VELKOMEN til Vest-Telemark og våre museum!



Like dokumenter
VELKOMEN til Vest-Telemark og våre museum!

august 2013 NESETDAGANE.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Korleis kan vi sette fruktbygda i Telemark på kartet?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Juvet Landskapshotell

Last ned Anders Svor - Inge Fænn. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Anders Svor Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

KLASSISK KULTURARV. SOLVEIG AARESKJOLD, Kyss meg i diskursen, Chr.H. Grosch: Domus Media, Universitetet i Oslo, 1853.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Egil Christophersen til minne.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Hei alle sjøstjerneforeldre

Notat om historie og kulturlandskap

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Brukarrettleiing E-post lesar

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM


Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Brukarrettleiing. epolitiker

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Minnebok. Minnebok NYNORSK

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Jon Fosse. For seint. Libretto

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

FANTASTISK FORTELJING

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

/

7.-8. august 2015 NESETDAGANE.

Sommartur til Sverige,

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MEDLEMSINFO. august 2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Eldrid Robberstad ein nyskapar av gamle bunadstradisjonar av Gunhild Berntsen

6. trinn. Veke 24 Navn:

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Last ned Tusen år i Sogn - Steinar Velle. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tusen år i Sogn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Bernt Tunold - Jan H. Landro. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bernt Tunold Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Månadsbrev for Rosa september 2014

Eidegrend klyngjetun

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Last ned Nisser - Olav Jakob Tveit. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Nisser Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeundersøking om sentrumsområde

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

VELKOMEN til Vest-Telemark og våre museum! Her kan du sjå og høyre, smake og oppleve, prøve ut og leike deg inn i vår historie. Vest-Telemark har blitt kalla både eit sogeland og ei skattekiste. La denne brosjyren vere din reiseførar inn i vår historie, kunst og kulturarv. Her føreslår me fleire tema som du kan velje di reiserute etter. Her finn du òg opplysingar om reiseavstandar, og du kan samle stempel frå dei ulike stadene. Send kopi av sida med minst 3 stemplingar til oss innan 1. desember og vinn gilde premiar! Målaren Henrik Sørensen sa at Telemark er som Paris; kvar kvadratmeter har si historie! No var Sørensen kjend for å bruke store ord, men mykje av dette er sant. Di meir du høyrer, ser og lærer, di meir fascinert vert du av Vest- Telemark. Sørensen vart aldri ferdig. I meir enn 40 år kom han attende for å høyre meir, bli inspirert og for å måle. Du finn ein del informasjon i denne brosjyren, og enda meir på dei ulike musea og galleria. Du kan òg lese om dei på heimesida vår eller i VTM-appen som du kan laste ned gratis til telefonen din frå 1. juni 2015. Snart vil du sjå at vegane kryssar, at historiene gjev samanheng og at du vil forstå meir av regionen. Vest-Telemark Museum vart stifta i 2002 som ei felles forvaltning av til saman elleve ulike museumseiningar. Dei har ulike historier og utgangspunkt, men under eitt fortel dei mykje av den viktigaste historia for regionen. Finn dine vegar inn, finn skattane og nyt turane! Med helsing, Dag Rorgemoen direktør

TRE HISTORISKE SPOR... Historia om Vest-Telemark Dei fyrste som kom hit var jegerar som følgde reinen. Lang tid gjekk før folk vart bufaste, bygde hus og dyrka jord. Etter kvart oppdaga ein dei naturgjevne ressursane som la grunnlag for eigne næringar og handel. Jarn, brynestein og kopar Dei eldste spora etter jarnvinneanlegg i Vest-Telemark er frå dei første hundreåra av vår tidsrekning. I folkevandringstida ca. 400 600 e.kr. blei ei rekkje gardar etablert. Gravhaugane i Fyresdal er frå denne tida. Etter kvart klarte ein å lage stål som måtte slipast, og sal av brynestein frå skiferbrota i Eidsborg tok til frå 700-talet. Dette vart den fyrste eksportvara vår og del av nordsjøhandelen. Den varierte geologien baud på fleire fortrinn. Då danskekongen i 1539 utrusta tyske bergfolk for å starte bergverksdrift i Noreg, var det til Vest-Telemark dei kom. Kopargruver finn me fleire stader, men på Åmdals Verk kan du besøke gruvene og lære om drifta der frå 1691 til 1945. Telemarksvassdraget var viktigaste vegen ut for varene. Frå 1600-talet fekk også tømmeret verdi, og tømmerdrift vart ei viktig næring. Frå Vest-Telemark gjekk ein straum av brynestein, malm og tømmer, men også smør, kjøt, vilt og fisk. Dette var også beitelandet og veidelandet. Transporten og handelen batt Vest-Telemark til resten av verda. Dei gav arbeid og impulsar utanfrå. Kanaliseringa av vassdraget byrja i 1861, og frå 1892 kunne ein segle på éin kjøl frå Vest-Telemark og til havet. Ein ny æra vart innleidd for turisme, industri og handel: Telemarkskanalen vart hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet. 2

GJENNOM VEST-TELEMARK Bondekultur Ingen annan stad kan du finne så mange bevarte mellomalderhus i tre som i Vest-Telemark. Grove, malma furustokkar vart nøye plukka ut til loft, bur og stoger. Odelsbonden bygde ikkje berre for sjølve seg, men også for etterkomarane. Mange av husa ser du framleis på gardane rundt om. På friluftsmusea våre i Eidsborg, Kviteseid, Fyresdal og Øyfjell kan du studere dei og samanlikne med seinare byggjeskikk. Her kan du dessutan oppleve interiør, reiskap og bruksgjenstandar. Handverket har vore høgt verdsett, og i tillegg til brukseigenskapane vart mykje også gjeve estetiske kvalitetar. Folkekunsten blømde særskild frå 1700-talet og framover. Ut frå handverks- og materialkunnskap sprang også utviklinga av skimakinga, og gjennom dette skileiken. Frå Morgedal kom pionerane som med konkurransar, oppvisingar og jamvel polferder la grunnlaget for skisporten. Frå folkekunst til moderne skulptur Under nasjonalromantikken frå midten av 1800-talet vart det henta svært mange motiv frå natur og folkeliv i Vest- Telemark. Men også i seinare epokar kom målarar hit for inspirasjon, som Henrik Sørensen og Harald Kihle. I tillegg har regionen fostra mange eigne kunstnarar, som dei fire store bilethoggarane Gunnar Utsond, Anne Grimdalen, Dyre Vaa og Knut Skinnarland. Ingen annan region i Noreg har så mange bilethoggarar. Også innan skrivekunst og musikk finn ein her store utøvarar, slik som forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje, og den vidgjetne spelemannen Tarjei Augundsson, kjend som Myllarguten. 3

MAT OG OVERNATTING Dei to heilårsopne musea i Eidsborg og Morgedal har kafé med varm mat. I sesongen er det enkel servering på Åmdals Verk, i Kviteseid og i Øyfjell. Her finn du informasjon om overnatting: Eidsborg/Dalen/Tokke: visitdalen.no Morgedal/Kviteseid/Vrådal: morgedal.com visitvraadal.no Fyresdal: fyresdal.kommune.no Øyfjell/Rauland/Arabygdi/Vinje: visitrauland.no Seljord: seljordportalen.no For andre tilbod i regionen: visittelemark.no Innsvingen kafé ved Norsk Skieventyr i Morgedal byr på varm mat og catering heile året. Også i Eidsborg er det museumskafé (sesongopen). 4

INNHALD Vest-Telemark Museum Eidsborg side 6 Eidsborg stavkyrkje 7 Friluftsmuseet i Eidsborg 8 Aktivitetsparken i Eidsborg 9 Kanalhistoria på Dalen 10 Grimdalstunet Anne Grimdalen 11 Åmdals Verk gruver 12 Fyresdal bygdemuseum 13 Kvitesteid bygdetun Gunnar Utsond 14 Kviteseid gamle kyrkje 15 Øyfjell bygdemuseum 16 Myllarheimen Myllarguten 17 Rauland kunstmuseum: Dyre Vaa-samlingane 18 Knut Skinnarland-samlinga 19 Vinje biletgalleri Henrik Sørensen 20 Vinjestoga Aasmund Olavsson Vinje 21 Norsk Skieventyr i Morgedal 22 Øverbø i Morgedal Sondre Norheim 23 Her har eg vore! 24 Kart over alle museumsanlegg 25 (kan brettast ut) 5

VEST-TELEMARK MUSEUM EIDSBORG Faste utstillingar med folkekunst og handverk Temporærutstillingar kring kunst og historie Brynestein frå Eidsborg: utstilling og vandrerute Hovudbygget til Vest-Telemark Museum blei opna i 2012 og er hovudbølet til dei konsoliderte musea du finn i denne brosjyren. Bygget ligg rett bak Eidsborg stavkyrkje, i berget 470 m over Bandak og Dalen øvst i Telemarkskanalen. Her er eit friluftsmuseum kring to gamle gardar, og ein aktivitetspark knytt til temaet Telemarkskanalen (sjå side 8/9). I museumsbygget er det faste og temporære utstillingar om folkekunst drakt/tekstil, sylv, rosemåling, knivmaking. Her er også Statkraft sitt visingssenter for vasskrafthistorie og Tokke-utbygginga, og ei eiga avdeling med den 1500- årige historia til brynesteinen frå Eidsborg. I tillegg viser museet aktuelle utstillingar med vekslande tema. Heilårsope. Butikk og kafé (varm mat i helgar og i sesong). 7 km (10 min) til Dalen og Lastein bryggje 16 km (19 min) til Grimdalstunet 6

EIDSBORG STAVKYRKJE Einskipa stavkyrkje frå 1200-talet Veggmåleri, gotiske dekorelement, krusifiks Denne vesle og vakre stavkyrkja ligg rett ved Vest-Telemark Museum Eidsborg. Det opphavlege kyrkjeskipet er bygd i perioden 1250 80 og blei utvida både på 1600- og på 1800- talet. Kyrkja blei restaurert 2005 2008 og er framleis i bruk. Stavkyrkja er av ein type som er heilt kledd med spon utvendig. Kyrkja blei vigsla til St. Nicolaus (lokalt kalla Nikuls), og ein statue av denne bispehelgenen var sentral i ein særeigen kultus som heldt seg til langt inn på 1700-talet. Kyrkja har mange interessante detaljar som lønnruner, rissa symbol, innvendig dekorasjon frå 1600-talet og eit klokketårn med takvimpel frå 1727. Frå juni til august er det faste omvisingar i kyrkja kvar dag, elles på bestilling. I museet får du kjøpt boka om stavkyrkja. 22 km (26 min) til Øyfjell bygdemuseum 28 km (28 min) til Norsk Skieventyr i Morgedal 7

FRILUFTSMUSEET I EIDSBORG Bygdetun med Europas eldste verdslege trehus Vandrerute til brynesteinsbrotet (rundtur 2 timar) Dette store utandørs museet blei skipa i 1949 som Lårdal bygdetun av sylvsmed Eivind Tveiten og kona hans Hæge. Det består av to gamle gardar, Uppistog og Nistog Vindlaus, og ei rekkje bygningar som er flytta hit. Tunet har over 30 bygg, deriblant Europas eldste bevarte ikkje-kyrkjelege trehus: Stålekleivloftet frå 1167. På tunet er også huset til Juvekongen ei Telemarksstoge som er rikt dekorert av den kjende rosemålaren Olav Torjusson. Mange andre bygningar fortel om gardslivet på 1800-talet. I tillegg til gardane er det sett opp ein husmannsplass. Mange av bygningane på området er opne for publikum. Frå juni til august er det faste omvisingar i bygdetunet, elles på bestilling. Ta kontakt med museet. 40 km (41 min) til Kviteseid bygdetun / gml. kyrkje 43 km (45 min) til Vinje biletgalleri / Vinjestoga 8

AKTIVITETSPARKEN I EIDSBORG Telemarkskanalens historie formidla gjennom leik med vatn. Aktivitetar og tradisjonshandverk Familieaktivitetsparken i Eidsborg er eit nytt tilbod ved museet frå sommaren 2015. Sentralt i parken er ein 105 m lang vassførande modell av Telemarkskanalen med båtar, sluser og kraftverk. Her kan du leike deg inn i historia og sluse brynestein, tømmer og turistbåtar frå Dalen til Skien. Parken byr også på ein arkeologisk utgravingsstad og høve til å oppleve handverkstradisjonar som lafting, smiing og brynesteinssliping. Open i sommarmånadene. 48 km (50 min) til Rauland kunstmuseum 51 km (56 min) til Fyresdal bygdemuseum 9

KANALHISTORIA PÅ DALEN Båt- og fløytingshistoria til Telemarkskanalen Lastein bryggje: utskipingsstaden for brynestein Telemarksvassdraget har ei meir enn 100o år lang historie som transportåre. Brynestein, tømmer og andre varer vart frakta nedover vassdraget. I 1892 blei Bandak-kanalen opna og Dalen vart for ein kort periode knutepunkt for ferdsla mellom Aust- og Vestlandet. Dalen hotell frå 1894 er eit synleg bevis på dette. Gullalderen vara til utpå 1920-talet. I det gamle pakkhuset på Lastein bryggje er det sett opp ei utstilling som viser historia til båttrafikken på kanalen, med mange originale gjenstandar og fotografi. Like bortanfor bryggja ligg ein freda utslagsplass for tømmer, med ei utandørs plakatutstilling om historia til fløytinga på kanalen. Bryggjeutstillinga er open så lenge båtane går. Her startar òg omvisinga i Tokke kraftverk sjå info på turistkontoret. 7 km (10 min) til museet i Eidsborg / stavkyrkja 10 km (12 min) til Grimdalstunet 10

GRIMDALSTUNET Kunstsamling etter bilethoggaren Anne Grimdalen Historisk fjellgard med 10 hus og gardskvern Bilethoggaren Anne Grimdalen (1899 1961) blei kalla eventyrjenta i norsk kunst. Anne vaks opp her på garden, men reiste tidleg ut for å bli kunstnar. Ho slo gjennom i 1938 då ho vann konkurransen om utsmykkinga av Oslo rådhus. Ho er mest kjend for sine barne- og dyreskulpturar mange av desse finn du her på tunet. Det eldste huset på garden er frå seinmellomalderen, det yngste frå kring 1850. Gamlestoga er bevart med interiør slik ho var då Anne Grimdalen budde her. Ei stor gardskvern med hestevandring fortel om moderne gardsdrift. I galleribygget er skulpturar og ting etter Anne Grimdalen samla. Her er også ulike sær- og salsutstillingar. Grimdalstunet er ope med omvisar i perioden juni august. 10 km (12 min) til Dalen / Lastein bryggje 11 km (16 min) til Åmdals Verk gruver 11

ÅMDALS VERK GRUVER Tur inn i kopargruver som var i drift i 254 år Museum med unike modellar og geologiutstilling På 1500-talet kom tyske bergfolk til Gullnes i Seljord og til Moisesberg i Fyresdal for å starte bergverksdrift i Noreg. På Åmdals Verk, ikkje langt frå Moisesberg, starta utvinninga av kopar i 1691. Den varte til 1945 med ulike eigarar. I ein rekonstruksjon av det gamle skeidehuset er det innreidd eit museum der mekaniske modellar viser gruvedrifta med bl.a. knuseverk, smeltehytte, vaskeri og oppgangssag. Ei rikhaldig mineralutstilling fortel om geologien i området. Gruvevandringa startar på museet og går fleire hundre meter inn i Hoffnung-gruva. Utanfor museet er det turvegar til restane av eit heilt gruvesamfunn som utgjer grunnlaget for dagens busetnad på Åmdals Verk. Museet er ope i perioden juni august. 11 km (16 min) til Grimdalstunet 31 km (36 min) til Fyresdal bygdemuseum 12

FYRESDAL BYGDEMUSEUM Gravhaugar frå folkevandringstida (4 600 e.kr.) Gardshus frå 15 1700-talet. Tettstad frå ca. 1900 Dette er eit av Noregs eldste friluftsmuseum, skipa i 1909. Museet ligg i Øyskogen, eit grøntområde midt i sentrum av Fyresdal. Dei eldste husa er frå mellomalderen, flytta hit frå gardane kring i bygda. Her er også eit museumsbygg der ein kan sjå nye temautstillingar kvart år. For 1500 år sidan var Øyskogen heilag grunn. Her blei storfolk gravlagt, og gravhaugane blei gjennom vikingtida 800 1100 e.kr. brukt som kultstad for å få kontakt med gudane. Folkestadbyen rett ved Øyskogen er ein unik tettstad. Den liknar på ei Sørlandsbygd. Husa vart flytta hit frå plassane rundt om då folk flytta til byen mellom 1870 og 1920. Øyskogen er open for besøk gjennom heile året. Guiding og utstillingar i perioden juni august. 31 km (36 min) til Åmdals Verk gruver 51 km (54 min) til Kviteseid bygdetun / gml. kyrkje 13

KVITESEID BYGDETUN Bygningar frå velståande 1700-tals gardar Skulptursamling etter bilethoggar Gunnar Utsond Kviteseid Bygdetun vart skipa i 1907 og etablert rett ved Kviteseid gamle kyrkje i 1949. Fleire av husa på tunet er flytta hit frå store gardar og er av dei mest fotograferte i Vest-Telemark. Flekstveitstoga frå Lårdal er dekorert av Talleiv Målar Espetveit i 1750. Tveitloftet og Flekstveitloftet har vakker utskurd frå 1790. Ein utstillingshall viser skulpturane til bilethoggar Gunnar K. Utsond (1864 1950). Utsond er ein av dei kjende norske symbolistane og skaparen av Helhesten på Ekeberg i Oslo. Utsond si dramatiske og tragiske historie er fortald i utstillinga. Her er servering og temautstillingar kvart år. Open med omvising og enkel servering juni august. 19 km (21 min) til Norsk Skieventyr i Morgedal 42 km (45 min) til Øyfjell bygdemuseum 14

KVITESEID GAMLE KYRKJE Steinkyrkje i romansk stil frå 1260 Rankedekorasjonar av Thomas Blix frå 1714 Dei fleste kyrkjer som blei bygd i mellomalderen var stavkyrkjer, men på dei sentrale stadene blei dei bygd i stein. Kviteseid gamle kyrkje er ei slik hovudkyrkje, datert 1260. På denne tida låg ein handelsplass (Kauphamar) nede ved vatnet, knytt til handel med brynestein, jarn og skinn. Det er fleire slike steinkyrkjer langsetter Telemarkskanalen. Kyrkja har mange interessante detaljar, som ein boge ved inngangsportalen med to dragar som tvinnar halsen om kvarandre, og rankedekorasjonar i koret måla av Thomas Blix i 1714. Altertavla er frå 1732, medan døypefonten i mellomalderstil truleg er laga på 1500-talet. Det er omvisingar i kyrkja med utgangspunkt i Kviteseid bygdetun i perioden juni august. 40 km (41 min) til museet i Eidsborg / stavkyrkja 51 km (54 min) til Fyresdal bygdemuseum 15

ØYFJELL BYGDEMUSEUM Unikt museumsbygg med særs variert samling Stoge som viser påverknad av bymoten kring 1890 I 1931 fekk bygda Øyfjell eit særmerkt museumsbygg i testamentarisk gåve av brørne Tarjei og Olav O. Trovatn. Det er laga i lokal kila granitt, i ein stil som minner om amerikansk arkitektur frå siste halvdel av 1800-talet. Museumsbygget husar ei rik samling av reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ulike snurrepiperi. Her kan du bl.a. sjå Noregs største ølhøne og ein fransk brennevinsdunk som kom til Lifjell i 1870 med varmluftballong! Tunet viser ein gard slik den var på 1900-talet. I låven finn du utstillinga om arbeidshesten. Våningshuset Mostøylstoga er frå 1860/90 og har innreiing påverka av bymoten. Museet er ope med omvisar i månadene juli og august. 21 km (26 min) til Rauland kunstmuseum 25 km (28 min) til Norsk Skieventyr i Morgedal 16

MYLLARHEIMEN I ARABYGDI Husmannsplassen Kosi frå 1866 med eldre hus Buplassen til Myllarguten. Statue laga av Dyre Vaa Tarjei Augundsson, fødd 1799 og oppvaksen i Sauherad, var ein vidgjeten spelemann. Han blei kalla Myllarguten etter den biologiske faren sin, som var møllar. Tarjei byrja tidleg med hardingfele og gav konsertar frå han var 8 år. Han blei oppdaga av Ole Bull og spela for kongen i København. I 1852 hadde Myllarguten tent godt med pengar og kunne kjøpe Øygarden som Kosi ligg under. Men han måtte selje att i 1866. Han fekk behalde Kosi, flytta fire eldre bygningar hit og budde her til han døydde i 1872. Stoga blei riven i 1900, men plassen blei restaurert og ei anna stoge sett opp i 1950. Minnesmerket laga av Dyre Vaa blei sett opp i 1969. Gruppeomvisingar i Myllarheimen kan tingast hjå Vest- Telemark Museum i Eidsborg. 25 km (28 min) til Rauland kunstmuseum 37 km (40 min) til Vinje biletgalleri / Vinjestoga 17

RAULAND KUNSTMUSEUM DYRE VAA Store og små gipsoriginalar etter bilethoggaren Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa (1903 1980) den bilethoggaren som har prega norsk skulptur mest. Han var fødd i Kviteseid, budde lenge i Oslo og flytta til Rauland på 1930-talet. I studietida var han elev av Gunnar Utsond (sjå s. 14) og Wilhelm Rasmussen på Kunstakademiet i Oslo. Mange av Vaas skulpturar står i Oslo mest kjende er kanskje eventyrfigurane på Ankerbrua og ulvane på Ila. Han laga sjømannsmonumentet i Bergen, og tre figurar til Nidarosdomens vestfront. Ved sida av dette måla han. Dyre Vaa gav dei fleste av gipsoriginalane sine til Vinje kommune. I 1981 blei Dyre Vaa-samlingane opna. Her er også arbeid av sonen Tor Vaa og av Svallaug Svalastoga. Ope med omvisar juli tidleg august, eller på bestilling. 21 km (26 min) til Øyfjell bygdemuseum 25 km (28 min) til Myllarheimen i Arabygdi 18

RAULAND KUNSTMUSEUM KNUT SKINNARLAND Rikhaldig skulptursamling og rekonstruert atelier Vest-Telemark hadde fire store bilethoggarar på 1900-talet: Gunnar Utsond, Anne Grimdalen, Dyre Vaa og Knut Skinnarland (1909 1993). Knut Skinnarland var, som Dyre Vaa, elev av Wilhelm Rasmussen på Kunstakademiet. Ein viktig del av Skinnarlands verk er knytt til restaureringa av vestfronten til Nidarosdomen i Trondheim, der han bidrog med fire figurar. Elles er han kjend for fiskarmonumentet i Ålesund og Akureyri (Island), og for portretta av A. O. Vinje og Sondre Norheim. I 1994 blei Skinnarland-samlinga opna, i gangavstand frå Dyre Vaa-samlingane. Her er òg ein kopi av atelieret hans i Rauland. Kvart år er det dessutan ei aktuell salsutstilling. Ope med omvisar juli tidleg august, eller på bestilling. 34 km (38 min) til Vinje biletgalleri / Vinjestoga 48 km (50 min) til museet i Eidsborg / stavkyrkja 19

VINJE BILETGALLERI I SMØRKLEPP HENRIK SØRENSEN OG HARALD KIHLE Eitt av to Sørensen-galleri teikna av Bjart F. Mohr Målaren Henrik Sørensen (1882 1962) var ein leiarfigur i norsk kunstliv. Gjennom mange år arbeidde han i ein fast årsrytme: om hausten i Italia, om vinteren i atelieret sitt i Oslo Rådhus, om sommaren fyrst i Holmsbu (Hurum) og så her i Smørklepp i Vinje, der han måla landskap og folk. Sonen Sven Oluf Sørensen bygde to galleri til måleria etter far sin, eit i Holmsbu i 1973 og eit i Smørklepp i 1991. Båe er teikna av arkitekten Bjart Faye Mohr i ein særeigen stil: grov granitt med innsette glasflater, godt gøymt i skogen. I denne løynde perla av eit kunstmuseum finn ein òg måleri av Sørensens ven Harald Kihle (1905 1997), kjend for sine skildringar av landskap, bygdeliv og ikkje minst hestar. Galleriet er ope med omvisar i månadene juli og august. 4 km (6 min) til Vinjestoga 34 km (38 min) til Rauland kunstmuseum 20

VINJESTOGA Barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje Husmannsstoge frå 1800-talet med interiør Aasmund Olavsson Vinje (1818 1870) vaks opp på denne vesle husmannsplassen frå 1824. Han var det ein i Telemark kallar eit flogvit kvikk, evnerik og skapande og blei landskjend som diktar, forfattar og journalist. Han var den fyrste som tok landsmål (nynorsk) i bruk som skriftspråk med utgjevinga av Ferdaminne i 1861. Vinje var kjend både for sine vakre dikt og ein særs skarp satirisk penn. I Vinjestoga står framleis ting frå tida Aasmund budde her. Ein kan sjå skriveskrinet hans, originaleksemplar av tidsskriftet hans Dølen og mykje anna. Stoga er open med omvisar i månadene juli og augst, elles på bestilling. Ein kan også tinge ei eksklusiv omvising med minikonsert av folkemusikar Aasmund Nordstoga. 4 km (6 min) til Vinje biletgalleri 31 km (34 min) til Rauland kunstmuseum 21

NORSK SKIEVENTYR I MORGEDAL Opplev norsk skihistorie: frå samisk skikultur via skimaking, skismøring og norske ski- og polarpionerar til vinter-ol, snowboard og twin-tip Noreg, Telemark og Morgedal har ein særmerkt plass i skihistoria. Ordet ski kjem frå norrønt skíða som tyder kløyvd trestykke. Det internasjonale ordet slalom står for ein av tre typar terrengløype som på Morgedalsdialekt blei kalla ufsilåm (bratt løype med eitt hinder), uvyrdslåm (lang fjelløype med mange hinder) og slalåm (sla = slak bakke, låm = spor). Fleire av dei velkjende norske skipionerane var frå Morgedal: Sondre Norheim, brørne Torjus og Mikkel Hemmestveit og polfarar Olav Bjaaland. Museet viser tidleg ski- og polarhistorie og dagens skisport med fleirmediale utstillingar. Museet er heilårsope. Her er ein rikhaldig butikk med bøker, gåver og suvenirar. Innsvingen kafé serverer smakfull heimelaga og tradisjonsrik mat, og tilbyr catering. 19 km (21 min) til Kviteseid bygdetun 25 km (29 min) til Øyfjell bygdemuseum 22

ØVERBØ I MORGEDAL Husmannsplass der skilegenda Sondre Norheim blei fødd. Stoga som står her i dag er bygd av Sondre sjølv. Ein turveg er skilta frå bygda Sondre Auversson Norheim (1825 1897) blir rekna som den store norske pioneren innan moderne skisport. Sondre blei fødd på denne bratte husmannsplassen. Han blei ein meister i slalåm, langrenn og hopp og vann mange renn både i Telemark og Oslo. Han tok i bruk og forbetra innsvinga ski og hælbindinga som gjorde det lettare å svinge og hoppe. Men Sondre var og blei fattig, og 1884 utvandra han til USA, der grava hans ligg i Denbigh ved Minot i North Dakota. Ein statue av Sondre laga av Knut Skinnarland står både ved Skieventyret i Morgedal og i sentrum av Minot. I stoga på Øverbø blei verdas fyrste vinterolympiske fakkel tent i 1952 og seinare på nytt i 1960 og 1994. Omvisingsturar kan tingast på Norsk Skieventyr. 28 km (28 min) til museet i Eidsborg / stavkyrkja 50 km (53 min) til Rauland kunstmuseum 23

HER HAR EG VORE! FÅ EIT STEMPEL AV GUIDEN: Vest-Telemark Museum Eidsborg Norsk Skieventyr i Morgedal (Sondre Norheim) Grimdalstunet (Anne Grimdalen) Åmdals Verk gruver Fyresdal bygdemuseum Kviteseid bygdetun (Gunnar Utsond) Øyfjell bygdemuseum Rauland kunstmuseum (Dyre Vaa) Rauland kunstmuseum (Knut Skinnarland) Vinje biletgalleri (Henrik Sørensen og Harald Kihle) Vinjestoga (Aasmund Olavsson Vinje) Myllarheimen i Arabygdi (Myllarguten) 24