat og bli stor! Han slakta ein sau til meg i dag, og dei ville steikja han på dette bålet der! Men eg vil ikkje det, for det først eg er ikkje svolten, og for det andre vil eg ikkje få vondt i magen min av denne feite maten onkel vil at eg skal eta. Og då eg ville reisa, nekta han meg det. Han slo meg og så festa han meg i dette treet. Ser du? Hyene likte veldig godt denne historia, og han sa til reven: Ihi! ihi! ihi!! Eg kan løysa opp tauet av deg, og så skal du festa det på meg. Eg kan bytte med deg, og så kan eg eta all maten som blei laga til deg! Da folket kom til treet, var det ingen rev der, men dei såg hyenen og spurde han: Kvar er reven? Hyenen sa: Eg løyste han frå tauet og han gjekk Dei spurde han : Kvifor gjorde du det? Han svarte: Reven sa til meg at han var ikkje svolten, og at han ikkje ville eta maten. Folk blei sinte på hyenen, dei tok han med seg og kasta han på bålet som blei laga til reven. Revet blei likevel ikkje kasta på bålet som blei laga til han. Då var eventyret ute. Me ser at reven er ein luring også i somaliske eventyr. Hyene finn me ikkje i norsk natur. Hjå oss er det bjørnen som blir lurt av reven. Sidan det er så mykje som er likt i folkeeventyra, forstår me at dei må ha vandra frå land til land. 11

Einsam jul Einsam speidar du mot soleglad. Det vert ei stille jul. Kulden slår opp under bolen, men du veit at sola har snudd! Elevane likar å få litt ekstra, om det gjeld mat, aktivitetar eller berre noko kjekt som vert organisert for dei. I skulesamfunnet er det ikkje noko som gjer seg sjølv. Nokon må planleggja og førebu før det er klart for elevane. Det står alltid nokon bakom det litt ekstra. Ein gong er det formings og heimkunnskapslærarar, ein annan gong lærarar i musikk eller gymnastikk, eller så er det kontaktlærarane som trår til. Slik er det i skolesamfunnet og samfunnet elles òg. Takk til alle som stiller opp både i heim og skule og gjer det litt ekstra no før jol! Solveig ordnar opp etter grautfesten i kantina. Anne har tilrettelagt for ein vellukka formingsaktivitet. 12